St.meld. nr. 21 (2005-2006)

Hjarte for heile landet Om distrikts- og regionalpolitikken

Til innhaldsliste

8 Økonomiske og administrative konsekvensar

Oppfølging av tiltaka som blir varsla i distrikts- og regionalmeldinga, vil innebere auka løyvingar i stortingsperioden. Eventuell iverksetjing og omfang av tiltak som er omtalte i meldinga, og dermed omfanget av løyvingar til distrikts- og regionalpolitikken, vil bli vurdert i komande statsbudsjett. Endringar i retningslinjene for bruken av midlane til regional utvikling som blir desentraliserte frå Kommunal- og regionaldepartementet til fylkeskommunane, vil vere ei administrativ forenkling for fylkeskommunane i bruken av midlane og medverke til ein meir effektiv bruk av midlane i høve til lokale utfordringar.

Til forsida