St.meld. nr. 24 (2001-2002)

Om samarbeidet i Atlanterhavspakt-organisasjonen i 2001

Til innhaldsliste

2 Terrorisme

2.1 Artikkel 5

Terrorangrepa i USA 11. september førte til at NATO den 12. september, for første gong i si historie, vedtok å ta i bruk plikta til kollektivt forsvar som er nedfelt i artikkel 5 i Atlanterhavspakta. Etter at USA presenterte informasjon om kven som stod bak terrorangrepa, vart artikkel 5-vedtaket stadfesta 2. oktober. Artikkel 5 i Washingtontraktaten frå 1949 er grunnpilaren i NATOsamarbeidet, og slår fast at eit angrep på ein alliert er eit angrep på alle. Sidan NATO blei oppretta i 1949 har artikkel 5-garantien vore ein hjørnestein i norsk og europeisk tryggingspolitikk, som skulle sikre amerikansk hjelp dersom Noreg eller ein annan alliert blei utsett for eit væpna angrep. Det overraska derfor mange at første gongen denne garantien kom i bruk, var etter eit angrep på USA og ikkje på ein europeisk alliert.

Vedtaket om å ta i bruk artikkel 5 var eit viktig politisk og militært handslag til USA frå dei allierte, som synte at Alliansen stod samla bak USA for å møte truslane frå terrorisme. Dette var viktig for det amerikanske arbeidet for å byggje opp ein internasjonal koalisjon som stod samla bak mottiltaka. Vedtaket synte i tillegg for amerikansk opinion og media at dei europeiske allierte var klare til å gje USA støtte i den krisesituasjonen det amerikanske folket gjennomlevde.

2.2 Arbeidet innanfor Alliansen

Terrorangrepa har sidan 11. september sett eit klart preg på dagsordenen i NATO. Dei gjorde det klart for alle at trusselbiletet etter den kalde krigen har blitt meir mangearta og omfattande. I staden for ein klar og hovudsakleg militær trussel står vi no overfor ei rekkje truslar som er vanskeleg å møte med militære verkemiddel aleine. Handteringa av denne situasjonen vil ha både politisk og militær innverknad på Alliansen, og vil kunne påverke forsvarsstruktur, operative doktrinar og forsvarsplanlegging. Ho vil òg få innverknad på NATO sitt forhold til EU, Russland og partnarlanda. Dette langsiktige arbeidet vil ta form utover i år 2002.

Det er likevel ikkje nytt at Alliansen engasjerer seg i kampen mot terrorisme. I kommunikéet frå toppmøtet i Washington april 1999 går det fram at terrorisme er ein alvorleg trussel mot fred, tryggleik og stabilitet, og at medlemslanda vil kjempe mot dette i tråd med sine internasjonale plikter og nasjonale lover. Også Alliansen sitt nye strategiske konsept frå toppmøtet i 1999 viser til den trusselen terrorisme utgjer for dei allierte. Likevel har angrepa 11. september utan tvil gjort at antiterrorarbeid no er sett på Alliansen sin dagsorden på ein heilt annan måte enn før.

Etter førespurnad frå USA vedtok NATO 4. oktober mellom anna å styrkje etterretningsamarbeidet både bilateralt og innanfor Alliansen. Målsetjinga med dette var å kunne avsløre og motverke truslar frå terrorisme, å hjelpe allierte eller andre statar som pådrog seg auka risiko for terrorangrep fordi dei støtta opp om antiterrorkampanjen, og å kunne setje i gang nødvendige tiltak for å verne om amerikanske eller andre allierte sine anlegg og institusjonar på eige territorium.

I tillegg gjennomførte NATO i Operation Eagle Assist overvaking av USA sitt luftrom med fem overvakingsfly av typen AWACS ( Airborne Warning and Control system). Personell frå Noreg, stasjonert i Tyskland, utførte ei rekkje oppdrag knytte til denne overvakinga. I tillegg blei NATO sine ståande flåtestyrkar dirigerte til det austlege Middelhavet. I første omgang dreidde dette seg om Middelhavsflåten ( Standing Naval Force Mediterranean - STANAVFORMED), men denne er i periodar blitt avlasta av Atlanterhavsflåten ( Standing Naval Force Atlantic - STANAVFORLANT) der den norske fregatten KNM Narvik har inngått. Vidare gav dei allierte overflygingsløyve, flyplass- og hamnerettar for amerikanske eller andre allierte militære fly og farty som deltek i kampanjen.

På lengre sikt vil kampen mot terrorisme gripe inn i Alliansen sitt verkeområde i brei skala. NATO har sett i gang eit arbeid for betring av Alliansen si forsvarsevne mot masseøydeleggingsvåpen på alle felt, noko som krev alt frå politisk og militær til medisinsk innsats.

Likeins er innsatsen innan sivil beredskap forsterka. På oppdrag frå NATO-rådet og plenarsesjonen til Høgnivåkomitéen for sivil berdskapsplanlegging ( Senior Civil Emergency Planning Committee - SCEPC) utarbeidde denne komitéen ein handlingsplan for betring av sivil beredskap i høve til moglege biologiske, kjemiske eller radiologiske angrep ( Chemical, Biological or Radiological - CBR). Føremålet med handlingsplanen er å gje SCEPC ei prioritert liste over tiltak, med tidsfristar og ansvarlege styresmakter for dei ulike tiltaka. Partnarlanda har vore involverte i dette arbeidet fordi ein trussel om bruk av masseøydeleggingsvåpen eventuelt vil ramme alle. Vidare koordinerer NATO og partnarlanda nasjonale ressursar når det gjeld transport, medisin og forsking, slik at desse raskare kan gjerast tilgjengelege i fall CBR-angrep skulle ramme sivilbefolkninga. Noreg har ekspertar knytte til Det euroatlantiske koordineringssenteret for katastrofebistand ( Euro-Atlantic Disaster Response Coordination Centre - EADRCC) som NATO har bygd opp i Brussel.

I kampen mot terrorisme har USA teke i bruk eit breitt spekter av verkemiddel og bygd opp ein omfattande koalisjon av nasjonar og institusjonar som støttar og tek del i kampanjen. NATO er ein av mange aktørar. Kampen mot terrorisme vert òg ført gjennom lovreform, etterretning, finansierings- og bankverksemd, politisk samarbeid, nasjonal beredskap og helsetiltak. Dei ulike organisasjonane må konsentrere seg om sine spesialområde for å unngå overlapping og for å sikre mest mogleg effektiv bruk av tilgjengelege ressursar. Mellom anna er det no ein prosess i gang for å finne ut korleis NATO og EU best kan samarbeide på dette feltet. For Noreg er det viktig å sikre at innsatsen mot terror vert transparent og koordinert i begge organisasjonane.

Sidan terrorisme ikkje avgrensar seg til enkelte geografiske område, ein religion eller gruppering, men forgreinar seg til mange land og kulturar, krev trusselen eit motsvar som strekkjer seg på tvers av dei same grensene. NATO sitt nettverk av partnarland er unikt og veleigna til bruk i kampen mot terrorisme. I dagane etter 11. september vedtok både EAPC, PJC og NUC erklæringar som fordømde terrorhandlingane. Dei erklærte terrorhandlingane som brutale og meiningslause angrep på medlemslanda sine felles verdiar og slo fast at respektive partnarland ville stå saman med NATO.

Den 7. oktober starta USA og Storbritannia, under leiing av USA, militære aksjonar mot terroristnettverket al-Qaida og Taliban-regimet i Afghanistan. Det faktum at det var den militært sett mektigaste allierte som vart angripen 11. september, har avgrensa behovet for direkte militært engasjement frå NATO. Dei allierte, inkludert Noreg, spelar likevel viktige støtteroller. Mellom anna har NATO-styrkane på Balkan medverka i kampen mot terrorisme. I Bosnia-Hercegovina har SFOR-styrkane arrestert fleire personar mistenkte for å vere terroristar med samband til al-Qaida-nettverket. Noreg deltek i operasjonen i Afghanistan mellom anna med spesialstyrkar og mineryddingslag.

2.3 Den humanitære situasjonen i Afghanistan. NATO si støtte til FN

I den tidlege fasen av den militære kampanjen i Afghanistan, då situasjonen framleis var svært spent, var det uklart om FN kunne handtere den humanitære situasjonen i landet utan hjelp frå andre aktørar. På førespurnad frå USA utarbeidde derfor NATO planar for ein mogleg humanitær innsats i Afghanistan. Arbeidet vart utført i tett og positiv kontakt med FN sin generalsekretær Kofi Annan og høgkommissæren for flyktningar Ruud Lubbers. FN sin ståande koordineringskomité ( Inter-Agency Standing Committee - IASC) har utarbeidd retningslinjer for bruk av militære fly og anna løftekapasitet under naturkatastrofar. I følgje dei såkalla «Oslo-retningslinjene», som vart vedtekne på ministermøtet i Oslo i 1992, går det fram at militære ressursar berre skal brukast dersom det ikkje finst realistiske sivile alternativ. Formålet er at det ikkje skal kunne reisast tvil om at den humanitære bistandsoperasjonen er nøytral. Etter kvart som situasjonen på bakken utvikla seg raskt i positiv retning, vart det klart at FN hadde den humanitære situasjonen under kontroll. Det vart derfor ikkje aktuelt for NATO å ta på seg ei humanitær rolle i Afghanistan.

Til forsida