St.meld. nr. 27 (2002-2003)

Om Noregs deltaking i den 57. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 56. generalforsamling

Til innhaldsliste

7 4. Komité

7.1 Vest-Sahara

Trass i fundamental usemje om substansen i Vest-Sahara-spørsmålet vart Marokko og Algerie/Polisario samde om ein resolusjon om temaet i 4. komité, som vart vedteken utan avrøysting. Bakgrunnen for fleksibiliteten til partane overfor denne nøytrale resolusjonen er at begge fryktar at usemje i 4. komité kan forstyrre det arbeidet som Tryggingsrådet og Generalsekretærens spesialutsending, James Baker, freistar å gjere for å skape politisk framgang i spørsmålet. Resolusjonen er ein oppdatert versjon av fjorårsresolusjonen, og som vanleg legg partane vekt på ulike delar av resolusjonen.

7.2 Midtausten

Som i tidlegare år måtte Israel tole sterk kritikk i mange av dei nasjonale innlegga om FNs organisasjon for hjelp til palestinske flyktningar (UNRWA), og debatten var prega av det vanskelege tilhøvet mellom Israel på den eine sida og palestinarar og andre statar i regionen på den andre. Noreg heldt innlegg der ein gav uttrykk for støtte til UNRWAs arbeid i ein stadig meir kritisk humanitær, sosial og økonomisk situasjon for palestinarane, særleg flyktningane. Leiaren for UNRWA, Peter Hansen, sa i utgreiinga si at organisasjonen stod overfor den største utfordringa som organisasjonen nokon gong har hatt. Den humanitære situasjonen var alarmerande. I forhandlingane om resolusjonane under dette dagsordenspunktet freista palestinarane å mjuke opp språket for å få USA til å endre røystegjevinga si. Men dette lukkast ikkje, og resolusjonane vart vedtekne med same røystemønster som i tidlegare år, noko som innebar at Israel, USA, nokre små øystatar, Papua Ny-Guinea og Honduras anten røysta mot eller avstod.

Også i debatten om Israels praktisering av menneskerettane i dei okkuperte områda måtte Israel tole sterk kritikk i mange av dei nasjonale innlegga. Formannen i Spesialkomiteen for undersøking av israelsk praktisering av menneskerettane i dei okkuperte områda, ambassadør Mahendran frå Sri Lanka, sa mellom anna at menneskerettssituasjonen i dei okkuperte områda var mykje forverra sidan den førre generalforsamlinga som følgje av israelske militære aksjonar. Resolusjonane vart vedtekne med same røystemønster som i tidlegare år, noko som innebar at Israel, USA og tre mindre øystatar røysta mot, medan to andre øystatar avstod. Forhandlingane om resolusjonen om Israels menneskerettspraksis var problematisk, særleg med omsyn til ein referanse til Jenin. Ein kom likevel fram til eit kompromiss der ein unngjekk å rette peikefingeren mot Israel og utan å seie noko om terrorgruppene som hadde tilhald i flyktningleiren.

Både når det gjeld handsaminga av FNs organisasjon for hjelp til palestinske flyktningar (UNWRA) og når det gjeld handsaminga av israelsk praktisering av menneskerettane i dei okkuperte områda, vert debatten og resolusjonshandsaminga i 4. komité prega av oppattakingar. Palestinarane og dei arabiske landa vil hevde at resolusjonane som vert vedtekne år etter år med omtrent same ordlyd, er nyttige i kampen for rettane til det palestinske folket. Israel seier på si side at konfronterande debattar og resolusjonar er uttrykk for antiisraelske haldningar, og at 4. komité si handsaming av desse spørsmåla ikkje medverkar positivt til ei framtidig løysing av konflikten i Midtausten eller tilgrensande problemstillingar - som israelsk menneskerettspraksis eller spørsmålet om palestinske flyktningar. EUs danske formannskap gjorde i år heiderlege freistnader på å røre ved dei fastlåste posisjonane ved å leggje fram nye tekster, dessverre utan å lukkast. Dette viser kor vanskeleg det er å bringe fredsprosessen mellom Israel og Palestina over på eit meir produktivt spor både i FN og i Midtausten.

7.3 Fredstryggjande operasjonar

Leiaren for FNs avdeling for fredstryggjande operasjonar innleidde debatten og tok utgangspunkt i tidlegare tilrådingar frå FNs spesialkomité for fredstryggjande operasjonar og FN-rapporten frå 2000 om betre planlegging og gjennomføring av operasjonar (Brahimirapporten). Etter at det var gjennomført ein omfattande reform av FNs institusjonelle kapasitet for planlegging og gjennomføring av fredsoperasjonar, måtte fokus no rettast mot utfordringane i felten. Som særlege utfordringar for FN og medlemsstatane vart det mellom anna nemnt rask utplassering av styrkar når situasjonen krev det, styrking av Afrikas kapasitet til å medverke til operasjonar, auka satsing på demobilisering, avvæpning og reintegrering av tidlegare stridande (DDR - Disarmament, Demobilization and Reintegration) saman med reorganisering av væpna styrkar som ledd i fredsbygging etter konflikt. Det vart vidare peikt på at det trengst større medvit om samanhengen mellom utvikling av strategiar for å opprette godt styresett og styrkje rettsstaten, tryggingssektorreform (reform av væpna styrkar, politi og rettsstell) og styresmaktene si evne til å halde oppe ro og orden og sikre fred og stabilitet. Heile 46 land heldt innlegg og gav allmenn tilslutning til desse prioriteringane - som vil verte følgde opp mellom anna i Spesialkomiteen for fredstryggjande operasjonar, og som vil vere utgangspunkt for FNs vidare innsats når det gjeld fredsoperasjonar. Noreg stødde freistnaden på å fokusere det vidare arbeidet knytt til fredsoperasjonar og tok til orde for å bruke eit større spekter av verkemiddel for å byggje varig og berekraftig fred. Satsing på DDR og tryggingssektorreform, som òg omfattar utviklingsrelaterte element, vart framheva som særleg viktige ledd i arbeidet for berekraftig fred. Noreg har ei aktiv rolle i arbeidet med tryggingssektorreform og vil følgje opp dette engasjementet i FN.

Til forsida