St.meld. nr. 3 (2004-2005)

Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 2004

Til innhaldsliste

5 Statens petroleumsfond

Inntektene og utgiftene til Statens petroleumsfond er definerte i lov 22. juni 1990 nr. 36 om Statens petroleumsfond. Inntektene er summen av staten sin netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, som vert overført frå statsbudsjettet, inntekt frå sal av aksjar i Statoil og avkastinga på formuen i fondet. Utgiftene til fondet er ei årleg overføring frå fondet etter vedtak i Stortinget 1. Med utgangspunkt i innstillinga frå finanskomiteen ved handsaminga av lova om fondet, er det etablert som praksis at overføringa svarer til det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet. Tabellane 5.1 og 5.2 syner balansen og resultatrekneskapen for Statens petroleumsfond. Rekneskapen for fondet er ikkje ein del av statsrekneskapen, men tala vert presenterte her til orientering.

Rekneskapen for Petroleumsfondet vert ført etter dei same retningslinene som rekneskapen elles i Noregs Bank. Frå 1999 vert rekneskapen ført etter prinsippet om marknadsverdi.

I 2004 hadde Statens petroleumsfond inntekter utan omvurderingar på til saman 236 662 mill. kroner. Kontantstraumen frå petroleumsverksemda til staten utgjorde den største delen av desse inntektene med 203 407 mill. kroner. Dei bokførte renteinntektene og utbyte frå selskapa i porteføljen m.v. utgjorde til saman 33 255 mill. kroner i 2004. Etter vedtak i nysaldert budsjett 2004 vart det overført 80 727 mill. kroner frå Petroleumsfondet til statsbudsjettet i 2004. Overskotet i fondet etter nasjonalrekneskapen sine definisjonar vart dermed 155 935 mill. kroner.

Omvurderingane i rekneskapen for Statens petroleumsfond i 2004 utgjorde i alt -1 306 mill. kroner. Av dette var 21 581 mill. kroner realiserte verdipapirvinstar, og 28 576 mill. kroner var urealiserte vinstar. Resultatet frå terminhandlar i valuta, frå handlar i futures-marknaden, frå handlar i opsjonar og frå aksje- og rentebytteavtalar utgjorde -4 827 mill. kroner. Valutakurstapet var 46 636 mill. kroner, dvs. reduksjonen i verdien til fondet målt i norske kroner som følgjer av auken av kronekursen i 2004. Vidare vart det selt Statoil-aksjar for 9 859 mill. kroner i 2004. Medrekna omvurderingar og sal av Statoil-aksjar vart det dermed eit overskot i fondet i 2004 på til saman 164 488 mill. kroner.

Kontantstraumen frå petroleumsverksemda, medrekna sal av Statoil-aksjar og med frådrag for overføringa til statsbudsjettet, utgjer netto avsetjing til fondet over statsbudsjettet. Denne netto avsetjinga var 132 539 mill. kroner i 2004. Overføringane frå statskassa til fondet vart fordelt slik:

  • 7,0 mrd. kroner 30. januar,

  • 6,9 mrd. kroner 27. februar,

  • 8,2 mrd. kroner 31. mars,

  • 8,1 mrd. kroner 30. april,

  • 9,1 mrd. kroner 28. mai,

  • 12,4 mrd. kroner 30. juni,

  • 14,6 mrd. kroner 30. juli,

  • 16,6 mrd. kroner 31. august,

  • 20,9 mrd. kroner 30. september,

  • 21,8 mrd. kroner 29. oktober og

  • 13,4 mrd. kroner 30. november.

Overføringane summerer seg til 139 mrd. kroner. I overføringa 30. april var det inkludert 2 465 mill. kroner som var for lite overført i 2003. Etter å ha korrigert for dette, er det overført 136,5 mrd. kroner som gjeld 2004. Dette er nær 4 mrd. kroner meir enn netto avsetjing til Petroleumsfondet etter statsrekneskapen. I kapitalrekneskapen per 31. desember 2004 er denne differansen ført opp som ei mellomrekning mellom fondet og statskassa. I tråd med tidlegare praksis legg ein opp til at det vert korrigert for denne mellomrekninga saman med ei overføring til fondet tidleg i 2005.

Etter å ha korrigert for mellomrekninga med statskassa og trekt frå samla godtgjering til Noregs Bank, syner rekneskapen at den bokførte verdien av fondet ved utgangen av 2004 var på 1 011,5 mrd. kroner. Dette svarte òg til marknadsverdien, jf. at rekneskapen vert ført til marknadsverdi.

Midlane i Petroleumsfondet vert plasserte i både renteberande verdipapir og eigenkapitalinstrument. Noregs Bank forvaltar Petroleumsfondet etter oppdrag frå Finansdepartementet. Finansdepartementet har i forskrift og i brev til banken definert nærare retningsliner for forvaltinga. I forskrifta om forvaltinga av fondet heiter det at Finansdepartementet skal definere ein såkalla referanseportefølje som dannar grunnlaget for risikostyringa. Referanseporteføljen er sett saman slik at han skal representere ein nøytral investeringsstrategi innanfor dei retningslinene Finansdepartementet har gitt. Vidare har Finansdepartementet fastsett ei ramme for kor mykje dei faktiske investeringane kan avvike frå referanseporteføljen, målt ved risikomålet relativ volatilitet. Relativ volatilitet er definert som det forventa standardavviket til avkastinga til den såkalla differanseporteføljen, som utgjer skilnaden mellom referanseporteføljen og den faktiske porteføljen, jf. nærare omtale i St. meld. nr. 1 (1997-98) Nasjonalbudsjettet 1998. Ramma for relativ volatilitet har vore 1,5 prosentpoeng sidan målet vart innført i 1998. Referanseporteføljen er sett saman av 60 pst. renteberande instrument og 40 pst. eigenkapitalinstrument.

Den 1. mars 2005 offentleggjorde Noregs Bank årsrapporten for Statens petroleumsfond. Årsrapporten følgjer denne meldinga som utrykt vedlegg. I dokumentasjonsdelen i den vedlagte årsrapporten for fondet er det gitt ei samla liste over fondet sine aksjar og obligasjonar. For alle aksjeinvesteringane er det oppgitt namn på selskapet, marknadsverdi av aksjeposten og eigardel i selskapet. For obligasjonar er det oppgitt namn på utferdaren eller motparten og marknadsverdi av plasseringa. Alle investeringane er fordelte etter land.

Årsrapporten til Noregs Bank for Petroleumsfondet skildrar korleis den særskilde porteføljen av utanlandske verdipapir som svarer til fondet sin konto i banken, vart forvalta i 2004. Den bokførte verdien av den særskilde porteføljen var 1 015,5 mill. kroner ved utgangen av 2004. Avkastinga på dei utanlandske investeringane i fondet vart på 8,9 pst. for heile 2004 når ein målar i utanlandsk valuta i samsvar med valutasamansetjinga til referanseporteføljen. Når ein fordeler avkastinga på aksje- og obligasjonsporteføljane, syner tala at aksjeinvesteringane ga ei avkasting på 13,0 pst., medan avkastinga på obligasjonsinvesteringane utgjorde 6,1 pst. Den vekta summen av avkastinga i dei to aktivaklassane svarar ikkje nøyaktig til totalavkastinga. Årsaka er at avkastingstala av året er bygde opp ved å kjede månadlege avkastingstal for aktivaklassane og for totalen kvar for seg. Verdien av den norske krona styrka seg mot valutakorga til Petroleumsfondet i 2004. Dette førte til at verdien av fondet målt i norske kroner vart tilsvarende mindre. For heile året var totalavkastinga 3,9 pst. målt i norske kroner. Det er likevel avkastinga i utanlandsk valuta som er mest relevant når ein skal vurdere utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet. Den reelle avkastinga målt i utanlandsk valuta er utrekna til 6,4 pst. 2.

Det var variasjon i avkastinga mellom kvartala i 2004, særleg for aksjeporteføljen. I 3. kvartal var avkastinga for aksjeinvesteringane (utan Miljøfondet) negativ med 1 pst. målt i utanlandsk valuta, medan ho var positiv i alle dei andre kvartala, størst var ho i 4. kvartal med 7,9 pst.

Tala for avkasting er bruttotal på den måten at forvaltingskostnadene ikkje er trekte frå. I resultatoppstillinga for fondet i tabell 5.2 er forvaltingskostnadene trekte frå. Dei samla kostnadene til forvaltinga vert dekte av avkastinga til fondet i samsvar med forvaltingsavtalen mellom Finansdepartementet og Noregs Bank. For 2004 utgjorde dei samla kostnadene for Petroleumsfondet 0,079 pst. av kapitalen. Dette omfattar ikkje avkastingsavhengige honorar til eksterne forvaltarar. Samla utgjorde forvaltingsgodtgjeringa til Noregs Bank 984 mill. kroner i 2004. Ein viser til den vedlagte årsrapporten for fondet for nærare omtale. I tillegg har Noregs Bank trekt ut 4 mill. kroner frå avkastninga til dekking av rådgivingstenester som banken har ytt til Finansdepartementet. Dette er ei ny ordning som vart fastsett i samband med avtalen mellom Noregs Bank og Finansdepartementet om strategisk rådgiving av 21. juni 2004.

Det særskilde Miljøfondet vart lagt ned 1. desember 2004 og midlane vart overført til den ordinære aksjeporteføljen. Miljøfondet hadde i 2004 (t.o.m. november) ei avkasting på 8,7 pst. målt i fondet si valutakorg.

Finansdepartementet har ei viktig oppgåve i å evaluere korleis Noregs Bank forvaltar midlane i fondet. Departementet har i 2004 nytta det britiske konsulentselskapet Mercer til å utarbeide ein rapport om forvaltinga av fondet. Rapporten vil verte tilgjengeleg på internettsidene til Finansdepartementet (www.odin.dep.no/fin).

Noregs Bank si forvalting av Petroleumsfondet vert revidert av revisjonen til Noregs Bank, men Riksrevisjonen utfører òg eigne kontrollhandlingar. Noregs Banks revisjon er underlagt representantskapen, som er oppnemnt av Stortinget. Alle viktige rapportar som Noregs Bank sender ut om Petroleumsfondet, er stadfesta av revisjonen til Noregs Bank. Den overordna revisjonen av Petroleumsfondet er lagt til Riksrevisjonen, og Riksrevisjonen byggjer revisjonen sin på det arbeidet som vert utført av revisjonen til Noregs Bank.

Tabell 5.1 Balanse for Statens petroleumsfond ved utgangen av 2004 (tal i mill. kroner)

Aktiva   Passiva  
Konto i Noregs Bank 1)2)1 015 471Eigenkapital1 011 540
Mellomrekning med statskassa3)3 931
Sum1 015 471Sum1 015 471

1) I samsvar med forskrifta for forvalting av Statens petroleumsfond av 19. november 2004 er fondet plassert på ein særskild konto i form av kroneinnskot i Noregs Bank. Noregs Bank skal plassere desse midlane i sitt eige namn i aktiva denominerte i utanlandsk valuta. Denne særskilde porteføljen fordelte seg på desse instrumenta per 31.12.04 (tal i mill. kroner):

Kortsiktige fordringar inkl. innskot i utanlandske bankar9 154
Pengemarknadsplasseringar i utanlandske finansinstitusjonar mot tryggleik i verdipapir380 117
Innlån frå utanlandske finansinstitusjonar mot tryggleik i verdipapir-406 194
Utanlandske renteberande verdipapir631 256
Utanlandske aksjar407 673
Regulering av terminkontraktar og derivater-5 548
Samla portefølje før forvaltingsgodtgjering1 016 459
Påløpt forvaltingsgodtgjering-988
Samla portefølje, rekneskapsført verdi1 015 471

2) Per 31.12.04 hadde fondet kjøpt børsnoterte futures med ein samla marknadsverdi på 114 744,3 mill. kroner og selt børsnoterte futures på 118 994,4 mill. kroner. Det var kjøpt opsjonar på futures med ein samla marknadsverdi på 3 992,5 mill. kroner og selt opsjonar på futures med ein samla marknadsverdi på 2 231,8 mill. kroner. Ved utgangen av 2004 hadde fondet kontraktar om kjøp og sal av valuta på termin for til saman 16 838,0 mill. kroner. Det var kjøpt rentebyteavtalar med ein samla marknadsverdi på 385 089,1 mill. kroner og seld rentebyteavtalar med ein samla marknadsverdi på 390 663,2 mill. kroner. Det var kjøpt aksjebyteavtalar med ein samla marknadsverdi på 9 489,2 mill. kroner og selt aksjebyteavtalar med ein samla marknadsverdi på 8 115,8 mill. kroner.

3) Statsrekneskapen syner at netto avsetjing til Petroleumsfondet i 2004 vart 3 931 mill. kroner lågare enn det som faktisk vart overført frå statskassa til fondet i 2004. Denne differansen utgjer per. 31.12.04 ei gjeld for fondet på statskassa som vert innløyst etter utløpet av budsjetterminen, i form av ein reduksjon i overføringa til fondet i 2005.

Renterisikoen for fondet sine plasseringar, målt ved den modifiserte durasjonen, var 5,6 pst. per 31. desember 2004.

Tabell 5.2 Resultatrekneskap for Statens petroleumsfond (tal i 1 000 kroner)

KapPostTekst20032004
INNTEKTER:
5507Skatt og avgift på utvinning av petroleum:
71Ordinær skatt på formue og inntekt36 818 96643 177 321
72Særskatt på oljeinntekter60 279 58470 443 171
73Produksjonsavgift765 452716 693
74Arealavgift m.v.459 922495 922
Sum kap 550798 323 923114 833 107
550870Avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemd på kontinentalsokkelen3 056 1473 309 297
5440Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda: Petroleumsverksemda
01Pro- et kontra-oppgjeret51 006118 986
24Driftsresultat62 695 76176 804 887
30Avskrivingar14 092 01314 609 777
31Sal av SDØE-delar00
50Overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond1 482 152490 368
80Renter6 390 0776 666 301
81Renter, sal av SDØE-delar00
85Renter på mellomrekneskapen2 01611 081
Sum kap 544084 713 02498 701 401
5442Disponering av innretninger på kontinentalsokkelen
80Tilbakeføring av tilskudd1 955
568580Utbyte STATOIL5 133 4895 221 997
81Renter, ansvarleg lån00
82Renter m.m. Sal av aksjar00
Sum kap 5442/56855 133 4895 223 952
UTGIFTER:
2440SDØE:
22Fjerningsutgifter2 875-15
25Pro- et kontra-oppgjeret208 90598 462
30Investeringar16 038 21117 323 845
50Overføring til Statens petroleumsforsikringsfond980 6001 113 000
Sum kap 244017 230 59118 535 291
2442Disponering av innretningar på norsk kontinentalsokkel:
21Spesielle driftsutgifter00
70Tilskot113 492125 261
2443Forvaltingsselskap for SDØE:
70Administrasjon220 0000
Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda:
Overført til Statens petroleumsfond frå statsbudsjettet173 662 501203 407 204
Renteinntekter og utbyte m.v. 1)25 767 56033 255 122
Sum inntekter Statens petroleumsfond199 430 061236 662 326
UTGIFTER:
Overført frå Statens petroleumsfond til statsbudsjettet62 844 00080 726 900
Overskot i Statens petroleumsfond136 586 061155 935 426

1) Netto overskotsavtaler vert førte under kapitlet for driftsinntekter og –utgifter for Statens direkte økonomiske engasjement (kap 5440, post 24). I 2004 utgjorde netto overskotsavtaler føljande (tusen kroner):

Inntekter209 134
- utgifter187
= Netto208 948

2) Dette talet utgjer i 2004 summen av desse postane (tal i 1000 kroner):

Renteinntekter26 046 307
Utbyte8 246 151
Kurtasje-49 031
Forvaltingsgodtgjering-984 136
Rådgivingstenester-4 169
Sum33 255 122
    MEMO:20032004
Overskot136 586 061155 935 426
Resultat sal av Statoilaksjar m.v.09 858 596
Valutakursvinst/tap45 985 725-46 635 797
Urealiserte verdipapirvinstar/tap55 786 97628 575 975
Realiserte verdipapirvinstar633 10321 581 006
Resultat terminhandel valuta-976-155 521
Resultat futures-kontraktar2 175 712251 854
Resultat opsjonar21 021
Resultat aksjebytte257393 109
Resultat rentebytte1 292 862-5 337 664
= Overskot inkl. omvurderingar242 459 720164 488 005
Inngåande saldo604 592 088847 051 808
Saldo i Statens petroleumsfond per 31.12.847 051 8081 011 539 812

Tabell 5.3 Resultat sal av aksjar i Statoil m.v.

KapPostTekst20032004
INNTEKTER:
4811Statoil ASA
90Sal av aksjar09 858 596
91Avdrag, ansvarleg lån00
Sum kap 481109 858 596

Fotnotar

1.

Overføringa frå fondet til statskassa vert fastsett i samband med Stortinget si handsaming av nysaldert budsjett i desember.

2.

I utrekninga av realavkastinga har Noregs Bank deflatert med ein vekta sum av konsumprisauken i dei landa som var i fondet sin referanseportefølje i 2004.

Til forsida