St.meld. nr. 26 (2008-2009)

Om offentleg rettshjelp— Rett hjelp

Til innhaldsliste

9 Sakleg dekningsområde for offentleg rettshjelp

9.1 Innleiing

Etter dagens rettshjelpslov har ein krav på offentleg støtta rettshjelp innanfor visse saksområde som er av stor og velferdsmessig betydning for den enkelte ( prioritertesaker ). Nokre av dei er rekna som så viktige at rettshjelp blir gitt uavhengig av inntekts- og formuesforholdet til søkjaren ( ikkje-behovsprøvdesaker ). For dei andre sakene er rettshjelpa behovsprøvd , det betyr at rettshjelpa blir gitt når søkjaren har inntekt og formue under visse grenser.

Høyrer ikkje saka inn under dei prioriterte saksområda, har ein i utgangspunktet ikkje krav på å få dekt rettshjelpsutgiftene sine. Rettshjelpslova § 11 tredje ledd og § 16 tredje ledd er likevel ei unntaksføresegn som opner for fri rettshjelp dersom saka «objektivt sett berører søkeren i særlig sterk grad». I vurderinga skal det blant anna leggjast vekt på om saka har likskapstrekk med dei prioriterte saksområda, om saka har prinsipielle sider og om motparten er sterk, for eksempel det offentlege eller ein større organisasjon eller føretak.

Dagens saklege dekningsområde er kritisert frå fleire hald, blant anna av Advokatforeningen og frivillige rettshjelpsorganisasjonar. Det er hevda at det saklege dekningsområdet synest vilkårleg, at viktige sakstypar ikkje er omfatta og at regelverket som regulerer dette er vanskeleg tilgjengeleg.

Som det går fram av kapittel 5 vil departementet vurdere om alle skal få tilbod om gratis førstelinjerådgiving der ein skal få hjelp innanfor alle saksfelt. I kapitlet her er vurdert behovet for utvidingar i dekningsområdet på stadiet etter førstelinjetenesta. Sentralt i vurderinga står prinsippet som følgjer av rettshjelpslova § 1 om at rettshjelpsordninga er ei sosial støtteordning. Nær samanheng med dette har vurderinga av rettshjelpsordninga som eit verkemiddel i kampen mot fattigdom, jf. blant anna Soria Moria-erklæringa, sjå nærare 8.2.3.

9.2 Det saklege dekningsområdet i dag

Tabell 9.1 og 9.2 gir uttrykk for det saklege dekningsområdet i dag.

Tabell 9.1 Sakstypar der det etter gjeldande rettshjelpslov blir innvilga fri rettshjelp (rettsråd eller sakførsel) utan økonomisk behovsprøving

SakstypeHeimel i rettshjelpslovaRettsrådSakførsel
Enkelte saker etter utlendingslova og statsborgarskapslova§ 11 første ledd nr. 1 § 16 første ledd nr. 4xx
Barnevernssaker som ikkje blir behandla av fylkesnemnda etter barnevernlova kapittel 7§ 11 første ledd nr. 2x
Saker om erstatning etter strafforfølging§ 11 første ledd nr. 3x
Valdsoffersaker, erstatningssaker mot gjerningsperson§ 11 første ledd nr. 4 § 16 første ledd  xx
Der søkjaren er vernepliktig i førstegongsteneste: Alle saker som nemnt i § 11 andre ledd, dvs. i alle saker der andre søkjarar har krav på fritt rettsrådetter behovsprøving , sjå tabell 9.2§ 11 første ledd nr. 5 § 16 første leddxx
Saker om kjønnslemlesting, valdtekt eller andre brotsverk som gir rett til å få oppnemnt bistandsadvokat etter straffeprosesslova § 107 a første ledd bokstav a og b, for å vurdere forhold av betydning for melding til politiet§ 11 første ledd nr. 6x
Til den som har vore utsett for tvangsekteskap eller forsøk på dette§ 11 første ledd nr. 7 § 16 første leddxx
Militærnektarsaker etter lov 19. mars 1965 nr. 3 om fritaking for militærteneste av overtydingsgrunnar§ 16 første ledd nr. 1x
Saker om rettsleg overprøving av administrative vedtak om bruk av tvang i helse- og sosialsektoren§ 16 første ledd nr. 2x
Søksmål som er tilrådd av Sivilombodsmannen§ 16 første ledd nr. 3x
Til den som er kravd umyndiggjort eller som krev verjemål oppheva etter umyndiggjeringslova§ 16 første ledd nr. 5x
Til barn som får oppnemnt advokat av retten i barne­fordelingssaker, jf. barnelova § 61 første ledd nr. 5§ 16 første ledd nr. 6x
Saker for fylkesnemnda i medhald av sosialtenestelova§ 17 tredje ledd nr. 1x
Barnevernssaker som blir behandla av fylkesnemnda etter barnevernlova kap. 7§ 17 tredje ledd nr. 2x
Saker for kontrollkommisjonen i medhald av lov om psykisk helsevern§ 17 tredje ledd nr. 3x
Saker for smittevernnemnda i medhald av smittevernlova§ 17 tredje ledd nr. 4x

Tabell 9.2 Saksområde som etter rettshjelpslova i dag gir rett til fri rettshjelp dersom søkjaren si inntekt og formue ikkje overstig fastsette grenser (behovsprøvde saker)

SakstypeHeimel i rettshjelpslovaRettsrådSakførsel
Saker vedrørande barnefordeling, saker vedrørande ­felleseigeskifte og andre saker etter ekteskapslova§ 11 andre ledd nr. 1 § 16 andre leddxx
Saker etter husstandsfellesskapslova om rett til felles ­bustad og innbu når husstandsfellesskap tek slutt§ 11 andre ledd nr. 2 § 16 andre leddxx
Sak om erstatning for personskade eller tap av forsytar§ 11 andre ledd nr. 3 § 16 andre leddxx
Saker om oppseiing eller utkasting frå leigebustad§ 11 andre ledd nr. 4 § 16 andre leddxx
Saker om usakleg oppseiing av arbeidsforhold§ 11 andre ledd nr. 5 § 16 andre leddxx
Søknad eller klage i sak om valdsoffererstatning§ 11 andre ledd nr. 6x
Klager over vedtak om trygd§ 11 andre ledd nr. 7x
Saker for Den europeiske menneskerettsdomstolen§ 12 første ledd nr. 1x
Barnebortføringssaker til utlandet§ 12 første ledd nr. 2x
Anke til Trygderetten§ 17 første leddx

9.3 Det saklege dekningsområdet i ny rettshjelpsordning

9.3.1 Utgangspunkt

I Finland-rapporten er det tilrådd at Noreg opnar for eit universelt sakleg dekningsområde. Med referanse til mengda saker i Finland på dei områda som er uprioriterte i Noreg, er det nemnt at dette neppe vil medføre behov for ein stor ressursauke. Vidare er det vist til at prioriteringane som blir gjort i den norske rettshjelpsordninga fører til forskjellsbehandling av likeverdige rettshjelpsbehov. Ein søkjar bør få vurdert saka si uavhengig av rettsområde, men bør ikkje ha krav på å få den ført for retten dersom saka er håplaus. I rapporten er det uttalt at utvalet av saker der det blir ytt offentleg rettshjelp bør baserast på den velferdsbetydninga saka har for klienten, det sannsynlege utbyttet av rettshjelpa og kor stor ressursinnsats som er nødvendig. 1

Som det går fram av kapittel 5 vil departementet vurdere å leggje til rette for at det blir innført ei gratis førstelinjeteneste med universelt dekningsområde. Dette tilbodet vil etter departementet sitt syn langt på veg syte for den likebehandlinga av rettshjelpsbehov som er etterlyst i Finland-rapporten.

Ved rettshjelp ut over førstegongskonsultasjonen er det etter departementet si vurdering nødvendig å konsentrere det offentlige si dekning av rettshjelpsutgiftene om eit utval av sakstypar. Kostnadskonsekvensane av eit eventuelt universelt dekningsområde ut over førstelinja er vanskelege å vurdere. Departementet meiner ei slik ordning vil kunne medføre ein betydeleg auke i rettshjelpsbudsjettet som verken vil vere forsvarleg bruk av offentlege ressursar eller i tråd med prinsippet om at rettshjelpsordninga bør konsentrerast til saker av stor velferdsbetydning for den enkelte. Retten til offentleg dekning av hjelpa bør derfor framleis knytast til utvalte sakstypar. I ei ny rettshjelpsordning bør det likevel gjerast endringar og ei utviding av saksområda som er omfatta. I vurderinga av nye saksområde bør ein særleg ta omsyn til prinsippet om at rettshjelpsordninga skal vere ei sosial støtteordning, og til rettshjelpsordninga si rolle i kampen mot fattigdom, jf. 8.2.3.

Departementet vil på denne bakgrunn vurdere endringar og utvidingar i det saklege dekningsområdet.

Departementet meiner at hjelpa i dei nye sakstypane som blir vurderte innført bør gjerast behovsprøvde.

Den saklege avgrensinga av dekningsområdet bør ikkje vere absolutt. I særlege tilfelle bør det framleis vere høve til å innvilge rettshjelp etter ei skjønnsmessig vurdering også i andre sakstypar. Dette er ein viktig tryggleiksventil i enkeltsaker. I tillegg får rettshjelpsstyresmaktene gjennom søknader om rettshjelp på dette grunnlaget informasjon om viktige område som rettshjelpslovgivinga ikkje fangar opp, og om nye behov som oppstår på ulike saksområde. Dette styrkjer styresmaktene sitt høve til å føre ein dynamisk fattigdoms- og rettshjelpspolitikk.

9.3.2 Skiljet mellom behovsprøvde og ikkje-behovsprøvde saker

Rettshjelpslova listar opp alle sakstypar der søkjaren kan ha krav på rettshjelp, både dei behovsprøvde og dei ikkje-behovsprøvde. Dermed er informasjonen samla på ein stad. Samstundes gjer den omfattande opplistinga saman med skiljet mellom behovsprøvde og ikkje-behovsprøvde saker at lova blir detaljert og uoversiktleg.

I dei sakstypane der rettshjelp blir innvilga uavhengig av inntekt og formue (ikkje-behovsprøvde saker) er retten til rettshjelp dels heimla i rettshjelpslova, dels i særlovgivinga. Dette gjeld for eksempel i saker om avslag på asylsøknad, jf. rettshjelpslova § 11 første ledd nr. 1 og utlendingslova § 42 og i saker for kontrollkommisjonen, jf. rettshjelpslova § 17 tredje ledd nr. 3 og psykisk helsevernlova § 1-7 siste ledd.

Dei endringane som er vurderte i denne meldinga gjeld dei behovsprøvde sakene. Departementet meiner ei løysing der retten til rettshjelp betalt av det offentlege i dei ikkje-behovsprøvde sakene berre blir fastsett i den lovgivinga som heimlar inngrepa, bør utgreiast nærare i samarbeid med dei aktuelle departementa. Det vil innebere ei betydeleg forenkling om rettshjelpslova blir reindyrka som ei lov for regulering av sakstypar der rettshjelp skal innvilgast etter behovsprøving; det vil seie for saker der grunngivinga for offentleg støtta rettshjelp er rettshjelpa sin funksjon som sosial støtteordning. Departementet meiner at dette vil føre til at rettshjelpslovgivinga blir meir tilgjengeleg for brukarane. Innfallsporten for partane til saker der dei har krav på rettshjelp utan behovsprøving er uansett særlovgivinga og ikkje rettshjelpslova. Advokatar som blir tildelte eller tek på seg oppdrag i slike saker, må ventast å kjenne lovgivinga på området.

9.3.3 Nye saksområde

I samband med utarbeiding av DIFI-rapporten vart det gjort ei spørjeundersøking blant offentlege og private aktørar om rådgivings- og konfliktløysingstilbod i dag fungerte like godt på alle felt. Tilbakemeldinga gav klart uttrykk for eit forbetringspotensial. Det vart særleg vist til at enkelte saksområde ikkje er dekte godt nok, at den generelle vegleiings- og opplysningsplikta ikkje fungerer godt nok og at enkelte særleg ressurssvake grupper ikkje blir godt nok tekne vare på.

DIFI-rapporten viser for eksempel til at typiske forvaltningssaker ikkje er dekte av rådgivings- og konfliktløysingstilbodet. I tilfelle der den generelle informasjons- og rettleiingsplikta ikkje strekkjer til (anten fordi den ikkje fungerer som den skal, eller fordi saka er særleg komplisert) finst det i dag ikkje noko godt rådgivingsalternativ for publikum. Det er likevel vanskeleg å anslå nærare i kva grad eit rettshjelpsbehov i forvaltningssaker skuldast svikt i den generelle informasjons- og rettleiingsplikta eller om behovet kan knytast til at sakene er vanskelege. Rapporten gir vidare uttrykk for at respondentane på spørjeundersøkinga meinte at det var viktigare å prioritere ei utviding av det saklege dekningsområdet framfor å heve inntektsgrensa.

9.3.3.1 Gjeldssaker

I gjeldsordningssaker gjeld eigne reglar om offentleg hjelp, under dette juridisk hjelp, etter gjeldsordningslova. I enkelte saker som fell utanfor lova, eller der den hjelpa lova føreskriv viser seg å ikkje vere tilstrekkeleg, kan gode grunnar tale for å utvide dekningsområdet. Tvist om eksistens av og storleik på kravet, inndriving mv. kan i nokre tilfelle ha stor velferdsbetydning for vedkommande og medføre behov for juridisk hjelp. For eksempel var 10 prosent av førespurnadene til Oslo kommune Fri Rettshjelp i 2006 saker om gjeld, gjeldsordning og inkasso. Gjeldssaker er uprioriterte i rettshjelpslova, men er registrerte som eigen sakstype i dei tilgjengelege statistikkane. I 2007 innvilga fylkesmennene rettsråd i ca. 45 gjeldssaker.

Tala frå Oslo kommune Fri Rettshjelp og fylkesmennene viser at det er eit behov for juridisk hjelp i desse sakene. Ein går ut frå at førstelinjetenesta vil kunne dekkje den nødvendige hjelpa i mange av sakene, særleg der det er snakk om små krav. Departementet tilrår at ordninga blir vurdert utvida til å omfatte denne sakstypen. Det bør vurderast om det i likskap med Sverige skal setjast ei nedre beløpsgrense.

9.3.3.2 Saker om helse- og sosialrett

Sakstypen omfattar blant anna klage på vedtak om avslag på sosialhjelp, stønad til livsopphald og bustad. Gatejuristen i Oslo har overfor departementet framheva betydninga av å utvide dekningsområdet til å omfatte helse- og sosialrettssakene, og har vist til at det er eit behov for auka hjelp for særleg ressurssvake grupper på dette området. Det blir da vist særleg til at tenestene er dårleg koordinerte og at klientane ikkje alltid klarer å presentere saka si godt nok til at dei får oppfylt rettane sine. Fylkesmennene innvilga fritt rettsråd i ca. 50 sosialsaker i 2007.

Ei utviding av rettshjelpsordninga til å omfatte helse- og sosialsaker vil innebere ei betydeleg utviding av forvaltningssaker som fell inn under ordninga. Det er viktig at ei slik utviding ikkje undergrev den offentlege informasjons- og rettleiingsplikta. Utvidinga bør gjelde hjelp på klagestadiet – ettersom det er vanskeleg å bedømme kvaliteten av den offentlege rettleiings- og opplysningsplikta før saka er behandla i første instans. Departementet meiner at det bør gjelde same system som blir drøfta for trygdesaker i 9.3.3.3, slik at det kan givast hjelp til å vurdere om det skal innleverast ei klage, forutan eventuell hjelp til å utarbeide sjølve klaga. Truleg vil førstelinjetenesta kunne dekkje den nødvendige hjelpa i mange av sakene.

Departementet tilrår at ordninga blir vurdert utvida til å omfatte denne sakstypen i det omfanget som nemnt over.

9.3.3.3 Trygdesaker

Etter gjeldande regelverk blir det i trygdesaker gitt hjelp etter rettshjelpslova berre i samband med klage over vedtak. I rundskriv G-12/05 er dette presisert slik at «søker [må] være part i klagesak». Det er i denne samanhengen vist til at trygdestyresmaktene har både rettleiings- og opplysningsplikt. Ein advokat som hjelper ein klient som ønskjer å påklage eit vedtak, får ikkje honorert hjelpa si før vedkommande faktisk har levert klage – slik at klienten oppnår partsstatus. Dette gjeld òg i dei tilfella der advokaten ser at klaga ikkje vil føre fram.

Fylkesmennene innvilga fri rettshjelp i ca. 90 uprioriterte trygdesaker i 2007.

På bakgrunn av tilbakemeldingar frå fylkesmennene har Statens sivilrettsforvaltning hevda at vilkåret om at saka må gjelde klage, samanhalde med tilvisinga i rundskrivet på at søkjaren må vere «part» i klagesak, kan medverke til at unødig mange klager blir fremja for trygdestyresmaktene. Etter departementet sitt syn taler dette for å utvide ordninga slik at det er mogleg å få dekt utgifter til arbeidet med å vurdere om det skal klagast.

Ei utviding vil kunne medverke til at konfliktar blir løyste på eit tidlegare stadium ved at det blir fremja færre unødvendige klager. Vidare vil mange av desse sakene truleg kunne løysast i førstelinjetenesta.

Departementet tilrår at rettshjelpsordninga blir vurdert utvida til òg å omfatte hjelp til å vurdere om det skal leverast klage i trygdesak.

9.3.3.4 Arbeidsforhold

Det er òg blitt hevda at det er behov for å utvide dekningsområdet når det gjeld saker som er knytte til arbeidsforhold, men som i dag fell utanfor rettshjelpsordninga. Det kan dreie seg om krav på lønn og eksistens av arbeidsforhold, underslått skatt eller misbruk av arbeidstakar sitt skattekort. Fylkesmennene innvilga fri rettshjelp i ca. 85 uprioriterte saker om arbeidsforhold i 2007. Dette tyder på at det finst eit udekt rettshjelpsbehov på saksområdet. Mange av desse sakene vil kunne løysast i førstelinjetenesta.

Departementet tilrår at det blir vurdert å utvide rettshjelpsordninga til å omfatte fleire sakstypar innenfor arbeidsretten. Aktuelle sakstypar kan blant anna vere saker om krav på lønn og feriepengar, og andre saker som må seiast å ha stor velferdsbetydning for søkjaren.

9.3.3.5 Forbrukarspørsmål

Forbrukarspørsmål er blant dei områda som ikkje er omfatta av rettshjelpslova i dag. Det er etablert ei rekkje gratis tvisteløysingstilbod i forbrukarsektoren. Forbrukarrådet har likevel gitt uttrykk for at det er behov for å utvide dekningsområdet til å omfatte enkelte forbrukarsaker. Det er særleg blitt framheva behov for hjelp i saker til partar som får medhald i Forbrukartvistutvalet, men der motparten bringer saka inn for domstolen for å unngå at vedtaket blir bindande. Forbrukaren vil då ha valet mellom å gå vidare og risikere å tape saka og bli idømt sakskostnader, eller gi opp kravet sitt og eventuelt i tillegg måtte betale motparten tilkomne omkostningar. For forbrukarar som har nytta eit tilbod om gratis klagebehandling, nettopp fordi dei ikkje ønskjer ein dyr prosess, vil det å bli stilt overfor eit slikt val kunne opplevast som urimeleg. Mange frykter domstolsbehandling på grunn av uvisse med omsyn til kostnader, i tillegg til at kravet kanskje heller ikkje er det aller største. Forbrukarrådet har opplyst overfor departementet at ein har sett at enkelte næringsdrivande synest å ha vore freista til å spekulere i dette, ved å bringe saka inn for retten i håp om å skremme forbrukaren frå å gå vidare.

Desse sakene fell utanfor kjerneområdet til rettshjelpsordninga. Omsyn til kva som er rimeleg taler likevel for å utvide ordninga til å gjelde desse sakene. Departementet vil vurdere om ordninga bør utvidast til å dekkje saker der motparten bringer avgjerder frå Forbrukartvistutvalet inn for domstolen for å unngå at vedtaket skal bli bindande. Dette vil styrkje overhaldinga av utvalet sine avgjerder. Det er grunn til å tru at det vil komme til å dreie seg om eit avgrensa tal saker, og at talet vil bli redusert gradvis som følgje av at posisjonen til den private parten blir styrkt.

9.3.3.6 Gruppesøksmål

Tvistemålsutvalet tok i NOU 2001: 32 side 491 til orde for at reglane for fri sakførsel blir tilpassa gruppesøksmåla. Sidan det ikkje alltid vil vere ein sterk organisasjon eller foreining som reiser eit gruppesøksmål for dei som ikkje har individuelle krav som kan føre fram til prosess, meinte utvalet at det må opnast for fri sakførsel utan omsyn til inntektsgrenser, og at rettshjelpsordninga i desse tilfella òg må kunne dekkje motparten sine kostnader. Forbrukarrådet har seinare teke opp att dette forslaget overfor Justisdepartementet. I Ot.prp. nr. 51 (2004-2005) Om lov om mekling og rettergang i sivile tvister (tvistelova) uttalte departementet at prioriteringa av tiltaket måtte haldast opp mot andre aktuelle rettshjelpstiltak.

Sakstypane i gruppesøksmål vil ofte liggje utanfor kjerneområdet til gjeldande rettshjelpsmodell, og ei utviding på dette området vil ikkje samsvare med prinsippet om at rettshjelpsordninga er ei sosial støtteordning.

Etter departementet sitt syn bør ei utviding av dekningsområdet for gruppesøksmål ikkje prioriterast. Dispensasjonsreglane bør likevel utformast på ein slik måte at dei ikkje utgjer ein absolutt skranke mot å innvilge rettshjelp i gruppesøksmål, og det bør vurderast om søksmålet er av stor prinsipiell betydning, omfattar større grupper eller grupper med særlege behov.

9.3.3.7 Barnebortføring

Barnebortføringssaker frå utlandet til Noreg

Det er ingen føresegner i rettshjelpslova som særskilt regulerer rettshjelp i barnebortføringssaker som blir behandla for norske domstolar. Det kan likevel givast fri rettshjelp etter ei økonomisk behovsprøving og ei konkret vurdering av kva som er rimeleg, jf. rettshjelpslova § 16 tredje og femte ledd.

Det er svært få barnebortføringssaker til Noreg i løpet av eit år. Alle aktørar som handterer ei barnebortføringssak (advokatar, domstolar, politi, barnevern mv.) pliktar etter Haagkonvensjonen å prioritere saka og utføre ei raskast mogleg saksbehandling.

For å effektivisere saksbehandlinga og fremje ein raskare retur av ulovleg bortførte barn, vil departementet vurdere om begge partar i ei barnebortføringssak for norsk domstol bør få oppnemnt advokat og få innvilga rettshjelp så langt det blir vurdert som rimeleg og nødvendig, samtidig som saka blir send over til domstolen til behandling. Dette vil vere eit viktig tiltak for at Noreg skal kunne oppfylle konvensjonsforpliktingane sine om raskast mogleg tilbakeføring av ulovleg bortførte barn.

Barnebortføringssaker frå Noreg til utlandet

Av rettshjelpslova § 12 første jf. fjerde ledd går det fram at det kan givast fritt rettsråd til den som har fått barnet sitt ulovleg bortført frå Noreg, jf. Haagkonvensjonen artikkel 3, dersom søkjaren oppfyller dei økonomiske vilkåra for fri rettshjelp og det ikkje er urimeleg at det offentlege betaler for hjelpa. Det er likevel ein føresetnad at det først blir søkt om fri rettshjelp i det landet barnet er bortført til, jf. rettshjelpslova § 5. Denne føresegna relaterer seg til utgiftene til advokat på staden i utlandet. Utgifter til norsk advokat kan etter tilhøva dekkjast etter rettshjelpslova § 11 tredje ledd. Det er ingen føresegner om rettshjelp i bortføringssaker til land som ikkje er tilslutta Haagkonvensjonen.

Konvensjonssaker

Departementet erfarer at foreldre som har fått barna sine bortførte til utlandet, ofte brukar lang tid når dei på eiga hand skal gjere klar ein søknad om tilbakelevering av barna til Noreg etter Haagkonvensjonens reglar. For å effektivisere saksbehandlinga og sikre at føremålet om rask retur av ulovleg bortførte barn blir oppfylt, vil departementet vurdere å leggje til rette for at det blir innvilga rettshjelp i samband med søknadsprosessen. Nødvendige omsetjingsutgifter vil då òg bli dekte gjennom rettshjelpsordninga, i medhald av rettshjelpslova § 14 andre ledd.

I ein del saker vil det vere behov for norsk advokat i tillegg til utanlandsk advokat på staden, og det vil ofte òg vere behov for å reise til utlandet for å følgje opp saka. Fylkesmannen fører i dag ein forholdsvis liberal praksis med omsyn til å innvilge fri rettshjelp i slike saker når det blir sett som nødvendig. Det kan likevel vere behov for ei klargjering og presisering av denne praksisen i eit nytt regelverk, slik at ordninga blir utvida til å omfatte enkelte kostnader som i dag ikkje er omfatta, for eksempel heimtransport av barn i særlege tilfelle.

Ikkje-konvensjonssaker

Ved bortføringar til land som ikkje er tilslutta Haagkonvensjonen, vil interne reglar i dei ulike landa vere avgjerande for korleis sakene blir handterte. Som regel vil det ikkje liggje føre juridiske instrument eller bilaterale avtaler som kan medverke til ei rask og effektiv løysing. Også i desse sakene fører fylkesmannen ein liberal praksis med omsyn til å innvilge fri rettshjelp når det blir sett som nødvendig. Departementet meiner det her òg kan vere behov for klargjering og presisering av regelverket og ei utviding slik at også andre utgifter kan omfattast.

9.3.3.8 Rettshjelp for bestemte grupper

Det har blitt reist spørsmål om å utvide rettshjelpa for bestemte grupper. Dette gjeld for eksempel funksjonshemma, diskriminerte, rusmisbrukarar og asylantar. Førstelinjetenesta med eit universelt dekningsområde vil kunne tilby rettshjelp til grupper med særlege behov. Ut over dette tilbodet tilrår ikkje departementet at det blir etablert særlege rettar for bestemte personkretsar.

Departementet vil likevel vurdere om det bør innvilgast rettshjelp til den private parten i saker der søksmål er tilrådd av Likestillings- og diskrimineringsombodet, tilsvarande ordninga som gjeld ved søksmål tilrådd av Sivilombodsmannen. Å få prøvd fleire diskrimineringssaker for retten kan medverke til ei meir effektiv handheving av regelverket. Rettshjelp i saker der søksmål er tilrådd av Sivilombodsmannen blir etter gjeldande regelverk gitt uavhengig av søkjaren sitt inntekts- og formuesforhold. Departementet meiner det bør vurderast nærare om rettshjelp i saker der søksmål er tilrådd anten av Likestillings- og diskrimineringsombodet eller av Sivilombodsmannen skal givast etter behovsprøving eller ikkje. Likestillings- og diskrimineringssaker vil òg kunne vere eit viktig område for førstelinjetenesta, som kan vise vidare til Likestillings- og diskrimineringsombodet der det er behov for det, og medverke til at saka blir godt opplyst.

9.3.3.9 Særskilte rettshjelpstiltak

For å tilgodesjå utsette grupper i befolkninga, blir det gitt tilskot til særskilte rettshjelpstiltak og til interesse- og andre organisasjonar som yter rettshjelp. Sjå nærare omtale i 1.3.2. Løyvinga vart styrkt både i 2007 og 2008. Departementet ønskjer at ordninga med tilskot til særskilte rettshjelpstiltak blir ført vidare. Regjeringa meiner det er viktig å ha ein budsjettpost som er fleksibel og dynamisk og som kan medverke til å fange opp rettshjelpsbehov for særskilte grupper på ein meir direkte måte enn tilboda etter rettshjelpslova. Sjølv om førstelinjetenesta i noko grad vil kunne overlappe tilboda som blir gitt av for eksempel studentar sine rettshjelpstiltak, vil enkelte grupper med særskilte problem vere vanskelege å nå utan meir tilpassa løysingar. For å nå flest mogleg meiner departementet derfor at det er viktig å halde oppe tilskota til studentar sine rettshjelpstiltak og andre lågterskeltilbod som Gatejuristprosjekta, advokatvakt ved krisesentre og Dixisentre mv. ved sida av førstelinjetenesta.

Støtta som er gitt til lågterskeltilboda er viktig òg som tiltak i kampen mot fattigdom.

Eit prinsipielt spørsmål som departementet meiner det er rett å avklare, er kva organisasjonar som bør få støtte. Mange organisasjonar som mottek driftsstøtte frå andre departement søkjer òg om tilskot frå Justisdepartementet for å gi rettshjelp til si målgruppe. Det ligg ofte i mandatet til organisasjonane å yte rådgiving og rettleiing til målgruppa. Departementet meiner det i utgangspunktet ikkje bør givast ytterlegare midlar til å drive rettshjelp til organisasjonar som allereie mottek driftsstøtte som blant anna er meint å dekkje rådgiving og rettleiing.

9.3.3.10 Forvaltningssaker generelt

Det har vore hevda at mange har behov for råd og hjelp vis-à-vis forvaltninga. I mange tilfelle knyter hjelpebehovet seg til behovet for å få dei faktiske sidene i saka betre opplyst. Departementet vil vurdere ei utviding på enkelte forvaltningsområde, sjå 9.3.3.2 og 9.3.3.3 ovanfor om saker innanfor helse- og sosialrett og trygdesaker. Ut frå synspunktet om at rettshjelpsordninga skal vere subsidiær i høve til det offentlege si informasjons- og rettleiingsplikt, bør rettshjelpsordninga ikkje utvidast ytterlegare på dette området. Mange slike saker vil dessutan kunne løysast gjennom førstelinjetenesta.

Elles viser departementet til at dersom eit forvaltningsvedtak er påklaga, og klagaren har fått medhald i klagen, skal vedkommande etter forvaltningslova § 36 få dekt utgiftene sine i samband med klagesaka når utgiftene er vesentlege og nødvendige. Advokatutgifter vil som oftast bli sett på som vesentlege. I forvaltninga er det som regel minst éin klageinstans. Rettshjelpsordninga er subsidiær i høve til forvaltninga si erstatningsplikt etter forvaltningslova § 36, og departementet meiner at dette prinsippet bør førast vidare.

9.3.4 Endring i gjeldande ordning for skiftesaker

Befolkninga sitt behov for rettshjelp er ikkje statisk, og det er viktig og nødvendig med jamne mellomrom å gjennomgå rettshjelpsordninga med tanke på om enkelte sakstypar bør gå ut for å gi plass til andre sakstypar der behovet er større.

Saker som gjeld felleseigeskifte og økonomisk oppgjer mellom sambuarar er i dag prioriterte saker etter føresegnene i rettshjelpslova § 11 andre ledd nr. 1 og 2 og rettshjelpslova § 16 andre ledd. Samfunnet har utvikla seg slik at privatpersonar eig stadig meir, og det kan spørjast om det er rett at det offentlege skal dekkje utgiftene til juridisk hjelp i konfliktar mellom privatpersonar som ikkje blir samde om fordelinga av eigedelane sine.

Mange av desse sakene gjeld likevel retten til det som har vore felles bustad for partane, og har derfor stor velferdsbetydning for den enkelte. Departementet vil vurdere om retten til offentleg dekt rettshjelp på rettsråds- og sakførselsstadiet i desse sakene bør avgrensast til å gjelde saker om retten til felles bustad og der partane har felles barn under 18 år.

Fotnotar

1.

Finland-rapporten punkt 9.2.

Til forsida