St.meld. nr. 28 (2008-2009)

Om samarbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2008

Til innhaldsliste

6 Partnarsamarbeid

Dei elleve partnarlanda til OSSE er Japan, Sør-Korea, Thailand, Afghanistan, Mongolia, Algerie, Egypt, Israel, Jordan, Marokko og Tunis. Partnarlanda deltek i ulike OSSE-aktivitetar, mellom anna på møta i Det faste rådet i OSSE.

I samarbeidet og dialogen med partnarlanda i Asia vart det i 2008 lagt vekt på vidare utdjuping av dialogen innanfor OSSE sine tre dimensjonar, kontinuitet og oppfølging av tidlegare tilrådingar, samt fremjing av og støtte til nye initiativ frå dei asiatiske partnarane si side. Arbeidet har vore konsentrert om antiterrorisme, grenseforvalting og grensetryggleik, politisamarbeid og kampen mot menneskehandel. Japan har vidareført arbeidet sitt for å setje menneskeleg tryggleik på OSSE-dagsordenen, eit arbeid som vi òg stør opp om frå norsk side.

Vedtaket i Madrid var det første der OSSE vedtok eit samarbeidsprogram med eit partnarland. Styrkt grensetryggleik mellom dei sentralasiatiske deltakarlanda og Afghanistan vil vere eit viktig tilskot til større stabilitet og tryggleik i OSSE-regionen. Dette har vore ei viktig oppgåve i 2008.

Det er utarbeidd ein prosjektpakke som omfattar hjelp til afghansk grensepoliti og tollvesen, samt for eit mogeleg engasjement inne i Afghanistan. Det har hittil ikkje lukkast å oppnå semje om prosjektpakken som heilskap på grunn av ulike syn når det gjeld spørsmålet om eit OSSE-engasjement inne på afghansk territorium. I mellomtida har ein starta opp arbeidet med einskilde prosjekt innanfor pakken. Noreg stør OSSE sitt samarbeid med Afghanistan, og vi har i 2008 ytt ca. 5 millionar kroner til grenseovervakings- og tollopplæringsprosjekt i regionen.

Den årlege konferansen med partnarlanda i Asia vart for første gong halde i Kabul i oktober 2008. Hovudtemaa var tryggingsutfordringane i Afghanistan og dei tryggingsmessige følgjene for Sentral-Asia samt kva OSSE kan gjere for å stø opp om det internasjonale engasjementet i Afghanistan. Afghanske styresmakter ønskjer eit styrkt samarbeid med OSSE, mellom anna i samband med presidentvalet i 2009.

Samarbeidet med Afghanistan vil framleis vere prioritert for OSSE. Noreg vil støtte eit styrkt OSSE-engasjement på områda grensetryggleik, politireform og valspørsmål.

OSSE har eit partnarsamarbeid med somme middelhavsland. Deltakarlanda i OSSE har årlege møte med partnarlanda i middelhavsområdet. OSSE si tilnærming til regional tryggleik var hovudspørsmålet på det årlege middelhavsseminaret, som i 2008 vart arrangert i Amman. Dialogen med middelhavspartnarlanda har dessverre så langt ikkje gjeve dei ønskte politiske resultata.

Til forsida