St.meld. nr. 24 (2001-2002)

Om samarbeidet i Atlanterhavspakt-organisasjonen i 2001

Til innhaldsliste

7 Rustingskontroll, nedrusting og ikkjespreiing

7.1 Kjernefysisk rustingskontroll

I desember opplyste USA at landet såg seg nøydt til å gå til ei einsidig oppseiing av ABM-avtalen. Dette hadde vore varsla i lang tid, og blei teke til etterretning i Alliansen og på russisk side. Dei allierte hadde heile tida blitt orienterte og konsulterte om dei amerikanske missilforsvarsplanane, arbeidet om utvikling av eit nytt strategisk rammeverk og tilsvarande, mellom anna i fleire ekstra rådsmøte. I utanriksministerkommunikéet i desember vart dei nyleg varsla reduksjonane i amerikansk atomvåpenarsenal ønskte velkomne. Dei allierte stadfesta samstundes at Alliansen er oppteken av å bidra til oppfølging av vedtaka frå tilsynskonferansen for ikkjespreiingsavtalen NPT i 2000.

7.2 Ikkjespreiing av masseøydeleggingsvåpen

På grunnlag av den breie semja i Alliansen om å styrkje innsatsen for å avgrense spreiinga av masseøydeleggingsvåpen og leveringsmiddel for slike våpen, fortsette arbeidet med gjennomføringa av det såkalla WMD-initiativet frå toppmøtet i 1999 og rapporten om arbeidet frå ministermøtet i desember 2000. WMD-initiativet tek sikte på å sikre at Alliansen har den naudsynte politiske og militære kapasiteten til å handtere dei utfordringane spreiing av slike våpen og leveringsmiddel utgjer. Fleire NATO-komitéar har engasjert seg i drøfting av desse utfordringane, som fekk ein ny og skremmande aktualitet etter terrorangrepa og miltbranntilfella i USA hausten 2001. Mellom anna den overordna politiske militære gruppa for spreiingsspørsmål ( Senior Political-Military Group on Proliferation - SGP) og høgnivågruppa for forsvarsrelatert samarbeid om spreiingsspørsmål ( Senior Defence Group on Proliferation - DGP) har vore aktive i høve til WMD-trusselen. SGP, som har til hovudoppgåve å utveksle informasjon om WMD-truslar og risikovurdering, har hatt drøftingar om utviklingsprogram for masseøydeleggingsvåpen og leveringsmiddel i aktuelle land. Vidare har SGP drøfta bilaterale program og forsvarleg handtering av masseøydeleggingsvåpen i einskilde partnarland. SGP har òg hatt ekspertkonsultasjonar med Russland om desse tema. DGP har arbeidd vidare med utvikling av ein database for spreiingsrelatert informasjon, og i tillegg arrangert ei rekkje kunnskapsseminar om spreiingsrelaterte problemstillingar. Etter terrorangrepa blei det starta ein diskusjon om korleis NATO på ein ny og omfattande måte skal møte trusselen frå terrorisme. DGP vil ha ein naturleg plass i dette arbeidet.

Som ein konsekvens av terrorangrepa mot USA mottok WMD-senteret ein straum av spørsmål om WMD. Senteret trappa derfor opp informasjonsarbeidet, og utvikla ein eigen informasjonsstrategi.

NATO har òg ei rolle som forum for konsultasjonar om spørsmål til behandling i FN sin nedrustingskonferanse i Genève, i 1. komité under generalforsamlinga i FN og i andre forum. NATO organiserte eit slikt konsultasjonsforum i september 2001.

7.3 Konvensjonelle våpen

Arbeidet med konvensjonell rustingskontroll fokuserte i 2001 på føresetnadene for ratifisering av den tilpassa CFE-avtalen, underteikna i tilknyting til OSSE-toppmøtet i Istanbul i november 1999. For at Noreg og dei fleste andre medlemslanda vil ratifisere avtalen, er det avgjerande å finne ei løysing på problema med Russland si oppfylling av materielltaka i flanken, samt etterleving av Istanbul-krava om uttrekking av russiske styrkar frå Georgia og Moldova.

Det var vore oppmuntrande framgang i 2001. Mellom anna tilseier nyleg gjennomførte materiellreduksjonar at Russland var under dei tak som gjeld for flanken ved siste årsskifte. Vidare har det siste halvår vore framdrift i uttrekkinga av russiske styrkar frå Moldova. I den siste informasjonsutvekslinga med Russland (halvårleg), melde Russland at dei har halde fristen frå Istanbul når det gjeld uttrekking og destruksjon av avtalefesta materiell ( Treaty Limited Equipment - TLE) innan 31. desember 2001. Fristen for uttrekking av styrkar og anna materiell går ut innan utgangen av 2002. Sistnemnde forhold er ikkje direkte knytt til CFE-avtalen, men dei fleste medlemslanda ser også på dette kravet som ein føresetnad for ratifisering.

Når det gjeld Georgia, oppmoda NATO-utanriksministermøtet i desember til rask løysing av saka, og understreka at full etterleving av Istanbul-krava er ein føresetnad for ratifisering av den tilpassa CFE-avtalen.

Desse og andre spørsmål i tilknyting til konvensjonell nedrusting vert drøfta jamleg i ei intern høgnivågruppe ( High Level Task Force - HLTF), og med Russland og andre partnarland. På ein tilsynskonferanse i Wien i mai 2001 blei det drøfta uteståande problem av teknisk karakter som gjeld implementering av CFE-avtalen. Konferansen var vellykka. Koordinering blant dei allierte er viktig når det gjeld verifikasjon. I tillegg til jamlege møte i verifikasjonskomitéen ( Verification Coordinating Committee - VCC) vert det årleg avvikla eit seminar der problem og utfordringar i gjennomføringa av CFE-avtalen vert inngåande drøfta.

Det var gledeleg at avtalen om opne luftrom ( Open Skies) blei ratifisert av Russland og Kviterussland 1. november, og såleis kunne tre i kraft 1. januar 2002.

Til forsida