St.meld. nr. 28 (2008-2009)

Om samarbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2008

Til innhaldsliste

1 Det politiske samarbeidet

Krigen mellom Russland og Georgia i august 2008 var eit tilbakeslag for politisk dialog og samarbeid i Europa. Tilhøvet mellom Russland og dei vestlege landa har vorte kjøligare, og samarbeidet har vorte vanskelegare. Med ei brei tilnærming og mange deltakarar er OSSE ein potensielt viktig reiskap for politisk dialog og samarbeid for å førebyggje og handtere konfliktar i heile OSSE-området. Regjeringa er oppteken av at OSSE sitt arbeid for tryggleik og samarbeid vert vidareført. På grunnlag av det utvida tryggleiksomgrepet tykkjest organisasjonen vere eit naturleg forum for å drøfte dei felles tryggingspolitiske utfordringane som deltakarlanda står overfor.

President Medvedjev lanserte i august 2008 eit framlegg om ein «ny europeisk tryggingsarkitektur». Det russiske framlegget er i liten grad konkretisert, men i grove trekk gjer Medvedjev framlegg om å forhandle fram ei ny avtale for europeisk tryggleik. Utanriksministrane drøfta framlegget i Helsingfors i desember 2008. Det var semje om at OSSE er det rette forumet for vidare dialog, og at diskusjonen skal vidareførast på eit høgnivåmøte, truleg på utanriks­minister­nivå. Fokus må vere på substans, ikkje arkitektur, og det bør ikkje skiljast mellom menneskeleg og militær tryggleik. Frå norsk side vart det presisert at dialog og samarbeid med Russland er viktig. Samstundes er det ikkje aktuelt å svekkje dei etablerte institusjonane. Det er viktig å drøfte tryggingspolitiske spørsmål med Russland, både i OSSE og i NATO-Russland-rådet. Den tsjekkiske EU-formannskapen har byrja på drøftingane med sikte på å utvikle ein felles EU-posisjon. Spørsmålet har òg vore drøfta i NATO.

OSSE-sendelagets vidare lagnad i Georgia er svært usikker som følgje av russisk godkjenning av dei to utbrytarområda Abkhasia og Sør-Ossetia. Etter at ein ikkje greidde å semjast om vidareføring i desember 2008, ligg det no an til at sendelaget vil verte nedlagt i mars eller april. Regjeringa stør freistnadene til formannskapen på å få til ei forlenging av mandatet til OSSE-sendelaget sjølv om dette synest vanskeleg. Noreg vil framleis forsvare Georgias suverenitet og territoriale integritet og oppmodar partane til å etterleve våpenkvileavtala av 12. august og tilleggsavtala av 8. september.

OSSE er òg involvert som forhandlar og observatør i dei uløyste konfliktane om Transnistria i Moldova og Nagorno-Karabakh i Aserbajdsjan. Ei løysing i Transnistria heng truleg nært saman med om Moldova er villig til å erklære seg nøytralt og ikkje sikte mot tettare tilknyting til NATO. Når det gjeld Nagorno-Karabakh, var det eit reelt framsteg at dei to presidentane i Armenia og Aserbajdsjan møttest i Moskva 2. november i fjor og skreiv under ei felleserklæring – dette var det første dokumentet om Nagorno-Karabakh som presidentane i desse to landa nokon gong har skrive under på. Det er likevel lite truleg at det vert ei løysing på konflikten med det første. Regjeringa stør freistnadene til formannskapen på å skape framgang. Samstundes vil Noreg gjennom tosidig hjelp stø prosjekt som medverkar til fredsbygging og tillitsskapande tiltak mellom partane. Samarbeidet med norske frivillige organisasjonar, FN-organ, Europarådet og Høgkommissæren for nasjonale minoritetar (HCNM) i tillegg til sendelaget vil i så måte vere viktig.

Respekt for grunnleggjande menneskerettar, demokratisk styresett og rettsstatlege prinsipp, samt økonomisk og sosial utvikling er naudsynte føresetnader for varig tryggleik og stabilitet. Det utvida tryggleiksomgrepet, som utgjer fundamentet for OSSE sitt arbeid, er kome under aukande press dei seinare åra.

Det er ei prioritert oppgåve for regjeringa å arbeide for at OSSE-kontoret for demokratiske institusjonar og menneskerettar (ODIHR) skal ha ressursar til å stø demokratisering og menneskerettar i deltakarlanda. OSSE sitt arbeid for å fremje frie og demokratiske val står sentralt i dette arbeidet.

Etter regjeringa sitt syn er ein aktiv dialog med sivilsamfunnet ein viktig føresetnad for varig tryggleik og stabilitet, og Noreg vil framleis arbeide for at OSSE skal styrkje denne dialogen. Regjeringa vil vidareføre arbeidet for at menneskerettsforsvararar i deltakarlanda i OSSE skal få betre vern.

Det omfattande feltnærveret til OSSE er den fremste styrken til organisasjonen. Ikkje minst gjeld dette med omsyn til vern av menneskerettane og rettane til minoritetane. Noreg vil arbeide for at OSSE-nærveret i deltakarlanda vert halde ved lag til mandata for sendelaga er oppfylde. Det vil vere svært beklageleg om OSSE-sendelaget i Georgia vert nøydt til å innstille verksemda si medan det framleis har eit viktig arbeid å gjere.

Utviklinga i Kosovo og den framtidige rolla til OSSE har stått sentralt i 2008. Den 8. desember 2008 vart det oppnådd semje om at EU-operasjonen i Kosovo skal rapportere til FN og opptre statusnøytralt, og situasjonen har difor vorte klarare. OSSE sitt arbeid, ikkje minst for å sikre rettane til minoritetane, vert vidareført og utfyller det arbeidet som EU sin politi- og justisoperasjon (EULEX) utfører. Sendelaget er likevel for stort i høve til dei oppgåvene det kjem til å ha framover, og arbeidet med ein kraftig reduksjon i omfang og mandat for sendelaget er i gang. Regjeringa stør eit meir fokusert OSSE-nærvere i Kosovo.

Regjeringa ønskjer at det monalege OSSE-engasjementet i Serbia vert vidareført og ser klart at det framleis trengst eit robust engasjement i Bosnia-Hercegovina. OSSE sitt arbeid bør etter kvart kunne avsluttast i dei landa som i 2008 vart inviterte til å verte medlemer av NATO. OSSE har framleis ugjort arbeid i Aust-Europa (Moldova, Ukraina og særleg Kviterussland) og i Sør-Kaukasus når det gjeld å gje råd til og hjelpe landa i sitt vidare arbeid for langsiktig tryggleik og stabilitet og demokratiske reformer.

Sendelaga i Sentral-Asia er ryggraden til OSSE i denne regionen, og frå norsk side vil vi arbeide for at mandata framleis skal vere så robuste som mogeleg. Det vil vere særleg viktig å følgje utviklinga i Kasakhstan fram til landet tek over OSSE-formannskapen neste år. Det vil vere ei monaleg styrking av arbeidet at Noreg i 2009 opprettar ambassade i Astana. Regjeringa vil vidareføre innsatsen for grensetryggleik i Tadsjikistan, politireform i Kirgisistan og det forsiktige reformarbeidet gjennom OSSE i Turkmenistan.

Etter regjeringa sitt syn er det viktig at OSSE konsentrerer arbeidet om kjerneoppgåvene. Difor bør OSSE framleis rette merksemda mot dei utfordringane som etniske og regionale konfliktar, organisert kriminalitet, handel med menneske, våpen og narkotika og internasjonal terrorisme utgjer. Det er positivt at organisasjonen drøftar samanhengen mellom klimaendring, miljø og tryggleik. Fleirsidig diplomati er heilt avgjerande for å fremje norsk utanriks- og tryggingspolitikk. Regjeringa er difor oppteken av å styrkje samarbeidet mellom OSSE, FN, EU, Europarådet og NATO og av å sjå Noregs tosidige engasjement i samanheng med innsatsen i desse organisasjonane.

Noreg har eit breitt engasjement innan tryggingssektorreform både innanfor OSSE, FN og tosidig. OSSE medverkar til politi- og justissektorreform i fleire land og gjer såleis ein viktig innsats på dette området. Regjeringa vil vidareføre støtta til dette arbeidet, mellom anna med ytterlegare støtte til grensesamarbeid i sentralasiatiske land. Noreg finansierer også tre juristar frå styrkebrunnen som er tilknytt sendelaget i Baku for å fremje justissektorreform.

Som ei oppfølging til vedtaket frå ministermøtet i Madrid i 2007 har OSSE arbeidd for å styrkje samarbeidet med Afghanistan med vekt på grensetryggleik mot dei sentralasiatiske landa. Det er utarbeidd ein omfattande prosjektpakke for å hjelpe Afghanistan på dette området, som så langt ikkje er vedteken. OSSE heldt den årlege konferansen med Asia-partnarane i Kabul i oktober 2008. Regjeringa stør arbeidet for styrkt grensetryggleik med vekt på ei regional tilnærming og vil også stø oppmodinga frå Afghanistan om hjelp frå OSSE til gjennomføringa av dei planlagde vala i 2009.

For Regjeringa er det viktig at hovudprioriteringane og dei politiske vedtaka til OSSE vert følgde opp med tilstrekkelege ressursar til gjennomføring. Budsjettet må reflektere det som organisasjonen faktisk treng, og setje han i stand til å utføre arbeidet sitt på ein effektiv måte. Feltarbeidet bør etter norsk syn prioriterast. Det same gjeld arbeidet med menneskerettar, bygging av rettsstaten og valspørsmål, innsats på politisektoren medrekna grensekontroll, handvåpen og destruksjon av ammunisjon, kampen mot menneskehandel og arbeidet for likestilling. Budsjettforhandlingane har vorte stadig vanskelegare dei seinare åra. Det er uheldig for planlegging og drift at det no meir er ein regel enn eit unntak at budsjettet vert vedteke først langt ut i budsjettåret.

Til forsida