St.meld. nr. 21 (2005-2006)

Hjarte for heile landet Om distrikts- og regionalpolitikken

Til innhaldsliste

2 Grunnleggjande føresetnader for næringsutvikling og busetjing

2.1 Innleiing

Regjeringa vil arbeide for gode rammevilkår for utvikling av næringsliv og arbeidsplassar og av gode teneste- og velferdstilbod og attraktive stader i alle delar av landet. Dette er grunnleggjande føresetnader for å få eit samfunn med reell fridom til å busetje seg der ein ønskjer. Dette kapitlet handlar om innsats for å sikre likeverdige tenestetilbod, god infrastruktur, godt tilbod av høgare utdanning, aktive forskingsmiljø, god samfunnsplanlegging og attraktive stader med gode bumiljø i alle delar av landet.

Behov for differensiert politikk

For å møte utfordringane i ulike delar av landet og i ulike typar bu- og arbeids­marknads­­område, må politikken vere geografisk differensiert. Både enkeltvis og i sum får dei ulike sektorpolitikkane romlege konsekvensar som slår ulikt ut i ulike lokalsamfunn og i ulike delar av landet. Område med lågt folketal, mindre senter og einsidig næringsstruktur møter særlege krav til omstilling. Tilgang på infrastruktur og tenestetilbod kan også vere avgrensa. I små og store byregionar er utfordringane i større grad knytte til å utnytte potensiala som ligg i kompetansemiljø, og vidareutvikle spesialiserte infrastrukturtilbod og tenester som kan tene næringsliv og befolkning i større omland. For alle områdetypar er det viktig med innsats som kan påverke utvikling av attraktive stader knytt til kultur, fritid, bumiljø og estetisk utforming av senter.

Forsterka samarbeid nasjonalt og regionalt

Regjeringa legg stor vekt på samarbeid over sektorgrenser både nasjonalt og regionalt for å sjå innsats som kan fremme distrikts- og regionalpolitiske mål, i samanheng. Ambisjonen til regjeringa om eit distriktspolitisk løft og ein heilskapleg politikk for lokalsamfunn og regionar krev verkemiddel, arenaer og arbeidsmåtar som gir samordning eit reelt innhald. Ofte er det sumverknader av innsats på fleire politikkområde som avgjer om vi får ei positiv samfunnsutvikling. Dette tilseier at samordning er viktig som arbeidsform i distrikts- og regionalpolitikken.

Det nye regjeringsutvalet for distrikts- og regional­politikk er eit viktig element i dette arbeidet. Utvalet skal medverke til å skape større samsvar mellom distrikts- og regionalpolitiske mål og mål på ulike politikkområde og leggje grunnlag for breie, felles distrikts- og regionalpolitiske initiativ. Regjeringsutvalet skal supplere, ikkje erstatte, tradisjonelle samordningsmåtar. Utvalet er først og fremst ein arena og ein arbeidsmåte for å få til felles initiativ på tvers av fagdepartement. Regjeringa vil i tillegg i større grad leggje vekt på å ta distrikts- og regionalpolitiske omsyn når det blir teke sektorpolitiske avgjerder, gjennom meir aktiv bruk av konsekvensutgreiingar.

Samarbeid og handlingrom på regionalt og lokalt nivå er likevel heilt sentralt for å få ei god tilpassing av nasjonal politikk og statleg innsats til lokale tilhøve. Nasjonale organ kan ikkje på same måten tilpasse tenestetilboda etter behov eller drive lokalt og regionalt utviklingsarbeid. Regjeringa legg derfor vekt på desentralisering av ansvar og myndigheit, på koordinering av offentleg innsats retta mot same geografiske område og på å støtte opp om lokalt initiativ.

2.2 Styrkje kommunalt tenestetilbod og samfunnsutviklingsrolla til kommunar og fylkeskommunar

2.2.1 Kommuneøkonomi er avgjerande

Tilgang på gode velferds- og tenestetilbod, kombinert med tilgang på arbeid, er heilt nødvendige føresetnader for å nå det overordna målet om å leggje til rette for likeverdige levekår i heile landet og oppretthalde hovudtrekka i busetnads­mønsteret. Kommunane har det overordna ansvaret for likeverdige velferds- og tenestetilbod til innbyggjarane sine. Regjeringa er oppteken av at kommunane blir tilførte ressursar og handlefridom til å løyse viktige velferdsoppgåver. Det må vere samsvar mellom pålagde oppgåver og finansieringa av desse. Ein styrkt kommuneøkonomi vil også gjere kommunane betre i stand til å satse meir aktivt på utviklingsoppgåver som til dømes næringsutviklingsarbeid og kultur og trivselsskapande tiltak. Regjeringa meiner god kommune­økonomi er den beste føresetnaden for å kunne drive ein aktiv og velfungerande distrikts- og regionalpolitikk. Særleg i små og utsette lokalsamfunn med liten arbeidsmarknad og få tilbydarar er kommunen ein nøkkelleverandør av velferdstenester, samtidig som kommunen spelar ei vesentleg rolle som sysselsetjar. Regjeringa har alt teke fatt i arbeidet med å styrkje kommuneøkonomien.

Styrking av kommuneøkonomien

Regjeringa har ambisjonar om ei monaleg styrking av dei frie inntektene innanfor kommunesektoren i løpet av denne stortingsperioden, slik at mellom anna tilbodet i skolen og eldreomsorga kan betrast. Regjeringa vil gjennomføre ein fleirårig opptrappingsplan for å rette opp den økonomiske ubalansen i kommunesektoren.

I statsbudsjettet for 2006 blei kommunane styrkte med heile 5,7 milliardar kroner gjennom ein kraftig auke i dei frie inntektene. Dette inkluderer 225 mill. kroner til styrking av regionaltilskotet, som er særleg viktig for små kommunar i distrikta.

Kommunesektoren har vore gjennom ein periode med stram økonomi. I 2002 og 2003 var inntektsveksten svak, og netto driftsresultat var på eit lågt nivå. I 2004 og 2005 har inntektsveksten teke seg opp. Kommunesektoren har brukt delar av inntektsveksten dei to siste åra til å rette opp den finansielle ubalansen. Utfordringa no blir å oppretthalde den finansielle balansen i kommune­sektoren. Samtidig har Regjeringa klare forventningar om at kommunesektoren skal kunne levere fleire og betre tenester til innbyggjarane. Med det vedtekne økonomiske opplegget for 2006, og ytterlegare inntektsvekst i 2007, vil kommunesektoren ha rammevilkår for å oppnå betra tenesteyting.

For å oppretthalde balansen i økonomien på sikt må det vere samsvar mellom oppgåver og ressursar. Meirutgifter i samband med statleg initierte reformer som skal gjennomførast av kommunesektoren, skal kompenserast. Det vil også vere naturleg å vurdere verknaden av demografiske endringar ved fastsetting av kommunesektoren sine inntektsrammer. Kommunane og fylkeskommunane må ha god økonomistyring og tilpasse aktivitetsnivået til inntektsrammene, samtidig som det må stillast krav til framleis effektivisering av den kommunale verksemda.

Regjeringa har i kommuneproposisjonen for 2007 varsla framleis sterk realvekst i kommunesektoren sine inntekter. Det blir lagt opp til realvekst i dei samla inntektene i kommunesektoren på mellom 4 og 5 milliardar kroner i 2007. Av veksten i samla inntekter blir det lagt opp til at mellom 2 og 2,5 milliardar kroner kjem som frie inntekter.

I budsjettproposisjonen for 2006 (St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2005-2006)) og i Soria Moria-erklæringa har Regjeringa gitt uttrykk for store ambisjonar når det gjeld å gi folk eit betre tenestetilbod. For å oppnå dette, er det nødvendig med framleis sterk auke i kommunesektoren sine frie inntekter. I statsbudsjettet for 2006 blei dei frie inntektene auka med 5,7 milliardar kroner. Veksten i frie inntekter i 2007 kjem i tillegg til det inntektsløftet kommunesektoren har fått i 2006. Dette inneber at dei frie inntektene samla sett vil auke med om lag 8 milliardar kroner i løpet av 2006 og 2007. Veksten i frie inntekter i 2006 og 2007 legg forholda til rette for betre kommunale tenester.

Innanfor veksten i dei samla inntektene vil det ligge midlar til barnehagesektoren, eldreomsorg, opptrappingsplanen for psykiatri og tiltak innanfor skolen. Det vil bli lagt fram konkrete løyvingsforslag knytt til desse formåla i statsbudsjettet for 2007.

Veksten i dei frie inntektene må sjåast i samanheng med at den demografiske utviklinga vil påføre kommunesektoren auka utgifter i 2007. Utrekningar utført av Det tekniske berekningsutvalet for kommunal og fylkeskommunal økonomi indikerer at kommunesektoren kan få meirutgifter i 2007 på om lag 1,4 milliardar kroner knytt til den demografiske utviklinga.

I Soria Moria-erklæringa er det lagt opp til å styrkje pleie- og omsorgstenesta med 10 000 årsverk innan utgangen av 2009, rekna frå 2004-nivå. Forslaget til vekst i frie inntekter legg forholda til rette for 2 000 nye årsverk i pleie- og omsorgstenesta i 2007.

Regjeringa si oppfølging av Borge-utvalet

Borge-utvalet, som blei sett ned 3. oktober 2003, blei bede om å foreta ein brei gjennomgang av inntektssystemet for kommunane og fylkeskommunane. Den 10. oktober 2005 la utvalet fram sine forslag til endringar i inntektssystemet i NOU 2005:18 Fordeling, forenkling, forbedring . Utgreiinga frå utvalet har vore på brei offentleg høyring. Regjeringa har vedtatt å foreta ein eigen gjennomgang av inntektssystemet der ein mellom anna vil sjå på situasjonen for kommunar med vekst og kommunar med fråflytting. Regjeringa vil i den samanhengen også vurdere selskapsskatten som kommunal skatt. Regjeringa legg opp til å fremme forslag til endringar i inntektssystemet for kommunane i kommuneproposisjonen for 2009. Når det gjeld fylkeskommunane, legg Regjeringa opp til å sjå utvalet sine forslag til endringar i inntektssystemet i samanheng med forvaltningsreforma.

Selskapsskatt

Spørsmålet om selskapsskatten skal vere ein kommunal skatt vil bli vurdert i samband med oppfølginga av Borge-utvalet. Kommunane vil i 2006 motta om lag 5 milliardar kroner i selskapsskatt. Inntektene blir tilførte kommunane som rammeoverføring. Det er i kommuneproposisjonen føreslått at noverande ordning med å tilføre kommunane selskapsskatt som rammeoverføring blir vidareført inntil spørsmålet om kommunal selskapsskatt er avklart. Vidare er det føreslått at selskapsskatten blir vidareført på om lag same reelle nivå i 2007 som i 2006.

Oppretthalding av ein desentralisert skolestruktur

I mange bygdesamfunn er grendeskolar svært viktige. Regjeringa har gjennom høg inntektsvekst både i 2006 og 2007 lagt til rette for ei styrking av tenestetilbodet i kommunane. Eit godt skoletilbod er ein viktig del av tenestetilbodet, og betring av den økonomiske situasjonen til kommunane er med på å gi kommunane reelle val for framtidig skolestruktur. Kva for skolestruktur som best legg til rette for eit godt skoletilbod vil mellom anna vere avhengig av lokale tilhøve. Val av skolestrukturen må derfor gjerast lokalt, og det er eit mål at kommunane skal kunne velje ein desentralisert skolestruktur.

2.2.2 Styrkje rollene til kommunane og fylkeskommunane som samfunnsutviklarar

Kommunar og fylkeskommunar leverer ikkje berre viktige tenester til innbyg­gjarane i landet. Dei legg viktige rammer for busetjing og næringsutvikling også på andre måtar. I sum gjer dette både fylkeskommunar og kommunar til viktige samfunnsutviklarar i høve til måla i distrikts- og regionalpolitikken.

Fylkeskommunane som regional utviklingsaktør

Regjeringa legg vekt på å støtte opp om fylkeskommunane si rolle som samfunnsutviklar og regional utviklingsaktør. Fylkeskommunane er gitt ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å møte utfordringar som er knytte til den regionale utviklinga, og i forvaltninga av midlar for regional utvikling over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet. Fylkeskommunane har mellom anna ansvar for å etablere møteplassar, leie regionale partnarskapar, setje dagsorden og identifisere problemstillingar som er knytte til regional utvikling i eige område, inngå i nettverk og ha dialog med aktørar og brukargrupper. Utgangspunktet for å etablere regionale partnarskapar som den sentrale arbeidsforma var å medverke til auka fokusering på brukarperspektivet og sikre meir heilskaplege løysingar. Partnarskapen skal vere ein arena der offentlege tilretteleggjarar på regionalt nivå møter næringslivet for å medverke til ein samordna og resultatorientert innsats for regional utvikling.

Kommunal- og regionaldepartementet har forventningar til at fylkeskommunane arbeider vidare med auka brukarfokus og etablerer arenaer der aktørar med ønske og vilje til å medverke til utvikling av samfunns- og næringsliv kan samarbeide om bruk av verkemiddel. Representantar for næringslivet, FoU- og universitets- og høgskolemiljø, kommunane og frivillige organisasjonar er aktuelle aktørar i den samanhengen. Tidlegare evalueringar har mellom anna peika på ei for svak deltaking og involvering frå særleg næringslivsaktørar i partnarskapsarbeidet. Erfaringar frå arbeidet med dei næringsretta utviklingsmidlane som alternativ til differensiert arbeidsgivaravgift har på si side vist at det er mogleg å få til eit større engasjement og ei meir aktiv deltaking frå næringslivsaktørar i slike prosessar. Departementet legg vekt på at fylkeskommunane og regionale og lokale aktørar finn fram til gode rolleavklaringar og mandat når det gjeld partnarskapsarbeidet, som også klargjer korleis næringslivsaktørar skal delta i planleggings- og avgjerdsprosessar. Departementet er oppteke av at fylkeskommunane samarbeider med partnarskapen om å utvikle brukarperspektivet i bruken av midlane over kapittel 551 post 60 Tilskot til fylkeskommunar for regional utvikling ut frå erfaringane med dei næringsretta utviklingsmidlane, jf. også kapittel 3.3.3.

Rolla som regional utviklingsaktør er knytt til fylkeskommunens planansvar og til oppgåver som vidaregåande opplæring, samferdsel, kultur, kulturminnefeltet, folkehelsearbeid og ikkje minst næringsutvikling. Dette er oppgåver som må sjåast i samanheng, om fylkeskommunane i samarbeid med regionale partnarskapar skal motivere til bulyst og leggje til rette for næringsutvikling. Det er ei utfordring både politisk og administrativt å sjå korleis desse oppgåvene influerer på kvarandre. Innhaldet i fylkesplanlegginga, og i ulike program og prosjekt, viser at det har skjedd positive endringar dei siste åra. Utgangspunktet for eit vellykka samarbeid mellom ulike fagområde er å synleggjere korleis dei samla kan gi eit betre resultat ved at ein ser dei i samanheng, samtidig som kvart fagområde også kan oppnå fordelar ved samarbeidet. Til dømes er drift av vidare­gåande skolar og kollektivtransport viktige opp­gåver i seg sjølv, samtidig som innsatsen også kan medverke til ei styrkt regional utvikling.

Fylkeskommunane har betydeleg kontakt over landegrensene gjennom til dømes grenseregionalt og transnasjonalt samarbeid og ved deltaking i ulike internasjonale organisasjonar. Dette gir også eit godt grunnlag for arbeid med regional utvikling i fylket. Deltaking i internasjonalt regionalpolitisk samarbeid er i dag ein integrert del av det regionalpolitiske arbeidet til dei fleste fylkeskommunane. Dei har uttrykt eit klart ønske om framleis norsk deltaking i EUs territorielle samarbeid (Interreg) for perioden 2007–2013, og at fylkeskommunane tek aktivt del i utviklinga av nye program.

Kommunane som lokal samfunnsutviklar

Regjeringa er oppteken av at kommunane si rolle som samfunnsutviklar skal styrkjast, utover rolla som forvaltar og tenesteprodusent. Dette krev først og fremst ein sunn og sterk kommuneøkonomi. Å vere samfunnsutviklar inneber eit allsidig arbeid for å utvikle næringslivet og skape attraktive samfunn og gode levekår for befolkninga. Å realisere «det gode liv», oppmuntre til aktivitet i frivillig sektor, sikre gode oppvekstvilkår og byggje opp under dugnadsånd og kommunal identitet er ein del av det breie perspektivet på samfunnsutvikling. Det handlar mykje om kommunane sitt ansvar for å sikre og utvikle gode nærmiljø.

Det finst fleire måtar kommunane kan utvikle rolla som samfunnsutviklar på. Distriktskommisjonen peika på fleire aspekt i denne samanhengen, mellom anna å sikre eit godt tenestetilbod innanfor barnehage, grunnskole og helsestell, sørgje for tradisjonell fysisk tilrettelegging, vere pådrivarar for etablering av «mjuk infrastruktur» som nettverk og møteplassar og ikkje minst medverke til å utvikle ein etablerarkultur. Aktivt engasjement i kommunane er viktig for å utvikle lokalt næringsliv, både når det gjeld tilbod om gode kommunale tenester til næringslivet og støtte til nyetablerarar. Erfaringar frå omstillingskommunar rundt om i landet viser at kommunane kan spele ei avgjerande rolle i å mobilisere lokalt næringsliv og andre aktørar og vere katalysator i utviklings- og omstillingsprosessar.

Ei aktiv rolle som samfunnsutviklar fordrar at kommunane har økonomiske midlar. Regjeringa meiner god kommuneøkonomi er ein viktig føresetnad for dette, kombinert med ei aktiv satsing på kommunale næringsfond, jf. omtale i kapittel 4.5. Men minst like viktig er ein reell vilje til å få til noko. Ofte er samarbeid mellom fleire kommunar ein naturleg og fornuftig strategi som kan vere med på å gi ekstra tyngd og kraft i samfunnsutviklarrolla. Lokalt engasjement og pådrivarkraft kombinert med trua på eigen innsats er avgjerande for graden av måloppnåing av denne typen arbeid. Desse føresetnadene kan berre skapast og utviklast lokalt. Regjeringa ser det som ei viktig oppgåve å underbyggje og stimulere til dette.

2.3 Utvikling av attraktive stader

Eit samfunn må ha kvalitetar ut over gode tenestetilbod og arbeidsplassar for å vere attraktivt. Sentrale faktorar er mellom anna kultur- og fritidstilbod, tilgang på møteplassar, estetisk utsjånad og eit godt tilbod om bustader. Dette er tilhøve som kan bli utvikla og lagde til rette på ein betre måte enn i dag mange stader. Erfaringar viser at ei positiv utvikling er avhengig av medvitne satsingar med utgangspunkt i sterke sider ved staden, og som kan medverke til både å styrkje den lokale identiteten og gi staden ein unik profil.

Regjeringa meiner det er ei særleg utfordring for bygdesenter og småbyar å vere attraktive for tilflytting for å påverke flyttestraumane. Det gjeld spesielt kvinner og unge i etableringsfasen for å motverke utviklinga mot ei skeiv geografisk alders- og kjønnsfordeling. Stader som er attraktive for tilflytting, gir også betre grunnlag for lokalisering av verksemder.

Kommunane har ei sentral rolle i arbeidet knytt til attraktivitet og stadutvikling i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar, næringsliv, enkeltpersonar og regionale styresmakter. Kommunal- og regionaldepartementet meiner det er viktig at kommunar, fylkeskom­munar og regional stat vidareutviklar samarbeidet på dette feltet for å gjere sentra i regionane meir attraktive for næringsetablering og busetjing. Midlane til regional utvikling som er delegerte frå Kommunal- og regionaldepartementet til fylkeskommunane, kan òg nyttast til utviklingsprosjekt som skal medverke til å utvikle attraktive stader.

2.3.1 Innsats for utvikling av stader

Det har blitt gjennomført fleire tiltak på dette området rundt om i landet dei seinare åra, både lokalt og gjennom ulike nasjonale og regionale program. Det nyleg avslutta Programmet for utvikling av attraktive og miljøvennlege tettstader i distrikta (Tettstadsprogrammet (2001-2005)), i regi av Miljøverndepartementet, er eit døme på statleg initiert innsats. Programmet hadde som formål å samkøyre verkemiddel, vidareutvikle arbeidsmåtar lokalt og formidle erfaringar frå arbeidet med tettstadsutvikling. Eit anna døme er Pilotprosjektet for miljøvennleg byutvikling, som òg blei initiert av Miljøverndepartementet. Programmet har mellom anna hatt sentrumsutvikling som tema. Målet har vore å fremme og styrkje levande, varierte og trygge senter. Forbetring av gater og byrom, tenestetilbod og aktivitetar i sentrumsområda har stått sentralt i prosjekta. Miljøverndepartementet vil arbeide systematisk med å formidle erfaringane frå desse tiltaka til bruk i kommunane. Landbruks- og matdepartementet har også gjennomført fleire pilotprosjekt med tanke på utvikling av busetjing og lokalsamfunn, og har i samarbeid med Miljøverndepartementet utarbeidd ein eigen rettleiar om bruk av plan- og bygningslova ved utnytting av dei stadeigne, lokale ressursane.

I mange fylke er tettstadsutvikling ein regional utviklingsstrategi, og tettstadsutvikling blir vurdert på linje med andre utviklingstiltak når fylkeskommunane fordeler økonomiske midlar for å stimulere til regional utvikling i fylket. Regjeringa ser positivt på dette og meiner godt samarbeid mellom kommunar og regionale aktørar er viktig for å lykkast i eit slikt arbeid. Det er nødvendig å arbeide på tvers av sektorar og ha breie prosessar med både offentlege og private aktørar. I denne samanhengen er det viktig å involvere unge i utviklinga av deira eige lokalsamfunn, slik at dei føler seg ivaretekne og at deira behov og ønske blir tekne omsyn til. Stadutvikling må også sjåast i samanheng med både næringsutvikling, kultur, miljø, arealbruk og samferdsel.

Regjeringa ønskjer å stimulere til vidare arbeid og innsats for stadutvikling der ein ser planlegging og utvikling av møteplassar, estetikk, opprusting av senter, tenestetilbod, transport og næringsutvikling i samanheng. Kommunal- og regionaldepartementet og Miljøverndepartementet vil medverke til å spreie kunnskap om vellykka prosjekt for stadutvikling til andre område med tilsvarande utfordringar. I 2006 vil Kommunal- og regionaldepartementet invitere mindre bykommunar, saman med fylkeskommunane, til eit samfinansieringsprosjekt for å greie ut korleis staden kan bli meir attraktiv for folk i regionen og for tilflyttarar, og korleis staden kan støtte opp om ei meir balansert utvikling. Det er aktuelt å følgje opp dette initiativet med ei spissa satsing på stadutvikling seinare i perioden. Den nye småsamfunnssatsinga under Kommunal- og regionaldepartementet vil også ha fokus på utvikling av attraktive lokalsamfunn, jf. kapittel 6.2. Sjå i tillegg omtale i kapittel 2.3.4 om nytt program i Husbanken for tettstadsutvikling i småsamfunn.

Boks 2.1 Estetisk opprusting – ein sentral del av Tettstadsprogrammet

Ein viktig del av Tettstadsprogrammet handlar om opprusting av dei estetiske sidene ved det offentlege rommet. Utforming av dei fysiske omgivnadene i byar, i tettstader og i natur- og kulturlandskapet spelar ei viktig rolle i kvardagen til folk. Estetisk opprusting har såleis vore sentralt i fleire av kommunane som har vore med i Tettstadsprogrammet. Estetisk opprusting har blitt gjennomført på ulike måtar, der kommunane har teke for seg større eller mindre delar av staden og rydda og rusta opp område som hadde forfalle. I Mosjøen blei det til dømes satsa sterkt på å ruste opp byparken som etter fleire år hadde forfalle. Da Gildeskål kommune i Nordland skulle skape miljøgata i kommunesenteret Inndyr, fann dei inspirasjon i den gamle kulturen og naturen omkring.

Felles for kommunane som har delteke i Tettstadsprogrammet, er at dei har lagt stor vekt på prosess og brei deltaking i arbeidet med stadutvikling. Ein viktig del av dette er informasjon og open dialog om arbeidet. Mange av kommunane har mellom anna arrangert folkemøte og seminar, og lokalaviser er brukte flittig for å spreie informasjon og skape debatt. Det har særleg blitt lagt vekt på å trekkje med barn og unge i arbeidet, både i form av idédugnader og konkrete forslag til tiltak. Dei kommunane som har lykkast best, har aktive politikarar som stimulerer til medverknad og samspel med innbyggjarane og frivillige organisasjonar i utviklinga av lokalsamfunnet. Samarbeid med lokalt næringsliv og ulike offentlege aktørar er også viktig. Det ligg føre ein sluttrapport frå Miljøverndepartementet som summerer opp resultata frå programmet.

2.3.2 Kultur og frivillig arbeid som grunnlag for levande og attraktive samfunn

Regjeringa meiner arbeidet med å skape attraktive stader for busetjing, som også kan fremme næringsutvikling, krev ei brei tilnærming. Utvikling av dei positive kvalitet­ane til ein stad er nær knytt til det kulturelle mangfaldet og tilbodet på staden. Kultur kan såleis spele ei viktig rolle i stadutvikling, identitetsbygging og merkevarebygging i både lokalsamfunn og regionar. Gjennom satsinga på eit kulturløft har regjeringa som målsetjing at løyvingane til kulturfeltet skal aukast til éin prosent av statsbudsjettet innan 2014. Regjeringa vil i 2006 også fremme forslag om ei allmenn kulturlov som skal uttrykkje ansvaret det offentlege har for kulturfeltet.

Erfaringar frå mellom anna Tettstadsprogrammet har vist kor viktig tiltak med brei forankring i kulturfeltet kan vere. Eit mangfald av kulturtilbod og møteplassar kan vere grunnlag for positive opplevingar og samtidig vere med på å styrkje fellesskap, livskvalitet og lokal identitet hos innbyggjarane. Eit godt kulturtilbod og høve til sjølv å delta i kulturaktivitetar er såleis eit samfunnsgode som kan ha positiv innverknad på både busetjing og etableringar. Utviklingsarbeid som byggjer på kulturelt engasjement og kulturelle verdiar, er med på å gi ein stad særpreg. Regjeringa legg vekt på at dette er ein viktig del av arbeidet med å utvikle attraktive stader, og at lokale, regionale og nasjonale styresmakter legg det til grunn for arbeidet sitt. Kommunal- og regionaldepartementet meiner at delar av dei distrikts- og regionalpolitiske midlane kan bli nytta til kultursatsingar som kan medverke til utvikling av lokal identitet, særleg der innsatsen kan føre til auka økonomisk aktivitet og næringsutvikling.

Det finst mange døme på at både byar og stader har blitt vitaliserte og fått økonomisk vekst gjennom ei systematisk satsing på kultur. Ei medviten satsing på kulturbasert næringsutvikling og utvikling av kulturnæringar kan spele ei viktig rolle i regional og lokal utvikling. Regjeringa er oppteken av å stimulere til ei forsterka utnytting av potensialet som ligg i kulturnæringane, mellom anna ved meir systematisk bruk av offentlege næringsretta verkemidel og gjennom spesielle satsingar. Dette er nærmare omtalt i kapittel 5.5.

Regjeringa meiner frivillig innsats gjennom ulike lag og organisasjonar spelar ei sentral rolle i arbeidet med å skape varierte og attraktive lokalsamfunn. Frivillige aktørar har både høg kompetanse, verdfull erfaring og kapasitet på ulike område som er viktige for å skape gode og levande lokalmiljø. Samhandlingsprosjekt der dialogen er god mellom dei frivillige og det offentlege, opnar for spennande og utfordrande arbeid der gevinsten er oppgåveløysingar som er forankra i lokalsamfunnet, styrking av sosiale nettverk og innbyggjarar som er stolte av heimstaden sin. Regjeringa er oppteken av å medverke til eit godt samspel mellom offentleg og frivillig sektor på lokalt nivå.

Frivilligheitssentralane utgjer ein viktig del av dette. Dei første frivilligheitssentralane starta i 1991, og det er i dag nærmare 270 sentralar rundt om i landet. Formålet med slike sentralar er å leggje til rette for lokalt engasjement og skape gode vilkår for frivillig innsats lokalt. Kultur- og kyrkjedepartementet vurderer ei auka satsing på frivilligheitssentralar. Kultur- og kyrkjedepartementet vurderer også om eit frivilligheitsregister kan forenkle administrativt arbeid for frivillige organisasjonar og for offentleg forvaltning.

Skolane spelar ei viktig rolle i lokalsamfunna som møteplassar og arenaer for frivillig aktivitet og kulturformidling. Kulturskolane er også sentrale i det lokale kulturarbeidet og er med på å skape eit aktivt kulturliv i distrikta. Regjeringa vil at alle barn skal ha eit tilbod om plass i kulturskolen til ein rimeleg pris.

2.3.3 Betre utnytting av landbrukseigedomar som ressurs for busetjing i bygdene

Areala og bygningane på landbrukseigedomane er viktige bidrag for busetjing og næringsutvikling i bygdesamfunn, både i bynære område og i distrikta. Drift av landbruksareala gir grunnlag for inntekt frå næringsverksemd i form av jord- og skogbruk og frå ulike tilleggsnæringar. Bygningsmassen på landbrukseigedomane gir grunnlag for busetjing og kan også gi grunnlag for utvida næringsverksemd. Areal- og bygningsressursane i landbruket og kulturlandskapet gir dessutan sta­didentitet, som er ein viktig faktor for val av bustad.

Det finst om lag 180 000 landbrukseigedomar. Om lag 125 000 av desse er utan aktiv drift, men med bygningsmasse. Mange av desse finn vi i område med spreidd busetnad. I 2000 blei det kartlagt 46 000 landbrukseigedomar med bygningar, men utan fast busetjing. Eigedomane har eit monaleg busetjingspotensial, særleg i område med lågt folketal. Ei MMI-undersøking indikerer at om lag 200 000 menneske ønskjer å busetje seg på gard/småbruk. 1

Landbruks- og matdepartementet har som mål at ressursane på landbrukseigedomane skal bli betre utnytta enn tidlegare for å oppretthalde og auke busetjinga i distrikta. Verkemidla i eigedomspolitikken må takast meir aktivt i bruk for å nå desse måla. Verkemidla må også kunne brukast ulikt i distrikta og i byområde. I pressområde er det særleg viktig å sikre eit sterkt jordvern, medan utfordringa i utkantane er å leggje til rette for busetjing. Særleg i utkantane må det derfor leggjast til rette for å utnytte landbruksressursane betre, også bygningane, mellom anna ved at landbrukseigedomar kjem på sal. Fleire kommunar har i dag sett i gang tiltak for å få til dette, jf. «Småbruksprosjektet i Telemark» og rettleiaren Bruk mulighetene i same fylket.

Eit anna verkemiddel er buplikt. Reglane om personleg buplikt gjeld landbruks­eigedom, men det kan også knytast buplikt til mindre utbygde eigedomar dersom kommunen har innført lokal forskrift om dette. Per mars 2006 har 78 kommunar innført slike lokale forskrifter.

Landbruks- og matdepartementet ønskjer å arbeide vidare med verkemidla slik at dei kan bli tenlege reiskapar for kommunane i gjennomføringa av areal- og eigedomspolitikken og medverke til å oppretthalde og auke busetjinga. Til dette formålet vil Landbruks- og matdepartementet

  • opprette ein internettportal til bruk for kommunar som ønskjer informasjon og kontakt om verkemiddel i areal- og eigedomspolitikken i landbruket

  • undersøkje kommunane sin praksis i saker som gjeld søknad om fritak frå buplikt, setje i verk analysar av verknadene av reglane om buplikt og gjere buplikta meir målretta enn i dag

  • stimulere til at det blir gjennomført forsøk i ulike kommunar, mellom anna med bruk av internett for å gjere ledige landbrukseigedomar kjende

  • stimulere til forsking på verknadene av ulike tiltak knytte til landbrukseigedom

Boks 2.2 Bruk av landbrukseigedomar for å fremme busetjing

Attraktive bustadtomter

Iveland kommune har i kommuneplanen sett som mål å auke innbyggjartalet frå 1 100 til 1 500 innbyggjarar innan 2015. Målet inneber at kommunen må leggje til rette for 150 attraktive nye bustader. Kommunen har utarbeidd ein prosjektplan med ulike tiltak for nå målet sitt. Det blir arbeidd med å registrere moglege bustadområde/gardsbruk som kan brukast til bustadformål.

Aurskog-Høland kommune kan vise til positive resultat i Setskogområdet der det i mange år har vore nedgang i folketalet. Gjennom eit samarbeid mellom kommunen og innbyggjarane er nedgangen i folketalet no snudd. Kommuneplanen har opna opp for spreidd bustadbygging og nye hyttefelt, og bensinstasjon og nærbutikk er gjenopna.

Bustadbygging på aktive gardsbruk

I undersøkinga «Det moderne klyngjetun – ein buplass for fleire enn bønder», har Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sett på korleis det kan leggjast til rette for bustadbygging på aktive gardsbruk (rapport nr. 10, 2005). Tilrettelegging for bustadbygging i bygdene skjer oftast etter dei same prinsippa som i sentrumsnære område. I prosjektet har ein sett på høvet til å leggje til rette for bustader på gardsbruk utan at det kjem i konflikt med landbruksdrifta. I dei to modellane som er representerte i rapporten, er det lagt vekt på å plassere dei nye bustadene på ein måte som gjer dei til ein naturleg del av tunmiljøet.

Formidling av eigedomar

I pilotprosjektet «Eiendomssalg i Vest-Telemark», gjennomført i regi av Vest-Telemark Næringsutvikling, blei 700 eigarar av landbrukseigedomar kontakta med spørsmål om sal eller utleige av bruka sine. Arbeidet førte til at det i ein periode på fire år blei lagt ut om lag 120 bruk for sal eller utleige, og meir enn 75 nye familiar flytte til eigedomane. Materialet viser at eigarar av landbrukseigedomar utan busetjing først og fremst bur i bynære område, og at 92 prosent bur utanfor den kommunen der eigedomen ligg. Majoriteten, om lag 70 prosent, ønskte ikkje å selje eller leige ut til bustadformål. Dei viktigaste grunnane til dette var at dei sjølve brukte eigedomen til fritidsbruk, til eiga næring eller at dei ikkje ønskte å selje eigedomen ut av slekta.

Analysar i oppfølgingsprosjektet «Livstilsbruket» viste at motivasjonen til kjøparane varierte, men at det oftast var eit ønske om å leve annleis. Dei fleste var barnerike unge familiar med utdanningsnivå over middels og med variert yrkesbakgrunn. Hovudgruppa kom frå byområde, særleg frå byane rundt Oslofjorden. Nær 50 prosent av sysselsetjingsbehovet kunne ordnast av dei sjølve ved at dei dreiv eiga næring eller hadde arbeid som ikkje var avhengig av kvar dei budde.

2.3.4 Sikre gode bustadtilbod

Tilgang på gode bustader er ein sentral føresetnad for gode og attraktive levekår. Dette er særleg ei utfordring for vanskelegstilte grupper og for unge i etableringsfasen. Regjeringa er oppteken av å sikre gode bustadtilbod i alle delar av landet, både i dei større byane der ein ofte finn dei dårlegaste butilhøva og i område med lågt folketal. Bu- og miljøtilhøva i dei større byområda blir mellom anna teken opp i den komande hovudstadmeldinga.

Regjeringa ønskjer at Husbanken skal ha ei meir aktiv rolle i distriktsområde. Husbanken har mellom anna som oppgåve å lånefinansiere bustad­investeringar i område av landet der private bankar er tilbakehaldne med å gi kreditt på grunn av låg pantesikring. Det kan vere aktuelt å setje i verk program i eit utval kommunar for å prøve ut alternative modellar og løysingar for bustadbygging og tettstadsutvikling for å gjere busetting i distrikta meir attraktivt.

Busetjinga i Noreg er i større grad enn i mange andre land prega av mange små lokalsamfunn som kvar for seg utgjer eigne arbeids- og bustadmarknader. I mange småsamfunn er gode bustader kanskje den fremste føremonen ved å bu i distrikta. Det vil seie at innbyggjarane vanlegvis kan skaffe seg ein god einebustad. For å få til ei slik utvikling har kommunane og staten gjennom Husbanken spela på lag og sytt for høvelege tomter og rimelege lån. Husbanken har vore og er viktig fordi lokale bankar ofte har vore tilbakehaldne med å gi lån til prosjekt og hushald som har ein viss risiko. Risikoen kan vere knytt til usikre arbeidsplassar og til situasjonen i kvart hushald. Ei utfordring i denne samanhengen er at dersom hushaldet må selje bustaden, kan den lokale etterspurnaden vere så låg at salsprisen ligg under byggje- og tomtekostnaden.

Erfaringane til Husbanken er at ein i stor grad har makta å løyse slike problem på ein god og balansert måte. Gjennom godt lokalt samarbeid har ein i dei fleste sakene funne fram til løysingar som dei aller fleste har vore tente med. Tap på vanlege lån i Husbanken har da og vore små.

I utgangspunktet er det kommunane som best kjenner den lokale bustadsituasjonen og bustadbehovet. Etter plan- og bygningslova skal kommunen syte for god planlegging, tomter og utbygging av teknisk infrastruktur som vegar, reint vatn og avløp. Kommunen skal og syte for sosial infrastruktur som skolar, barnehagar, fritidsanlegg o.a. I denne samanhengen må kommunen òg vurdere etterspurnaden etter bustader slik at det blir samsvar mellom kommunen sine investeringar og hushalda sine bustadinvesteringar. På denne måten har kommunen eit ansvar for kostnads- og risikofordelinga i bustadsektoren. Her er god kommunal planlegging og tilrettelegging eit nøkkelpunkt. I den samanhengen er det viktig at kommunen aktivt nyttar dei verkemidla og røynslene som Husbanken har.

Bustadbygging og utbetring av bustader i distrikta er eit av dei prioriterte formåla med det nye grunnlånet i Husbanken. Husbanken skal prioritere lokalsamfunn der det kan vere vanskeleg å få lån frå private bankar. Slike stader kan Husbanken også ta på seg ein større del av risikoen ved bustadbygging og utbetring. Samtidig kan Husbanken i samråd med kommunen vurdere om bustadprosjekt er berekraftige både for miljøet og økonomisk.

I lokalsamfunn med lite press og ein låg pris på bustader kan det ofte vere klokt å sjå etter ein brukt bustad, enten ein vil eige eller leige. Ved kjøp kan kommunen gi startlån for heile eller delar av lånesummen – opptil 90 prosent av prisen. Nokre gonger kan det vere i samfinansiering med ein privat låneinstitusjon. Dersom ein kjøpar ønskjer å utbetre, byggje om eller modernisere ein bustad, kan Husbanken gi grunnlån til dette formålet.

Mange små kommunar nyttar Husbankens startlån i liten grad eller ikkje i det heile. Kommunal- og regionaldepartementet vil oppmode alle kommunar som opplever problem med bustadetablering, om å nytte startlåneordninga. Særleg når det gjeld toppfinansiering for nye bustader, men òg ved kjøp av brukte bustader, vil startlån vere gunstig. Private bankar kan vere tilbakehaldne med topplån eller dei krev klart høgare rente. Da det i små distriktskommunar er ein større risiko for tap ved sal av bustaden, kan kommunane vere tilbakehaldne med å gi slike lån. Kommunal- og regionaldepartementet vil sjå nærmare på fordelinga av risikoen når det gjeld startlån. Eit aktuelt tiltak er at Husbanken i samarbeid med grupper av distriktskommunar, utvalte etter distriktspolitiske kriterium, får høve til 50 prosent tapsdeling på startlån frå første krone.

I mange lokalsamfunn vil ein av og til oppleve at det manglar passande utleigetilbod for ungdom og nye arbeidstakarar. Å byggje nye utleigebustader kan ofte vere ein risiko for eigaren, enten det er kommunen, ei bedrift eller ein privatperson. Eit alternativ her er at kommunen aktivt hjelper bedrifter eller enkelte personar med å søkje etter utleigebustader. Det har ofte vist seg mogleg å skaffe bra og rimelege leigebustader på den måten. Nokre gonger, særleg ved vekst i det lokale næringslivet, er det nødvendig å byggje leigebustader i større omfang. Her vil det vere naturleg at arbeidsgivarar kan ta ein del av ansvaret i samarbeid med kommunen. Husbanken kan gi grunnlån til byggje- og tomtekostnadene og tek på den måten sin del av ansvaret.

Om nytt program i Husbanken for tettstadsutvikling i småsamfunn

Husbanken er ein viktig aktør i stadutvikling i byar og tettstader, og deltek både direkte og indirekte i stadutvikling gjennom arbeidet med byggjeskikk, ved låne- og tilskotsordningar og gjennom rådgiving.

Det er fleire faktorar som medverkar til å forme identiteten til ein stad, som naturgitte og fysiske tilhøve og sosiokulturelle og historiske tilhøve. Auka kunnskap om kva som formar stadidentitetar kan dermed medverke til å endre eit negativt bilete av ein stad og innbyggjarane sine oppfatningar av staden. Eit godt fysisk utforma miljø er eit viktig aspekt ved stadutvikling. Ved at ein planlegg for berekraftige lokalsamfunn i vid forstand, planlegg ein også for gode sosiale miljø. Stadutvikling har derfor ein fysisk og ein sosial dimensjon.

Kommunal- og regionaldepartementet vil be Husbanken setje i gang eit program rundt tettstadsutvikling i små lokalsamfunn. Programmet kan mellom anna byggje på dei gode erfaringane frå Miljøverndepartementet sitt tettstadsprogram. Dei lokale programma kan ha ulike komponentar, til dømes utarbeiding av utbyggingsprogram for god stadutvikling, planlegging av og lån til nybygging, informasjon rundt samarbeid om formidling av bustader og forsøk med kombinasjonar av startlån og grunnlån ved kjøp og utbetring av eldre bustader. Husbanken kan gi tilskot til slikt utviklingsarbeid over kapittel 581 Bolig- og bomiljøtiltak i statsbudsjettet.

2.3.5 Kulturlandskap er viktig for attraktive stader

Regjeringa legg vekt på at miljøkvalitetar i landskapet skal sikrast og utviklast gjennom auka kunnskap og medviten planlegging og arealpolitikk. Område som gror att med skog, må skjøttast, både med tanke på næringsbruk og rekreasjonsverdi. Endringsprosessane i landskapet vil bety mykje for framtidig næringsutvikling og busetjing. Landskapet er mellom anna ein sentral faktor i reiselivsutviklinga innanfor og nær nasjonalparkane og i natur- og kulturbasert reiseliv elles, jf. også kapitla 5.4 og 5.5.

Den europeiske landskapskonvensjonen tok til å gjelde frå 2004. Konvensjonen skal fremme vern, forvaltning og planlegging av landskap og organisere europeisk samarbeid om dette. Konvensjonen omfattar alt landskap, også by- og tettstadslandskap. Miljøverndepartementet samarbeider med Landbruks- og matdepartementet om eigne program som skal følgje utviklinga i kulturlandskap i jordbruket innanfor arealstruktur, biologisk mangfald, kulturminne og tilgjengelegheit.

2.4 Redusere avstandsulempene gjennom effektive samferdselsløysingar

Ei hovudoppgåve for regjeringa er å føre ein samferdselspolitikk som sikrar trygge og effektive samferdselsløysingar for folk og næringsliv i heile landet. Ein godt utbygd og vedlikehalden samferdselsinfrastruktur med gode og landsomfattande tilbod av transport-, post- og teletenester er viktig for folks velferd, verdiskaping og konkurranseevne for næringslivet. Skal folk oppleve ein reell fridom til å busetje seg der dei ønskjer, må dei også ha tilgang til god transport, breiband og mobildekning. Særleg unge menneske opplever dette som grunnleggjande tenester. Store delar av norsk næringsliv er transport­krevjande og har som følgje av store avstandar og stadvis dårleg standard på vegnettet, store transportkostnader samanlikna med andre land.

Utbygging og drift av infrastruktur og samferdselstenester er ei særleg utfordring i eit langstrakt land med relativt få innbyggjarar og store avstandar mellom landsdelar og befolkningssenter. Regjeringa legg stor vekt på å redusere avstandsulempene og sikre eit likeverdig samferdselstilbod i alle delar av landet, tilpassa behov og utfordringar. Regjeringa legg også vekt på at befolkning og næringsliv i område med lågt folketal og små marknader ikkje må betale meir for marknadsbaserte samferdselsløysingar enn i meir folketette område med større marknader. Regjeringa ønskjer å styrkje satsinga på samferdsel monaleg i inneverande stortingsperiode for å nå desse måla.

2.4.1 Betre transporttilbod som grunnlag for busetjing og næringsutvikling

Styrking av vegnettet

Regjeringa meiner at godt utbygde vegar er nødvendig for å oppretthalde strukturen i busetnaden og redusere avstandsulemper for næringslivet. I bynære område ligg det ei særleg utfordring i å sikre eit tilfredsstillande kollektivtilbod. I område der kollektivtrafikken ikkje utgjer eit reelt transportalternativ, ligg utfordringa særleg i å sikre utbygging av eit godt vegnett og redusere flaskehalsar i transportsystemet.

Regjeringa legg vekt på at vegutbygginga mellom senter og mellom senter og omland skal medverke til regionforstørring, for å utvide og styrkje lokale arbeidsmarknader og tilgang på tenester for befolkning og næringsliv. Ein reduksjon av avstandskostnadene vil også kunne få landsdelane til å fungere betre som ei eining.

Regjeringa legg opp til å styrkje innsatsen i transportinfrastrukturen i statsbudsjetta i åra framover.

Reduserte ferjeprisar og forsøk med gratis riksveg- og fylkesvegferjer

Regjeringa ser på riksvegferjene som ein del av vegnettet og ønskjer å redusere utgiftene for dei som nyttar desse.

Regjeringa vil i tråd med Soria Moria-erklæringa vurdere å betre gjeldande rabattordningar. I statsbudsjettet for 2006 blei det etter forslag frå regjeringa vedteke å redusere ferjeprisane ved å auke rabattane for sonekort for køyretøy med 40 klipp og verdikort ved elektronisk billettering. Regjeringa vil arbeide vidare med spørsmålet om å auke rabattsatsen ytterlegare.

Samferdselsdepartementet har sett i gang ei utgreiing for å sjå nærmare på ulike modellar med gratis ferjer i riksveg- og fylkesvegsamband, og korleis forsøk med gratis ferjer eventuelt bør bli innretta. Utgreiinga skal etter planen vere sluttførd i 2006. Regjeringa vil på grunnlag av denne utgreiinga vurdere konkrete tiltak i komande budsjett.

Auka satsing på rassikring

Ras og rasfare utgjer først og fremst eit tryggleiksproblem for dei som dagleg bruker transport som passerer rasutsette strekningar. I tillegg vil ras kunne vere eit problem for næringslivet i rasutsette område som baserer verksemda si på transport over land og som derfor er avhengig av gode og pålitelege kommunikasjonar. For regjeringa er derfor rassikring særleg viktig i eit distriktspolitisk perspektiv og vil blitt gitt høg prioritet.

Taxi for buss

Den lokale kollektivtransporten er fylkeskommunane sitt ansvar. Dei siste åra har etterspurnaden etter kollektivtransport gått ned utanfor dei største byane. Mange stader har den fallande etterspurnaden blitt møtt offensivt med utvikling av nye, alternative kollektivtilbod, som tenester med bestillingsbuss, «Heim for ein 50-lapp» og anropsstyrt trafikk og tilbringartransport med drosje som supplement til den vanlege kollektivtransporten. Samferdselsdepartementet er i ferd med å kartleggje dette tilbodet. Ein styrkt kommuneøkonomi vil gjere fylkeskommunane betre i stand til å auke omfanget av slike ordningar og sikre eit godt kollektivtilbod også utanfor dei største byane.

Auka satsing på sykkelvegar

Regjeringa vil i tråd med Soria Moria-erklæringa auke satsinga på sykkelvegar. Dette blir gjort for å betre trafikksituasjonen og tryggleiken for syklistane. I samband med NTP 2006–2015 blei det utarbeidd ein nasjonal sykkelstrategi som mellom anna hadde som mål at det skal bli tryggare og meir attraktivt å sykle. Regjeringa vil følgje opp dette og har gitt Statens vegvesen eit særskilt ansvar for å initiere og koordinere arbeidet for auka sykkelbruk. Ein sterkare sykkelinnsats må planleggjast og gjennomførast i eit nært samarbeid mellom Statens vegvesen, kommunane og fylkeskommunane.

Reduserte skilnader i drivstoffprisar

Soria Moria-erklæringa peikar på behovet for å medverke til å redusere skilnadene i drivstoffprisar i heile landet ved å gjeninnføre ei fraktutjamningsordning. Regjeringa vil vurdere dette spørsmålet nærmare i lys av erfaringar med tidlegare fraktutjamningsordningar, og også vurdere om det finst andre måtar å medverke til reduserte skilnader i drivstoffprisane på. På bakgrunn av ei slik vurdering vil regjeringa kome tilbake til spørsmålet om gjeninnføring seinare i perioden.

Eit sikkert og godt flyrutetilbod i alle delar av landet

Regjeringa vil i tråd med Soria Moria-erklæringa føre ein samferdselspolitikk som sikrar eit tidsmessig flytilbod i alle delar av landet.

Både dei større lufthamnene og dei regionale lufthamnene, i hovudsak kortbaneflyplassane, er ein viktig del av infrastrukturen i landet. Regjeringa vil oppretthalde dagens flyplasstruktur så sant det ikkje er eit uttrykt ønske lokalt om å leggje ned ein flyplass. Vidare skal ordninga med at overskotsflyplassar betaler for dei ulønnsame flyplassane vidareførast. Eit forslag til revidert forskrift om utforming av store flyplassar skjerpar krava til tryggingsområda rundt rullebanene. Formålet er å hindre tap av menneskeliv dersom eit fly sklir av rullebana. Krava kan bli særleg utfordrande å gjennomføre på kortbaneflyplassane. Regjeringa vil på ein eigna måte kome attende til Stortinget med ei vurdering av konsekvensane av krava.

For store delar av Distrikts-Noreg er flyrutene eit kollektivt transporttilbod som er avgjerande for at næringslivet og offentleg sektor skal fungere. Eit godt flyrutetilbod er også viktig for at ei distriktsnæring som turismen skal få utvikle seg vidare. Regjeringa vil vidareføre ordninga med at staten kjøper flyruter på dei regionale lufthamnene. I framtidige kjøpsrundar vil regjeringa sørgje for eit godt rutetilbod og vurdere å leggje til rette for å redusere billettprisar til passasjerane. Neste kjøpsrunde omfattar Nord-Troms og Finnmark, der nye kontraktar etter planen skal ta til å gjelde frå 1. april 2007.

Sikker og effektiv transport langs kysten

Regjeringa legg vekt på å følgje opp måla i Soria Moria-erklæringa om å leggje til rette for sikker og effektiv transport langs kysten og om opprusting av hamnene for å leggje til rette for overføring av gods frå veg til sjø. Konkretiseringa av desse måla vil primært skje gjennom arbeidet med Nasjonal transportplan og dei årlege budsjettprosessane. Rammevilkåra for hamnene er elles til vurdering i samband med den pågåande revisjonen av lova om hamner og farvatn. Det er òg sett i gang arbeid med å utvikle stamnettet for sjøtransport og å vurdere avgiftene i sjøtransporten.

Den venta auken i transport av olje og gass frå Barentshavet og Nordvest-Russland gir utfordringar knytte til sikker transport langs norskekysten. Det gir også potensial for utvikling av strategisk viktige hamner langs kysten i den såkalla Nordleg maritime korridor, som kan bli ein del av EUs system for ­Motorways of the Seas. Regjeringa vil følgje utviklinga i transporten nøye, både for å sikre tryggleiken og medverke til utnytting av nye potensial.

Ny nasjonal transportplan

Regjeringa vil ved årsskiftet 2008/2009 leggje fram ei stortingsmelding om nasjonal transportplan (NTP) for perioden 2010–2019. Meldinga skal leggje grunnlaget for heilskaplege politiske prioriteringar, effektiv verkemiddelbruk og styrking av samspelet mellom ulike transportformer, for å medverke til gode transportløysingar i alle delar av landet. Regjeringa legg vekt på at omsynet til distrikts- og regionalpolitiske mål skal vere ein sentral del av transportplanarbeidet, med vekt på å redusere avstandsulemper, fjerne flaskehalsar og knytte arbeidsmarknader nærmare saman.

Regjeringa vil i arbeidet med ny NTP mellom anna fokusere på ei meir offensiv satsing på riksvegnettet utanom stamvegnettet og ei auka satsing på rassikring. Samferdselsdepartementet legg stor vekt på medverknad frå fylkeskommunar og storbyar for å få til gode og heilskaplege transportløysingar på tvers av forvaltningsnivåa. Det vil i større grad enn før bli lagt opp til å utnytte tidlegare arbeid i den komande prosessen, mellom anna fylkes(del)planar og eksisterande strategiske analysar på fylkesnivå. Det blir også lagt opp til å styrkje den politiske dialogen mellom departementa og fylkeskommunar/storbyar.

2.4.2 Sikre digital allemannsrett innan 2007

Regjeringa vil i tråd med Soria Moria-erklæringa medverke til at heile landet skal ha tilbod om å bli knytt til høghastigheitsnett innan utgangen av 2007. Det skal ikkje vere urimelege geografiske prisskilnader ved å knyte seg til breibandsnettet. Det offentlege skal gå inn med midlar for å medverke til å realisere utbygging i område der det kommersielt ikkje let seg gjere.

Noreg har eit godt utgangspunkt for ei vidare satsing på breiband og digital allemannsrett. Tal viser at 91 prosent av norske husstandar hadde høve til å få breiband ved utgangen av 2005. Alle kommunar har breiband, og alle fylke har ei estimert dekning på over 80 prosent av husstandane. I 2006 vil truleg opp til 95 prosent av husstandane ha tilbod om breiband til marknadsvilkår. Oslo er den kommunen med flest husstandar utan breiband. Dei 5 prosentane av husstandane som venteleg ikkje vil ha breibandsdekning ved utgangen av 2006, er spreidde over heile landet.

I arbeidet med å følgje opp måla for digital allemannsrett er det viktig at eventuelle tiltak blir avgrensa til dei områda som ikkje har eller kan få ei kommersiell utbygging. Den norske marknaden for breiband fungerer godt, og dei private utbyggjarane, kommunar og lokallag legg ned store summar i utbygging. Staten bør ikkje gripe inn i eksisterande marknadsmodellar. Ei forventning om bruk av store statlege midlar vil redusere utbyggjarane og kommunane sine insentiv til å investere eigne midlar i infrastruktur. Dette vil igjen føre til at staten må ta ein større del av utbygginga enn nødvendig.

Ei tverrdepartemental arbeidsgruppe arbeider med å konkretisere ulike modellar for korleis statlege tiltak for infrastrukturdekning kan skje, knytte både til aksess- og transportnett. Regjeringa legg i dette arbeidet vekt på at utbygginga skal vere både framtidsretta og skalerbar. Staten bør fremme ein teknologinøytral politikk. Det bør også leggjast til grunn ei tilnærming for å nå dei siste husstandane som i minst mogleg grad reduserer den marknadsdrivne utbygginga. Regjeringa vil kome nærmare tilbake til konkrete løysingar på desse spørsmåla i dei årlege budsjetta.

Boks 2.3 Utbygging av breiband gjennom regionale aktørar

Mange aktørar medverkar til utbygging av breiband i område der tilbodet gjennom marknaden ikkje er godt nok. Det gjeld både kommunar, fylkeskommunar og staten, og offentleg eigde verksemder som regionale energiselskap.

I Troms har fylkeskommunen og kommunane gått saman og etablert Bredbåndsfylket Troms. Selskapet er organisert som eit aksjeselskap der kommunane i Troms og Troms fylkeskommune står som eigarar. Bakgrunnen for denne store regionale satsinga var at Troms blei hengande etter i utviklinga av breibandsutbygginga, der nasjonale operatørar, kraftselskap og andre moglege utbyggjarar ikkje såg seg tente med å gjere større investeringar. Eit samstemt fylkesting og alle kommunane blei derfor med i satsinga i 2003. Sidan oppstarten av prosjektet i 2003 har 90 prosent av den planlagde infrastrukturen kome på plass, og det er samla gjort investeringar på om lag 250 mill. kroner. I tillegg er det sett i gang prosjekt mot tilstøytande geografiske område som nordre Nordland og Norrbotten i Sverige. Det er også gjennomført utbygging i vestre del av Finnmark inkludert Alta og Hammerfest. Stamnettet er i dag knytt til alle kommunane i Troms, fylkeskommunale institusjonar, dei fleste grunnskolar, lokale aksessleverandørar og store nasjonale aktørar som Statnett, helseføretaka med fleire.

Nord-Trøndelag Elektrisitetsverk (NTE) legg opp til å investere mellom 50–80 mill. kroner til utbygging av breiband i Nord-Trøndelag. Dette vil innebere at nær 100 prosent av husstandane vil få tilgang på breiband innan utgangen av 2007. NTE legg opp til eit tett samarbeid med kommunar, bedrifter, idrettslag, velforeiningar, bygdelag og andre naturlege samarbeidspartnarar i utbyggjingsarbeidet.

2.4.3 God mobildekning og digitalt bakkenett for fjernsyn i heile landet

Betre mobildekning gjennom utbygging av mobilnettet

Regjeringa har som mål å leggje til rette for utbygging av mobilnettet i dei områda der dekninga er for dårleg i dag.

Vanleg mobiltelefoni i Telenors nett (GSM-dekninga) dekkjer 99,8 prosent av befolkninga der dei bur. Dette dekkjer om lag 84 prosent av landarealet i Noreg. NetCom dekkjer 98,5 prosent av befolkninga der dei bur, og om lag 70 prosent av landarealet. For dei om lag 0,2 prosent av befolkninga som ikkje har mobildekning der dei bur, vil Samferdselsdepartementet vurdere statleg kjøp av tenester for å betre dekninga. Det vil skje på grunnlag av nærmare utgreiingar av moglege løysingar og kostnader.

Mobildekninga er mangelfull langs ein del ferdselsårer og vegar. Pågåande utbyggingar vil hjelpe på noko av dette. Heile stamvegnettet i Noreg vil vere dekt av Telenors mobilnett i 2006, eventuelt noko ut i 2007. I tillegg har Telenor nyleg auka dataoverføringskapasiteten betydeleg i sitt GSM-nett, noko som vil betre dekningstilhøva der det er dekning. Telenor vil også ta i bruk ny teknologi som vil medverke til å dekkje fleire av dei «kvite flekkene» som finst på kartet i dag. Samferdselsdepartementet vil ut frå dette vurdere nærmare behovet for statleg kjøp av tenester for å betre dekninga langs andre viktige ferdselsårer der dekninga i dag er dårleg.

Det vil i praksis ikkje vere mogleg å oppnå 100 prosent GSM-dekning via eit bakkebasert mobilnett i Noreg for dei resterande 10 prosent av landarealet som vil mangle dekning i dei nærmaste åra, også etter innføring av ny teknologi. Hovuddelen av desse områda er aude fjellområde, skogsområde og elvar, ofte i naturvernområde og med ingen eller svært liten og spreidd busetnad. Omsynet til naturvern gjer at det ein del stader ikkje vil vere mogleg å oppføre nødvendig infrastruktur som straum og samband. I tillegg ønskjer ein del grunneigarar å unngå mobilmaster i nærmiljøet sitt.

Utbygging av digitalt bakkenett for fjernsyn

Tilgang på overføring av fjernsynssignal er, saman med tilgang på mobilnett og breiband, ein heilt sentral føresetnad for at folk skal oppleve å ha reell fridom til å busetje seg der dei ønskjer. Regjeringa har tildelt selskapet Norges Televisjon konsesjon til digitalt bakkenett for fjernsyn.

Dekningskrava i konsesjonen er utforma på ein slik måte at denne utbygginga inneber at tilnærma alle får eit digital-tv-tilbod. Det digitale bakkenettet vil ha 95 prosent befolkningsdekning. Éi signalpakke vil bli bygt ut med dekning i dei områda som på grunn av topografiske forhold ikkje blir dekte av satellitt. Saman med dei andre distribusjonsformene for digital-TV eller satellittdistribusjon, breibands- og kabeldekning, gir dette tilnærma 100 prosent samla dekning.

Dette vil bety særleg mykje i område av landet som i dag ikkje kan ta inn andre kanalar enn NRK1. Samferdselsdepartementet vil søkje å leggje til rette for at desse områda blir prioriterte ved utbygging.

2.4.4 Gode posttenester i heile landet

Posttenestene er ei viktig brikke i infrastrukturen for å oppretthalde busetnaden og leggje til rette for næringsliv i heile landet. Den overordna målsetjinga på postområdet er å sikre eit landsdekkjande formidlingstilbod av postsendingar til rimeleg pris og til god kvalitet. Konsesjonen til Posten er det viktigaste styringsverktøyet for å sikre eit godt posttilbod i heile landet. Samferdselsdepartementet har starta arbeidet med ny konsesjon til Posten med sikte på å vedta denne i 2006.

Regjeringa vil sikre kravet om einskapsporto, mellom anna gjennom framleis einerett for Posten. Ein eigen Stortingsproposisjon om dette blei lagd fram i mai 2006.

Etter postdirektivet skal EU-kommisjonen i 2006 vurdere om postmarknaden i Europa skal opnast fullt ut for konkurranse i 2009. For Samferdselsdepartementet vil det vere sentralt at eventuell ytterlegare liberalisering seinare ikkje svekkjer krava til dei leveringspliktige tenestene, og at einskapsportoen kan bli vidareført. Det vil òg vere viktig å sikre at postomdeling framleis skal kunne skje seks dagar i veka. Samferdselsdepartementet har i eit skriftleg innspel til Kommisjonen og i møte med EUs formannskap ytra skepsis til ytterlegare liberalisering av postmarknaden frå 2009. Samferdselsdepartementet vil halde fram med å fremme norske synspunkt overfor EU. Samferdselsdepartementet tek òg sikte på å samarbeide med andre land som er skeptiske til vidare liberalisering av postmarknaden. Samferdselsdepartementet arbeider for å påverke EUs arbeid, slik at eineretten kan oppretthaldast.

Samferdselsdepartementet har på bakgrunn av utviklinga i bruken av grunnleggjande banktenester i Postens nett, starta ei ekstern utgreiing for å vurdere det framtidige behovet for banktenester i Postens ekspedisjonsnett, jf. St.prp. nr. 1 (2005–2006). Deretter vil regjeringa ta stilling til om det er grunnlag for å føreslå endringar i den lovpålagde plikta Posten har om å tilby grunnleggjande banktenester i ekspedisjonsnettet. Regjeringa har som utgangspunkt at folk og næringsliv i heile landet skal vere sikra eit godt tilbod av grunnleggjande banktenester der dei bur.

2.4.5 Nettleiga for straum skal jamnast ut over heile landet

Regjeringa ønskjer i tråd med Soria Moria-erklæringa å medverke til at nettleiga for straum skal bli utjamna over heile landet.

Sidan 2000 har det over budsjettet til Olje- og energidepartementet vore ei statleg ordning for utjamning av nettleiga. Ordninga har som mål å medverke til å redusere skilnadene mellom nettleiga på landsbasis. Ordninga gir ein reduksjon av nettleiga for sluttbrukarar som er tilknytte distribusjonsnett i område av landet med dei høgaste overføringskostnadene. Ordninga blir administrert av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og har låge administrative kostnader. Ordninga er treffsikker og fremmar målet på ein god måte utan å fjerne insentiva til nettselskapa for effektiv drift og låg nettleige.

I 2005 var nettleige for ein hushaldskunde med eit forbruk på 20 000 kWh i året i gjennomsnitt 24,5 øre/kWh eksklusiv forbruksavgift og meirverdiavgift. Lågast nettleige var 16 øre/kWh, medan den høgaste var 37 øre/kWh. Forbruksavgifta utgjer 12,56 øre/kWh (inkl. mva.). Dette gir såleis svært ulike kostnader for hushalda.

Reduksjonen i nettleiga som følgje av den statlege ordninga for utjamning av nettleiga er i gjennomsnitt på 3,9 øre/kWh. I 2006 utgjer løyvinga til saman 30 mill. kroner. I alt 13 nettselskap og om lag 47 000 straumkundar i Buskerud, Hordaland, Møre og Romsdal, Nordland, Rogaland, Sør-Trøndelag og Telemark er omfatta av ordninga.

Olje- og energidepartementet ser på ordninga som viktig for å sikre større geografisk utjamning i nettleiga, og legg opp til å vidareføre gjeldande utjamningsordning. Olje- og energidepartementet vil også vurdere alternative ordningar for utforming av nettleiga som kan medverke til å jamne ut nettleiga.

I tillegg vil regjeringa vidareføre den geografiske differensieringa i avgifter for Nord- Noreg. I Finnmark og Nord-Troms er det fritak for forbruksavgifta, og i dei tre fylka i Nord-Noreg er hushalda fritekne for meirverdiavgift.

2.5 Styrkje kompetansen for folk og næringsliv

Regjeringa legg vekt på å vidareføre eit desentralisert utdanningssystem og leggje til rette for meir og betre forsking i dei norske FoU-miljøa. Universitet, høgskolar og FoU-institutt utgjer saman med vidaregåande skolar ein kunnskapsinfrastruktur som er heilt sentral for nærings- og samfunnsutviklinga i Noreg. Universitet og høgskolar utgjer også viktige delar av arbeidsmarknaden der dei er plasserte, både i storbyområda og i mindre byar og bygdebyar.

Regjeringa legg stor vekt på den rolla dei ulike kunnskaps­miljøa spelar innanfor ein regionalt tilpassa utdannings- og innovasjonspolitikk. Dei skal syte for utdanning og kunnskapsintensiv innovasjon både nasjonalt og regionalt. Regjeringa legg vekt på å utvikle og styrkje utdannings- og forskingsmiljøa i alle delar av landet, og at dette skjer på ein måte som også kan medverke til å utvikle regionale næringsmiljø.

2.5.1 Styrking av universitets- og høgskolesystemet

Regjeringa legg vekt på at systemet av universitet og høgskolar til saman fyller viktige nasjonale oppgåver innanfor utdanning og forsking. Dei er også viktige for tilgang på utdanna arbeidskraft og kompetanse i dei regionane der dei er lokaliserte. Erfaringa med utbygginga av Universitetet i Tromsø og dei regionale høgskolane på 60- og 70-talet viste at utdannings- og forskingspolitikken har viktige regionale verknader. Skilnadene i utdanningsnivå er blitt mindre fordi både ungdom og andre innbyggjarar i alle delar av landet har fått lettare tilgang til høgare utdanning. Regjeringa legg vekt på at denne utviklinga må vidareførast, og at desse verknadene skal utnyttast og styrkjast.

Høgskolane er hjørnesteinar for utdanning og forsking i ulike delar av landet med spesiell vekt på utviklingsbehovet i dei lokalsamfunna og i dei regionane dei er ein del av, og for dei yrka dei utdannar til. Dei er heilt sentrale for å sikre tilgang på kvalifisert personell i samband med satsinga på skole, barnehage og helse- og sosialsektoren. Gode høgskolar er også ein føresetnad for utvikling av kompetanse og nyskaping med utgangspunkt i arbeids- og næringsliv i områda dei er lokaliserte. Denne rolla er ein hovudgrunn for at ein stor del av kapasiteten i høgare utdanning er lagd og skal liggje i områda utanfor storbyregionane. Kunnskapsdepartementet legg stor vekt på at høgskolane samarbeider nært med regionale styresmakter og næringsliv om dette.

I fleire delar av landet samarbeider høgskolar, regionale styresmakter og næringsliv for at den regionale høgskolen skal få universitetsstatus, på linje med etableringa av Universitetet i Stavanger. Kunnskapsdepartementet ser positivt på at høgskolane blir fagleg sterke på ulike fagområde. Samtidig bør ikkje målet om å bli universitet dreie fokus bort frå grunnutdanning, etter- og vidareutdanning og andre primæroppgåver. Smale forskarutdanningsopplegg kan vere sårbare for endringar i rekruttering av både studentar og tilsette. I så fall kan forskarutdanninga gi innbyggjarane eit dårlegare studietilbod og svekkje institusjonane snarare enn å styrkje dei.

Regjeringa meiner det er viktig at dei regionale høgskolane er robuste nok til å evne å omstille seg og til å møte nye krav. Berre da kan dei vere sentrale i arbeidet for regional utvikling, i samarbeid med regionale og lokale aktørar, og slik medverke til å løyse lovpålagde oppgåver som å formidle forskingsresultat og fremme innovasjon og verdiskaping. Det tilseier at dei bør ha stor grad av handlefridom i høve til sentrale styresmakter, slik det også er lagt opp til i finansieringssystemet for universitet og høgskolar frå 2002, og dei fullmaktene dei har gjennom lova om universitet og høgskolar.

Innanfor dagens universitets- og høgskolesystem har storbyregionane, og særleg Osloregionen, ei stor overvekt av studentar i høve til lokalt søkjargrunnlag. Dette påverkar utviklinga i busetjingsmønsteret ved at unge med høgare utdanning ofte slår seg ned der dei tek utdanning, og gir storbyregionane ein ekstra fordel ved direkte økonomiske ringverknader og stor tilgang på utdanna arbeidskraft samanlikna med andre regionar.

Kvalitetsreforma blir no evaluert. I denne prosessen blir også verknadene av finansieringssystemet studert. Stortinget har bede om at resultata av evalueringa blir vurderte og lagde fram for Stortinget.

Regjeringa vil sjå på korleis Kvalitetsreforma og finansieringssystemet påverkar utviklinga i høgskole- og universitetsstrukturen, og om studietilbod og studenttilgang kan bli spreidde betre enn i dag både med omsyn til ringverknader og behova til regionalt samfunns- og næringsliv. I tillegg vil det bli vurdert korleis finansieringssystemet kan medverke til å styrkje koplinga mellom universitet/høgskolar og næringsliv i ulike delar av landet, som del av den tredje oppgåva til universiteta og høgskolane.

2.5.2 Vurdere finansieringssystemet for desentralisert utdanning

Det er eit mål for regjeringa at heile befolkninga skal ha lik sjanse til å ta høgare utdanning. Dette inneber at det i tillegg til det ordinære studietilbodet på lærestadene bør bli gitt tilbod som lettare enn i dag kan nå innbyggjarar i distriktskommunar. Det kan skje gjennom fjernundervisning, kombinert med samlingar, og ved desentraliserte opplegg som kan skifte over tid.

Den resultatbaserte undervisningskomponenten i det nye finansieringssystemet frå 2002 gir institusjonane insentiv til å tilby utdanningstilbod på fleire studiestader for å utvide studentgrunnlaget og på den måten avleggje fleire studiepoeng. Dette har ført til at ei rekkje høgskolar har oppretta desentraliserte tilbod i sin region. Høgskolane har også ei etter måten høg basisløyving samanlikna med universiteta. Dette gjer høgskolane meir robuste overfor svingingar i studenttal enn det universiteta er. Studentar kan også i stor grad følgje undervisningsopplegg og levere oppgåver elektronisk uavhengig av fysisk nærleik til sjølve utdanningsinstitusjonen.

Desentralisert utdanning inneber likevel også ofte meirkostnader for institusjon­ane. Over statsbudsjettet har det derfor over fleire år blitt løyvd midlar til dette formålet. I budsjettet for 2006 blei det løyvd 16,7 mill. kroner. I fordelinga av midlar til institusjonane er det mellom anna lagt vekt på omfanget av desentraliserte og fleksible utdanningstilbod ved kvar enkelt høgskole.

Kunnskapsdepartementet vil i tråd med Soria Moria-erklæringa vurdere korleis finansieringsordninga kan fremme desentralisert høgare utdanning. Dette vil skje på grunnlag av evalueringa av Kvalitetsreforma, jf. kapittel 2.5.1 ovanfor.

2.5.3 Auka satsing på forsking og vidareutvikling av regionale forskingsmiljø

Forsking og kunnskap basert på forsking har alltid vore ei sentral kjelde til økonomisk vekst. Både næringsliv og offentleg sektor har auka behov for kunnskap. Den norske forskingsinnsatsen har auka dei siste åra, men det kjem ikkje til syne i prosentmålet på grunn av sterk auke i nominelt BNP. Regjeringa følgjer opp ambisjonen i forskingsmeldinga om å auke innsatsen til tre prosent (éin prosent offentleg og to prosent privat) av BNP innan 2010. For å sikre verdiskapinga i framtida må særleg næringslivet satse meir på forsking.

Den offentleg finansierte forskinga skal bli styrkt gjennom auka løyvingar til universitet, høgskolar og forskingsinstitutt. I tillegg vil regjeringa satse på tiltak og verkemiddel som meir direkte stimulerer til forskingsinnsats i næringslivet, og vurdere styrking av etablerte verkemiddel, betre innretting av verkemidla eller innføring av nye.

Forsking er viktig for regional utvikling. Det er store regionale skilnader i FoU-innsatsen. Innsatsen er i stor grad knytt til storbyane. Om lag 70 prosent av FoU-aktiviteten skjer i Oslo, Akershus, Hordaland og Sør-Trøndelag og er knytt til institusjonane i storbyregionane. Dersom vi berre ser på FoU-aktivitet i universitets- og høgskolesektoren, er konsentrasjonen enda sterkare. Dei tunge kompetansemiljøa i desse områda spelar viktige roller for utviklinga i nærings- og samfunnslivet i alle delar av landet. Det er viktig å vidareutvikle ordningar som gjer at nytten av denne forskinga kjem ulike delar av landet til gode. Det er også eit mål å få betre geografisk spreiing av både privat og offentleg FoU-aktivitet. Det vil mellom anna bli vurdert tiltak for å stimulere til auka privat forskingsinnsats i område med låg innsats.

Kunnskapsdepartementet finansierer forskingsprosjekt spesielt retta mot statlege høgskolar. Strategiske høgskoleprosjekt skal gi høgskolane sjanse til å byggje opp forsking og forskingskompetanse av høg kvalitet. Fleire departement samarbeider også om å finansiere program som skal stimulere til samarbeid mellom høgskolar og næringslivet. Regjeringa vil vidareføre og styrkje slike forskings- og programsatsingar og legg vekt på at dei skal bli utforma mellom anna for å stimulere til regional utvikling.

Forskingsrådet arbeider med å samordne fleire program og innsatsar retta mot regional FoU og innovasjon i samanheng for å styrke FoU i og for regionane og mobilisere til auka FoU-innsats i næringsliv og forvaltning, jf. omtale i kapittel 4.2. Forskingsrådet er også i gang med å etablere ei samla oversikt over ulike forskingsprogram og -innsatsar retta mot forsking i og om nordområda med sikte på betre samordning. Kunnskapsdepartementet vil vurdere tiltak som kan medverke til å auke forskingsaktiviteten i Nord-Noreg, jf. også omtalen i kapittel 5.6 om Barents 2020.

På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet gjennomfører Forskingsrådet no også ein gjennomgang av finansieringsordninga for heile instituttsektoren. Gjennomgangen skal vere ferdig i 2006. I den samanhengen vil også finansieringa av dei regionale forskingsinstitutta bli vurdert.

Boks 2.4 Regionalt samarbeid om utvikling av forskings- og kompetansemiljø

I mange fylke er sentrale aktørar opptekne av å få til sterke regionale forskingsmiljø og betre koplingar og tettare samarbeid mellom FoU-miljøa og næringslivet. Møre og Romsdal er eit døme på dette.

Utvikling av sterke regionale forskingsmiljø

Møre og Romsdal fylke er oppteke av å medverke til samarbeid og samspel mellom regionale kunnskapsmiljø og offentlege og private aktørar, for å fremme eit meir konkurransedyktig og robust, regionalt forskingsmiljø. Fylket ser på tettare eigarmessig integrasjon mellom høgskolane og Møreforsking som eit viktig grunnlag for å få til dette. Fylkestinget har derfor vedteke å endre organisasjonsstrukturen til Møreforsking frå å vere ei stifting til å bli eit aksjeselskap, der dei tre høgskolane og Møre og Romsdal fylke er aksjonærar. Målsetjinga er at ein slik organisasjonsmodell skal gi ein meir heilskapleg og felles forskingspolicy som grunnlag for ei vidare og meir målretta satsing på dei komparative utviklingsfortrinna i fylket. Fylket vil også tilføre 12 mill. kroner frå sitt kompetansefond til Møreforsking AS for å styrkje prioriterte forskingsområde som er regionalt viktige.

Samarbeid mellom FoU-miljøa og næringslivet

Måla med prosjektet Biotech Møre, som starta i 2002, er å styrkje Møreforsking og Høgskolen i Ålesund som kompetansesenter innanfor marin bioteknologi, og å vidareutvikle samarbeidet med regionalt næringsliv gjennom næringsretta forsking og undervisning. Dei første studentane er allereie tekne opp på bachelorstudium i marin bioteknologi, og det blir arbeidd aktivt med å etablere eit mastergradsstudium ved høgskolen. Eit interessant resultat så langt er forsøk som viser grunnlag for betre økonomi ved samlokalisering av blåskjel- og torskeoppdrett. Eit anna førebels resultat er identifisering av ei næringsklyngje innanfor marine oljar. Aktørane i klyngja meiner det er eit stort potensial for vekst og styrking gjennom samarbeid med FoU-miljøet i Ålesund. Her er det store marknadsmoglegheiter både innanfor legemiddel- og foredlingsindustrien.

2.5.4 Evaluering av Skattefunn

Regjeringa vil vidareføre og evaluere ordninga med Skattefunn der føretak kan få skattefrådrag for kostnader til forsking og utvikling (FoU). Formålet er å stimulere til auka FoU-innsats i næringslivet. Regjeringa er oppteken av at ordninga skal vere mest mogleg tilgjengeleg. Den første vurderinga av prosjektsøknaden blir derfor gjord av lokalkontora til Innovasjon Noreg for å leggje til rette for at føretaka skal ha nærleik og enkel tilgang til ordninga.

Skattefunnordninga er ikkje geografisk differensiert. Ordninga kan likevel ha ulik effekt i ulike delar av landet. Det er kystfylka frå Aust-Agder til Troms som har den største delen av føretaka som har godkjent Skattefunn-prosjekt med aktivitet i 2005. Austlandet og Finnmark ligg derimot under gjennomsnittet. Det viser at dei regionale skilnadene i bruken av Skattefunn ikkje følgjer ein klar distriktsprofil.

Det er sett i gang ei evaluering av ordninga som mellom anna skal omfatte ein analyse av i kva grad ordninga faktisk fører til auka FoU-innsats i bedriftene. I tillegg skal evalueringa sjå Skattefunn i samanheng med andre verkemiddel. Ein delrapport om vurderinga til brukarane viser at Skattfunnordninga er godt kjend. Dessutan blei alle føretaka med Skattefunnsøknad, både dei med godkjend og avslått søknad, spurde om prosjekta ville blitt gjennomførte uavhengig av Skattefunnordninga. Svara viser at dette i stor grad ville ha skjedd. Men frå Nord-Noreg svarte kvart tredje føretak at prosjektet ikkje blir eller blei gjennomført utan støtte, noko som er klart høgare enn for andre regionar. Når relativt mange føretak i Nord-Noreg gir uttrykk for at støtta er avgjerande for gjennomføring av FoU-prosjekt, kan det tyde på at ordninga i dag har større effekt for Nord-Noreg enn resten av landet.

2.6 Gode helsetilbod i alle delar av landet

Regjeringa legg vekt på at helse- og omsorgstenestene i Noreg skal vere desentraliserte, tilgjengelege og av høg kvalitet. I OECD-samanheng er ressursbruken i Noreg no på eit svært høgt nivå, og Noreg er blant dei landa i verda som bruker mest ressursar per innbyggjar til helse- og omsorgstenester. Likevel står det att viktige utfordringar. Til dømes er det behov for ein større heilskap og ei betre samhandling mellom dei mange aktørane og nivåa i helse- og omsorgstenesta.

I tråd med Soria Moria-erklæringa vil regjeringa oppretthalde eit desentralisert sjukehustilbod, som mellom anna sikrar tilgang til naudsynte helsetenester som til dømes fødetilbod. Nærleik til akuttfunksjonar i samspel med prehospitale tenester gjennom fly- og ambulansetenester er grunnleggjande for at folk skal kjenne seg trygge. Velfungerande lokalsjukehus er eit heilt sentralt element i den samla norske helsetenesta, og ingen lokalsjukehus skal leggjast ned. Det blir no arbeidd med å utvikle heilskaplege strategiar for lokalsjukehusa. Den vidare plattforma for utviklinga vil bli presentert i Nasjonal helseplan (2007–2010), som blir lagd fram av regjeringa hausten 2006.

Regjeringa legg vekt på at lokalsjukehusa må ha høg kvalitet for å vere ein attraktiv stad som folk søkjer til, og arbeidet med ei formålstenleg arbeidsdeling mellom sjukehusa skal derfor halde fram.

Det skjer i dag eit viktig arbeid i helseføretaka med å desentralisere spesialisthelsetenester i eit samspel med kommunehelsetenesta, også til stader utan sjukehus. Dette skjer mellom anna gjennom ambulante tilbod og samlokaliserte tilbod med distriktsmedisinske senter, sjukestover og desentraliserte poliklinikkar. Gjennom dette får folk tilgang til viktige spesialisthelsetenester i nærleiken av der dei bur, og dei slepp å reise langt til sjukehusa.

Det er eit mål at helseføretaka utviklar tilgjengelege tilbod av høg kvalitet. Ein annan suksessfaktor er om helseføretaka klarer å utvikle samanhengande behandlingskjeder med andre sjukehus og med førstelinja i helsetenesta. Blant desse suksessfaktorane er høg kvalitet kanskje det aller viktigaste for at lokalsjukehusa framleis skal vere ein attraktiv stad som folk søkjer til.

I Soria Moria-erklæringa vart det lagt vekt på å vidareføre arbeidet med ei betre arbeidsdeling mellom sjukehus, og at betre arbeidsdeling fremmar kvaliteten i pasientbehandlinga. Helse- og omsorgsdepartementet vil utvikle lokalsjukehusfunksjonen, betre kvaliteten i tenesta og få til meir og betre samhandling med førstelinja. Dette er viktige tiltak i ein debatt om lokalsjukehusa sine framtidige funksjonar og vil bli reflekterte i styringskrava som går til regionale helseføretak.

Akuttberedskap består av medisinsk beredskap, kirurgisk beredskap og gode prehospitale tenester. Organiseringa av akuttberedskap må baserast på moderne behandlings- og transportformer, og ein vil arbeide for likeverdig kvalitet på akuttenesta uavhengig av bustad. Helse- og omsorgsdepartementet legg også vekt på at det skal vere ei forsvarleg ambulanseteneste med god kvalitet og kompetanse over heile landet og med god beredskap og forsvarleg responstid ved akutte sjukdommar og ulykker.

2.7 Lokaliseringspolitikk og arbeidet med forvaltningsreforma

2.7.1 Ein aktiv lokaliseringspolitikk

Regjeringa meiner lokalisering av statlege, regionale og kommunale arbeidsplassar bør nyttast aktivt for å tilføre lokalsamfunn og regionar nye utviklingsressursar i form av arbeidsplassar, kompetanse og større fagmiljø. Utviklinga i geografisk fordeling av statlege arbeidsplassar dei siste 20 åra viser ei sentralisering av sysselsetjinga med størst vekst i Osloregionen og i landsdelssentra. Samtidig har talet på arbeidsplassar gått ned i småsenterregionar og i område med spreidd busetnad.

Regjeringa ønskjer å snu denne utviklinga. Dette inneber mellom anna at lokalisering av ny statleg verksemd skal skje utanfor Oslo, med mindre det ligg føre særskilde grunnar for å lokalisere dei til Oslo. Ved val av lokaliseringsstad vil det bli lagt vekt på at den nye verksemda skal medverke til å styrkje allereie etablerte regionale nærings-, kompetanse- og forvaltningsmiljø eller medverke til å byggje opp nye. Regjeringa vil også vurdere å bruke lokalisering av statlege arbeidsplassar som verkemiddel for å skape vekst og ny optimisme i omstillingsområde der dette er naturleg.

Det er fagdepartementa som i første rekkje har ansvaret for å følgje opp den statlege lokaliseringspolitikken. Kommunal- og regionaldepartementet har eit særskilt samordningsansvar for arbeidet med den regionale fordelinga av statlege tenester og arbeidsplassar, medan Fornyings- og administrasjonsdepartementet har eit særskilt ansvar for organiseringa av den regionale staten. Fornyings- og administrasjonsdepartementet har også det overordna ansvaret for den statlege personalpolitikken og for at endringsprosessar skjer på ein slik måte at dei tek omsyn både til staten sitt krav til effektivisering og arbeidstakarane sitt behov for tryggleik.

Gode lokale og regionale offentlege tenestetilbod er ein vesentleg føresetnad for å halde oppe eit desentralisert busetjingsmønster. Statlege verksemder er også viktige som grunnlag for tilbod om arbeidsplassar i den lokale arbeidsmarknaden. Kommunal- og regionaldepartementet og Fornyings- og administrasjonsdepartementet skal derfor informerast om planlagde og pågåande endringsprosessar i høve til den regionale statsforvaltninga, slik at ein kan få ei brei vurdering av aktuelle lokaliseringsspørsmål i lys av distrikts- og regionalpolitiske mål og utfordringar.

2.7.2 Evaluering av gjennomførte utflyttingar av statlege verksemder

Regjeringa er oppteken av å auke kunnskapen om effektar av utlokalisering av statlege arbeidsplassar. Rogalandsforsking har i ei tidlegare evaluering vurdert verknader av flytting av statlege verksemder frå Osloområdet. Evalueringa peiker mellom anna på at utlokaliseringane har medverka til å byggje opp kompetente og profesjonelle fagmiljø utanfor hovudstadsregionen. I mange tilfelle løyser dei utflytta verksemdene oppgåvene sine på ein både betre og mindre kostnadskrevjande måte enn før utlokaliseringa. Samtidig har dei regionale effektane vore større enn dei nasjonale fordelingseffektane.

Utflyttinga av åtte tilsyn med nærmare 900 arbeidsplassar frå Oslo er den klart største utflyttinga av statlege arbeidsplassar frå Oslo dei seinare åra. Fornyings- og administrasjonsdepartementet meiner det er viktig å setje i gang breie evalueringar av desse utlokaliseringane for å synleggjere både kostnader og nytteeffektar av utflyttingane, og legg opp til å starte dette evalueringsarbeidet i 2007.

Fleire andre land, mellom anna Storbritannia og Sverige, har lang erfaring i å lokalisere statlege verksemder utanfor dei største pressområda. Dette har skjedd både ved utflytting av eksisterande verksemder og ved lokalisering av ny verksemd. Storbritannia har planar om å flytte ut 20 000 statlege arbeidsplassar frå London innan 2010. Kommunal- og regionaldepartementet vil sjå nærmare på kva for erfaringar andre land har med utflyttingar av statlege arbeidsplassar, og om nokre av desse erfaringane kan overførast til Noreg.

2.7.3 Organiseringa av regional statleg forvaltning

Den regionale statsforvaltninga utgjer om lag 40 ulike verksemder som har oppgåver innanfor ein avgrensa del av landet, over kommunenivå. Dei seinare åra har den statlege regionforvaltninga vore gjennom omfattande endringar. Utviklinga har ikkje berre vore kjenneteikna av tiltak for å samordne regional statsforvaltning gjennom å integrere statsetatane i fylkesmannsembeta, men også av auka fragmentering. Dette kjem til uttrykk ved at ei rekkje statlege etatar har endra den geografiske administrative inndelinga. Heile 29 verksemder har endra organisering på regionalt nivå sidan 1997. Medan fylket tidlegare var den dominerande inndelingsmåten, er det i dag berre 7 av dei 40 verksemdene som har regionar som er samanfallande med fylkesgrensene. Talet på regioneiningar varierer frå 2 til 17, men dei fleste er inndelte i 5 eller 6 regionar.

Bakgrunnen for at det har vore særskilt mange inndelingsreformer dei seinare åra, må sjåast i samanheng med dei generelle endringane i styrings- og organisasjonsformer i staten i den same perioden. Den direkte politiske styringa og dermed høve til å koordinere mellom ulike sektorar har blitt redusert. Mål- og resultatstyring og auka delegering inneber at kvar sektor har fått større fridom til å velje den organiseringa som er mest tenleg ut frå oppgåveløysinga på eige område. Samtidig har etablering av selskap, stiftingar og andre sjølvstendige organisasjonsformer endra vilkåra for demokratisk styring på desse områda ved at det ikkje lenger er ei ubroten styringslinje. Endra statlege organisasjonsformer har også gjort forvaltningsstrukturen regionalt meir kompleks. Det er ei aukande forståing for at denne liberale styringsfilosofien inneber utfordringar i høve til å koordinere og samordne ulike sektorområde. Ikkje minst gjeld dette på det regionale nivået, der utfordringane med samordning er særleg store.

Ei undersøking som Statskonsult gjennomførte i 2004, indikerer at både fylkesmennene, fylkeskommunane, kommunane, innbyggjarar og næringslivet opplevde at den differensierte inndelinga av statleg verksemd dels skaper utfordringar og dels direkte problem. Fornyings- og administrasjonsdepartementet har derfor fått gjennomført ei undersøking i regi av Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR) som skal tydeleggjere kva samordningsproblem som den fragmenterte inndelinga eventuelt gir. Undersøkinga har særleg lagt vekt på å vurdere konsekvensar av samarbeid og kontakt mellom kommunane og regional statsforvaltning, samarbeid og kontakt mellom regional stat og fylkeskommunane og kontakt mellom statlege styresmakter regionalt og publikum/næringsliv/frivillige organisasjonar.

På bakgrunn av resultata frå undersøkinga vil Fornyings- og administrasjonsdepartementet sjå nærmare på moglege løysingar og tiltak, som samordningsmekanismar på ulike nivå, for å redusere eventuelle problem som følgje av ulik organisering regionalt. Undersøkinga vil også bli nytta i arbeidet med stortingsmeldinga om forvaltningsreforma hausten 2006.

Stortingsmeldinga om forvaltningsreforma vil sjå på oppgåvedelinga mellom dei ulike forvaltningsnivåa. Dette vil danne grunnlaget for den vidare vurderinga av inndelinga av regional stat og ei omorganisering av fylkesmannsembeta. Regjeringa legg vekt på å ha ein brei, open og inkluderande prosess i samband med endringar som følgjer av forvaltningsreforma, ikkje minst overfor alle verksemder og tenestemenn som blir omfatta av reforma.

Sjølv om arbeidet med forvaltningsreforma er viktig, kan dette likevel ikkje binde opp alt anna fornyingsarbeid i statleg forvaltning som kan få konsekvensar for den regionale organiseringa. På denne bakgrunnen legg Regjeringa derfor ikkje opp til å innføre ein generell og mellombels stans i regionaliseringsprosessane i statleg sektor. Regjeringa vil likevel vurdere nøye kvart enkelt forslag til endringar av regional organisering i høve til arbeidet med og innretninga av forvaltningsreforma.

2.8 Samfunnsplanlegging for samordning og differensiert politikk

2.8.1 Endringar i plan- og bygningslova

Lokal og regional planlegging er ein viktig føresetnad for å føre ein velfungerande distrikts- og regionalpolitikk. Det er derfor viktig å styrkje planlegging som politisk verktøy. Det er vanskeleg å få til ei ønskt og bevisst utvikling utan planlegging og målmedviten styring.

Planlegging etter plan- og bygningslova skjer i opne, demokratiske prosessar. Miljøverndepartementet ønskjer å medverke til auka og betre plankompetanse i kommunar og fylke/regionar, for at den lokale og regionale planlegginga skal fungere godt som reiskap for å setje i verk lokal, regional og nasjonal politikk.

Miljøverndepartementet arbeider med endringar i plan- og bygningslova som vil innebere nye retningslinjer for lokal og regional planlegging. Plansystemet skal spegle det nasjonale styringssystemet, og lovarbeidet skjer parallelt med arbeidet med forvaltningsreforma. Miljøverndepartementet tek sikte på at lovforslaget vil vere klart til behandling i Stortinget i 2007.

Viktige tema som det er aktuelt å vurdere i lovarbeidet, er:

  • Rammer for regional planlegging, med vekt på å sikre tidleg ope samarbeid og forpliktande med­verknad frå kommunane og staten i utforminga og gjennomføringa av politikken som blir lagd i planane.

  • Prosedyrar for å avklare usemje i vesentlege spørsmål mellom regionale planstyresmakter og statlege interesser, også spørsmålet om sentral godkjenning av planar.

  • Korleis statlege interesser og verkemiddel kan bli utvikla i eit meir forpliktande og betre organisert samarbeid med andre aktørar gjennom lokal og regional planlegging.

2.8.2 Planar for regional utvikling

Regjeringa ser på regional planlegging som eit viktig verkemiddel for regional utvikling og som ein viktig føresetnad for å føre ein velfungerande distrikts- og regionalpolitikk. Miljøverndepartementet ønskjer at staten i samarbeid med ulike aktørar som fylkeskommunane, regionale statlege etatar, kommunane og næringsorganisasjonar skal medverke meir aktivt i oppstart, metodeutvikling og opplegg for fylkesdelplanar/regionale utviklingsplanar og program innanfor ramma av plan- og bygningslova. Planane og programma skal avklare den overordna strukturen eller nettverket av byar og tettstader i regionen, infrastruktur, LNF-område, vassforvaltning og verdfulle kulturlandskap og kan omfatte fleire fylke. Planane vil vere ein viktig reiskap i å profilere og utvikle regionen innanfor næringsverksemd, kultur- og stadutvikling og landskapsvern. Dei strategiane som blir trekte opp i regionale utviklingsplanar, vil vere viktige innspel til nasjonale transportplanar og vurdering av behovet for investeringar i infrastrukturen, for lokalisering av større verksemder og for kommuneplanar.

Det vil mellom anna vere aktuelt å utarbeide regionale planar for:

  • Dei nasjonale villreinområda . Slike planar skal avgrense leveområda til villreinen i høve til ferdsel, kulturminne, hytter, næringsutvikling og busetnad i og utanfor desse leveområda.

  • Småkraftverk . Slike planar skal leggje til rette for utbygging av miljøvennleg småkraft gjennom å styrkje vurderingsgrunnlaget og få fram til konsesjonsbehandling dei prosjekta som i minst mogleg grad er i konflikt med miljø og andre samfunnsinteresser. Planane skal innehalde kartlegging og systematisering av miljøverdiar og inngå i grunnlaget for konsesjonsbehandling.

  • Vindkraft . Slike planar skal leggje til rette for utbygging av miljøvennleg vindkraft gjennom å styrkje vurderingsgrunnlaget og få fram til konsesjonsbehandling dei prosjekta som i minst mogleg grad er i konflikt med miljø og andre samfunnsinteresser. Planane skal inngå i grunnlaget for behandling av konsesjons­søknad og reguleringsplanar for tiltaka.

  • Areal og transport . Slike planar skal leggje langsiktige rammer for investeringar i infrastrukturen, klargjere utbyggingspotensial for bustad- og nærings­utviklinga innanfor byggjesona, vurdere kollektivtrafikktilbodet og sjå nærmare på grensa mellom landskap og busetnad.

  • Planar for forvaltning av vassressursar . Slike planar skal følgje opp EUs rammedirektiv for vatn.

2.8.3 Ein differensiert arealpolitikk

Regjeringa legg vekt på at rammene for bruk og vern av areal og arealressursar blir tilpassa utfordringane i ulike delar av landet. Distriktskommisjonen rår til at det blir lagt til rette for regionale tilpassingar og prioriteringar innanfor arealvern og bruk av arealressursar. Dette er knytt til utforming og praktisering av både plan- og bygningslova og av statlege retningslinjer og føringar for gjennomføring av nasjonal politikk på ulike område.

Planlovutvalet legg opp til at lovverket bør vere det same for heile landet, men samtidig ope og rammeprega, med rom for regionale skilnader. I oppfølginga av arbeidet i planlovutvalet vil Miljøverndepartementet vurdere korleis utforminga av lov- og regelverket i plan- og bygningslova kan medverke til å sikre behovet for ein geografisk differensiert politikk.

Regjeringa legg vekt på at statlege retningslinjer for å gjennomføre nasjonal politikk blir utforma og praktisert på ein måte som er tilpassa geografiske variasjonar i utfordringar i høve til dei nasjonale måla.

Eit døme på dette er forvaltninga av strandsona. Regjeringa går inn for å stanse nedbygginga av strandsona. Det blir lagt opp til ei sterkare geografisk differensiering i retningslinjene, der vernet er strengare i område med sterk konkurranse om strandsona enn i område med lite press. Retningslinjene skal konkretiserast gjennom utarbeiding av planar.

God plass og store areal er eitt av konkurransefortrinna som distriktskommunane har når dei vil auke busetjinga, jf. også døma i kapittel 2.3.3. Ein meir differensiert arealpolitikk kan gjere det lettare for distriktskommunar å leggje ut store attraktive bustadtomter og relativt spreidd bustadbygging i område med lite utbyggingspress eller å leggje ut område for til dømes rural reiselivsnæring. Føresetnaden er at avgrensingane skjer gjennom kommuneplanprosessar som byggjer på kunnskap om verdiar og interesser i området. Regjeringa vil aktivt arbeide for å få til ein slik geografisk differensiert arealpolitikk.

NIBR arbeider med å sjå på om rurale bustadtomter påverkar befolkningsstrukturen i distriktskommunar i pendlingsomlandet til store bysenter. Prosjektet har fokus på korleis ulike rurale bustadstrategiar påverkar flyttinga til kommunane, og korleis plansystemet fungerer når kommunane ønskjer å utvikle ein rural bustad- og arealpolitikk. Prosjektet blei starta i 2005 og blir avslutta i 2007.

Fotnotar

1.

Norsk Monitor 2005/2006. Talet er ei utrekning med utgangspunkt i svar frå eit landsrepresentativt utval på 3 849 personar over 15 år.

Til forsida