St.meld. nr. 28 (2008-2009)

Om samarbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2008

Til innhaldsliste

7 Vedtak nr. 6/08. Styrking av OSSE-innsatsen for å gjennomføre handlingsplanen for å betre situasjonen for roma og sinti i OSSE-området

Ministerrådet,

som stadfestar OSSE sine skyldnader til roma- og sintifolket, særleg skyldnadene i handlingsplanen for å betre situasjonen for roma og sinti i OSSE-området frå 2003,

som erkjenner at handlingsplanen er eit viktig rammeverk for deltakarstatane når det gjeld å fremje og verne menneskerettane til roma- og sintifolket,

oppmodar deltakarstatane til å auke innsatsen for å sikre at roma- og sintifolket kan delta fullt ut i samfunnet, og til å gjere tiltak for å få slutt på diskrimineringa av dei,

som minner om at rasisme og diskriminering framleis går ut over roma- og sintifolket i heile OSSE-området, og at deltakarstatane har forplikta seg til å styrkje politikken sin og dei praktiske tiltaka som dei gjennomfører for å motarbeide desse fenomena,

som minner om at kulturen og språket til romafolket er ein viktig del av kulturarven i mange land og eit integrert element i identiteten til roma- og sintifolket,

som merkar seg ODIHRs statusrapport 2008 (statusrapporten) om gjennomføringa av handlingsplanen for å betre situasjonen for roma og sinti i OSSE-området som ein måte å støtte ei effektiv gjennomføring av OSSE sine skyldnader til roma- og sintifolket på,

som tek opp att tilskotet frå ODIHRs kontaktpunkt for roma- og sintispørsmål i prosessen med regelmessig gjennomgang og vurdering av gjennomføringa av handlingsplanen,

som minner om at dei relevante OSSE-institusjonane og -strukturane er viktige for å støtte gjennomføringa av handlingsplanen, og som òg understrekar at effektiv samordning og samarbeid innan OSSE er viktig,

som merkar seg tilleggsmøtet om den menneskelege dimensjonen den 10. og 11. juli 2008, som drøfta ein berekraftig politikk for integrering av roma- og sintifolket,

som er fast bestemt på styrkje OSSE-innsatsen for å gjennomføre handlingsplanen for å betre situasjonen for roma og sinti i OSSE-området,

  1. ber innstendig deltakarstatane om å sørgje for lik tilgang til utdanning og å fremje tidleg utdanning for roma- og sintibarn, som eit middel til å førebyggje sosial utstøyting og marginalisering og for å skape ei langsiktig betring i situasjonen for roma- og sintifolket. Understrekar i denne samanhengen at utdanningspolitikken bør ta sikte på å integrere roma og sinti i utdanningssystemet,

  2. oppmodar ODIHR til, innanfor ramma av dei føreliggjande ressursane, å hjelpe deltakarstatane, når dei ber om det, med å fremje tilgangen for roma- og sintibarn til tidleg utdanning. Ber i denne samanhengen innstendig deltakarstatane om å gjennomføre medvitsaukande tiltak når det høver, også retta mot roma- og sintisamfunn, om føremonene med tidleg utdanning,

  3. oppmodar deltakarstatane til i samarbeid med roma- og sintifolket å trappe opp innsatsen for å auke medvitet blant roma- og sintifolket om kor viktig det er å gå på skulen og å halde fram med det,

  4. oppmodar deltakarstatane til å vurdere roma- og sintispørsmål når dei gjennomgår lovgjeving og politikk som vedkjem roma- og sintifolket, særleg på dei områda som er prioriterte i handlingsplanen for å betre situasjonen for roma- og sinti i OSSE-området frå 2003,

  5. oppmodar dei rette nasjonale styresmaktene med ansvar for situasjonen for roma og sinti, til dømes styresmakter med ansvar for minoritetar, tilgang til helsetenester, utdanning, butilhøve, antidiskrimineringsarbeid, politi og media, til å styrkje innsatsen for å sikre at OSSE-skyldnadene i nasjonal lovgjeving om likskap og ikkje-diskriminering vert oppfylde. I denne samanhengen bør ein sjå særleg på situasjonen for romakvinner og -jenter,

  6. oppmodar deltakarstatane som enno ikkje har gjort det, til å setje i verk institusjonelle rammeverk for roma og relevante statlege organ på høvelege plan for å lette gjennomføringa av politikk og program som tek sikte på å betre situasjonen for roma- og sintifolket,

  7. oppmodar deltakarstatane til å styrkje innsatsen for å aktivt engasjere roma- og sintisamfunn i utforminga av politikken for roma- og sintifolket og til å fremje effektiv deltaking frå roma- og sintifolket i det offentlege og politiske livet,

  8. oppmodar til vidare samordning og samarbeid, innanfor ramma av dei føreliggjande ressursane, innanfor OSSE og med relevante internasjonale aktørar, til dømes Europarådet og Den europeiske unionen der det høver,

  9. oppmodar til sterkare innsats for å auke medvitet om OSSE sine skyldnader til roma- og sintifolket og understrekar i denne samanhengen verdien av at ODIHRs direktør rapporterer om dette som ein del av den regelmessige rapporteringa til Det faste rådet om status for gjennomføringa av handlingsplanen, som fastsett i kapittel X artikkel 133 og 134 i sjølve handlingsplanen.

Til forsida