St.meld. nr. 22 (2004-2005)

Kultur og næring

Til innhaldsliste

Del 2
Nærare om nokre kulturnæringar

4 Næringsaspekt ved kunstnarisk verksemd

4.1 Innleiing

Dette kapitlet rettar blikket mot nokre utfordringar for kunstnarane, særleg sett i eit næringsperspektiv. Kapitlet tek sikte på å drøfte nokre generelle og overordna utviklingstrekk for kunstnarane og dei ulike kunstfelta. Meir spesifikke spørsmål om rammevilkår og verkemiddel innanfor dei einskilde kulturnæringane, vert drøfta i seinare kapittel.

Behovet for tverrfagleg og tverrsektoriell kunnskap er eit sentralt trekk ved utviklinga av næringspotensialet i kunstnarisk verksemd. Under avsnittet om utdanning vil ein difor også omtale nokre andre utdanningstypar enn kunstutdanningane.

4.2 Nærare om omgrepet

Til liks med omgrepet kultur er det heller ikkje lett å definere omgrepet kunst . Oppfatninga av kva som er kunst, varierer. Ny teknologi og nye teknikkar er dessutan vesentlege faktorar bak utvidinga av kunstomgrepet. Det vert stadig diskutert kva som kan reknast for å vere kunst, og kva som skil kunst frå handverk, teknikk og underhaldningsindustri.

Det er vanleg å skilje mellom dei profesjonelle kunstnarane og dei som vert rekna for amatørar . I Noreg finst det om lag 20 ulike kunstnarorganisasjonar som organiserer profesjonelle kunstnarar innanfor mange ulike kunstfelt. Kriteria for å verte medlem i kunstnarorganisasjonane er knytte til kunstfagleg utdanning, kunstnarisk arbeid som hovudsysselsetjing, eit visst aktivitetsnivå, det å leve av inntekter frå kunstnarisk arbeid og det å kunne vise til resultat som har kunstnarisk kvalitet. Kvalitetskriteria varierer frå organisasjon til organisasjon.

Dei ulike organisasjonane organiserer kunstnarar innanfor biletkunst, kunsthandverk, kunstnarisk fotografi, grafisk design, illustrasjon, interiørarkitektur, møbeldesign, skjønnlitteratur og skjønnlitterære omsetjingar, scenearbeid av skodespelarar, instruktørar og scenografar, filmarbeid, ballett, koreografi, revy, song, musikkframføring og komposisjon innan ulike sjangrar.

Eit anna vanleg skilje går mellom dei skapande og dei utøvande kunstnarane. Dei skapande kunstnarane, som til dømes biletkunstnarane og forfattarane, produserer verk utan at mottakarane er til stades. Dei utøvande kunstnarane, som skodespelarane og musikarane, vender seg direkte til publikum til dømes frå ei scene, eller via ulike medium som til dømes CD eller film. Dei skapande kunstnarane har tradisjonelt vore sjølvstendig næringsdrivande, medan dei utøvande kunstnarane langt oftare har vore fast tilsette. I dag er ikkje denne samanhengen like klar lenger. I dag er også mange av dei utøvande kunstnarane registrerte som sjølvstendig næringsdrivande.

I takt med at skilnaden mellom skapande og utøvande kunstnarar har minka dei siste åra, har det såleis vakse fram eit nytt hovudskilje i kunstnarstanden, eit skilje mellom frilansarar og fast tilsette kunstnarar . Denne utviklinga er særleg tydeleg på scenekunst- og musikkområdet.

4.3 Grunngjeving for statleg engasjement

Målgruppa for den statlege kunstnarpolitikken er dei profesjonelle kunstnarane.

Som vist i kulturmeldinga er det ei rekkje løyvingar og satsingar over budsjettet til Kultur- og kyrkjedepartementet som verkar direkte inn på arbeidsvilkåra til kunstnarane. Dette omfattar til dømes rammevilkåra til kunst- og kulturinstitusjonane og ymse tiltak på dei ulike kunst- og kulturområda. I tillegg til dette kjem den individretta kunstnarpolitikken, som har vakse fram over lang tid og i nært samarbeid mellom staten og kunstnarorganisasjonane.

Kulturpolitiske mål og verkemiddel

Det er eit sentralt kulturpolitisk mål å fremje eit nyskapande kunstliv ved å styrkje ikkje-institusjonell kunstnarisk aktivitet, likeins å medverke til økonomiske rammevilkår som gjev skapande og utøvande kunstnarar betre armslag for kunstnarisk virke.

Dei viktigaste kunstnarpolitiske verkemidla er stipend- og garantiinntektsordningane og dei kulturpolitisk grunngjevne vederlagsordningane, først og fremst bibliotekvederlag og visingsvederlag og ordninga med stipend basert på gjennomført kunstutdanning. Dei totale løyvingane til kunstnarføremål over kap. 321 i kulturbudsjettet utgjer i 2005 til saman vel 303 mill. kroner.

Dei statlege stipend- og garantiinntektsordningane omfattar arbeidsstipend, arbeidsstipend for yngre/nyetablerte kunstnarar, diverse stipend, som reise- og studiestipend, materialstipend, vikarstipend osv., stipend for eldre fortente kunstnarar og garantiinntekter. Stipenda vert tildelte av Utvalet for statens stipend- og garantiinntekter for kunstnarar etter innstilling frå 24 fagspesifikke innstillingskomitear som er oppnemnde av like mange kunstnarorganisasjonar. Vederlagsmidlane vert utbetalte til særskilde vederlagsfond og fordelte vidare til kunstnarane i form av ulike stipend- og støtteordningar.

I 1998 vart det tidlegare kunstfagstipendet fjerna, og våren 2002 kom eit nytt stipend som byggjer på gjennomført kunstutdanning. Stipendet går til ferdig uteksaminerte kunststudentar frå ei rekkje høgare kunstutdanningsinstitusjonar. Stipendbeløpet er avhengig av lengda på studiet og var i 2003 kr 21 280 per år normert studietid. I 2003 fekk i alt 180 nyutdanna kunstnarar slikt stipend. Ordninga må reknast som eit viktig handslag til nye og uetablerte kunstnarar.

Samla sett har dei kunstnarpolitiske ordningane vore i kraftig vekst dei siste 20–30 åra. Veksten har likevel ikkje vore stor nok til å fange opp den sterke auken i talet på kunstnarar i same periode. I kulturmeldinga er det lagt opp til å auke talet på arbeidsstipend. Samstundes er det gjeve uttrykk for at det ikkje lenger kan vere eit mål at den statlege innsatsen automatisk skal halde tritt med tilveksten av kunstnarar. Kulturmeldinga strekar under behovet for meir fleksible ordningar som er betre tilpassa aktuelle arbeidsformer. Dette kan gjerast ved å slå saman ulike stipendtypar og ikkje minst ved ein reduksjon i talet stipendkomitear. Ordninga med 24 fagspesifikke innstillingskomitear tek ikkje tilstrekkeleg omsyn til at kunstnarar i dag arbeider på tvers av sjangrar og tradisjonelle kunstnariske skiljeliner.

4.4 Nøkkeltal og utviklingtrekk

Talet på kunstnarar

Sidan det er vanskeleg å lage nøyaktige kriterium for kven som skal reknast som kunstnar, er det også vanskeleg å gje eit nøyaktig oversyn over talet på profesjonelle kunstnarar i Noreg.

På midten av 1990-talet var det mellom 6 600 og 7 000 organiserte, yrkesaktive kunstnarar under 70 år. Kulturmeldinga legg til grunn at talet på kunstnarar i Noreg har auka frå om lag 2 300 i 1972 til over 10 000 i dag. Medlemstala i dei ulike kunstnarorganisasjonane tyder på at biletkunstnarane utgjer den største kunstnargruppa, deretter kjem kunstnarar innanfor musikk, scenekunst og film og litteratur.

Same kva for definisjon ein legg til grunn, er det klart at kunstnarstanden har auka sterkt dei siste åra. ØF-rapport nr. 10: 2004 viser at næringsgruppa Utøvande kunst har hatt den største veksten i sysselsette i perioden 1996–2001 samanlikna med dei andre næringsgruppene i kartlegginga. Næringsgruppa Utøvande kunst utgjer om lag 36 pst. av bedriftene i kartlegginga, men har berre i overkant av 12 pst. av talet på sysselsette. 90 pst. av bedriftene er utan tilsette. Gruppa er med andre ord dominert av små verksemder med få eller ingen tilsette, der mange er sjølvstendig næringsdrivande eller frilansarar. Næringsgruppa Utøvande kunst i den nemnde kartlegginga omfattar også kunstnarisk verksemd som i andre samanhengar kan omtalast som skapande kunst.

Kunstnarane og økonomi

Inntekts- og levekårsundersøkinga for kunstnarar (INAS Rapport 96:1) synte at det var store ulikskapar mellom dei ulike kunstartane både med omsyn til økonomi og andre rammevilkår. Det var også skilnader mellom kunstnarane i dei ulike kunstartane, både når det gjaldt arbeidstilhøve, inntekt og karrierevegar. Undersøkinga viste eit stort innslag av låge inntekter innanfor alle kunstartane, men særleg på biletkunstfeltet. Kunstnargrupper som fotografar, forfattarar, dramatikarar, filmarbeidarar, ballettdansarar og koreografar hadde inntekter på eit middelnivå, medan kunstnargrupper som grafiske designarar, illustratørar, omsetjarar, skodespelarar, scenografar, musikarar og komponistar ofte hadde noko høgre inntekter.

Undersøkinga viste dessutan at frilansarar generelt hadde lågare inntekter enn dei fast tilsette, men at det likevel var store individuelle variasjonar både mellom kunstartane, mellom frilansarane og mellom dei fast tilsette. For kunstnarane sett under eitt kom omkring halvparten av inntektene frå kunstnarisk arbeid.

Det er truleg grunnlag for å hevde at dette biletet ikkje er heilt ulikt dagens situasjon. Kunstfeltet er generelt prega av ein blandingsøkonomi, der dei ulike aktørane kombinerer fast og mellombels tilsetjing med prosjekt og ulike deltidsjobbar. Mange er i stor grad avhengige av både offentleg prosjektfinansiering og til ein viss grad private sponsormidlar eller inntekter frå oppdrag til dømes i næringslivet. Mange arbeider også i undervisningssektoren eller i heilt andre yrke.

Kulturmeldinga seier at inntektsgrunnlaget og marknaden for kunstnarane ikkje har vakse like mykje som talet på kunstnarar. Trass i dette er det likevel enkelte utviklingstrekk som kan tyde på at større mangfald i oppdrag har vore med på å betre sjansane for inntening for enkelte grupper av kunstnarane. Dette heng hovudsakleg saman med ein auke i den kommersielle underhaldningsindustrien som særleg har gjeve fleire oppdrag til musikarar og scenekunstnarar. Den store interessa for design og unike kunstprodukt, mellom anna som følgje av betre økonomi, kan også ha skapt ein betre marknad for delar av biletkunst-, kunsthandverk- og designfeltet.

Utviklinga innanfor den prosjektorienterte og ikkje-institusjonaliserte delen av kulturlivet har dei seinare åra særleg kome til uttrykk ved ein markert auke i talet søknader om støtte til ulike prosjekt. Dette gjeld til dømes innanfor dans og annan fri scenekunst, og det varierte musikkensemblefeltet. Ei utfordring i åra framover er å betre vilkåra for kunst- og kulturlivet utanfor dei faste institusjonane. Her er løyvinga til Norsk kulturfond eit sentralt verkemiddel.

ØF-rapport nr 10: 2004 peikar på at næringsgruppa Utøvande kunst i kartlegginga har hatt den største veksten i bruttoproduktet i kulturnæringane med ein auke frå 1,8 milliardar kroner i 1996 til 3,2 milliardar kroner i 2001. Dette kan tyde på ein viss vekst i det som kan kallast kjerneverksemda i kulturnæringane, sjølvstendig kunstnarisk verksemd. Ytterlegare kunnskap om utviklinga vil krevje meir forsking.

4.4.1 Om trygd, dagpengar og forsikring

Ein rapport frå Norsk kulturråd som kom i 1999, Kunstnere og trygd , hentar i stor grad bakgrunnsinformasjon om kunstnarane sine arbeids- og levekår frå kunstnarundersøkinga frå 1993, jf. INAS Rapport 96:1. Her går det fram at enkelte trygdeordningar kan ha utilsikta verknader som er uheldige for visse kunstnargrupper, til dømes dansarar. Dette gjeld særleg i samband med yrkesskadedekning og opptening av fødselspengar. Ein av hovudkonklusjonane i rapporten er likevel at kunstnarar ikkje kjem spesielt dårleg ut i høve til reglane i folketrygda. Problemet for mange kunstnarar er derimot låg inntekt og usikre tilsetjingsvilkår, noko som i liten grad kan avhjelpast gjennom trygdesystemet.

Ei undersøking av levekår og faktisk bruk av sosial- og trygdeordningar blant kunstnarar i Bergen kommune frå 2003 konkluderer med at det ikkje først og fremst er desse ordningane det er noko gale med. Undersøkinga viser også at det er ein klar tendens til at kunstnarar tek anna arbeid for å finansiere kunstnarisk verksemd. Nesten alle seier at dei ville vore kunstnarar på heiltid dersom det hadde vore mogeleg å leve av det.

Frå organisasjonshald er det hevda at for­teneste­marginane for ein del frilanskunstnarar er så låge at det fører til at mange har problem med å teikne gode nok tilleggsforsikringar. Dette inneber at mange vert ramma hardare økonomisk enn andre yrkesgrupper i samband med sjukdom, fødsel og adopsjon.

Eit anna problem som er teke opp frå organisasjonshald, er at skjønsbaserte føresegner vert tolka ulikt avhengig av korleis den enkelte sakshandsamar oppfattar kunstnaren sin arbeidssituasjon. Det vert nemnt som døme at mange ikkje alltid har heilt klart føre seg at ein utøvande kunstnar kan ha kortvarige arbeidsforhold innimellom, men elles vere frilansar etter folketrygdlova og sjølvstendig næringsdrivande.

Det kan sjølvsagt vere grunn til å reise spørsmål om praktiseringa av enkeltføresegner i folketrygdlova. Dessutan er det eit stort behov for informasjon om trygde- og forsikringsordningar for alle som ikkje er fast tilsette. Det er likevel grunn til å tru at dei strukturendringane ein har sett i arbeidsmarknaden for kunstnarar, ikkje først og fremst krev endringar i trygdesystemet. Hovudproblemet for mange frilanskunstnarar synest å vere for låge inntekter og at dei ikkje har nok oppdrag. Låge fortenestemarginar for enkelte frilanskunstnarar tillèt i liten grad at dei teiknar tilleggsforsikringar med tanke på sjukdom, fødsel og til dømes adopsjon. Når pensjonar og trygder er inntektsavhengige, fører det også til låge pensjonar og trygdeutbetalingar.

Mellom anna på grunn av at institusjonar i større grad tilset kunstnarar på tidsavgrensa kontraktar er mange scenekunstnarar og musikarar i dag frilansarar. Mellom oppdrag må mange kunstnarar søkje arbeidsløysetrygd og ta tilfeldige arbeidsoppdrag. Både musikarar, dansarar og skodespelarar er avhengige av å øve dagleg for å ivareta sin kunstnariske kompetanse. Høvet til dette vert redusert når arbeidsdagen går med til ikkje-kunstnarisk arbeid. I 2001 og 2002 mottok om lag 200 dansarar, musikarar og skodespelarar dagpengar. Utbetalte dagpengar var om lag 25 mill. kroner kvart av desse åra.

Sverige har ein parallell sysselsetjingssituasjon for kunstnarar. I 1999 etablerte Sverige Teateralliansen for å «avlasta arbetslöshetskassan og öka frilansande skådespelares trygghet samt öka den konstnärliga friheten.» (Regjeringens proposition 1997/98:87 Konstnärernas villkor). I ei prøveperiode vart tiltaket finansiert med arbeidsmarknadsmidlar. Etter gode røynsler med tiltaket vart det vedteke å etablere Teateralliansen som eit fast tiltak på det svenske Kulturdepartementets budsjett frå 2001, tufta på midlar overførte frå arbeidsmarknadsbudsjettet.

4.4.2 Ein urbanisert kunstnarstand

Som gruppe har kunstnarane ein meir urban og sentralisert busetnadsprofil enn gjennomsnittet. Sterkast kunstnarkonsentrasjon er det i Oslo og særleg gjeld dette for scene- og filmkunstnarar. Totalt sett er nesten halvparten av alle kunstnarane i landet busette i hovudstadsområdet, og åtte av ti kunstnarar bur i det som Statistisk sentralbyrå definerer som sentrale strok. Forsking syner at det er mange faktorar som påverkar både bustadsval og flyttemønster blant kunstnarane. Ein ting er utsiktene til å få arbeid, men også ynsket om å høyre til i eit fagleg miljø slik at ein kan byggje nettverk og få hjelp til strategisk synleggjering er viktige faktorar.

Kulturnæringane er generelt samansette av små enkeltmannsføretak på den eine sida og større, ofte multinasjonale selskap på den andre sida. Ikkje sjeldan lever desse i ein slags symbiose. Store kulturinstitusjonar og kultur- og mediebedrifter er dessutan ofte lokaliserte i bynære område. Dette tilseier at både marknaden og sjansane for oppdrag i stor grad er knytt til dei nettverka som eksisterer i byområde. Kunstfeltet er dessutan i høg grad internasjonalisert. Mange kunstnarar og designarar har etter kvart utdanning frå utanlandske kunstinstitusjonar, og mange vel også å etablere seg eller arbeide utanlands av ulike årsaker.

Det kan synast som konsentrasjonen om Oslo relativt sett har vorte noko mindre etter kvart som talet på kunstnarar har auka. Dette kan henge saman med styrkinga av kunst- og kulturinstitusjonar andre stader i landet. Mange kommunar og fylke ser verdien av å utarbeide strategiar for å gjere det attraktivt for kunstnarane å etablere verksemder lokalt. Mange kommunar og fylkeskommunar har eller planlegg ein aktiv politikk retta mot desse utfordringane.

Denne politikken går i stor grad ut på å byggje opp ein brei, kulturell infrastruktur, men omfattar til dømes også økonomiske stimuleringsmidlar som kunstnarstipend eller etableringsstipend. Andre tiltak kan vere tilbod om infrastruktur som atelier eller annan type arbeidsplass, eventuelt også anna tilrettelegging. Det meir bedriftsretta verkemiddelapparatet kan også spele ei rolle for kunstutdanna som ynskjer å etablere eiga verksemd. Dette kan vere økonomisk støtte, rådgjeving, tilbod om kurs og deltaking i nettverk. For kommunar, fylkeskommunar og kunstnarorganisasjonane er det også ei oppgåve å arbeide opp mot ulike utdannings- og forskingsmiljø for å drøfte oppretting av relevante studietilbod og forskingsprosjekt av relevans for kulturbaserte næringar.

4.4.3 Utdanning, forsking og entreprenørskap

Det er god rekruttering av søkjarar til kunstutdanning både i Noreg og i andre land. Her i landet har det til dømes vore kraftig auke i pågangen på Fakultetet for Scenekunst ved Kunsthøgskolen i Oslo dei siste åra, samstundes som utdanningskapasiteten på skodespelarlinja ikkje er endra.

Mange unge søkjer seg til ulike typar kunstutdanningar i utlandet. Tal frå Statens lånekasse for utdanning viser at i alt 2 336 norske studentar fekk støtte til utdanning innanfor arkitektur, dans/opera, foto/film, kunst/kunsthandverk, musikk og teater i utlandet i studieåret 2003-2004. Særleg populære studieland er Storbritannia, Australia og Danmark. Trass i relativt usikre utsikter til arbeid og inntekt er altså kunstutdanningane og kunstnaryrka likevel svært attraktive blant unge i dag.

Utdannings- og forskingsdepartementet skriv i St.meld. nr. 18 (2001-2002) Kvalitetsreformen – Om høyere kunstutdanning at kunstfaga er spesielle samanlikna med andre fagtilbod ved dei høgare utdanningsinstitusjonane. Kunstfaga set kunstnarisk aktivitet og utvikling i sentrum. Det er eit uttrykt mål at kunsthøgskulane skal utdanne kandidatar som kan stå på eigne bein som utøvande eller skapande kunstnarar.

Kvalitetsreforma i høgare utdanning har som mål å betre både kvalitet og relevans på høgare utdanning og forsking. Som ledd i dette er det difor lagt til rette for tettare oppfølging av studentane, auka internasjonalisering og utvida kontakt mellom utdanningsinstitusjonane og arbeids- og næringslivet. Institusjonane er gjeve større fridom til å tilpasse seg regionale utfordringar og behov og til å organisere oppdrag og aktivitetar ut over det som er dei ordinære forskings- og undervisningsoppgåvene til vedkomande institusjon. Desse prinsippa er det også teke omsyn til i framlegget til ny lov om universitet og høgskular som vart fremja for Stortinget i juni 2004.

Det er utarbeidd eit nytt regelverk som gjer det lettare for institusjonane å samarbeide med andre offentlege og private aktørar og å ta på seg oppdrag. I tillegg er hovudregelen at det er universiteta og høgskulane som sjølve avgjer kva for utdanning dei skal gje tilbod om. Eit nytt finansieringssystem som mellom anna premierer talet på studentar som oppnår godkjende studiepoeng, gjer også sitt til å utvikle studietilbod som er relevante og som kan tiltrekkje seg studentar.

Målet med å gje utdanningsinstitusjonane større fridom er at det på sikt skal utvikle seg eit meir variert studietilbod, og at dette også kan ta opp i seg viktige element som gjeld behova i arbeidslivet. Det er difor viktig at kunst- og kultursektoren maktar å kommunisere kva for kompetansebehov den har, og kva som vil vere viktig for å auke profesjonaliteten og verdiskapinga i verdikjedene til dei ulike næringane.

Saman med Nærings- og handelsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet har Utdannings- og forskingsdepartementet lagt fram ein strategiplan for å styrkje entreprenørskapen på alle nivå i utdanningssektoren. Planen ber namnet Se mulighetene og gjør noe med dem! 2004-2008 . Her vert det peika på at universitet og høgskular med utdanningstilbod innanfor kultur, kunst, design og grafiske uttrykksformer i særleg grad vil kunne spele ei rolle innanfor kulturentreprenørskap, design og formgjeving av produkt.

Mange av institusjonane har sett i gang tiltak for å auke innovasjonstakta og utvikle entreprenørskapen. Fleire har også større forskingsprosjekt retta mot entreprenørskap. Dei fleste av desse tiltaka er ikkje retta mot eit breitt definert kulturfelt.

Samstundes som det er viktig å fange opp lokale behov, må ein vurdere landsdekkjande tiltak og arbeidsfordelinga mellom institusjonane. Universitets- og høgskulerådet er eit forum som kan drøfte utviklinga av studietilbod og samarbeid mellom institusjonane, mellom anna innanfor kultur og næring.

Innanfor kultur- og næringsfeltet kan det vere nødvendig med god evne til innovasjon og omstilling, og tilførsel av ny kunnskap er difor ein føresetnad. Livslang læring omfattar både læring i arbeidsliv og vidareutdanning. Auka vekt på etter- og vidareutdanning innanfor dette perspektivet krev meir brukartilpassa og fleksible utdanningstilbod, gjerne ved hjelp av informasjons- og kommunikasjonsteknologi.

Fleire av kunstinstitusjonane tilbyr profesjonsførebuande kurs. Ved Noregs musikkhøgskole omfattar emnet Musikkformidling også kontakt med arrangørledd, medium og næringsliv. I tillegg er valfaget Hvordan overleve i musikkbransjen? spesielt retta mot dei som førebur seg for eit liv som frilansarar. Det er vidare obligatoriske aktivitetar i alle utøvande mastergradstudium, også i form av eksamensarbeid der studentane på eiga hand må gå ut i marknaden for å skaffe seg oppdrag og gjennomføre dei.

Boks 4.1 Behov for arrangørutdanning

Det er aukande etterspurnad etter arrangør- og tilretteleggjarkompetanse i næringskjeda mellom utøvar/kunstnar og publikum. Dette gjeld både for musikk, scenekunst, biletkunst, arkiv, bibliotek og museum. Etter oppdrag frå Europas Blues Senter har Telemarksforsking-Notodden utarbeidd ein rapport om behovet for arrangørutdanning. Rapporten har gjeve grunnlag for vidare arbeid med arrangørutdanning med støtte frå Norsk kulturråd og regionrådet for Buskerud, Telemark og Vestfold. Prosjektet har som mål å profesjonalisere arrangør- og tilretteleggjarkompetansen gjennom å utvikle ulike utdanningsbehov på høgskulenivå. Tilboda skal vere fleksible både i form og innhald, og skal organiserast slik at det vil vere mogeleg å byggje opp ei bachelorutdanning i «event management»

Entreprenørskap og firmaetablering er lite integrerte i kunstutdanningane. Kvalitative studiar viser at dei norske kunstutdanningane i låg grad førebur unge kunstnarar på ein røyndom der mange av dei må skape sin eigen arbeidsplass, etablere eigne firma, etablere nettverk og drive marknadsføring.

Eit aspekt ved verdisystemet i kunstfeltet gjeld tilhøvet mellom kunst og pengar . Det er hevda at det finst ein grunnleggjande motsetnad mellom kunstnarisk og økonomisk verdi, og at denne motsetnaden gjennomsyrer kunstfeltet. Også det dobbelte i kunstøkonomien er vektlagt, ved at «Anti-market behaviour can be profitable» (Abbing 2000). I første omgang kan dette auke kunstnaren sin symbolske kapital, i neste omgang kanskje også den økonomiske.

Slike verdisett kan påverke interessa for meir næringsretta undervisningstilbod blant unge kunstnarar og fører også til at ein er tilbakehalden med eksplisitt strategiske og systematiske forsøk på å skaffe seg nettverk for å oppnå suksess. Forsking har likevel vist at den asketiske fornektinga av økonomien likevel ikkje er einerådande blant kunststudentane i dag, sjølv om dei aller fleste har individuelle grenser for kor langt dei vil gå når det gjeld kommersialisering.

Mange av høgskulane og universiteta som har gjeve innspel til denne meldinga hevdar at ein kritisk faktor for å skape innovasjon og betre samspelet mellom kultur og næring er evna til å tenkje tverrfagleg og sektorovergripande. Fleire framhevar at ein må prøve å overskride institusjonane sine gamle roller som lærestad. Det er dei siste åra sett i gang fleire tiltak som tek sikte på å styrkje entreprenørskapen og innovasjonsevna også innanfor kultursektoren.

Kunsthøgskolen i Bergen peikar på at for kunstutdanningane kan det vere ei utfordring å finne ein fagleg forsvarleg balanse mellom kultur og næring.

Ein del utdanningsinstitusjonar tilbyr kulturrelaterte fag knytte til lokalmiljøet sitt. Av desse tilboda har fleire integrert entreprenørskap og firmaetablering i studia. Mange av tilboda er tradisjonelt orienterte ved at faga er knytte til kulturhistorie, kultur og innovasjon innanfor til dømes læraryrka. Mange utdanningsinstitusjonar har sett behov for å opprette nye utdanningstilbod i skjeringspunktet mellom kultur og næring, og det vert også planlagt nye fag og tiltak. Fleire universitet og høgskular har dei siste åra kopla næring og kultur meir «innovativt» og eksplisitt.

Boks 4.2 Nye emne i skjeringsfeltet mellom kultur og næring

Universitetet i Stavanger har integrert emnet økonomistyring og marknadsføring i kultursektoren i bachelorstudiet i kunst- og kulturforvaltning. Universitetet framhevar også eit tidlegare årsstudium i nyskaping som no er integrert i bachelorstudiet i økonomisk-administrative fag, og masterstudiet endringsleiing. Universitetet utgreier også eit masterstudium i kunst- og kulturfag ved det samfunnsvitskaplege fakultet. Målet er å gje studentane eit fagleg grunnlag for å arbeide med kunst og kultur i kombinasjon med planlegging, leiing, forvalting og organisering innanfor offentleg og privat verksemd.

Høgskolen i Telemark (HiT) har lenge arbeidd med samanhengane mellom kultur og næring. Tradisjonelt har kulturaktivitetane vore knytt til avdeling for allmenne fag og avdeling for estetiske fag, folkekultur og lærarutdanning. Hausten 2004 starta institutt for økonomi og informatikk eit nytt årsstudium i innovasjon og entreprenørskap. Dette faget er meir næringsretta enn kulturorientert. I tillegg har HiT flere fag som rettar seg inn mot stillingar innanfor kultursektoren, særleg gjeld dette bachelorstudiet i kulturarbeid.

Høgskolen i Lillehammer (HiL) tilbyr bachelorstudium i kulturprosjektleiing. Utdanninga kombinerer kulturfag med økonomi og organisasjonsfag. Bakgrunnen for faget er at stadig fleire kulturaktivitetar vert organiserte som prosjekt. Dette kan gjelde festivalar, utstillingar, teater- og fjernsynsproduksjonar eller utvikling av datapresentasjonar på Internett.

Høgskolen i Oslo (HiO) tilbyr eit bachelorstudium i kunst og design, der økonomi og forretningsdrift inngår i det andre og tredje studieåret.

Handelshøgskolen BI etablerte hausten 2004 eit bachelorstudium i kultur og leiing. Det første året er dominert av økonomiske fag som til dømes bedriftsøkonomisk analyse, mediekunnskap, kommunikasjon og marknadsføringsleiing. I det andre og tredje året er det planlagt at kulturfaga skal kome sterkare inn. Høgskulen vurderer å starte eit kulturstudium på masternivå i samarbeid med handelshøgskulane i Stockholm og København.

Ved Høgskolen i Agder er det etablert eit prosjekt med overskrifta FUNK (forsking, undervisning, næringsliv og kultursektor). FUNK skal drive forsking og utgreiing innanfor emne som til dømes eit kulturfelt i endring, profesjonell administrasjon, økonomistyring og leiarskap i kulturinstitusjonar, nasjonal og internasjonal kulturpolitikk og kulturbasert næringsutvikling.

I kulturmeldinga er det gjort framlegg om at Kultur- og kyrkjedepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet i samarbeid skal setje i gang eit arbeid for å kartleggje behovet for ulike kunstutdanningar, dessutan yrkesaktiviteten til kandidatar med kunstutdanning. Dette vil også omfatte dei som er utdanna i utlandet. Det er grunn til å sjå nærare på den store auken i talet på dei som søkjer seg til kunstnarisk arbeid, for å undersøkje kva dette er uttrykk for og kva konsekvensar det har. Det kan vere grunnlag for å utvide denne kartlegginga til òg å omfatte behovet for utdanning som kombinerer fagleg og næringsretta utdanning, særleg sett i høve til at organiseringa av kunst- og kulturlivet er under endring.

Stipendprogram for kunstnerisk utviklingsarbeid

I innspela til denne meldinga etterlyser fleire utdanningsinstitusjonar ein klarare forskingstradisjon og ei breiare forskingsutvikling innanfor dei praktiske og profesjonsregulerte kulturfaga. I prinsippet skal kunst- og kulturfag gje same rom for forsking innanfor universitets- og høgskulesystemet som andre fag. Men det har vist seg at det er vanskeleg å nå fram i konkurransen om midlar med andre store fagområde. Reine akademiske kriterium for vurdering av søknader til forsking kan verke diskriminerande for visse fag. Dette gjeld særleg for skapande og utøvande kunstfag.

På bakgrunn av dette tok Utdannings- og forskingsdepartementet i budsjettframlegget for 2002 til orde for å opprette eit eige stipendprogram for kunstnarisk utviklingsarbeid. Programmet er vidare omtala i St.meld. nr. 18 (2001-2002) og Innst. S. nr. 214 (2001-2002) Kvalitetsreformen – Om høyere kunstutdanning . Programmet skal vere ein parallell til doktorgradsstudium, men gjennomførast på kunsten sine eigne premissar. Programmet fører ikkje fram til ei grad, men skal likevel gje kompetanse som førsteamanuensis.

Stipendprogram for kunstnarisk utviklingsarbeid starta i 2003. Programmet finansierer treårige stipend i kunstnarisk utviklingsarbeid i skapande eller utøvande kunst. Det er ope for søkjarar frå institusjonar med skapande eller utøvande kunstutdanning, og det er stor pågang. Programmet har ei styringsgruppe, og leiaren i gruppa er utpeika av Norsk kulturråd. Styringsgruppa vurderer og vel ut stipendiatar, gjev råd om relevant rettleiing og har ansvar for å følgje opp stipendiatane og rettleiarane i fellessamlingar. Alle stipendiatane er knytte til eit universitet eller ein høgskole som har ansvar for intern oppfølging og praktisk tilrettelegging. Programmet omfattar førebels ti stipendiatar. Det er tale om eit fagleg forskingsprogram og har ikkje spesielt å gjere med tilhøvet mellom kunst og næring. Indirekte vil det likevel få innverknad, fordi utviklinga innan kunstformer og kunstuttrykk har nær samanheng med formidling av kunst.

5 Design

5.1 Innleiing

Omgrepet design dekkjer eit breitt spekter av ulike verksemder. Aktivitetane spenner frå problemløysing av praktisk og teknisk art til ytringsformer som kan strekkje seg langt inn i kunstfeltet. Design kan omhandle næringsretta så vel som ikkje-kommersiell verksemd. Tradisjonelt har design vore knytt til praktisk og estetisk utforming av produkt, men i dag handlar det i like stor grad om tenester. Det kommunikative aspektet vert stadig viktigare.

Design vert i dag brukt innan svært mange område og har ein aukande innverknad på samfunnsutviklinga. Design formar objekt, miljø, identitet og infrastruktur og er ein viktig faktor i utforminga av mennesket sitt totale miljø, så vel fysisk som på det symbolske planet. Aktiviteten kjem som regel i stand i eit interaktivt samspel mellom designar, produsent og brukar. Designfeltet har nære koplingar til andre område som til dømes reklamebransjen, men òg arkitektur og utforming av det offentlege rommet.

Design handlar såleis både om kultur og næring. Eit viktig aspekt ved design er at det representerer ein møteplass mellom desse, og at det på denne måten vert skapt synergiar mellom aktivitetar og verdiar som tradisjonelt har vore rekna som vanskelege å sameine. Verksemda kan såleis ikkje vurderast ut frå eit einsidig økonomisk eller kulturelt perspektiv, men må setjast inn i ein breiare samfunnsmessig samanheng.

På den eine sida er design ei kulturnæring i seg sjølv. På den andre sida kan verksemda både auke verdiskapinga i andre næringar og spele ei viktig rolle i samfunnet som heilskap. Det siste er særleg viktig i eit innovasjonsperspektiv.

Ei offensiv satsing på design som ein sentral del av innovasjonspolitikken er difor viktig. Ein føresetnad for at satsinga skal ha positiv effekt er likevel ei generell omstilling i haldningar og tankegang tufta på kva design inneber i eit heilskapleg samfunnsperspektiv. Det er naudsynt å etablere ein tradisjon der design vert brukt som ei innovativ drivkraft, samstundes som design også må vere gjenstand for kritisk undersøking.

Ein aktiv bruk av design i norsk næringsliv utgjer eit vesentleg bidrag til å skape innovasjon. Design er ein konkurransefaktor for eksisterande og ny verksemd i ein global marknad ettersom produkt som integrerer design kan konkurrere med kvalitet, brukarorientering og kommunikasjon.

Vellukka bruk av design er avhengig av strategisk samarbeid og interaksjon mellom ulike sektorar og kompetanseområde. Det er behov for å styrkje samarbeidet mellom kultursektoren, næringslivet og utdannings- og forskingssektoren, og mellom privat og offentleg sektor. Det er også behov for å styrkje samarbeidet mellom designarar og gründerar, mellom designarar og etablerte bedrifter.

5.2 Mål og verkemiddel

Staten sitt engasjement i designfeltet har både kulturpolitisk og næringspolitisk grunngjeving. Det handlar både om å fremje design som kulturuttrykk og som konkurransefaktor for næringslivet.

I kulturpolitikken er design sett i nær samanheng med biletkunst, kunsthandverk, arkitektur og offentleg rom. Det er eit hovudmål å sikre at flest mogeleg får tilgang til, forståing for og oppleving av dei ulike uttrykka innanfor dette feltet. Det er vidare eit mål å auke den estetiske og funksjonelle kvaliteten i dei fysiske omgjevnadene og dei produkta som dannar rammene om folks kvardag og virke. Dette medverkar til auka livskvalitet og trivsel og er ein viktig identitetsskapande faktor. Kulturpolitikken skal dessutan medverke til eit mest mogeleg kreativt og innovativt samfunn. Design er svært viktig i denne samanhengen.

I næringspolitikken er det eit mål at fleire bedrifter tek i bruk næringsretta design som prosessverktøy i utviklinga av nye produkt og tenester. Dette føreset at norsk næringsliv får auka forståing for verdien av design og merkevarebygging som konkurransefaktor. I tillegg er det viktig at bedrifter sikrar sine industrielle rettar gjennom å innhente varemerkevern.

Staten si rolle på designfeltet er først og fremst å leggje til rette for kunnskapsutvikling, informasjon og formidling ved å yte ulike former for økonomiske tilskot, og å forvalte eit lovverk som vernar interessene åt norske rettshavarar.

Norsk Form, Norsk Designråd, Innovasjon Noreg og Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design er sentrale aktørar innanfor designfeltet. I tillegg har Riksantikvaren kompetanse innanfor arkitektur, stilhistorie og arkitektur og kan medverke til å forankre design og arkitektur i eit historisk perspektiv.

Norsk Form

Norsk Form vart danna i 1993 etter initiativ frå dåverande Kulturdepartementet. Senteret skal fokusere på formidling, nettverks- og kompetansebygging og prosjektrelatert arbeid innanfor fagfelta arkitektur, design og stadsutvikling. Ei rekkje av Norsk Form sine prosjekt grip direkte inn i både kulturfeltet og næringsfeltet, og har eit klart fokus på innovasjon innanfor fagområda og på tvers av dei. Norsk Form sitt arbeid er såleis prega av nære koplingar mellom designfeltet, arkitektur, utforming av offentlege rom og by- og stadsutvikling.

Norsk Form mottek om lag 18,6 mill. kroner i driftstilskot i 2005 frå budsjettet til Kultur- og kyrkjedepartementet.

Norsk Form har som visjon å auke forståinga for samanhengane mellom design, arkitektur og samfunn. Norsk Form skal

  • opne for utviklinga av ny kunnskap innanfor dei enkelte faga og i spenningsfeltet mellom fagfelt og samfunn

  • vere ein koplingssentral for publikum, faggrupper, forvaltning og næringsliv

  • initiere, gjennomføre, formidle og overføre innspel, prosjekt og prosessar

  • stille spørsmål ved gjengse haldningar, opne opp for nytenking og initiere kontroversar i samfunnsordskiftet.

Norsk Form har både ei brei og ei spesialisert satsing på design. Organisasjonen formidlar designfaget til born og unge, dei jobbar med kvalitetsheving på produktutvikling og innovasjon i bistandsprosjekt. I tillegg formidlar dei gode døme og fagutøvarar gjennom utstillingar og konkurransar. Norsk Form arrangerer også ei rekkje seminar og konferansar.

Norsk Form har eit breitt nasjonalt og internasjonalt nettverk. Ein viktig del av formidlingsarbeidet er å presentere internasjonale tendensar, impulsar og nyskapingar innanfor arkitektur, design og byutvikling gjennom gjesteføredrag, seminar og eit internasjonalt orientert utstillingsprogram.

Boks 5.1 FORMlab

Ein langsiktig politikk på designområdet som legg til rette for auka grad av innovasjon i framtida, krev også ei satsing på morgondagens innovatørar – born og unge. Det må leggjast til rette for kreativitet og innovativ læring slik at born og unge får naudsynt fagleg og digital kompetanse.

Norsk Form sitt prosjekt FORMlab starta i januar 2005 i det nye Design- og Arkitektursentret i Oslo, og skal vere ein arena for formidling, læring, utforsking og oppleving innan design og arkitektur, til dømes gjennom Den kulturelle skulesekken .

Med utgangspunkt i aktiviteten i FORMlab skal det også utviklast og utprøvast digitale læringsprogram i arkitektur og design som kan nyttast på skular i heile landet. Aktuelle næringsmiljø innanfor arkitektur og design vil verte trekte inn for å tryggje relevansen av læringsprogramma i høve til utfordringane i notida og framtida.

Parallelt med formidling til born og unge, skal FORMlab vere ein lekk i større prosessar innan innovasjon, forsking og kompetanseutvikling – for næringslivet, fagmiljøa og forskarane. Dette vil vere ein møtestad for utdannings- og næringssektoren knytt mellom anna til oppfølginga av strategiplanen «Se mulighetene og gjør noe med dem!» utgjeven av NHD, UFD og KRD.

Norsk Designråd

Norsk Designråd er ein del av det næringsretta verkemiddelapparatet som har som overordna mål å auke innovasjonsevna i norsk næringsliv, jf. St.prp. nr. 51 (2002-2003) Virkemidler for et innovativt og nyskapende næringsliv .

Norsk Designråd er ei stifting oppretta av NHO og Noregs Eksportråd i 1963. Organisasjonen mottek i 2005 16,9 mill. kroner i tilskot frå budsjettet åt Nærings- og handelsdepartementet. Av dette er 4 mill. kroner øyremerkte gjennomføringa av Designåret 2005. Siktemålet med tilskotet er å fremje kunnskapen i næringslivet om innverknaden av design som verkemiddel for å styrkje lønsemd og konkurranseevne i norsk industri og tenesteyting. Designrådet arbeider aktivt for å få norske bedrifter til å bruke design strategisk gjennom bedriftsrådgjeving og formidling av designarar, samt marknadsføring av norsk design og norske designarar både nasjonalt og internasjonalt.

Norsk Designråd gjev det årlege Merket for God Design som ei utmerking til både bedrifter og designarar for produkt utvikla i fellesskap. Utmerkinga skal stimulere næringslivet til å ta i bruk design som eit offensivt verkemiddel i produktutvikling og marknadskommunikasjon.

Merket for God Design er eit designmessig kvalitetsstempel. Gode produkt er kjenneteikna ved at dei tek omsyn til produktets funksjonelle, tekniske, økonomiske og estetiske sider, at dei tek marknads- og miljømessige omsyn og at dei er inkluderande for brukarar med mange ulike behov.

Innovasjon Noreg

Gjennom ei samarbeidsavtale mellom Innovasjon Noreg og Designrådet når ein i dag ut til bedrifter over heile landet gjennom distriktskontora til Innovasjon Noreg. Det er gjeve opplæring til eigne designansvarlege ved kontora. Innovasjon Noreg har også ei eiga finansieringsordning for bedrifter som tek i bruk design for første gong («isbrytarordninga»). Enkelte fylke har også eigne tilskot som er øyremerkte designprosjekt. Designarbeidet i verkemiddelapparatet er eit godt døme på korleis auka samarbeid mellom institusjonar kan medverke til meir effektiv verkemiddelbruk.

Boks 5.2 Design underveis

Design underveis er ein nasjonal kampanje for næringsretta design som vert gjennomført i samarbeid mellom Innovasjon Noreg og Norsk Designråd. Prosjektet vert gjennomført som ei reise landet rundt for å informere norsk næringsliv om korleis design kan auke verksemdene si konkurransekraft i den nasjonale og internasjonale marknaden. Hausten 2000 reiste Design underveis frå Hammerfest i nord til Kristiansand i sør. Det vart arrangert 34 seminar, og den mobile utstillinga vitja 40 byar og tettstader. Om lag 2000 personar vitja utstillingane, og/eller deltok på seminara. Kampanjen held fram i 2005 og vil fokusere på konkrete satsingsområde for design, slik som design og internasjonalisering, design og reiseliv, design og strategi, design for alle (universell utforming), design og rasjonalisering. Design underveis vil også utvikle halvdagsmøte og workshops med desse temaa som utgangspunkt.

Norsk Design- og Arkitektursenter

Norsk Form og Norsk Designråd er frå 2004 samlokaliserte i Norsk Design- og Arkitektursenter . Senteret er plassert i eit tidlegare industrilokale ved Akerselva i det som no har fått namnet Oslo Innovasjonspark. Samlokaliseringa er eit unikt pilotprosjekt, som i høg grad er fundert på tanken om eit utvida samspel mellom kultur og næring. Senteret vil kunne fungere som ei ny scene for kommunikasjon mellom skapande bedrifter og meir kommersielle arenaer knytte til design og arkitektur.

Boks 5.3 Akerselva innovasjon

Akerselva Innovasjon er ein paraplyorganisasjon for Arkitekthøgskolen i Oslo, Kunsthøgskolen i Oslo, Universitetet i Oslo og Norsk Form, Norsk Designråd og Oslo Teknopol. Fleire av institusjonane held til i lokale langs Akerselva.

Samarbeidet vart sett i gang for å styrkje samspelet mellom kunst, design, arkitektur og informasjonsteknologi i Oslo, både med omsyn til FoU på feltet, og i forhold til kommersialisering, internasjonal profilering og næringsutvikling. Målet med foreininga er å styrkje fleirfagleg forsking, utdanning og utvikling innanfor kunst, design, arkitektur og digital kommunikasjon, gjennom nettbasert og fysisk samarbeid mellom medlemmene og styrkt innovasjon og kunnskapsoverføring til næringslivet med utgangspunkt i fagmiljøa til medlemmene. Det er også eit mål å utnytte dei eksisterande ressursane i Akerselva-området betre og stimulere til nyskaping og utvikling i samspel med utdannings- og forskingsmiljøa i denne delen av byen. Prosjektet har vist seg å vere fruktbart og har alt resultert i tettare samarbeid.

Boks 5.4 Extreme North

Utstillinga Extreme North markerer den offisielle opninga av Norsk Design- og Arkitektursenter. «Det finst ikkje dårleg ver, berre dårlege klede» er utgangspunktet for utstillinga som viser norsk design og arkitektur særskilt formgjeve for å fungere godt i vårt klima. På denne måten løfter utstillinga fram spesialkunnskapen og spesialkompetansen til designarar busette i eit verhardt og variert land. Extreme North skal på vandring til mellom anna Japan og Sverige med støtte frå Utanriksdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Innovasjon Noreg.

Nasjonalt designår i 2005

Regjeringa har erklært 2005 som nasjonalt designår. Det finn stad større nasjonale satsingar på design også i Finland, Sverige og Danmark i 2005. I Noreg vert det sett fokus på design som konkurransefaktor for næringslivet og kulturelt uttrykk i eit breitt og innovativt perspektiv. Forsking, utdanning og universell design skal vektleggjast. Designåret vil kunne medverke til å styrkje Noreg sitt omdømme internasjonalt, og forsterke profileringa av Noreg som moderne kultur- og industrinasjon.

Norsk Form, Norsk Designråd og Innovasjon Noreg skal i samarbeid med andre relevante aktørar markere Designåret gjennom ei rekke aktivitetar over heile landet.

Norsk Design- og Arkitektursenter vil også ha ei sentral rolle i gjennomføringa av tiltak under Designåret. Senteret vil mellom anna vere norsk utgangspunkt for ein konferanse under ERA 05:World Design Congress. Dette er ein verdsomspennande kongress for industridesignarar, grafiske designarar og interiørarkitektar som i år vert arrangert av dei nordiske landa i fellesskap.

Nasjonalmuseet for kunst , arkitektur og design

Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design vart oppretta som ei stifting i 2003, basert på verksemda i Nasjonalgalleriet, Museet for Samtidskunst, Norsk Arkitekturmuseum og Kunst­industrimuseet i Oslo. Innsamling, dokumentasjon, forsking og formidling av design inngår som ein viktig del av Nasjonalmuseet sitt ansvarsområde. For å nå målsetjinga om å auke forståinga og interessa for design, har museet mellom anna prioritert arbeidet med å byggje opp ei designhistorisk samling. Når Riksutstillingar vert integrert i Nasjonalmuseet i juli 2005, vil formidlinga av mellom anna design verte styrkt rundt om i landet.

5.3 Struktur og utviklingstrekk

5.3.1 Fagfelt og arbeidsformer

Det norske designfeltet er samansett av ei rekkje ulike fag med store variasjonar i arbeidsmåtar, ideal, fagleg identitet og arbeidstilhøve. Omgrepa «design» og «industridesign» vaks fram i løpet av 1960-talet. Fram til då var «brukskunst» det rådande og samlande omgrepet for det vi i dag kallar design og kunsthandverk. Gjennom ein vidare prosess, der både kunsthandverkarane og industridesignarane reiv seg lause frå brukskunstrørsla i løpet av 1970-tallet, oppstod det nye ideologiske og faglege skiljeliner i det norske designfeltet. Grovt sett kan ein skilje mellom kunsthandverk, industridesign og møbel- og interiørdesign, klede- og kostymedesign og grafisk design. Grupperingane er delvis overlappande og under dei ulike kategoriane finst ein underskog av ulike fagfelt og spesialiseringar. Dei ulike medlemsorganisasjonane gjev eit visst bilete av gruppering og spesialisering.

Medlemsorganisasjonen for kunsthandverkarane i Noreg er Norske Kunsthåndverkere med om lag 800 medlemer. Organisasjonen for industridesignarar er Norske Industridesignere (NID), med om lag 200 medlemer. Medlemsorganisasjonane for møbel- og interiørdesignarar er Norske interiørarkitekters og møbeldesigneres landsforening (NIL) med om lag 500 medlemer. Grafiske designarar og illustratørar har sidan 1991 hatt ein felles organisasjon, Grafill, med om lag 1500 medlemer samansett av om lag 800 profesjonelle, 500 studentar og 200 assosierte medlemer. Konfeksjonsdesignarane er organiserte i Norske tekstil- og konfeksjonsdesignere (NTKD) med om lag 50 medlemer.

5.3.2 Sysselsetjing og marknad

Ifølgje ØF-rapport nr. 10: 2004 var det i 2002 i alt 1039 sysselsette i designnæringa i Noreg. Dette utgjorde 1,2 pst. av dei sysselsette i kulturnæringane på landsbasis, og om lag 0,05 pst. av alle sysselsette i landet. Sysselsetjinga innan design finst i designbyrå, mange er sjølvstendig næringsdrivande og ein del designarar er tilsette i ulike typar bedrifter. Medlemstala frå ulike organisasjonar viser at det er om lag 1500 personar som er organiserte profesjonelle designarar. I tillegg kjem dei som ikkje er medlemer i ein organisasjon. Grovt rekna kan ein gå ut frå at det er om lag 2000 personar som kan kallast profesjonelle designarar i Noreg.

Designnæringa er prega av eit fåtal mellomstore selskap (15-20 tilsette) og mange små bedrifter og sjølvstendig næringsdrivande (DCMS 2002). Ifølgje ØF-rapport nr. 10: 2004 er det truleg om lag 200 designbedrifter i Noreg. Av desse bedriftene er det om lag 25 som kan karakteriserast som mellomstore. I tillegg til designtenester leverer fleire av desse bedriftene tenester som grensar mot reklame og PR-tenester. Det har òg vakse fram nisjebyrå. Dette inneber at fleire designarar spesialiserer seg innanfor smalare delar av designmarknaden.

Designbransjen er ei marknadsbasert næring som vert direkte påverka av nasjonale og internasjonale konjunkturar. På 1980- og 1990-talet var det ein vekst i utdanninga av designarar og ein auke i talet på designbyrå. Bruken av design har truleg hatt ein reell auke, men veksten i talet på designbyrå og sjølvstendig næringsdrivande innanfor bransjen kan òg vere eit resultat av ein generell tendens til å setje ut denne typen tenester. Nokre norske designarar har òg etablert seg på den internasjonale arenaen. Internasjonal markering og eksport er utslagsgjevande for fleire av designarane sidan den norske marknaden er liten. Auka internasjonal merksemd om ny norsk design medverkar òg til å profilere Noreg som ein moderne og nyskapande nasjon.

I perioden 2000-2002 var designbransjen til liks med reklamebransjen prega av ein nedgang og stagnasjon i etterspurnaden. Dette førte til hardare konkurranse og fleire av dei store og etablerte designbyråa opplevde sterk nedgang i omsetnaden. Ein del bedrifter laut leggje ned verksemda. I kombinasjon med ein sterk vekst i studenttalet har dette skapt ein stram arbeidsmarknad for nyutdanna designarar. Dei siste par åra har det likevel vore ein liten auke i etterspurnaden og situasjonen i bransjen har vorte betre (ØF-Rapport nr. 10: 2004).

Det er òg gode grunnar til å tru at etterspurnaden og bruken av design vil auke i tida framover. Design er viktig for utvikling av tevleføre norske bedrifter i ei tid då det vert stilt nye krav til innovasjons- og omstillingsevne. Auka globalisering gjer at bedrifter i dag ofte nyttar dei same underleverandørane, produksjonsprosessane, materiale og måleinstrument for kvalitet og effektivitet som sine internasjonale konkurrentar. I ein slik samanheng er design eit element som kan skilje ei bedrift sine produkt eller tenester frå konkurrentane sine. Vidare får omgrep som identitet, funksjonalitet for brukaren, sosial samhandling og kultur, miljø og økologi stadig meir å seie for dei vala som forbrukarane, bedrifter og offentlege verksemder tek før dei gjer innkjøpa sine. Design kan medverke til å stette slike kriterium.

Internasjonale undersøkingar viser at design løner seg. Ei dansk undersøking frå 2003 viser at bedrifter som nyttar design har nesten dobbelt så høg eksportdel (34 pst. mot 18 pst.), vesentleg større bruttoresultat (22 pst.) og over dobbelt så rask utvikling i talet på arbeidsplassar (18 mot 7) som ikkje-designbrukarar (den danske Erhvervs- og boligbestyrelsen). Ei engelsk undersøking frå 2004 viser at i tiårsperioden 1994-2003 auka børsverdien på 63 bedrifter som er systematiske brukarar av design med 200 prosent i høve auken i indeksen over dei 100 største verksemdene på den engelske børsen (FTSE 100 indeksen) (UK Design Council).

Trass i dette viser ei marknadsundersøking utført av MMI på oppdrag frå Norsk Designråd i 2002 at berre 15 pst. av norske bedrifter er strategiske brukarar av design. Det finst likevel tendensar til at norske bedrifter har vorte meir medvetne om bruken av design. Satsing på design kopla med teknologi og produktutvikling har medverka til at fleire bedrifter har lukkast med både omstilling og innovasjon.

5.3.3 Etablering, utdanning og forsking

Som i mange andre kunst- og kulturfag kan det vere vanskeleg å etablere seg som nyutdanna designar. Stagnasjon i etterspurnaden kombinert med ein sterk vekst i talet på studentar har skapt ein vanskeleg arbeidsmarknad for nyutdanna designarar. Det er ei utfordring å finne fram til velfungerande overgangsordningar for designarar frå utdanningsinstitusjonane til næringslivet.

Opne tevlingar, utstillingar og stipendordningar kan vere viktige verkemiddel for designarar i etableringsfasen. Styrkt entreprenørskap i utdanninga kan òg spele ei viktig rolle. Det kan medverke både til å styrkje forretnings- og etableringskompetansen hjå designarane, og til å styrkje kontakten mellom utdanningsinstitusjonane og næringslivet, jf. strategiplanen Se mulighetene og gjør noe med dem! 2004-2008.

Boks 5.5 Designkonkurransen Unge Talenter

Designkonkurransen Unge Talenter er dei unge, norske industridesignarane sin sjanse til å vise prosjekta sine og synleggjere talentet sitt. Tevlinga vert arrangert i 2005 for 15. året på rad og er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk Designråd og Norske Industridesignarar (NID).

Konkurransen rettar seg mot norske studentar ved norske og utanlandske skular innanfor fagfelta som omfattar industridesign, produkt- og transportdesign, møbeldesign og strukturell pakningsdesign samt konfeksjonsdesign. Ein kan delta i inntil tre år etter avslutta studium. I 2004 vart 23 produkt samt dei fire vinnarane stilte ut i ei eiga utstilling i Norsk Design- og Arkitektursenter.

Dei studentane som vert uteksaminerte i kunstfag ved Statens handverks- og kunstindustriskole ved Kunsthøgskolen i Oslo og ved Avdeling for spesialisert kunst ved Kunsthøgskolen i Bergen, får utbetalt stipend tufta på gjennomført kunstutdanning frå budsjettet åt Kultur- og kyrkjedepartementet når dei er ferdige. For ein kandidat med fem års utdanning bak seg utgjer stipendet meir enn 100 000 kroner, sjå nærare om denne ordninga i kapittel 4.

Fakultet for design ved Kunsthøgskolen i Oslo og Avdeling for design ved Kunsthøgskolen i Bergen gjev ikkje same rett til stipend til nyutdanna designarar tufta på gjennomført utdanning. Industridesignutdanninga ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo og Norges teknisk-naturvitenskapelege universitet gjev heller ikkje tilsvarande rettar.

Den statlege stipend- og garantiinntektsordninga for kunstnarar har eigne kvotar til kunsthandverkarar og til interiørarkitektar. Nokre designarar får også stipend via desse ordningane.

Boks 5.6 Gründerseminar for unge designarar

Våren 2005 skal Norsk Form i samarbeid med Norske industridesignarar arrangere gründerseminar for unge designarar. Ei av målgruppene er norske studentar som har studert i utlandet. Det er eit mål å tilby desse studentane eit breiare nettverk og forum i Noreg der dei kan formidle røynsle og kompetanse frå studiestader i utlandet. Mange unge studerer arkitektur- og designfag i utlandet og er såleis i høg grad internasjonalt orienterte.

Ei større satsing på kunnskapsutvikling og forsking på design i Noreg er ynskjeleg, både for å halde tritt med den internasjonale utviklinga og den aukande konkurransen. I ei større, samordna satsing bør Noregs forskingsråd og dei høgare undervisningsinstitusjonane spele ei nøkkelrolle, i nært samarbeid med næringslivet. Samstundes som ein held oppe og styrkjer det utbyterike samarbeidet som eksisterer i dag, er det viktig å leggje til rette for nye, meir utradisjonelle former for samarbeid mellom produksjonsbedrifter og utdanningsinstitusjonar, der tverrfagleg forsking og praktisk utviklingsarbeid vert integrert. På denne måten vil ein kunne trekkje bedrifter så vel som brukarar inn i den akademiske og kreative kunnskapsutviklinga.

På internasjonalt plan vert det forska ein del på relasjonen mellom næring, kultur og design. Det er viktig å dra nytte av denne forskinga også i Noreg. Internasjonale samarbeidsavtaler og særleg forskingssamarbeidet med EU speler ei avgjerande rolle.

5.3.4 Internasjonalisering

Ein ung generasjon designarar er i ferd med å profilere seg på den internasjonale arenaen. Det er viktig å følgje opp den gryande internasjonale interessa for dei yngre designarane og produkta deira. Det offentlege og næringslivet bør samarbeide for å styrkje designfeltet og stimulere internasjonalisering. Ein slik innsats kan medverke både til å auke etterspurnaden og profilere Noreg som ein nyskapande og moderne nasjon. Det er òg behov for å leggje til rette for auka bruk av design kopla med teknologi og produktutvikling for at norske bedrifter kan vinne fram i eksportmarknadene. Her er det tvillaust eit stort unytta potensial.

Både Norsk Designråd sitt profileringsarbeid og Norsk Form sitt formidlingsarbeid er viktig. Dei siste åra har desse mellom anna medverka til fleire internasjonale utstillingar. I tillegg er støtteordninga for reise- og transportstøtte i samband med deltaking på utstillingar, messer og konferansar i utlandet viktig. Norsk Form forvaltar ordninga med midlar frå UD. Den årlege ramma er om lag 500 000 kroner. Ein kombinasjon mellom slike tiltak har ført til auka interesse for ny norsk design hjå produsentar, media og publikum.

Boks 5.7 Norway says

Design-gruppa Norway says mottok reise- og transportstøtte frå Utanriksdepartementet til Salone Satellite i Milano 2000. Dette var første gongen på 30 år at norsk design vart presentert på den årlege internasjonale møbelmessa. Dette gav startskotet til ein ny giv og ein ny optimisme for ung norsk design. Norway says er omtala som Noregs beste eksportartikkel innanfor design og er mellom anna kjøpt inn av Victoria & Albert Museum i London. I 2004 mottok Norway says den prestisjetunge Bruno Mathson-prisen.

Den internasjonale interessa for norsk design aukar. Dette har mellom anna resultert i ein eigen norsk stand med berre nye produkt på 100% Design i London 2004. Mønstringa vekte oppsikt blant både forhandlarar, produsentar, designarar og media.

Boks 5.8 International Design Award

Føremålet med International Design Award er å synleggjere norskdesigna produkt utanfor Noregs grenser. Utmerkinga vert tildelt norske designarar og utanlandske oppdragsgjevarar for eit spesifikt produkt dei har utvikla i samarbeid. Tevlinga er open for designarar tilsette i norske designbyrå og norske designarar i utanlandske designbyrå i samarbeid med utanlandske oppdragsgjevarar.

Mottakarane av designprisen får eigarskap til symbolet for International Design Award. Dette symbolet kan ein nytte aktivt i marknadsføringa av det produktet ein mottek prisen for. Norsk Designråd har utarbeidd ei brukarhandbok for marknadsføring av designutmerkingar. Alle mottakarane av International Design Award får eiga presentasjonsside i Designboken og på Norsk Designråds heimesider. Pressa viser stor interesse for design som konkurransefaktor. Norsk Designråd følgjer opp og arbeider aktivt for å synleggjere mottakarane av designprisane.

6 Audiovisuell industri

6.1 Innleiing

I dette kapitlet kjem departementet nærare inn på den norske audiovisuelle industrien og næringsmessige aspekt ved han. Bakgrunnen er først og fremst Stortingets handsaming av St.meld. nr. 25 (2003-2004) Økonomiske rammebetingelser for filmproduksjon . I samband med dette gjorde Stortinget m.a. følgjande vedtak:

«Stortinget ber Regjeringen i forbindelse med Stortingsmeldingen om kultur og næring legge frem en gjennomgang av ulike tiltak som kan bidra til at flere utenlandske filmer produseres i Norge, slik at dette kan behandles i inneværende stortingsperiode.»

Filmindustrien er ein del av ein større sektor som samla kan kallast audiovisuell industri. Dette omgrepet femner om film, fjernsyn, radio, video/DVD, dataspel, CD osv. Framlegga og hovudomtalen i dette kapitlet er hovudsakleg avgrensa til å gjelde filmproduksjon, særleg langfilm. Dette har først og fremst samanheng med oppdraget frå Stortinget, men òg med at dei andre delane av sektoren jamt over klarar seg rimeleg bra utan særskilde tiltak frå staten. I omtalen nedanfor kjem vi likevel inn på fjernsynssektoren og i nokon grad dataspel, som er ein viktig del av den samla audiovisuelle industrien.

Departementet strekar under at dette kapitlet i hovudsak tek føre seg næringsmessige aspekt ved filmproduksjon. Mange av vurderingane vil òg gjelde for uavhengig fjernsynsproduksjon, det vil seie fjernsynsproduksjon som ikkje skjer i regi av kringkastarar. Kapitlet går ikkje særleg inn på andre reint filmfaglege eller filmpolitiske spørsmål. Vi viser til at slike spørsmål sist vart handsama i den særskilde filmmeldinga som er nemnd ovanfor, jf. St.meld. nr. 25 (2003-2004) . Det er elles vedteke å gjennomgå mellom anna tilskottsordningane på filmfeltet. Departementet kjem attende til Stortinget med resultata frå gjennomgangen mest truleg i samband med statsbudsjettet for 2007.

Det finst i dag statistikk som seier noko om den audiovisuelle industrien som næring samla sett (omsetnad, sysselsetjing osb.), men det finst ikkje haldbare data som syner kva for sekundær­leffekt denne industrien har for andre næringar (utstyrsleveransar, transport, overnatting, keitering, restaurantar osb.). Det finst heller ikkje data som syner kva for tertiæreffekt den norske audiovisuelle industrien eventuelt har, som til dømes auka turisme, auka sal av norske produkt og tenester m.m.

I det følgjande går vi først inn på strukturen og utviklingstrekka innanfor den audiovisuelle industrien i Noreg, med hovudvekt på langfilm. I pkt. 6.3 gjer departementet kort greie for den statlege politikken på området. Pkt. 6.4 inneheld ein omtale av moglege tiltak og verkemiddel for å styrkje den audiovisuelle industrien som bransje. I pkt. 6.5 kjem departementet nærmare inn på spørsmål som gjeld insentivordningar for utanlandsk filmproduksjon i Noreg.

6.2 Struktur og utviklingstrekk

6.2.1 Næringsstatistikk

Statistisk sentralbyrå (SSB) har innhenta statistikk innanfor gruppa kulturell tenesteyting frå og med 2002. Kategoriane Film- og video og Radio og fjernsyn inngår i denne gruppa. Sidan det berre er tilgjengelige tal for to år, er det ikkje mogleg å seie noko om vekstratar over tid. SSB har ikkje innhenta næringsstatistikk for dataspel.

Film- og videobransjen

SSB har følgjande nøkkeltal for næringsgruppa film- og video :

Tabell 6.1 Nøkkeltal for næringsgruppa Film og video

  20022003 (førebelse tal)
Selskap1 1961 324
Sysselsette13 2133 131
Omsetning2 (mill. kroner)3 0193 063

1 Gjennomsnittlig tal på personar over året.

2 Ikkje medrekna meirverdiavgift.

Film- og videobransjen hadde ei omsetning på om lag 3 mrd. kroner i 2002 og 2003. Av dette utgjorde om lag 1,4 mrd. kroner omsetning innanfor film- og videoproduksjon i 2002, jf. tabell 6.2.

Tabell 6.2 Nøkkeltal fordelte på næringsundergrupper (2002)

 Film- og videoprod.Distribusjon av film og videoFilmframsyningTotalt
Selskap1 009281591 196
Sysselsette1 8431281 2423 213
Omsetning (mill. kr)1 4287278653 019

Statistikken kan supplerast med tal frå Film&Kino. Kinoane hadde i 2003 billettinntekter på 815 mill. kroner, ein auke frå 410 mill. kroner i 1993. Auken kjem dels av at talet på besøk har gått opp, dels av høgare billettprisar. Omsetninga på utleige av video og DVD var i 2003 om lag 700 mill. kroner, medan salet var om lag 810 mill. kroner. DVD utgjer no den største delen av både leige og sal. I 2003 vart det selt 10 mill. DVDar og i 2004 vart det selt 14 mill.

Østlandsforskning (rapport 10:2004) har rekna ut sysselsetjinga og bruttoproduktet for næringsgruppa Film, video, foto (privat sektor). I 2002 var 3 629 personar sysselsette i denne gruppa, noko som utgjorde 4,8 pst. av sysselsetjinga innanfor kulturnæringane og 0,2 pst. av alle sysselsette i landet. Denne prosentdelen har vore relativt stabil sidan 1996. Bruttoproduktet har gått opp frå 600 mill. kroner til 900 mill. kroner i perioden 1996–2001; ein vekst på 50 pst. Den tilsvarande veksten for kulturnæringane samla var på 32 pst.

Til samanlikning var det i 2002 sysselsett 7 353 i annonse- og reklamebransjen, noko som utgjorde 9,7 pst. av dei sysselsette i kulturnæringane og 0,3 pst. av den totale sysselsetjinga i landet. Bruttoproduktet i bransjen voks med nesten 1/3 frå 1996 til 2001, frå litt i overkant av 2 mrd. kroner til nesten 3 mrd. kroner. Verdiskapinga er med andre ord større i annonse- og reklamebransjen.

I EU var omsetninga i den audiovisuelle sektoren på 98,7 mrd. euro i 2002 (kjelde: Europeisk Audiovisuelt Observatorium), mot 76,5 mrd. euro i 1998. Den gjennomsnittlege årlege veksten var i perioden 1998–2002 på 6,5 pst. Inntektene frå sal og utleige av DVD auka mest i perioden, frå 56 mill. euro i 1998 til 6,2 mrd. euro i 2002, dvs. ein gjennomsnittleg årleg vekst på 222,7 pst. Kinoinntektene gjekk opp frå 4,3 mrd. euro i 1998 til 5,5 mrd. euro i 2002, med ein gjennomsnittleg årleg vekst på 6,5 pst., medan inntektene frå sal og utleige av video gjekk ned frå 5,9 mrd. euro i 1998 til 4,5 mrd. euro i 2002. Det er all grunn til å rekna med at tilsvarande utvikling gjeld for Noreg.

Radio og fjernsyn

SSB har følgjande nøkkeltal for næringsgruppa radio og fjernsyn :

Tabell 6.3 Nøkkeltal for næringsgruppa radio og fjernsyn

 20022003 (førebelse tal)
Selskap281289
Sysselsette5 2625 602
Omsetnad (mill. kr)6 3756 664

Radio- og fjernsynsbransjen har ei omsetning som er om lag dobbelt så stor som film- og videobransjen. Om lag halvparten av omsetninga kjem frå NRK.

I EU auka nettoinntektene til kringkastingsselskapa frå 50,2 mrd. euro i 1998 til 65,4 mrd. euro i 2002. Dette utgjer ein gjennomsnittleg årleg vekst på 6,8 pst. Sjå elles tab. 6.3.

Dataspel

I rapporten Nordiska datorspel , som er laga på oppdrag frå Nordisk Ministerråd (Robertson, 2004), reknar ein med at det er 200 selskap i Norden som tilverkar dataspel. Desse selskapa har i alt om lag 1 000 tilsette. For Noreg viser undersøkinga at det finst 12 tilverkarar med til saman 108 tilsette.

Av den same rapporten går det fram at omsetninga i nordiske selskap var på om lag 680 mill. kroner totalt i 2003. Tala for norske selskap var om lag 66 mill. kroner same året.

Den europeiske marknaden for programvare (programvare til m.a. konsollspel og pc-spel) har auka frå 1997 til 2003, frå om lag 2,60 mrd. euro i 1997 og 4,65 mrd. euro i 2000 til om lag 5,25 mrd. euro i 2003 (ScreenDigest). Auken har flata ut dei siste åra.

Den same tendensen gjeld for Noreg. Salet har flata ut etter ei sterk auke rundt 2000-2001. Medlemmene i Norsk spill- og multimedia leverandørforning hadde ei omsetning på 375 mill. kroner i 2004, mot 340 mill. kroner i 2001.

6.2.2 Nærare om filmbransjen

Marknaden

Amerikansk film dominerer på kinoane i Europa med ein marknadsdel på om lag 70 pst. Motsett har europeisk film om lag 4 pst. av totalbesøket på kino i USA. I Noreg var marknadsdelen for amerikansk film på kino i 2003 på 70 pst., mot 76 pst. i 2002.

På heimemarknaden har amerikansk film ein marknadsdel på rundt 95 pst. Europeisk film har varierande marknadsdel på heimemarknaden. I Frankrike hadde nasjonale produksjonar i 2003 ein marknadsdel på 35 pst. I Storbritannia var marknadsdelen på knapt 12 pst. Marknadsdelen i Norden var i 2003 på 25 pst. i Danmark, 21 pst. i Finland, 19 pst. i Sverige, 19 pst. i Noreg og 4 pst. på Island. For Noreg var dette den høgaste marknadsdelen på 20 år, med i overkant av 2,3 mill. sjåarar på kino.

Marknadsdelen for nasjonale filmar har generelt vore lågare i Noreg enn i Danmark, Sverige og Finland, jf. tabell 6.4.

Tabell 6.4 Marknadsdel nasjonale filmar (i pst. av samla kinobesøk)

  20002001200220032004 (førebelse tal)
Noreg61581917
Danmark1728242525
Finland1510182117
Sverige2624171923

Kjelde: St. meld nr. 25 (2003–2004) / Norsk filmfond .

Eksport av norsk film i Europa

I 2003 hadde 18 norske filmar kommersiell framsyning i minst eitt anna europeisk land enn Noreg, medan tilsvarande gjaldt for 29 danske og 39 svenske filmar.

I perioden 1998–2003 var kinobesøket for norske filmar i Europa (inkl. Noreg) på om lag 9,7 mill. målt i selde billettar. Av dette var om lag 7,5 mill. i Noreg (77 pst.) og om lag 2,2 mill. i resten av Europa (23 pst.). Utanfor heimemarknaden er Tyskland den største marknaden for norske filmar i Europa, med 8 pst. av totalbesøket og 34 pst. av totalbesøket på eksportmarknaden i Europa. Dette er noko større enn besøket på norske filmar i Sverige og Danmark til saman.

Samanlikna med Sverige og Danmark er eksportgraden for norsk film relativt låg, jf. tabell 6.5 1 .

Tabell 6.5 Skandinavisk filmeksport til Europa 1998 –2003

LandBesøk Europa (ekskl. heimland)Besøk heimlandTotal- besøkEksport- grad
Sverige25 955 44520 728 01446 683 45956 pst.
Danmark15 435 00016 946 00032 381 00048 pst.
Noreg2 267 9837 459 9859 727 96823 pst.

Kjelde: Norsk filmfond

Produksjonsvolum

Talet på norske langfilmproduksjonar har sidan 1998 vore mellom 10 og 20 per år. I 2003 vart det produsert 20 langfilmar i Noreg (inklusive samproduksjonar). Samanlikna med Sverige og Danmark ligg produksjonsvolumet i Noreg vesentleg lågare. Tabell 6.6 viser talet på langfilmar produserte i Norden 1998–2003.

Tabell 6.6 Nordisk langfilmproduksjon 1998-2003 (ekskl. minoritets-samproduksjonar)

 1998199920002001200220032004
Danmark18161719192518
Finland913912101113
Island226494ikkje tilgjengeleg
Noreg131197141818
Sverige342338252127ikkje tilgjengeleg

Kjelde: St. meld. nr. 25 (2003-2004)/Europeisk Audiovisuelt Observatorium

I tillegg kjem ein omfattande produksjon av norske kort- og dokumentarfilmar for kino- og fjernsynsframsyning.

6.2.3 Bransjestruktur

Filmproduksjon i Noreg har tradisjonelt vore prosjektbasert. Dette inneber at bransjen i stor grad har vore dominert av frilansarar. Produksjonsselskapa består typisk av ein liten sentral stab, med mange frilansarar knytte til selskapet i sjølve produksjonsfasen. Det same gjeld den uavhengige fjernsynsproduksjonen, dvs. den fjernsynsproduksjonen som ikkje skjer hos kringkastarane. Verdikjeda består av prosjektutvikling, produksjon, distribusjon og framsyning (kino, fjernsyn, video, DVD m.m.).

Nærare om filmbransjen

På oppdrag frå Kulturdepartementet utarbeidde selskapet Ernst & Young Management Consulting (EYMC) i 1999 ein rapport m.a. om bransjestrukturen for filmbransjen i Noreg. EYMC konkluderte med at bransjestrukturen er kjenneteikna med svak integrasjon mellom aktørane i verdikjeda. EYMC meinte at dersom aktørane var involverte innanfor fleire ledd i verdikjeda, ville dette kunne medverke til å auka inntektene, m.a. gjennom stordriftsfordelar (vertikal integrasjon). Produsentane er kjenneteikna av få tilsette med avgrensa omsetnad og svak eller inga formell tilknyting til større selskap. Dei fann vidare at dei fleste selskap ikkje produserer meir enn éin film i året, dvs. at det er fleire produksjonsselskap enn produserte filmar i løpet av eit år. EYMC fann òg at det var lite formelt samarbeid mellom filmprodusentane (horisontal integrasjon).

Bransjestrukturen i film- og videobransjen er også omtalt av Østlandsforskning (rapport 10:2004). Her går det fram at strukturen i bransjen varierer mellom dei ulike delane av verdikjeda. Innanfor produksjon er det over 80 selskap som er organiserte i Norske film- og tv-produsenters forening. Storleiken på selskapa varierer frå middels store til små. Dei største selskapa (fire til seks selskap) har ei omsetning på 50–100 mill. kroner og driv ofte ei blanding av filmproduksjon og fjernsyns- og reklamefilmproduksjon. Den permanente staben utgjer normalt mellom fem og ti personar.

Innanfor distribusjon er det 28 selskap, der 15 driv distribusjon av kinofilm, medan 13 driv distribusjon av video og DVD. Bransjen er prega av ein relativt sterk marknadskonsentrasjon. Innanfor distribusjon av kinofilm har fem-seks selskap 80 pst. av marknaden. Heileigde amerikanske dotterselskap har ein marknadsdel på nærare 50 pst. Samstundes har dei store nordiske mediehusa investert i og er eigar av eller deleigarar i viktige distribusjonsselskap. Innanfor videodistribusjon har sju selskap om lag 90 pst. av marknaden.

Innanfor framsyning av film, er det omlag 240 kinoar og 400 kinosalar i Noreg. Av desse er 2/3 kommunale (278 salar) og 1/3 ikkje-kommunale (123 salar). Skiljet mellom kommunal og privat eigarskap er vorte mindre tydeleg, sidan fleire kinoar no er organiserte som aksjeselskap med både kommunale og private eigarar.

Dei siste åra har det vore ein nedgang i talet på kinoar. Samstundes har det vore ein liten auke i talet på salar, særleg i dei større byane. Det samla talet på stolar i kinoane har gått noko ned, og ligg no på om lag 84 000. Mange kinoar slit med store salar dei ikkje klarer å fylle, samstundes som dei ikkje får sett opp mange nok filmar fordi dei ikkje har nok kinosalar. Kinoane har dei siste åra totalt sett hatt eit underskot på 40–50 mill. kroner per år. Det er berre kinoane i dei 15-20 største byane som har gått med overskot. Underskot har gjort sitt til at mange kommunar har vist interesse for å selje eller samarbeide om kinodrifta med private aktørar, ikkje minst i samband med kommande store investeringsbehov ved overgang til digital kino.

Eit særkjenne ved det norske kommunale kinosystemet har vore at gjennom filmleigeavtalen har alle kinoar fått tilgang til alle filmar på marknaden. Her har Noreg skilt seg vesentleg frå andre land. Det normale i andre land er at dei store produsentkjedene også eig kinoane. Dette inneber m.a. at delar overskotet frå filmframsyning vert kanalisert attende til filmproduksjon. Ein annan effekt er at kvar enkelt kino normalt berre syner fram filmar frå det produksjonsselskapet som eig kinoen. Båe systema har føremoner; det kommunale systemet sikrar at alle kinoar i praksis kan syne fram alle filmar, men overskot frå kinodrifta vert ikkje kanalisert attende til filmproduksjon. Eit system der produksjonsselskapa eig kinoane, har som føremon at delar av overskotet frå framsyning er med på å finansiere ny filmproduksjon, medan filmtilbodet på kvar enkelt kino kan bli noko dårlegare.

Det er for tidleg å seie noko eintydig om kva for konsekvensar utviklinga vil få i Noreg, men departementet vil sjølvsagt følgje utviklinga svært nøye.

Omsetning av videogram (video og DVD) i næring krev kommunalt løyve etter reglane i lov om film- og videogram. I dag har om lag 4 500 selskap slikt løyve. Om lag 3 000 driv med utleige og sal, medan 1 500 berre driv med sal. Det har vore ein sterk auke i talet på verksemder som driv med sal sidan 2001. Dette har først og fremst samanheng med utviklinga av DVD-marknaden.

Nærare om fjernsynsbransjen

Dei dominerande aktørane i den norske fjernsynsbransjen er NRK og TV 2, som til saman har om lag 65 pst. av sjåarane. Andre viktige aktørar er TVNorge og TV 3.

Om lag halvdelen av medlemmene i Norske film- og tv-produsentars forening er fjernsynsprodusentar. Seks-sju produksjonsselskap står for mesteparten av NRK og TV 2s kjøp av uavhengige fjernsynsproduksjonar.

Kva for krav TV-selskapa kan stille når dei kjøpar framsyningsrettar frå dei uavhengige produsentane, er med på å avgjere om produksjonane er lønnsame. I Noreg krev Norsk filmfond, i dei fjernsynsproduksjonane som mottek tilskot frå fondet, at rettane skal liggja hos idéskaparen/produsenten og ikkje hos dei som delfinansierer produksjonen, til dømes TV-selskapa.

Dataspel

Dataspel er framleis eit område i vekst, og utviklinga vert styrt av nokre få store internasjonale aktørar. Samstundes er verksemdene som tilverkar dataspela, spelutviklarar, til vanleg relativt små, med mellom 5 og 200 tilsette. Verdikjeda i dataspelbransjen består av spelutvikling, utgiving og distribusjon til detaljist eller (meir sjeldan) direkte til kunden gjennom Internett.

Sidan breibandsutbygginga er komen langt i Norden, er det mogeleg med rask overføring av dataspel, trass i dei store datamengdene. Ein ny type spel har vakse fram ved at datamaskinar kan koplast saman. Det er såleis eit stort potensial for slike direktekopla spel på Internett, såkalla online-spel .

Marknaden kan elles grovt sett delast inn i pc-spel og konsollspel. Dei siste er datamaskiner som i hovudsak vert brukt til spel, men der ein på enkelte maskiner også kan spele musikk og DVD-filmar.

Det er vanskeleg å tene pengar på eit spel for ein utviklar, og dei seinare åra har tendensen vore større budsjett per spel og færre titlar. Nokre få spel tener store pengar, men mange går med tap. Bransjen ha difor vore prega av fusjonar og at mindre selskap forsvinn eller vert kjøpte opp. Det gjeld både utviklarar og utgjevarar. Til dømes er det no berre éin stor nordisk utgjevar på den nordiske marknaden.

Boks 6.1 Funcom

Funcom er eit norsk selskap som utviklar dataspel. Den største suksessen til selskapet er Anarchy online frå 2001. Dette er eit science-fiction-rollespel med stor internasjonal utbreiing. I 2003 lanserte dei den meir magiinspirerte virtuelle verda Shadowland , basert på det prisbelønte spelet, The Longest Journey . Med utgangspunkt i midlar frå Norsk filmfond utviklar Funcom ei ny utgåve av dette spelet på norsk, Drømmefall. Vidare vert den norske versjonen nytta som basis for å utvikle ein ny engelsk versjon, slik at den internasjonale marknaden også kan følgjast opp.

Forretningsmodellen til Funcom baserer seg i stor grad på at dei tilbyr oppdateringar og tilleggstenester til dataspela sine over Internett. Ein stor del av verksemda er retta inn mot tilverking av virtuelle verder på Internett. Innanfor den virtuelle verda kan ein delta i direktekopla rollespel, noko som det typisk vil vere ei brukarbetaling på. Den virtuelle verda kan også nyttast som basis for ordinære dataspel.

6.3 Statleg politikk

6.3.1 Mål for den statlege politikken

Som nemnt i pkt 6.1 har departementet valt å avgrense omtalen til i hovudsak å gjelde langfilmproduksjon. I det følgjande gjer vi stutt greie for dei noverande mål og verkemiddel på området.

Hovudmålet med filmpolitikken er å sikre eit godt og mangfaldig audiovisuelt tilbod tufta på norsk språk, norsk kultur og norske samfunnsforhold. Dei viktigaste målsetjingane på filmområdet er:

  • å sikre norske audiovisuelle produksjonar av høg kvalitet

  • å leggje til rette for høg publikumsoppslutning om norske audiovisuelle produksjonar

  • å gje barn og unge tilgang til produksjonar basert på norsk innhald og språk

  • å bevare, formidle og profilera norske audiovisuelle produksjonar

  • å ivareta idé-, talent- og kompetanseutvikling på området, dessutan å sikre eit profesjonelt og sterkt produksjonsmiljø og kostnadseffektive produksjonar

I St.meld. nr. 25 (2003-2004) Økonomiske rammebetingelser for filmproduksjon , gjorde departementet greie for grunngjevinga for den statlege stønaden til norsk filmproduksjon. Denne kan kort oppsummerast slik, jf. s. 7 i den nemnde meldinga:

«Vurdert i forhold til publikumsoppslutning på kino, video og fjernsyn, er film trolig det viktigste kulturutrykket i vår tid. Begrunnelsen for det statlige engasjementet i norsk filmproduksjon er av både kulturell og næringsmessig karakter. Film konkurrerer på et globalt marked og blir vurdert ut fra en felles global målestokk når det gjelder kvalitet og publikumsoppslutning, til tross for svært ulike rammevilkår fra land til land. Produksjon av film er kostbart, og norske filmer har et begrenset markedspotensial. Filmer fra små språkområder har langt svakere inntjeningsmuligheter enn filmer fra større land. Offentlige tilskudd er derfor en forutsetning for å kunne produsere film i de fleste europeiske land.

For å få produsert norske filmer med en viss kvalitet og som reflekterer norsk tenke- og væremåte og som fremmer norsk språk, kultur og fortellertradisjon, er det nødvendig med statlige tilskudd til norsk filmproduksjon. Tilskudd til filmproduksjon er derfor et sentralt kulturpolitisk virkemiddel.»

Marknaden for norske filmar er med andre ord slik at det er naudsynt med statlege tilskot til filmproduksjon i Noreg. Det var brei semje om dette i Stortinget då meldinga vart handsama, jf. Innst. S. nr. 228 (2003-2004).

6.3.2 Statlege tilskot til audiovisuelle produksjonar

I 2005 er det løyvd 447 mill. kroner under kap. 334 Film og medieføremål. Av dette går om lag 392 mill. kroner direkte til filmfeltet, til følgjande tiltak, jf. tabell 6.7:

Tabell 6.7 Statlege tilskot til audiovisuelle produksjonar

PostTiltakBeløp
01Driftsutgifter til:
Norsk filmfond, kr. 15 810 000
Norsk filmutvikling, kr. 9 675 000
Norsk filminstitutt, kr. 62 916 000188 401 000
21Spesielle driftsutgifter:
Oppdragsutgifter ved Norsk filminstitutt3 462 000
50Norsk filmfond:
Filmproduksjon m.m.212 900 000
51Audiovisuelle produksjonar:
Midlar til Norsk filmfond frå TV226 751 000
71Filmtiltak m.m.:
Vestnorsk filmsenter
Tilskot manuskriptutvikling
Tilskot til Norsk filmstudio as10 200 000
72Knutepunktinstitusjonar:
Nordnorsk filmsenter5 416 000
73Regional filmsatsing
Film3, Fuzz, Midtnorsk filmsenter, Medieparken5 500 000
75Medieprogram:
Media Plus14 800 000
78Ymse faste tiltak23 243 000
79Til disposisjon: ulike filmrelaterte tiltak1 315 000
SumFilmrelaterte løyvingarKr. 391 988 000

1 I tillegg kjem eit inntektskrav for Norsk filminstitutt på om lag 10 mill. kroner på 01-posten. 21-posten motsvarar eit inntektskrav tilsvarande løyvinga.

Det er tre statlege verksemder som er underlagde Kultur- og kyrkjedepartementet, og som forvaltar verkemidla retta mot den audiovisuelle sektor. Desse er Norsk filmfond, Norsk filmutvikling og Norsk filminstitutt.

Norsk filmfond vart oppretta i 2001, og alle tilskotsordningane til filmproduksjon vart samla der. Fondet forvaltar følgjande tilskotsordningar:

  • Tilskot til prosjektutvikling og produksjonar av norske langfilmar

  • Billettstøtteordninga

  • Tilskot til kortfilmproduksjon

  • Produksjonstilskot etter marknadsvurdering

  • Tilskot til norsk del av ein internasjonal samproduksjon

  • Tilskot til produksjonsselskap

  • Tilskot til prosjektutvikling innafor nye medium

  • Tilskot til fjernsynsproduksjonar

  • Tilskot til nasjonal filmkommisjon

Norsk filmutvikling er eit kompetanse- og utviklingssenter for det profesjonelle norske filmmiljøet, med særleg vekt på idéskaparane. Ein viktig del av aktiviteten er kurs og seminar. Norsk filmutvikling forvaltar ei tilskotsordning til manuskriptutvikling.

Norsk filminstitutt har som si hovudoppgåve å bevare, formidle og profilere norske audiovisuelle produksjonar til allmennta. Dette omfattar mellom anna restaurering av film, profilering av norske filmar i utlandet og cinematek-framsyningar.

Staten løyver òg midlar til to regionale filmsentrum, Vestnorsk filmsenter A S i Bergen og Nordnorsk filmsenter AS i Honningsvåg. Vestnorsk filmsenter har fått 3,5 mill. kroner i 2005 for tildeling til kortfilmproduksjon. Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune eig dette filmsenteret og finansierer drifta saman med Stavanger kommune og Rogaland fylkeskommune. Nordnorsk filmsenter har fått 5,416 mill. kroner frå staten i 2005 for tildeling til kortfilmproduksjon, dessutan driftsmidlar. Nordnorsk filmsenter er ein knutepunktinstitusjon. Staten dekkjer såleis 70 pst. av driftsmidlane til senteret.

Noreg er med i Nordisk Film- og TV-fond, EU-programmet MEDIA Plus (2001–2006) og Europarådet sitt fond for finansiering av europeiske samproduksjonar, EURIMAGES. Noreg har òg to samproduksjonsavtalar for film (Noreg – Storbritannia frå 1983 og Noreg – Canada frå 1998).

6.3.3 Andre verkemiddel

Kino- og filmbransjen vart innlemma i meirverdiavgiftssystemet frå og med 1. januar 2005 med ei sats på 7 pst., jf. St.prp. nr. 1 (2004-2005). Innlemminga i avgiftssystemet vart gjennomført etter ynske frå bransjen, jf. Innst. S. nr. 228 (2003-2004). Innlemminga i meirverdiavgiftssystemet vart mellom anna innført for å gjere det enklare for bransjen å planleggje, sjå også pkt. 3.8.1.

Etter lov om film og videogram § 3 skal den som driv framsyning av film i næring, svara ei avgift til Norsk kino- og filmfond på 2,5 pst. av bruttoomsetninga. Vidare skal den som vil ha eit videogram registret for omsetning i næring, betale ei avgift til fondet per videogram. Avgifta er for 2005 sett til kr 3,50 per videogram, jf. St.prp. nr. 1 (2004-2005). Avgifta vert nytta til fellesføremål for kino-Noreg (festivalar, filmimport, opplæringstiltak etc.). I 2003 gav ho 56 mill. kroner i inntekter og i 2004 72 mill. kroner (førebels tal). Fondet vert forvalta av Film&Kino, som er ein kommunal medlemsorganisasjon og ein bransjeorganisasjon for film, kino og video.

Staten kompenserer opphavsmenn for statens bruk av kortfilm og bibliotekutlån av videogram gjennom ei eiga vederlagsordning. Norsk filmvederlagsfond vert forvalta av eit eige styre. Løyvinga har dei siste åra vore på om lag 2,4 mill. kroner.

Den statlege eigarskapen og lisensfinansieringa av NRK er kulturpolitiske verkemiddel som skal sikre ein ikkje-kommersiell allmennkringkastar. I 2004 utgjorde kringkastingsavgifta til NRK omlag 3,1 mrd. kroner. TV 2 er tildelt konsesjon til å sende riksdekkjande reklamefinansiert fjernsyn formidla via analoge bakkesendarar i perioden 1. januar 2003 til 31. desember 2009. Som allmennkringkastarar pliktar selskapa å ha sendingar som medverkar til å styrkje norsk språk, identitet og kultur. Etter konsesjonsvilkåra til TV2 skal selskapet betale eit årleg inntektsuavhengig vederlag til staten på 25 mill. kroner. Summen vert justert årleg etter veksten i konsumprisindeksen. Midlane vert nytta til audiovisuelle produksjonar og vert forvalta av Norsk filmfond.

Frå 1. januar 2003 vart NRK teke inn i meirverdiavgiftssystemet. Fjerning av prisforskjellen mellom eksterne og interne produksjonar inneber at NRK vil kunne hente ut gevinstar gjennom effektivisering og kjøp av tenester frå eksterne, mellom anna ved å setje ut produksjon av norsk drama til uavhengige produsentar.

NRK, TV2 og TVNorge skal syte for at minimum 50 pst. av sendetida i fjernsyn utanom nyhende, sport, underhaldningsprogram med konkurranseprega innslag, reklame eller tekstfjernsyn skal avsetjast til å sende europeiske verk og vidare at 10 pst. av nemnte sendetid skal avsetjast til sending av europeiske verk av produsentar som er uavhengige av fjernsynsselskapet. Desse krava følgjer av EØS-avtalens fjernsynsdirektiv.

6.3.4 EØS-avtalen

EØS-regelverket har innverknad på valet og utforminga av dei verkemidla staten kan ta i bruk. Reglane om offentleg støtte i EØS-avtalen inneber at all offentleg støtte til næringslivet som vrir eller kan vri konkurransen, er forbode i den grad handelen mellom EØS-landa vert påverka. Regelverket inneheld likevel fleire generelle unnataksreglar. EFTAs overvakningsorgan (ESA) har ansvaret for ei korrekt gjennomføring av EØS-avtalens reglar om offentleg støtte. Alle planar om innføring av nye offentlege støttetiltak utanom eksisterande støtteordningar skal difor førehandsmeldast til ESA for godkjenning. Det same gjeld endringar i eksisterande ordningar.

ESAs vurdering av norsk filmstøtte vart grundig gjort greie for i St.meld. nr. 25(2003-2004) Økonomiske rammebetingelser for filmproduksjon. Her vart det mellom anna peika på at ESA har lagt til grunn at norske filmar fell inn under kategorien «vanskelege filmar», og at statsstøtta difor kan overstige 50 pst. av produksjonsbudsjettet for vedkomande film. ESA legg implisitt til grunn for godkjenninga av norsk filmstøtte at eit øvre tak på samla tilskot og innføringa av ei tilbakebetalingsordning inneber at ei øvre grense for kor mykje tilskot ein enkelt film kan få, er 75 pst. av totalkostnadane. ESA har godkjent tilskotsordningane fram til og med februar 2007. Før den tid må norske tilskotsordningar notifiserast og godkjennast på nytt.

EU gjennomgår no kriteria for vurdering av statsstøtte til audiovisuelle produksjonar. Noverande regelverk gjeld fram til juni 2007.

6.3.5 Innovasjon Noreg

Innovasjon Noreg gav støtte i form av lån og tilskot på totalt 11,87 mill. kroner i 2004 til næringsgruppa film og video. Av dette gjekk 11,6 mill. kroner til film- og videoproduksjon, 190 000 kroner til distribusjon av film og video og 75 000 kroner til filmframsyning.

6.4 Tiltak og verkemiddel

6.4.1 Innleiing

Eit mål med omlegginga av tilskotsordningane i 2001 var å søkje å styrkje bransjen mellom anna gjennom oppbygging av meir stabile produksjonsmiljø. Det vart til dømes innført produsentstøtte, ei ordning som har til føremål å sikre auka kontinuitet i det norske filmproduksjonsmiljøet. Målet var at ordninga på sikt skulle medverke til strukturelle verknader for bransjen gjennom oppbygging av stabile produksjonsmiljø som legg til rette for å tenkje meir langsiktig, og såleis medverke til å byggje opp kompetanse og kontinuitet i miljøa. Gjennomgangen av filmområdet vil òg ta føre seg utviklinga av bransjen i Noreg. Departementet kjem attende til Stortinget med resultata av gjennomgangen, mest truleg i samband med statsbudsjettet for 2007.

6.4.2 Auka produksjonsvolum

Auka produksjonsvolum kan medverke til å fremje måla for filmpolitikken. Det vil vere med på å gje betre kontinuitet og kompetanse i produksjonsmiljøa og såleis gjere sitt til å utvikle eit profesjonelt og sterkt produksjonsmiljø. Med styrking av kompetansen vil ein også kunne få til kostnadseffektive produksjonar og mest mogleg kvalitet for kvar krone som vert investert. Det er såleis kulturpolitisk ynskjeleg å auke produksjonsvolumet for norske filmar. Høgare produksjonsvolum vil òg kunne gje større aktivitet i andre næringar, særleg kulturnæringane, til dømes litteratur, teater og musikk.

Større volum vil òg ha næringsmessige konsekvensar. Film- og fjernsynsproduksjonar er særs arbeidsintensive. Forutan effektar for sysselsetjinga vil ein volumauke kunne føre til større omsetnad for dei som leverer varer og tenester til produksjonane, til dømes utstyrsleverandørar.

Produksjonane er i stor grad prosjektbaserte, med få permanente arbeidsplassar og mange frilansarar. Dette inneber at arbeidskrafta er mobil, noko som mellom anna har noko å seie for regionar som ynskjer å trekkje til seg filmproduksjonar for å fremje verdiskapinga i regionen. Større lokal aktivitet på filmområdet vil i seg sjølv ha positiv effekt på sysselsetjing og verdiskaping, samstundes som produksjonane vil gje positive synergieffektar og ringverknader for det lokale næringslivet og dermed fleire arbeidsplassar i regionen. Auka produksjonsvolum vil såleis kunne vere med på å styrkje næringsutviklinga i regionane.

Eit høgare produksjonsvolum krev større kapitaltilgang til bransjen, anten gjennom auka offentlege midlar, meir privat kapital eller høgare inntekter.

Statleg støtte

Eit verkemiddel for større produksjon er å auke samla statleg støtte til audiovisuelle produksjonar, til dømes gjennom ein opptrapping av løyvinga over statsbudsjettet over fleire år. Dette må vurderast i samband med dei årlege statsbudsjetta.

Privat kapital

Norske filmproduksjonar er i liten grad finansierte ved kapital frå tradisjonelle investormiljø, jf. St.meld. nr. 25 (2003-2004) Økonomiske rammebetingelser for filmproduksjon :

«Norske filmproduksjoner er i meget liten grad finansiert ved kapital fra tradisjonelle investormiljøer. Kontante investeringer kommer i dag i stor grad fra produksjonsselskapet selv. Dagens regelverk favoriserer ikke en bestemt kapitalkilde fremfor andre.

Sett i forhold til hvilken avkastning det har vært på investeringer i norske filmer med premiere i 2003, er det i utgangspunktet ingen entydig forklaring på hvorfor andelen av kapital fra de tradisjonelle investormiljøene er så lav som den er. Flere av filmene som hadde premiere i 2003 har en beregnet avkastningsgrad på egenfinansieringen på over 50 pst.

Det er antakelig flere faktorer som påvirker andelen og sammensetningen av privat kapital i norske filmer. En kan for eksempel ikke se bort fra at norsk film ikke anses som et kommersielt interessant investeringsobjekt, dersom det kun er snakk om investering i en enkeltfilm. Dersom det imidlertid investeres i flere filmer, vil investorer kunne spre risikoen. På den måten kan investeringer i film bli mer attraktivt. Departementet vil imidlertid presisere at det er lite staten i denne sammenhengen kan gjøre for at private investorer faktisk investerer i norske filmproduksjoner. Det må være opp til filmbransjen selv å ta ansvaret for eventuelt å tiltrekke seg investorer.»

Departementet vil i gjennomgangen av filmområdet også søkje å kartleggje den private kapitalen i norsk langfilmproduksjon.

Inntekter

Det er all grunn til å rekne med at høgt produksjonsvolum gjev større sjansar for at norsk film vil få suksess på kino, og dermed vil inntektene auke. Røynslene frå 2003 og 2004 indikerer dette. Vidare vil suksess på kino også normalt gje høgare sekundærinntekter, jf. m.a. følgjande omtale i St. meld. nr. 25 (2003-2004) :

«I dag representerer sekundærmarkedene en stor andel av produsentens inntekter. Den store økningen i sekundærmarkedene har ført til en økning i produsentens samlede inntekter. DVD er fortsatt i kraftig vekst og det er sannsynlig at sekundærinntektene vil øke ytterligere i de kommende år.

Eksport

Større eksport til utlandet kan òg vere med på å auke innteninga for produsentane. Statistikken syner at 23 pst. av kinobillettane til norske filmar i perioden 1998–2003 vart selde i utlandet. Dette er eit høgt tal, men det finst truleg framleis eit visst uutnytta potensial. At eksportgraden for svenske og danske filmar ligg høgare, kan vere ein indikasjon i så måte, jf. tabell 6.5. Ikkje minst er det interessant med dei marknadene som dubbar framandspråklege produksjonar, til dømes Tyskland. Større eksport av norske film- og fjernsynsproduksjonar til utlandet kan òg gjere sitt til å lokke turistar til Noreg, noko som igjen vil ha positiv effekt på sysselsetjing og verdiskaping.

Departementet viser elles til at det ikkje er eit eksplisitt mål for den statlege filmpolitikken å fremje eksporten av norske filmar i utlandet.

6.4.3 Regional filmsatsing

Innleiing

Fleire regionar i Noreg er i dag opptekne av å satse på filmrelaterte aktivitetar. Vekstpotensialet for regionen ligg på den eine sida i å auke sysselsetjinga ved å byggje opp eit filmmiljø med kontinuerlege filmaktivitetar og på den andre sida i ringverknadene innanfor sørvisnæringar, matforsyning, overnatting og reiseaktivitet, turisme osv.

Departementet ser positivt på dei regionale initiativa, jf. St.prp. nr 1 (2004-2005). Satsing på film og andre audiovisuelle produksjonar i regionane vil kunne medverke til å utvikle lokale filmmiljø som igjen vil vere med å styrkje og vidareutvikle den samla norske filmbransjen.

I 2005 er det løyvd 5,5 mill. kroner til fire regionale filmtiltak, Film 3 på Lillehammer (2 mill. kroner), Fuzz i Bergen (2 mill. kroner), Midtnorsk filmsenter i Trondheim (0,75 mill. kroner) og Medieparken i Fredrikstad (0,75 mill. kroner). Stortinget sette som eit vilkår for løyvinga at det regionalt og lokalt vert løyvd minst like mykje pengar.

Vurdering

Departementet meiner at regionale filmtiltak kan ha ein positiv kultur- og næringspolitisk effekt. Men det er naudsynt at regionane sjølve, både offentleg og privat sektor, investerer i ulike filmaktivitetar, slik at kapitaltilgangen til filmbransjen vert større. Målet med høgare regional filmaktivitet må vere å få produsert totalt fleire filmar, noko som igjen vil kunne vere med på å sikre kontinuitet i produksjonsmiljøa, profesjonalisere bransjen og styrkje kvaliteten og mangfaldet. Tal frå Norsk filmfond viser at om lag 43 pst. av alle langfilmar dei siste åra er produserte utanfor Oslo-regionen. Filmproduksjon har med andre ord alt no mykje å seie for aktivitetar i regionane i Noreg.

Den danske regjeringa la i mai 2001 fram rapporten Undersøgelse af regionale filmfonde – Muligheter og barrierer for offentlig støtte til regional filmproduksjon . Rapporten konkluderte slik:

«Samlet viser gennemgangen af de evhvervsøkonomiske effekter af regionale filmfonde, at effekter ikke kommer af sig selv. Det kræver et stort engagement fra regionen. Og en række grundleggende forudsetninger skal være på plads for at få success. Man kan med andre ord ikke betragte regionale filmfonde som en knap, man blot kan trykke på for at skabe regional beskæftigelse og et rigt kulturliv.»

Røynsler frå Sverige syner at veksten særleg har skjedd ved regionale ressurs- og produksjonssentrum for film som ligg innanfor nokre av EUs målområde for distriktsutviklingsmidlar. Eit døme er Film i Väst i Trollhättan. Film i Väst har utmerkt seg som eit strategisk og vellukka næringssenter i regionen. Verksemda produserer 15–20 filmar i året. Budsjettet ligg på rundt 60 mill. svenske kroner. Suksessen til Film i Väst heng saman med sterk økonomisk støtte frå regionen og frå EU. EU-støtta tek slutt frå og med 2005. Til dømes var den regionale støtta til Film i Väst i 2004 på 31 mill. svenske kroner, medan den statlege medverknaden ikkje var på meir enn 3,3 mill svenske kroner. Samstundes var EU-støtta på 10 mill. svenske kroner. Røynslene frå Film i Väst tyder på at det er naudsynt med stor kapitaltilgang og høgt produksjonsvolum for å stimulere til varig vekst i regionen.

Film i Väst er òg eit døme på kva for kulturpolitiske utfordringar regionale filmfond står overfor. Om lag halvparten av alle svenske langfilmar vert i dag spela inn Trollhättan. Fleire aktørar innanfor filmbransjen åtvarar mot at verksemda kan utarme produksjonsmiljøet i andre delar av Sverige.

Noreg har ikkje tilgang til distriktsutviklingsmidlar frå EU, slik både Sverige og Danmark har. Regionale filmfond som er finansierte med offentlege midlar i Noreg, kjem likevel inn under reglane om statsstøtte i EØS-avtalen, jf. også pkt. 3.6.3. Det gjeld anten midlane er kommunale, fylkeskommunale eller statlege. Slik støtte kan i særlege tilfelle aksepterast dersom det til dømes dreier seg om støtte til særskilde område, mellom anna kultur. Med andre ord må støtta vere kulturpolitisk motivert. Næringsstøtte er berre tillaten i form av investeringsstøtte som har som føremål å styrkje utviklinga i regionar og distrikt, og som er tidsavgrensa. Det er også svært strenge reglar for kva regionar som då kan godkjennast å ha rett på støtte.

Svenska filminstitutet har sett i gang ein studie som skal sjå på koplinga mellom film og regional utvikling i Norden. Studien vil vere ei første undersøking og kartlegging av kva rolle filmen kan spele i regional utvikling i dei nordiske landa og kva rolle som ulike offentlege aktørar kan ha i den samanhangen. Det er meininga at studien skal vere ferdig i juli 2005.

Departementet kjem attende til spørsmålet om auka satsing på regionale filmtiltak i dei årlege budsjettproposisjonane etter at filmsektoren er gjennomgått. Det vil vere naturleg også å vurdere dei resultata som kjem fram i den svenske studien.

6.4.4 Styrking av marknaden for uavhengige fjernsynsproduksjonar

Danmark opplever internasjonal suksess både innanfor fjernsynsdrama og langfilm. Ei av årsakene er det tette samspelet mellom dei to delane av det audiovisuelle miljøet. Film- og fjernsynsbransjen i Noreg har her ei stor utfordring. Den kreative og faglege utvekslinga av kompetanse bransjane imellom bør styrkjast. Norsk filmfond og Norsk filmutvikling har sett i gang eit prosjekt under namnet Emmy 2007 . Prosjektet har som mål å samordne ressursane innanfor film- og tv-miljøet for å sikre det norske folk betre drama på sitt eige språk. Suksess på dette feltet vil truleg òg auke sjansane for eksport av norsk fjernsynsdrama.

EØS-avtalens fjernsynsdirektiv artikkel 5 stiller eit krav om at minst 10 pst. av sendetida i fjernsyn (utanom nyhende, sport, underhaldningsprogram med konkurranseprega innslag, reklame eller tekstfjernsyn) skal avsetjast til å sende europeiske verk av produsentar som er uavhengige av fjernsynsselskapet. Kravet er heimla i forskrift om kringkasting §§ 2-1 og 2-2. NRK, TV 2 og TVNorge pliktar å følgje dette kravet.

I 2003 nytta NRK 24 pst. av den relevante sendetida (29 pst. i NRK1 og 16 pst. i NRK2) til europeiske uavhengige produksjonar. Vidare var gjennomsnittlig sendetid for NRK, TV 2 og TVNorge til uavhengige produksjonar i 2002 på 27 pst. Dette var over EU-gjennomsnittet på omlag 20 pst. TV 2 er den største kjøparen av uavhengige fjernsynsproduksjonar i Noreg.

Frå 1. januar 2003 vart NRK teke inn i meirverdiavgiftssystemet. Fjerning av prisbarrieren mellom eksterne og interne produksjonar inneber at NRK vil kunne hente ut gevinstar gjennom effektivisering og kjøp av tenester frå eksterne, mellom anna ved å setje ut produksjonar til det uavhengige miljøet. NRK har sett seg som mål å setje ut 10 pst. av programproduksjonen sin til det norske uavhengige produksjonsmiljøet innan 2006. Etter det NRK opplyser, utgjer dette 100-110 mill. kroner. Til samanlikning var NRKs bidrag til norske uavhengige programproduksjonar 40 mill. kroner i 2003 og 69,2 mill. kroner i 2004. Arbeidet med å setje ut programproduksjon har alt teke til. Dette er positivt og vil kunne gjere sitt til at det vert større kreativ og fagleg utveksling av kompetanse bransjane imellom, noko som igjen kan vere med på å fremje måla for filmpolitikken, mellom anna å sikre norske audiovisuelle produksjonar av høg kvalitet og å sikre eit profesjonelt og sterkt produksjonsmiljø.

Departementet vil no i samråd med kringkastingsselskapa vurdere om det skal stillast særskilde krav om ein monaleg auke i norskspråklege sendingar frå uavhengige produksjonsselskap.

6.5 Insentiv for å få utanlandske filmproduksjonar til Noreg

6.5.1 Bakgrunn

Stortinget har bede om ein gjennomgang av ulike tiltak som kan gjere sitt til at det vert produsert fleire utanlandske filmar i Noreg, jf. pkt. 6.1. Fleirtalet peikte mellom anna på ynsket om å trekkje til seg privat kapital og utanlandske produksjonar for å styrkje norsk filmproduksjon og for å auke verdiskapinga. Fleirtalet viste mellom anna til ulike insentivordningar, som refusjonsordningar for utanlandske selskap, skattefordelar ved investering i film og skattekreditt gjennom avskrivingsordningar.

PriceWaterhouseCoopers (PwC) har på oppdrag frå Norsk filmkommisjon utarbeidd ein analyse av kva samfunnsøkonomisk innverknad norsk filmproduksjon har, jf. Rapporten «Film som vekstnæring ». Analysen er basert på ein dansk modell med utrekning av den direkte effekten av norsk filmproduksjon, dvs. dei direkte følgjene av filmproduksjon, den indirekte effekten, dvs. verksemd som sel tenestene sine til filmbransjen eller vidareformidlar dei til publikum, og den avleidde effekten, dvs. den samfunnsøkonomiske effekten dei direkte og indirekte bidraga fører med seg, til dømes forbruk. I rapporten er det rekna ut at norsk filmproduksjon har ein omsetningsmultiplikator på 1,34, dvs. tilhøvet mellom den direkte og indirekte omsetninga, medan tilsvarande tal på årsverk er rekna til 1,37. Desse utrekningane er usikre, særleg fordi datagrunnlag er svært usikkert, noko rapporten også peikar på.

6.5.2 Eksisterande verkemiddel

Nærings- og handelsdepartementet har i dei seinare åra løyvd i overkant av 100 mill. kroner årleg til marknadsføring av Noreg som reisemål. Innovasjon Noreg har ei rekkje strategiar for kva det skal satsast på i dei ulike marknadene. Så langt er marknadsføring av Noreg som eit eige land for filmproduksjon ikkje gjeve høgaste prioritet. Filmproduksjon er likevel ikkje eit uprøvd medium. Innovasjon Noreg gav gjennom det dåverande Noregs turistråd tilskot til mellom anna filmen Jeg er Dina , som vart spelt inn på Kjerringøy. Også ein dansk familiefilm, der dei fleste opptaka vart gjort på Geilo vinterstid, har fått tilskot. Begge desse filmane er i stor grad brukte for å selje norsk natur og norsk kultur. Når norske skodespelarar er med i filmane, har desse stilt på arrangement i regi av Innovasjon Noreg. Det er ikkje lett å måle kva effekt slike filmar kan ha på salet av Noreg som turistnasjon og reisemål. Til dømes vart ikkje filmen Jeg er Dina den publikumssuksess som ein hadde venta.

Norsk filmkommisjon er ei stifting som vart oppretta i 2002 ved Bergen Media By, og som har sete i Bergen. I St.prp. nr. 1 (2000-2001) gjorde departementet framlegg om tilskot til kommisjonen:

«Departementet foreslår at det gis et tilskudd til å etablere en nasjonal filmkommisjon utenfor Østlandsområdet. Filmkommisjonen skal særlig legge til rette for utenlandsk produksjon av film i Norge ved å bistå produsenter i å finne innspillingssted, skaffe til veie nødvendig tillatelser, personale, tekniske fasiliteter m.v. Tilskuddet forvaltes av fondet.»

Verksemda til Norsk filmkommisjon ligg i skjeringspunktet mellom kultur- og nærings- og distriktspolitikk. Om aktiviteten i Norsk filmkommisjon kan vere med på å styrkje norsk audiovisuell industri, er avhengig av om dei utanlandske filmproduksjonane gjev sysselsettjng for norske filmarbeidarar.

Det er ikkje ført statistikk over utanlandske filmproduksjonar i Noreg før 2003, men Norsk filminstitutt reknar med at det har vore produsert 2-3 utanlandske langfilmar årleg i Noreg dei siste 10-15 åra.

Norsk filmkommisjon opplyser at det er mange utanlandske selskap som tek kontakt med kommisjonen om filmproduksjon i Noreg. I 2003 tok 30 utanlandske selskap kontakt, og i 2004 var talet oppe i 45. Om lag 30 utanlandske produksjonar vart realiserte i 2004, mot 18 i 2003. Av dei 30 var 16 formidla av Norsk filmkommisjon, medan 14 kom som eit resultat av at dei utanlandske produsentane tok direkte kontakt med norske produsentar. To av dei største prosjekta var tv-produksjonar («reality show»). Om lag ti var reklamefilmar, ofte berre nokre bilete og ikkje heile produksjonar, to-tre av produksjonane var langfilmar, medan resten var tv-produksjonar.

Det går fram at dei 30 utanlandske produksjonane i 2004 la igjen ei samla direkte omsetning på om lag 19 mill. kroner. I tillegg kjem næringsmessige ringverknader. Kommisjonen reknar med at produksjonane medverka med om lag 100 årsverk for norske profesjonelle filmfolk.

Departementet strekar under at det ikkje har grunnlag for å kvalitetssikre tala frå kommisjonen.

Norsk filmkommisjon har til no verka kort tid, og det er difor vanskeleg å vurdere resultatet av kommisjonens arbeid og dermed effekten av den statlege løyvinga. Departementet kjem attende til dette i samband med gjennomgangen av filmområdet.

6.5.3 Kulturpolitisk vurdering

Hovudmotivasjonen for den statlege filmpolitikken er som nemnt ovanfor å sikre publikum tilgang på eit godt og mangslunge audiovisuelt tilbod tufta på norsk språk, norsk kultur og norske samfunnsforhold. For å oppnå dette målet vert det gjeve tilskot til norsk innhaldsproduksjon. Produktet i møte med publikum er såleis målet med filmpolitikken. Slik departementet ser det, kan ikkje direkte eller indirekte statleg tilskot til utanlandske produksjonar seiast å falle inn under denne hovudmotivasjonen. Utanlandske filmproduksjonar vil likevel kunne ha synergieffektar for norsk filmindustri, dersom dei gjev arbeid til norske filmarbeidarar og dermed er med på å fremja målsettinga om å «å ivareta idé-, talent- og kompetanseutvikling på området, dessutan å sikra eit profesjonelt og sterkt produksjonsmiljø og kostnadseffektive produksjonar». Dersom ein utanlandsk filmproduksjon t.d. tek med seg heile staben frå utlandet, vil effektane for den norske filmbransjen vere minimale.

Fellestrekk ved insentivordningane som er etablerte i nokre europeiske land dei seinare åra, er at dei har som mål og grunngjeving å auke eller tryggje sysselsetjinga i filmproduksjonssektoren og å heve kompetansenivået i det lokale filmmiljøet. Insentivordningane skal dels vere med på å trekkje til seg utanlandske produksjonar, dels motverke at nasjonale produksjonar flyktar til gunstigare vilkår i utlandet. Samstundes ligg det til grunn for ordningane eit meir allment motiv om auka omsetning av slike varer og tenester som filminnspelingar krev, hotelltenester, servering, reise, generelle tekniske tenester m.m. Dei har difor oftast karakter av fritak frå eller refusjon av avgifter, typisk frå meirverdiavgift, men det er også krav om at innspelinga skal gjerast lokalt. Eit anna fellestrekk ved insentivordningane synest å vere at det produksjonane som nyt godt av desse ordningane, vurderast som nasjonale, etter ulike kriterier i dei ulike landa, jf. til dømes trilogien Ringenes Herre.

Utanlandske filmproduksjonar vil utan tvil ha positive ringverknader for fleire næringar i Noreg. Frå ein kulturpolitisk ståstad vert likevel hovudspørsmålet om utanlandske filmproduksjonar i Noreg er så viktige for å fremja måla for filmpolitikken at det her bør innførast insentivordningar som i så fall kjem i staden for løyvingar til andre filmføremål under kulturbudsjettet.

Departementet kan ikkje sjå at ei slik omprioritering er tilrådeleg. Det er ei betre løysing og meir i samsvar med dei overordna filmpolitiske måla å nytte tilskot til å produsere nye og fleire norske audiovisuelle produksjonar enn å subsidiere utanlandske produksjonar.

6.5.4 Næringspolitisk vurdering

Ein modell for støtte til utanlandske filmproduksjonar som særleg har vorte framheva, er ein refusjonsmodell (rabattmodell) der ein viss del av utgiftene, m.a. statlege avgifter, skal refunderast etter at innspelinga er ferdig. Det er vist til at ordninga skal vere vanleg i andre land som ofte blir nytta som innspelingsstad, t.d. i New Zealand.

I tillegg til den direkte verknaden for filmmiljøet vert det argumentert for at slike ordningar vil vere med på å auke den samla verdiskapinga ved at midlane som vert nytta i Noreg vert høgare enn verdien av dei avgiftene staten vil tape. Det er likevel vanskeleg å sjå at slike ordningar vil vere samfunnsøkonomisk lønnsame. Staten treng uansett eit visst skatteproveny, og gunstigare skatteordningar for filmproduksjon vil dermed føre til høgare skattenivå for andre grupper. Dette vil kunne vere med på å vri ressursbruken i samfunnet, slik at det vert nytta fleire ressursar i filmindustrien enn det som er samfunnsøkonomisk lønnsamt. Motsett kan mindre ressursar enn det som er samfunnsøkonomisk lønnsamt verte kanalisert til andre næringar.

Boks 6.2 Kvifor vart trilogien Ringenes Herre produsert på New Zealand?

Regissøren for trilogien Ringenes Herre, Peter Jackson, kjem frå New Zealand. Han kunne garantere for at manusproduksjon, preproduksjon, filming og postproduksjon var mogeleg å gjennomføre på New Zealand. Filmen vart sertifisert som ein newzealandsk film, noko som er ein føresetnad for å kunne nyttiggjere seg av skatteinsentiva for filmproduksjon på New Zealand.

«The Film Commission» er autorisert til å sertifisere filmar som har «significant New Zealand content». Det er mellom anna eit krav om at regissør eller manusforfattar er newzealandsk eller at filmen er fullstendig nasjonalt leidd. New Zealand har ein svært passande natur for filmprosjektet og var allereie etablert som ein landskapsbasert location. Det generelle kostnadsnivået i New Zealand er lågt. Produksjonskostnadene er 20 pst. lågare i New Zealand enn i Australia og om lag 32 pst. lågare enn i Canada, sjølv etter at skatteinsentiv og rabattar vert rekna med. Ein NZ-dollar har same kjøpekrafta som ein US-dollar, men kostar halvparten. I tillegg kjem fleksible arbeidstidsreglar, noko som påverkar kostnadene ved filmproduksjon.

Provenyverknader er ein avgrensa del av dei samla samfunnsøkonomiske verknadene. Dei ringverknadene i form av multiplikatoreffektar som Norsk filmkommisjon argumenterer med, er heilt ordinære verknader som vert utløyste av all slags offentleg støtte, og som ikkje i seg sjølv er eit argument for å tildele slik støtte. I så måte er det ikkje relevant at det vert skapt arbeidsplassar i samfunnet i kjølvatnet av auka aktivitet i éin sektor. Motposten vil vere at anna verksemd som er lønnsam utan offentleg støtte, mistar tilsvarande arbeidskraft.

Dersom ein skal kunne forsvare offentleg støtte til utanlandsk filmproduksjon ut frå omsynet til verdiskaping, må det vere fordi ein ynskjer å oppnå særskilde verknader overfor reiseliv eller sysselsetjingsmønster i eit særskilt område av landet. Dersom regionale einingar eller det sentrale verkemiddelapparatet vurderer utanlandske filminnspelingar som det beste tiltaket for å oppnå målsetjingane, er det fullt mogleg å utforma regionale reiselivstiltak i tråd med dette.

Som nemnt andre stader i meldinga løyver Nærings- og handelsdepartementet årleg noko over 100 mill. kroner til Innovasjon Noreg, som igjen har nytta midlar til særskilde tiltak i samband med filminnspelingar, m.a. Jeg er Dina . I 2004 vart det løyvd 20 mill. kroner til kulturbasert næringsutvikling, der filmproduksjon inngår.

Regjeringa kan ut frå det som går fram ovanfor, ikkje sjå at det er grunnlag for å ta i bruk særskilde insentivordningar for å stimulere til auka utanlandsk filmproduksjon i Noreg. Eksisterande ordningar og verkemiddel kan nyttast der det er behov for det.

7 Musikkfeltet

7.1 Innleiing

Norsk musikkliv står i dag fram som ein livskraftig del av norsk kulturliv. Innanfor eit stort mangfald av sjangrar og uttrykk vert det rekruttert mange unge utøvarar på eit svært høgt nivå. Det systematiske utdanningstilbodet som er bygd opp gjennom friviljug verksemd, kommunale kulturskular og opp til høgskulenivå, er eit vesentleg fundament for denne utviklinga.

Historisk har det vore relevant å sjå på musikk som næring først og fremst innanfor visse sjangrar. Den klassiske og samtidige kunstmusikken og smalare segment innanfor sjangrar som jazz, vise- og folkemusikk er i hovudsak rekna som delar av eit ikkje-kommersielt produksjons- og formidlingssystem for kunstnariske musikkverk der nærings- og marknadsrelaterte aspekt har vore avgrensa og underordna.

Pop, rock og populære delar av jazz-, vise- og folkemusikkfeltet har i motsetnad til dette primært vorte rekna som marknadsbasert musikk. Desse sjangrane har såleis gjeve grunnlag for næringsverksemd tufta på produksjon, distribusjon og konsum av kommersielle musikkprodukt.

I dag gjev ei slik todeling av musikkfeltet mindre meining. Det kan vere like relevant å sjå kunstnarisk kvalitet og kommersielt potensial som ulike aspekt ved all verksemd i musikklivet. Næringsaspektet er ut frå ein slik tankegang eitt av fleire mogelege perspektiv på all profesjonell aktivitet i musikkfeltet. Det betyr sjølvsagt ikkje at eit kvart skilje mellom kunstnarisk og kommersiell satsing er oppheva, eller at næringspotensialet er det same innanfor alle delane av musikkfeltet. Når ein skal vurdere musikk som næring, er det nødvendig å ta omsyn til desse ulikskapane, men utan å leggje til grunn eit sjangermessig skilje mellom kvalitets- og kunstnarisk orientert musikk og marknadsbasert musikk.

7.2 Verkemiddel

Kultur- og kyrkjedepartementets økonomiske verkemiddel er i hovudsak retta mot det profesjonelle musikklivet med tilskot til produksjon, distribusjon og formidling. Frå ein kulturpolitisk synsvinkel er det eit mål å støtte opp under dei delane av musikkbransjen som ikkje klarer seg på eiga hand i ein marknad. Dei viktigaste verkemidla på musikkfeltet er innkjøpsordninga for fonogram, offentleg støtte til plateproduksjonar, ensemble og orkester, turnéstøtte for orkester, turné- og arrangørstøtte for rock og populærmusikk, støtte til musikkfestivalar og støtte til organisasjonsarbeid og opplæring.

I 2004 vart det samla løyvd om lag 436 mill. kroner til musikkføremål over Kultur- og kyrkjedepartementets budsjett. Løyvinga omfatta mellom anna tilskot til Rikskonsertane, seks symfoniorkester, eitt blåseensemble og fire festivalar og festspel med status som knutepunktinstitusjonar.

Under Norsk kulturråd vart det samla løyvd om lag 135 mill. kroner til musikkføremål i 2004. Norsk kulturråd har som hovudmål å støtte nyskapande og utøvande verksemd på eit høgt kunstnarisk nivå og å medverke til å verne og gjere den norske musikkarven tilgjengeleg. I 2004 vart det gjeve tilskot til 48 musikkfestivalar, 44 musikkensemble, klassikarutgjevnader for fonogramområdet, innkjøp av nye norske fonogram og tingingsverk og ulike faste tiltak. Det vart vidare gjeve tilskot gjennom ulike støtteordningar til komponistar, utøvarar, konsertarrangørar og plateinnspelingar. I tillegg har Utanriksdepartementet ei tilskotsordning for reisestøtte på om lag 1 mill. kroner årleg forvalta av Musikkinformasjonssenteret (MIC).

Musikkfeltet får også inntekter gjennom opphavsrettar. I 2001/2002 utgjorde desse om lag 300 mill. kroner, der inntektene frå TONO (rettar for komponistar) utgjorde 239 mill. kroner, medan GRAMO (rettar for utøvarar og produsentar) utgjorde vel 60 mill. kroner. Dei største inntektene kjem frå radio og fjernsyn. I 2003 var det kravd inn 359 mill. kroner. I overkant av 300 mill. kroner vart tilbakeførte til opphavspersonane.

Frå Fond for lyd og bilete vart det i 2003 gjeve vel 11 mill. kroner i tilskot til musikkføremål. Frå 2005 er det dessutan innført ei eiga ordning for individuell kompensasjon for kopiering av åndsverk til privat bruk.

Det statlege tilskotet til kulturskular var i 2003 om lag 91 mill. kroner over budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet. Dette vart frå 2004 lagt inn i rammetilskotet til kommunane. Det vert gjeve tilbod om musikkundervisning i alle kulturskular. Norsk kulturskuleråd oppgjev at skuleåret 2003-2004 omfatta nær 996 000 årstimar musikkundervisning fordelt på 81 751 elevplassar.

Også delar av det næringspolitiske verkemiddelapparatet som til dømes Innovasjon Noreg, og nokre av kunnskaps- og næringshagane spelar og kan spele viktige roller i utviklinga av musikk som næring. Viktige verkemiddel kan vere kompetansehevande tiltak både innan marknadsføring, merkevarebygging og generell forretningsdrift, eller ulike former for finansiell støtte. Det vil vere viktig å utvikle den musikkfaglege kompetansen i Innovasjon Noreg og utvikle eit gagnleg samvirke med bransjen sjølv.

Boks 7.1 GAFFA

Prosjektet GAFFA er eit konkret samarbeidsprosjekt mellom film- og musikknæringa i Bergen. Prosjektet vart gjennomført i 2004 og hadde som mål å produsere musikkvideoar av høg fagleg kvalitet og med internasjonalt potensial av og for bergensbaserte plateselskap, artistar og produksjonsselskap. Hovudmålsetjinga var å styrkje småbedrifter innan både film- og musikknæringa i Bergen. Gjennom GAFFA vart det produsert 5 musikkvideoar og ein rammefilm som knyter desse i hop. Prosjektet vart finansiert av Sparebanken Vest, Vestnorsk filmsenter, Innovasjon Noreg og Bergen kommune.

Andre inntektskjelder for musikksektoren

Det er store variasjonar i samarbeidet mellom kulturliv og næringsliv på musikkområdet. Graden av kommersiell inntening på produksjon og formidling av konsertar og plateinnspelingar varierer også. Inntektsgrunnlaget for institusjonar og tiltak på musikkområdet er samansett, også for institusjonar med statleg finansiering. Dei totale eigeninntektene til dei seks orkestra med tilskot frå Kultur- og kyrkjedepartementet utgjer til dømes frå 5 pst. til 23 pst. av dei samla inntektene. Dei totale eigeninntektene i knutepunktfestivalane utgjer frå 26 pst. til 76 pst. av dei samla inntektene. Totale eigeninntekter er inntekter som kjem i tillegg til offentleg tilskot og dekkjer eit breitt spekter av inntektskjelder frå sal av billettar, sponsorinntekter, sal av effektar og kompetanse.

Eitt av måla for den offentlege musikkpolitikken er å gjere musikk av høg kunstnarisk kvalitet tilgjengeleg for flest mogeleg. Dei seinare års publikumstal for dei statleg støtta musikkinstitusjonane har auka jamt. Konsertverksemda og dei billettinntektene dette gjev, utgjer i dei fleste tilfella den største delen av eigeninntektene.

Abonnementssal er særleg viktig, sidan faste abonnentar utgjer stamma i orkesterpublikummet. Det er viktig å sikre eit tilbod som tilfredstiller abonnementsgruppa, samstundes som ei utviding og fornying av publikum vert stadig meir aktuelt. Gjennom særlege produksjonar med ein profil som representerer nye innfallsvinklar til nye grupper, til dømes born og unge eller studentar, har orkestra sett at det eksisterer eit større publikumspotensial. Ulike rabattordningar for å stimulere til bruk av konsertane er eit anna verkemiddel. I tillegg til å medverke til større eigeninntening, er slike tiltak med på å oppfylle dei statlege målsetjingane på feltet.

Det er meir og meir vanleg at musikkinstitusjonar som mottek driftstilskot frå Kultur- og kyrkjedepartementet også mottek sponsorstøtte frå næringslivet. Dette kan vere til prosjekt, turnéar, plateinnspelingar eller i form av faste sponsoravtalar. For orkesterinstitusjonane utgjer dei faste kostnadene ein etter måten stor del av budsjettet. Sponsormidlar som kan gå direkte til kunstnarisk verksemd vert stadig viktigare. Når det gjeld enkeltmusikarar kan sponsoravtalen anten gjelde ensemblet eller eit særskilt prosjekt.

Friviljug arbeid

Store mengder friviljug innsats i ulike delar av musikklivet er viktig både som direkte og indirekte bidrag til dei næringsmessige sidene ved heilskapen. Dette gjeld sjølvsagt innsatsen til dei mange konsertarrangørane som arbeider på friviljug basis. Det gjeld i særleg grad festivalane som kvart år mobiliserer ikkje-betalt arbeidskraft i eit svært stort omfang. Når det gjeld kunstnarane sjølve, gjer også dei ein stor ikkje-betalt arbeidsinnsats. Det finst ingen utrekningar av den økonomiske verdien av aktiviteten, men det er ingen tvil om at den samla ytinga er omfattande og representerer økonomiske verdiar som har mykje å seie for det samla blandingsøkonomiske produktet på musikkfeltet.

Den breie amatørbaserte aktiviteten er ein viktig del av musikklivet. Kommunane spelar den viktigaste rolla i finansiering av den lokale aktiviteten. Dei landsomfattande musikkorganisasjonane får tilskot frå Norsk kulturråd. I 2004 mottok 27 landsomfattande organisasjonar om lag 15 mill. kroner i tilskot til drift. Friviljug sektor mottek også midlar frå tippeoverskotet og statleg tilskot til lokal aktivitet gjennom Frifondsordninga. Norsk musikkråd mottok samla nær 35 mill. kroner til lokal verksemd på musikkområdet i 2004. I tillegg kjem tilskot til vaksenopplæring til studieorganisasjonane frå Utdannings- og forskingsdepartementet.

I tillegg til å vere viktige rekrutteringsbasar til musikksektoren, representerer dei friviljuge organisasjonane også etterspurnad som gjev grunnlag for næringsverksemd. Musikernes fellesorganisasjon opplyser at om lag 1000 profesjonelle musikarar er engasjerte i kor og korps. Norges Musikkkorps Forbund opplyser at korpsa årleg kjøper instrument for om lag 70 mill. kroner, har utgifter til opplæring på 142 mill. kroner og har utgifter til notar, uniform og reiseverksemd som overstig 165 mill. kroner per år.

7.3 Struktur og utviklingstrekk i musikkfeltet

7.3.1 Sysselsetjing

Som produksjonsfelt er musikkområdet til liks med andre kulturområde strukturert ut frå opphavrettshavarane sin produksjon av kunstverk. Komponistar, låtskrivarar og tekstforfattarar er individuelle eller kollektive verkprodusentar. Dei dannar kjernen i eit omfattande nettverk av aktørar knytt til ulike former for produksjon og distribusjon. Heile dette apparatet produserer varer og tenester anten til andre aktørar i produksjonssystemet eller til sluttbrukarane – konsertpublikummet, platekjøparane og amatørmusikarane. Det er eit stort mangfald av aktørar, ulike yrkesgrupper og arenaer som til saman utgjer den norske musikkbransjen. I tillegg kjem ei stor gruppe friviljuge som er svært viktig både i opplæringa, ved konsertverksemd og i særleg grad i samband med festivalane.

Det er vanskeleg å stadfeste talet på personar som arbeider i feltet, særleg sidan ein og same person gjerne har ulike roller. ØF-rapport nr. 10: 2004 legg til grunn at musikkbransjen sysselsette om lag 2700 personar i 2002, noko som utgjorde om lag 0,1 pst. av sysselsetjinga i landet. Denne delen har vore relativt stabil sidan midten av 1990-talet.

Med basis i tal frå musikkorganisasjonar og musikkforbund reknar Østlandsforsking med at det er om lag 5500-6000 yrkesaktive komponistar og musikarar i Noreg, der mange av desse også har anna arbeid i tillegg.

I tillegg til dette kjem sysselsetjinga i dei andre delane av verdikjeda som mellom anna omfattar platestudio, plateselskap, sal av musikk og musikkinstrument, spelestader og festivalar og impressario/bookingagentar, produsentar, aktørar innanfor lys-, lyd- og sceneteknikk og utstyrsutleige.

Tala som er brukte i omtalen nedanfor er henta frå ulike kjelder som ulike offentlege dokument, utgreiingar og oppgåver frå bransje- og opphavsrettsorganisasjonane. Mange av opplysningane er henta frå Musikkinformasjonssenteret (MIC). Tala må reknast som estimat.

7.3.2 Kunstnarisk arbeid

Det kunstnariske arbeidet vert utført av komponistar og musikarar. Komposisjon skjer på ulike måtar i ulike delar av musikklivet. I kunstmusikken er skiljet mellom komponist og utøvar relativt skarpt. I folkemusikk, pop, rock og jazz er det større tendensar til kollektiv komposisjon. Band og ensemble utviklar ofte musikalsk materiale i prosessorientert samarbeid.

I kunstmusikken er det tradisjon for at delar av komponistane sitt arbeid er tufta på etterspurnad i form av tingingsverk. Produksjon av teater- og filmmusikk, vignettar til medium og reklame, ringelydar for mobiltelefonar og annan «bruksmusikk» har også utgangspunkt i ein marknadsmessig etterspurnad. Hovudsaka er likevel at komponistane produserer verk på eit reint kunstnarisk grunnlag. Inntektsdanninga er i slike tilfelle tufta på opphavretten. Framstilling, framføring og kopiering av verket gjev lovfesta rett til royalty, jf. omtale ovanfor. Dei siste tiåra har det vore ein sterk vekst i talet på komponistar i Noreg. Den avgjort største tilveksten har funne stad i populærkomponistane sine rekkjer.

Den største gruppa sysselsette i det norske musikklivet er utøvande musikarar. Musikernes fellesorganisasjon reknar med at om lag 4000 musikarar er frilansarar eller sjølvstendig nær­ings­drivande. Nokre er fast tilsette i til dømes symfoni- og militærorkestra, i NRK, ulike scenekunstinstitusjonar og distriktsmusikarordningar. Lokaliseringa av orkester, ensemble og grupper gjev ei relativt god geografisk spreiing, jamvel om kunstnarstanden primært er å finne i byar og bynære område.

Eit stort tal profesjonelle musikarar har kombinerte karrierar. Mange driv kunstnarisk tilknytt verksemd som undervisning og andre arbeider også utanfor musikklivet sine rekkjer. Offentlege oppdrag, prosjektstøtte, stipend og garantiinntekter for komponistar utgjer ein stor del av inntektsgrunnlaget i feltet sett under eitt.

Den langsiktige tendensen i dei norske kunstnarane sine yrkes- og inntektsvilkår frå 1970-talet og fram til i dag har vore at inntektene frå kunstnarisk arbeid for komponistar og musikarar gjennomsnittleg er låge og at kunstnarar ikkje heng med på auken i inntektsnivået i samfunnet elles. Men variasjonane er svært store innanfor alle sjangrar, jf. nærare omtale i kap. 4.

Tabell 7.1 Overslag utøvande musikarar og songarar (2004)

Orkester480
Opera og ballett145
Militære korps150
Kyrkjemusikarar800
Andre arbeidsgjevarar400
«Frilansarar» og eiga næring4 000
Sum5 975

Kjelde: Musikernes fellesorganisasjon

Tabell 7.2 Overslag over musikk- og songpedagogar

Musikk- og kulturskular3 600
Grunnskular og vidaregåande skular1 000
Høgskular og universitet500
Andre institusjonar100
Kor og korps m.m.1 000
VaksenopplæringUkjent
Eiga næring (privatpraktiserande)800
Sum7 000

Kjelde: Musikernes fellesorganisasjon

7.3.3 Produksjon og distribusjon av fonogram

Platebransjen gav i 2003 ut i alt 373 titlar på CD. Gramofongrossistenes Forening (GGF) oppgjev at det same året vart omsett 13,3 mill. fonogram, i hovudsak CD-ar, til ein verdi av 1,74 mrd. kroner. Om lag tre fjerdedelar av CD-salet til nordmenn er internasjonale artistar først og fremst innanfor populærmusikk. Ein femtedel av CD-salet omfattar innspelingar av norske artistar og musikarar. Dette er svært lågt samanlikna med dei fleste andre land. Dei andre nordiske landa sel om lag dobbelt så mykje av lokale artistar. Fire prosent av omsette fonogram er i sjangeren klassisk musikk. Etter ein markant auke på 1980- og 1990-talet, har omsetninga i fonogrambransjen variert ein del dei siste åra og viser samla sett ein viss nedgang.

Dei om lag 120 plateselskapa i Noreg er organiserte i to ulike bransjeorganisasjonar. Dei internasjonale selskapa er knytte til IFPI, med om lag 20 medlemer. Selskapa organiserte i IFPI står for om lag 90-95 prosent av all omsetjing av fonogram i Noreg, og om lag 60 prosent av det som vert seld av norsk musikk. Dei fire største internasjonale selskapa står for om lag tre fjerdedelar (72 pst. i 2002) av den legale omsetninga.

Mange av dei norske fonogramutgjevarane er organiserte i FONO. Desse står for 5-10 pst. av den totale omsetjinga, men representerer til saman det største talet norske utgjevingar. Felles for alle FONO-selskapa er at dei er norskeigde. Medlemsmassen i FONO har vist sterk stigning dei siste åra, og har no om lag 90 medlemer.

I 2002 var det berre Kirkelig Kulturverksted og Bare Bra Musikk som hadde meir enn ein prosent av totalmarknaden. Desse har etter måten mykje å seie for omsetjinga av norsk musikk med 11 pst. og 19 pst. av norskdelen.

Musikkfeltet er prega av få store, ofte internasjonale aktørar samstundes som det skjer ein veldig tilvekst av små føretak, først og fremst enkeltmannsføretak. Det er også ein tendens til vertikal og horisontal integrasjon av selskap, noko som gjev færre, store einingar og større marknadsmakt til nokre få internasjonale selskap som kontrollerer musikkmarknaden. Fleire av sjangerorganisasjonane har eigne plateselskap. Ei rekkje artistar og ensemble gjev dessutan ut plater på eigen «lable». Mange tek seg av platedistribusjon, booking, turnéplanlegging, PR og annan administrasjon på eigne vegner.

Organisasjonsstrukturen i musikkfeltet har konsekvensar både for eigarskap, marknadsmakt og tilgang på investeringskapital. Dei internasjonale plateselskapa aukar marknadsmakta si, av di dei er dei einaste som disponerer over investeringskapital, medan småselskapa som hovudregel har svak eller ingen kapitaltilgang. Dei større aktørane i musikklivet, som har offentleg finansiering, har ikkje høve til å leggje seg opp kapitalreservar for marknadsmessige investeringsføremål.

Det finst om lag 8000 utsalsstader for CD-ar i Noreg. Daglegvarebutikkar, postkontor og bensinstasjonar er då rekna med. Talet på faghandlarar vert rekna til ein stad mellom 150 og 200. Av desse er i overkant av 100 organiserte i kjeder. Platekompaniet, Free Record Shop og den friviljuge kjedesamanslutninga Musikkverket er dei største både når det gjeld talet utsal og del av totalsalet. I motsetnad til kva som er tilfellet i bokbransjen, spelar klubbar ei heller avgrensa rolle for omsetninga av CD-ar.

Tendensen til kjededanningar har på den eine sida medverka til lågare prisar på CD-ar i Noreg. Store forhandlarrabattar til kjedene, og ein kjedestyrt minkande utsalspris, har på den andre sida ført til at avansemarginane for uavhengige platebutikkar er vorte sterkt pressa. Dette har ført til ein nedgang i talet på uavhengige fullassortimentsbutikkar og spesialbutikkar landet rundt.

Musikk og teknologisk utvikling

Teknologisk utvikling har hatt innverknad på store delar av musikkfeltet. I særleg grad har digital informasjons- og kommunikasjonsteknologi endra vilkåra for innspeling, redigering og distribusjon av musikk via ulike lydberande medium. Dette vil kunne få stor innverknad på utviklinga i musikkbransjen. Særleg vil nedlasting og kopiering av digitale musikkfiler kunne ha omstrukturerande verknader.

Internettmarknaden for musikk er framleis relativt liten i totalomsetning. Likevel er marknaden prega av rask vekst i etterspurnaden samstundes som fleire aktørar etablerer seg. Ei rekkje nettbutikkar for musikksal opererer i den norske marknaden. Fleire av dei større er filialar av dei fem store internasjonale selskapa. Det er om å gjere at desse syter for at deira norske musikkproduksjonar er tilgjengelege både i dei store internasjonale portalane og i norske nettbutikkar.

Organisasjonane for plateselskapa og TV2 har saman skipa Phonofile, som har digitalisert 50 000 låtar som via eit system kan lastast ned av nettbaserte e-butikkar. Tenesta «Phonofile Online» er den største musikkdatabasen i Noreg spesielt tilrettelagd for profesjonelle brukarar som TV-selskap, film- og reklamefilmprodusentar, radiostasjonar, frittståande plateprodusentar og liknande. I 2002 vart konsumenttenesta www. musikkonline.no lansert. Her kan publikum kjøpe norsk musikk i form av filer som kan lastast ned. Over 50 000 verk innanfor alle sjangrar er tilgjengelege. Dette er infrastrukturbygging som det på kort sikt ikkje er tilstrekkeleg kommersielt grunnlag for å drive, men som på lengre sikt vil sikre at også norsk musikk er tilgjengeleg for regulert netthandel når denne forma for musikkomsetning vert meir utbreidd.

Konsertverksemd

Konsertverksemda i Noreg er omfattande og veksande. Etter SSBs kulturbruksstatistikk for 2000 gjekk 37 pst. av innbyggjarane i Noreg på konsert innanfor sjangrane klassisk, samtidsmusikk, kyrkjemusikk og kor dette året. Prosentdelen for pop, jazz, folkemusikk, korps eller liknande var 39 pst. same året.

Det finst eit vel utbygd nettverk av konserthus, kulturhus og klubbar med infrastruktur som er tilrettelagd for konsertverksemd. Mesteparten av desse permanente scenene er etablerte og ofte også drivne med større eller mindre innslag av offentlege tilskot frå stat og/eller kommunar og fylkeskommunar. Også bygg som primært er mynta på andre føremål vert nytta til konsertverksemd. Dette gjeld særleg skular, idrettsanlegg og kyrkjer.

I tillegg til dei faste spelestadane har det dei seinare åra vore ein sterk tilvekst både av private klubbar og av musikkfestivalar. Både klubbane og festivalane har som oftast utspring i visse sjangermiljø og rettar seg difor mot bestemte nisjar. Klubbscenene er oftast etablerte i tilknyting til eller med eigne serveringsstader. I 2002 fanst det mellom 250-300 spelestader for pop og rock i Noreg.

Norgesnettet er eit nettverk av 24 spelestader med vekt på populærmusikalske sjangrar som ved hjelp av offentlege tilskot sikrar høg teknisk standard i konsertlokala. Årleg vert det skipa til meir enn 2500 arrangement for meir enn 700 000 vitjande. Også dei kommunale og regionale kulturhusa er viktige konsertlokale.

Det er vanskeleg å talfeste omfanget av den lokale konsertverksemda som ofte skjer i regi av lokale og regionale arrangørar og i eit samarbeid mellom det profesjonelle og det friviljige musikklivet. Norsk kulturråd handsama i 2004 om lag 1 100 søknader om tilskot til lokale musikktiltak med ein samla søknadsum på om lag 35,2 mill. kroner. 675 søknader vart innvilga slik støtte med ein samla sum på vel 6 mill. kroner. Talet søknader viser ein omfattande verksemd, sjølv om det varierer frå fylke til fylke.

Rikskonsertane, som i hovudsak produserer skulekonsertar og barnehagekonsertar, legg også til rette for turnéar med orkester, ensemble, band og enkeltmusikarar i samarbeid med lokale konsertarrangørar. Den statlege verksemda står bak meir enn 7700 konsertar per år og gjev gjennom dette tilbod til meir enn 800 000 menneske, først og fremst born og ungdom. Rikskonsertane er ein sentral aktør i Den kulturelle skulesekken, som er ei viktig kjelde til sysselsetjing for mange kunstnarar over heile landet. I tillegg vert det sjølvsagt arrangert konsertar av dei faste orkestra og av ei rad andre aktørar, på kommersielt eller idealistisk grunnlag.

Norske musikarar står også for ei stor og aukande konsertverksemd i utlandet. I 2004 mottok i overkant av 110 band og ensemble midlar frå reisestøtteordningar i Utanriksdepartementet til konsertar i utlandet for profesjonelle musikarar. Tilsvarande vart det frå Norsk kulturråds turné- og arrangørstøtte til rock og populærmusikk (TARP) gjeve vel 1,9 mill. kroner i tilskot til artistar på turné i utlandet.

Norske og internasjonale turnéar er ofte knytte til lansering av nye cd-ar. Terskelen for å gje ut plate har etterkvart vorte mykje lågare og fleire artistar står i dag for administrasjon av eigen aktivitet med eigne plateselskap, eigen booking og eige management. Speling «live» er ofte den promoteringsaktiviteten som gjev størst effekt sett i høve til kostnadene. Svært få uavhengige utgjevingar vert i dag marknadsførte med kostbare tiltak som tv-reklame eller kampanjar i platebutikkar. Ein auke i talet på norske plateutgjevingar fører til at fleire band og artistar vil ut på vegen for å nå ut til eit større publikum. Trass i stor tilvekst, har talet på konsertstader ikkje auka i same omfang som tilbodet av musikk spela «live».

Økonomien i konsertverksemda varierer frå det heilt ikkje-kommersielle til det heilt kommersielle. I samband med denne verksemda er det skapt rom for ei rekkje reine næringsaktørar. Dette gjeld bookingagentar, managerar, firma som tilbyr utstyr og tenester i tilknyting til scenerigging, lyd, lys og liknande. Dessutan er det ei rekkje indirekte næringsmessige verknader av denne delen av musikken. Dette gjeld ikkje minst i reiselivs- og serveringsbransjane. Reiser, transport, overnatting og servering er viktige delar av turné- og konsertverksemda.

Orkestra

Symfoniorkestra representerer høg musikkfagleg kompetanse som er viktig for ein by eller region. Av ei utgreiing om orkestra frå 2001 går det fram at fleire orkester omtalar seg som «motor», «kraftsentrum» eller «lokomotiv» i lokalmiljøet. I slike samanhengar vert det gjerne vist til at orkestermusikarane også kan vere kammermusikarar, kanskje solistar og gjerne pedagogar, og medverkar slik til å gje lokalmiljøet viktig musikkfagleg kompetanse.

Viktig i høve til den økonomiske og næringspolitiske sida ved symfoniorkestra er at dei representerer eit høgt profesjonelt kulturliv som er viktig for å stimulere det lokale eller regionale næringslivet. For å trekkje høgt kompetente fagpersonar innan industri, utdanning og næringsverksemd til ein region er eit profesjonelt kulturliv ein viktig faktor.

Av orkestra er det berre Oslo-Filharmonien som er utbygd til full symfonisk storleik. Fleire orkester peikar på at ein auke i talet musikarstillingar vil kunne medverke til produksjonsauke, som igjen vil føre til publikumsauke og høve til større eigeninntekter. Orkestra driv oppsøkjande konsertverksemd eller samarbeider med ulike festivalar, også på tvers av sjangergrensene. Orkestra møter på denne måten eit anna publikum og får vist seg fram i ein annan samanheng enn den tradisjonelle konsertsalen vanlegvis gjev rom for. Innspelingar av fonogram kan medverke til at orkestra vert kjende for andre enn dei faste publikumsgruppene.

Festivalane

Festivalane står bak eit omfattande konserttilbod. I Noreg vert det årleg avvikla om lag 200 små og store musikkfestivalar. Det er ikkje uvanleg at musikkfestivalane femner om frå 50 til 100 enkeltarrangement kvart år. Det finst ingen sikre tal på det samla omfanget, men det er ikkje usannsynleg at musikkfestivalane i løpet av eit år utgjer ein stad mellom 8 000 og 10 000 konsertar. Festivalane tek i bruk eit breitt spekter av fasilitetar både innandørs og utandørs.

Det siste tiåret har det skjedd ein stor tilvekst av festivalar. Dette representerer først og fremst ei variert og brei fagleg utviding av det samla kunst- og kulturtilbodet i Noreg, og er viktige møteplassar for arrangørar, presse og media frå utlandet som ynskjer å orientere seg om norsk musikkliv. Dette har ført til ei rekkje konsertoppdrag, samarbeidsprosjekt og omtale i internasjonale media.

Festivalane er ei viktig årsak til utviklinga av arenaer, samarbeidsrelasjonar, arrangør- og formidlingskompetanse med forankring i lokale miljø og lokale ressursar over heile landet. Dei mange festivalane har såleis ført til at kunsttilbodet er blitt meir desentralisert og har hatt positive verknader for det kunstlivet som utfaldar seg i regionane og lokalsamfunna gjennom heile året. Det omfattande nettverket av kompetente formidlarar som er knytte til festivalane har også hatt positive konsekvensar for internasjonaliseringa av norsk kunstliv. Små, fleksible, profesjonelle og utprega ressursmobiliserande organisasjonar dominerer feltet.

Organisasjonsstrukturen er med på å gjere festivalane rasjonelle også sett frå eit økonomisk synspunkt. Festivalane har skapt ein variert blandingsøkonomi som byggjer på fire stolpar. Den første stolpen er offentlege tilskot, jamvel om desse tilskota for dei fleste utgjer ein etter måten liten del av budsjettet. For det andre er festivalane arena for ein stor friviljug innsats. På dei største festivalane er det kvart år snakk om 600 til 700 friviljuge funksjonærar. For det tredje er festivalane flinke til å trekkje til seg sponsorar som medverkar med midlar eller tenester. For det fjerde er festivalane næringsdrivande marknadsaktørar. Det er dei sjølvsagt gjennom sal av billettar til publikum, men mange er det også gjennom meir indirekte tiltak som til dømes sal av festivalprodukt, utleige av bygater til tilreisande handelsfolk, restaurant- og kafédrift osv.

Festivalane har også innverknad for stadsutvikling og som identitetsskapar i marknadsføringa av ein stad. Festivalane kan medverke til å trekkje publikum, kundar, turistar og arbeidskraft til annan verksemd på staden. Det er ein klar tendens til at lokale og regionale aktørar ynskjer at stadsutvikling skal skje gjennom å satse på kulturverksemd som medverkar til arbeidsplassar og gjer staden meir attraktiv for innbyggjarane.

7.3.4 Publisering og media

Musikkforlag som byggjer drifta på noteutgjevnader, kviler i Noreg, som i dei fleste andre land, på tre økonomiske fundament. Desse er framføringsrettar, utleige av orkestermateriale og sal av eigne publikasjonar.

Framføringsrettane vert i Noreg ivaretekne av TONO, som mellom anna vert eigd av Norsk Musikkforleggerforening. Komponistar som teiknar forlagskontrakt med eit norsk forlag gjev som regel 1/3 av framføringsrettane sine til forlaget. Størstedelen av norsk samtidsmusikk er ikkje utgjeven på forlag, men vert deponert, kopiert og distribuert av Musikkinformasjonssenteret.

Utleige av orkestermateriale vert vurdert som ei viktig inntekt for forlaga. Dei verka som vert leigde ut, er som regel for fleire enn 10 instrument. Når det gjeld verk for musikkorps er det meir vanleg at desse vert selde, men det er ein aukande tendens til at også desse vert leigde ut. Sal av notar er ei viktig kjelde til inntening. Dei store marknadene for sal finst innanfor musikkundervisning, kyrkjemusikk, kor, korps og anna amatørverksemd.

Norsk Musikkforleggerforening (NMFF) organiserer dei profesjonelle norske musikkforlaga. Blant musikkforlaga har det gjennom lang tid skjedd ei omstrukturering gjennom nasjonale og internasjonale oppkjøp. Viktige aktørar innanfor norsk notebransje er Norsk Musikkforlag, Cantando Musikkforlag, Lyche Musikkforlag, Musikk-Husets Forlag og Norsk Noteservice.

Samla representerer forlaga i NMFF ein portefølje av prenta verk på om lag 20 000 titlar. Dei kjem med til saman om lag 1000 nyutgjevingar i året. Med ein avgrensa nasjonal marknad, har forlaga internasjonalisert ein stadig større del av utgjevingane for andre marknader. NMFF meiner difor at veksten for norske notar må kome på eksportmarknaden. Kvart enkelt forlag har interessante utgjevingar med eksportpotensial, men med små ressursar har ein til no ikkje nådd dei eksportresultata ein kunne ynskje. Noreg er likevel Nordens største eksportør av kyrkjemusikk.

Publiseringsverksemd i musikkbransjen omfattar også ei rekkje andre aktivitetar som medverkar til å auke omfanget av verkframføringar og CD-sal. Til CDane vert det i aukande grad produsert tilleggsmateriale tufta på kombinasjonar av lyd-, tekst- og biletmateriale. Mykje av dette ligg i grenselandet mellom innhaldsproduksjon og reklame. Musikkvideo og DVD, både studioproduksjonar og live-opptak er døme på promoteringsmateriell som over tid har etablert seg som sjølvstendige, verdfulle kulturprodukt som genererer eigen etterspurnad.

Undersøkingar av kva informasjonskjelder som har størst innverknad ved kjøp av fonogram, viser at radio er viktigast, dinest kjem TV/video og tips frå vener og kjende. Reklame, og i særleg grad TV-reklame, er også viktig for promoteringa av fonogram og artistar. Musikkreklame på TV er svært kostbart og vert først og fremst nytta for å selje populærmusikalske utgjevingar. Ifølgje Musikk­informasjonssenteret brukte platebransjen 433 mill. kroner på TV-reklame i 2001. Dette utgjorde 23 prosent av den samla omsetninga av fonogram og heile 98 pst. av det totale reklamebudsjettet for bransjen. Resten var fordelt på avis, radio, vekeblad, fagblad, kino og plakatar. Musikkbransjen stod dette året for bortimot 10 pst. av heile den norske TV-reklamen.

Dei siste tjue åra har dei riksdekkjande radiokanalane fått auka innverknad i formidlinga av musikk. Musikktilbodet i radiokanalane er i hovudsak segmentert ut frå kva målgrupper dei ulike kanalane vender seg til. Det kan medføre at programflatene kan få ei avgrensa breidde. Men sendeflateprogrammeringa har også ført til at til dømes NRK P2 saman med «alltid klassisk» og den nye «alltid folkemusikk» gjev eit omfattande tilbod også av kunstmusikk, folkemusikk og jazz.

I gjennomsnitt er 27 pst. av musikken som vert spelt på NRK sine radiokanalar, norsk musikk. Dette er lågt samanlikna med ei rekkje andre land i Norden, Europa og elles i verda. Men i NRK vert det også spelt mange studioframføringar og konsertar. Ved sida av å danne grunnlag for opphavsrettsbaserte inntekter til musikarane, er NRK også ein stor oppdragsgjevar for kunstnarar og artistar innanfor musikkfeltet.

TV er ikkje fragmentert i ulike etterspurnadsnisjar på same måte som radio. Dersom ein ser bort frå dei internasjonale musikkvideokanalane, vert berre ein mindre del av sendetida brukt til musikkformidling. Fjernsynet er likevel eit sterkt medium som i stor grad påverkar folk sine musikkpreferansar. Krava til NRK og dei kommersielle riksdekkjande TV- og radiokanalane som kulturformidlarar kan medverke til å utvide musikktilbodet i media.

Allmennkringkastaroppdraget til NRK går i dag fram av kringkastingslova og vedtektene for NRK. Vedtektene vart sist endra i 2004. Dette innebar mellom anna ei presisering av NRK sitt oppdrag som kulturformidlar. I dei overordna krava er det nedfelt at verksemda skal medverke til å styrkje norsk språk, identitet og kultur. NRK skal i si kjerneverksemd leggje særleg vekt på si rolle som utviklar og formidlar av norsk språk og kultur. Etter programkrava skal NRK sitt samla riksdekkjande programtilbod både i radio og fjernsyn innehalde program som speglar mangfaldet i norsk kulturliv. Det er òg stilt krav om formidling og produksjon av norsk musikk. Minst 35 pst. av sendingane skal vere norsk musikk. I tillegg er det stilt krav om formidling av scenekunst og musikk frå statleg finansierte kulturinstitusjonar.

TV2, kanal 24 og P4 har òg eit allmennkringkastaroppdrag. Krava går fram av konsesjonane som mellom anna gjeld produksjon og sending av program for både smale og breie grupper i samfunnet. Etter konsesjonsvilkåra er P4 og Kanal 24 plikta til å sende 35 pst. og 30 pst. norsk musikk.

7.3.5 Internasjonalisering, marknadsføring og eksport

Graden av internasjonal samhandling ser ut til å utvikle seg raskt i alle delar av musikkfeltet. På den eine sida medverkar internasjonaliseringa både til å styrkje det estetiske mangfaldet og til å utvide marknadspotensialet. For ein del norske utøvarar er utanlandsmarknaden for konsertar og platesal større enn heimemarknaden.

På den andre sida kan internasjonaliseringa medverke til ei einsretting i tilbodet i delar av distribusjonskanalane. Den norske heimemarknaden er liten og musikk med denne som primærmarknad møter skjerpa konkurranse frå internasjonale bestseljarar. Til dømes kan musikk med norsk tekst verte sårbar i ein slik konkurransesituasjon.

Det er difor viktig både å styrkje internasjonaliseringsarbeidet og samstundes syte for at breidda i norsk musikk er tilgjengeleg og synleg i heimemarknaden.

Ved sida av konsertarrangørar, forlag og plateselskap står musikklivet sine eigne organisasjonar for ei vesentleg verksemd når det gjeld forvaltning, promotering og formidling av kunstnarane, gruppene, ensembla og orkestra si verksemd.

Det vert drive eit stort informasjons-, formidlings- og promoteringsarbeid nasjonalt og internasjonalt via mellom andre interesseorganisasjonane, musikksamlingar og arkiv, Musikkinformasjonssenteret, Music Export Norway og biblioteka.

Musikkinformasjonssenteret (MIC) er ein viktig aktør i arbeidet for å auke bruken av norsk musikk i inn- og utland. Med «norsk musikk» meiner ein musikk av opphavsmenn eller utøvarar som har norsk statsborgarskap, eller som bur og i hovudsak arbeider i Noreg. Informasjonssenteret skal aktivt informere om, og profilere kvaliteten i det profesjonelle norske musikklivet (komponistar, utøvarar og andre aktørar) uavhengig av sjanger og kunstnarisk ståstad. Med «profesjonell» reknar ein då komponistar og utøvarar som har eit profesjonelt fagleg og kunstnarisk nivå, uavhengig av inntening på verksemda. Musikkinformasjonssenteret mottok i 2004 om lag 8 mill. kroner i driftsstøtte frå budsjettet til Kultur- og kyrkjedepartementet.

Music Export Norway (MEN) vart etablert i 2000 som eit kompetanse- og sørvissenter for den profesjonelle musikkbransjen (musikkprodusentar, artistar, opphavsmenn, produksjonsmiljø m.m.) uavhengig av sjanger. Føremålet er å auke verdiskapinga i Noreg gjennom internasjonale aktivitetar og merkevarebygging av Noreg som musikkleverandør. Ein viktig del av MENs oppgåver er å koordinere den felles norske deltakinga på internasjonale musikkmesser og konferansar.

Det er grunn til å vurdere tilhøvet mellom Music Export Norway og Norsk Musikkinformasjons verksemd på dette feltet, med sikte på å finne fram til best mogelege framtidige ordningar.

Utanriksdepartementet samarbeider med fagmiljøet i tilknyting til større kulturpresentasjonar i utlandet og gjev støtte til langsiktige nettverksamarbeid. Til dømes støttar departementet Noregs deltaking i European Jazz Network over tre år (2004–2006). Initiativa til prosjekta og tiltaka kjem dels frå departementet sine rådgjevande organ, dels frå mottakarinstitusjonar og organisasjonar i utlandet og dels frå enkeltkunstnarar.

I samarbeid med musikklivet tek departementet initiativ til og støttar produksjonar av CDar og DVDar med norsk musikk for presentasjon for fagmiljø i samband med større arrangement i utlandet.

I samband med festivalar og offentlege arrangement inviterer departementet, i samarbeid med utanriksstasjonane og arrangørane, representantar for institusjonar og media frå utlandet til Noreg. Dette er eit sentralt verkemiddel for å spreie kunnskap om norsk musikkliv. Støtta har auka dei seinare åra.

Av ein rapport utarbeidd for Music Export Norway går det fram at den samla eksportinntekta frå norsk musikkindustri i 2001 var om lag 210 mill. kroner. Undersøkinga er gjord etter svensk modell for at tala skal kunne vere mogelege å samanlikne. Export Music Sweden legg til grunn at eksportinntektene i Sverige i 2000 var om lag 4 mrd. svenske kroner ( $ 535.8 mill.).

Tala omfattar inntekter frå royalties eller erstatningar (TONO-, NCB-, og GRAMO-inntekter), eksportinntekter frå sal av norskproduserte fonogram og ulike former for tenesteeksport som framføring, agenturverksemd, lisensinntekter og studioinntekter.

Undersøkinga viser at inntektene frå vederlag og fonogrameksport auka kraftig i perioden 1998 – 2001. Dei største inntektene er representerte ved eksport av fonogram. I 2001 utgjorde desse inntektene om lag 133 mill. kroner. Likevel er det ein relativt avgrensa del av norske CD-utgjevnader som går til eksport. For enkeltutgjevnader kan den delen som vert seld i utlandet vere relativt stor, gjerne 10 til 20 pst. Utgjevnader innanfor ny kunstmusikk kan ha sal på opp til 50 pst. utanfor Noreg, men det er då tale om små kvantum.

Norsk musikkliv er inne i ein sterk utviklingsfase både kvalitativt og kommersielt, og etterspurnaden etter norske artistar frå utanlandske bransjemedium, produsentar, messer og arrangement er veksande. Musikkeksporten bør difor kunne aukast gjennom innsats frå musikkbransjen sjølv og ved utvikling av gode rammevilkår som kan stimulere auka aktivitet på området.

Det kan vere tenleg å vurdere om det bør opprettast nettverk for musikkeksport innanfor rammene av innovasjon Noreg, jf. kapittel 3.8.4.

7.3.6 Kunnskap, kompetanse og nettverk

For å utvikle og utnytte verdiskapingspotensialet i musikklivet, vil det vere behov for kontinuerleg å skaffe fram ny kunnskap og nytt statistikkgrunnlag.

Musikklivet sine organisasjonar har peika på at det i liten grad finst tilstrekkeleg utdanningstilbod til dei næringsdrivande profesjonsgruppene. Det trengst relevante påbyggings- og etterutdanningstilbod i musikkutdanninga. Det er dessutan behov for studietilbod til managerar, produsentar, bookingfolk, arrangørar, marknadsføringsfolk og andre i mellomvertposisjonar i musikkbransjen

Graden av profesjonalitet i arrangørleddet er svært varierande, og grensene mellom amatørar og profesjonelle er dessutan flytande. Friviljug arbeidsinnsats er heilt avgjerande ved dei fleste spelestadene. Det kan difor lett verte mangel på kontinuitet og kompetanseoppbygging over tid. Noreg har no eit omfattande nett av scener over heile landet der levande rytmisk populærmusikk vert presentert for eit stort, ungt publikum til beste for utøvarane med ulik grad av profesjonalitet. Det er behov for tiltak som styrkjer kompetansen og profesjonaliteten i arrangørleddet. Dette har konsekvensar for profesjonaliteten i bransjen som heilskap og har innverknad på i kva omfang norske utøvarar får høve til å kome ut over landets grenser med musikken sin.

Sterke lokale og regionale miljø er viktige for å fremje kreativitet, nyskaping og kompetanse i bransjen og for å utnytte heile landets ressursar i musikknæringa. Ein klyngebasert regional næringspolitikk retta mot til dømes musikknæringa kan difor vere ein viktig faktor for å utvikle næringspotensialet i kulturfeltet. Ein viktig føresetnad for at ulike musikkmiljø kan verte ein meir sentral samarbeidspartnar i spørsmål om nærings- og innovasjonspolitikk for kommunale og regionale styresmakter, Innovasjon Noreg og utdanningsinstitusjonane, er at ein står fram mest mogeleg samla og har idear til tiltak som kan betre kompetansen og utviklinga i næringa.

Boks 7.2 Mjøskryss

Foreininga Mjøskryss er eit regionalt nettverk for musikkrelatert næringsverksemd i Mjøsområdet. Mjøskryss har om lag 130 medlemer. Foreininga vart skipa med føremål å skape eit tilbod til dei kommersielle musikkinteressene i Hedmark og Oppland. Mjøskryss mottek brei støtte frå regionalt og lokalt hald.

Mjøskryss finn det vanskeleg å arbeide i musikknæringa utan å ha kontaktar globalt gjennom storbyane. Ein del produksjonsfunksjonar kan likevel plasserast lokalt.

Mjøskryss arbeider med fleire prosjekt med føremål å auke sysselsetjinga i regionens kulturindustri med utgangspunkt i musikk. Entreprenørskap er ei viktig satsing:

  • Popartner er eit nettverk av 18 små verksemder som saman driv eit musikkforlag, eit plateselskap, eit bookingselskap og sal av kompetanse.

  • Skandinavisk MusikkUnion er eit toårig svensk/norsk entreprenørskapsprosjekt med oppstart i november 2004. Prosjektet har som mål å reise 25 nye musikkrelaterte verksemder innan 2006 i Hedmark og Värmland. Verkemidla er mellom anna seminar, workshops og mentorordningar.

  • Landsbylarm er lokale musikkonkurransar med finale annankvart år i Värmland og i Hedmark/Oppland.

Boks 7.3 BRAK – Bergens Rockaktører

BRAK er interesseorganisasjonen for det rytmiske musikkmiljøet i Bergensregionen. Sidan starten i 1997 har BRAK vore ein viktig pådrivar for å leggje tilhøva til rette for ei stabil utvikling i eit stadig meir spanande rytmisk musikkliv i Bergen.

BRAK driv landets første regionale kompetansesenter for rock og liknande musikkformer. BRAK skal medverke til å betre rammevilkåra for musikkmiljøet i Bergensregionen. Visjonen er at Bergen og regionen rundt skal vere ein attraktiv stad å etablere seg og verke i som aktør i musikknæringa.

8 Bokbransjen

8.1 Nærare om omgrepet

Omgrepet bokbransjen indikerer eit næringsområde som tener pengar ved å tilby kunst- og kulturuttrykk gjennom bøker som medium. Slik har det vore lenge. Skriftkulturen strekkjer seg minst fem tusen år attende i tid, og i mange tidsepokar har tekstproduksjon vore verdsett som betalt teneste. Med Gutenbergs system for boktrykking vart teksttrykking ein industriell prosess. Industriell bokproduksjon dannar dermed også utgangspunktet for seinare tiders kulturindustri.

Til bokbransjen reknar ein vanlegvis opphavsrettshavarar, forlag og forhandlarar, men langt fleire er med på å få fram bøkene til lesarane. Verksemder innan til dømes grafisk bransje og ei rekkje lausmedarbeidarar med ulik bakgrunn og gjeremål er også viktige delar av det produksjons- og distribusjonsapparatet som til saman konstituerer bokbransjen. Eit forlag med om lag 50 tilsette sender til dømes årleg lønnsoppgåver til om lag 700 lausmedarbeidarar. I tillegg kjem dei andre verksemdene ein kjøper tenester frå.

Bokbransjen produserer og distribuerer bøker i mange ulike sjangrar. Verdiskapinga i ulike ledd i bransjen knyter seg såleis ikkje berre til framstilling av produkt med kunstnarleg innhald. Tradisjonelt var det bøker trykte på papir som var kjenneteiknet for bokbransjen. Som følgje av den teknologiske utviklinga er lydbøker og ulike typar e-bøker også aktuelle i dag. Elektronisk publisering vil venteleg gje store endringar i bokbransjen i åra som kjem. Bokbransjen gjev også ut kompendium frå fleire bøker og samarbeider med dei som produserer spel, leiker og andre produkt som er knytte til bøker. Bøker vert dessutan mykje nytta i andre massemedium og er grunnlag for teater, film- og fjernsynsproduksjonar. Ikkje minst er bøkene sentrale i alle undervisnings- og kunnskapssituasjonar.

Ei bok er ikkje berre ei vare. Boka formidlar også kunnskap og kultur, skaper opplevingar og utviklar lesaren. For samfunnet er litteraturen både den som tek vare på og den som fornyar. Boka representerer ein vesentleg del av fundamentet i det samfunnet vi vil ta vare på og i det som skal byggjast nytt. For den einskilde er evna og lysta til å lese sentrale føresetnader for meiningsdanning og for deltaking i demokratiet.

Bokbransjen gjev også underhaldning og kan i mange tilfelle vere heilt kommersiell. Inntekt frå lønsame utgjevingar vert gjerne nytta til å lage bøker som er sett på som viktige, sjølv om dei ikkje når store salstal. I bokbransjen, som elles i kulturlivet i Noreg, er slik kryssubsidiering ein del av kvardagen. Denne blandinga av samfunnsinteresser og kommersielle interesser utgjer store utfordringar for bransjen. Skal ein dømme ut frå kva bøker som er utgjevne i Noreg gjennom åra, har det vore god balanse mellom dei ulike interessene hittil.

8.2 Grunngjeving for statleg engasjement

Noreg er eit lite språksamfunn med to offisielle språk i tillegg til dei samiske skriftspråka. Dette mangfaldet er det viktig å ta vare på.

Rik tilgang på bøker styrkjer språket, identiteten og skriftkulturen. Hovudføremålet med den statlege litteraturpolitikken er å leggje til rette for kvalitet, breidde og mangfald med omsyn til innhald og sjangrar i fag- og skjønnlitteraturen. Vidare må den litteraturen som vert skapt, distribuerast slik at han når fram til publikum gjennom mange og vel eigna kanalar. Eit effektivt utbygt distribusjonsnett sikrar lik tilgang til litteratur over heile landet, og med det like vilkår for kunnskapstileigning, fri meiningsdanning, språk- og leseforståing. Sentrale verkemiddel for staten har i fleire tiår vore innkjøpsordningane, momsfritaket og dispensasjonen frå konkurranselovgjevinga for bransjeavtalen.

Ei viktig årsak til at Noreg i dag på mange måtar er eit føregangsland innanfor litteraturpolitikk, har vore det gode samspelet mellom statlege og private aktørar, prega av langsiktig satsing på norsk litteratur og språk og deltaking i den offentlege debatten. Når produksjon og omsetning av litteratur har vore regulert, har dette vore grunngjeve ut frå kulturpolitiske omsyn til at omfang, kvalitet, breidde og tilgang av litteratur er verdifullt også i eit større, samfunnsøkonomisk bilete.

8.3 Rammevilkår og verkemiddel

Dei sentrale offentlege verkemidla i bokbransjen har i fleire tiår vore fritak frå meirverdiavgift innkjøpsordningane, unnatak for bokavtale frå konkurranselovgjevinga, og offentlege stimuleringsordningar ­gjennom ulike tilskot.

Meirverdiavgift

Sidan 1960-talet har Noreg ikkje hatt meirverdiavgift på bøker selde til sluttbrukarar. Dette er eit viktig verkemiddel og også eit sentralt indirekte støttetiltak for bokbransjen. Fritaket frå meirverdiavgift på bøker utgjorde i 2000 om lag 1,2 mrd. kroner.

Dei aller fleste land i Europa har full eller låg moms på bøker, andre land som England og Noreg har ingen moms. Diskusjonar i EU har så langt konkludert med at det einskilde medlemslandet sjølv skal få avgjere satsane, og at det er opp til dei landa som har nullsatsar sjølv å avgjere om ein skal halde fram med dette. Eit harmonisert avgiftsnivå for bøker eller eit forbod mot nullsatsar er med andre ord ingen aktuell politikk, sidan dei fleste landa i Europa legg til grunn at bøker er i ei særstilling. Ifølgje kulturmeldinga er det også uvisst om det pågåande arbeidet med å harmonisere avgiftssatsar i EU-landa vil få noko å seie for moms på bøker i medlemslanda. Som det står i Kulturmeldinga, vil eit momsfritak eller ein lågare momssats som favoriserer norskspråklege bøker, neppe vere i samsvar med EØS-avtalen og prinsippet om likebehandling.

I 2002 vart bokmomsen i Sverige redusert frå 25 pst. til 6 pst, noko som innebar ei gjennomsnittleg prissenking det året på heile 15,2 pst. For å sikre at momsreduksjonen kjem forbrukarane til gode, er det oppretta ein bokkommisjon som følgjer prisutviklinga på svenske bøker.

Innkjøpsordningane

Innkjøpsordningane for litteratur er eit viktig kulturpolitisk verkemiddel som er med på å sikre at vi har ein levande og variert norsk samtidslitteratur, og at denne kjem ut til lesarane via folkebibliotek og skolebibliotek. Innkjøpsordningane har også stor innverknad på salet av dei bøkene som kjem inn under ordningane, og har difor næringsmessig innverknad både for den einskilde forfattaren og for forlaga. Ordningane garanterer forlaga eit minstesal på 1000 eksemplar av bøker for vaksne og 1550 eksemplar av barne- og ungdomsbøker som vert fordelte med 1000 eksemplar til folkebiblioteka og 550 til skulebibliotek i grunnskulen. I kulturmeldinga er det gjort framlegg om å utvide innkjøpsordningane med ei ordning for innkjøp av sakprosa.

Innkjøpsordningane er eit kulturpolitisk verkemiddel som må vurderast i lys av den teknologiske utviklinga. Fleire ordningar på kulturfeltet er knytte til spesifikke medium, medan den teknologiske utviklinga fører til at innhaldet kan formidlast gjennom nye medium. Både av omsyn til tilgjenge og til næringsutviklinga bør det vurderast å gjere dei kulturpolitiske verkemidla uavhengige av kva medium kulturinnhaldet vert formidla i. Den nye innkjøpsordninga for fonogram legg til grunn eit slikt prinsipp om medienøytralitet. Under føresetnad av at opphavsrettslege spørsmål og teknologiske utfordringar får tilfredsstillande løysingar, bør difor innkjøpsordningane for litteratur opnast for innkjøp også av elektroniske bøker.

Konkurranseomsyn og bokbransjen

Bokbransjeavtalen mellom forleggjarar og bokhandlarar har i lang tid hatt dispensasjon frå konkurranselovgjevinga. Avtalepartane har meint at dei litteraturpolitiske måla, som mangfald av sjangrar, talet på titlar og god geografisk tilgang ikkje vil verte ivareteke dersom marknaden får råde.

Regjeringa meiner at konkurranse på mange måtar støttar opp om dei litteraturpolitiske måla. Auka konkurranse vil gje lågare prisar på bøker, særleg på tenkjelege «bestseljarar». Dette vil føre til auka utbreiing av populære bøker. Det er difor nødvendig med særlege verkemiddel som kan ivareta særlege litteraturpolitiske omsyn som ikkje vert realiserte eller sikra av marknaden aleine. Desse omsyna bør likevel, så langt det lèt seg gjere, ivaretakast ved bruk av verkemiddel som ikkje avgrensar konkurransen.

Regjeringa ved kultur- og kyrkjeministeren og moderniseringsministeren klargjorde difor i brev til partane av 13. september 2004 kva for rammer partane må halde seg innanfor dersom det skal gjevast unntak frå konkurranselova for ein ny avtale. I brevet går det fram at vidareføring av det monopolet bokhandlarane har for omsetning av skulebøker, vil vere uaktuelt. Alle distribusjonskanalar skal dessutan ha høve til å selje bøker med dei same rabattsatsane. Ingen distribusjonskanalar skal altså ha eksklusiv rett til å gje rabattar.

Moderniseringsdepartementet har sendt eit utkast til unntaksforskrift på høyring. Utkastet gjev aktørar i bokbransjen høve til å opptre innanfor dei rammene som følgjer av brevet som er nemnt ovanfor, også til å inngå ein ny bokavtale. Som ei overgangsordning er det vedteke at dagens bokavtale kan forlengjast fram til 1. mai 2005. Den nye, liberaliserte bokavtalen vil tre i kraft frå same dato. Samtidig vil alle bokhandlarar, bokklubbar og andre forhandlarar få lik rett til å gje rabatt på bøker. For skulebøker og fag- og lærebøker er det likevel ein overgangsperiode som medfører at omsetningsmonopolet bokhandlarane har og fastprisen på desse bøkene, vil verte utfasa. Frå 1. januar 2006 vert fastprisordninga for skulebøker til vidaregåande skule og lærebøker til universitets- og høgskulesektoren, og omsetningsmonopolet for skulebøker for bokhandlarane verte oppheva. Frå og med 1. juli 2006 har ikkje lenger bokhandlarane monopol på sal av skulebøker til grunnskulen, samtidig som desse bøkene ikkje lenger er omfatta av fastprisregimet. Regjeringa legg dermed forholda til rette for større grad av konkurranse i bokbransjen.

Spreiingsgaranti og skaffe- og lagerplikt

Saman med fastprisen er spreiingsgarantien gjennom abonnementsordningane det viktigaste verkemidlet for spreiing av breidda av norsk litteratur. For å sikre spreiinga av norsk skriftkultur og verdifull omsett litteratur tilbyr forlaga ulike abonnementsordningar. Bokhandlar og filialar som deltek i desse ordningane får tilsendt førsteeksemplar til såkalla førsteeksemplarrabatt. Til gjengjeld har dei plikt til å tinge nytt eksemplar når boka er utseld i fastprisperioden. Abonnementsordningane er difor med på å sikre alle bøker lik tilgang til marknaden og at bøkene er tilgjengelege over hele landet. Som følgje av bokavtalen har bokhandlane også plikt til å skaffe dei bøkene som finst på forlaga sine lager, og forlaga har normalt leveringsplikt overfor bokhandlane.

Offentlege stimuleringsordningar gjennom ulike tilskot

Det økonomiske biletet omfattar også offentlege tiltak, i første rekkje gjennom Kultur- og kyrkjedepartementet og gjennom Utdannings- og forskingsdepartementet. Frå desse departementa vert det stilt til rådvelde pengar for Norsk kulturråd, Noregs forskingsråd og lærebokutvalet for høgare utdanning. Kultur- og kyrkjedepartementet forvaltar bibliotekvederlaget med bakgrunn i lov om bibliotekvederlag. Bibliotekvederlaget utgjorde i 2004 om lag 65,6 mill. kroner. Norsk kulturråd forvaltar innkjøpsordningane for litteratur til folkebibliotek og skulebibliotek, og momsfritaket på bøker. Det vert gjeve offentleg støtte til produksjon av skjønn- og faglitteratur og av lærebøker i små opplag og på nynorsk. Opphavsretten og forvaltinga av denne gjennom ulike kopieringsavtalar er også viktig for bokbransjen. Kultur- og kyrkjedepartementet og Utanriksdepartementet gjev også støtte til stiftinga NORLA, senter for norsk skjønn- og faglitteratur i utlandet. Stiftinga promoterer og formidlar norske bøker og forfattarar til utlandet og gjev mellom anna støtte til omsetjingar av norsk skjønn- og faglitteratur.

8.4 Nøkkeltal og utviklingstrekk

Bokbransjen har djupe historiske røter, og er som næringsfelt velutvikla både i sine kjerneaktivitetar, og i samarbeid med tilstøytande bransjar.

Omsetning og sysselsetjing

Årleg vert det selt meir enn 40 mill. bøker i Noreg. Dette utgjer åtte bøker per innbyggjar, og kvar tredje bok er ei gåve. Dersom ein held unna lærebøker med meir enn 4 mill. selde eksemplar og samstundes avgrensar innbyggjartalet til alle over 15 år, inneber dette eit gjennomsnitt på 14 kjøpte bøker per person i året.

Etter bransjestatistikken var marknadsverdien av omsetning i 2003 vel 6 mrd. kroner. Dette omfattar også verdien av direkte import av bøker (370 mill. kroner) og sal av bøker i butikkar, kioskar og bensinstasjonar (250 mill. kroner). Litteratur utgjeven på forlag utanfor forleggjarforeininga er ikkje inkluderte i tala.

Tabell 8.1 Oversyn over omsetningsutviklinga 1993-2003. Målt i utsalsprisar

  1993199419951996199719981999200020012002220033Endring 2002-2003
Medlemsforlag2128229823602362270828622846263925292787306110 %
Andre forlag4585305955986466556285674915506009 %
Sum forlag12586282829552960335435173474320630203337366110 %
Bok­klubbar72180287087394810391091111512501274146215 %
Bokimportørar254287283303322350351361375373347- 7 %
Lydbøker78
Totalt3561391741084136462449064916468246454984554811 %
Medlemsforlagas del459,8 %58,7 %57,5 %57,1 %58,6 %58,3 %57,9 %56,4 %54,5 %55,9 %56,0 %

1 Endring i medlemsmassen frå år til år påverkar tala. Tal for «andre forlag» er eit estimat.

2 Medlemsforlaga i omsetning f.o.m. 2002 er korrigert for bruttoomsetninga til bokklubbar (jfr. salskanalar).

3 Verdien på import av bøker er tidlegare blitt rapportert for høgt av éin av aktørane.

4 Medlemsforlagas del for 2003 er eksklusiv omsetning av lydbøker.

Kjelde: Den norske Forleggerforening

I 2002 vart det totalt gjeve ut 5300 titlar fordelt på 3600 på originalspråket (hovudsakleg norsk) og 1700 omsette. Dette er monaleg fleire enn til dømes i 1991 då det vart utgjeve 4400 titlar. Dersom ein også inkluderer den lokale litteraturen som vert gjeven ut på mindre eller eigne forlag, er talet om lag 7 500.

Etter ØF-rapport nr. 10: 2004 er om lag 14 800 personar direkte knytte til næringskjeda som til saman utgjer den norske bokbransjen. Dei sysselsette i bokbransjen er fordelte slik:

Skjønnlitterære forfattarar1000
Faglitterære forfattarar4500
Omsetjarar800
Tilsette i forlag2050
Tilsette i bokklubbar280
Tilsette i bokhandlane3100
Tilsette ved bibliotek2800
Tilsette i distribusjon200
Tilsette i bransjeorganisasjonane80

Det økonomiske resultatet i norsk bokbransje er generelt dårlegare enn gjennomsnittet i norsk næringsliv. Dette gjeld både i forlags- og forhandlardelen. Det er stor variasjon frå verksemd til verksemd. Bokbransjen har likevel store ringverknader både i det offentlege og i næringslivet. Bokbransjen er eit godt døme på korleis offentleg kulturpolitikk gjennom samspel med private aktørar kan gjennomføre dei kulturpolitiske målsetjingane. Samspelet er komplekst, og bokbransjen står overfor ein ny situasjon når konkurransevilkåra i løpet av 2005-2006 vert harmoniserte for heile bransjen. Regjeringa meiner at like vilkår i eit samfunnsøkonomisk perspektiv vil tene både dei litteraturpolitiske målsetjingane og konkurransepolitiske omsyn.

8.4.1 Nærare om bokmarknaden

Noreg er ein av dei minste bokmarknadane i Europa, men likevel har forbrukarane hatt tilgang til eit bokutval som i breidde og kvalitet overgår det andre kulturnasjonar som det er naturleg å samanlikne seg med har. Dette er viktig, ikkje berre for vår språklege identitet, for kulturlivet og for utdanningssektoren, men også for publikum sin tilgang til innsyn, informasjon, oppleving og rein underhaldning. Leseevne gjev leseglede, noko som er uvurderleg i dagens kompliserte informasjonssamfunn.

Samanlikna med andre marknader er marknaden for bøker spesiell. Det er fleire årsaker til dette. Først og fremst er kvar tittel unik og utgjer ein marknad for seg sjølv. Til liks med andre kulturprodukt er det ofte vanskeleg å vurdere marknadspotensialet for kvar bok, til skilnad frå produkt som vert framstilte i seriar over tid og i eit breitt sortiment. Dersom ei bok skal nå fram til ei brei lesargruppe, er suksessen avhengig av eit samspel mellom alle ledd i bransjen. Til dømes forfattaren med manuset sitt og medverknaden gjennom lanseringa, forlaget med det redaksjonelle arbeidet, bokutforminga og marknadsføringa, og forhandlaren sin innsats for tilgjenge, eksponering, informasjon og kundebehandling. Eit anna særtrekk ved bokbransjen er at det kvart år vert lansert mange titlar som ein veit har ein avgrensa marknad, men som likevel vert vurderte som viktige for å vedlikehalde og byggje ut Noreg som ein kulturnasjon. For å få dette til, er det i eit lite og todelt språksamfunn nødvendig med ein aktiv offentleg kulturpolitikk .

Det er vidare verdt å merkje seg at rasjonaliseringspotensialet på produksjonssida er mindre enn for mange andre vareområde. Rundt halvdelen av boka sin utsalspris går til forhandlar- og distribusjonskostnader, primært knytte til løns- og lokalkostnader, og den andre halvdelen fordeler seg på forfattarhonorar, trykking og forlagsarbeid.

Forfattarhonorara ligg fast i samsvar med normalavtalane, trykkinga er gjennomeffektivisert med det siste innanfor digital teknologi, medan forlaga sine kostnader til manusarbeid, forfattarkontakt og marknadsføring er personavhengig og følgjer lønsutviklinga. Desse forlagsfunksjonane kan ikkje rasjonaliserast utan at det vil få følgjer for den litterære og faglege kvaliteten. Dette er særleg aktuelt for dei store verkutgjevingane, der arbeidet går over fleire år.

8.4.2 Marknadskonsentrasjon

Som i andre bransjar har det gjennom dei siste tiåra vore sterk konsentrasjon i norsk bokbransje. Først gjennom oppkjøp, samanslåingar og nært samarbeid mellom forlag, sidan ved kjededanning i bokhandelen. Dessutan har norske forlag etablert effektive konkurrentar til hovudsalskanalen for bøker ved å starte bokklubbar og seinare internettbokhandlar. I det siste har fleire forlag også gått sterkt inn i bokhandlarbransjen. Den vertikale og horisontale integrasjonen i bokbransjen er vorte så sterk at konkurransestyresmaktene ved eitt høve har gripe inn og kravd at forlag måtte selje ut delar av oppkjøpt forlagsverksemd.

Også i den internasjonale bokbransjen har konsentrasjonane vore sterke, men i få land har konsentrasjonen vore like sterk både horisontalt og vertikalt som i Noreg. Utanlandske forlagsverksemder har kjøpt opp to store norske forlagshus. Internasjonale akademiske forlag har også etablert seg i Noreg med salsapparat.

8.4.3 Teknologisk utvikling

Det er ein velkjend og historisk samanheng mellom teknologiutvikling og utvikling av nye kulturytringar. Dette skjer både ved at ny teknologi vert brukt som råstoff for utvikling av nye kulturytringar og ved at ny teknologi gjev nye formidlingsmåtar for kulturytringar. Ved sprangvise overgangar vil somme krefter ofte bagatellisere eller motarbeide ny teknologi. Boktrykkjarkunsten vart motarbeidd av skrivarlauga, og av kyrkja og makthavarane fordi det vart lett å spreie informasjon, og slik gjorde ideologisk kontroll vanskeleg. I vår tid er bokflaumen ustoppeleg, og i tillegg gjer elektronisk tekstformidling det endå vanskelegare å kontrollere informasjonsflyten innanfor og over nasjonalgrensene.

Dei siste tiåra har det kome til nye media som enno er i utvikling. Formatet for bøker har endra seg mykje, frå tidlegare å vere bøker trykt på papir er det no god tilgang på lydbøker og mange bøker er også tilgjengelege elektroniske. Det er ingen ibuande motsetnad mellom papirbok og elektronisk tekst og dei kan supplere kvarandre ved å dekkje ulike bruksområde. Lesarens kjærleik til papirboka vil truleg gjere sitt til at utfasinga av gamal teknologi ikkje vil skje like raskt som det i våre dagar skjer med VHS og overgang til DVD som filmmedium.

På feltet tilrettelagd litteratur har det skjedd mykje dei siste åra. Tilrettelagd litteratur har lenge vore synonymt med lydbøker, og produksjonen av slike har dei siste åra auka mykje i omfang. Fleire og fleire har oppdaga at lydbøkene er eit godt supplement til å lese bøker, både for born og vaksne. Både forlag, bokhandlar, netthandlar og bibliotek satsar i dag på produksjon og formidling av lydbøker. Både Lydbokforlaget AS i Melhus og Cappelens Forlag har mange utgjevingar i året. Lydbokforlaget starta også Lydbokklubben, som no vert driven av De norske Bokklubbene. Tilrettelagd litteratur omfattar likevel meir enn lydbøker. I dag vert det også produsert følebøker, lydbøker/spesialinnlesingar, punktskriftbøker, lettleste bøker og videobøker.

Det er grunn til å tru at papirboka vil eksistere langt inn i framtida som eit vesentleg medium for formidling av tekst, eventuelt med bilete, men utviklinga av den elektroniske boka vil likevel medføre at ein del tekstar vi i dag søkjer i trykte bøker, etterkvart vil bli lesne elektronisk. Informasjons- og kommunikasjonsteknologien utviklar seg i store steg, og det er rimeleg å tru at komande konvergens innan maskin-, program- og tenestetilbod vil gjere lesing av elektronisk tekst til ein langt meir tiltalande aktivitet enn både fyrste generasjons e-bokinnretningar og dagens dataskjermar. Historia syner at det kan vere overraskande kva som vert populært, til dømes var det få som kunne sjå at SMS-meldingar skulle vekse frå ingenting til ein milliardindustri i løpet av nokre få år.

Den digital-teknologiske utviklinga vil påverke både næringskjeda i bokproduksjonen og innhaldet i tekstane. Digitalisering også av det siste leddet i bokproduksjonen vil vere del av den teknologiske utviklinga av IKT, og gje ytterlegare sosiologiske endringar i måten vi saman og kvar for oss bruker og lagar tekst.

Overgang frå papirbasert til elektronisk tekstmedium vil også påverke det tekstlege innhaldet som vert formidla, ikkje minst i høve til kapasiteten i ulike typar medium. Hypertekstuell kopling mellom tekster, saumlaust oppslag i leksika, språkteknologisk funksjonalitet med meir vil påverke måten vi formar tekstar på. Utvikling av språkteknologiske løysingar vil gripe inn også i næringsutviklinga på ei rekkje felt, i alt frå internettbaserte tenester til styring av hushaldsmaskiner og forbrukarelektronikk.

Overgang til heildigital publisering vil også verke inn på produksjonskjeda, både ved at den fysiske distribusjonen etter kvart fell bort og ved at trykkeria og papirindustrien får mindre å gjere. Heildigital publisering kan også føre til at forfattarane vert mindre avhengige av forlag og bokhandlar. Ei slik endring vil føre til at aktørane i den noverande produksjonskjeda i ulik grad må kjempe for interessene sine, kanskje til og med kan miste næringsgrunnlaget. Fysisk distribusjon og lagring vert mindre viktig, og trykking og andre delar av produksjonsprosessen kan få færre oppgåver. Dette vil verke inn på økonomiske interesser, eigarskapsinteresser, og endre yrkesrollene i bokbransjen. Stadig meir elektronisk tekstformidling vil også føre til endringar i dei offentlege arenaene, til dømes i tilfanget av brosjyrar og informasjonshefte. I tillegg til opphavsrettslege spørsmål vil ein overgang til stadig meir elektronisk publisering verke inn på dei intellektuelle vanane våre og på læring og pedagogikk. Aukande integrasjon av multimediale informasjonskjelder vil også få innverknad på kunnskapsomgrepet.

Det vil vere viktig å arbeide for å harmonisere rammevilkåra for tekstprodusentar uavhengig av teknologisk plattform, og leggje til rette for utvikling av berekraftig teknologi som kan møte den venta auken i elektronisk informasjons- og kommunikasjonsbehov. Litteraturpolitikken må sjåast i samanhang med språkpolitikken, og eit viktig tiltak i styrkinga av norsk språk framover vil vere å utvikle norske språkteknologiske ressursar. Som nemnd i omtalen av innkjøpsordningane vil det også vere ei viktig oppgåve å vurdere dei kulturpolitiske verkemidla i lys av den teknologiske utviklinga, særleg sett i samband med medienøytralitet i dei ulike innkjøpsordningane i Norsk kulturråd.

8.5 Om produksjon og distribusjon av litteratur

Samfunnsmessig sett er ein tent med at flest mogeleg har god tilgang til eit breitt spekter av god litteratur, og at innbyggjarane dyrkar interessa for å lese. Eit viktig hovudfokus for både produksjon og distribusjon av all litteratur er såleis lesaren. Ubunde av bustad skal folk flest ha tilgang på norskspråkleg litteratur – både på bokmål og nynorsk – til akseptable prisar. I Norsk mediebarometer for 2003 går det fram at kvar nordmann nyttar i gjennomsnitt 12 minutt på boklesing kvar dag. Det er uklart om til dømes lekselesing er med i desse tala. Lesing av bøker utgjer berre ein del av den tida som vert nytta til å lese. Lesinga vert dessutan utført både i undervisningssituasjonen, i arbeidssamanheng og i fritida. Lesing er eit hovudsatsingsområde i dei nye reformene for grunnopplæringa.

Bokbransjeundersøkinga i regi av Den norske Bokhandlerforening og Den norske Forleggerforening, kartlegg nordmenns lese- og kjøpevanar. 2003-granskinga syner ei positiv utvikling i høve til tidlegare resultat. For første gong etter at granskinga starta, oppgjev over 90 pst. av innbyggjarane i Noreg at dei har lese ei bok siste år. Lesing av skulebøker er ikkje med i granskinga. Vidare syner granskinga at kvinner les meir enn menn, at eldre les meir enn yngre, og at dei med universitetsutdanning les fleire bøker enn dei med lågare utdanning. Menn les helst fag- og jobbrelaterte bøker, historie og biografiar, medan kvinner les mest krim og annan skjønnlitteratur. 56 pst. i aldersgruppa 25–39 år seier at dei ofte eller dagleg les for born. Tilsvarande tal frå 2000 var 54 pst. Granskinga syner også at kvinner i større grad enn menn les for born, og at husstandinntekta har sterk samanheng med kor ofte ein les for born.

8.5.1 Kunstnarisk produksjon

Ei brei og samansett forfattargruppe dannar grunnlaget for ein levande litteratur. I Noreg har vi i dag om lag 5500 forfattarar og 800 omsetjarar. Desse er organiserte i fem foreiningar. Den norske Forfatterforening organiserer 513 skjønnlitterære forfattarar. Norske barne- og ungdomsbokforfattere organiserer 249 skjønnlitterære barne- og ungdomsbokforfattarar. Norsk Oversetterforening organiserer 272 skjønnlitterære omsetjarar. Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening organiserer 4722 faglitterære forfattarar og omsetjarar og Norske Dramatikeres Forbund organiserer 217 dramatikarar. I tillegg til dette kjem forfattarar som ikkje er medlem i ei foreining.

Tilhøvet mellom forfattar, omsetjar og forlag på område som gjeld rettar, plikter, royalty og honorar vert regulerte gjennom normalavtalane. Forfattarane får også godtgjering for bruk av stoff frå bøker i antologiar, gjennom kopiering, bibliotekvederlag og på andre måtar. I tillegg kan forfattarane nytte seg av ei rekkje stipendordningar.

Rekrutteringa til forfattaryrket vert stimulert av innkjøpsordningane under Kulturrådet og av bibliotekvederlaget til forfattarorganisasjonane, men også solidaritetsfonda forvalta av skribentorganisasjonane medverkar til å gje nye forfattarar høve til å utvikle forfattarskapen. I tillegg finst det fleire tilbod om utdanning for dei som ynskjer å verte forfattarar både ved høgskular og andre skuleslag. Den norske litteraturpolitikken saman med ordningar i bransjen fører til at Noreg har fleire forfattarar enn folketalet skulle tilseie. Både kulturpolitisk og næringspolitisk må det vere eit mål å tryggje gode arbeidsvilkår for forfattarane.

8.5.2 Forlagsverksemd

Det er få formelle krav for å gje ut bøker i Noreg. I Den norske bokdatabasen er det registrert så mange som 1455 forlag med i alt 139 386 norskspråklege titlar. Mange av forlaga gjev berre ut ein eller to titlar, ofte med lokalprega innhald. Å etablere og utvikle eit profesjonelt forlag med regelmessige utgjevingar krev kapital og langsiktig profesjonell satsing.

Truleg er det om lag 350 stadig aktive forlag i landet. Dei aller fleste av dei store er medlemmer av Den norske Forleggerforening. Per 1. januar 2005 var 50 forlag medlemer av Forleggerforeningen. Desse forlaga står for størstedelen av dei norskspråklege utgjevingane i Noreg. Tal frå bransjestatistikken for 2002 viser at medlemsforlaga inkludert bokklubbomsetninga står for om lag 75–80 pst. av den totale bokomsetninga i Noreg. Dei fem største forlaga er H. Aschehoug & Co (W. Nygaard), J.W. Cappelens Forlag AS, Gyldendal Norsk Forlag AS, Schibsted-Forlagene AS og N.W. Damm & Søn AS. Det Norske Samlaget er største utgjevar av nynorsk litteratur.

For å få fram bøker har forlaga i aukande grad knytt til seg lausmedarbeidarar som utfører sentrale delar av forlagsarbeidet. Dei viktigaste av desse er konsulentane, språkvaskarane, korrekturlesarane, illustratørane, biletredaktørane, skuggeskrivarane og formgjevarane. Det finst ikkje oversyn over kor mange årsverk som desse stillingane utgjer, men truleg er det like mange som dei som arbeider i forlaga.

Mange verksemder arbeider også med å produsere dei bøkene forlaga utviklar. Størsteparten av bokproduksjonen vert gjordt i Noreg, men det er grunn til å tru at ein større del av trykkinga og innbindinga vil bli gjort i utlandet i framtida. Viktige yrkesgrupper i framstilling og produksjon av bøker er også satsprodusentane og ulike formgjevarar i grafisk bransje. Mesteparten av papiret som vert nytta i bøkene vert i dag produsert utanfor landet. Ulike internettoperatørar arbeider med å utvikle program og ulike heimesider for forlag, forhandlarar og resten av bokbransjen. I tillegg til sider for informasjon og sal vert det i aukande grad kjøpt kompetanse og kapasitet for å utvikle ulike typar elektroniske produkt og læremiddel.

Sjølv om mykje av marknadsføringa av bøkene vert gjort frå forlaga og forhandlarane, vert det også kjøpt tenester til dette arbeidet. Hovudsamarbeidspartnarane for bokbransjen er nok reklamebyråa, men det vert også kjøpt tenester frå mindre aktørar.

8.5.3 Forvalting av rettar og interesser

Normalavtalane mellom Den norske Forleggerforening og skribentorganisasjonane regulerer tilhøvet mellom forfattarar, omsetjarar og forlag på område som gjeld rettar, plikter, royalty og honorar. Noreg er det einaste landet i verda med slike avtalar. Avtalane verkar mot etableringshindringar og har mellom anna vore medverkande til den solide framveksten av norsk skjønnlitteratur.

Kopinor har frå 1980 kravt inn vederlag for kopiering frå bøker, aviser, tidsskrift, notar og liknande. Dei innkravde summane er baserte på avtalar med private og offentlege verksemder som kompensasjon for kopiering av verna materiale. Beløpa vert fordelte til rettshavarane i 21 organisasjonar knytte til Kopinor og til utanlandske rettshavarar. I 2003 vart det utbetalt 131,8 mill. kroner til Kopinors medlemsorganisasjonar. Til utanlandske rettshavarar vart det fordelt 42,4 mill. kroner. Gjennom Kopinor mottek forfattarorganisasjonane årleg minst like mykje i kopivederlag som i bibliotekvederlag. Den gjennomsnittlege prosentfordelinga mellom opphavsorganisasjonar og utgjevarane er 60–40. For medlemmene i Den norske Forleggerforening var tildelinga på til saman 45,3 mill. kroner. Dette utgjer ei viktig inntekt for det einskilde forlaget.

Inntektene som forfattarane har gjennom vederlaga sikrar stabile inntektsforhold. På denne måten vert arbeidssituasjonen tryggare, og den einskilde forfattaren kan utvikle seg med mindre uro for livssituasjonen.

8.5.4 Logistikk og distribusjon

Det er etablert fleire effektive distribusjons- og lagersentralar for bøker i Noreg.

Forlagsentralen ANS er eigd av H. Aschehoug & Co. og Gyldendal ASA (50 pst. kvar) og har i dag nesten 300 forlagskundar med til saman 20 500 titlar på lager. Forlagsentralen har også utvikla Den norske bokdatabasen , som tek sikte på å vere ein komplett database over alle titlar som er til sals i Noreg. Om lag 130 personar er tilsette i Forlagsentralen i 2005.

Sentraldistribusjon ANS er eigd av Cappelen (99 pst.) og av Svensk Film (1 pst). Selskapet har 70 forlagskundar og lagerfører og distribuerer om lag 19 900 titlar.

Biblioteksentralen AL vart etablert i 1952 og er eigd av 425 kommunar (87 pst.), 14 fylkeskommunar (11 pst.), Kommunenes Sentralforbund (2 pst.) og Norsk Bibliotekforening (0,3 pst.). Biblioteksentralen tilbyr produkt og tenester til norske bibliotek og sel og distribuerer om lag halvparten av bøkene som går til norske bibliotek.

Etter at Bransjeavtalen i 1998 opna for sal av bøker i andre kanalar enn bokhandel, er fleire distribusjonsselskap etablerte. Eit døme er Bladcentralen ANS som er eigd av J.W. Cappelens Forlag AS, Schibsted-Forlagene AS, N.W Damm & Søn AS, Hjemmet Mortensen AS, Egmont Serieforlaget AS, Se & Hør forlaget AS og Allers Familiejournal AS. Sentralen distribuerer berre for eigarane.

Eit anna døme er Interpress Noreg AS som er eigd av Reitan Handel. Dei eig også mellom anna Narvesen og Rema 1000. Interpress har 250 norske titlar og mellom 800 og 900 engelske og amerikanske titlar på lager. Interpress fokuserer på bestseljarar og satsar spesielt på eit ti-på-topp utsal av norske billigbøker. Interpress distribuerer til daglegvarebutikkar, kioskar og bensinstasjonar.

Ei viktig binæring av aktivitetane i bokbransjen er transport til og frå lager og utsalsstad. Bøker er tunge og bøkene vert frakta fram og tilbake over heile landet. Bokklubbane og internettbokhandelen er til dømes mellom dei største kjøparane av tenester frå Posten.

8.5.5 Sal av litteratur

Noreg har eit godt utbygt nett av bokhandlar . 87 pst. av folket bur i ein kommune med bokhandel, og tal frå MMI si bokgransking viser at 9 av 10 nordmenn meiner dei har ein bokhandel innanfor akseptabel reiseavstand. I alt har vi 600 bokhandlar spreidde over heile landet. I alt arbeider over 3300 medarbeidarar i norsk bokhandel, og dei er dagleg i direkte kontakt med kundane. Meir enn 90 pst. av omsetninga i bokhandelen kjem frå bedrifter knytte til kjeder eller andre samanslutningar.

Bokhandlane er viktige kultursentra og er godt besøkte. I alt 69 av alle nordmenn besøkte ein bokhandel siste månad. Så godt som alle bokhandlar er medlemmer i Den norske Bokhandlerforening og har dermed plikter og rettar i forhold til Bransjeavtalen. Bokhandlane har til dømes skaffeplikt på alle dei 70 000 titlane som er tilgjengelige gjennom norske distributørar. Ein typisk bokhandlarkjede sel over 40 000 ulike titlar i året.

Om lag 60 pst. av den totale bokomsetninga i Noreg går via bokhandlane. Ein gjennomsnittleg bokhandel omset for 8–9 mill. kroner og har 5,6 årsverk. Omsetninga i bokhandlane fordeler seg i gjennomsnitt på 64 pst. bøker og 36 pst. på andre varer som papir og kontorutstyr. Bøkene sin del av omsetninga har dei siste åra vore stigande. Meir enn 90 pst. av omsetninga i bokhandelen kjem frå bedrifter knytte til kjeder eller andre samanslutningar som ARK, Norli, Bok- og Kontorkjedene Norge AS (Libris og Interbok), Notabene, Unipa og Fri Bokhandel.

Bokhandelen har dei siste åra vorte meir enn ein kanal for sal av bøker. Bokhandelen er i større og større grad i ferd med å verte eit kulturelt opplevingssenter, noko som er ein populær trend i større byar i land som USA og England. I mange lokalsamfunn er bokhandelen ein svært viktig kulturell møteplass. Hit kjem forfattarar og det vert skipa debattkveldar, høgtlesingar, eventyrstunder og temakveldar. Den lokale bokhandelen er ofte ein viktig fødselshjelpar for lokal litteratur. Nokre bokhandlar er til og med medutgjevarar av bøker, andre gjev den lokale litteraturen ein sentral plass i bokhandelen og i marknadsføringa.

Fleire bokhandlar driv i tillegg til ordinær bokhandeldrift også nettbokhandel . Det er ein aukande tendens til at kunden brukar den nettbokhandelen der dei elles også fysisk handlar. Vi har i Noreg i 2004 berre to nettbokhandlar som ikkje har fysisk butikkutsal. MMI-granskinga fortel at i 2002 handla 5 pst. av befolkninga ei eller fleire bøker gjennom ein norsk nettbokhandel og 3 pst. gjennom ein utanlandsk nettbokhandel. I tillegg ser vi ei tredobling i talet på dei som oppgjev at dei ein eller annen gong har kjøpt bøker gjennom ein nettbokhandel. 20 pst. av innbyggjarane seier no at dei har kjøpt bøker via nettet, mot berre 7 pst. ved førre måling (1999). Den viktigaste årsaka til at det vert kjøpt bøker via Internett, er at dei her får tilgang på bøker dei elles ikkje finn. Det er rimeleg å leggje til grunn at det er vorte både vanlegare og enklare å handle bøker via Internett dei siste åra.

På dei 40 åra det har eksistert bokklubbar i Noreg, er det etablert nærare 50 klubbar. Samla sett hadde norske bokklubbar i 2003 rundt 1,3 millionar medlemskap, men mange har medlemskap i fleire klubbar, slik at det totale talet nordmenn med bokklubbmedlemskap er noko lågare. Bokgranskinga for 2003 viser at 52 pst. av alle landets 1,7 mill. husstandar har eitt eller fleire bokklubbmedlemskap.

I 2002 omsette bokklubbane bøker for 1 274 mill. kroner. Dette utgjer 25 pst. av den totale bokmarknaden, som i 2002 vart estimert til i overkant av 5 mrd. kroner. Innanfor norsk skjønnlitteratur har bokklubbane om lag 70 pst. marknadsdel.

Det norske bokklubbmarknaden er dominert av tre store grupperingar:

  • De norske Bokklubbene , som er eigd av Aschehoug og Forlaget Oktober med 48,5 pst. av aksjane, Gyldendal med 48,5 pst. av aksjane og Pax Forlag som har 3 pst.

  • Cappelens bokklubber

  • Damms bokklubber

For ein forfattar har det svært mykje å seie økonomisk å bli gjeven ut i bokklubb. Sjølv om honoraret er noko lågare, fører dei høge medlemstala ofte til store opplag. Medan salstal i bokhandel for ei vanleg norsk skjønnlitterær utgjeving ligg på om lag 300–400 eksemplar, kan ei typisk hovudbok selje 35 000 eksemplar i snitt. Bokklubbane hadde til og med 2004 både aktualitets- og prisfordel, noko som vil seie at bokklubbane kunne tilby rabattar på nye titlar rett etter utgjevingane. Dette er unikt i europeisk samanheng. Bøkene som vert selde gjennom bokklubb, er av tre typar:

  • lisensbøker, som har det same innhaldet som bøkene som forlaga gjev ut, men dei vert trykte med eige ISBN og eige omslag

  • tilleggsbøker, som bokklubbane kjøper direkte frå forlaga,

  • eigne bøker, som er produserte og utgjevne av bokklubben.

Med den nye bokavtalen mellom Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen mister bokklubbane nokre av sine viktigaste konkurranseføremoner. Representantar for bransjen har varsla færre tilsette som følgje av dårlegare konkurransetilhøve.

Ifølgje bokbransjegranskinga som MMI gjennomførte i 2003 hadde 11 pst. av dei som kjøpte bøker i 2003, kjøpt ei eller fleire bøker i kiosk, og 8 pst. hadde gjort bokkjøp i daglegvareforretning eller varehus. 2–5 pst. av bokkjøparane nytta seg av andre salskanalar, slik som bensinstasjonar, postordre og utanlandske bokhandlar. Til samanlikning var 80 pst. av bokkjøparane innom ein bokhandel, og 40 pst. kjøpte bøker gjennom bokklubb.

Tidlegare selde norske forlag mange bøker direkte til forbrukarane. Dette var særleg då forlaga gav ut verk og nytta agentar, men også sal gjennom postordre stod tidlegare for ein større del av det totale boksalet.

8.5.6 Formidling

Media formidlar tradisjonelt bøker gjennom bokmeldingane. Dette er framleis ei viktig side av formidlinga. Etter kvart har føreomtale av bøker, artiklar bygde på bøker og utdrag frå bøker fått ein stadig større plass i mediebiletet. Ordskifte i ulike medium bygde på bokutgjevingar er også vanleg. Samstundes er det tendensar til at mange utgjevingar ikkje får særleg omtale i media. Verken barnebøker eller poesi er særleg godt dekt i norske media. Skjønnlitteratur er truleg meir dekt enn fagprosa. Interessa for debutantane er generelt stor, medan interessa for dei etablerte forfattarane som ikkje er mellom dei aller mest kjende kan synast mindre.

Alle kommunar i Noreg, med unnatak av to, har eigne folkebibliotek . Medrekna dei 435 hovudbiblioteka er det til saman 974 bibliotekavdelingar i Noreg. I tillegg kjem 339 fag- og forskingsbibliotek, dessutan skulebibliotek. Gjennomsnittleg utlån, inkl. andre medium, per innbyggjar var 5,3 i 2002, ein liten auke frå 2001. Gjennomsnittleg lånte vi fire bøker kvar i 2002, dette er færre utlån per innbyggjar enn i dei andre nordiske landa. Born mellom 0 og 12 år lånte 9 bøker kvar på folkebiblioteket i 2002.

Bokklubbane har også hatt ei viktig rolle i spreiinga av litteratur i Noreg. Litteraturformidling gjennom omtale i medlemsblad har medverka til auka interesse for bøker, og abonnementsordninga har ført til at folk har fått bøker dei elles ikkje ville ha kjøpt, til lesing heime.

Bokhandlar og forlag har i over 50 år gjeve ut katalogen Årets Bøker som inneheld alle dei nye bøkene det aktuelle året. Katalogen er marknadens mest salsutløysande og vart i 2004 delt ut til alle husstandar samstundes som den no er å få i alle bokhandlar. I tillegg har fleire bokhandlarkjeder og forlag eigne katalogar som gjev lesaren god innsikt i årets litteratur. Nokre lagar også eigne temakatalogar.

Skulen og litteraturen heng saman. Alt frå barnehagane er samlingsstunder med høgtlesing ein fast del av dagen. Foreldra vert også stimulerte til å lese for borna. I grunnskulen er lærebøkene framleis sentrale verkemiddel i undervisninga og skal bli det også i dei nye reformene frå 2006.

Fleire granskingar syner at norske skoleelevar har dårlegare leseforståing enn elevar i andre land i Europa. Tiltaksplanen Gi rom for lesing frå 2003 inneheld tiltak som skal auke elevane sin motivasjon og lesekompetanse, auke bruken av skulebibliotek, heve kompetansen hos lærarane og auke medvitet om lesing i samfunnet.

Prosjektet Bok til alle vart første gong gjennomført i 2004, og gjorde det mogeleg for 120 000 sjette- og sjuandeklassingar å hente ein av seks spesialtrykte pocketbøker i den lokale bokhandelen. Tilbodet gjekk ut til 3 265 skular og over 100 000 bøker vart henta av elevane. Bok til alle er eit samarbeidsprosjekt mellom Utdanningsdirektoratet og Den norske Bokhandlerforening med utspring i handlingsplanen Gi rom for lesing . Prosjektet vil bli vidareført i 2005.

I 1997 gjekk ei rekkje aktørar i bokbransjen saman om det felles lesestimulerande tiltaket, Prosjekt Leselyst . Dette var utgangspunktet for etableringa av Foreningen !les som mellom anna koordinerer og initierer ulike landsomfattande lesetiltak som til dømes Aksjon tXt og Lesestafetten . Ved Aksjon txt i 2003 deltok 135 000 ungdommar.

Foreningen !les skal i 2005 arrangere eit nasjonalt leseår i samarbeid med Noreg 2005 og andre aktørar. Målsetjinga er å få fleire menneske til å lese fleire bøker, gjere breiare delar av den norske litteraturen kjend for fleire, og ikkje minst inspirere ungdom til å ta steget inn i bokverda. Foreningen !les vil bruke leseåret til å setje i gang ei rekkje tiltak som kan halde fram etter at leseåret er over. I tillegg vil !les sitt arbeid i samband med litteraturfestivalar og aksjonen Rein tekst i 2005 bli arrangert som eit leseårsprosjekt. Mange tiltak vil bli gjennomførte i eit samarbeid mellom bransjeaktørar, offentlege institusjonar, organisasjonar og skuleverket.

Gjennom Den kulturelle skulesekken som er finansiert av spelemiddeloverskotet får elevar i grunnskulen til dømes møte profesjonelle forfattarar og skodespelarar.

Gjennom prosjektet Leser søker bok vert det arbeidd for å auke tilgangen til litteratur som til dømes følebøker, lydbøker og lettleste bøker. Innanfor kvar målgruppe vil det vere behov for bøker på ulikt nivå, og særleg skortar det på tilrettelagd litteratur for vaksne. Ofte finst ikkje passande bøker, og dei må difor både skrivast, produserast og formidlast. Lettleste bøker og følebøker vert innkjøpte av Norsk kulturråd. Bak prosjektet står om lag 20 organisasjonar og institusjonar, offentlege og private, som til saman representerer heile bokkjeda, frå forfattar og forlag til formidlarar og brukarorganisasjonar. Prosjektet får i 2005 tilskot på 3,3 mill. kroner frå Kultur- og kyrkjedepartementet.

Fleire litteraturfestivalar og bokdagar er etablerte kring i Noreg. Dette skaper stor aktivitet både for deltakarane og dei som står for arrangementa. Nokre døme kan vere litteraturfestivalen på Lillehammer og i Stavanger og Bjørnson-festivalen i Molde. Forutan ein viss promoteringseffekt av bøker og forfattarar, kan slike festivalar ha ringverknader for både næringslivet, merkevarebygginga av stadene og som turistattraksjon. Forsking viser likevel at slike eventuelle effektar vanskeleg lèt seg måle.

8.6 Internasjonale relasjonar

Marknadsføring, promotering og oversetjing av norsk litteratur

Norsk litteratur står sterkt internasjonalt for tida. Sidan rammevilkåra for norsk litteratur har vore gode frå 1960-talet har det kome ut mykje god litteratur i Noreg. Med bakgrunn i systematisk arbeid gjennom mange år har norske bøker nådd ut til mange lesarar og norske forfattarar har fått fleire internasjonale prisar. Norsk litteratur er med på å auke interessa for Noreg internasjonalt, og gjennom bøkene har ein fått gode ambassadørar i fleire land.

NORLA, Senter for norsk skjønn- og faglitteratur i utlandet, er ein viktig aktør i arbeidet for å promotere og formidle norske skjønn- og faglitterære forfattarar i utlandet. Stiftinga får i 2005 vel 7 mill. kroner i driftsmidlar frå Kultur- og kyrkjedepartementet. UD og utanriksstasjonane samarbeider tett med NORLA om formidlinga av norsk litteratur til utlandet. NORLA forvaltar UD sin tilskotsordning på litteraturfeltet. Rammene er om lag 100 000 kroner årleg. Ordninga omfattar støtte til forfattarreiser i forbindelse med deltaking på litterære arrangement i utlandet (ikkje boklanseringar) og til ein viss grad seminar om oversetting frå norsk og liknande.

Hovudmålsetjinga for NORLA er å medverke til at fleire norske titlar vert gjevne ut i utlandet. Dette inneber å styrkje forfattarane og forlaga sine kontaktar med utlandet og medverke til både nettverksbygging og inntekter. NORLA gjev reisestipend til norske forfattarar og omsetjarane deira og arrangerer kompetansehevande seminar for norske omsetjarar og forleggjarar. I tillegg til dette set NORLA i verk promosjonsprogram og forfattarpresentasjonar i utlandet, deltek på internasjonale bokmesser og litteraturfestivalar og gjev personlege råd og rettleiing.

Eitt av dei viktigaste arbeidsområda til NORLA er å stimulere til omsetjing av norske bøker i utlandet. NORLA gjev støtte til utanlandske forlag sine omsetjingar av norske skjønn- og faglitterære bøker. Sjølv om ei rekkje omsetjingar av norske bøker vert gjevne ut utan norske støttemidlar, er det klart at utan høve til å gje økonomisk støtte til kostnadene ved omsetjing ville ikkje på langt nær så mange rettar verte selde. Denne forma for statleg støtte til bokbransjen er også ei statleg støtte til kulturformidling, noko som mange land i Europa har innsett.

For NORLA er oppfølging, stimulans og kompetanseheving av omsetjarar frå norsk ei primæroppgåve. Utan gode omsetjarar ville norske titlar truleg i mindre grad nå fram i den internasjonale konkurransen om merksemd. EUs kulturprogram tilbyr også medlemslanda finansiering av omsetjingar etter bestemte reglar. Noreg vert omfatta av denne ordninga. Finansieringa har vore svært gunstig for dei norske forlaga som har fått godkjent søknadene sine til EU.

NORLA skal dekkje både bransjeinteresser og kulturinteresser. Sjølv om verksemda ikkje er kommersiell, har effektane av NORLA sitt arbeid også næringsøkonomisk innverknad. Samarbeidet med Utanriksdepartementet om marknadsføring og promotering i utlandet har i stor grad gjeve både økonomisk og kulturell utteljing.

Fotnotar

1.

Besøkstal for norske filmar i Noreg i 1998 er rekna ut på grunnlag av samla inntekter og gjennomsnittleg billettpris, sidan statistikk for selde billettar ikkje finst for dette året.

Til forsida