St.meld. nr. 27 (2002-2003)

Om Noregs deltaking i den 57. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 56. generalforsamling

Til innhaldsliste

1 Samandrag

1.1 Allment

I dei årlege stortingsmeldingane frå Regjeringa om Noregs deltaking på generalforsamlingane til Dei sameinte nasjonane har ein dei siste åra lagt vinn på å få fram det som er politisk viktig og korta ned det meir detaljerte faktuelle materialet. Medan St.meld. nr. 48 (1990-1991) om den 45. generalforsamlinga var på 299 sider, var fjorårsmeldinga, St.meld. nr. 20 (2001-2002), såleis nede på 55 sider. I denne meldinga har ein vidareført ei slik tilnærming ved å gjere meldinga så aktuell og framtidsretta som råd.

Den 57. ordinære generalforsamlinga til Dei sameinte nasjonane vart farga av Irak-spørsmålet, men hadde likevel eit meir ordinært preg enn dei to føregåande. Tusenårsforsamlinga i 2000 stod i ei særstilling, og den 56. generalforsamlinga vart sterkt prega av terroråtaket på USA 11. september 2001.

Irak var hovudsaka i tala som president Bush heldt til Generalforsamlinga 12. september. Bush gav uttrykk for at FN no måtte setje makt bak kravet om avvæpning av Irak med omsyn til masseøydeleggingsvåpen. Berre full avvæpning og full etterleving av resolusjonane til Tryggingsrådet kunne aksepterast. Om ikkje FN tok dette ansvaret, risikerte verdsorganisasjonen å verte irrelevant.

I reaksjonane på tala til Bush var dei fleste positive til at USA framleis var budd på å nytte FN-sporet når det gjaldt Irak. Merksemda flytta seg etter dette over til Tryggingsrådet og dei intense og vanskelege forhandlingane som munna ut i tryggingsrådsresolusjon 1441 i november 2002. Politisk sett kom Generalforsamlinga i stor mon i skuggen av desse forhandlingane i Tryggingsrådet og seinare oppfølginga av resolusjonen.

1.2 Generaldebatten

Representantar frå heile 188 land heldt innlegg i generaldebatten i byrjinga av generalforsamlinga. Av desse var 33 statsleiarar, 14 statsministrar og 110 utanriksministrar. I tillegg var den bilaterale og regionale møteverksemda som vanleg svært omfattande og understreka den særeigne rolla som Generalforsamlinga har som global politisk møteplass.

Irak-spørsmålet, kampen mot terrorisme og forsvar av multilateralismen var tema som gjekk att i generaldebatten. Generalsekretær Kofi Annan sette tonen med eit kraftig forsvar for multilateralismen sin plass i ei stadig meir globalisert verd. Han peikte på at berre FN har legitimitet til å vedta tiltak for å halde oppe internasjonal fred og tryggleik. Han oppmoda medlemslanda til å vere tolmodige og uthaldande og gjere full bruk av dei multilaterale institusjonane. Samstundes peikte han på at Tryggingsrådet måtte følgje opp ansvaret sitt.

Generalsekretæren trekte fram fire hovudtrugsmål mot internasjonal fred og tryggleik. Når det gjaldt Midtausten, understreka han mellom anna at visjonen om oppretting av ein palestinsk stat side om side med Israel måtte følgjast opp. Med omsyn til Irak la han stor vekt på at våpeninspektørane til FN måtte få uhindra tilgang. Om Afghanistan sa han mellom anna at regimet sin autoritet måtte styrkjast i heile landet, og at det internasjonale samfunnet måtte følgje opp lovnadene sine om støtte. Når det gjaldt Kashmir, oppmoda Generalsekretæren India og Pakistan til å ta tak i dei grunnleggjande årsakene til konflikten.

Statsminister Bondevik heldt det norske innlegget i generaldebatten og kom inn på mange av dei same hovudsakene som andre talarar. FNs sentrale plass i internasjonal politikk og mellomstatleg samarbeid var ein raud tråd i innlegget. Hovudtema elles var kampen mot terrorisme, Irak, Midtausten, Afghanistan, toppmøtet om berekraftig utvikling i Johannesburg, trongen for auka utviklingshjelp og Den internasjonale straffedomstolen. Innlegget ligg ved meldinga.

1.3 Den politiske dynamikken i Generalforsamlinga. NEPAD. Afghanistan

Utanom generaldebattane har det vore ei utfordring å løfte fram store og viktige politiske saker i dei ordinære generalforsamlingane. Dette er ein av grunnane til at ein det siste tiåret har hatt så mange spesialsesjonar, konferansar og toppmøte utanom sjølve generalforsamlingane.

Mot denne bakgrunnen var høgnivåmøtet om NEPAD (New Partnership for Africa's Development) ei positiv overrasking. Det samla ei rekkje afrikanske statsleiarar og vedtok ei politisk fråsegn om den nye utviklingsagendaen til Den afrikanske unionen (AU). Den etterfølgjande resolusjonen om NEPAD står fram som ein av dei viktigaste på den 57. generalforsamlinga. Resolusjonen balanserer på ein god måte ansvar og plikter mellom dei afrikanske landa og det internasjonale samfunnet.

Noreg var mellom dei ikkje-afrikanske landa som var inviterte til å halde innlegg på høgnivåmøtet. Utanriksminister Petersen uttrykte mellom anna von om at NEPAD vil medverke til å verkeleggjere det potensialet Afrika har, ved å konsolidere demokratiet, fremje fred og tryggleik og styrkje respekten for menneskerettane. Han gav uttrykk for at Noreg vil stø fredsbyggingsinitiativ og konfliktførebyggjande institusjonar i Afrika i tråd med planane til NEPAD.

Handsaminga av Afghanistan fanga òg politisk interesse ved å vere nyskapande. Det vart gjennomført eit eige toppmøte om Afghanistan under høgnivådelen av generalforsamlinga og i staden for ein tradisjonell debatt vart det halde ei høyring i plenum.

Det vert fleire slike høgnivåsegment på generalforsamlingane i åra framover, mellom anna eit til hausten (2003) om oppfølginga av spesialsesjonen om HIV/AIDS i 2001. Frå norsk side ser ein det som ei hovudutfordring å medverke til å skape politisk merksemd kring møtet. Ein vil mellom anna arbeide for eit best mogeleg opplegg for deltaking av frivillige organisasjonar. Slik deltaking av ikkje-statlege organisasjonar er alltid omstridd.

1.4 Nokre hovudsaker

FN-reform

Generalsekretæren sitt framlegg til nye reformtiltak var ei av dei store sakene på Generalforsamlinga. Hovudmålet med reformpakken er å setje FN betre i stand til å følgje opp Tusenårsfråsegna. Sentrale einskildelement er å styrke arbeidet med menneskerettane, å rasjonalisere arbeidet med konferansar og rapportar, å gjere budsjettprosessen meir målretta og mindre detaljfokusert, og å vidareføre arbeidet med å samordne FN-innsatsen på landnivå.

Frå norsk side gav ein sterk støtte til reformframlegga, og alle vestlege land gav uttrykk for allmenn støtte til reformpakken. Utviklingslanda (G-77) var noko meir atterhaldne, særleg når det gjaldt større budsjettfleksibilitet og styrking av menneskerettsarbeidet. Noko av bakgrunnen for dette er at FN-reformer i 1990-åra i stor mon vart einstydande med budsjettnedskjeringar. Utviklingslanda er særleg opptekne av at reformtiltaka ikkje skal gå ut over utviklingsinnsatsen til FN.

Sett under eitt fekk Generalsekretæren fullmakt til å setje i verk ei rekkje naudsynte reformtiltak, men dei viktigaste framlegga vart utsette. Mange vil i røynda verte avgjorde i Generalforsamlinga sin rådgjevande komité for administrative og finansielle spørsmål (ACABQ) og i budsjettkomiteen (5. komité). Frå norsk side ser ein det difor som viktig å følgje opp arbeidet der.

Hovudansvaret for å gjere arbeidet i Generalforsamlinga meir dynamisk og politisk relevant ligg likevel ikkje på Generalsekretæren, men på medlemslanda sjølve. Trass i einskilde lyspunkt (NEPAD, Afghanistan) trengst det meir og meir å reformere arbeidsmåten i Generalforsamlinga. FN-sekretariatet vert utan samordning pålagt å utarbeide så mange rapportar og utgreiingar at det går ut over både kvalitet og oppfølging. Dagsordenen vert meir og meir overlest fordi nye saker kjem til utan at gamle vert tekne bort. Det er stor grad av overlapping i resolusjonane og komitéarbeidet. Mange resolusjonar og debattar ber preg av nærast rituell repetisjon. Noreg vil framleis engasjere seg sterkt til støtte for reformer. Men ein må samstundes vere budd på at det vert vanskeleg sidan det mellom anna vil krevje at alle viser vilje til la eigne markeringssaker gå inn i breiare rammer og samanhengar.

I spørsmålet om reform av Tryggingsrådet var det heller ikkje på denne Generalforsamlinga teikn til framgang.

Oppfølging av FN-konferansane

Oppfølginga av FN-konferansane i Monterrey og Johannesburg var ei av dei store sakene på Generalforsamlinga og prega arbeidet i 2. komité. Det vart semje om å setje av to dagar på generalforsamlinga til hausten til ein høgnivådialog om oppfølginga av Monterrey-konferansen.

Noreg er mellom dei som meiner at ein no må vere svært atterhaldne med å arrangere fleire verdskonferansar og heller konsentrere seg om å gjennomføre vedtaka frå dei som har vore. Mange land er samde om at den eksisterande FN-strukturen (Generalforsamlinga, ECOSOC, kommisjonane) må utnyttast betre i oppfølginga av konferansane. Men dette aktualiserer samstundes spørsmålet om reformer. Det vart vedteke å oppnemne ei open arbeidsgruppe som skal leggje fram konkrete tilrådingar om oppfølginga av konferansar innan juni 2003. Spørsmålet vil difor komme opp att i Generalforsamlinga hausten 2003.

Forhandlingane om mange spørsmål som stod sentralt på toppmøtet om berekraftig utvikling i Johannesburg vart vanskelegare enn venta. Men resultatet gjev likevel eit godt grunnlag for aktiv oppfølging. I utviklingssamarbeidet vil ein frå norsk side satse målretta på dei såkalla WEHAB-områda (vatn, energi, helse, landbruk og biologisk mangfald). Generalsekretæren fekk i oppgåve å leggje fram ein rapport i 2003 med framlegg til opplegg for det framtidige arbeidet i Kommisjonen for berekraftig utvikling (CSD). Utviklingslanda fekk stadfest kravet sitt frå Johannesburg om at det trengst å innleie forhandlingar om eit internasjonalt regime for fordeling av føremonene ved utnyttinga av genetiske ressursar.

Andre miljø- og utviklingsspørsmål

Alle resolusjonar, med unnatak av resolusjonen om palestinarane sin råderett over naturressursane i dei okkuperte områda, vart vedtekne med konsensus. Nokre resolusjonar vart utsette, mellom anna to klimaresolusjonar og ein om alle land skal vere representerte i UNEP-styret eller ikkje.

Til liks med mange andre land arbeider Noreg for å rasjonalisere arbeidet i 2. komité òg. Freistnaden på å forhandle fram ein samla resolusjon om makroøkonomiske spørsmål førte ikkje fram. Frå norsk side la ein elles stor vekt på mellom anna gjeldsspørsmål.

Oppfølging av Tusenårserklæringa

Generalsekretæren innleidde debatten og summerte opp konklusjonane i den første årlege rapporten sin om status for gjennomføringa av Tusenårserklæringa. Han åtvara om at vi alt er i ferd med å komme på etterskot i oppfyllinga av Tusenårsmåla trass i framgang på nokre område og i nokre regionar.

Debatten gjekk over tre dagar, men vekte liten åtgaum. Det vart vedteke å ha ein femårsgjennomgang på høgt nivå på generalforsamlinga i 2005. Dette vert ein viktig milestein og eit mål på om ein i generalforsamlinga greier å halde oppfyllinga av tusenårsmåla høgt nok på den politiske dagsordenen. Noreg vil framleis engasjere seg sterkt i dette spørsmålet.

Terrorisme

Kampen mot internasjonal terrorisme var sterkt framme i generaldebatten, som kom like etter minnemarkeringar på årsdagen for terroråtaket på USA, men var elles ikkje ei sentral sak på Generalforsamlinga. Det er framleis Tryggingsrådet som er hovudarenaen til FN på dette området.

Det var heller ikkje på denne generalforsamlinga framgang i arbeidet i 6. komité med ein allmenn konvensjon om terrorisme og ein konvensjon mot kjernefysisk terrorisme. Utsiktene til framgang på generalforsamlinga hausten 2003 er heller ikkje lyse. I 3. komité vart det likevel vedteke ein resolusjon om menneskerettar i kampen mot terrorisme.

Juridiske spørsmål

Forhandlingane i 6. komité gjekk på denne generalforsamlinga òg føre seg i ein god og konstruktiv atmosfære. Alle resolusjonane vart vedtekne med konsensus. Med eitt unnatak vart det ikkje sett nye tema på dagsordenen til komiteen. Den internasjonale straffedomstolen (ICC) var eit viktig tema i komiteen etter at traktaten no har teke til å gjelde, og domstolen er oppretta i Haag.

Kloning var som venta den saka som fekk størst merksemd. Utfallet var dessverre ikkje eigna til å setje fart i arbeidet med framforhandling av ein konvensjon. Samstundes går den bioteknologiske utviklinga føre seg i høgt tempo.

Elles var resultata gode på område som er viktige for Noreg, til dømes fiskeri og havrett. Noreg var medframleggsstillar og premissleverandør for alle dei tre resolusjonane som vart vedtekne under dette dagsordenspunktet.

Menneskerettar

I lys av at den 58. sesjonen i FNs menneskerettskommisjon var svært vanskelig, var stemninga i 3. komité meir positiv enn ein kunne vente. Vedtakinga av tilleggsprotokollen til Torturkonvensjonen om inspeksjonsmekanismar i fengsel var ein av milesteinane på Generalforsamlinga. Noreg arbeidde svært aktivt for å få denne resolusjonen gjennom, både i ei lita venegruppe i New York og gjennom mange av utanriksstasjonane våre. Resolusjonen om vern av menneskerettar i kampen mot terrorisme fikk òg stor merksemd.

I debatten om urfolk understreka Noreg på vegner av dei nordiske landa at det trengst å opprette eit sekretariat i New York for det nye faste forumet for urfolksspørsmål, som vert leidd av Ole Henrik Magga. Dette fekk ein delvis gjennomslag for i budsjettkomiteen (5. komité), som og vil arbeide vidare med det til hausten.

Handsaminga av spørsmål knytte til rasisme var òg konstruktiv. Men mykje av resten av arbeidet i 3. komité var prega av store motsetningar, både mellom nord og sør, mellom vestlege og islamske land, og mellom USA og dei andre vestlege landa (dødsstraff, Barnekonvensjonen, Den internasjonale straffedomstolen). Det var rekordhøgt mange voteringar om dei ulike resolusjonane.

Nedrusting og tryggleik. Miner

Arbeidet og avrøystingane i 1. komité følgde tradisjonelle liner. Både dagsordenen og resolusjonane var prega av repetisjon. Motsetningane var noko sterkare enn året før då arbeidet var sterkt prega av terroråtaket på USA. Resolusjonsframlegget om multilateralisme frå Dei alliansefrie landa (NAM) avdekte reell usemje i høve til dei vestlege landa. Medan NAM la vekt på multilateralisme som kjerneprinsippet for nedrusting og ikkje-spreiing, såg dei vestlege landa òg verdi i bilaterale og andre tiltak.

Forhandlingane i plenum om resolusjonen om støtte til antipersonellminetiltak var meir kompliserte enn tidlegare. Frå norsk side gav ein uttrykk for misnøye med tendensen til de facto å utvide mandatet til FNs interne samordningsorgan for minetiltak (UNMAS) på kostnad av den nasjonale eigarskapen til minetiltak og dei frivillige organisasjonane si rolle, særleg når det gjeld gjennomføring. Noreg slutta seg til konsensus, men valde å gje røysteforklaring og var for første gong ikkje medframleggsstillar til resolusjonen.

Finansielle og administrative spørsmål

De fleste viktige sakene har ei budsjettmessig side og hamnar såleis i 5. komité. Dette gjeld ikkje minst viktige reformspørsmål. Frå norsk side legg ein difor stor vekt på arbeidet i denne komiteen.

Resultatet av arbeidet i 5. komité må kunne karakteriserast som godt. Noreg fekk gjennomslag for finansiering av tre stillingsheimlar til det nye urfolkssekretariatet. FN-tilsette fekk for første gong på lenge ein liten reallønsauke, og det vart vedteke å totalrenovere FN-hovudkvarteret. Røynslene frå arbeidet i komiteen syner at ein får størst gjennomslag ved å konsentrere seg om eit fåtal saker.

FNs finansielle situasjon har dei siste åra synt ei viss positiv utvikling. Ved utgangen av 2002 var likviditetssituasjonen på nytt akseptabel sett i høve til situasjonen for nokre år sidan. Medlemslanda hadde likevel ei gjeld til FN på USD 1,638 mrd. Av dette var USD 1,335 mrd. til FNs fredstryggjande operasjonar. FN skulda på si side USD 703,6 mill. i ubetalte refusjonar til troppebidragsytande land (mot USD 800 mill. året før).

Noreg deltok aktivt i handsaminga av rekneskapsrapportar frå FN-sekretariatet og rapportane frå Revisorrådet, FNs kontor for internt tilsyn (OIOS), FNs eksterne kontrollorgan og FNs inspektørgruppe (JIU).

1.5 Samarbeidet med andre land og grupper

Noreg legg stor vekt på eit breitt samarbeid med andre land og grupper i FN. Eit slikt samarbeid krevst for å halde seg oppdatert og få gjennomslag for norske prioriteringar. Gjennom medlemskapen i Tryggingsrådet har Noreg opparbeidd eit enno vidare samarbeidsnett i Dei sameinte nasjonane.

Det nordiske samarbeidet i FN fungerer framleis bra sjølv om EU-samordninga set grenser. Når det gjeld reform av Tryggingsrådet, er det kome fram skilnader mellom dei nordiske landa med omsyn til utviding av rådet. Frå norsk side samarbeider ein òg godt med EU, som er ein leiande aktør i Generalforsamlinga, og sluttar seg til EU sine innlegg etter vurdering frå sak til sak. Noreg legg òg stor vekt på samarbeidet med afrikanske og andre utviklingsland. Noreg tek aktivt del i JUSCANNZ (vestgruppa utanom EU) og samarbeider nært med mange einskilde land i denne gruppa.

Frå norsk side samarbeider ein nært med ei rekkje frivillige organisasjonar om FN-spørsmål og arbeider for å leggje til rette for at dei frivillige organisasjonane skal kunne delta i arbeidet til FN. Dei frivillige organisasjonane si rolle i FN er omdiskutert og kom opp på denne generalforsamlinga òg, særleg under handsaminga av spørsmål knytte til oppfølging av FNs verdskonferansar. Generalsekretæren har oppnemnt eit ekspertpanel under leiing av Fernando Cardoso, tidlegare president i Brasil, som skal gjennomgå det sivile samfunnet si deltaking i arbeidet til FN. Panelet tek sikte på å halde samråd på regionalt nivå, mellom anna med frivillige organisasjonar og parlamentarikarar. Panelet vil venteleg ha det første møtet sitt i mai eller juni 2003.

Til forsida