St.meld. nr. 27 (2002-2003)

Om Noregs deltaking i den 57. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 56. generalforsamling

Til innhaldsliste

5 Miljø- og utviklingsspørsmål (2. komité)

Aktiviteten i 2. komité vart på den 57. generalforsamlinga prega av at dei to store FN-konferansane i Monterrey og Johannesburg hadde funne stad berre nokre månader i førevegen.

5.1 Oppfølging av FN-konferansar

Ei av dei største sakene denne hausten vart da òg samordna oppfølging av FN-konferansar på dei økonomiske og sosiale felta. Ein kunne konstatere ein viss trøttleik med omsyn til store verdskonferansar, og dei fleste landa innser difor at ein bør semjast om oppfølgingsmekanismar der den eksisterande FN-strukturen (Generalforsamlinga, ECOSOC og underliggjande kommisjonar) vert utnytta betre. Det vart vedteke å oppnemne ei open arbeidsgruppe til å leggje fram konkrete tilrådingar om konferanseoppfølging. Gruppa skal sluttføre arbeidet sitt innan juni 2003.

Når det gjeld oppfølging av Monterrey-konferansen om finansiering for utvikling (FfD), vart det vedteke at Generalforsamlinga sin høgnivådialog (annakvart år) i utgangspunktet ikkje skal opnast for debatt om andre tema (til dømes WSSD). Det vart vidare vedteke å opprette ein ny sekretariatsstruktur for oppfølging av FfD med om lag 15 personar. Oppfølginga av Johannesburg-konferansen (WSSD) om berekraftig utvikling er nærare omtala i avsnittet om berekraftig utvikling nedanfor.

5.2 Økonomi- og utviklingsspørsmål

På det makroøkonomiske området var det i større grad mogeleg å dra fordel av at dei fleste spørsmåla hadde vorte handsama tidlegare innanfor rammene av toppmøtet om finansiering for utvikling (FfD) i Monterrey. Særleg frå EU og USA vart det uttrykt vonbrot over at ein ikkje fremja ein samla resolusjon om makroøkonomiske spørsmål. Det vart til slutt semje om at ei ferdigforhandla tekst skulle brukast på tvers av resolusjonane. Handsaminga av desse spørsmåla i Monterrey førte til at tekstene vart mykje kortare, og ein gjekk i dei fleste tilfelle attende til språk som det vart oppnådd semje om i Monterrey. Det var likevel ein tendens til omkamp om delar av Monterrey-teksta, og dette førte til at forhandlingane trekte i langdrag. Frå norsk side engasjerte ein seg som i tidlegare år i fyrste rekkje på resolusjonen om gjeldsproblema til utviklingslanda, og då spesifikt i spørsmålet om byrdefordeling i samband med finansiering av multilateral gjeldslette under det såkalla HIPC-initiativet.

5.3 Minst utvikla land og fattigdomsnedkjemping

Utviklingslanda sin iver etter å opprette nye fond for fattige land var eit av dei viktigaste trekka i 2. komité og vart hovudspørsmålet i handsaminga av Dei minst utvikla landa (MUL) og fattigdomsresolusjonen. Frå norsk side vart det peikt på at problemet ikkje er mangelen på særfond i FN, men manglande tilskot til fond og andre finansieringsmekanismar som alt finst. Elles gjekk Noreg saman med andre vestlege land inn for å styrkje aktuelle tekster på sentrale område som respekt for menneskerettane, godt styresett, kvinnerettar og tiltak for å fremje fred og tryggleik. Frå norsk side fekk ein gjennomslag for å få inn referansar i resolusjonen om fattigdom til det såkalla 20/20-initiativet og til kamp mot korrupsjon.

5.4 Operasjonelle aktivitetar

Under operasjonelle aktivitetar la G77 fram tre tekster: ei om sør-sør-samarbeid, ei om UNDPs «Human Development Report» og ei om gjevarkonferansane. Utfallet av forhandlingane var mindre vellukka enn året før sett frå vestlege lands synsstad. I resolusjonen om gjevarkonferansane arbeidde Noreg saman med andre vestlege land for at lovnader om tilskot skulle leggjast inn under det felles styremøtet for UNDP, UNFPA og UNICEF. G77 inntok motsett stilling, og ein enda difor med å utsetje gjennomgangen av gjevarkonferansane til den 59. generalforsamlinga.

Resolusjonen om UNDPs «Human Development Report» vart føremål for mange samråd, som var prega av at G77 og USA ønskte sterkare kontroll med utforminga av og innhaldet i rapporten. Noreg stod tilslutta EUs innlegg, som vart framført etter at resolusjonen var vedteken, der verdien av rapporten og av at rapporten er uavhengig, vart understreka.

5.5 Miljø og berekraftig utvikling

På dette området vart forhandlingane vanskelegare enn venta, særleg på område som stod sentralt på Johannesburg-toppmøtet om berekraftig utvikling (WSSD): mellom anna biologisk mangfald, bioteknologi, klima, berekraftig utvikling i små utviklingsøystatar (SIDS), ferskvatn, ørkenspreiing og styresettproblematikken. Frå norsk side såg ein det som viktig å hindre at forhandlingane vart ein omkamp på område der ein i Johannesburg hadde gjort framsteg, til dømes ferskvatn og sanitære forhold, biologisk mangfald, miljø- og helsefarlege kjemikal og berekraftig utvikling i små øystatar. Forhandlingane illustrerte òg at Johannesburg-toppmøtet på ei rekkje område var ein kamp for å hindre tilbakesteg i høve til utviklinga sidan Rio i 1992, ved at det ikkje var mogeleg å få konsensus om språk som tidlegare har vorte vedteke av Generalforsamlinga.

I oppfølginga av Johannesburg-toppmøtet vart Generalsekretæren beden om å leggje fram ein rapport tidleg i 2003 med konkrete framlegg til nærare reglar for det framtidige arbeidet i Kommisjonen for berekraftig utvikling (CSD). Utviklingslanda fekk stadfesta kravet sitt frå Johannesburg om at det trengst å innleie forhandlingar om eit internasjonalt regime for fordeling av fordelar ved utnytting av genetiske ressursar.

Trass i vanskar gjev resultata av forhandlingane på Generalforsamlinga Noreg eit godt grunnlag for ei aktiv oppfølging av Johannesburg-toppmøtet nasjonalt og internasjonalt. I utviklingssamarbeidet vil ein frå norsk side medverke til gjennomføringsplanen for toppmøtet ved målretta satsing på dei såkalla WEHAB-områda (vatn, energi, helse, landbruk og biologisk mangfald).

Ei rekkje saker, mellom anna spørsmålet om finansieringa av møteverksemda til miljøkonvensjonane skal skje over det regulære FN-budsjettet, og spørsmålet om universell medlemskap i UNEPs styre, vart utsette til høvesvis den 58. og 59. generalforsamlinga.

Til forsida