St.meld. nr. 27 (2002-2003)

Om Noregs deltaking i den 57. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 56. generalforsamling

Til innhaldsliste

9 Juridiske spørsmål (6. komité)

Forhandlingane i 6. komité gjekk i år òg føre seg i ein god og konstruktiv atmosfære. Alle resolusjonane vart vedtekne med konsensus. Med unnatak av oppmodingar om observatørstatus i FN vart det ikkje teke inn nye tema på agendaen til komiteen.

Det nordiske samarbeidet i 6. komité var som i tidlegare år svært omfattande. Det vart halde ei rekkje fellesnordiske innlegg, høvesvis Folkerettskommisjonens framtidige arbeidsprogram og einsidige statshandlingar (Finland), reservasjonar til traktatar (Sverige), diplomatisk vern (Noreg), skadebot for handlingar som ikkje er i strid med folkeretten (Sverige), UNCITRALs rapport (Sverige), vern av diplomatiske stasjonar (Noreg) og status for tilleggsprotokollane av 1977 til Genèvekonvensjonane av 1949 om vern av offer for væpna konflikt (Sverige). I nasjonal kapasitet heldt Noreg innlegg om ein konvensjon mot reproduktiv kloning av menneske, Den internasjonale straffedomstolen og juridisk immunitet for statar og eigedomen deira. Noreg var elles tilslutta EUs innlegg om kamp mot internasjonal terrorisme og bruksområdet for FN-konvensjonen av 1995 om vern av FN-personell og assosiert personell.

9.1 Kloning

Den mest kontroversielle saka på agendaen til 6. komité - arbeidet med utarbeiding av eit mandat for forhandlingar om ein konvensjon mot reproduktiv kloning av menneske (dagsordenspunkt 162) - fekk ein skuffande utgang. Det stod to sterke grupperingar bak kvart sitt resolusjonsutkast. USA og Spania var hovudpådrivarar bak eit utkast der mandatet skulle dekkje alle former for kloning, mellom anna terapeutisk kloning. Frankrike og Tyskland var hovudpådrivarar bak eit utkast der mandatet vert avgrensa til reproduktiv kloning av menneske, kombinert med forhandlingar om eit breiare forbod så snart det er fastsett eit forbod mot reproduktiv kloning. Noreg deltok aktivt i ei «venegruppe» for det sistnemnte resolusjonsutkastet. Frå norsk side har ein uttrykt at ein primært ønskjer ein vidfemnande konvensjon som forbyr alle former for kloning. Samtidig har ein understreka at det trengst ei pragmatisk tilnærming der det i fyrste omgang er essensielt å fokusere på det som kan oppnåast raskt. Arbeidet vil elles kunne verte vanskeleggjort og unødig seinka. I verste fall kan ei brei tilnærming føre til at det ikkje vert oppnådd semje om ein konvensjon i det heile teke. På den siste dagen av sesjonen gjorde 6. komité som eit kompromiss eit vedtak om at ei arbeidsgruppe skal vidarehandsame spørsmålet på den 58. generalforsamlinga. Det vert såleis ikkje møte i ein adhockomité før neste generalforsamling slik tilfellet var før den 57. generalforsamlinga. Med dette vedtaket er det stor fare for at 6. komité ikkje oppnår anna enn å tape eitt år i arbeidet med å framforhandle ein konvensjon. Samstundes går den teknologiske utviklinga føre seg i høgt tempo.

9.2 Internasjonal terrorisme

Hovudarbeidet når det gjeld iverksetjing av tiltak med sikte på å nedkjempe internasjonal terrorisme har vorte gjort i Tryggingsrådet. I tillegg har Generalforsamlinga vidareført freistnadene sine på å få til mellom annan ein allmenn FN-konvensjon om terrorisme. Sidan dei tragiske hendingane 11. september 2001 har 6. komité vedteke resolusjonar om nedkjemping av internasjonal terrorisme med konsensus. Likevel kom også i år fleire av dei tradisjonelle problema som dei arabiske landa har med resolusjonen, til overflata under hovuddebatten. Medan dei vestlege statane fordømmer alle former for terrorisme, fokuserer dei arabiske landa meir på dei underliggjande årsakene til terroraksjonar, til dømes kolonisering og framand okkupasjon. Dei arabiske landa er opptekne av at ein må prioritere å kome til semje om ein definisjon av omgrepet «terrorisme», og peiker i den samanhengen på at det er viktig å finne fram til ein definisjon som ikkje medfører at «legitim» frigjeringskamp mot okkupasjonsmakter vert rekna som terroristhandlingar. Arbeidet med vurdering og gjennomgang av eit indisk utkast til ein allmenn (heilskapleg) terrorismekonvensjon, som er gjort i Adhockomiteen mot terrorisme, har vorte halde fram som svært viktig, og ein har freista å forsere det etter hendingane 11. september 2001. Det er likevel slik at dette arbeidet står i fare for å mislukkast på grunn av usemje om spørsmålet om ein definisjon av omgrepet terrorisme. Det var dessverre ingen framgang å spore på den 57. generalforsamlinga når det gjeld dette spørsmålet. I resolusjonen vart det vedteke å vidareføre mandatet til Adhockomiteen slik at komiteen kan halde fram arbeidet sitt med ein allmenn (heilskapleg) terrorismekonvensjon og arbeidet sitt med ein internasjonal konvensjon om kjernefysisk terrorisme. Det vart vedteke at Adhockomiteen skal møtast i tre dagar våren 2003. Den korte møtetida vitnar om at utsiktene til eit gjennombrot i konvensjonsforhandlingane ikkje er særleg gode.

9.3 Den internasjonale straffedomstolen - ICC

Under handsaminga i 6. komité av etableringa av Den internasjonale straffedomstolen vart det vedteke ein resolusjon der det vert vist til kor viktig det er at domstolen har tredd i kraft, at domstolens fyrste statspartsmøte skal vidareførast i februar og april 2003 for mellom anna å velje dommarar og hovudklagar, og at det andre statspartsmøtet skal haldast i september 2003. Resolusjonen oppmodar òg alle statspartar til å verte part i Avtala om privileg og immunitet for domstolen, tilsette ved domstolen og personar som opptrer for domstolen. Noreg ratifiserte avtala som fyrste stat den 10. september 2002. I og med at domstolen er oppretta ved ein traktat og såleis ikkje er eit FN-organ, er iverksetjing av denne avtala heilt vesentleg for drift av domstolen. Under hovuddebatten i 6. komité heldt Noreg eit eige innlegg der det vart lagt særleg vekt på konkret handling som kan stø domstolen i den fyrste kritiske fasen. Debatten avdekte ei gjennomgåande svært positiv haldning til at domstolen hadde tredd i kraft. Det er verdt å merke seg at USA er den einaste staten som ser seg nøydd til å ta ordet for å reservere seg mot at domstolen trer i kraft. Frå norsk side vil ein framleis medverke aktivt til å verne om integriteten til domstolen. Samtidig vil vi arbeide for å integrere domstolen i systemet for vern av internasjonal fred og tryggleik. Vi vil halde fram dialogen vår med dei statane som har innvendingar mot domstolen med sikte på å fremje så brei oppslutning som råd om domstolen og målsetjingane for han.

9.4 Andre spørsmål

Bruksområdet for FN-konvensjonen av 1995 om vern av FN-personell og assosiert personell har av fleire statar og frivillige organisasjonar vorte oppfatta som for snever. I ein rapport kjem FNs generalsekretær med tilrådingar om både meir effektiv gjennomføring av føresegnene i konvensjonen og om utviding av bruksområdet ved mellom anna å ta med alle slags FN-operasjonar og alle slags hjelpepersonell. Det vart i resolusjonen oppnådd semje om effektiviseringstiltak. Mellom anna skal ein søkje å innarbeide hovudføresegnene i konvensjonen i statusavtaler for militære styrkar og observatørar (SOFA, SOMA). I resolusjonen vert det vedteke at ein adhockomité skal møtast ei veke i 2003 for å vidareføre diskusjonane sine om dei meir prinsipielle spørsmåla, som kan medføre at det trengst å endre 1995-konvensjonen, og særleg bruksområdet for konvensjonen. Frå norsk side har ein aktivt stødd også gjennomføring av dei sistnemnde, som tilrådd av FNs generalsekretær.

Handsaminga i 6. komité av Folkerettskommisjonens rapport (dagsordenspunkt 156) var i vesentleg grad kommentarar til arbeidet til kommisjonen. Noreg heldt på vegner av dei nordiske landa innlegg om diplomatisk vern, særleg om kva rett statane har til å vareta interessene til personar om bord i skip. Komiteen merka seg dei nye emna som Folkerettskommisjonen vil handsame framover, nemleg ansvaret til internasjonale organisasjonar, delte («shared») naturressursar, som dels spelar ei rolle for vassressursar og dels for petroleumsførekomstar, og tiltak for å motverke fragmentering av folkeretten.

Til forsida