St.meld. nr. 28 (2008-2009)

Om samarbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2008

Til innhaldsliste

8 Vedtak nr. 7/08. Ytterlegare styrking av rettsstatlege prinsipp i OSSE-området

Ministerrådet,

som stadfestar deltakarstatane i OSSE sine skyldnader til rettsstatlege prinsipp og til prinsippa som ligg til grunn for samkvemmet mellom deltakarstatane som er nedfelde i Sluttakta av 1975 frå Helsingfors samt til oppfylling i god tru av skyldnader etter folkeretten og tek opp att at deltakarstatane i OSSE er fast bestemt på å fremje streng respekt for desse prinsippa,

som minner om OSSE-dokumenta som vart vedtekne i Wien 1989, København 1990, Moskva 1991, Budapest 1994 og Istanbul 1999 og ministerrådsvedtak nr. 12/05 frå Ljubljana om varetaking av menneskerettane og rettstryggleiken i strafferettssystemet,

som òg minner om verdserklæringa om menneskerettane, og som merkar seg Den internasjonale konvensjonen om sivile og politiske rettar,

som òg minner om andre relevante FN-dokument som stadfestar mellom anna trongen for universell etterleving og gjennomføring av rettsstatlege prinsipp på både nasjonalt og internasjonalt plan og skyldnaden til ein internasjonal orden grunna på rettsstatlege prinsipp og folkeretten,

som understrekar verdien vi tillegg menneskerettane, rettsstatlege prinsipp og demokrati, som heng saman og gjensidig styrkjer kvarandre,

som òg understrekar verdien av rettsstatlege prinsipp som eit tverrdimensjonalt aspekt for å sikre respekten for menneskerettane og demokrati, tryggleik og stabilitet, godt styresett, gjensidige økonomiske relasjonar og handelsrelasjonar, investeringstryggleik og eit tenleg føretaksklima samt den rolla dei spelar i kampen mot korrupsjon, organisert kriminalitet og alle slags ulovleg handel, til dømes narkotikahandel, våpenhandel og menneskehandel, og tener såleis som eit grunnlag for politisk, økonomisk, sosial og miljømessig utvikling i deltakarstatane,

som òg understrekar verdien av rettsstatlege prinsipp i gjennomføringa av OSSE sine vedtak og dokument i den politiskmilitære sfæren,

som tek omsyn til aktivitetane i samband med rettsstatlege prinsipp til relevante operative strukturar i OSSE, særleg Sekretariatet, ODIHR og OSSEs feltoperasjonar, for å hjelpe deltakarstatane med å styrkje evna til å gjennomføre rettsstatlege prinsipp, og som òg tek omsyn til den rolla som parlamentarikarforsamlinga i OSSE spelar når det gjeld å fremje respekt for rettsstatlege prinsipp i OSSE-området,

som tek omsyn til relevante OSSE-arrangement om rettsstatlege prinsipp, særleg OSSE-seminaret om den menneskelege dimensjonen i 2008 om konstitusjonell rettferd, og relevante tilleggsmøte om den menneskelege dimensjonen,

som tek omsyn til deltakarstatane sine pågåande og påemna bilaterale aktivitetar om rettsstatlege prinsipp,

som understrekar verdien av å gje OSSE rettssubjektstatus, rettsleg handleevne, privilegium og immunitet og såleis styrkje det rettslege rammeverket for OSSE,

  1. oppmodar deltakarstatane i OSSE til å oppfylle skyldnadene sine etter folkeretten og å etterleve OSSE-skyldnadene sine om rettsstatlege prinsipp på både internasjonalt og nasjonalt plan, også i alle aspekt med omsyn til lovgjeving, administrasjon og domstolane,

  2. oppmodar deltakarstatane til å yte tilskot, der det høver, til OSSE-prosjekt og -program som støttar opp om rettsstatlege prinsipp,

  3. oppmodar dei relevante operative strukturane i OSSE til, i samsvar med mandata deira og innanfor ramma av dei føreliggjande ressursane og i samarbeid med relevante internasjonale organisasjonar, å finne fram til og utnytte ytterlegare synergiar for å betre kunne hjelpe deltakarstatane, når deltakarstatane ber om det, med å styrkje rettsstatlege prinsipp,

  4. oppmodar deltakarstatane, med hjelp, der det høver, frå dei relevante operative strukturane i OSSE i samsvar med mandata deira og innanfor ramma av dei føreliggjande ressursane, til å halde fram med og styrkje innsatsen for å dele informasjon og best mogleg praksis og til å styrkje rettsstatlege prinsipp, mellom anna på desse områda:

    • sjølvstende for domstolane, effektivt rettsstell, rett til ein rettferdig rettargang, tilgang til domstolane, ansvarlege statlege institusjonar og tenestemenn, respekt for rettsstatlege prinsipp i offentleg administrasjon, rett til rettshjelp og respekt for menneskerettane til innsette,

    • oppfylling av skyldnader etter folkeretten som eit nøkkelelement i styrkinga av rettsstatlege prinsipp i OSSE-området,

    • etterleving av prinsippet om fredeleg løysing av tvistar,

    • respekt for rettsstatlege prinsipp og menneskerettane i kampen mot terrorisme i samsvar med skyldnadene etter folkeretten og OSSE-skyldnader,

    • førebygging av tortur og anna grufull, umenneskeleg og nedsetjande handsaming eller straff, mellom anna ved samarbeid med aktuelle mellomstatlege organ,

    • effektiv lovgjeving og eit administrativt og rettsleg rammeverk for å lette økonomisk verksemd, handel og investeringar i og mellom deltakarstatar,

    • respekt for rettsstatlege prinsipp med omsyn til vern av naturmiljøet i OSSE-området,

    • medvitsgjering i spørsmål i tilknyting til rettsstatlege prinsipp i domstolar, rettshandhevingsorgan, politi og fengselsstell og i opplæring for juristar,

    • utdanning i rettsstatlege prinsipp samt samspels- og utvekslingshøve for juristar, akademikarar og jusstudentar frå ulike deltakarstatar i OSSE-området,

    • rolla til forfatningsdomstolar eller tilsvarande institusjonar i deltakarstatane som eit middel til å sikre at rettsstatlege prinsipp, demokrati og menneskerettar vert varetekne i alle statlege institusjonar,

    • fastsetjing av effektive rettsmiddel, der det høver, og tilgang til slike,

    • varetaking av standardar og praksis med omsyn til rettsstatlege prinsipp i strafferettssystemet,

    • kamp mot korrupsjon,

  5. pålegg dei relevante operative strukturane i OSSE, i nært samråd og samarbeid med deltakarstatane og innanfor ramma av dei føreliggjande ressursane, å arrangere eit seminar om rettsstatlege prinsipp i 2009, som kan tene som ei plattform for å utveksle best mogleg praksis mellom deltakarstatane i spørsmål i tilknyting til rettsstatlege prinsipp.

Tolkingserklæring i samsvar med punkt iv.1(a)6 i møteføresegnene til Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i europa

Frå delegasjonen frå Georgia:

«Sjølv om vi har slutta oss til konsensus i ministerrådsvedtaket om ytterlegare styrking av rettsstatlege prinsipp i OSSE-området, beklagar Georgia at det på ministermøtet i Helsingfors ikkje har vore mogleg å oppnå semje blant deltakarstatane om gjennomføring av rettsstatlege prinsipp på dei territoria i OSSE-området som har uløyste konfliktar, der fråveret av legitimt styresett, demokrati, respekt for menneskerettane og mangel på openskap på både nasjonalt og internasjonalt plan har ført til fullstendig lovløyse på desse territoria i somme tilfelle, som i sin tur har ført til alvorlege og skadelege livstilhøve for borgarane som bur i OSSE-medlemsstatane der. Ei forsvarleg spegling av dette spørsmålet i ministerrådsvedtaket kunne ha vore avgjerande for å sikre universell etterleving og gjennomføring av rettsstatlege prinsipp og oppfylling av skyldnaden til ein internasjonal orden grunna på rettsstatlege prinsipp og folkeretten, stadfesta av relevante OSSE- og FN-dokument.

Vi ber om at denne fråsegna vert lagd ved vedtaket og vert teke inn i journalen for møtet i dag.»

Til forsida