St.meld. nr. 21 (2003-2004)

Styringsforhold på utlendingsfeltet

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

6.1 Innleiing

Dette kapitlet inneheld ei oppsummering av økonomiske og administrative konsekvensar av dei viktigaste forslaga i meldinga. Nokre av forslaga inneheld element som departementet først vil kunne gi kostnadsoverslag over i samband med proposisjonen om konkrete lovendringar.

6.2 Instruksjon av UDI

Dersom instruksjon av UDI skal vere ein effektiv styringsreiskap, vil det krevje ei styrking av både direktoratet og departementet. Det er ein føresetnad for slik instruksjon at ein har god kunnskap og informasjon om praksisen og moglege endringar.

Direktoratet vil måtte bruke tid og ressursar på å gi departementet systematisk og god informasjon. Departementet vil på si side trenge auka kompetanse og kapasitet når det gjeld å tinge og analysere informasjon frå direktoratet, samanlikne med praksis i andre land og utarbeide instruksar. Til saman vil det kunne dreie seg om 12 årsverk, dei fleste i departementet. Dette utgjer ca. 7 mill. kr.

6.3 Ny vurdering av positive vedtak i UDI

Forslaget om at departementet skal kunne bestemme at eit positivt vedtak gjort av Utlendingsdirektoratet skal vurderast på nytt i UNE, er ei ordning som berre skal brukast unntaksvis. Det vil ikkje føre til nokon særleg auke i saksmengda i UNE.

Dersom høvet til å krevje ei slik ny vurdering skal vere ein effektiv styringsreiskap, må både direktoratet og departementet styrkjast. Direktoratet må vurdere om eit vedtak skal leggjast fram for departementet, og i tilfellet kvifor, og departementet må ta stilling til om ein skal bestemme at vedtaket skal vurderast av UNE. Dette bør skje raskt. Det krev at departementet har relativt inngåande kunnskap om praksisen i UDI. Dei økonomiske og administrative konsekvensane av forslaget bør på dette punktet sjåast i samanheng med det generelle instruksjonsmyndet som er omtalt under punkt 6.2. Ein reknar med at utgiftene blir dekte innanfor dei same rammene.

Som tidlegare nemnt, blir det lagt opp til at vurdering av positive vedtak i UDI skal skje i stornemnda. Ein reknar ikkje med at forslaget fører til nemnande ekstra utgifter i UNE, utover utgifter ved behandling i stornemnda, jf. punkt 6.5. Omlegginga vil kunne omfatte 10-15 saker årleg.

6.4 Kongen i statsråd som klageinstans

Forslaget om at Kongen i statsråd skal vere klageinstans i staden for Utlendingsnemnda i saker som har med den nasjonale tryggleiken og utanrikspolitiske omsyn å gjere, reknar ein ikkje med får økonomiske eller administrative konsekvensar av noko omfang.

Utlendingsdirektoratet vil ikkje få endra oppgåver i klageførebuinga. Utlendingsnemnda vil ikkje lenger ha ansvaret for klagebehandlinga av denne typen saker, men nemnda har til no ikkje behandla slike saker. I tillegg reknar ein med at det vil vere så få saker av denne typen kvart år, truleg under fem saker, at Kongen i statsråd ikkje vil få auka si arbeidsbyrde i særleg grad. Departementet vil få ein del auka utgifter, men vil ikkje få nemnande auka oppgåver som sekretariat for Kongen i statsråd. Dette kjem av at departementet oftast allereie vil kjenne saka godt.

6.5 Stornemnd i UNE

Mest truleg vil ikkje den skisserte stornemndsordninga få særleg store økonomiske eller administrative konsekvensar. Formålet er å skape ein meir einsarta praksis og ei meir lik behandling. Dette vil truleg føre til meir effektiv saksbehandling i utlendingsforvaltninga, ettersom ein raskare får avklart tvilsspørsmål i vanskelege saker. Det kan dreie seg om ca. 30 saker kvart år som kjem til stornemnda. Meirutgiftene ved behandling i stornemnd reknar ein med blir på om lag 0,7 mill. kr. Innsparinga ved oppløysing av koordineringsutvalet er då trekt frå. Sekretariatet i UNE får noko meirarbeid, mellom anna med å spreie informasjon om praksisen i stornemnda. Det kan derfor bli behov for eitt nytt årsverk i nemnda, det vil seie kostnader på ca. 0,6 mill. kr.

6.6 Landkunnskap

UDI og UNE bruker til saman 16 årsverk til arbeid med landkunnskap. I UDI er det sju landrådgivarar, éin administrativ leiar og tre som har ansvar for landdatabasen. I UNE er det fem landrådgivarar. Utgiftene i UDI er på om lag 6,5 mill. kr, medan utgiftene i UNE er på ca. 3 mill. kr årleg.

Å opprette ei felles eining for landkunnskap til erstatning for den ordninga ein har i dag, kan føre til at det blir færre landrådgivarar. Det inneber visse innsparingar. På den andre sida kan saksbehandlingstida bli noko lengre på grunn av det reduserte tilgjenget til landkunnskap for saksbehandlarar i UNE som ei slik omorganisering kan føre med seg, i alle høve i ein overgangsperiode. Dette kan ein bøte på ved å bruke meir elektronisk informasjonsutveksling. Ei felles eining vil innebere ein del etableringsutgifter, men på sikt bør driftsutgiftene bli lågare enn med den noverande ordninga.

Oppretting av ei felles eining for landkunnskap skaper fleire administrative utfordringar. For det første kan det skape uklare forhold at UNE tingar informasjon frå eininga. Ei felles eining i UDI kan by på utfordringar i samband med ulike prioriteringar og behov i dei to instansane. UNE har inga overordna stilling overfor UDI, og kan ikkje styre UDI når det gjeld prioriteringar. Desse spørsmåla må løysast ved at departementet gir retningslinjer om prioriteringar.

6.7 Konklusjon

Til saman inneber forslaga i meldinga ein viss auke i ressursbruken, i første rekkje i departementet, i mindre omfang i UDI og UNE. Sett i forhold til den samla ressursbruken i dag, vil auken vere relativt liten. Den auka innsatsen er nødvendig for å få betre politisk styring med praksis og vedtak i utlendingssaker. På sikt kan det gi ei innsparing.

Til forsida