St.meld. nr. 24 (2001-2002)

Om samarbeidet i Atlanterhavspakt-organisasjonen i 2001

Til innhaldsliste

4 Alliansen og forholdet til partnarlanda

4.1 Forholdet til Russland

Terrorangrepa mot USA 11. september gav forholdet mellom NATO og Russland ein heilt ny dynamikk. Angrepa viste at dei allierte og Russland står overfor felles truslar, og at eit effektivt motsvar krev samarbeid og felles innsats. Eit betre forhold mellom Russland og Vesten var allereie i emning før 11. september, men vart klart stadfesta av den umiddelbare støtta Putin gav til USA i kampen mot terrorisme. 13. september utarbeidde PJC ei erklæring som fordømde terrorangrepa og stadfesta Russland si støtte til NATO sitt art. 5-vedtak og den kampen Alliansen førte mot internasjonal terrorisme. Toppmøtet mellom president Bush og president Putin i november gav viktige signal om korleis dei to nasjonane såg føre seg at forholdet mellom NATO og Russland kunne utviklast vidare. Generalsekretær Robertson og president Putin møttest før og etter dette. Tema var i første rekkje kampen mot terrorisme og mogleg styrking av samarbeidet mellom NATO og Russland. Denne utviklinga leidde til ein diskusjon i Alliansen om behovet for eit kvalitativt nytt forhold mellom Alliansen og Russland.

PJC blei oppretta i 1997 nettopp for å styrkje samarbeidet mellom NATO og Russland på område som er nedfelte i den Grunnakta som NATO og Russland vedtok same året. I den situasjonen som oppstod etter 11. september, ønskte både dei allierte og Russland å styrkje samarbeidet ytterlegare. Det var òg ei viss misnøye med resultata av samarbeidet i PJC. Moglegheitene for felles initiativ og avgjerd som ligg i Grunnakta, var ikkje blitt fullt utnytta. Dessutan ville Russland ha eit samarbeid mellom likeverdige partnarar (i 20-format).

PJC-møtet 7. desember var det første på ministernivå etter terrorangrepa. Det var prega av tydeleg felles interesse i kampen mot terrorisme og eit felles ønske om tettare og meir effektivt samarbeid. Møtet gav eit klart mandat til utforming av eit nytt samarbeidsforum mellom NATO og Russland. Målet er at 20 likeverdige partnarar kan drøfte spørsmål av felles interesse, ta initiativ og fatte vedtak i fellesskap. Område som vil eigne seg for samarbeid i det nye rådet er m.a. terrorisme, krisehandtering, ikkjespreiing av masseøydeleggingsvåpen og sivil beredskap. Det er eit ufråvikeleg prinsipp at Russland ikkje får noko veto over NATO sine vedtak, og at dei allierte sjølvsagt beheld retten til å drøfte alle spørsmål internt. Arbeidet med dei nye strukturane skal avsluttast innan ministermøtet i Reykjavik kommande mai.

Frå norsk side ser vi stor verdi i eit tettare samarbeid mellom NATO og Russland. Oppretting av det nye NATO-Russland-rådet er eit viktig bidrag til tryggleik og stabilitet i heile det euroatlantiske området.

Uavhengig av drøftingane om fornying fortsette samarbeidet med Russland i PJC i fjor. Eit informasjonskontor vart opna i Moskva i februar. Opninga av kontoret har stor symbolverdi, og bidreg med etterlengta informasjon til ulike russiske miljø om NATO sin politikk. Det var også gledeleg at det på forsvarsministermøtet i PJC i desember vart semje om opning av eit militært liaisonkontor. Kontoret vil gjere det lettare å etablere og samordne militære samarbeidstiltak mellom NATO og Russland. Samarbeidet om sivil beredskap blei styrkt gjennom vedtakinga av eit felles rammedokument. Dette er eit område der vi frå norsk side har hatt eit sterkt engasjement.

På militær side har Russland og NATO hatt eit svært godt samarbeid innanfor SFOR- og KFOR-operasjonane på Balkan. Innanfor ramma av PJC er NATO og Russland no i ferd med å utarbeide eit omgrepsapparat for felles NATO/Russland-fredsoperasjonar. NATO og Russland gjennomførte òg konstruktive konsultasjonar om trusselen frå masseøydeleggingsvåpen (kjernevåpen, kjemiske og biologiske våpen) og om mogleg samarbeid om eit avgrensa rakettforsvar (TMD). Det har òg vore ført konsultasjonar om tryggingsskapande tiltak. Samarbeidet om søk og redningsoperasjonar til sjøs, som kom i gang etter Kursk-ulykka hausten 2000, blei styrkt ved eit nytt arbeidsprogram. Forslag til rammedokument er til vurdering på russisk side.

4.2 Utviding av NATO. Handlingsplanen for NATOmedlemsskap (MAP)

På NATO-toppmøtet 13. juni var det semje om at toppmøtet i Praha hausten 2002 skal fatte eit vedtak om neste utvidingsrunde. Likevel er det enno ikkje teke stilling til kor mange som vert inviterte til medlemskap. Det er totalt ni kandidatland: Albania, Bulgaria, Estland, Latvia, Litauen, Makedonia, Romania, Slovenia og Slovakia. Sjølv om terrorangrepa i USA hausten 2001 har endra noko av fokuset i NATO, har ikkje dette påverka timeplanen for utviding.

Avgjerda om å utvide Alliansen vil i siste instans vere av politisk karakter, men vil måtte baserast på ei brei vurdering av ei rekkje ulike faktorar. Frå norsk side er det lagt vekt på at Alliansen sine eigne behov må stå sentralt, og at kandidatlanda må målast etter same målestokk.

Framstega kandidatlanda har gjort i handlingsplanen for NATO-medlemsskap (MAP), utgjer det sentrale vurderingsgrunnlaget for kven av dei ni som får invitasjon til medlemskap ved toppmøtet i Praha 2002. MAP vart vedteken på toppmøtet i Washington i 1999. Det er eit praktisk, handlingsretta instrument som førebur dei 9 kandidatlanda på medlemsskap, men som ikkje er ein garanti for medlemskap. Dialogen med kandidatlanda skjer i årlege syklusar som startar på hausten ved at kandidatlanda legg fram nasjonale program ( Annual National Programme - ANP). Desse nasjonale programma vert oppdaterte årleg, og dei gjer greie for status og mål når det gjeld politiske, økonomiske, forsvarsmessige og militære, ressurs-, tryggings- og juridiske spørsmål. Programma vert gjennomgådde i løpet av hausten i møte mellom dei einskilde landa og NATO sin Senior Political Committee. NATO-sekretariatet utarbeider evalueringsrapportar, som utgjer eit viktig grunnlag for kandidatlanda sine individuelle møte med NATO på rådsnivå som finn stad om våren. Ein framdriftsrapport for MAP-prosessen blir lagd fram for ministermøta på våren og markerer avslutninga på kvar syklus.

Kandidatlanda er no inne i sin tredje og siste fullstendige runde før toppmøtet i Praha. Resultata så langt viser at MAP-prosessen fungerer. Kandidatlanda har utvikla ei meir systematisk og samordna tilnærming i sine førebuingar til NATO-medlemskap. Ambisjonane står meir i samsvar med tilgjengelege ressursar. Kvaliteten på dei nasjonale programma er blitt betre, og dei allierte sine tilbakemeldingar meir målretta. Det står likevel att viktig arbeid, ikkje minst på forsvarsområdet.

I 2001 har det vore fokus på vidareføring av MAP-prosessen etter Praha. Ministermøta i NATO i desember fatta vedtak om at ein skal starte det interne arbeidet med å førebu NATO på nye medlemmer. Sjølve utvidingsspørsmålet vil melde seg med full tyngd etter utanriksministermøtet våren 2002. Samstundes er det semje om at MAP-prosessen skal førast vidare for dei landa som ikkje vert inviterte til medlemskap ved toppmøtet i Praha, og for eventuelle nye søkjarland.

I dialogen med kandidatlanda har Noreg og dei andre allierte særleg understreka at det er naudsynt med realisme når det gjeld mål, tilgang på ressursar og prioriteringar. På norsk side har ein vidare lagt vekt på regionalt samarbeid, integrering av minoritetar, forholdet til naboland og økonomiske reformer. På forsvarsområdet har reform av forsvars- og styrkestrukturane stått sentralt (sjå òg kap 4.4). Under møta med dei baltiske landa har ein frå norsk side gjeve klar støtte til deira ønske om medlemskap i Alliansen.

4.3 Det euroatlantiske partnarskapsrådet (EAPC)

Arbeidet i Det euroatlantiske partnarskapsrådet har òg vore prega av hendingane den 11. september. Dei 46 landa som utgjer EAPC, var raskt ute med å støtte artikkel 5-vedtaket. Terrorangrepa vert rekna som angrep mot alle partnarlanda. Sverige og Finland tok initiativ til å utarbeide ein handlingsplan med ei rekkje konkrete tiltak for korleis EAPC kunne få ei forsterka rolle som støtte til Alliansen sin innsats i kampen mot terrorisme. Det blei mellom anna vedteke å halde eit arbeidsseminar i Warszawa i februar 2002 for å identifisere konkrete arbeidsoppgåver for EAPC. Noreg støtta aktivt opp om dette initiativet. Fleire partnarland har nyttig erfaring og kompetanse som Alliansen bør kunne trekkje på. Særs viktig er det å få til eit nærare samarbeid med landa i Sentral-Asia, som spelar ei strategisk viktig rolle i den internasjonale koalisjonen mot terrorisme.

Frå norsk side har vi sett på arbeidsgruppene som eit viktig regionalt innspel til det politiske arbeidet i EAPC.

Rådet hadde alt i april ein idédugnad om korleis Alliansen kunne styrkje sitt samarbeid med landa i Kaukasus og i Sentral-Asia. Dei to regionane har ulik politisk ståstad og ulike strategiske interesser, noko som krev ei differensiert tilnærming frå dei allierte.

Når det gjeld Kaukasus, tok ad-hoc-arbeidsgruppa opp att verksemda etter stans i over eit år. Arbeidsprogrammet for år 2002 legg vekt på praktiske samarbeidstiltak dei tre landa kan einast om. Konflikten mellom Armenia og Aserbajdsjan dempar landa sin bruk av EAPC som politisk forum for konsultasjon. Georgia har fleire gonger teke opp det spente forholdet til Russland og situasjonen i Abkhasia.

Også dei sentralasiatiske landa har ulike tryggingspolitiske interesser. Dei allierte har teke initiativet til etablering av ei ad-hoc-arbeidsgruppe, men førebels har ikkje landa sjølve vist interesse for praktisk retta, regionalt tryggingspolitisk samarbeid. Tadsjikistan blir først med i EAPC/PFP-samarbeidet, i 2002. Rådet hadde eit møte med Usbekistan i november der deira strategiske rolle i forhold til konflikten i Afghanistan blei drøfta. Landet bad om støtte til militært utstyr m.a. for å sikre grensene. Nokre få allierte har bidrege bilateralt med materiell.

EAPC-arbeidsgruppa for handvåpen har fokusert på å førebu og følgje opp konklusjonane frå FN sin handvåpenkonferanse som fann stad i juni. Gjennom eit eige PFP-fond for destruksjon av handvåpen og miner har både allierte og partnarland vore med på å finansiere fleire prosjekt, spesielt på Balkan. Noreg er med og finansierer eit prosjekt for destruksjon av antipersonellminer i Albania.

Arbeidsgruppa for fredsbevaring held fram med sine drøftingar om ulike aspekt ved fredsbyggjande operasjonar. Det blei arrangert eit seminar i Bucuresti i november om dei sivile tryggingsaspekta.

Utover desse aktivitetane blei arbeidsprogrammet for 2001 gjennomført som planlagt. Frå norsk side legg ein vekt på at aktivitetane i EAPC skal være komplementære til det arbeidet som bli gjort i andre forum.

4.4 Partnarskap for fred (PFP)

Sidan opprettinga i 1994 har den overordna målsetjinga for Partnarskap for fred (PFP) vore å fremje eit stabilt og demokratisk Europa gjennom praktisk militært samarbeid. 26 land har formelt slutta seg til PFP. Tadsjikistan er i ferd med å slutte seg til, og då vil alle EAPC-medlemmer også være medlemmer av PFP.

PFP er eit fleksibelt instrument. Det einskilde partnarlandet står nokså fritt med omsyn til mål for og omfang av eige engasjement. PFP gjev ikkje tryggingsgarantiar, men rett til konsultasjonar med NATO om partnarlanda ser tryggleiken sin trua. Arbeidsprogrammet for PFP dekkjer ei lang rekkje område, frå det militære og forsvarspolitiske til samarbeid om sivile beredskapsspørsmål. På grunnlag av programmet og presentasjonsdokumentet kvart land legg fram, vert det årleg utarbeidd individuelle partnarskapsprogram tilpassa det einskilde landet sine behov og prioriteringar.

Samarbeidet blei bygt ut og gjort meir operativt i samband med ei rekkje praktiske initiativ som følgde toppmøtet i Washington i 1999, mellom anna det politiske og militære rammeverket for NATO-leidde PFP-operasjonar ( Political-Military Framework - PMF), planleggings- og tilsynsprosessen i PFP (PARP), det operative kvalifikasjonskonseptet ( Operational Capabilities Concept - OCC) og det konsoliderte trenings- og utdanningsprogrammet ( Training and Education Enhancement Programme - TEEP). I 2001 har ein fortsett arbeidet for å utvikle og styrkje desse praktiske samarbeidstiltaka, med auka evne til å operere saman som det overordna målet.

Samstundes har ein utvida PFP-samarbeidet til nye område som antipersonellminer, ammunisjon, handvåpen og internasjonal humanitær rett. Som følgje av terrorangrepa mot USA har òg kampen mot internasjonal terrorisme blitt plassert høgt opp på dagsordenen i dialogen med partnarlanda. Partnarlanda ønskjer sjølve å spele ei aktiv rolle i denne samanhengen, noko dei allierte har helsa velkomme. Land som Sverige og Finland har fremja konkrete forslag til korleis samarbeidet mellom NATO og partnarane kan førast vidare på dette området.

I planleggings- og tilsynsprosessen i PFP (PARP) har ein i 2001 gjennomført konsultasjonar om forsvarsplanane til alle dei 19 PFP-landa som tek del i prosessen. Felles for dei fleste av desse landa er at dei er i ferd med å gjennomføre store omstruktureringar av forsvaret. Prosessen og dokumenta som vert brukte i PARP ligg no svært nær opp til dei som vert nytta i styrkeplanlegginga på alliert side. PARP-prosessen utgjer òg det forsvarspolitiske elementet av MAP-prosessen. I 2001 gjennomførte ein særskilde konsultasjonar om styrkestruktur med dei fleste kandidatlanda innanfor ramma av PARP. Eit hovudinntrykk i denne samanhengen er at kandidatlanda er i ferd med å utvikle meir realistiske forsvarsstrukturar. Frå 2002 vil òg Usbekistan og Kasakhstan ta del i PARP.

PFP og PFP-liknande aktivitetar inngår òg som ein viktig del av iverksetjinga av NATO-initiativet for Søraust-Europa ( South Eastern Europe Initiative - SEEI). NATO har òg opna for at PFP-aktivitetar i visse høve kan gjerast tilgjengelege for deltakarane i Middelhavsdialogen. Denne typen arbeid utgjer eit viktig bidrag til regional stabilitet og er og eit alternativ for land som ikkje tek del i PFP sine målretta samarbeidsprogram. Det er viktig å dra nytte av eksisterande mekanismar i størst mogleg grad og dermed skape kostnadseffektive synergiar mellom dei ulike aktivitetane i Alliansen. Samstundes eksporterer ein modellar for samarbeid og gjev eit regionalt eigarskap.

PFP utgjer allereie eit godt instrument for å utvikle partnarane sine strukturar og evne til samarbeid med NATO og allierte styrkar. PFP-samarbeidet hevar òg den generelle standarden innanfor dei væpna styrkane og stimulerer til utvikling av demokrati i partnarlanda. Noreg har helsa velkommen ein prosess der ein gjennomgår PFP-samarbeidet fram mot toppmøtet i Praha i lys av utviklingstrekk som utvidinga av NATO, forholdet mellom NATO og EU og den auka trusselen frå terrorisme.

Samstundes har Noreg understreka behovet for at potensialet i dei eksisterande programma og tiltaka vert nytta fullt ut. Her må det takast høgd for Alliansen og partnarane si reelle evne til å absorbere ymse aktivitetar, både når det gjeld kostnader og når det gjeld kva som er praktisk mogeleg å gjennomføre. I eit slikt perspektiv vert ikkje mengda nye initiativ og aktivitetar i seg sjølv det viktigaste, men å sørgje for at kvaliteten i PFP vert halden oppe og utvikla vidare.

Regjeringa har lagt til grunn eit aktivt norsk engasjement i utviklinga av samarbeidet med partnarlanda. Frå norsk side har ein lagt stor vekt på å styrkje partnarlanda si deltaking, både operativt og i dei politiske prosessane. Dette skaper stabilitet i våre nærområde og aukar samstundes NATO si evne til å gjennomføre krisehandteringsoperasjonar. I 2001 har erfaringane med partnarskapssamarbeidet og partnardeltaking i ikkje-artikkel-5-operasjonar vore svært gode. Ikkje minst har samarbeidet i Bosnia og Kosovo og den internasjonale kampen mot terrorisme synt kor viktig støtta frå partnarland er.

4.5 Ukraina

Terrorangrepa 11. september påverka òg samarbeidet mellom Ukraina og NATO. Ukraina støtta opp om Alliansen sitt art. 5-vedtak både politisk og på anna vis (opning av luftrom). NATO-Ukraina-kommisjonen (NUC) vedtok 14. september ei felleserklæring som fordømde terrorangrepa og som slo fast at Ukraina ville bidra i kampen mot terrorisme. Utanriksminister Zlenko signaliserte under NUC-møtet i desember eit ønske om styrking av samarbeidet mellom NATO og Ukraina. NATO helsar denne interessa velkommen.

Det viktigaste innslaget i samarbeidet med Ukraina i 2001 har vore reforma av dei væpna styrkane, med PARP som eit særs viktig støtteverktøy. Hausten 2001 blei det utarbeidd eit sett av konkrete målsetjingar som både er eit nyttig verktøy til støtte for ukrainske styresmakter i det vidare arbeidet, og eit viktig element for dei allierte i utviklinga av tosidige aktivitetar. Blant desse kan nemnast reform av tryggingssektoren, sivil kontroll over militære styrkar, nedlegging av basar og etterutdanning av tidlegare offiserar. Reforma av dei væpna styrkane rører ved alle sider av reformprosessen i Ukraina - politisk, økonomisk og militært. Det er langt igjen før det er samsvar mellom mål og midlar.

Dokumentasjons- og informasjonssenteret som NATO oppretta i mai 1997 i Kiev, driv ei aktiv informasjonsverksemd.

Alliansen verdset òg Ukraina si deltaking i dei NATO-leidde fredsoperasjonane på Balkan. I samband med dette er ukrainsk våpeneksport til Makedonia ei vanskeleg sak. På alliert side er ein uroa over at dei ukrainske leveransane av tungt militært materiell til Makedonia skal påverke stabiliteten i regionen. NATO har oppmoda Ukraina om å stanse leveransane inntil situasjonen i regionen har stabilisert seg. NATO og Ukraina har vedteke å gjennomføre drøftingar før eventuelle framtidige leveransar.

4.6 Middelhavsdialogen

Alliansen held fram med å byggje ut samarbeidet med Algerie, Egypt, Israel, Jordan, Marokko, Mauritania og Jordan innanfor ramma av NATO sin Middelhavsdialog. Særleg den politiske dimensjonen ved dialogen blei styrkt som eit resultat av terrorangrepa 11. september. Alle dialoglanda tok sterkt avstand frå angrepa og støttar opp om NATO sin antiterroragenda. Rådet heldt sitt første møte med dialoglanda i 19+7-format i oktober for å diskutere ei felles haldning til terrorisme.

Rådet hadde i oktober ein idédugnad om korleis samarbeidet kunne styrkjast. Det blei semje om at Rådet skal halde jamlege konsultasjonar med dei 7 i etterkant av ministermøta i NATO. Vidare skal det haldast årlege bilaterale konsultasjonar mellom det einskilde land og NATO. Det er opna for å halde regionale seminar om tryggingsspørsmål av felles interesse. NATO har halde fram med besøk på høgt nivå til landa i regionen, og fleire politiske leiarar frå regionen har vitja NATO.

Grunna den spente situasjonen i Midtausten er ikkje potensialet for samarbeid innanfor Middelhavsdialogen nytta fullt ut. Dei praktiske samarbeidsaktivitetane er likevel mange, særleg på område landa sjølve har prioritert: sivil beredskap, vitskapsprogrammet, handvåpen, krisehandtering, miner og spreiing av masseøydeleggingsvåpen. Landa er stadig avhengige av at NATO subsidierer deltakinga i dei tiltak som finn stad ved hovudkvarteret.

Innanfor forsvarssamarbeidet har NATO vedteke at dialoglanda på selektivt grunnlag kan delta på PFP-øvingar. Tidlegare hadde dei berre observatørstatus. Deltaking på seminar og kurs om forsvarsreform og strategisk planlegging er også blitt eit positivt element i det militære samarbeidet.

Informasjonsverksemda frå NATO si side overfor opinionsleiarar og utvalde miljø i dialoglanda har bore frukt. Det er ei meir positiv haldning til NATO i regionen no enn tidlegare. Likeins har verksemda til kontaktambassadane vore eit verdifullt bidrag for å gjere NATO si rolle og arbeid meir kjent.

Frå norsk side deler vi den oppfatninga at dialogen er viktig for tryggleiken i Middelhavsområdet og dermed for heile det euroatlantiske området. Dialoglanda si stilling i den arabiske verda er særs viktig med omsyn til å tryggje ei brei muslimsk oppslutning om den internasjonale koalisjonen mot terrorisme. Frå norsk hald har vi støtta opp om alle tiltak som kan bringe dialoglanda nærare Alliansen samstundes som det har vore viktig å halde på det naturlege skiljet mot partnarlanda.

Til forsida