St.meld. nr. 27 (2002-2003)

Om Noregs deltaking i den 57. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 56. generalforsamling

Til innhaldsliste

8 Administrative og budsjettære spørsmål (5. komité)

Noreg har tradisjonelt delteke aktivt i arbeidet i 5. komité og har spela ei viktig rolle når det gjeld å sikre ressursar til område som integrering av kvinner og situasjonen til barn i konfliktområde. Komiteen avslutta arbeidet tidlegare enn vanleg, noko som mellom anna skuldast mangel på administrative ressursar (til tolketenester o.l.). Fleire spørsmål vart utsette til vidareførde sesjonar i komiteen våren 2003.

8.1 Det regulære FN-budsjettet for 2002-2003

I Generalsekretærens fyrste framdriftsrapport for budsjettperioden 2002-2003, som alltid vert handsama i slutten av budsjettåret, vart det gjort framlegg om påplussingar på rundt USD 300 mill. til budsjettet for 2002-2003 på USD 2,63 mrd. Ettersom Generalforsamlinga vedtok lågare lønsauke enn det som den internasjonale tenestemannsorganisasjonen hadde tilrådd, og at ein del forventa utgifter for 2003 vart utsette regnskapsmessig, trongst det berre ei ekstraløyving på USD 176,87 mill. for budsjettperioden 2002-2003.

For Noreg var det viktig at ein i dei reviderte budsjettforhandlingane fekk gjennomslag for tre stillingar som var finansierte over det regulære FN-budsjettet til oppretting av eit fast sekretariat for Det faste forumet for urfolk, som vert leidd av norske Ole Henrik Magga. Det vart òg løyvd tilleggsmidlar frå fondet til ei styrking av FNs informasjonsavdeling, styrking av FNs antiterrorismekomité, oppfølging av Den internasjonale Monterrey-konferansen for finansiering av utvikling (FfD) og delfinansiering av Det internasjonale forskings- og utdanningsinstituttet for kvinner, INSTRAW.

8.2 Budsjettskissa for 2004-2005

I dei ti siste åra har det ikkje vore reell vekst i det regulære FN-budsjettet. Det har vore eit konstant krav, særleg frå USA, Canada, Australia, Japan og til dels EU-landa, om reformer, effektivisering, betre samordning og sparing ved innføring av ny teknologi. Frå norsk side har ein òg sett fram krav om effektivisering, men har samtidig peikt på at FN må sikrast nok ressursar til å gjennomføre dei mandata som medlemsstatane har pålagt organisasjonen. Mellom anna på grunn av den sterke dollaren i dei seinare åra har sekretariatet stort sett klart å dekkje utgiftene til iverksetjing av nye mandat utan å måtte be om auka ressursar.

Generalsekretærens budsjettskisse for 2004-2005 på USD 2,975 mill. representerer ein auke på vel 6 prosent i høve til budsjettet for 2002-2003 (eksklusive tilleggsløyvingar frå hausten 2002). Forhandlingane om budsjettskissa vart som i tidlegare år inga vanskeleg sak. Dette skuldast at skissa ikkje er bindande, men òg ei meir realistisk haldning, særleg frå USAs side, til FNs trong for auka ressursar og ei erkjenning av at ein har hatt store effektiviseringsvinstar i heile FN-systemet. Generalforsamlinga vedtok ei budsjettskisse på USD 2,876 mill.

8.3 FNs finansielle situasjon

For fjerde år på rad var ikkje FN i ein akutt likviditetssituasjon, slik som var vanleg i tidlegare år. Medlemslanda hadde likevel ei gjeld til FN på USD 1,683 mrd. Av dette var USD 1,335 mrd. til FNs fredstryggjande operasjonar, USD 304,8 mill. til det regulære FN-budsjettet og USD 43 mill. til krigsforbrytardomstolane for det tidlegare Jugoslavia og Rwanda. USA betalte i 2002 i alt USD 1,108 mrd. og skulda ved utgangen av 2002 USD 535,38 mill. til det regulære FN-budsjettet, USD 190,3 mill. til FNs fredstryggjande operasjonar og USD 123 mill. til krigsforbrytardomstolane. FN på si side skulda ved årsskiftet USD 703,6 mill. i ubetalte refusjonar til troppebidragsytande land mot om lag USD 800 mill. året før.

Sjølv om FNs finansielle situasjon ikkje er like prekær som tidlegare, har organisasjonen framleis sesongprega likviditetsproblem på grunn av manglande og for sein innbetaling av medlemslanda sine kontingentar. Dette medfører at FN av og til må låne frå budsjettet til fredstryggjande operasjonar for å kunne dekkje skyldnadene sine. Dette er svært uheldig og viser kor viktig det er med vidare aktivt arbeid på dette området.

8.4 Finansiering av FNs straffedomstolar

Noreg har de tre siste åra leidd forhandlingane i FN om finansiering av straffedomstolane for det tidlegare Jugoslavia og Rwanda. Generalforsamlinga vedtok i desember 2002 toårige budsjett for dei to domstolane på høvesvis USD 248,9 millionar og USD 197 millionar. Ei dobling av utgiftene til drift av domstolane over dei fem siste åra har medført at Generalforsamlinga har sett fram krav om meir effektiv drift og ein framdriftsplan med sluttdato for virket til domstolane.

På den 57. generalforsamlinga vart medlemslanda samde om ei ekstraløyving på USD 4,6 millionar for tre nye saksoppnemnde dommarar til Domstolen for Rwanda, og ei ekstraløyving til Domstolen for det tidlegare Jugoslavia på USD 13,7 mill. til forundersøkingar.

I resolusjonen om finansiering av domstolane vert det bede om at framtidige budsjettframlegg tek med nærare opplysningar om korleis midlane skal brukast, også sett i samanheng med ein grunngjeven og realistisk strategi for avslutning av verksemda til domstolane. For begge domstolane skal vidare investeringar etter planen stanse i 2004, og det vert teke sikte på at domsavgjerdsfasen vert avslutta i 2007-2008.

8.5 Skalaen for utlikning av FNs utgifter

På den 57. generalforsamlinga låg det føre oppmodingar frå Argentina og Afghanistan om reduksjon av ilikna bidrag for 2003 på grunn av den økonomiske krisa desse landa var i. Det fanst ingen presedens for at slike oppmodingar, som viser til ei unnataksføresegn i prosedyrereglane til FN, har vorte stetta. Oppmodingane vart likevel stødde av FNs bidragskomité. På grunn av det ekstraordinære omstendet at Sveits vart teke opp som medlem i FN, og at bidraget frå Sveits ville dekkje underskotet som oppstod ved eit redusert bidrag frå Argentina og Afghanistan, stødde vestlege land oppmodinga frå Argentina og Afghanistan. For å vareta integriteten til bidragsskalaen var det likevel viktig for vestlege land å få inn i resolusjonsteksta at dette var unnatakstilfelle.

8.6 Totalrenovering av FN-hovudkvarteret

Etter lange og vanskelege forhandlingar vedtok Generalforsamlinga ei tilleggsløyving for 2003 på USD 25,5 mill. til ytterlegare forprosjektering til ei totalrenovering av FN-hovudkvarteret. Det vart vedteke å setje i verk Generalsekretærens framlegg til totalrenovering og reising av eit nybygg med eit budsjett på USD 1,049 mrd. +/- 10 prosent. Renoveringa vil starte i oktober 2004. Heile planen byggjer på eit rentefritt lån frå vertslandet til å dekkje renoverings- og byggjekostnadene. Leasingutgifter for nybygget på USD 24,8 millionar årleg vil føre til at FN har betalt attende lånet i 2036, og kan då overta det nye bygget utan ytterlegare kostnader.

8.7 FNs felles løns- og tenestesystem

Generalforsamlinga vedtok ei reallønsauke for FN-tilsette på gjennomsnittleg 2,2 prosent til ein årleg kostnad på USD 32,9 mill. frå 1.1.2003. Dette var den fyrste reallønsauken sidan 1996-97.

8.8 Tilsyn og kontroll

Noreg deltok aktivt i handsaminga av rekneskapsrapportar frå FN-sekretariatet og rapportane frå Revisorrådet, FNs kontor for internt tilsyn (OIOS), FNs eksterne kontrollorgan og FNs inspektørgruppe (JIU).

Noreg heldt eige innlegg om rapportane frå Revisorrådet. I innlegget vart verdien av Revisorrådets arbeid understreka. Samtidig vart det uttrykt uro over at rapportane vert publiserte altfor seint, noko som gjer det vanskeleg for medlemsstatane å utøve kontrollfunksjonen sin. Ettersom målet er at alle tilrådingane frå Revisorrådet vert følgde opp, vart det etterlyst forklaring i dei tilfella dette ikkje hadde vorte gjort. Vidare vart nokre av Revisorrådet sine tilrådingar som vedkjem fleire av organisasjonane omtala særskilt, mellom anna rapportar om UNCHR og UNWRA.

Noreg stod tilslutta eit EU-innlegg om den årlege rapporten frå FNs kontor for internt tilsyn (OIOS). OIOS har sidan kontoret vart oppretta i 1995, vist seg å vere eit uunnverleg tilsynsorgan i FN-systemet. OIOS vart i innlegget rost for framifrå arbeid og freistnader på å betre samordninga mellom andre styringsorgan og tilsynsorgan. Sidan opprettinga i 1995 har OIOS fremja 2357 tilrådingar og identifisert innsparingar i FN på USD 56 mill. Generalforsamlinga tok til etterretning dei rapportane som var framlagde av OIOS.

Rapportane frå FNs inspektørgruppe (JIU) har tidlegare vore av varierande kvalitet. I den resolusjonen som vart vedteken, vert det teke opp att at JIU må fokusere på godt definerte spørsmål av høg prioritet, og at rapportane må verte meir analytiske. JIU får ros for betre oppfølging av tidlegare tilrådingar, og leiarane av dei organisasjonane som vert evaluerte, vert bedne om å følgje opp tilrådingane frå JIU.

8.9 Fyrste vidareførte sesjon i 5. komité 3.-28. mars 2003

På fyrste vidareførte sesjon i 5. komité 3. - 28. mars 2003 var hovudsakene personaladministrasjon, FNs arbeidstvistordningar og rapporten frå FNs kontor for internt tilsyn (OIOS) om seksuelt misbruk av flyktningar i flyktningleirar i Vest-Afrika.

Drøftingane om personaladministrasjon var ei vurdering av gjennomføringa av vedtaka frå den 55. generalforsamlinga (res. 55/258) om Generalsekretærens reformarbeid på personalsida. Dette arbeidet har medført monaleg effektivisering og modernisering av sekretariatet, og komiteen slutta seg i hovudsak til Generalsekretærens gjennomføring av reformene. Likevel ser ein i komiteen ein tendens til freistnader på å detaljstyre personaladministrasjonen i organisasjonen. Frå norsk side er vi opptekne av å stø Generalsekretæren i reformeringa hans av sekretariatet og å søkje å unngå at einsidige nasjonale interesser eller gruppeinteresser får leggje for sterkt band på dette arbeidet.

Når det gjeld arbeidstvistordningane til FN og klageretten til tilsette, er det her òg ei rekkje land som er opptekne av å detaljregulere ordningane. Mange av framlegga dreier seg difor om å styrkje klagaren si stilling i prosessen, mellom anna med fri rettshjelp og utvida klage- og appellrett. Slike krav har komiteen avvist. Det er likevel eit alvorleg problem at tvistesaker tek urimeleg lang tid før det vert teke ei endeleg avgjerd. Komiteen slutta seg til framlegget om betre meklingsordningar og oppretting av ombodsmannsordningar.

Rapporten frå FNs kontor for internt tilsyn om seksuelt misbruk av flyktningar i flyktningleirar under FN-ansvar i Vest-Afrika vart føremål for grundige drøftingar, og ei rekkje land, mellom andre Noreg, heldt innlegg om saka. Komiteen slutta seg til tilrådingane om felles tiltak og åtferdskodeks for alle humanitære og fredstryggjande operasjonar utan omsyn til geografisk lokalisering. Etterforskinga stadfesta at kvinner og barn er sårbare i ein flyktningsituasjon. Ein eigen åtferdskodeks for alle som arbeider med flyktningar, og særlege vernetiltak vil verte innførte for å hindre slike overgrep.

Komiteen slutta seg òg i hovudsak til Generalsekretærens strategi for informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Andre vidareførte sesjon vil i hovudsak omhandle finansiering av fredstryggjande operasjonar.

Til forsida