St.meld. nr. 21 (2005-2006)

Hjarte for heile landet Om distrikts- og regionalpolitikken

Til innhaldsliste

1 Utviklingstrekk i busetnadsmønster, bustadval og næringsliv

Punkta nedanfor byggjer på materiale frå fleire utgreiingar om utfordringar og utviklingstrekk knytte til endringar i busetnadsmønster og nærings­struktur og til bustadmotiv og bustadval. 1

Utviklingstrekk i næringsstruktur og arbeidsliv

  • Auken i den verdsomspennande handelen og nedbygginga av landegrensene som hinder for handel og næringsliv har lagt grunnlaget for store endringar i nærings- og arbeidslivet i Noreg. Det har gitt bedrifter høve til å vekse i nye marknader. Samtidig har mange bedrifter møtt sterk konkurranse og krav til omstilling og nyskaping for å overleve.

  • Integreringa av dei folkerike lågkostlanda frå Asia i verdsøkonomien har ført til at etters­purnaden etter varer og tenester og kjenneteikn ved arbeids­marknadene i desse landa påverkar resten av verda. Dei låge lønningane gjer at arbeidskrevjande produksjon i høgkostland kan møte hard konkurranse, trass i lange avstandar. Samtidig gir det grunnlag for auke i etterspurnad etter avanserte varer og tenester og energiråvarer.

  • Endringane i internasjonal handel og avtaleverk gjer at vi får eit auka press på omstilling i næringslivet, i retning av verksemder som gir høg verdiskaping per tilsett, ofte basert på høgare utdanning eller samansette kunnskapsbasar.

  • Endringar i næringsstruktur og arbeidsliv som har følgd i kjølvatnet av auka konkurranse og effektivisering, har ulik geografisk verknad. Både delar av primær­næringane og tradisjonell industri er utsette for konkurranse, effektivisering og reduksjon i sysselsetjing. Desse næringane har størst del av samla sysselsetjing i område utanfor dei største byområda.

  • Sysselsetjingsveksten har kome i teneste­næringane og nye produksjons­næringar. Veksten i kommunal tenesteyting har vore spreidd utover landet, men den sterke veksten i bedriftsretta tenesteyting har kome i større byområde.

  • Kompetansetung verksemd i industriselskap, som administrasjon og utvikling, som tidlegare var knytt til lokaliseringa av ei konkret industriverksemd, blir også lokalisert til byområde med større kompetansemiljø.

  • Sysselsetjinga i statleg sektor har blitt redusert i område med små senter og spreidd busetnad dei siste 20 åra, medan ho har auka i dei største byregionane og mest i Oslo. Den planlagde utflyttinga av tilsyna vil i liten grad påverke denne utviklinga. På 90-talet blei den relative delen av sysselsette i staten i småbyområde også redusert.

Utviklingstrekk i busetnadsmønster og demografi

  • Vi har sett ei sterk sentralisering i landet dei siste tiåra. Større byar veks i folketal, medan folketalet har gått ned i mange område med småsenter og spreidd busetnad.

  • Den direkte grunnen til sentraliseringa er først og fremst at unge flyttar frå mindre stader til større byområde for å ta utdanning og finne arbeid. Folk flyttar sjeldan frå mindre stader på grunn av arbeidsløyse.

  • Den delen av dei som blir fødde som flyttar frå mindre stader, er ikkje større no enn tidlegare, men i og med at det blir fødd færre barn no enn før, medverkar det til nedgang i folketal.

  • Det skjer ein del tilbakeflytting og tilflytting til mindre stader, men det er ikkje nok til å kompensere for utflyttinga av ungdom.

  • Denne ungdomsflyttinga, saman med at unge kvinner i noko større grad flyttar frå heimstaden enn det unge menn gjer, har ført til at vi over tid har fått ein skeiv kjønns- og alders­balanse i ein del område med små senter og spreidd busetnad (forgubbing). Sjølv utan meir utflytting vil mange stader oppleve nedgang i folketal fordi dei kulla som framover kjem i etableringsfasen, er relativt små.

  • Den sterkaste enkeltfaktoren for å bli buande i heimkommunen er overtaking av eller tilgang til næringseigedom. Dette forklarar også skilnaden mellom kjønna i ungdoms­flytting, det vil seie at unge menn i større grad enn unge kvinner har tilgang til næringseigedom.

  • Folketilveksten i landet er låg, og om lag halvparten av tilveksten kjem frå innvandring. Fleirtalet av innvandrarane har til no busett seg i bynære strok, og flest i Osloregionen.

Utviklingstrekk i bustadmotiv og bustadval

  • Bustadvala endrar seg gjennom livsløpet og varierer med kva val ein gjer tidleg i livet. Om lag halvparten av ungdommen på mindre stader tek kortare utdanning og finn arbeid nær heimstaden. Resten dreg ut for å studere og finne arbeid andre stader, og ein stor del av desse dreg til større byområde.

  • Dei som skal studere dreg dit det er relevante studieplassar. Vi finn hovud­tyngda av utdanningsplassar i dei største universitetsbyane og til dels i fylkessentra. Etter at utdanninga er ferdig søkjer mange etter arbeid i området der dei har studert, eller i større senter der sjansen er størst for å få nytte av utdanninga.

  • I spørjeundersøkingar seier ein god del unge som alt har flytta frå heimstaden sin, at dei kan tenkje seg å flytte tilbake til oppvekstkommunen ein gong i framtida. I praksis er det berre ein mindre del av desse som gjer det.

  • Unge som seier dei vil flytte frå heimstaden, og som blir spurde om kvar dei vil flytte, svarar ofte ein mellomstor by eller tettstad/bygdeby. Talet på unge som seier dei vil bu i ein storbyregion er mindre enn det faktiske resultatet av busetjinga.

  • Når unge i større byområde stiftar familie og skal etablere seg, flyttar mange ut av storbykommunen. Dei fleste barnefamiliane (og andre vaksne) som flyttar ut frå bysentra, flyttar likevel i praksis berre til kommunar innanfor arbeids­marknaden til byen eller til andre byområde med relativt stor arbeidsmarknad.

  • For mange er det i praksis valalternativa på arbeidsmarknaden som bestemmer kvar dei opplever at dei er frie til å etablere og busetje seg. På stader med små arbeidsmarknader er tilbodet om stillingar avgrensa. Det kan vere ekstra vanskeleg å finne arbeid på same tid for eit par som skal etablere seg.

  • Val knytte til busetjing og flytting blir dermed også val knytte til yrke, karriere og ambisjonar og til idear om «det gode liv» for seg og familien.

  • I ei spørjeundersøking (Orderud 2002) der folk i periferikommunar blei spurde kva som er viktig for busetjing dersom jobbtilbodet er likt, kom bumiljø og bustandard øvst på lista. Deretter kom i rekkjefølgje venner og slekt, natur- og friluftsliv, avstand til heimstaden, kommunikasjonar, næringsliv, kulturtilbod og klima. Heilt nedst kom bra kafe- og butikktilbod.

  • Ein aukande del av befolkninga veks også opp i bynære strøk. Desse buset seg i liten grad i område med mindre senter enn dei sjølve har vakse opp i.

  • «Unge» pensjonistar er etter kvart blitt ei mobil gruppe menneske, som uavhengig av arbeidsmarknaden kan flytte til attraktive strøk. Det kan vere nærmare familien, til fritidsbustaden eller frå bygder i utkanten av eit byområde og inn til nye bustader i sentrum.

  • Auka pendling mellom fritidsbustad og hovudbustad kan vere eit alternativ for ein del personar i yrke der ein kan ta med seg arbeidet ved hjelp av heime­kontor.

  • Ein del innvandrarar frå europeiske land buset seg i norske bygder for å finne alternative liv. Dei kan utgjere ei stor gruppe menneske i enkeltbygder, men relativt få i ein større samanheng.

Fotnotar

1.

Sørlie, notat om bumotiv og flytting, NIBR 2005, Effektutvalet NOU 2004:2, Distriktskommisjonen NOU 2004:19 og Regionenes tilstand, ØF-rapport nr. 07/2004. Desse nytta mellom anna kunnskap som var henta frå eit større forskingsprogram som blei avslutta i 2003, kalla Regional utvikling. Stortinget fekk ein større samla presenta­sjon av regionale utviklings­trekk i St.meld. nr. 25 (2004–2005) Om regionalpolitikken frå regjeringa Bondevik II våren 2005.

Til forsida