St.meld. nr. 24 (2001-2002)

Om samarbeidet i Atlanterhavspakt-organisasjonen i 2001

Til innhaldsliste

6 Alliert militært samvirke

6.1 Forsvarsplanlegging. Oppfølging av initiativet for betre forsvarsevne (DCI)

Forsvarssamarbeidet i NATO er forankra i ein kollektiv og løpande prosess, underbygd av ein integrert militær struktur som vert halden ved like gjennom felles hovudkvarter, planlegging, øvingar og trening. Den generelle tryggingspolitiske utviklinga har resultert i fleire og meir samansette krav til forsvarssamarbeidet og dei integrerte militære strukturane. På bakgrunn av dette har det vore naudsynt å vidareutvikle forsvarssamarbeidet, ikkje minst med tanke på deltaking i ulike typar fredsoperasjonar og eit utvida samarbeid med aktørar utanfor Alliansen. Den vidare utviklinga av forsvarssamarbeidet, og tilpassinga av dei militære styrkane, vil vere ein kontinuerleg prosess også i åra framover. Hovudutfordringa er å femne over eit breiare spekter av oppgåver innanfor ein og same struktur. Dette gjeld særskilt i dagens situasjon prega av reduksjonar i nasjonale forsvarsbudsjett, nedbygging av dei militære styrkane og mindre vilje hos allierte til å auke dei nasjonale bidraga til dei ulike fellesbudsjetta i NATO.

Komitéen for forsvarsplanlegging ( Defence Planning Committee - DPC) er det øvste styringsorganet i det forsvarspolitiske samarbeidet. Her vert dei fleste saker som gjeld forsvarssamarbeidet drøfta, med hovudvekt på den kollektive forsvarsplanlegginga. DPC heldt i 2001 fram arbeidet med å tilpasse Alliansen sine forsvarsstrukturar til den nye tryggingspolitiske situasjonen, mellom anna ved å arbeide for integrering av DCI i den årlege styrkeplanprossessen. Målsetjinga er at DCI skal innarbeidast i forsvarsplanlegginga og prosjekta i Alliansen. På NATO-toppmøtet i 1999 vart det oppretta ei eiga styringsgruppe ( High Level Steering Group - HLSG) som skulle koordinere igangsetjinga og gjennomføringa av DCI. HLSG vert leidd av visegeneralsekretæren i NATO og er sett saman av nasjonale representantar på høgt nivå frå dei ulike medlemslanda. HLSG rapporterer til Det nordatlantiske rådet ( North Atlantic Council - NAC). For framleis å halde eit sterkt fokus på utviklinga av DCI er det vedteke å forlengje mandatet for HLSG fram til toppmøtet i Praha hausten 2002.

Forsvarsplanlegginga i NATO blir gjennomført i tråd med Ministerial Guidance. Dette dokumentet blir oppdatert annakvart år, og blei sist godkjent på forsvarsministermøtet i desember 2000. Dokumentet målber dei overordna politiske retningslinene for forsvarsplanlegginga på nivået under det strategiske konseptet.

I 2001 blei medlemslanda vurderte opp mot styrkemåla som gjeld for perioden 2001-2006. Gjennomgangen blei summert opp i General Report, som utgjer ei evaluering og godkjenning av korleis dei einskilde landa oppfyller styrkemåla sine. Hovudkonklusjonane er at styrkemåla kan seiast å være oppfylte, og at Alliansen er i stand til å løyse dei ulike typane militære oppgåver gjennom planperioden. Likevel er det gjeve uttrykk for stor uro over dei europeiske allierte si manglande oppfylling av viktige styrkemål, spesielt i høve til behovet for modernisering på ei rekkje område. Det viser seg altså at trass i det fokus som er lagt på DCI og på å utvikle forsvarsstrukturane til å kunne løyse heile spekteret av Alliansen sine oppgåver, er det vanskeleg å innfri målsetjingane. Dette kan få alvorlege følgjer for Alliansen si evne til å løyse oppgåvene i framtida.

DCI påverkar òg utviklinga av det norske forsvaret, og er ein grunnleggjande føresetnad for den omstillinga forsvaret no er i gang med. NATO har uttrykt støtte til omstilling av forsvaret for betre å tilpasse det til dagens og framtidas tryggingspolitiske utfordringar. Dette medfører at forsvaret utviklar ein mindre og meir mobil styrkestruktur, betre tilpassa heile spekteret av Alliansen sine oppgåver. DCI medfører såleis store utfordringar med omsyn til ressursar, og er samstundes ein viktig katalysator for naudsynt modernisering og endring.

6.2 Kjernefysisk planlegging

Den kjernefysiske planlegginga går føre seg i Den kjernefysiske planleggingsgruppa ( Nuclear Planning Group - NPG). Her møter forsvarsministrane i NATO for å drøfte ulike sider ved kjernevåpna si rolle for NATO, mellom anna kjernefysisk rustingskontroll. Alle NATO-land, med unntak av Frankrike, tek del i NPG-samarbeidet. Det løpande arbeidet som skjer mellom dei halvårlege ministermøta, blir handsama av ei stabsgruppe under NPG.

I 2001 har arbeidet i NPG vore konsentrert om vidareføring av Washington-erklæringa frå 1999, med særleg vekt på tiltak som vil styrkje forholdet til Russland. Her inngår dei forslaga om tillitsskapande tiltak som kom fram i NATO sin rapport frå desember 2000 om bidrag frå Alliansen til nedrusting og ikkjespreiing. Samstundes har NPG handsama andre utfordringar knytte til kjernefysisk rustingskontroll og spreiing av masseøydeleggingsvåpen. USA gav i 2001 fleire orienteringar om planane for eit rakettforsvar som også skal kunne forsvare dei allierte. Alliansen blei òg orientert om forholdet til ABM-avtalen før USA i desember 2001 erklærte at dei ville trekkje seg frå den. Den amerikanske gjennomgangen av den nasjonale kjernefysiske styrkestrukturen fekk stor merksemd i 2001. Dei etterfølgjande einsidige erklæringane frå USA og Russland om kjernefysisk nedrusting blei godt mottekne i Alliansen.

6.3 Alliert øvings- og treningsaktivitet

Forsvaret si øvingsverksemd skal bidra til å setje freds- og krigsorganisasjonen i stand til å løyse dei oppdraga det kan bli stilt overfor i fred, krise og krig. Øvingsverksemda skal betre Noreg si evne til styrkeoppbygging og til å ta imot allierte forsterkningar. Samstundes må øvingskonseptet sjåast i samanheng med ambisjonen om å styrkje evna til å operere saman med andre allierte styrkar i internasjonale operasjonar, slik at NATO får auka slagkraft og fleksibilitet. Fleirnasjonale øvingar, og treningsaktivitet som spesielt involverer innsatsstyrkar og reaksjonsstyrkar, fremjar dette målet.

Øvingsaktiviteten i 2001 var om lag den same som året før. Noreg var ikkje vertskap for nokon større NATO-øvingar i 2001. Den høgst prioriterte øvinga for forsvaret var Joint Winter, som er ei nasjonal øving med deltaking frå allierte land. Telemark bataljon deltok i Adventure Exchange i Tyrkia 2001. Dette er ei såkalla kombinert feltøving for Immediate Reaction Forces - Land (IRF-L), som øver både styrkar og administrative prosedyrar m.m. Også avdelingar i Luft- og Sjøforsvaret deltok på ulike øvingar for å tilfredsstille NATO sine krav til reaksjonsstyrkane.

Som følgje av utviklinga i NATO er øvingar knytte til krisehandtering og praktisk militært samarbeid, også blant partnarlanda, prioritert. Det blir derfor gjennomført øvingar i regi av programmet Partnarskap for fred (PFP). Noreg prioriterer i denne samanhengen øvingar i nærområda. Denne typen øvingar har eit militæroperativt tilsnitt, samstundes som dei kombinerer deltaking med sivile aktørar. I 2001 deltok forsvaret i øvinga Combined Endeavour, og var vertsland for Nordic Peace. Nordic Peace var den høgst prioriterte in the Spirit of PfP-øvinga i 2001. Øvinga, som blei gjennomført i bataljonsforband, tok utgangspunkt i ein FN-leidd fredsoperasjon, der samvirket mellom forsvaret, sivilforsvaret, humanitære organisasjonar og politiet stod sentralt.

Stramme øvingsbudsjett i NATO-landa har ført til at øvingane blir færre og har mindre omfang. I tillegg er øvingssyklusane i NATO endra, noko som inneber at det vil gå relativt lang tid mellom kvar gong Noreg vil vere vertskap for større NATO-øvingar.

Eit viktig supplement til øvingar er alliert trening. Omfanget av alliert trening er i dag merkbart redusert. Det er ei klar utfordring å leggje til rette for konkurransedyktig øvings- og treningsaktivitet i Noreg, med deltaking frå våre viktigaste allierte. Tilrettelegginga for øvingsaktiviteten i Noreg må sjåast i samanheng med at Noreg, i lys av strukturendringane på forsvarsområdet, vil bli meir avhengig av allierte forsterkingar i krisesituasjonar. Både øvingar og trening, spesielt i nord, er gunstig for å førebu dei allierte styrkane på klimaet vårt. Dette gjeld ikkje berre med tanke på forsterkingar til Noreg, men og med omsyn til innsetjing andre stader med krevjande klimatiske og topografiske forhold. Slik alliert verksemd gjer også norske militære einingar betre i stand til å operere saman med andre. Dette har komme til nytte både på Balkan og i Afghanistan.

For å oppretthalde alliert deltaking på øvingar og trening er fleire militærleirar øyremerkte for formålet. Desse leirane har kapasitet til å ta imot styrkar av bataljonstorleik, noko som er vesentleg for våre viktigaste allierte. Dei andre leirane til forsvaret vert òg nytta i samband med alliert øving og trening.

6.4 Dei fellesfinansierte ressursprogramma

NATO-rådet godkjende i november 2001 årsrapporten for arbeidet med dei felles ressursprogramma i NATO. Rapporten gjev ei oversikt over dei hovudutfordringane som er knytte til ressursbehov på drifts- og investeringssida, og når det gjeld militærbudsjettet og investeringsprogrammet for tryggleik. Hovudutfordringa på ressurssida er eit stadig aukande misforhold mellom NATO sine oppgåver og dei ressursane nasjonane stiller til disposisjon. På kort sikt er situasjonen tilfredsstillande, men på lengre sikt er det forventa at ressursbehova aukar som følgje av planlagde investeringar. Mellom anna er det planlagt investeringar i eit felles luftforsvarssystem og nye kommunikasjons- og informasjonssystem. I tillegg er det innafor ressursprogramma identifisert ei rekkje DCI-relaterte kapasitetar som ein forventar vil få høg prioritet. Noreg har ved ei rekkje høve teke til orde for ein moderat auke av ressursprogramma. I motsett fall vil ein bli tvinga til enten å auke ressursrammene i eit monaleg omfang, eller oppleve eit aukande misforhold mellom Alliansen sine mål og midlar.

6.5 Forsvarsmateriellsamarbeidet

Det er brei semje om at Alliansen sine behov skal stå i sentrum for forsvarsmateriellsamarbeidet i NATO. Samarbeidet skal primært medverke til å oppfylle behov som er felles for fleire land, og som best kan løysast i eit samarbeid. Individuelle nasjonale ønske kjem dermed meir i bakgrunnen.

DCI er ei viktig rettesnor for materiellsamarbeidet i NATO, som organisatorisk finn stad under konferansen av nasjonale materielldirektørar ( Conference of National Armaments Directors - CNAD). CNAD har hovudansvaret for ei rekkje DCI-tiltak og er ein viktig bidragsytar i fleire andre land.

I 2001 blei det arbeidd vidare med dei nye prosedyrane for koordinering og informasjonsutveksling, som skal leggje til rette for etablering av samarbeidsprosjekt tidlegare i prosessen. Det framtidige materiell- og teknologisamarbeidet skal i aukande grad rettast inn mot å oppfylle Alliansen sine kollektive målsetjingar og behov. På bakgrunn av dei nye tryggingspolitiske utfordringane Alliansen står overfor, reknar CNAD DCI-arbeidet for å vere viktigare enn tidlegare.

Arbeidet med å skaffe Alliansen ein flyboren kapasitet for bakkeovervaking heldt fram i 2001. CNAD har gjeve viktig assistanse i samband med utgreiinga av ein framtidig alliert forsvarskapasitet mot langtrekkande ballistiske rakettar og missil.

Til forsida