St.meld. nr. 28 (2008-2009)

Om samarbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2008

Til innhaldsliste

16 Ministererklæring i høve 60-årsdagen for verdserklæringa om menneskerettane

Vi, medlemmene i Ministerrådet i OSSE, stadfestar vår sterke skyldnad til verdserklæringa om menneskerettane, som vart vedteken av generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane 10. desember 1948.

I høve 60-årsdagen for vedtakinga av verdserklæringa forpliktar vi oss på ny til å handle i samsvar med føremåla og prinsippa i FN-pakta og med verdserklæringa om menneskerettane.

I pakt med Sluttakta frå Helsingfors understrekar vi prinsippa som er nedfelde der om tilhøvet mellom deltakarstatane, særleg respekten for menneskerettane og grunnleggjande fridomar.

Vi understrekar at alle menneskerettane er universelle.

Vi er framleis forplikta til å respektere menneskeverdet, slik det er nedfelt i verdserklæringa og relevante OSSE-dokument som vi har vedteke.

Vi erklærer at rettane som er nedfelde i verdserklæringa, framleis er relevante.

Vi stadfestar at vi vil sikre full gjennomføring av OSSE sine skyldnader til den menneskelege dimensjonen. Alle OSSE sine skyldnader, utan unntak, gjeld likt for alle deltakarstatane.

Vi stadfestar det ubrytelege sambandet mellom å sikre respekt for menneskerettane og å halde ved lag fred, rettferd, velferd og stabilitet, som er anerkjent av OSSE-omgrepet felles og full tryggleik.

Vi stadfestar, samtidig som vi tek omsyn til prinsippa som ligg til grunn for samkvemmet mellom deltakarstatane som er nedfelde i Sluttakta frå Helsingfors, at skyldnadene som vi har teke på oss på området OSSEs menneskelege dimensjon, har direkte og legitim interesse for alle deltakarstatane og ikkje berre høyrer inn under ein bestemd stats indre saker, slik dette er fastsett i Moskva-dokumentet frå 1991.

Vi verdset det verdifulle bidraget frå OSSE for å fremje og verne rettane som er nedfelde i verdserklæringa. Vi verdset særleg arbeidet til Kontoret for demokratiske institusjonar og menneskerettar (ODIHR) med å hjelpe deltakarstatane, i samsvar med mandatet sitt, med å gjennomføre skyldnader innanfor den menneskelege dimensjonen.

I høve 10-årsdagen for kontoret til representanten for frie medium verdset vi arbeidet til denne institusjonen for å fremje sjølvstendige og pluralistiske medium, som er avgjerande for eit fritt og ope samfunn og ansvarlege system der styresmaktene er ansvarlege for handlingane sine. Vi oppmodar deltakarstatane og samarbeidspartnarane til å skape eit miljø der frie og sjølvstendige media kan bløme.

I høve 15-årsdagen for Høgkommissæren for nasjonale minoritetar verdset vi den rolla som Høgkommissæren spelar.

Vi er framleis forplikta til å byggje, tryggje og styrkje demokratiet i landa våre.

Vi er framleis forplikta til rettsstatlege prinsipp og retten til likt vern etter loven for alle, grunna på respekt for menneskerettane og effektive, tilgjengelege og rettferdige rettsskipnader.

Vi understrekar at alle har rett til liv, fridom og personleg tryggleik, ingen skal haldast i slaveri, og ingen må torturerast, pinast eller straffast på umenneskeleg eller nedsetjande vis.

Vi erkjenner at menneskerettane er mest respektert i demokratiske samfunn, der vedtak vert tekne med størst mogleg openskap og brei deltaking. Vi støttar eit pluralistisk sivilsamfunn og oppmodar til partnarskap mellom ulike interessentar for å fremje og verne menneskerettane.

Vi tek opp att at alle har rett til tankefridom, samvitsfridom, religions- eller trusfridom og meinings- og ytringsfridom og rett til fritt å vere med på møte og i organisasjonar med fredelege formål. Desse rettane og fridomane skal ikkje vere avgrensa av anna enn det lova slår fast, og som er i samsvar med skyldnadene våre etter folkeretten og med dei internasjonale skyldnadene våre.

Til forsida