St.meld. nr. 22 (2005-2006)

Om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2006 og fisket etter avtalane i 2004 og 2005

Til innhaldsliste

4 Bestandsutrekning, rådgiving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltningsplanar

I dette kapitlet blir det først gitt ei kort oversikt over metodar for å måle fiskebestandar i felten, utrekningsverktøy (modell), forvaltningsplanar, rådgiving og dei såkalla referansepunkta. Deretter blir det gjort greie for tilstanden til dei viktigaste fiskebestandane som Noreg deler med andre land, i tillegg til tilrådd TAC, avtalt TAC og fangstar. Til sist omtalast dei langsiktige forvaltningsplanane som Noreg har vedteke saman med andre land.

4.1 Bestandsutrekning og rådgiving

4.1.1 Bestandsutrekning

Bestandsutrekning («assessment») inneber vanlegvis å kombinere tilgjengeleg informasjon frå fangststatistikk og data frå vitskaplege tokt. Ved hjelp av ulike matematiske modellar reknar ein ut kor stor bestanden er i dag ved å sjå på kor store årsklassane var i fjor, og så trekkje frå dei individa som har døydd på grunn av fiske og naturleg død (blitt etne av andre, sjukdom, matmangel, alderdom) i løpet av året. Dei viktigaste datakjeldene i slike modellar er:

Fangststatistikk med stikkprøver av alderssamansetjing (skal fortelje kor mykje som er blitt fiska i løpet av året av dei forskjellige årsklassane) toktdata (fortel om relative endringar i talet på fisk i kvar aldersgruppe i forhold til året før).

Fangststatistikk

Det er viktig å halde oversikt over kor mange individ som blir tekne ut av ein bestand. I nokre tilfelle kan ein sjå om bestanden veks eller minkar ved å samanlikne kor stor fiskeinnsats som ligg bak kvart tonn med fanga fisk frå år til år. Fisket gir forskarane opplysningar om når, kva, kor og kor mykje det blir fiska, viktig informasjon som blir mata inn i modellane til forskarane. Desse opplysningane må derfor vere så nøyaktige som mogleg. Unøyaktige fangstdata vil kunne slå tilbake på fiskarane etter ei tid i form av unødig stor reduksjon i fiskebestandane, som det tek lang tid å byggje opp att.

Toktdata

Havforskingsinstituttet brukar vanlegvis fleire ulike metodar for å måle mengda av fisk i havet:

  • ekkolodd/akustikk

  • trål

  • måling av eggproduksjon

  • merking/gjenfangst av fisk

Akustisk mengdemåling

Metoden baserer seg på at objekt i havet reflekterer lyd (ekko). Styrken og tidslengda på ekkoet frå ein fisk eller fiskestim er avhengig av art og storleik på fisken, og av tettleiken og volumet til stimen. Desse samanhengane er etter kvart blitt rimeleg godt fastlagde gjennom eksperimentelle og kontrollerte målingar. Ved å måle og lagre ekkostyrke og ekkotidslengd langs kurslinjene og observere kva slags artar og storleikar som medverkar til dei akustiske målingane ved å ta prøver (trålfangstar), kan ein rekne ut kva slags fisketettleik, art og storleik ekkomålingane svarar til. Dei akustiske målingane og analysane blir utførte i BEI («Bergen Echo Integrator»), eit system som er utvikla av Havforskingsinstituttet og er i omfattande bruk rundt om i verda.

Botntrål

Talet på fisk i kvar botntrålfangst blir rekna om til fisketettleik (tal per flateeining) ved å dividere på det arealet botntrålen har fiska over. Ved å ta eit stort tal trålstasjonar fordelt i heile utbreiingsområdet til bestanden, får ein fram ei fordeling basert på trålfangst per arealeining. Talet på fisk i kvar arts- og storleiksgruppe vert justert basert på kunnskap vunne gjennom eksperiment, om kor mange fisk som vil unnvike trålen eller som vil sleppe gjennom maskene på trålen.

Måling av eggproduksjonen

Metoden her kan kortfatta skisserast slik: når ein veit kor mange egg som er gytt og kor mange egg ein hofisk gyt, kan ein finne ut kor mange hofisk som har gytt. Feltdelen, eller eggtalfestinga i metodikken, er i hovudsak lik botntrålmetodikken. Med planktonhåv tek ein eit stort tal håvtrekk fordelt i heile gyteområdet. Fangstane av egg blir rekna om til eggtettleik (tal per flateeining). Multiplisert med tilhøyrande areal og justert for alderen til egga, får vi så totalt tal på egg gytt per dag. Gyteområdet blir dekka fleire gonger i løpet av gytesesongen. Når eggmengdene frå kvar dekking blir summerte over heile gytesesongen, får ein det totale talet på gytte egg.

Talet på egg som eit individ gyt er avhengig av art og storleik. Store hoer gyt fleire (og større) egg enn små hoer. Samanhengen er fastlagt, og talet på egg per gram hofisk er talfesta. Total mengd gytte egg, dividert med talet på egg per gram hofisk, gir til slutt vekta eller biomassen til gytebestanden av hofisk. Prøvetaking syner kor mykje hannfisk og hofisk det er i gytebestanden. Vanlegvis er dette forholdet nær 1:1.

Merkeforsøk

I si aller enklaste form kan formelverket som blir nytta skisserast slik:

Talet på fisk i bestanden/talet på merkte fisk = Talet på fisk i fangst/talet på merka fisk i fangst

Dersom ein held greie på kor mange merker som blir sette ut, kor mange merker som blir funne att og kor mange fisk som blir fanga, kan ein ved hjelp av denne formelen rekne ut mengda av fisk i bestanden.

4.1.2 Metodar for utrekning av bestandsstorleik

Bestandsutrekning inneber som nemnt å kombinere tilgjengeleg informasjon frå fisket, data frå tokt der storleiken på bestanden blir fastsett og utnyttingsgraden (fisketrykket). Utfallet er grunnlag for rådgiving om fiskekvotar, og er elles viktig for meir grunnleggjande forsking på tilhøve som avgjer storleiken på bestanden, rekruttering osv.

For dei fleste bestandar av interesse for Noreg blir desse utrekningane gjort i samarbeid med forskarar frå fleire land i arbeidsgrupper innanfor ICES (Det internasjonale råd for havforsking). Utrekningsverktøyet er matematiske modellar. Det finst ei rekkje slike modellar, og dette er eit forskingsfelt i rask utvikling. Valet av modell vil avhenge av eigenskapane til bestanden og kva slags data som er tilgjengelege. I Noreg brukar ein hovudsakleg modellar der føresetnaden er at både fangstane og toktdata ligg føre som tal på fisk fordelt på alder. Medan talet på fisk i fangstane er eit absolutt tal, er talet på fisk i bestanden eit relativt tal; ein indeks. Det gjer at målingane kan knytast til årsklassar, og at kvar årsklasse kan følgjast over tid.

VPA (Virtuell PopulasjonsAnalyse)

Dette er ein metode for å rekne ut kor stor ein årsklasse må ha vore bakover i tid og kor høg fiskedøyinga (delen av bestanden som er hausta i fiskeria) har vore ved hjelp av opplysningar om fangst ved alder over ein del år. Dette er ikkje nok for ei fullstendig bestandsutrekning, men mange utrekningsverktøy tek utgangspunkt i denne metoden.

Om ein veit kor mange fisk som har vore fanga av ein årsklasse gjennom ein del år, veit ein også at det må ha vore minst så mange fisk i årsklassen frå starten av. Faktisk må det ha vore endå fleire, fordi ein også må rekne med eit fråfall av andre årsaker enn fiske (naturleg døying). Når ein skal setje opp ein slik rekneskap, startar ein i praksis med den mengda fisk ein trur framleis er til stades og legg til det som vart fanga og det som gjekk tapt siste år på grunn av naturleg døying. Då får ein den mengda fisk som må ha vore i årsklassen året føre. Slik held ein fram bakover i tid. Den naturlege døyinga reknar ein som oftast som eit fast relativt (prosentvis) tap kvart år. Fiskedøyinga får ein ved å samanhalde fangst og bestand år for år.

VPA fortel altså ikkje kor stor bestanden er i augneblinken. Om ein derimot kan gå ut frå at det no er lite att av ein årsklasse, kan ein rekne ut ganske presist kor stor årsklassen har vore i tidlegare år. Utrekninga byggjer på fangststatistikken og blir villeiande om fangsttala ikkje er riktige.

For somme artar brukar ein ikkje metodikk basert på fangststatistikk. I våre farvatn gjeld det først og fremst lodda. Her brukar ein den akustiske målinga av bestanden som eit absolutt mål for bestandsstorleiken, og nyttar så modellar som tek omsyn til at den naturlege døyinga mellom målinga og gytetidspunktet vil variere med kor mykje torsk og andre rovdyr som er i området, som basis for rådgjevinga om kvotar.

4.1.3 Forvaltningsplanar og rådgiving

Det er naturen som set grenser for kor mykje som kan haustast av ein fiskebestand. Innanfor denne avgrensinga er det like fullt mange alternative måtar å nytte ressursen på, avhengig av kva slags mål ein har. Ein snakkar her om ulike forvaltningsplanar. Desse kan vere tidsavgrensa eller permanente. Ein permanent plan kan for eksempel vere å fiske med ein gitt utnyttingsgrad. Ein tidsavgrensa plan kan for eksempel ta sikte på å byggje opp att ein bestand til eit visst nivå. I begge tilfelle bør det vere mogleg å revidere planen undervegs.

Dei forvaltningsplanane som har eksistert fram til no har som regel vore enkle og ufullstendige. Det er derfor eit langsiktig mål for norske fiskeristyresmakter at forvaltninga skal baserast på meir heilskaplege forvaltningsplanar enn dei vi har i dag, der det ikkje berre blir teke omsyn til biologiske, men også til økonomiske og andre relevante faktorar.

I ein forvaltningsplan vil berekraft vere ei grunnleggjande norm. Optimal ressursutnytting og stabilitet er andre kriterier det er rimeleg å ta omsyn til. For å kunne vurdere utnyttingsgrad og bestand i forhold til slike kriterier, er det utvikla biologiske referansepunkt. Tradisjonelt har desse vore bruka i forvaltingsrådgiving både som grenseverdiar og målverdiar. Nedanfor er det gjeve eit oversyn over dei vanlegaste referansepunkta og kva dei tyder, men først er det naudsynt å forklare enkelte vanlege, faglege omgrep.

Døyingstal

Totalt døyingstal (Z) i ein fiskebestand blir delt opp i naturleg døyingstal (M) og fiskedøyingstal (F). Fiskedøyingstalet skal omfatte den del av døyingstalet som skuldast fisket. I praksis vil det like fullt vere vanskeleg å få mål på utkast og døyingstal som skuldast kontakt med fiskereiskap, slik at fiskedøyingstalet i bestandsutrekningar som regel berre omfattar det som blir registrert som ilandført fangst. Naturleg døyingstal omfattar då all annan døying. Forskarane nyttar «momentane» døyingstal. Ettersom talverdien som oftast ligg mellom 0 og 1, til dømes 0,5, blir dette lett oppfatta som prosentar, slik at 0,5 skulle bety 50 % døying. I praksis er tilhøvet slik at døyingstalet ofte kan overstige 1 utan at dette betyr 100 % døying. Dette kjem av at talet står i høve til det gjennomsnittlege talet på fisk til stades gjennom perioden ein nyttar (t.d. eit år), og ikkje til talet ved starten av perioden. Samanhengen er vist i tabell 4.1.

Tabell 4.1 

Døyingstal0,10,20,30,40,50,60,70,80,91,01,52,0
%9,518,125,933,039,345,150,355,159,363,277,786,5

I forvaltningssamanheng er det som regel berre fiskedøyingstalet som blir presentert. Naturleg døying kjem i tillegg til dette. Ein fordel ved å bruke «momentant» døyingstal, er at dette ofte er tilnærma proporsjonalt med fangstinnsatsen. Ei dobling av fangstinnsatsen tilsvarar omtrent ei dobling av fiskedøyingstalet.

Eit utnyttingsmønster syner korleis utnyttinga er fordelt på kvar aldersgruppe. Dette vil mellom anna vere avhengig av reiskapsseleksjon. Som regel vil utnyttinga vere lågare for ung fisk enn for eldre. Utnyttingsmønsteret er uavhengig av utnyttingsgrad (fiskedøyingstal), og refererer berre til det relative tilhøvet mellom aldersgruppene. Endringar i utnyttingsmønsteret kan ha stor innverknad på langtidsutbytet.

Referansepunkt som dannar grunnlag for rådgiving om fiskekvotar

Føre-var-regelen (eller føre-var-tilnærminga) i forvalting av naturressursar er nedfelt i fleire internasjonale konvensjonar etter Rio-konferansen i 1992. Sidan 1998 har ICES med tida definert og talfesta føre-var-referansepunkt for dei fleste bestandane. Referansepunkta omfattar både utnyttingsgrad (fiskedøyingstal) og storleik på gytebestanden.

Berekraftige fiskeri er eit sentralt omgrep i dei før nemnde internasjonale konvensjonane. Ut frå det langsiktige aspektet som ligg i dette, og ut frå den historiske erfaringa med forvalting av fiskebestandar, er fiskedøyingstalet rekna som eit viktig kriterium for føre-var-forvalting. Ein vil sikre seg mot at bestanden blir utsett for ei fiskedøying som på lengre sikt kan føre til samanbrot i bestanden. Ut frå historiske bestandsdata og enkle føresetnader om samanhengen mellom gytebestand og rekruttering, har ein for kvar bestand prøvd å definere ei nedre grense for gytebestanden (Blim ), der det er stor risiki for dårleg rekruttering om gytebestanden kjem under denne grensa. Tilsvarande er det definert ei øvre grense for fiskedøyingstalet (Flim) som, dersom ho blir overskriden over lengre tid, svært sannsynleg vil føre bestanden ned på eit nivå der rekrutteringa er venta å verta dårleg.

Når ein tek omsyn til uvisse i bestandsvurderingane, vil ei føre-var-forvalting krevje at det blir lagt inn ein tryggleiksmargin i høve til desse «absolutte» grensene. Ei føre-var-grense for gytebestanden (Bpa ) 1 må derfor vere noko høgare enn Blim , og ei føre-var-grense for fiskedøyingstalet (Fpa ) må vere noko lågare enn Flim. Denne tryggleiksmarginen vil altså avhenge av presisjonen i bestandsutrekninga og graden av naturleg variasjon i bestanden. Fpa kan sjåast som det høgaste fiskedøyingstalet som vil vere i samsvar med ei føre-var-forvalting, men er også knytt til om den er berekraftig. Bpa er først og fremst ei tiltaksgrense. Dersom gytebestanden er lågare enn Bpa , bør ein ta det som ei åtvaring og setje inn ekstra tiltak for å få bestanden opp igjen på eit tryggare nivå.

ICES har definert dei «absolutte» grensene (Blim og Flim) ut frå historiske bestandsdata og teori om dynamikken i fiskebestandar. Når det gjeld føre-var-grensene (Bpa og Fpa ), vil verdien på desse mellom anna avhenge av kor stor risiko forvaltinga er villig til å ta. ICES kjem derfor berre med framlegg om føre-var-grenser, og det krevst ein dialog med forvaltinga for å fastsetje føremålstenlege verdiar.

Det er verdt å merke seg at ICES sin definisjon av føre-var-referansepunkta er grenseverdiar som tek sikte på at det er svært sannsynleg at bestanden skal halde seg over nivået der rekrutteringa kan svikte. Grensene er altså ikkje tenkt å vere mål for forvaltninga. For dei fleste bestandar, spesielt av botnfisk, er den føreslåtte føre-var-grensa for fiskedøyingstalet høgare enn fiskedøyingstalet som gir maksimalt langtidsutbytte, og forvaltninga kan fritt stile mot eit høgare langtidsutbytte ved å setje eit mål for fiskedøyingstalet som er lågare enn føre-var-grensa.

Bruken av føre-var-tilnærminga er komen gradvis til syne i ICES si rådgiving. Frå og med hausten 1996 vart det i større grad enn tidlegare argumentert mot høge fiskedøyingstal også for ein del bestandar som var godt innanfor trygge biologiske grenser. Hausten 1997 gav ICES ei åtvaring om kva slags fangstopsjonar som ikkje vart rekna for å vere føre-var for dei fleste bestandane, og frå 1998 vart føre-var-referansepunkta innførde. Ei anna omlegging hausten 1998 var at ein definerte trygge biologiske grenser ut frå både storleiken på gytebestanden og fiskedøyingstalet, medan dei tidlegare i hovudsak berre vart definert ut frå storeiken på gytebestanden. Denne omlegginga gjorde at mange bestandar som før vart klassifisert som innanfor trygge biologiske grenser no hamna utanfor, sjølv om det ikkje utan vidare hadde skjedd ei vesentleg endring i bestandssituasjonen. Det er sidan reist innvendingar mot ei slik inndeling, i og med at det kan verke ulogisk at ei høg utnytting er uansvarlig så lenge gytebestanden er på eit forsvarlig nivå. ICES har ei meir langsiktig grunngjeving for dette: høgt uttak er ein fare for bestanden på sikt, utan omsyn til noverande storleik på bestanden. Historia stadfestar i høg grad at dette argumentet er relevant. Frå 2004 har ICES endra omgrepa og snakkar no om å «hauste på ein ikkje berekraftig måte» i dei tilfella der fiskedøyingstalet er for høgt. I dei tilfella der fiskedøyingstalet er over Fpa , men under Flim, seier vi no at «det er risiko for at bestanden ikkje er hausta berekraftig». Når fiskedøyingstalet er under Fpa , seier vi no at «haustinga er berekraftig». Vidare, når det gjeld gytebestanden, seier vi no at om bestanden er i god forfatning og over Bpa , har den «god reproduksjonsevne». Om bestanden er under Bpa , men over Blim , heiter det at den har «risiko for sviktande reproduksjonsevne», og til sist, om bestanden er i dårleg forfatning og under Blim , har den «sviktande reproduksjonsevne». Ei ytterlegare nyansering i høve til reproduksjonsevna kan illustrerast i eit diagram over fiskedøyingstal og gytebestand med referansepunkta teikna inn (figur 4.1).

Figur 4.1 Diagram over fiskedøyingstal og gytebestand med referansepunkta Flim, Fpa
 , Blim
  og Bpa
  . Dei farga felta indikerer ulike tiltakssoner. Grønt: Kan utnyttast. Gult: Tiltaksområde. Raudt: Stopp fisket eller andre drastiske tiltak

Figur 4.1 Diagram over fiskedøyingstal og gytebestand med referansepunkta Flim, Fpa , Blim og Bpa . Dei farga felta indikerer ulike tiltakssoner. Grønt: Kan utnyttast. Gult: Tiltaksområde. Raudt: Stopp fisket eller andre drastiske tiltak

Graden av risiko aukar altså nedover og mot høgre i diagrammet. I det grøne feltet er begge kriteria innanfor føre-var-verdiar, og det er rom for ein viss valfridom i kvotefastsetjinga. Innanfor det gule feltet vil, i dei fleste tilfelle, ein moderat reduksjon i fisket vere tilstrekkelig for å kome raskt tilbake til ei føre-var-forvalting, medan det i det raude feltet krevst kraftige tiltak. For tida går det føre seg ein fagleg diskusjon om å ta i bruk fleire og meir nyanserte formuleringar, og dermed også fleire fargenyansar i diagrammet i figur 4.1.

4.1.4 Rådgiving frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES)

Rådgivinga frå ICES utarbeidast av Den rådgjevande komiteen for fiskeriforvalting (ACFM). ACFM er sett saman av ein forskar frå kvart av dei 19 medlemslanda i ICES i tillegg til leiaren. ACFM møtest to gonger i året, i juni og oktober. Avhengig av til kva tid dei årlege bestandsutrekningane gjennomførast for dei ulike fiskebestandane, blir desse utrekningane kvalitetssikra og råd til forvaltinga gjevne enten om våren eller hausten. Dei siste åra har derfor dei viktigaste botnfiskbestandane nord om 62o N vore handsama av ACFM under vårmøtet, medan råda når det gjeld botnfiskbestandane i Nordsjøen, i tillegg til lodde, makrell, sild og kolmule, har kome om hausten. Råda frå ICES inneheld ei skildring av tilstanden til bestanden, forvaltingsmål, opsjonstabell med konsekvensar av ulik utnytting, rådgjeving og dessutan tabellar og figurar som illustrerer historia til bestanden. Råda er offentlege og kan lesast på ICES si internettside www.ices.dk. Havforskingsinstituttet omset rådgjevinga frå ICES til norsk, kommenterer og utdjupar der det er naudsynt, og legg alt ut på Havforskingsinstituttets internettside www.imr.no. Dette for at det ikkje skal vere tvil om kva som er ICES si vurdering og kva som er Havforskingsinstituttets offisielle vurdering av bestandssituasjonen og råd til dei forvaltande styresmakter.

Noreg haustar i alt 2-3 millionar tonn årleg frå om lag 90 ulike bestandar til ein førstehandsverdi av 15 milliarder kroner. I neste avsnitt blir dei økonomisk viktigaste bestandane skildra.

4.2 Tilstandsrapportar og rådgjeving for dei viktigaste fiskebestandane i norske farvatn

4.2.1 Norsk-arktisk torsk

Bestanden har si utbreiing i heile Barentshavet opp til polarfronten. I første halvår er gytefisken (skrei) fordelt langs norskekysten, for det meste sør til Lofoten, men enkelte år finst skrei heilt sør til Stad.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst sidan 1946 er 660.000 tonn. I perioden 1994–1998 var samla årleg fangst over 700.000 tonn, minka så til 415.000 tonn i 2000, og har etter det gradvis auka til omlag 580.000 tonn i 2004 inkludert overfiske (Figur 4.2). Norsk fangst har dei siste åra vore om lag 45 % av total internasjonal fangst. Nesten alt utanlandsk fiske på norsk-arktisk torsk skjer med botntrål, men i det norske fisket blir 65-70 % av fangsten teken med andre reiskap.

Det er berekna eit urapportert overfiske på omlag 115.000 tonn i 2003 og på omlag 90.000 tonn i 2002 og 2004, og om lag 100.000 tonn i 2005.

Utrekningsmetodar

Grunnlaget for berekningane er toktresultat, årleg totalfangst (rapportert pluss berekna urapportert fangst) og prøvetaking frå fisket. Bestandsstorleik er talfesta gjennom ein «fangst ved alder analyse» styrt mot toktresultat for dei siste åra. Heile analysen er gjort med to ulike modellar som i store trekk har gitt samstemte resultat. For tida er mengda urapportert fangst truleg den største kjelda til uvisse i resultata.

Bestandsgrunnlaget

Figur 4.2 syner utviklinga av totalbestanden sidan 1946. Bestanden minka frå 1993 til 1999. Den auka att fram til 2003, men har etter det minka litt. Ein viktig grunn til auken etter 1999 er truleg betre ungfiskvern gjennom stenging av område med småfisk og bruk av sorteringsrist i trålfiskeria. Gytebestanden er i dag høg samanlikna med det han var i åra 1950-1990. Tidlegare kjønnsmodning er ein viktig grunn til dette. Svakare årsklassar er no på veg inn i fisket og det er fare for vidare nedgang i bestanden om ein ikkje får stoppa overfisket.

Tilrådde reguleringar og avtalar for 2006

I siste bestandsvurdering klassifiserte ICES bestanden til å ha god reproduksjonsevne, men peikte på at det er risiko for at den ikkje blir hausta bærekraftig.

I samsvar med den sameinte haustingsregelen tilrådde ICES ein kvote for 2006 på 471.000 tonn (Tabell 4.2) og peika på at all fangst må reknast mot kvoten. Uregistrert overfiske vil undergrave dei målsetjingane som ligg bak haustingsregelen. ICES påpeika og at utøvinga av torskefisket må ta omsyn til behovet for vern av kysttorsk og behovet for redusert bifangst av uer.

Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen fastsette kvoten for 2006 på 471.000 tonn i samsvar med haustingsregelen og tilrådinga frå ICES. Partane tok og opp problemet med urapportert fiske, og var einige om at det er eit prioritert mål å ta i bruk alle verkemiddel for å avdekke og forhindre dette.

Den sameinte fangstregelen er svært viktig for å oppretthalde ein god forvaltning av denne bestanden. Regelen har ført til at fiskerikommisjonen har avtalt torskekvoten i samsvar med ICES sine råd for 2005 og 2006. I hele perioden 1998–2004 vart kvotane satt høgare enn anbefalingane frå ICES.

Figur 4.2 Utviklinga i bestand og fangst av norsk-arktisk torsk

Figur 4.2 Utviklinga i bestand og fangst av norsk-arktisk torsk

Tabell 4.2 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av norsk-arktisk torsk sidan 1995.

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstarGytebestand
1995Ingen gevinst ved å auke F681700740500
1996Ingen gevinst ved å auke F746700732570
1997Godt under Fmed< 993850762565
1998F < Fmed514654593387
1999Minka F til under Fpa360480485256
2000Auka SSB til over Bpa i 2001110390415229
2001Høgt sannsyn for SSB > Bpa i 2003263395426335
2002Minka F til under 0.25181395535520
2003Minka F til under Fpa305395552585
2004Minka F til under Fpa398486579714
2005Bruk haustingsregelen, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer485485701
2006Bruk haustingsregelen, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer471471661

4.2.2 Norsk-arktisk hyse

Fisket

Hyse vert fiska gjennom heile året. Kvoten blir fiska i hovudsak som bifangst i trålfisket etter torsk, særleg når bestandsnivået er lågt. Historiske årsfangstar har variert mellom 17.000 og 300.000 tonn sidan 1950. Gjennomsnittleg årsfangst er 120.000 tonn. Dei siste åra har Russland og Noreg stått for meir enn 90% av landingane. Dei rapporterte fangstane i 2004 var 116.000 tonn.

Utrekningsmetodar

I utrekningane av storleiken til hysebestanden har ein brukt same reknemodell som for norsk-arktisk torsk. I utrekningane inngår, forutan fangststatistikken, tre seriar av indeksar (relative mål) frå forskingstokt. Bestandsutrekningane tek også omsyn til den mengda hyse som blir eten av torsk. Dette reknar ein ut frå mageprøver av torsk.

Toktindeksane som inngår er botntrålindeks og akustisk indeks frå det norske toktet i Barentshavet i februar og botntrålindeks frå det russiske toktet i Barentshavet i november/desember. Undersøkingar har avdekka rikelege mengder av hyse utanfor det tradisjonelle toktområdet. Fordi enkelte årsklassar har ein langt meir vestleg og sørleg (kystnær) fordeling enn andre årsklassar, vil graden av underdekking variere. For eksempel har det vore observert lite av 1996-årsklassen på tokta i forhold til dei kommersielle fangstane. Bestandsanalysane tek noko omsyn til dette. Ting tydar på at underdekning er størst for nokre av dei svakare og middels årsklassane.

Bestandsgrunnlaget

Bestanden av norsk-arktisk hyse var nede på eit svært lågt nivå i 1983-1984 (figur 4.3). Etter dette gav årsklassane 1982 og 1983 ein auke i bestanden, men dei svake årsklassane 1985-1987 førte til ein ny nedgang fram til 1990. Rekrutteringa vart seinare sterkt forbetra. Spesielt var 1990-årsklassen svært sterk, og den er, saman med 1950-, 1969- og 1983-årsklassane, ein av fire svært sterke årsklassar etter 1945. Frå 1998 ser det ut til at vi har kome i ein ny situasjon med meir stabilt god rekruttering. Alle årsklassane etter 1998 ser ut til å ha rekruttert minst 200 millionar 3-åringar. Grunnlaget for ei svært positiv bestandsutvikling er til stades.

Tilrådde reguleringar

Dei totalkvotane som har vore avtalt mellom norske og russiske styresmakter har generelt sett vore over tilrådde kvotar i heile perioden sidan 1990 (tabell 4.3). Unntaka har vore 1997 og 2003. Tilrådinga for 2006 er å redusere fisketrykket til under føre-var-nivå. Dette svarer til ein totalkvote lågare enn 112.000 tonn. Den avtalte kvoten for 2006 på 120.000 tonn er ikkje i samsvar med føre-var-prinsippet, men gytebestanden reknast for å vere over føre-var-nivået på 80.000 tonn.

Mengda omlasta hyse i Barentshavet er truleg betydeleg. Eit overslag frå Fiskeridirektoratet tyder på eit overfiske på 36.300 tonn hyse i 2005.

Figur 4.3 Utviklinga i bestand og fangst av norsk-arktisk hyse sidan 1950

Figur 4.3 Utviklinga i bestand og fangst av norsk-arktisk hyse sidan 1950

Tabell 4.3 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av norsk-arktisk hyse sidan 1995.

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstarGytebestand
1995Ingen langtidsgevinst for F > Fmed12213013899
1996Ingen langtidsgevinst for F > Fmed169170173140
1997Hald F godt under Fmed<242210149133
1998Hald F under Fmed<12013094108
1999Minka F til under Fpa<74788294
2000Minka F til under Fpa<37626155
2001Minka F til under Fpa<668582102
2002Minka F til under Fpa<64858498
2003Minka F til under Fpa< 10110197140
2004Minka F til under Fpa<120130116131
2005Minka F til under Fpa<106117137
2006Minka F til under Fpa<112120

4.2.3 Norsk-arktisk sei

Fisket

Utbytet av seifisket nord for 62° N var om lag 160.000 tonn i 2002-2004, som er det same som gjennomsnittsutbyttet for 1960-2004 (figur 4.4). Kvoten for 2005 vart fastsett til 215.000 tonn, men førebels ser utbytet ut til å bli noko lågare (172.000 tonn). Noreg dominerer fisket (ca. 95 %), og det gjennomsnittlege norske utbytet i perioden 1960–2004 var på 132.000 tonn. Dei ti siste åra har trålfisket stått for 40 % av dei norske landingane, not 25 %, garn 20 % og line, snurrevad og juksa 15 %.

Utrekningsmetodar

For sei nord for 62° N brukar ein metoden XSA (eXtended Survivors Analysis) til å rekna ut bestandsnivået. I utrekningane inngår fangststatistikken (tal landa fisk fordelt på aldersgrupper), ein tidsserie med data for fangst pr eining innsats frå trålfisket og indeksar for ulike aldersgrupper frå et akustisk tokt.

Bestandsgrunnlaget

I april 2005 gjennomførte ICES nye bestandsutrekningar (figur 4.4). Alder for rekruttering til fisket vart heva frå 2 til 3 år, og referansealdersgruppa for utrekning av gjennomsnittleg fiskedød vart endra frå 3–6 år til 4–7 år. Grunnen til dette var at 2 og 3 år gamal fisk har utgjort ein svært liten del av fangstane dei siste ti åra, medan innslaget av eldre fisk har vore aukande. På grunn av desse endringane vart føre-var referansepunkta rekna på nytt. Oppdaterte data over fangst ved alder og fangst pr eining innsats medverka til at bestandsestimatet auka litt samanlikna med året før.

Gytebestanden auka frå eit botnnivå i 1987 til opp mot dei høgaste nivåa i tidsserien i 2000 og har sidan lege på dette nivået. Analysane viste at fiskedøyingstalet i 2004 var godt under føre-var nivået, medan den avtalte kvoten for 2005 ville gje eit døyingstal like under dette nivået. Gytebestanden er venta å bli ein del redusert i 2005–2006 ved et uttak på dette nivået.

Figur 4.4 Utviklinga i bestand og fangst av sei nord for 62° N. Tala for 2006 og 2007 er prognosar.

Figur 4.4 Utviklinga i bestand og fangst av sei nord for 62° N. Tala for 2006 og 2007 er prognosar.

Tilrådde reguleringar

ICES klassifiserte bestanden til å ha god reproduksjonskapasitet og til å vera hausta bærekraftig. Fiskedøyingstalet er stabilt og har sidan 1996 vore under føre-var-nivået, og gytebestanden har sidan 1995 vore godt over føre-var-nivå (220 000 tonn). For å hausta bestanden innanfor føre-var-grenser tilrådde ICES at fiskedøyingstalet vart halden under føre-var-nivå, noko som tilsvarer ein kvote for 2006 på under 202.000 tonn.

Tabell 4.4 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av norsk-arktisk sei sidan 1995.

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstarGytebestand
1995Ingen auke i F221165168325
1996Ingen auke i F158163171385
1997Minka F til Fmed eller lågare107125144374
1998Minka F til Fmed eller lågare1171451153420
1999Minka F under Fpa871442150416
2000Minka F under Fpa<891253136480
2001Minka F under Fpa<115135136529
2002Minka F under Fpa<1521624155586
2003Halde F under Fpa< 1684164160548
2004Halde F under Fpa< 186169162595
2005Halde F under Fpa< 215215172599
2006Halde F under Fpa<202193.5

1 TAC først sett til 125.000 tonn, auka i mai 1998 etter ekstraordinære bestandsanalysar.

2 TAC sett etter ekstraordinære bestandsanalysar i desember 1998.

3 TAC sett etter ekstraordinære bestandsanalysar i desember 1999.

4 TAC først sett til 152.000 tonn, auka til 162.000 tonn etter bestandsanalysane i april 2002, opphavleg råd frå ICES for 2003 på 168.000 tonn følgjeleg redusert til 164.000 tonn.

Havforskingsinstituttet støtta tilrådinga frå ICES og tilrådde vidare at ein legg seg noko under føre-var fiskedøyingstal også neste år med eit uttak om lag på 2004-nivå (170.000 tonn). Dette ville i så fall være litt over utrekna langtidsutbytte og historisk gjennomsnittsfangst for 1960–2004 (160.000 tonn). Under det akustiske toktet hausten 2005 vart det registrert langt mindre ungfisk enn i føregåande år, og saman med informasjon frå fisket kan det tyda på at bestanden er overvurdert.

Norske styresmakter fastsette totalkvoten for 2006 til 193.500 tonn (tabell 4.4). I bestandsutrekningane til ICES tilsvarar dette eit fiskedøyingstal på om lag 0.33, som er like under føre-var-grensa på 0.35. Kvotereduksjonen på 10 % i høve til 2005 er innanfor den maksimale endringa ein kan ha frå år til år i følgje den føreslegne forvaltingsstrategien for norsk-arktisk sei.

4.2.4 Lodde i Barentshavet

Utrekningsmetodar

Totalbestanden av lodde blir målt akustisk kvar haust. Toktet er eit samarbeid mellom Noreg og Russland. Desse undersøkingane gir eit overslag over mengda av lodde som er eitt år og eldre. Eit loddelarvetokt i juni og undersøkingar av 0-gruppe under eit økosystemtokt i august–september gir tilleggsinformasjon om rekruttering.

Bestandsutrekningane for lodda i Barentshavet blir frå og med 2005 utarbeidde av ei undergruppe av «Arctic Fisheries Working Group» i ICES. Gruppa møtest etter økosystemtoktet i august–september, der storleiken på loddebestanden blir estimert. Bestandsestimatet frå dette toktet brukast direkte som mål for bestandsstorleiken, og prognosar og kvotetilrådingar blir rekna ut i spesielle modellar der også modning, vekst og naturleg døyingstal inngår. Estimata for naturleg døyingstal tek omsyn til mellom anna mengda og storleikssamansetjinga av torsk i Barentshavet, og kor mykje av loddebestanden ein meiner at denne torsken kjem til å ete. I det reknestykket inngår også temperaturen i dei områda torsken beitar på lodda, då dette påverkar kor fort torsken fordøyer lodda, og difor også kor mykje han kan ete. I prognosane blir det teke omsyn til uvisse i dei ulike målingane og i føresetnadane som inngår.

Figur 4.5 Utviklinga i bestand og fangst av lodde.

Figur 4.5 Utviklinga i bestand og fangst av lodde.

Bestandsgrunnlaget

Figur 4.5 viser utviklinga i bestand og fangst frå 1973 til 2005. Biomassen til loddebestanden vart mykje redusert frå 2002 til 2003, og situasjonen må kallast eit bestandssamanbrot. I 2004 var han på same nivået som i 2003, men vart ytterlegare redusert i 2005. Rekrutteringa har svikta dei siste åra, og det er no berre svake årsklassar i bestanden. Dette kjem både av at desse årsklassane var svakare i utgangspunktet, og at dei har hatt eit auka naturleg døyingstal.

Samanbrotet i bestanden skuldast først og fremst to faktorar: svake rekrutterande årsklassar (trass i stor larveproduksjon kvart år), og auka naturlege døyingstal. Samanbrotet skuldast ikkje fisket. Dei siste åra har det vorte målt store sildemengder (hovudsakleg 2002-årsklassen, men no også 2004-årsklassen) i det sørlege og austlege Barentshavet. Det er derfor grunn til å tru at den dårlege overlevinga av loddelarver i denne perioden kan ha samanheng med dette. Det auka naturlege døyingstalet på eldre lodde kan, i alle fall langt på veg, skuldast at ein veksande torskebestand beitar på ein sterkt minkande loddebestand.

I 2006 og i 2007 vil bestanden vere på eit svært lågt nivå. Den vidare utviklinga i bestanden er i stor grad avhengig av rekrutteringa frå 2005-årsklassen. Denne årsklassen var relativt talrik på larve- og 0-gruppestadiet. Det meste av den sterke 2002-årsklassen av sild har truleg forlate Barentshavet i 2005, men det kan synast som om også 2004-årsklassen av sild kan vere stor. Om det er så, kan dette påverke rekrutteringstilhøva for lodde negativt også i dei komande åra.

Tabell 4.5 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og modnande bestand hausten før (1000 tonn) av lodde i Barentshavet sidan 1998.

ÅrRåd frå ICES SSB=gytebestandTilrådd TACAvtalt TACFangstarModnande bestand
1998Ikkje fiske001932
1999SSB> 500.000 t<79801051718
20005 % sannsyn for SSB< 200 000 t<4354354102097
20015 % sannsyn for SSB< 200 000 t<6306305752019
20025 % sannsyn for SSB< 200 000 t<6506506591291
20035 % sannsyn for SSB< 200 000 t<310310282279
2004Ikkje fiske000294
2005Ikkje fiske0211174
2006Ikkje fiske000

1 forskingskvote

Reguleringar

Med den uvissa ACFM reknar med knyter seg til prognosen, vil det, sjølv utan eit fiske vinteren 2006, vere svært stor risiko for at gytebestanden blir mindre enn 200.000 tonn, som ACFM har valt å nytte som Blim . Med bakgrunn i bestandssituasjonen og desse utrekningane, tilrådde ACFM hausten 2005 at det ikkje burde opnast for eit loddefiske i Barentshavet vinteren 2006. Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen vedtok på sitt møte i november 2005 å forby fiske på Barentshavslodde vinteren 2006.

4.2.5 Norsk vårgytande sild

Den vaksne bestanden av norsk vårgytande (NVG) sild gjennomfører årlege vandringar som dekkjer store deler av det nordlege Atlanterhavet. Gytinga i februar går føre seg på Norskekysten frå Stad til Vesterålen, beitevandringa frå mai til august er i havområda mellom Noreg, Færøyane, Island, Jan Mayen og Svalbard, medan overvintringa frå september til januar har skjedd i Vestfjorden, Ofotfjorden og Tysfjord frå tidleg på 90-talet. Dei siste tre åra har det meste av bestanden overvintra i havet nord og nordvest for Vesterålen og bestanden har no endra sitt vandringsmønster og vil truleg halde fram med å overvintre i havet. Det var lite sild att i fjordane i vinter og ein ventar at nedgangen vil fortsette hausten 2006. Sildebestanden vert fiska på av Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland. Silda oppheld seg for det meste i norske farvatn, og Noreg er også største fiskerinasjon.

Etter det totale bestandssamanbrotet på slutten av 60-tallet vart bestanden bygd opp att til det som kan kallast historiske nivå (figur 4.6). Oppbygginga gjekk sakte, og først rundt 1997 var fangsten tilbake på eit nivå som likna situasjonen før samanbrotet. I 2006 er gytebestanden rekna å vere om lag 6.4 millionar tonn og er venta å auke i 2007, då den sterke 2002-årsklassen vil rekruttere for fullt.

Figur 4.6 Utviklinga av bestand og fangst av NVG-sild

Figur 4.6 Utviklinga av bestand og fangst av NVG-sild

Dei norske fangstane (tabell 4.6) vert tekne i overvintringsområda og på gytefeltet med varierande fordeling mellom dei to områda frå år til år. Russland fiskar det meste av sin kvote i norske farvatn: på gytefelta i februar og i havet mellom Svalbardsona og Troms i august–oktober. Island fiskar i mai og juni i internasjonalt farvatn i Norskehavet. EU og Færøyane har fiska på gytefelta og i Norskehavet. I 2005 fiska Island og Færøyane òg mindre kvanta i eige område i mai-juni. I år der ei sildeavtale har vore inngått har Island, Færøyane og EU også fiska i Jan Mayen- og Svalbardsona. I 2005 avsette Noreg ein kvote på 90.000 tonn til den internasjonale flåten i Svalbardsona, sjølv om det ikkje var inngått nokon kvoteavtale mellom partane. Alle landa unnateke Noreg fiska i dette området.

I dei internasjonale sildeavtalane som er inngått mellom dei fem partane i åra før 2003 er Noregs del av totalkvoten sett til 57 %. Noregs del har i praksis lege rundt 60 % med i underkant av 60 % av rapporterte fangstar i 2004 (tabell 4.6). Dei totale rapporterte fangstane har i dei fleste åra lege noko under tilrådd TAC (tabell 4.7) men denne trenden ser ut til å ha snudd i 2005.

Situasjonen våren 2006

ICES har tilrådd eit fiske på 732.000 tonn for 2006. Bakgrunn for kvotetilrådinga er ein utnyttingsgrad som kyststatane (EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland) vart einige om i 1999 (F = 0.125). Det er ikkje oppnådd semje om å føre vidare denne utnyttingsgraden i 2006 mellom kyststatane, men Noreg har inngått bilaterale avtaler med EU og Russland om fisket etter NVG. Avtalen med EU set Noreg sin kvote i 2006 til 564.000 tonn medan EU kan fiske 62.000 tonn. Det er uvisst kor stort det totale uttaket av NVG-sild vil bli i 2006, men viss Færøyane og Island fisker tilsvarande kvantum i høve til Noreg som i 2005, vil totaluttaket verte ca 940.000 tonn.

Tabell 4.6 Fangst (tusen tonn) av norsk vårgytande sild 1993–2004.

  1994199519961997199819992000200120022003200420051
Færøyane2,957,152,860,068,155,564,234,454,823,043,065,2
Island21,1174,1165,0220,2197,8203,4186,477,6126,3102,6100,7151,6
Noreg380,8529,8699,2861,0743,9740,6716,6495,0485,0433,1474,5582,0
Russland74,4102,0119,3168,9124,0157,3158,3110,9109,7100,6113,1122,6
EU40,1180,4116,489,278,593,467,954,829,165,978,4
Total479,2903,11216,71426,51223,01235,31218,9785,8830,6688,38021000
Fastsett kvote2221500,01300,01300,01250,0850,0850,02710,0282522

1 Førebelse tal

2 Ikkje internasjonal semje om totalkvote

Tabell 4.7 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og storleiken på gytebestanden (1000 tonn) av norsk vårgytande sild sidan 1995.

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstGytebestand
1995Ingen auke i F513Ikkje avtalt9064873
1996Hald SSB over 2,5 millionar tonn1Ikkje avtalt12176522
1997Hald SSB over 2,5 millionar tonn1150014207778
1998Ikkje gå over haustingsregelen2130012237038
1999Ikkje gå over haustingsregelen1263130012356583
2000Ikkje gå over haustingsregelen1500125012075293
2001Ikkje gå over haustingsregelen7538507704577
2002Ikkje gå over haustingsregelen?8508304594
2003Ikkje gå over haustingsregelen710Ikkje avtalt6885299
2004Ikkje gå over haustingsregelen825Ikkje avtalt8026692
2005Ikkje gå over haustingsregelen890Ikkje avtalt100436043
2006Ikkje gå over haustingsregelen732Ikkje avtalt64004

1 Gytebestanden må haldast større enn 2,5 millionar tonn

2 Må haustast innafor haustingsregelen

3 Førebels

4 Framskriving

4.2.6 Nordsjøsild

Nordsjøsilda forvaltast av Noreg og EU i fellesskap. Ein finn nordsjøsild i Nordsjøen og Skagerrak-Kattegat (ungfisk). Den norske kvoten blir fiska av ringnotfartøy, trålarar og kystfartøy, dels i eit direkte fiske og dels som bifangst i industritrålfisket. Utviklinga i fisket frå 1960 er vist i figur 4.7. Fangsttala er henta frå sildearbeidsgruppa til ICES i 2005, og vil ikkje vere heilt i samsvar med offisielle tal. Etter eit kollaps i bestanden og stopp i fisket på midten av 1970-tallet, auka fangstane jamt utover 1980-talet og nådde ein topp på 770.000 tonn i 1989. Tidleg på 1990-talet var årleg oppfiska kvantum på 500.000-600.000 tonn. Dette førte til ei negativ utvikling i bestanden, og det vart tilrådd å avgrense fisket. Kvoten vart derfor redusert. Etter dette har fangstane auka, til eit nivå på 550.000 t i 2004.

Noreg og EU inngjekk ein avtale om forvaltning av nordsjøsilda i 1998. I følgje avtalen har Noreg 29 % av totalkvoten for direkte fiske av sild. Eventuelle bifangstar i det norske industritrålfisket blir trekte frå denne kvoten. EU innførte i 1997 ein eigen bifangstkvote for industrifisket. Denne bifangstkvoten har ikkje blitt oppfiska i åra etter 1997.

Den avtalte kvoten for vaksen sild til konsum i Nordsjøen (tabell 4.8) har lenge vore lågare enn kvantumet som blir fiska. Dette skuldast hovudsakleg utstrekt feilrapportering. Det vil seie at det blir fiska nordsjøsild som rapporterast som fangstar tekne i andre område. Bifangstane av småsild var tidlegare på eit svært høgt nivå (100-200.000 tonn). Dette fisket var i prinsippet uregulert. Etter innføringa av den nye ordninga vart bifangstane av småsild i 2000-2002 reduserte til 20.000 tonn årleg. Feilrapportering i 2002 vart estimert til ca. 31.000 tonn og utsleppa estimert til ca. 17.000 tonn. Ein er med andre ord framleis usikker på fangststatistikken, noko som også gjer bestandsvurderinga usikker.

Bestandsgrunnlag

Hardt fiskepress gjennom fleire år førte til at gytebestanden av nordsjøsild vart kraftig redusert i perioden 1989-1993: frå ca. 1,2 million tonn til ca. 470.000 tonn (figur 4.7). Fiskepresset på den vaksne delen av bestanden auka kraftig utover i 90-åra, og det vart fiska store mengder småsild i industrifisket. Kvotane låg på eit jamt nivå, samtidig som bestandsnivået gjekk kraftig nedover. Dette førte til ei vesentleg dårlegare rekruttering til den vaksne bestanden enn det som skulle til for å halde storleiken på bestanden oppe med eit slikt fiskepress. Strenge reguleringar av både bifangstfisket og fangstar av vaksen sild vart innført i midten av 1990-åra (EU-Noreg avtalen). Dette førte til ein auke i gytebestanden til ca. 800.000 tonn i 1998–2000. I dei neste åra steig gytebestanden til ca. 1,9 million tonn i 2004. Gytebiomassen har auka som følgje av reduserte fangstar, sterk rekruttering og oppfølging av strenge forvaltningstiltak som har redusert uttaket av både ungsild og vaksen sild.

Figur 4.7 Utviklinga i bestand og fangst av nordsjøsild sidan 1960.

Figur 4.7 Utviklinga i bestand og fangst av nordsjøsild sidan 1960.

Rådgiving

Etter innføringa av eit strengt forvaltningsregime (Noreg-EU) i 1998 vart det god vekst i bestanden. Først i 2002 vart den estimerte gytebestanden (biomassen) klassifisert til å vere over føre-var-nivået. På grunn av låg middelvekt og sein modning av 2000-årsklassen, ventar ein nedgang i gytebestanden i 2006. Vidare er det no fire svake årsklassar (2002-2005) på veg inn i bestanden. Dette er eit uvanleg fenomen, som vil krevja særskild merksemd frå forvaltarane dei komande åra. Forvaltningsstrategien Noreg og EU er einige om seier at F for vaksen sild ikkje skal overstige 0,25. For ungsild skal F ikkje overstige 0,12. EU og Noreg har dei siste åra vedteke kvotar som tilsvarar ein F på 0,2. I 2006 er den avtalte kvoten 454.751 tonn for vaksen sild.

Tabell 4.8 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av Nordsjøsild sidan 1995.

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstGytebestand
1995Langsiktig gevinst forventa med lågare F429440566456
199650 % reduksjon av avtalt TAC200200265449
1997F = 0.2186186234536
1998F(vaksen) = 0.2, F(ungfisk)< 0.1276276329707
1999F(vaksen) = 0.2, F(ungfisk)< 0.1296296336815
2000F(vaksen) = 0.2, F(ungfisk)< 0.1301301329810
2001F(vaksen) = 0.2, F(ungfisk)< 0.13013013231276
2002F(vaksen) = 0.2, F(ungfisk)< 0.13013013531583
2003F(vaksen) = 0.25, F(ungfisk) = 0.124524524501731
2004F(vaksen) = 0.25, F(ungfisk) = 0.14984985501892
2005F(vaksen) = 0.25, F(ungfisk) = 0.15855851820
2006F(vaksen) = 0.25, F(ungfisk) = 0.124911645

4.2.7 Makrell

Den nordaustatlantiske makrellbestanden består av tre gytekomponentar: sørleg-, vestleg- og nordsjømakrell. Vestleg og sørleg makrell er på eit relativt høgt nivå, medan nordsjøkomponenten framleis er på eit lågt nivå. Bestandsmålingar vert utførte kvart tredje år, og i 2002 vart det observert teikn til vekst i Nordsjøbestanden for første gong på meir enn 25 år. Sidan 2001 har makrellfisket vore regulert i heile utbreiingsområdet.

Fisket

Fisket etter makrell føregår hovudsakleg i eit direkte fiskeri med snurpenot og trål. I Biscaya og utanfor Portugal blir makrell stort sett teke som bifangst av trålarar. Det norske fisket føregår for det meste med snurpenot, men trål og tradisjonelle reiskapar som garn og snøre vert også brukt.

I byrjinga av 90-åra auka dei internasjonale makrellfangstane frå ein stabil årsfangst på 600.000–650.000 tonn til over 800.000 tonn i 1993 og 1994. Dette førte til nedgang i bestanden, og fangstnivået måtte ned. Strenge reguleringar med lågare kvotar førte til at fangstane fall til høvesvis 563.000 og 570.000 tonn i 1996 og 1997 (figur 4.8). Dei viktigaste fangstområda er Nordsjøen (område IV), Norskehavet (område IIa) og vest av 4oV (områda VI og VII).

Figur 4.8 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk makrell. Fangst i 2005 er estimert til 
 433.000 tonn.

Figur 4.8 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk makrell. Fangst i 2005 er estimert til 433.000 tonn.

I 2004 hadde Noreg ein disponibel kvote på 148.728 tonn makrell. Totalt vart det fiska 157.300 tonn, og over 99 % av landingane gjekk til konsum. Fangstfordelinga gjennom året fordelte seg på vanleg måte med mindre enn 0,5 % første halvår, 65 % i tredje kvartal og resten i fjerde kvartal. I 2005 var den norske kvoten på 114.437 tonn. Førebels norsk fangststatistikk viser at kvoten vart teken og at nesten alt vart levert til konsum. Den internasjonale fangststatistikken for 2005 er enno ikkje klar.

Uttaket frå bestanden er større enn det som blir landa, i og med at det blir dumpa og sleppt makrell på feltet. Dette påfører bestanden ekstra døying. I og med at det nesten ikkje finst data for dette, kan det ikkje gjevast gode overslag på kor stort utkastet er. Analyser viser at dette uttaket er så stort at totalfangsten minst er 30% og kanskje så mykje som 100% høgare enn oppgjeven.

Makrellen som blir fiska i Nordsjøen, Skagerrak og Norskehavet stammar frå tre gyteområde: 1) Nordsjøen, 2) sør og vest av Irland og 3) utanfor Portugal og Spania. Makrell frå det sørlegaste gyteområdet vart inn til 1994 behandla som ei eiga eining. Norske og internasjonale merkeforsøk viser at makrell som gyt i dei sørlege og vestlege områda vandrar til Norskehavet og Nordsjøen for å beite etter gytinga. Vandringane til makrellen er altså så omfattande at fisk frå alle tre gyteområda blir blanda og fiska på i Nordsjøen, Skagerrak og Norskehavet i andre halvår. Det er umuleg å skilje desse tre komponentane i fangstane. Derfor blir makrellen forvalta som ein bestand: den nordaustatlantiske makrellbestanden. Utviklinga av bestanden og oppfiska kvantum sidan 1972 er vist i figur 4.8.

Gytebestanden vert målt ved eggtokt kvart tredje år, sist i 2004. Desse gytebestandsmåla har til 2003 vore brukt som absolutte verdiar i berekningane, men ICES har no brukt dei som relative verdiar. Eggtokta viser at gytebestanden har gått ned sidan 1998, medan dei innmelde fangstane ikkje er store nok til å gi ein slik reduksjon. Gytebestanden blir no berekna slik at ein nyttar trenden i gytebestanden gitt i eggtokta, slik at berekningane passar med fangstane. Dette gir ei heilt annan oppfatning av bestanden enn sist ICES vurderte den. Gytebestanden i 2003 og 2004 vart rekna til 1,8 og 2 mill tonn, som er 40 % lågare enn det 2003 og 2004-gytebestanden vart rekna til når eggtokta vart nytta som absolutte verdiar. Den vestlege komponenten utgjer ca. 85 %, og nordsjøkomponenten har vore låg (1–5 %) heilt sidan den vart fiska ned på byrjinga av 1970-talet. På grunn av dei nemnde problema med fangsttala vert også utrekningane av gytebestanden svært usikker. Gytebestanden vart vurdert til 2,3 mill tonn i 2005.

Noreg, EU og Færøyane har sidan 1999 vore einige om at uttaket av bestanden skal tilsvare eit fiskedøyingstal på 0,15–0,2. ICES tilrår ein kvote for 2006 på inntil 487.000 tonn. Dette tilsvarar F = 0,20 og er noko høgare enn Fpa = 0,17, men innanfor Noreg–EU-avtalen. Gytebestanden er med dette uttaket venta å verta 2,4 mill. tonn i 2006. I forhandlingane mellom dei tre partane vart totalkvoten sett til 442.000 tonn, og Noreg disponerer om lag 116.000 tonn.

For å verne makrellen i Nordsjøen blir det framleis tilrådd å stenge den sørlege delen for makrellfiske heile året, og den nordlege delen i perioden februar–juli.

Tabell 4.9 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av nordaustatlantisk makrell sidan 1995.

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstGytebestand
1995Råd gitt for kvar gytekomponent6457562373
1996Betydeleg reduksjon av F4525642322
1997Betydeleg reduksjon av F4705702369
1998F = 0,15-0,2 (Noreg-EU- avtalen)4985496672272
1999F = 0,154375626162324
2000Fpa = 0,176426126752151
2001Fpa = 0,176656706872170
2002Fpa = 0,176946837271780
2003Fpa = 0,175425936171821
2004Fpa = 0,175455325591985
2005F = 0,20420422(estimat 433)2341
2006F=0,20487

Tabell 4.9 viser at fangstuttaket ligg til dels godt over både tilrådd og avtalt fangst. At fangsten har vore høgare enn avtalt skuldast hovudsakleg fisket i internasjonalt område og i Færøysona, i tillegg til eit generelt overfiske i andre område. I 2001, som var første året med ein avtale også for den internasjonale sona, var fangstkvantumet meir i samsvar med den avtalte kvoten.

4.2.8 Sei i Nordsjøen og vest av Skottland

I dei siste åra har landingane lege rundt 110.000 tonn, bortsett frå i 2000 og 2001, då landingane var rundt 95.000 tonn. (figur 4.9). Fangstane frå vest av Skottland har i dei seinare åra utgjort ca. 9 % av totalfangstane. Ein reknar med at landingane frå Nordsjøen for 2004 er 104.000 tonn, som er 86.000 tonn mindre enn avtalt TAC. På grunn av låge kvotar og utkastpåbodet i EU-sona var det i 2000 og 2001 eit omfattande utkast av sei. For 2000 reknar ein med at det var eit utkast på meir enn 20.000 tonn, og for 2001 på 15.000 tonn. Den norske delen av totalfangsten i denne perioden har vore over 48 %. Førebels oppgåver for 2005 tyder på at norsk fangst, inkludert bifangst til oppmaling, har vore ca. 68.000 tonn. Dette er om lag 4.000 tonn mindre enn kvoten på 72.400 tonn. Av det norske fisket er det trålarflåten som tek mesteparten (om lag 80 %). Notfisket inkluderer også ungsei nær kysten. Noreg disponerer 52 % av totalkvoten.

Figur 4.9 Utviklinga i bestand og fangst av sei i Nordsjøen og vest av Skottland. Tala for 2005 og 2006 er prognosar.

Figur 4.9 Utviklinga i bestand og fangst av sei i Nordsjøen og vest av Skottland. Tala for 2005 og 2006 er prognosar.

Frå og med 1999 er det laga ei felles utrekning for seibestandene i Nordsjøen og vest av Skottland. Ein kan derfor ikkje samanlikne tala frå tidlegare år med noverande utrekningar. Nordsjøbestanden er i alle høve svært stor i forhold til bestanden vest av Skottland, så alle utrekningar blir styrte av data frå nordsjøbestanden. Eit av dei største problema ved bestandsutrekninga er manglande rekrutteringsdata. Det vart sett i gang 0-gruppetokt på sei i 1999. Denne tidsserien viste seg å væra lite eigna og det vil no bli starta opp eit tokt på kysten som skal undersøkja eitt- og toåringar.

I byrjinga av 1970-åra var totalbestanden av sei i Nordsjøen og vest av Skottland på nesten 1,3 millionar tonn. Den vart så redusert til ca. 586.000 tonn i 1998, for så å auke til vel 700.000 tonn i 2002 (figur 4.9). Gytebestanden, som i 1974 var på 555.000 tonn, nådde eit minimum på 92.000 tonn i 1991, men er no utrekna til 235.000 tonn i byrjinga av 2006. 1998- og 1999-årsklassen ser ut til å vere over middels, medan førebels data indikerer at 1995–1997-årsklassane er rundt eller under middels. Fiskedøyingstala har vist ein nedgåande trend sidan 1986, og er utrekna til å ha vore 0,25 (22 %) i 2004.

Det er gjort framlegg om at Bpa for sei i Nordsjøen og vest av Skottland skal vera 200.000 tonn (under dette nivået er det hovudsakleg produsert middels og dårlege årsklassar), og Fpa er sett til 0,40 (33 %). Gytebestanden har sidan 1997 hatt god reproduksjonsevne.

Tabell 4.10 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av sei i Nordsjøen sidan 1995.

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstGytebestand**
1995Ingen auke i F107107113134
1996Ingen auke i F111111110155
1997Ingen auke i F113115103194
1998Reduser F med 20 %9797100193
1999Reduser F til Fpa104110107202
2000Reduser F med 30 %758587190
2001Reduser F med 20 %878790212
2002F < Fpa135135117201
2003F < Fpa<176165102221
2004F < Fpa<211*190100260
2005F < Fpa<150*145244
2006F < Fpa<123,3*123,25235

* Forvaltninga av sei må sjåast i samanheng med tilstanden til bestanden av torsk.

** Gytebestanden er kombinert for Nordsjøen og vest av Skottland.

ACFM har tilrådd at fiskedøyingstala i 2005 bør vere lågare enn Fpa (0,40), som tilsvarar ein fangst i Nordsjøen på 123.300 tonn. Dette samsvarar og med forvaltningsplanen for sei. Noreg og EU vart einige om ein totalkvote på 123.250 tonn for 2006. Av dette kan Noreg disponere 64.090 tonn, der alt kan fiskast i EU-sona (sjå tabell 4.10).

4.2.9 Torsk, hyse og kviting i Nordsjøen

I botntrål- og snurrevadfisket til konsum tek ein ei blanding av torsk, hyse og kviting. Industritrålfisket og bomtrålfisket etter flatfisk medfører ein auke i døyingstala, særleg for dei yngre årsklassane.

Torskelandingane har falle frå 300.000 tonn i 1981 til ca. 24.000 tonn i 2004 (figur 4.10). Norsk fiske i 2004 var på 3.200 tonn, og landingane i 2005 ser ut til å verta omtrent 3.000 tonn. Dette er om lag det same som den norske kvoten på 3.900 tonn. Noreg disponerer 17 % av total TAC.

Årsfangstane (inkludert utkast) av hyse låg på kring 200.000 tonn i åra 1980–1987 og fall gradvis til 86.700 tonn i 1990 (figur 4.10). I 2003 vart det fanga 66.900 tonn, der 24.800 tonn vart kasta ut, medan det i 2004 vart fanga 65.000 tonn, der 17.200 tonn vart kasta ut. Norsk fangst i 2004 var 2.800 tonn inkludert bifangst i industritrålfisket. Prognosen for 2005 er omlag 2.000 tonn, medan den norske kvoten var 14.679 tonn. Noreg disponerer 23 % av total TAC.

Utbytet av kviting har vore stabilt dei siste ti åra, men er monaleg lågare enn i perioden 1960–1980 (figur 4.10). Skottland tek om lag ein tredjedel av totalfangsten. Dei norske landingane er hovudsakleg bifangst i industritrålfisket. Noreg hadde ein kvote på 2.800 tonn i 2005. Førebels fangsttal indikerer at fangsten vil bli rundt 300 tonn. Noreg disponerer 10 % av total TAC.

Bestandsutrekningane er baserte på ein kombinasjon av fiskeriavhengige data og toktdata. Noreg medverkar med totalfangst og toktdata. Frå og med 1996 vart det laga ei sams utrekning for torskebestandane i Nordsjøen, Skagerrak og Kanalen, for hysebestandane i Nordsjøen og Skagerrak og for kvitingbestandane i Nordsjøen og Kanalen. Ein kan derfor ikkje samanlikne tala frå tidlegare år med noverande utrekningar. Bestandane i Nordsjøen er i alle høve svært store i høve til dei to andre områda, slik at alle utrekningar blir styrte av data frå Nordsjøen.

Gytebestanden av torsk vart redusert frå ca. 277.000 tonn i 1970 til langt under Blim , som er 70.000 tonn, i 2001. ICES var ikkje i stand til å rekne ut storleiken på bestanden fordi fangsttala for dei seinare åra er svært usikre, men alle metodar tilseier at gytebestanden framleis er godt under Blim . Grensa for god reproduksjonsevne (Bpa ) er vurdert å vere 150.000 tonn. Dagens fiskemønster medfører høg døying på eitt- og toåringar, slik at berre ca. 15 % av eittåringane overlever til dei er tre år. 1996-årsklassen har vore sterk, men på grunn av stort fiskepress har den ikkje fått bygd opp att gytebestanden. Sidan 1997 har alle årsklassar vore svake eller middels, og årsklassane 1997, 2000 og 2002 er dei svakaste som er registrert. Det er derfor ikkje venta at gytebestanden vil auke over 150.000 tonn i nærmaste framtid, sjølv om fiskedøyingstala vert kraftig reduserte.

Til tross for stort fiskepress har hysebestanden produsert fleire gode årsklassar sidan 1990, der særleg 1999-årsklassen er svært sterk. Gytebestanden er i 2005 vurdert til å vere omlag 266.000 tonn, og såleis over Bpa på 140.000 tonn. Fiskepressnivået i 2004 ble vurdert til å vera 0.31 (27 %). Alle årsklassane etter 1999 er under middels, og årsklassane 2001–2003 ser ut til å vere svært svake, så dersom fiskepresset ikkje minkar, vil gytebestanden ganske snart hamne under Bpa .

Ein har ikkje nok informasjon om kvitingbestanden til å vurdere gytebestand og fiskedøying. Om lag alle analysar indikerer at bestanden er på eit svært lågt nivå.

ACFM tilrår at fisket etter torsk vert stoppa. Sidan ein fangar torsk i eit blandingsfiske, tilrår ICES at alle fiskeri der det fangast torsk blir stoppa eller regulert, slik at det blir minimale bifangstar av torsk. Vidare bør ein lage og setje i verk ein gjenreisingsplan for at gytebestanden av torsk kan vekse til over Bpa . Ein kan ikkje oppnå den naudsynte reduksjonen i fiskedøying berre ved å redusere TAC. Gjenreisingsplanen må innehalde tiltak for å hindre direkte fiske av torsk, redusert bifangst av torsk i fisket etter andre artar og hindre utkast og feilrapportering av torsk i alle fiskeri. Den vedtekne forvaltningsplanen for hyse (F=0,3) gir ein fangst på omlag 60.000 tonn, der 39.400 tonn av dette er konsumlanding, 21.000 tonn er utkast og 6.700 tonn er til oppmaling i industritrålfisket. For kviting bør fangsten ikkje være høgare enn gjennomsnittet for 2002–2004 på 17.300 tonn.

Noreg og EU har blitt einige om desse totalkvotane for 2005: 23.250 tonn torsk, 51.850 tonn hyse og 23.800 tonn kviting (sjå tabellane 4.11, 4.12 og 4.13). Noreg disponerer 3.945 tonn torsk, 7.016 tonn hyse og 2.380 tonn kviting. Alt kan fiskast i EU-sona.

Tabell 4.11 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av torsk i Nordsjøen sidan 1995.

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstGytebestand
1995Kraftig reduksjon i innsatsen12012073
199680 % av F(94) = 0.714113010777
199780 % av F(95) = 0.6513511510283
1998F(98) burde ikkje overstige F(96)15314012272
1999F = 0.60 for å byggje opp att SSB1251327859
2000F mindre enn 0.55< 79815945
2001Lågast mogleg fangst048,64133
2002Lågast mogleg fangst049,344,239
2003Ikkje fiske027,327,443
2004Ikkje fiske027,323,4Under Blim
2005Ikkje fiske027,3
2006Ikje fiske023,205

Tabell 4.12 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av hyse i Nordsjøen sidan 1995.

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangst m/utkastGytebestand
1995Kraftig reduksjon i innsats; blanda fiskeri120140147
1996Må ta omsyn til blanda fiskeri120154176
1997Må ta omsyn til blanda fiskeri114138190
1998Ingen auke i F100,3115128160
1999Reduser F(95–97) med 10 %7288,6111112
2000F mindre enn Fpa< 51,77310088
2001F mindre enn Fpa< 5861165241
2002F mindre enn Fpa< 94104101399
2003Ingen fangst av torsk0 torsk5276250-380
2004Ingen fangst av torsk0 torsk8565289
2005Ingen fangst av torsk0 torsk66266
2006Ingen fangst av torskF<0.351,85232

Tabell 4.13 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av kviting i Nordsjøen sidan 1995.

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangst m/utkastGytebestand
1995Kraftig reduksjon i innsats; blanda fiskeri8198249
1996Blanda fiskeri; ta omsyn til rådet for torsk6769222
1997Blanda fiskeri; ta omsyn til rådet for torsk7454194
1998Ingen auke frå 1996-nivået546040163
1999Minst 20 % reduksjon av F(95–97)40,44455162
2000Lågast mogleg fangst03055200
200160 % reduksjon av F(97–99)19,43043218
2002F ikkje større enn 0.37<333240210
2003Ingen fangst av torsk0 torsk1638
2004Ingen fangst av torsk0 torsk1625
2005Ingen fangst av torsk0 torsk28,5
2006Ingen fangst av torsksnitt 2002-2004= 17,323,8
Figur 4.10 Utviklinga i fangst av torsk, hyse og kviting i Nordsjøen, Skagerrak og Kanalen.

Figur 4.10 Utviklinga i fangst av torsk, hyse og kviting i Nordsjøen, Skagerrak og Kanalen.

4.2.10 Kolmule

Kolmulebestanden i Det nordaustlege Atlanterhavet består truleg av to hovudkomponentar: ein nordleg som har si utbreiing i Norskehavet og sørover til sørvest av Irland, og ein sørleg som held til i Biscaya og vidare sørover mot Gibraltar og Nord-Afrika. Det er uklårt kor mykje desse komponentane blandar seg under gyting og beiting, derfor blir all kolmule sett på som ein sams bestand i bestandsutrekningane og rådgivinga i ICES. Fisket føregår om våren på gytefelta langs eggakanten vest av Dei britiske øyane og ved Færøyane. Noreg opererer her med ringnotsnurparar utstyrt for flytetråling. Fangst av kolmule har òg føregått på beiteområda i Norskehavet om sommaren, også då med flytetrål. Elles tas kolmula gjennom heile året i Norskerenna i industritrålfisket.

Internasjonal fangststatistikk frå 2005 er enno ikkje ferdig, men ein ventar at totalfangsten er om lag 20% lågare enn i rekordåret 2004: rundt 2,0 millionar tonn, mot 2,4 millionar tonn i 2004 (figur 4.11). Året 2005 var dermed det åttande i rekkja med fangstar på over ein million tonn. Høg utnyttingsgrad har vore mogleg fordi årsklassene frå og med 1995 har vore mykje større enn vanleg.

I 2005 disponerte Noreg ein kolmulekvote på 120.000 tonn i EU-sona og 36.200 tonn i Færøysona. I internasjonalt farvatn, i sona ved Jan Mayen og i NØS var fisket ikkje kvoteregulert før hovudsesongen var over. Samla fiska den norske flåten om lag 739.000 tonn kolmule i 2005. Kolmuletrålarane tok den største delen av fangsten: 85%, resten vart hovudsakleg fiska av industritrålarane i Nordsjøen og langs kysten nordover. Noregs del av totalfangsten i 2005 var om lag 37 %, det vil seie litt lågare enn gjennomsnittsandel (40 %) frå 1978 til i dag.

Etter ein svært langvarig forhandlingsprosess nådde kysstatane (Noreg, EU, Færøyane og Island) den 16. desember 2005 semje om forvalting og fordeling av kolmule frå 2006 og framover. Dette gav ein totalkvote på 2,0 million tonn i 2006. Målet er at gytebestanden skal vera større enn føre-var-grensa (2,25 mill. tonn) og at fiskedøyinga skal verta mindre enn føre-var-grensa (0,32). Inntil desse måla er nådde, skal totalkvoten minkast med 100.000 tonn kvar år.

Prosentdelen til Noreg er ca. 26 %. Noregs reelle prosentdel vil nok vera litt lågare fordi kyststatsavtalen ikkje tek omsyn til det russiske kolmulefisket. Via kyststatsavtalen kan Noreg fiske 524.900 tonn kolmule. I tillegg kjem kolmule frå bilaterale avtaler. Totalt kan Noreg fiske 607.342 tonn kolmule, av dette 472.631 tonn i EU-farvatn. I færøysk sone kan Noreg fiske 80.000 tonn. Ringnotflåten kan fiske 473.727 tonn, mesteparten i EU-farvatn. Industritrålarane kan fiske 133.615 tonn kolmule, av dette 45.000 tonn i EU-sona.

Tilrådinga frå ACFM for 2006 var eit samla uttak på 1.500.000 tonn, slik at fiskedøyinga ikkje blir høgare enn føre-var-grensa (Fpa = 0,32). Fangsten i 2006 er større enn tilrådinga, og venteleg vil fiskedøyinga bli over denne verdien. Berre god rekruttering kan oppretthalde bestanden og fisket. Slik det ser ut no har rekrutteringa til gytebestanden vore svak sidan 2004, sjølv om det vart målt mykje ung kolmule i Norskehavet og Barentshavet i 2005. Ein nedgang er uunngåeleg dersom rekrutteringa blir normal og uttaket held fram med å overskride tilrådingane frå ICES. Dette vil føre til sterke avgrensingar i det framtidige kolmulefisket.

Figur 4.11 Utviklinga i bestand og fangst av kolmule. Fangsten i 2005 er framleis usikker.

Figur 4.11 Utviklinga i bestand og fangst av kolmule. Fangsten i 2005 er framleis usikker.

Fotnotar

1.

pa = «precautionary approach» = «føre-var»

Til forsida