St.meld. nr. 28 (2008-2009)

Om samarbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2008

Til innhaldsliste

5 Vedtak nr. 4/08. Styrking av det rettslege rammeverket for OSSE

Ministerrådet,

som er rettleidd av det felles målet vårt om å styrkje det rettslege rammeverket for OSSE,

i samsvar med dei relevante vedtaka frå toppmøtet i Helsingfors i 1992, frå ministermøtet i Stockholm i 1992 og frå ministermøtet i Roma i 1993,

som viser til ministerrådsvedtak nr. 16/06 frå Brussel om OSSEs status som rettssubjekt og privilegium og immunitet for OSSE og vedlegga til det,

som rosar den uformelle arbeidsgruppa av ekspertar, som er pålagd ei oppgåve i dette ministerrådsvedtaket, for det verdifulle arbeidet som gruppa har utført i 2007, og som merkar seg rundebordsdiskusjonen 22. oktober 2008 i Wien i regi av den finske formannskapen,

som understrekar at det er viktig at OSSE får internasjonal rettsleg status,

pålegg Formannskapet å føre, i samråd med deltakarstatane, ein dialog om styrking av det rettslege rammeverket for OSSE og å rapportere til ministermøtet i Aten i 2009.

Tolkingserklæring i samsvar med punkt iv.1(a)6 i møteføresegnene til Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i europa

Frå delegasjonen frå Armenia (også på vegner av Kviterussland, Kasakhstan, Kirgisistan, Usbekistan, Den russiske føderasjonen, Tadsjikistan):

«Delegasjonane frå Republikken Armenia, Republikken Kviterussland, Republikken Kasakhstan, Republikken Kirgisistan, Den russiske føderasjonen, Republikken Tadsjikistan og Republikken Usbekistan slutta seg til konsensus i vedtaket om å styrkje det rettslege rammeverket for OSSE under føresetnad av at pålegget til OSSE-formannskapet om å føre dialog om å styrkje det rettslege rammeverket for OSSE tydde at ein skulle byrje på arbeidet med utkastet til OSSE-pakt.

Vi viser til utkastet til OSSE-pakt som vart utarbeidd og lagt fram 18. september 2007 av delegasjonane frå Republikken Armenia, Republikken Kviterussland, Republikken Kasakhstan, Republikken Kirgisistan, Den russiske føderasjonen, Republikken Tadsjikistan og Republikken Usbekistan (PC.DEL/897/07), som kan nyttast som grunnlag for vidare arbeid.

Vi meiner framleis at utkastet til OSSE-pakt og konvensjon om status som rettssubjekt, om rettsleg handleevne og om privilegium og immunitet for OSSE bør vedtakast samstundes.»

Vi ber om at denne tolkingserklæringa vert lagd ved vedtaket og vert teke inn i journalen for møtet i OSSEs ministerråd.

Til forsida