St.meld. nr. 28 (2008-2009)

Om samarbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2008

Til innhaldsliste

10 Vedtak nr. 9/08. Oppfølging av det 16. møtet i Forum for økonomiske og miljømessige spørsmål om samarbeid om maritime transportruter og innlandsvassvegar

Ministerrådet,

som tek omsyn til strategidokumentet for den økonomiske og miljømessige dimensjonen, som vart vedteke av Ministerrådet i Maastricht i 2003,

som tek utgangspunkt i resultatet av det 16. møtet i OSSEs forum for økonomiske og miljømessige spørsmål «Samarbeid om maritime transportruter og innlandsvassvegar i OSSE-området: auka tryggleik og betre vern av miljøet», særleg tilrådingane frå Wien i januar 2008 og frå Praha i mai 2008 og tilrådingane frå dei to førebuande konferansane, som vart haldne i Helsingfors i september 2007 og i Asjkhabad i mars 2008,

som er klar over verdien av ei høvelig oppfølging av møta til Forumet for økonomiske og miljømessige spørsmål, og som merkar seg tilrådingane frå oppfølgingskonferansen til Formannskapet, som vart halde i Odessa i juni 2008,

som erkjenner verdien av samarbeid om maritime transportruter og innlandsvassvegar for styrking av regionalt økonomi- og miljøsamarbeid, tryggleik og stabilitet i OSSE-området,

som legg vekt på at samarbeidet om maritime transportruter og innlandsvassvegar er best tent med ei integrert tilnærming som tek omsyn til tryggleiksmessige, økonomiske og miljømessige aspekt,

som erkjenner dei særlege utfordringane som kystlause utviklingsland har, og som understrekar at samarbeid om maritime transportruter og innlandsvassvegar kan lette tilgangen til hav og hamner,

som erkjenner dei veksande utfordringane knytte til miljø og tryggleiksmessige sider ved samarbeid om maritime transportruter og innlandsvassvegar og trongen for å trappe opp den regionale, subregionale og interregionale innsatsen, særleg når det gjeld å møte utfordringane og høva i samband med

  • havureining, særleg oljeureining og trongen for å utvikle ei effektiv evne til å reagere på oljesøl,

  • motarbeiding av overføring av invasive artar via ballastvatn,

  • transport av farleg gods,

  • naudssituasjonar og trongen for felles naudtiltak,

  • integrert forvalting av vassdrag,

  • utvikling av effektive og sikre korridorar for transport med ulike transportsystem,

  • dei fleirfasetterte aspekta ved maritim tryggleik, medrekna tryggleik for forsyningskjeda,

som er overtydd om at meir samarbeid om grensekryssande vassvegar kan fremje dialog og tene som endå eit tillitsskapande tiltak, og som merkar seg arbeidet som er utført av OSSE og Miljø- og tryggleiksinitiativet (ENVSEC) på dette området,

som erkjenner at samarbeid om vassvegar også kan bidra til forvaltinga av vassressursane,

som erkjenner verdien av å halde fram samarbeidet med relevante internasjonale organisasjonar, særleg Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen (IMO) og FNs økonomiske kommisjon for Europa (UNECE), og med relevante regionale organisasjonar, i nært samråd med deltakarstatane,

som erkjenner at samarbeid på alle plan, både mellom statar og mellom alle relevante interessentar, medrekna næringslivet, sivilsamfunnet og akademia, er viktig for å kunne ta tilstrekkeleg tak i utfordringar i samarbeidet om maritime transportruter og innlandsvassvegar,

som tek omsyn til at OSSE, innanfor si breie tilnærming til tryggleik og samarbeid, kan støtte og utfylle eksisterande initiativ innanfor samarbeid om maritime transportruter og innlandsvassvegar, der det høver, og innanfor ramma av OSSEs kapasitet og ressursar,

vedtek

  1. å be deltakarstatane innstendig om å styrkje dialogen og samarbeidet om dei tryggingsmessige, miljømessige og økonomiske aspekta ved maritime transportruter og innlandsvassvegar,

  2. å oppmode deltakarstatane til å vurdere å verte partar i relevante internasjonale rettslege verkemiddel som er utarbeidde av IMO og UNECE, særleg Den internasjonale konvensjonen om kontroll og handtering av ballastvatn og sediment frå skip, Den internasjonale konvensjonen om hindring av ureining frå skip og vedlegga til denne, Den internasjonale konvensjonen om regulering av skadelege botnstoffsystem på skip og Konvensjonen om vern og bruk av grenseoverskridande vassdrag og internasjonale innsjøar, og vedtek å støtte full gjennomføring av deltakarstatane sine skyldnader etter desse verkemidla,

  3. å påleggje dei operative strukturane i OSSE, innanfor ramma av mandata deira og dei føreliggjande ressursane, å støtte deltakarstatane, når deltakarstatane ber om det, i gjennomføringa av relevante skyldnader, og samtidig ta omsyn til den rolla som relevante internasjonale organisasjonar spelar,

  4. å be deltakarstatane innstendig om å freiste å styrkje og vidareutvikle subregionalt, regionalt og interregionalt samarbeid, der det høver, for å møte utfordringane som er nemnde ovanfor,

  5. å oppmode deltakarstatane til å utvikle effektive og sikre korridorar for transport med ulike transportsystem, medrekna effektive og sikre grenseovergangsstader for å lette tilgangen til havet for kystlause land, og samtidig ta omsyn til dei relevante føresegnene i OSSE-konseptet for grensetryggleik og forvalting av grensekontroll og dei relevante OSSE-skyldnadene som gjeld transport,

  6. å oppmode deltakarstatane til å tilnærme seg spørsmålet om samarbeid om vassvegar i synergi med forvaltinga av vassressursane,

  7. å oppmode deltakarstatane til å nytte og dele best mogleg praksis og teknologiske løysingar som er relevante når det gjeld å møte tryggleiksmessige, miljømessige og økonomiske utfordringar i samarbeidet om maritime transportruter og innlandsvassvegar,

  8. å be deltakarstatane innstendig om å fremje godt styresett og openskap og å be dei ta med alle interessentar, medrekna næringslivet, sivilsamfunnet og akademia, i debatten om samarbeid om maritime transportruter og innlandsvassvegar der det høver, og å fremje offentleg-private partnarskapar,

  9. å påleggje Sekretariatet å halde fram, innanfor ramma av dei føreliggjande ressursane, med forsøkssamråda med IMO for å definere omfang og reglar for samarbeid og å rapportere til Det faste rådet innan midten av 2009 slik at det kan gjere høvelege vedtak,

  10. å oppmode OSSEs feltrepresentasjonar, innanfor mandata deira og innanfor ramma av dei føreliggjande ressursane, til å fremje medvitsauking og til å leggje til rette for opplæring og kapasitetsbygging i nært samarbeid med vertslanda.

Til forsida