St.meld. nr. 3 (2007-2008)

Statsrekneskapen for 2007

Til innhaldsliste

2 Departementsvise omtaler

I dette kapittelet er det gjeve ein kort omtale av dei enkelte departementa og statsbankane. Oversikta viser utviklinga på utgiftsområda dei seinare åra. Under kvart programområde blir rekneskapen for 2005, 2006 og 2007 vist saman med nysaldert budsjett for 2007.

Rekneskapen blir i utgangspunktet gjort opp på kapittel- og postnivå. Dei rekneskapsmessige overføringane frå eit år til det neste blir avgjorde på postnivå. Unytta beløp kan overførast på poster merka «kan overførast», mens ein for vanlege driftspostar berre kan overføre inntil fem prosent av løyvinga. Eit programområde inneheld mange postar, og summen av overførde beløp vil difor ikkje vere den same som summen av unytta utgifter sett i forhold til løyvinga på programområdet under eitt.

Som følgje av avrundingar vil det kunne vere avvik mellom sumtalet i tabellen og summen av dei enkelte tala ovafor. Det er lagt til grunn at sumtalet skal vere i tråd med rekneskapstalet for departementet under eitt.

2.1 Konstitusjonelle institusjonar

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2005Rekneskap 2006Budsjett 2007Rekneskap 2007
00.10Det kongelege hus133,2145,8162,5162,5
00.30Regjeringa236,8231,8240,7243,0
00.40Stortinget og underliggande institusjonar1 188,51 167,81 217,31 211,4
Sum utgifter1 558,41 545,41 620,51 616,9

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei mindreutgift på 3,6 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 11 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 14,6 mill. kroner. Det er overført 9,5 mill. kroner mindre frå 2007 til 2008 enn frå 2006 til 2007. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette, viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 24,1 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

Frå 2005 til 2007 har utgiftene på programkategori 00.10 Det kongelege hus auka med 22 prosent, frå 133,2 mill. kroner til 162,5 mill. kroner. Det er ikkje avvik mellom budsjett og rekneskap for 2007. Utgiftene under programkategori 00.30 Regjeringa viste ein liten reduksjon frå 2005 til 2006 og ein auke på 4,8 prosent frå 2006 til 2007.

Trenden i rekneskapen for programkategori 00.40 Stortinget og underliggjande institusjonar viste ein liten reduksjon frå 2005 til 2006 og ein auke på 3,7 prosent frå 2006 til 2007.

2.2 Utanriksdepartementet

Utanriksdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: Programområde 02 Utanriksføremål (driftsutgifter for utanrikstenesta, utanom administrasjon av utviklingshjelpa, presse- og kulturtiltak og norske medlemskontingentar til internasjonale organisasjonar) og programområde 03 Internasjonal hjelp (den offisielle utviklingshjelpa, ODA).

Programområde 02 Utanriksføremål(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2005Rekneskap 2006Budsjett 2007Rekneskap 2007
02.00Administrasjon av utanrikstenesta1 509,21 582,81 574,81 586,5
02.10Utanriksføremål1 180,51 014,81 833,51 813,2
Sum utgifter2 689,72 597,63 408,23 399,7

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei mindreutgift på 8,5 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 34,4 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 42,9 mill. kroner. Det er overført 6,7 mill. kroner meir frå 2007 til 2008 enn frå 2006 til 2007. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 36,2 mill. kroner.

Avvik mellom disponibel løyving og rekneskap i 2007 var i hovudsak knytt til finansieringsordninga under EØS-avtala.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2005 til 2007 har det vore ein auke i utgiftene på om lag 26 prosent, frå 2 689,7 mill. kroner til 3 399,7 mill. kroner. Auken kjem i hovudsak frå auka løyvingar og utgifter til finansieringsordningane under EØS-avtala.

Programområde 03 Internasjonal bistand(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2005Rekneskap 2006Budsjett 2007Rekneskap 2007
03.00Administrasjon av utviklingshjelpa776,5937,0998,91 005,7
03.10Bilateral bistand2 933,53 351,73 870,43 853,0
03.20Globale ordningar8 352,78 036,88 840,78 832,7
03.30Multilateral bistand5 919,66 430,87 052,77 087,1
SumOffisiell utviklingshjelp (ODA)17 982,318 756,320 762,720 778,5
03.50Anna bistand1)259,9286,80,00,0
Sum utgifter18 242,219 043,020 762,720 778,5

1) Programkategori 03.50, kapittel 0197 er frå 2007 flytta til programkategori 02.10, kapittel 0118 Nordområdetiltak m.m.

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei meirutgift på 15,8 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 10,9 mill. kroner, viser programområdet ei meirutgift på 4,9 mill. kroner. Det er overført 6,5 mill. kroner meir frå 2007 til 2008 enn frå 2006 til 2007. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, viser programområdet samla sett ei meirutgift på 11,4 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I 2007 blei det betalt ut 20 778,5 mill. kroner i offisiell utviklingshjelp. Den nominelle auken frå 2005 til 2007 var på 2 536,3 mill. kroner eller om lag 14 prosent.

Auka internasjonal bistand

Utbetalt ODA-godkjend utviklingshjelp i 2007 utgjorde 0,90 prosent av bruttonasjonalinntekta (BNI). Vedteke budsjett for 2007 var basert på ei ramme tilsvarande 0,97 prosent av BNI, jf. Budsjett. innst. S. nr. 3 (2006 – 2007). Nedgangen i den ODA-godkjende utviklingshjelpa som andel av BNI, har si årsak i at BNI auka sterkt i perioden, særleg grunna høge oljeprisar.

Oversikta nedanfor viser utbetalingar av offisiell utviklingshjelp (nominelle tal) i perioden 2005 – 2007, i prosent av BNI og unytta løyving overført til neste budsjettermin:

ÅrUtbetalt i kronerUtbetalt i prosent av BNIUnytta løyving overført til neste terminOverført i prosent av budsjett
200517 9820,92346 mill. kroner1,9 prosent
2006*2007*18 75620 7780,870,90275 mill. kroner271 mill. kroner1,5 prosent1,3 prosent

* BNI-andel berekna på grunnlag av foreløpige nasjonalrekneskapstal.

2.3 Kunnskapsdepartementet

Programområde 07 Kunnskapsdepartementet(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2005Rekneskap 2006Budsjett 2007Rekneskap 2007
07.10Administrasjon214,3239,7244,1252,8
07.20Grunnopplæring1)17 363,121 445,85 253,95 351,7
07.30Barnehagar1)18 099,318 112,4
07.40Anna tiltak i utdanninga2)101,6
07.50Tiltak for å fremje kompetanseutvikling3)1 099,1824,01 062,31 067,2
07.60Høgare utdanning og fagskoleutdanning19 270,420 333,320 943,020 917,6
07.70Forsking4)6 062,517 295,713 482,113 475,8
07.80Utdanningsfinansiering25 896,426 065,127 147,826 987,9
Sum utgifter70 007,586 203,686 232,586 165,4

1) Frå 2007 er barnehagar flytta frå kategori 07.20 Grunnopplæring til kategori 07.30 Barnehagar.

2) Løyving til særlege IKT- tiltak blei i 2006 flytta frå kategori 07.40 Anna tiltak i utdanninga, til kategori 07.20 Grunnopplæringa.

3) Løyving til fagskoler blei i 2006 flytta frå kategori 07.50 Tiltak for å fremje kompetanseutvikling, til kategori 07.60 Høgare utdanning og fagskoleutdanning.

4) Løyvinga over kategori 07.70 varierer mykje grunna ulike avsetjingar til Fondet for forsking og nyskaping mellom åra. Korrigert for kapitalinnskot i Fondet er det ein auke i løyvinga over kategorien, jf. omtale nedanfor.

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei mindreutgift på 67,1 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 69,7 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 136,8 mill. kroner. Det er overført 2,1 mill. kroner meir frå 2007 til 2008 enn frå 2006 til 2007. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 134,7 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

Utgiftene til barnehageføremål har i perioden 2005–2007 auka frå 11,9 mrd. kroner i 2005 til 18,1 mrd. kroner i 2007, det gjev ein nominell vekst på 52 prosent. Mykje av auken kjem av at stadig fleire barn får plass i barnehage, og at staten dekkjer store delar av utgiftene ved etablering og drift av nye barnehageplassar. Det statlege driftstilskotet blei i tillegg auka for å finansiere reduksjonen i maksimalgrensa for foreldrebetalinga frå 2 750 kroner til 2 250 kroner per månad frå 1. januar 2006.

Grunnskolen blir i hovudsak finansiert gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane. I perioden 2005–2007 er dei nominelle utgiftene til grunnopplæring på programkategori 07.20 redusert frå om lag 5,5 mrd. kroner til om lag 5,2 mrd. kroner, korrigert for utskiljing av løyvinga til barnehagar. Årsakene til reduksjonen er overføring av nokre tilskot til rammetilskotet til kommunane. I tillegg blei det i 2007 løyvd til saman 373 mill. kroner til gratis læremiddel for elevar i vidaregåande opplæring gjennom rammetilskotet til fylkeskommunane, Statens lånekasse for utdanning og dei øyremerka tilskota til private og statlege skolar. Same året blei det løyvd 87 mill. kroner til gratis frukt og grønt for alle elevar på skolar med ungdomstrinn gjennom rammetilskotet til kommunane og dei øyremerka tilskota til private og statlege skolar.

Auken i løyvinga over programkategori 07.50 skriv seg mellom anna frå at Noreg frå 2007 tek del i EUs handlingsprogram for livslang læring 2007–2013. Løyvinga til programmet i 2007 var på til saman 143 mill. kroner, der om lag 100 mill. kroner blei overført frå program som tidlegare har vore finansierte over andre programkategoriar under Kunnskapsdepartementet.

Kvalitetsreforma blei fullfinansiert i 2004 og er framleis ei prioritert oppgåve for universitet og høgskolar. I 2006 blei det løyvd midlar til å opprette 350 nye stipendiatstillingar og 500 nye studieplassar i lærarutdanningane over budsjetta til universitet og høgskolar. I 2007 blei basisløyvingane til universitet og høgskolar på programkategori 07.60 reelt redusert med 274,3 mill. kroner. Nedgangen i løyvingane blei mellom anna sett i samanheng med nivået på avsetjingane i sektoren.

Løyvingane til langsiktig, grunnleggjande forsking har auka i perioden 2005–2007. Den nominelle auken i forskingsløyvingane frå Kunnskapsdepartementet var i overkant av 1 020 mill. kroner i perioden 2005–2007, jf. statsbudsjettanalysen frå NIFU STEP. Nedgangen frå 2006 til 2007 over programkategori 07.70 skriv seg frå at kapitalauken i Fondet for forsking og nyskaping for 2006 var 14 mrd. kroner, medan han i 2007 var 10 mrd. kroner.

Dei siste åra har det òg blitt løyvd ekstra midlar til utdanningsfinansiering, i hovudsak som følgje av prisjustering og auka tal på stønadsmottakarar i ordinær vidaregåande opplæring.

2.4 Kultur- og kyrkjedepartementet

Programområde 08 Kultur- og kyrkjeføremål(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2005Rekneskap 2006Budsjett 2007Rekneskap 2007
08.10Administrasjon m.m.533,1549,2610,9616,8
08.20Kulturføremål3 990,84 128,84 458,24 465,7
08.30Film- og medieføremål781,7850,7873,4879,1
08.40Den norske kyrkja1 206,31 293,71 307,71 352,9
Sum utgifter6 512,06 822,57 250,27 314,5

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei meirutgift på 64,3 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 64,8 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 0,5 mill. kroner. Det er overført 9,1 mill. kroner meir frå 2007 til 2008 enn frå 2006 til 2007. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, viser programområdet samla sett ei meirutgift på 8,6 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2005 – 2007 har det vore ein nominell utgiftsvekst på 12,3 prosent, frå 6 512,0 mill. kroner i 2005 til 7 314,5 mill. kroner i 2007.

Utgiftene under programkategori 08.10 Administrasjon m.m. var i 2007 på 616,8 mill. kroner. Dette er ein auke på 67,6 mill. kroner eller 12,3 prosent frå året før. Av denne auken gjekk 56 mill. kroner til trus- og livssynssamfunn m.m. under kap. 310 og frivillig verksemd under kap. 315.

Utgiftene til kulturføremål under programkategori 08.20 var i 2007 på 4 465,7 mill. kroner. Dette er ein auke på 336,9 mill. kroner eller 8,2 prosent frå året før.

Utgiftene til film- og medieføremål under programkategori 08.30 auka med 28,4 mill. kroner til 879,1 mill. kroner. Rekneskapen for kap. 335 var i 2007 306,5 mill. kroner. Av dette gjekk 251,8 mill. kroner til produksjonstilskot til aviser. Over kap. 334 blei det i 2007 nytta i alt 536,1 mill. kroner til filmproduksjon og andre filmføremål. Av dette gjekk 146,7 mill. kroner til drift av statlege verksemder og 389,4 mill. kroner til tilskot til produksjon av film og andre audiovisuelle produksjonar.

Utgiftene under programkategori 08.40 Den norske kyrkja var i 2007 på 1 352,9 mill. kroner. Dette er ein auke på 59,2 mill. kroner eller 4,6 prosent frå året før. Korrigert for meirinntekter, er utgiftsauken noko mindre enn auken i løyvingane frå 2006 til 2007. Dette kjem av at løyvingane til trusopplæringa og presteskapet ikkje blei nytta fullt ut i 2007.

Oppfølging av Kulturløftet

I Soria Moria-erklæringa er det lagt til grunn at det skal gjennomførast eit løft for kulturen og frivillig sektor gjennom målretta tiltak og ein generell styrking av kunst-, kultur- og frivillighetsføremål på statsbudsjettet. Kulturløftets mål er at 1 prosent av utgiftene på statsbudsjettet skal gå til kulturføremål innan 2014.

Utgiftsauken i 2007 utanom utgiftene til Den norske kyrkja under programkategori 08.40 og utgiftene til trussamfunn m.m. under kapittel 310 er knytt til oppfølging av Kulturløftet og utgjorde 406,2 mill. kroner i 2007. Utgiftsauken er i hovudsak fordelt på frivillig verksemd, allmenne kulturføremål, museum, biletkunst, musikk, scenekunst, språk, litteratur, bibliotek, arkiv og film- og medieføremål. Områda med størst auke var Det nasjonale museumsnettverket, Den Norske Opera, Nasjonalmuseet for kunst, teatra, orkestra og Stavanger europeisk kulturhovudstad i 2008.

2.5 Justis- og politidepartementet

Programområde 06 Justissektoren(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2005Rekneskap 2006Budsjett 2007Rekneskap 2007
06.10Administrasjon243,5267,3239,9264,0
06.20Rettsvesen1 689,91 926,11 971,12 041,1
06.30Kriminalomsorg2 198,92 373,52 446,42 628,6
06.40Politi- og påtalemakt8 686,69 124,09 264,19 610,4
06.50Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap1 205,51 240,91 193,51 206,4
06.60Andre verksemder683,8635,7697,3696,3
06.70Fri rettshjelp, erstatningar, konfliktråd m.v.949,1958,6971,5962,1
06.80Svalbardbudsjettet102,167,0122,3102,0
Sum utgifter15 759,416 593,116 905,917 510,9

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei meirutgift på 605 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 534,1 mill. kroner, viser programområdet ei meirutgift på 70,9 mill. kroner. Det er overført 343,2 mill. kroner mindre frå 2007 til 2008 enn frå 2006 til 2007. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette, viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 272,3 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2005 – 2007 har det vore ein nominell auke i utgiftene på om lag 11,1 prosent frå 15 759,4 mill. kroner i 2005 til 17 510,9 mill. kroner i 2007.

Om lag 80 prosent av utgiftene til justissektoren i 2007 er gått til straffesakskjeda, det vil seie til politiet, påtalemakta, rettsvesenet og kriminalomsorga. Hovudmåla i justissektoren for 2005 – 2007 har mellom anna vore redusert kriminalitet, god og effektiv konfliktførebygging og -løysing, sikre rettstryggleik for enkeltpersonar og grupper og auka samfunnstryggleik.

Programkategori 06.20 Rettsvesen viser ein auke i utgiftene frå 2005 til 2007 på om lag 20,8 prosent. Auken i utgiftene har mellom anna si årsak i at kapittel 413 Jordskifterettane blei overført frå Landbruksdepartementet i 2006. Rekneskapen for dette kapittelet var 165,6 mill. kroner i 2007. Auken i utgiftene har òg samanheng med innføring av ny tvistelov og igangsetjing av lokalprosjekt  i samband med strukturreforma ved domstolane. 

I 2006 la Regjeringa fram ein plan for avvikling av soningskøen innan 2009. Satsinga på tiltak for å auke kapasiteten i 2006 og 2007 har ført til at soningskøen er kraftig redusert. Programkategori 06.30 Kriminalomsorg viser ein auke i utgiftene frå 2005 til 2007 på om lag 19,5 prosent.

I 2007 blei opptaket på Politihøgskolen auka frå 360 til 432 studentar. Det blei i løpet av året gjeve ekstra løyvingar mellom anna til politiet. Innsatsen mot vald i nære relasjonar, tiltak mot gjengkriminalitet og nedkjemping av menneskehandel blei auka gjennom desse løyvingane. Programkategori 06.40 Politi- og påtalemakt viser ein auke i utgiftene frå 2005 til 2007 på om lag 10,6 prosent.

Utgiftene på programkategori 06.50 Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap viser eit jamt nivå i perioden 2005 til 2007. Beredskapen i nordområda er i perioden auka ved at døgnkontinuerleg vakthald ved redningshelikopterbasen i Bodø blei etablert i 2007. Vakthaldet ved basen i Banak blei oppretta i 2006, slik at begge basane i Nord-Noreg no er sikra døgnkontinuerleg vakthald.

På inntektssida blei tilleggsgebyret i avhaldne utleggsforretningar teke bort i 2007 og gebyret for krav om utleggsforretning blei redusert. Passgebyret for born blei redusert frå 420 kroner til 270 kroner frå 1. juli 2007.

2.6 Kommunal- og regionaldepartementet

Programområde 13 Kommunal- og regionaldepartementet(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2005Rekneskap 2006Budsjett 2007Rekneskap 2007
13.10Administrasjon262,0144,7242,3244,5
13.50Distrikts- og regionalpolitikk2 451,22 901,12 796,52 768,3
13.70Overføringar gjennom inntektssystemet48 681,153 964,657 811,357 863,5
13.80Bustad, bustadmiljø og bygg16 098,816 393,815 999,918 654,3
Sum utgifter67 493,173 404,276 850,079 530,6

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei meirutgift på 2 680,6 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 8,8 mill. kroner, viser programområdet ei meirutgift på 2 671,8 mill. kroner. Det er overført 1 247,7 mill. kroner mindre frå 2007 til 2008 enn frå 2006 til 2007. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette, viser programområdet samla sett ei meirutgift på 1 424,1 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

For programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk viser rekneskapen eit mindreforbruk på 28,2 mill. kroner samanlikna med budsjettet. Korrigert for overføringane frå 2006 er det eit mindreforbruk på utgiftspostane på 59,1 mill. kroner. Årsaka er at det tek lengre tid å fullføre enkelte av prosjekta enn det som blei lagt til grunn i budsjetteringa. Mindreforbruket på 59,1 mill. kroner vil bli overført til 2008.

Om ein held utanfor ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift og løyving til dekning av tap på risikolån og garantiar er det utbetalt om lag 189 mill. kroner meir i 2007 enn i 2006.

På programområde 13.70 Overføringar gjennom inntektssystemet til kommunar og fylkeskommunar er det ei meirutgift på 52,2 mill. kroner. Meirutgifta kjem i hovudsak av utbetalingar av forskot på rammetilskot for 2008 til kommunar. Departementet har fullmakt til forskotsutbetalinga jf. St.prp. nr. 1 (2006 – 2007) for Kommunal- og regionaldepartementet.

Under programkategori 13.70 var det frå 2006 til 2007 ein kraftig auke i overføringane gjennom inntektssystemet til kommunane og fylkeskommunane. Auken må sjåast i samanheng med Regjeringa si styrking av inntektene til kommunesektoren.

På programkategori 13.80 Bustad, bustadmiljø og bygg er det i 2007 ei meirutgift på 2 654,4 mill. kroner i høve til budsjettet. Korrigert for refusjonar, meirinntekter og overføringane frå 2006 er det ei meirutgift på utgiftspostane på 1 205,6 mill. kroner og ei meirinntekt på inntektspostane på 205,2 mill kroner. Eit mindreforbruk på einskilde postar på 171,1 mill. kroner blir overført til 2008 .

På låneposten til Husbanken er det ei meirutgift på om lag 1,6 mrd. kroner. Posten er ei overslagsløyving. Om lag 2 mrd. kroner av låneramma på 13 mrd. kroner blei ikkje nytta. Dette kjem i hovudsak av at lånevilkåra i den private kredittmarkeden har vore gode.

Korrigert for Husbanken sin lånepost er det ei mindreutgift på området på 412,6 mill. kroner i 2007 inkludert overføringar. Av mindreutgifta er 181,8 mill. kroner knytt til tilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar, kap. 586, postane 60 og 63. Årsaka er forseinkingar med å gjere ferdig omsorgsbustader under Opptrappingsplan for psykisk helse, mellom anna på grunn av stort press i byggjemarknaden. 92,7 mill. kroner av mindreutgifta er knytt til ordninga med rentekompensasjon for skoleanlegg og kyrkjebygg. Dette har samanheng med lågare rente i 2007 og forseinka avslutting av prosjekta. Vidare er 66,5 mill. kroner av mindreutgifta knytt til kompetansetilskotet og 28,9 mill. kroner er knytt til tilskot til bustad-, by- og stadsutvikling. Årsaka er at det tek lenger tid å avslutte prosjekta enn det som blei lagt til grunn i budsjetteringa. For begge postane er heile tilsegnsramma for 2007 nytta.

2.7 Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvaret for tre budsjettområde: Programområde 09 Arbeid og sosiale føremål, programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda og programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda.

Programområde 09 Arbeid og sosiale føremål(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2005Rekneskap 2006Budsjett 2007Rekneskap 2007
09.00Administrasjon1)164,84 319,59 868,09 819,6
09.20Tiltak for betra levekår, førebygging av rusmiddelproblem m.v.639,0512,2437,1431,0
09.30Arbeidsmarknad7 703,06 409,75 308,35 160,2
09.40Arbeidsmiljø og tryggleik699,1719,3699,9710,1
09.50Integrering og mangfald2)5 758,84 110,44 143,54 115,5
09.60Kontantytingar2 279,52 541,92 637,02 594,3
09.70Nasjonale minoritetar3)3,35,010,06,4
09.80Samiske føremål4)153,1171,6182,1185,9
09.90Beskyttelse og innvandring2)1 495,71 515,81 564,6
Sum utgifter17 400,520 285,324 801,724 587,6

1) For 2007 er tal flytta frå kategori 29.10 Administrasjon til kategori 09.00 Administrasjon.

2) For 2005 blei tal flytta frå kategori 13.20. Området låg tidlegare under Kommunal- og regionaldepartementet.

3) For 2005 blei tal flytta frå kategori 13.21. Området låg tidlegare under Kommunal- og regionaldepartementet.

4) For 2005 blei tal flytta frå kategori 13.40. Området låg tidlegare undre Kommunal- og regionaldepartementet.

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei mindreutgift på 214,1 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 347,7 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 561,8 mill. kroner. Det er overført 438,9 mill. kroner meir frå 2007 til 2008 enn frå 2006 til 2007. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 122,9 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

Administrasjon

Programkategorien viser ei mindreutgift på om lag 48 mill. kroner.

Det er overført 328,6 mill. kroner meir frå 2007 til 2008 enn frå 2006 til 2007. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert.

Dei samla utgiftene under programkategori 09.00 Administrasjon er auka frå 164,8 mill. kroner i 2005 til 9 819,6 mill. kroner i 2007. Auken heng i fyrste rekkje saman med at løyvinga til Arbeids- og velferdsetaten er ført opp under nytt kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten.

Arbeidsmarknaden

Programkategorien viser ei mindreutgift på om lag 148 mill. kroner.

Det er overført 146 mill. kroner meir frå 2007 til 2008 enn frå 2006 til 2007. Den økte overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, viser programomkategorien samla sett ei mindreutgift på 2 mill. kroner.

Dei samla utgiftene under programkategori 09.30 Arbeidsmarknad er redusert frå 7,7 mrd. kroner i 2005 til 5,2 mrd. kroner i 2007. Reduksjonen heng i fyrste rekkje saman med at løyvinga til Aetat er ført opp under nytt kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten, jf. omtalen under programkategori 09.00

Integrering og mangfald

Programkategori 09.50 Integrering og mangfald omfattar mellom anna integreringstilskotet, tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar og drift av Integrerings- og mangfaldsdirektoratet. Det er her eit mindreforbruk på 28 mill. kroner. Korrigert for overførte løyvingar frå 2006 til 2007 og meirinntekter, er det eit mindreforbruk på 47,5 mill. kroner. Det blir overført 4,5 mill. kroner til 2008.

Utgiftene på området heng mellom anna saman med talet på personar som utløyser integreringstilskot. Dette talet er noko lågare enn i 2006, men det har ikkje vore store variasjonar dei siste åra.

Mesteparten av mindreforbruket på området kjem av eit mindreforbruk på 3,7 prosent, eller 45 mill. kroner, på kapittel 651, post 61. Opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Denne tilskotsordninga blei endra i 2005, og deler av den blei midlertidig lagt om i 2007.

Beskyttelse og innvandring

Programkategori 09.90 Beskyttelse og innvandring omfattar mellom anna drift av statlege mottak og drift av Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda. Det er eit meirforbruk på området på 48,8 mill. kroner før korrigering. Korrigert for refusjonar, meirinntekter og overføringar frå 2006 er det eit mindreforbruk på 63,9 mill. kroner i 2007. Det blir overført 61,9 mill. kroner til 2008, slik at meirforbruket etter dette er 2,0 mill. kroner.

Utgiftene på området er særleg avhengig av talet på asylsøkjarar, talet på løyve/avslag, effektuering av avslag og busetjingstakta. I 2005 kom knapt 5 400 asylsøkjarar, i 2006 kom det om lag 5 300 asylsøkjarar, medan det i 2007 kom om lag 6 500 asylsøkjarar. Aukande antal asylsøkjarar blei særleg sterkare mot slutten av 2007. Når det gjeld søknad om opphaldsløyve utanom asylsaker, har talet auka jamt dei seinaste åra. I 2005 blei det motteke 66 000 søknader om opphald, i 2006 blei det motteke om lag 78 000 søknader, medan det i 2007 blei motteke 80 000 nye søknader.

Programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2005Rekneskap 2006Budsjett 2007Rekneskap 2007
29.10Administrasjon1)5 433,23 029,20,00,0
29.20Einslege forsørgjarar2)3 824,53 799,3
29.50Inntektssikring ved sjukdom, uførleik og rehabilitering3)77 858,783 034,799 818,399 762,5
29.60Kompensasjon for meirutgifter ved redusert funksjonsevne m.v.7 521,87 660,18 090,08 078,3
29.70Alderdom85 972,790 680,297 270,097 310,4
29.80Forsørgjartap m.v.1)6 591,36 500,72 558,82 537,8
29.90Diverse utgifter257,1149,5325,0236,4
Sum utgifter183 634,8191 054,6211 886,6211 724,6

1) Flytta til programkategori 09.00 frå 2007.

2) Flytta frå programkategori 29.80 til kapittel 2620 under ny programkategori 29.20.

3)Ytingar til yrkesretta attføring er i 2007 flytta frå programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda til nytt kapittel 2653 under programområde 29.

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei mindreutgift på 162 mill. kroner.

Det er overført 51 mill. kroner meir frå 2007 til 2008 enn frå 2006 til 2007. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 110,9 mill. kroner.

Sjukepengar

På bakgrunn av ei forventa reduksjon i talet på sjukepengedagar, blei løyvinga til sjukepengar redusert i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2007. På slutten av 2007 viste det seg at reduksjonen blei noko større enn tidlegare venta. Løyvinga blei difor hausten 2007 justert ned til 27 964 mill. kroner. Rekneskapen for 2007 viser utgifter på 27 966 mill. kroner, altså ei meirutgift på om lag 2 mill. kroner. Etter at folketrygda sine utgifter til sjukepengar har vakse kvart år frå 1995 til 2003, gjekk utgiftene ned i 2004 og 2005 før dei igjen auka i 2006 og 2007. I 2007 var veksten i utgiftene på 4,3 prosent samanlikna med 2006.

Talet på sjukepengedagar per sysselsett arbeidstakar som folketrygda har betalt for, gjekk ned frå 11,8 arbeidsdagar i 2006 til 11,5 arbeidsdagar i 2007. Om vi tek omsyn til at sjukemeldte med graderte sjukepengar arbeider deltid under sjukepengeperioden, blir talet 9,5 arbeidsdagar i 2007. Nedgangen kan forklarast med ein reduksjon i talet på sjukepengetilfelle per sysselsett og i lengda på sjukepengetilfella.

Talet på arbeidstakarar som har vore sjuke eitt år, og dermed har brukt opp sjukepengerettane sine, auka med 0,5 prosent frå 2006 til 2007.

Rehabiliteringspengar

Det blei løyvd 7 985 mill. kroner til rehabiliteringspengar i 2007 (kap. 2652, post 70). For 2007 viser rekneskapen ei meirutgift på om lag 90 mill. kroner i forhold til endeleg løyving for 2007. Avviket heng saman med to forhold som budsjettmessig trekk i kvar sin retning. For det fyrste blei dei gjennomsnittlege ytingane noko lågare enn venta. Frå 2006 til 2007 minka gjennomsnittleg yting per person med 1,6 prosent rekna i faste prisar.

Personar som har tapt ein del av arbeidsevna si kan få graderte rehabiliteringspengar. Gjennomsnittleg rehabiliteringspengegrad for 2007 var 87,4. Dette utgjer ein nedgang i gjennomsnittleg gradering per person på omlag 0,6 prosentpoeng samanlikna med 2006. For det andre blei talet på personar som mottok ytingar noko høgare enn venta. I 2007 hadde ein til føresetnad ein middelbestand på 45 790 personar, medan det endelege talet viser ein middelbestand på 45 945 personar.

Folketrygda sine samla utgifter til rehabiliteringspengar (kap. 2652 post 70) blei i 2007 på 8 075 mill. kroner. Frå 2006 til 2007 auka utgiftene under posten med 436 mill. kroner.

Attføringspengar

Det blei løyvd 10 187 mill. kroner til attføringspengar i 2007 (kap. 2653, post 70). Samla utgifter til attføringspengar var på om lag 10 132 mill. kroner i 2007. Dette var ei mindreutgift på om lag 55 mill. kroner. Mindreutgifta for 2007 har i hovudsak si årsak i at gjennomsnittleg yting per person blei lågare enn venta.

Utgiftene til attføringspengar gjekk ned med om lag 627 mill. kroner frå 2006 til 2007. Dette tilsvarar ein nedgang på 5,8 prosent nominelt. Nedgangen har si årsak i at det gjennomsnittlege talet på mottakarar av attføringspengar gjekk ned med 8,5 prosent frå 2006 til 2007.

Uføreytingar

Det blei løyvd 52 245 mill. kroner til uføreytingar i 2007 (kap. 2655). Rekneskapen for 2007 viser samla utgifter på 52 178 mill. kroner, altså ei mindreutgift på 67 mill. kroner. Årsaka til avviket var nokre færre mottakarar enn venta, men ein større del av mottakarane enn venta får varig uførepensjon.

Frå 2006 til 2007 auka utgiftene til uføreytingar med 8 prosent, frå 48 334 til 52 178 mill. kroner. Viktige årsaker til auken er at det har blitt fleire uførepensjonistar og at grunnbeløpet i folketrygda har auka. Per 31. desember 2007 var det 333 544 mottakarar av uføreytingar. Det var ein auke på 5 700 personar frå 2006. Det meste av auken har truleg samanheng med endringar i alderssamansetjinga i befolkninga. Andelen som blir ufør aukar med alderen, og vi ser no ei demografisk utvikling med stadig fleire eldre. Av dei som mottok uføreytingar, mottok 294 850 uførepensjon og 38 694 tidsavgrensa uførestønad.

Hjelpemiddel

Endeleg løyving til hjelpemiddel til betring av funksjonsevna var på 2 715 mill. kroner i 2007 (kap. 2661, post 75). Den nominelle veksten i utgiftene til hjelpemiddel frå 2006 til 2007 var på 5,6 prosent, frå 2 572 mill. kroner til 2 717 mill. kroner. For einskilde grupper hjelpemiddel har det vore ein kraftig auke i utgiftene. Det gjeld spesielt utgifter til elektrisk rullestol, nokre andre grupper rørslehjelpemiddel, heis, løfteplattformer, og treningshjelpemiddel. Utgiftene til datautstyr er redusert, mellom anna fordi satsane for stønad til standard datautstyr er redusert. Utgiftene er meir stabile for andre grupper hjelpemiddel.

Alderspensjon

Det blei løyvd 97 270 mill. kroner på kap. 2670 Alderdom for 2007. Rekneskapen viser at utgiftene blei 97 310 mill. kroner, ei meirutgift på om lag 40 mill. kroner. Meirutgifta kjem av at den gjennomsnittlege tilleggspensjonen auka litt meir enn venta.

Det var 639 255 alderspensjonistar ved utgangen av 2007, om lag 5000 fleire enn ved utgangen av 2006. Det er venta ein moderat auke i 2008, og deretter ein sterk auke. Utgiftene for 2007 var 97 310 mill. kroner, ein auke på 6 630 mill. kroner eller 7,3 prosent frå året før.

Ved utgangen av 2007 mottok 27,6 prosent av alderspensjonistane særtillegg (minstepensjon). Det er ein nedgang med 1,4 prosenteiningar frå 2006. 72,4 prosent hadde høgare pensjon enn minstepensjon.

Gjennomsnittleg alderspensjon aukar. Hovudårsaka er at dei nye pensjonistane har fleire oppteningsår, og at dei nye kvinnelege alderspensjonistane har hatt stadig høgare yrkesdeltaking. Dei fire siste åra har den gjennomsnittlege pensjonen òg auka på grunn av auka grunnpensjon for pensjonistektepar. Dei som gjekk av med alderspensjon i 2007 var dei fyrste som kunne ha full opptening i folketrygda (40 år).

Underhaldsbidrag til barn og ektefelle

Den samla uteståande bidragsgjelda utgjorde 3 227 mill. kroner ved utgangen av 2007. Med i talet er òg saker der dei bidragspliktige er busette i utlandet (618 mill. kroner). Tilsvarande tal ved utgangen av 2006 var 3 165 mill. kroner, der bidragspliktige busette i utlandet var skyldig 593 mill. kroner.

Samla blei det kravd inn 2 261 mill. kroner i 2007. Dette er ein nominell reduksjon på 42 mill. kroner eller 1,8 prosent frå 2006. Reduksjonen kjem av at det er færre som betaler bidrag fordi fleire partar gjer opp bidraget direkte utan å nytte det offentlege innkrevjingsapparatet.

Forskotering av underhaldsbidrag

Forskoteringa av bidrag utgjorde brutto 1 038 mill. kroner i 2007. Når det fastsette bidraget er lågare enn forskotsbeløpet, skal ikkje differansen krevjast inn. Beløpet blir kalla ‘løyvd forskot’ og skal førast som utgift. Løyvd forskot utgjorde 579 mill. kroner, slik at det i 2007 blei utbetalt 459 mill. kroner som kunne krevjast inn. Innbetalingane frå dei bidragspliktige, inkludert dekning av gjeld frå tidlegare år, utgjorde 469 mill. kroner.

Vurdering av innanlandsgjelda til innkrevjing ved Arbeids- og velferdsetaten sin innkrevjingssentral

Eit beløp på 367 mill. kroner er vurdert slik at det ikkje er mogleg å krevje inn. Av det resterande beløpet på 2 242 mill. kroner blir 961 mill. kroner (42,8 prosent) klassifisert som gode fordringar, 723 mill. kroner (32,2 prosent) som usikre og 558 mill. kroner (24,8 prosent) som forventa tap.

Bidragspliktige busett i utlandet

Dersom ein ikkje oppnår ein frivillig avtale med bidragspliktige busett i utlandet om betaling av bidraget, er innkrevjingssentralen avhengig av styresmaktene i det einskilde land. Innkrevjingssentralen er då avhengig av dei avtalene som er inngått, og av samarbeidet med kvart einskild land. Samla uteståande fordringar, med unntak av dei krava som ikkje kan drivast inn, er 580 mill. kroner. Det blei til saman innbetalt 62,3 mill. kroner, ein reduksjon på om lag 5 mill. kroner frå 2006. I Norden er reduksjonen på om lag 3 mill. kroner.

Dekningsprosenten er samla gått ned frå 72 prosent i 2006 til 71 prosent i 2007.

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2005Rekneskap 2006Budsjett 2007Rekneskap 2007
33.30Arbeidsliv1)22 146,318 585,14 690,04 666,0
Sum utgifter22 146,318 585,14 690,04 666,0

1) Ytingar til yrkesretta attføring er i 2007 flytta frå programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda til nytt kapittel 2653 under programområde 29, Sosiale føremål, folketrygda.

Trenden i rekneskapen

Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.v.

Avviket mellom budsjett og rekneskap viser ei mindreutgift på 24 mill. kroner under kapittel 2542. Lønnskrav ved konkurs har frå 2005 til 2007 gått ned med nærare 37,6 prosent, frå 425,7 mill. kroner i 2005 til 265,7 mill. kroner i 2007.

Dagpengar

Dei samla utbetalingane til dagpengar i 2007 viser ikkje avvik mellom budsjett og rekneskap under kap. 2541, post 70.

Dei samla utbetalingane til dagpengar under programkategori 33.30 Arbeidsliv under folketrygda blei jamt redusert frå 11,105 mrd. kroner i 2003 til om lag 6,160 mrd. kroner i 2006. Dette hadde samanheng med færre arbeidslause i perioden. I 2007 blei dei samla utbetalingane til dagpengar redusert til 4,4 mrd. kroner. Dette har si årsak i betring på arbeidsmarknaden i 2007 med færre arbeidslause.

2.8 Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: Programområde 10 Helse og omsorg og 30 Stønad ved helsetenester.

Programområde 10 Helse og omsorg(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2005Rekneskap 2006Budsjett 2007Rekneskap 2007
10.00Helse- og omsorgsdepartementet m.v.505,1371,1387,8407,0
10.10Folkehelse892,31 263,41 222,01 413,5
10.20Helseteneste1 858,81 431,11 467,71 517,9
10.30Regionale helseføretak72 492,473 475,579 358,579 106,1
10.40Psykisk helse3 896,34 626,25 402,15 410,0
10.50Legemiddel206,1225,3214,3214,5
10.60Omsorgstenester2 897,02 867,13 265,73 255,5
Sum utgifter82 748,184 259,891 318,191 324,5

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei meirutgift på 6,4 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 332,8 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 326,4 mill. kroner. Det er overført 39,7 mill. kroner meir frå 2007 til 2008 enn frå 2006 til 2007. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 286,7 mill. kroner.

Programområde 30, Stønad ved helsetenester, folketrygda(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2005Rekneskap 2006Budsjett 2007Rekneskap 2007
30.10Spesialhelsetenester3 124,22 420,62 528,02 563,8
30.50Legehjelp, legemiddel m.v.16 081,815 962,816 256,016 329,4
30.90Andre helsetiltak524,2551,0630,0616,9
Sum utgifter19 730,218 934,419 414,019 510,1

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei meirutgift på 96,1 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

Frå 2006 til 2007 har det for programområde 10 vore ein nominell utgiftsvekst på 8,4 prosent frå 84 259,8 mill. kroner til 91 324,5 mill. kroner.

Endringa for programområde 10 samla sett kjem hovudsakeleg av auken i utgifter under programkategori 10.30 Regionale helseføretak. Dei auka løyvingane gjekk mellom anna til pris- og lønnsauke, auka pensjonskostnader, store sjukehusinvesteringar og noko auka aktivitet. Ein viser i samband med dette til St.prp. nr. 44 (2006 – 2007), jf. Innst. S. nr. 167 (2006 – 2007), der løyvingane til regionale helseføretak blei auka med 800,0 mill. kroner i 2007, mellom anna for å styrkje  økonomien i føretaka.

Samla låneopptak i dei regionale helseføretaka på 2 405,4 mill. kroner, jf. kapittel 732, er i samsvar med likviditetsbehovet for å gjennomføre dei prioriterte prosjekta.

Programkategori 10.10 Helse- og omsorgsdepartementet og underliggjande institusjonar viser eit meirforbruk i 2007 på 191,5 mill. kroner. Meirforbruket heng i hovudsak saman med vesentlege meirinntekter i samband med sal av vaksiner ved Nasjonalt folkehelseinstitutt.

Dei andre programkategoriane innan område 10 har hatt ein jamn auke frå 2006 til 2007, sjølv om auken i utgifter på programkategori 10.60 Omsorgstenester har vore på 13,5 prosent frå 2006 til 2007, frå 2 867,1 mill. kroner til 3 255,5 mill. kroner. Dette kjem hovudsakeleg av ei auka løyving til ressurskrevjande brukarar.

For programområde 30 har det vore ein auke i utgiftene frå 2006 til 2007 på 3,0 prosent, frå 18 934,4 mill. kroner til 19 510,1 mill. kroner.  Dette er om lag i samsvar med budsjett.

Auka innsats i helsesektoren

Somatisk pasientbehandling ved sjukehusa

I St.prp. nr. 1 (2007 – 2008) blei det lagt til grunn eit om lag uendra aktivitetsnivå frå 2006 til 2007.

Basert på tal frå 2. tertial 2007 indikerte prognosar om lag 1,2 prosent aktivitetsauke i 2007 samanlikna med 2006 under ordninga innsatsstyrt finansiering (ISF), jf. St.prp. nr. 10 (2007 – 2008). Prognosen for reell aktivitet for heile 2007 tilsa eit behov for auka løyvingar på 80,0 mill. kroner i 2007. Avregningsutvalet anbefalte utbetalingstrekk som følgje av feil registrering av dagrehabilitering i 2006. Løyvinga til ISF i 2007 blei difor redusert med 28,9 mill. kroner, jf. St.prp. nr. 10 (2007 – 2008) og Innst. S. nr. 101 (2007 – 2008).

Det har òg vore ein auke i poliklinisk aktivitet ved offentlege sjukehus i 2007. Det blei difor løyvd 189,0 mill. kroner meir til dette føremålet ved Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 10 (2007 – 2008), jf. Innst. S. nr. 101 (2007 – 2008).

Opptrappingsplanen for psykisk helse

Ved handsaminga av St.prp. nr. 63 (1997 – 1998) Om opptrappingsplan for psykisk helse 1999–2006 vedtok Stortinget ein åtteårig handlingsplan for psykisk helse. Stortinget vedtok gjennom handsaminga av St.prp. nr. 1 (2003 – 2004) å forlengje planen med to år ut 2008.

I 2007 løyvde Stortinget reelt 700,0 mill. kroner meir til opptrappingsplan for psykisk helse samanlikna med saldert budsjett for 2006. Rekneskapen for programkategori 10.40 for 2006 viser at det har vore brukt 4 626,1 mill. kroner, medan rekneskapen for 2007 er på 5 410,0 mill. kroner. I tillegg kjem utbetalingar over føretaka sine basisløyvingar, og løyvingar under andre departement.

Særskilde investeringstilskot: Nye Ahus, nye St. Olavs Hospital og nytt forskingsbygg ved Radiumhospitalet

Ved handsaminga av St.prp. nr. 1 (2003–2004) jf. Budsjett-innst. S. nr. 11 (2003–2004) blei det vedteke eit særskilt investeringstilskot til gjennomføring av utbyggingsprosjekta Nye Ahus, fase 2 av nye St. Olavs Hospital og nytt forskingsbygg ved Radiumhospitalet. Dei særskilde investeringstilskota til desse prosjekta utgjer i alt om lag 4,5 mrd. kroner, og skal utbetalast over byggeperioden i takt med framdrifta i prosjekta. I 2007 blei det til saman løyvd 1 417,4 mill. kroner i investeringstilskot til dei tre nemnde investeringsprosjekta, jf. Budsjett-innst. S. nr. 11 (2006–2007).

2.9 Barne- og likestillingsdepartementet

Barne- og likestillingsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: Programområde 11 Familie- og forbrukarpolitikk og programområde 28 Foreldrepengar.

Programområde 11 Familie- og forbrukarpolitikk(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2005Rekneskap 2006Budsjett 2007Rekneskap 2007
11.00Administrasjon94,595,896,799,2
11.10Tiltak for familie og likestilling17 749,717 187,317 023,017 015,8
11.20Tiltak for barn og ungdom4 401,84 808,84 936,15 101,7
11.30Forbrukarpolitikk137,1139,5155,5155,5
Sum utgifter22 383,022 231,322 211,222 372,2

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei meirutgift på 161,0 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 122,6 mill. kroner, viser programområdet ei meirutgift på 38,4 mill. kroner. Det er overført 29,7 mill. kroner mindre frå 2007 til 2008 enn frå 2006 til 2007. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette, viser programområdet samla sett ei meirutgift på 8,7 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I 2006 blei barnehageområdet flytta til Kunnskapsdepartementet. På grunn av dette har det vore ein reduksjon i utgiftene på programområdet. Dette er det korrigert for under rekneskap 2005 i tabellen over. Om ein ser bort frå barnehageområdet, blei utgiftene nominelt reduserte med 10,8 mill. kroner i perioden 2005 – 2007. Det er store skilnader mellom dei ulike programkategoriane. Under programkategori 11.10, har det vore ei nedgang på 734 mill. kroner sidan 2005. Nedgangen kjem hovudsakeleg av reduserte utbetalingar til kontantstønad mellom anna som følgje av auka barnehageutbygging. Det har vore ein auke på programkategori 11.20 på 700 mill. kroner frå 2005 til 2007. Årsaka er i hovudsak auka utgifter til det statlege barnevernet.

Det statlege barnevernet

Rekneskapen for 2007 viser ei meirutgift på om lag 32 mill. kroner. Av dette kjem 6,5 mill. kroner av meirutgifter til arbeidsgjevaravgift av pensjonar (KLP). Resten av meirutgifta kjem i regionane og kjem i hovudsak av at omstillingsarbeidet og effektiviseringstiltaka ikkje har gjeve dei resultata for 2007 som blei lagde til grunn.

Programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2005Rekneskap 2006Budsjett 2007Rekneskap 2007
28.50Stønad ved fødsel og adopsjon9 909,510 440,211 270,011 248,0
Sum utgifter9 909,510 440,211 270,011 248,0

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei mindreutgift på 22 mill. kroner av eit samla budsjett på nær 11,3 mrd. kroner. Mindreutgifta kjem av at føresetnadene som blei lagde til grunn i samband med nysalderinga gav noko for høgt overslag.

Utviklingstrekk

Utgiftene under programområde 28.50 var om lag 807,8 mill. kroner høgare i 2007 enn i 2006. Mykje av denne utgiftsauken har si årsak i inntektsauke blant stønadsmottakarane. I tillegg kjem utgiftsauken av utvidinga av fedrekvota i 2006, som ikkje fekk full innverknad før i 2007. Det har óg vore ein auke i talet på fedrar som tek foreldrepermisjon.

2.10 Nærings- og handelsdepartementet

Programområde 17 Nærings- og handelsføremål(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2005Rekneskap 2006Budsjett 2007Rekneskap 2007
17.00Administrasjon199,3201,3215,1223,3
17.10Infrastruktur og rammevilkår2 149,72 365,32 660,22 791,6
17.20Forsking, nyskaping og internasjonalisering38 125,247 688,941 794,441 151,2
17.30Statleg eigarskap630,1122,15 262,85 233,8
Sum utgifter41 104,150 377,649 932,649 399,9

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei mindreutgift på 532,7 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 114,8 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 647,5 mill. kroner. Det er overført 63,9 mill. kroner meir frå 2007 til 2008 enn frå 2006 til 2007. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 583,6 mill. kroner.

Programområde 17 omfattar forvalting og tilrettelegging av tiltak for nærings-, handels- og skipsfartspolitikk. Ein hovudårsak til mindreutgiftene i 2007 er at Innovasjon Noreg brukte 537 mill. kroner mindre enn berekna i budsjettet på innlån i statskassa til refinansiering av porteføljen av tidlegare opptekne innlån.

Trenden i rekneskapen

Rekneskapen for programområde 17 har variert ein god del dei siste åra, frå 41,1 mrd. kroner i 2005 til 50,4 mrd. kroner i 2006. For 2007 viser rekneskapen 49,4 mrd. kroner. Endringane er særleg knytt til finansiering av innlånsordningane under Innovasjon Noreg (programkategori 17.20), og skifte mellom opptak av kort- og langsiktige innlån frå statskassa på grunn av endringar i rente- og avdragsvilkåra. Svingingane i låneopptaka gjer om lag tilsvarande utslag i innbetalingane av avdrag og renter på inntektsbudsjettet for Innovasjon Noreg. Vidare har det vore betydelege årlege endringar i utgiftene til kjøp av aksjar, lån og innskot av eigenkapital til statlege selskap (programkategori 17.30). For 2007 utgjer 4,95 mrd. kroner kjøp av aksjar i Aker Holding AS.

Når ein held lånetransaksjonar og andre kapitalpostar (90-postar) utanom, var utgiftene på budsjettet for Nærings- og handelsdepartementet om lag 4,9 mrd. kroner i 2005, 5,2 mrd. kroner i 2006 og 5,75 mrd. kroner i 2007. Den største auken er knytt til utbetaling av tilskot til nettoløn til sjøfolk (programkategori 17.10).

2.11 Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har i tillegg til programområde 16 òg ansvar for ei løyving under programområde 33, programkategori 33.40 –Arbeidsliv – folketrygda.

Programområde 16 Fiskeri, havbruks- og kystforvaltning(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2005Rekneskap 2006Budsjett 2007Rekneskap 2007
16.10Administrasjon92,5104,1121,7119,3
16.20Forsking og utvikling1 113,01 149,81 333,81 337,6
16.30Fiskeri- og havbruksforvaltning493,7416,0438,2364,1
16.60Kystforvaltning1 321,91 351,21 534,11 641,4
Sum utgifter3 021,23 021,13 427,83 462,3

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei meirutgift på 34,5 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 175 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 140,5 mill. kroner. Det er overført 152,5 mill. kroner meir frå 2007 til 2008 enn frå 2006 til 2007. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, viser programområdet samla sett ei meirutgift på 12 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2005 – 2007 har det vore ein nominell auke i forbruket på 14,6 prosent frå 3 021,2 mill. kroner i 2005 til 3 462,3 mill. kroner i 2007.

Forbruket til drift av departementet under programkategori 16.10 Administrasjon har auka noko dei siste åra. Dette heng saman med at departementet tok over ansvaret for helse og velferd hos akvatiske organismar frå 2004, og auka aktivitet knytt til ansvaret for akutt beredskap, ny fiskeriråd i Brussel og forvaltningsoppgåver generelt.

Marin forsking er eit prioritert område. Løyvingane til forsking og utvikling under programkategori 16.20 Forsking og utvikling har auka over fleire år. Noko av aukinga i 2007 er auka utgiftsløyving knytt til auka ekstern oppdragsverksemd ved Havforskingsinstituttet og NIFES, og ei satsing på 20 mill. kroner knytt til utvikling av vaksine i samarbeid med India. I tillegg blei kapittel 2415 Innovasjon Noreg frå 2007 flytta frå programkategori 16.30 til programkategori 16.20.

Auken i 2007 på programkategori 16.30 Fiskeri- og havbruksforvaltning heng saman med auka løyving til tiltak mot UUU-fiske (Ulovleg, Urapportert og Uregulert fiske) og ny tilskotsordning for NOx-reduserande tiltak i fiskeflåten.

Løyvinga til kystforvaltninga under programkategori 16.60 har vore relativt stabil dei siste åra. I 2007 blei løyvinga auka i samband med nye oppgåver med å følgje opp internasjonale tryggleikskrav i hamnene. Den store auken i utgifter frå rekneskap 2006 til rekneskap 2007 har mellom anna si årsak i forskyvingar i utbetalingar til fiskerihamneprosjekt og bygging av trafikksentralen i Vardø.

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2005Rekneskap 2006Budsjett 2007Rekneskap 2007
33.40Arbeidsliv1)31,831,540,024,0
Sum utgifter31,831,540,024,0

1) Tidlegare del av programkategori 33.10 under Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Gjelder stønad under arbeidsløyse til fiskarar og fangstmenn.

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei mindreutgift på 16 mill. kroner. Dette kjem av at utbetalingane blei lågare enn berekna for året.

2.12 Landbruks- og matdepartementet

Programområde 15 Landbruk og mat(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2005Rekneskap 2006Budsjett 2007Rekneskap 2007
15.00Landbruk og matforvaltning121,4128,9128,3131,2
15.10Matpolitikk1 358,21 354,71 317,81 348,4
15.20Forsking og utvikling304,4340,7367,6367,6
15.30Næringsutvikling, ressursforvalting og miljøtiltak12 000,011 987,812 279,312 070,6
Sum utgifter13 784,013 812,114 093,113 917,8

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei mindreutgift på 175,3 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 45,7 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 221 mill. kroner. Det er overført 51,6 mill. kroner meir frå 2007 til 2008 enn frå 2006 til 2007. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 169,4 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

Rekneskapen viser at utgiftene i 2007 ligg om lag 1,0 prosent høgare enn i 2005. Sett i forhold til rekneskapen for 2006 har utgiftene under programområde 15 Landbruk og mat auka med om lag 0,8 prosent i 2007.

Rekneskapen for programkategori 15.00 Landbruks- og matforvaltning for 2007 viser ein liten auke på 2,3 mill. kroner i forhold til 2006. Rekneskapen viser at utgiftene på programkategorien har vore stabile i perioden.

Programkategori 15.10 Matpolitikk viser ein reduksjon frå 2006 til 2007 på 6,3 mill. kroner. Programkategorien omfattar løyvingar til Mattilsynet, og løyvingar til kunnskapsstøtte, kunnskapsutvikling og beredskap til Veterinærinstituttet og Bioforsk. Rekneskapen viser at utgiftene på programkategorien har vore stabile i perioden.

Auken under programkategori 15.20 Forsking og utvikling frå 2006 til 2007 på 26,9 mill. kroner er knytt til ein auke i forskingsmidlar og ein auke i løyvinga til omstilling i Bioforsk på om lag 20 mill. kroner.

Løyvinga til gjennomføring av jordbruksavtalen over kapittel 1150 utgjer hovuddelen av programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvalting og miljøtiltak. I tillegg omfattar programkategorien mellom anna løyvingar til Statens landbruksforvaltning, Reindriftsforvaltninga og løyvingar til sikringstiltak og erstatningar knytt til naturskade. Rekneskapen for programkategorien viser samla ein auke på 82,8 mill. kroner frå 2006 til 2007. Utgiftene på programkategorien har vore stabile i perioden, og auken er hovudsakleg knytt til kapittel 1150 Til gjennomføring av Jordbruksavtalen m.m.

2.13 Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: Programområde 21 Innanlands transport og 22 Post- og telekommunikasjonar.

Programområde 21 Innanlands transport(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2005Rekneskap 2006Budsjett 2007Rekneskap 2007
21.10Administrasjon m.m.297,0322,8318,9312,0
21.20Luftfartsføremål759,6674,2688,5689,5
21.30Vegføremål14 198,714 286,315 269,415 579,5
21.40Særskilde transporttiltak363,4452,5479,5460,0
21.50Jernbaneføremål6 315,96 374,37 123,07 302,0
21.60Vernebuing på samferdselsområdet1)30,3
Sum utgifter21 964,922 110,123 879,224 343,0

1) Frå 2006 blei løyvingane til dette føremålet integrert i resten av samferdselsbudsjettet, i hovudsak under Statens vegvesen, Jernbaneverket og Post- og teletilsynet.

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei meirutgift på 463,8 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 500,2 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 36,4 mill. kroner. Det er overført 105,9 mill. kroner mindre frå 2007 til 2008 enn frå 2006 til 2007. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette, viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 142,3 mill. kroner.

Programområde 22, Post og telekommunikasjonar(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2005Rekneskap 2006Budsjett 2007Rekneskap 2007
22.10Post og telekommunikasjonar535,2224,1228,2244,5
Sum utgifter535,2224,1228,2244,5

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei meirutgift på 16,3 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 1,6 mill. kroner, viser programområdet ei meirutgift på 14,7 mill. kroner. Det er overført 25,2 mill. kroner mindre frå 2007 til 2008 enn frå 2006 til 2007. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette, viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 10,5 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2005 til 2007 har det på programområde 21 vore ein nominell auke i utgiftene frå 21 964,9 mill. kroner til 24 343,0 mill. kroner, dvs. 10,8 prosent. Den største auken var frå 2006 til 2007 med 2 232,9 mill. kroner, medan auken frå 2005 til 2006 var på om lag 145 mill. kroner. På programområde 22 var det ein stor reduksjon i utgiftene frå 2005 til 2006, medan det var ein liten auke frå 2006 til 2007.

Rekneskapen for 2005 inneheld midlar til restrukturering av Mesta AS. Delar av produksjonsverksemda i Jernbaneverket blei i 2005 omdanna til aksjeselskap (Baneservice AS), og i rekneskapen for 2005 inngår midlar til restrukturering, lån og eigenkapital i selskapet.

Under vegføremål inngår òg lån til Svinesundsforbindelsen AS for åra 2005 – 2007, med ei nedtrapping i perioden. Hovuddelen av løyvingane var knytt til drift, vedlikehald og investeringar i veg og jernbane, kjøp av persontransport med tog, kjøp av riksvegferjetenester, kjøp av innanlandske flyruter og kjøp av persontransporttenester på strekninga Bergen – Kirkenes. Den store auken frå 2006 til 2007 er knytt til Statens vegvesen og Jernbaneverket og følgjer opp Nasjonal transportplan 2006 – 2015.

Frå 2005 til 2006 var det ein stor nedgang i løyvingane på programområde 22. Årsaka er at Samferdselsdepartementet i 2006 ikkje kjøpte posttenester frå Posten Norge AS, noko departementet heller ikkje gjorde i 2007.

Inntektssida på samferdselsområdet er påverka av betaling av renter og avdrag på lån til selskap under Samferdselsdepartementet og utbyte frå selskap som Samferdselsdepartementet forvaltar staten si eigarinteresse i. Jernbaneverket og Statens vegvesen har mellom anna inntekter frå sal av utstyr og tenester. Desse inntektene er vanskelege å budsjettere nøyaktig. Den einaste av etatane som er sjølvfinansiert, er Post- og teletilsynet. Post- og teletilsynet har eit reguleringsfond som handterer avvik mellom budsjett og rekneskap. Luftfartstilsynet finansierer ein del av verksemda si med gebyr.

2.14 Miljøverndepartementet

Programområde 12 Miljøvern og regional planlegging(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2005Rekneskap 2006Budsjett 2007Rekneskap 2007
12.10Fellesoppgåver, regional planlegging o.a.657,1711,4761,0770,4
12.20Biomangfald og friluftsliv749,8717,9833,4876,3
12.30Kulturminnar og kulturmiljø468,7719,5550,5554,4
12.40Forureining604,2661,7573,9534,1
12.50Kart og geodata355,6363,9369,3358,1
12.60Nord- og polarområdar134,0178,2172,1198,2
Sum utgifter2 969,43 352,63 260,33 291,6

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei meirutgift på 31,3 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 67,9 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 36,6 mill. kroner. Det er overført 46 mill. kroner meir frå 2007 til 2008 enn frå 2006 til 2007. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, viser programområdet samla sett ei meirutgift på 9,4 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

Utbetalingane under programkategori 12.10 viser ein auke i høve til rekneskapen for 2006, og ei meirutgift på 9,4 mill. kroner samanlikna med budsjettet for 2007. På vare- og tenesteposten har det vore grunnlag for eit meirforbruk i høve til budsjettet som følgje av meirinntekter. Tilskotspostane har òg eit lite meirforbruk som blir dekka inn av overføringar frå 2006.

Under programkategori 12.20 viser utbetalingane ein auke frå 2006 til 2007, og eit meirforbruk på 42,9 mill. kroner samanlikna med budsjettet for 2007. Utgiftene til erstatningar for beitedyr tekne av rovvilt blei mykje høgare enn budsjettert. Overskridinga heng saman med auka kjøtprisar, høgare erstatningar heimla i jordbruksavtala, ein auke i talet på beitedyr tekne av rovvilt, og endra samansetjing av erstatningane mellom sau og lam.

På nokre område, som til dømes sikring av friluftsområde og skogvern, blir deler av løyvinga overført til 2008.

I 2007 viser programkategori 12.30 eit lågare forbruk i høve til utbetalingane i 2006. Årsaka er at det blei løyvd 200 mill. kroner til fondskapital i Norsk kulturminnefond som ei eingongsløyving i 2006. I høve til budsjettet for 2007 viser programområdet eit meirforbruk på 3,9 mill. kroner. Ei viktig årsak til dette er ekstra utgifter i samband med flyttinga av fjernarkivet til Riksantikvaren.

Under programkategori 12.40 er utbetalingane lågare enn i 2006. Dette heng saman med at løyvinga i 2007 var lågare på grunn av endringar i den regelstyrte ordninga med vrakpant på bilar, og at det har blitt levert inn færre bilvrak til pantesystemet enn ein rekna med. Utbetalingane i 2007 viser eit mindreforbruk på 39,8 mill. kroner. Ei viktig årsak til mindreforbruket er at arbeidet med opprensking av forureina sjøbotn har vore meir komplisert og tidkrevjande enn ein rekna med. Dette inneber at delar av løyvinga blir overført til 2008.

Programkategori 12.50 viser at utbetalingane for 2007 blei mindre enn i 2006. Samanlikna med løyvinga for 2007 er det eit mindreforbruk på 11,2 mill. kroner. Statens kartverk reknar kvart år ut statsoppdraget ut frå eit normalt aktivitetsnivå, der basisverksemda skal gå i balanse. Når mellom anna «Noreg digitalt» gjev høgare inntekter enn planlagt, fører det til behov for eit lågare statsoppdrag. I tillegg har Statens kartverk eit mindreforbruk då planlagde investeringar er forseinka.

Programkategori 12.60 viser høgare utbetalingar i 2007 enn i rekneskapen for 2006. Samanlikna med løyvinga for 2007, viser rekneskapen eit meirforbruk på 26,1 mill. kroner. Dette har mellom anna si årsak i auka utbetalingar i samband med Det internasjonale polaråret (IPY) i 2007.

2.15 Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Programområde 01 Fellesadministrasjon(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2005Rekneskap 2006Budsjett 2007Rekneskap 2007
01.00Administrasjon m.v.473,0566,9741,7719,4
01.10Fylkesmannsembeta1 299,01 300,31 104,41 355,5
01.20Fellestenester394,9474,0445,3504,8
01.30Partistøtte284,0294,8303,9303,1
01.40Pensjonar m.m.6 189,99 709,111 615,311 839,8
01.50Konkurransepolitikk106,6105,785,292,4
01.60Statsbygg2 437,22 435,42 509,12 477,4
Sum utgifter11 184,614 886,216 805,017 292,4

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei meirutgift på 487,4 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 337,5 mill. kroner, viser programområdet ei meirutgift på 149,9 mill. kroner. Det er overført 29,5 mill. kroner meir frå 2007 til 2008 enn frå 2006 til 2007. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, viser programområdet samla sett ei meirutgift på 179,4 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

Frå 2005 har utgiftene på programområdet auka med 54,6 prosent, frå 11 184,6 mill. kroner til 17 292,4 mill. kroner. Dette kjem særleg av auke i utbetalingane på programkategori 01.40 Pensjonar m.v. med 5 649,9 mill. kroner. Auken kjem i hovudsak av to forhold. Tilskot til Statens Pensjonskasse over kapittel 1542 har auka med om lag 2,5 mrd. kroner frå 2005 til 2007, noko som i hovudsak kjem av auka pensjonsutbetalingar. For bustadlån til statstilsette over kapittel 1544 har det vore ein auke på om lag 2,7 mrd. kroner, frå netto utbetaling på om lag 0,3 mrd. kroner i 2005 til netto utbetaling på om lag 3,0 mrd. kroner i 2007. Dette har dels si årsak i auka etterspørsel etter lån, men òg ein vesentleg auke i gjennomsnittleg utbetalt beløp per lån, etter at utlånsramma blei auka frå 1. juni 2006.

Programkategori 01.20 Fellestenester viser ein auke på 27,8 prosent frå 394,9 mill. kroner i 2005 til 504,8 mill. kroner i 2007. Auken kjem i hovudsak ved overføringa av ein del administrative fellestenester frå departementa og Statsministerens kontor til Servicesenteret for departementa i 2006.

På programkategori 01.50 Konkurransepolitikk er utgiftene redusert med 13,3 prosent, frå 106,6 mill. kroner i 2005 til 92,4 mill. kroner i 2007. Reduksjonen skriv seg i all hovudsak frå flyttinga av Konkurransetilsynet frå Oslo til Bergen og som no er avslutta.

På programkategori 01.10 Fylkesmannsembeta heng meirutgiftene saman med om lag tilsvarande meirinntekter på embeta sine inntektsområde, jf. eigne fullmakter.

På programkategori 01.60 Statsbygg har utgiftene auka med om lag 1,6 prosent, frå 2 437,2 mill. kroner i 2005 til 2 477,4 mill. kroner i 2007. Dette kjem i hovudsak av variasjon i investeringsutgifter til byggeprosjekt frå 2005 til 2007.

2.16 Finansdepartementet

Programområde 23 Finansadministrasjon(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2005Rekneskap 2006Budsjett 2007Rekneskap 2007
23.10Finansadministrasjon426,1443,0479,4485,9
23.20Skatte- og avgiftsadministrasjon4 885,15 189,85 117,45 342,0
23.30Offisiell statistikk531,9563,9617,0630,7
23.40Andre føremål12 055,411 376,411 819,512 644,7
Sum utgifter17 898,417 573,218 033,319 103,2

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei meirutgift på 1 069,9 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 190 mill. kroner, viser programområdet ei meirutgift på 879,9 mill. kroner. Det er overført 53,7 mill. kroner meir frå 2007 til 2008 enn frå 2006 til 2007. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, viser programområdet samla sett ei meirutgift på 933,6 mill. kroner.

Det vesentlege av meirutgiftene er knytt til regelstyrte utbetalingar av meirverdiavgiftskompensasjon til kommunar og fylkeskommunar under programkategori 23.40 Andre føremål. Av overføringa frå 2007 til 2008 er 110,1 mill. kroner knytt til det nye kapittelet 1638 Kjøp av klimakvoter.

Trenden i rekneskapen

Under programkategori 23.10 Finansadministrasjon er det særleg den jamne veksten i Kredittilsynets verksemd som har gjeve ein auke under denne kategorien. Dei siste ti åra har talet på tilsette her auka med meir enn 60 prosent.

Under programkategori 23.20 Skatte- og avgiftsadministrasjon har løyvingsnivået gjennom fleire år vore om lag uendra, når ein korrigerer for funksjonsendringar, endra organisering og noko ujamne investeringar. Unytta løyvingar var klart lågare ved slutten av 2007 enn eit år tidlegare.

Under programkategori 23.40 har utbetalingane av meirverdiavgiftskompensasjon til kommunar og fylkeskommunar auka monaleg dei siste åra. Dette er eit uttrykk for høg aktivitet i sektoren, m.a. på investeringssida.

Programområde 24 Statleg gjeld og fordringar, renter og avdrag o.a., er omtalt under kap. 4 Staten sin balanse og kommentarar til finansposter. Inntektene frå skattar og avgifter er kommenterte i kap. 1.

2.17 Forsvarsdepartementet

Programområde 04 Militært forsvar(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2005Rekneskap 2006Budsjett 2007Rekneskap 2007
04.10Militært forsvar29 809,430 417,731 797,032 713,5
Sum utgifter29 809,430 417,731 797,032 713,5

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei meirutgift på 916,5 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 641,7 mill. kroner, viser programområdet ei meirutgift på 274,7 mill. kroner. Det er overført 415,7 mill. kroner mindre frå 2007 til 2008 enn frå 2006 til 2007. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette, viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 141 mill. kroner.

Mindreforbruket skriv seg i all hovudsak frå forseinka framdrift på enkelte investeringsprosjekt i 2007. For materiellinvesteringar, er forseinkingar frå leverandørar ei sentral årsak. For investeringar i eigedom, bygg og anlegg, har Forsvarsbygg hatt utfordringar knytt til press i marknaden. Den reduserte framdrifta innan materiellinvesteringar og investeringar i eigedom, bygg og anlegg, har ført til at ein del av løyvinga er overført til 2008.

Rekneskapen for 2007 viser at verksemda i Forsvaret blei gjennomført innanfor dei tildelte rammene.

Forsvaret har i 2007, som eit ledd i satsinga på nordområda, styrkja sitt nærvere og evne til å hevde suverenitet i nord. Prioriterte oppgåver i denne samanhengen er ein god beredskap i kystnære område, ei aktiv rolle i miljøovervaking, ressurskontroll, beredskap og maritimt redningsarbeid. Forsvaret har òg i 2007 prioritert deltaking i internasjonale operasjonar innanfor ramma av multilaterale organisasjonar, særskild FN og NATO. Sudansk motstand førde til at den planlagde norsk – svenske ingeniørbataljonen ikkje kunne inngå i FN-styrken i Darfur.

2.18 Olje- og energidepartementet

Programområde 18 Olje- og energiføremål(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2005Rekneskap 2006Budsjett 2007Rekneskap 2007
18.00Administrasjon219,4169,6170,2176,5
18.10Petroleumsforvalting482,0478,3337,0304,4
18.20Energi- og vassdragsforvalting503,4503,4480,2511,7
18.25Energiomlegging10 046,510 092,4
18.30Teknologi og internasjonalisering420,1639,9789,5666,0
18.70Statleg petroleumsverksemd21 447,221 182,221 527,621 278,1
Sum utgifter23 072,122 973,433 351,033 029,2

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei mindreutgift på 321,8 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 29 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 350,8 mill. kroner. Det er overført 101,2 mill. kroner meir frå 2007 til 2008 enn frå 2006 til 2007. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 249,6 mill. kroner.

Det vesentlege av mindreutgiftene er mellom anna knytt til ei forseinking i arbeidet med å kartleggje områder i Nordland VII og Troms II under programkategori 18.10 Petroleumsforvalting, og mindre utbetalingar enn budsjettert knytt til planlegging og førebuing av CO2-handteringsprosjekter på Kårstø og Mongstad under programkategori 18.30 Teknologi og internasjonalisering. Mindreutgifta under programkategori 18.70 Statleg petroleumsverksemd er mellom anna relatert til at investeringar knytt til Gassled, Troll olje og Åsgard er satt ut i tid.

Trenden i rekneskapen

Under programkategori 18.00 skil 2005 seg ut i forhold til dei andre åra. Dette kjem av sal av aksjar i Statoil ASA i 2005, og at utgiftene frå salet er ført under programkategori 18.00 Administrasjon.

Under programkategori 18.10 Petroleumsforvalting heng redusert løyving i 2007 saman med at tilskot til Petoro AS er flytta frå programkategori 18.10 til 18.70 frå og med 2007. Oljedirektoratet fekk av dette auka løyving knytt til å kartleggje områder i Nordland VII og Troms II.

Programkategori 18.25 Energiomlegging blei oppretta i 2007. I 2007 blei det gjort eit innskot på 10 000 mill. kroner i Grunnfond for fornybar energi og energieffektivisering.

Under programkategori 18.30 Teknologi og internasjonalisering er utgiftene i 2006 og 2007 auka i samanheng med at midlane knytt til internasjonalisering av petroleumsverksemda og miljøvennleg gassteknologi er flytta frå høvesvis programkategori 18.00 og 18.20 til programkategori 18.30. Under programkategori 18.30 Teknologi og internasjonalisering er det i 2007 i tillegg løyvd midlar knytt til planlegging og førebuing av CO2-handteringsprosjekter på Kårstø og Mongstad.

2.19 Statsbankane

Husbanken

Samla uteståande fordringar i Husbanken var på 97,1 mrd. kroner ved utgangen av 2007, fordelt på om lag 72 400 lån. Uteståande fordringar var om lag 2,5 mrd. kroner høgare enn ved førre årsskiftet, men var fordelte på 7 500 færre lån.

Husbanken hadde i 2007 eit tap på utlån på 12,9 mill. kroner. Når ein reknar med tilbakeføring av tap som følgje av innbetalingar/inngåtte avtaler, var netto tap på utlån 10,7 mill. kroner. Av samla brutto tap er 7,3 mill. kroner knytt til personlege lånetakarar, noko som er ein nedgang på drygt 40 prosent frå året før. På ikkje-personlege låntakarar hadde Husbanken eit tap på 5,6 mill. kroner, mot 6,6 mill. kroner i 2006.

Det var ei meirinntekt på Husbanken sin avdragspost på om lag 270 mill. kroner. Dette kjem i hovudsak av høgare ekstraordinære innbetalingar og innløysingar enn det som var venta. Årsaka er at det var fleire lånekundar enn venta som finansierte lånet sitt i andre bankar, noko som kan ha si årsak i høg konkurranse i finansmarknaden og høgkonjunktur i bustadmarknaden.

Statens lånekasse for utdanning

Samla uteståande fordringar for Statens lånekasse for utdanning var per 31. desember 2007 96,2 mrd. kroner, ein auke på 4,5 mrd. kroner frå 31. desember 2006 knytt til lån til utdanning, renter og gebyr. Av lån til utdanning er 26,2 mrd. kroner ikkje renteberande. Av andre ikkje renteberande fordringar utgjer opptente, ikkje betalte renter om lag 732 mill. kroner, og ikkje betalte gebyr om lag 77 mill. kroner. Det er ved utgangen av 2007 vel 1,7 mrd. kroner uteståande i renteberande renter, ein auke på 35 mill. kroner frå 2006. Det blei utgiftsført 322 mill. kroner i tap på utlån i 2007.

Konverteringsordninga i Lånekassa

Frå undervisningsåret 2004–2005 er heile basisstøtta for dei som er omfatta av støtteordninga for høgare utdanning m.m., utbetalt som lån. Inntil 40 prosent av støttebeløpet kan bli konvertert til stipend når utdanninga det er gjeve støtte til, er gjennomført. Det er mogleg å få konvertert lån til stipend inntil åtte år etter at lånet blei gjeve. Lånekassa har fullmakt til å dekkje utgiftene knytt til konverteringa ved å trekkje midlar frå eit fond (Konverteringsfondet). I dei årlege statsbudsjetta blir det løyvd midlar til dekning av framtidig konvertering frå lån til stipend gjennom ei avsetjing til Konverteringsfondet. Denne løyvinga blir gjeve over kapittel 2410, post 50. Det årlege nivået på løyvinga er basert på eit anslag over kor stor del av årleg utbetalte lån som ein reknar med blir omgjord til stipend i løpet av dei neste åtte åra. Rekneskapen på kap. 5310, post 93 viser nettobeløpet av lån som blir ettergjeve og belasta konverteringsfondet i det einskilde året.

Utgiftene til andre stipend under Lånekassa kjem fram på kap. 2410, postane 70 og 71. For å få ei oversikt over dei samla netto kostnadene til stipend, må lån som er konvertert til stipend leggjast til stipendutgiftene som kjem fram i rekneskapen til Lånekassa. Dette kjem fram om ein ser kapittel 2410, postane 70 og 71 og kapittel 5310, post 93 i samanheng.

For 2007 blei om lag 3,0 mrd. kroner betalt ut som stipend frå Lånekassa. Om lag 3,9 mrd. kroner blei netto konvertert frå lån til stipend under konverteringsordninga. Dei samla netto utgiftene knytt til stipend i 2007 er dermed om lag 6,9 mrd. kroner.

Innovasjon Noreg

Samla utlån per 31.12.07 utgjer 11,5 mrd. kroner etter tapsavsetjingar, mot 12,1 mrd. per 31.12.06. Nedgangen utgjer 0,6 mrd. kroner.

Utlåna er fordelte med 8,6 mrd. kroner på lågrisikolån (om lag 17 700 lån), 1,5 mrd. kroner på ordinære risikolån, distriktsretta låneordning og Miljøfondet (om lag 1 480 lån), og 1,5 mrd. kroner til andre utlån, som omfattar ansvarlege lån til såkornfond og bygdeutviklingslån til landbruket. Den siste ordninga omfattar om lag 9 700 lån og blir forvalta av Innovasjon Noreg for Landbrukets utviklingsfond.

Rekneskapen for 2007 viser eit netto tap på 1,6 mill. kroner mot 36,8 mill. kroner i rekneskapen for 2006. Brutto bokførte tap i 2007 utgjer 56,1 mill. kroner, endring i tapsavsetjingar -62,8 mill. kroner, og tap med tapsdekking 8,3 mill. kroner. (I brutto bokførte tap inngår òg innkomne avdrag på tidlegare avskrivne tap med 14 mill. kroner.)

Til forsida