St.meld. nr. 31 (2004-2005)

Om samarbeidet i NATO i 2004

Til innhaldsliste

3 Fråsegn frå utanriksministermøtet i NATO-Russland-rådet i Brussel 9. desember 2004

Vi, utanriksministrane i NATO-Russland-rådet (NRC), møttest i Brussel 9. desember 2004. Vi ønskte velkomen den markante framgangen som er oppnådd når det gjeld å gjennomføre vedtaka som vart gjorde på det siste møtet vårt 28. juni 2004 i Istanbul, og tok opp att at vi er fastrådde på å byggje på det solide grunnlaget vi har lagt, ved å søkje stadig større høve til å intensivere den politiske dialogen vår og utvikle vidare det praktiske samarbeidet vårt i same ånd som i Roma-erklæringa frå mai 2002. Vi merka oss og var nøgde med at samarbeidet i NATO-Russland-rådet får ein stadig meir praktisk og operativ karakter. Vi understreka trongen for å utvikle vidare evna vår til å arbeide saman på konkrete måtar for å svare raskt og effektivt på stadig fleire trugsmål mot tryggleiken og velferda til folka våre, og lovde endå ein gong å medverke til tryggleiken til alle i det euroatlantiske området.

Vi heldt fram det politiske samrådet som har vore ført i 2004 om situasjonen i Afghanistan, på Balkan, i Georgia og i Irak, og utveksla synspunkt på internasjonale tryggingsspørsmål.

Med omsyn til situasjonen i Ukraina merka vi oss tiltaka som er gjorde av alle partar for å få ei løysing på den politiske krisa i samsvar med rettsstatlege prinsipp og Ukrainas konstitusjonelle normer. Vi oppmoda alle partar til å halde fram med å unngå å bruke eller eggje til vald, å late vere å skremme veljarane og å arbeide for å sikre ein rettferdig valprosess som speglar viljen til det ukrainske folket. Vi tok opp att støtta vår til sjølvstendet, suvereniteten, den territorielle integriteten til og demokratiet i Ukraina. Dette er avgjerande for den felles og udelelege tryggleiken og stabiliteten til alle.

Vi tok opp att at vi står solidariske overfor terrortrugsmålet, og at vi er fastrådde på å styrkje samarbeidet vårt om å førebyggje, nedkjempe og handtere følgjene av terrorhandlingar, i samsvar med FN-pakta, folkeretten og menneskerettane. Vi var glade for å kunne gjere to konkrete vedtak om å omsetje denne politiske viljen i handling. Vi godkjende ein omfattande NRC-handlingsplan mot terrorisme, som vil vere rettleiande for oss i den framtidige innsatsen på alle område i denne felles kampen, og ønskte velkomen at det var semje om dei nærare føresegnene for det russiske bidraget til NATO-operasjonen Active Endeavour i Middelhavet, som tek sikte på å medverke til å førebyggje, stanse og forsvare og verne mot terrorisme. I denne samanhengen merka vi oss og var særleg nøgde med at militære styrkar frå NATO og Russland alt har byrja å bu seg på å tenestegjere side om side i denne operasjonen.

Vi tok opp att at vi er fastrådde på å arbeide for å fremje tryggleik og stabilitet i og rundt Afghanistan, og ønskte velkomen Russlands tilbod om å sørgje for praktisk støtte til den NATO-leidde internasjonale tryggingsstyrken (ISAF). Vi gav òg uttrykk for uro over trugsmålet frå narkotikanæringa i Afghanistan, mellom anna at denne er kopla til finansiering av terrorisme. I denne samanhengen merka vi oss rapporten frå leiaren av NRC-seminaret om trugsmål frå handelen med afghansk narkotika, som vart halde i oktober 2004, og godkjende tilrådingane i rapporten og samdest dermed om å prøve å styrkje samarbeidet mellom NATO og Russland på dette området.

Vi merka oss det pågåande arbeidet på området krisehandtering, og særleg den vellukka gjennomføringa av NATO-Russland-prosedyreøvinga i september. Samtidig som vi tek omsyn til prinsippa i det allmenne konseptet for felles fredstryggjande operasjonar mellom NATO og Russland, er vi fastrådde på å finne høvelege måtar å utvikle og byggje på erfaringane frå denne øvinga på, for å sikre at eventuelle framtidige felles fredstryggjande operasjonar vert vellukka.

Vi var særleg nøgde med å merke oss at samarbeidet mellom dei militære styrkane våre framleis betrar seg, og at det vart vedteke ein ambisiøs arbeidsplan for 2005 og utetter, som skal vere ei rettesnor i det framtidige arbeidet til militære representantar frå NATO-Russland-rådet. I tillegg til å styrkje samvirkeevna hjå styrkane våre, gjer slik innsats òg sitt til å byggje opp den gjensidige forståinga og tilliten som krevst i ein meiningsfull og berekraftig partnarskap. Vi understreka verdien av NRC-samarbeid om forsvarsreform og ønskte velkomen avtala som vart inngått i oktober 2004 av forsvarsministrane i NRC om ei første ramme for politisk-militær rettleiing om betre samvirke mellom russiske styrkar og NATO-styrkar. I denne samanhengen såg vi fram til snarleg russisk tilmelding til PfP-avtala om status for styrkane, noko som ville gjere det lettare å intensivere felles opplæring og andre former for praktisk samarbeid.

Vi samdest om å byggje på den vellukka øvinga i sivil krisevernebuing «Kaliningrad 2004» i juni 2004 ved å utarbeide eit felles øvingsprogram på dette området og å utvikle vidare det ungarsk-russiske initiativet om sivil vernebuingsplanlegging og respons. Vi ønskte òg velkomen den vellukka «Avariya 2004», feltdemonstrasjonen på responsprosedyrer ved kjernevåpenulykker/-hendingar, som Den russiske føderasjonen var vertskap for i august 2004, og tilbodet frå Storbritannia om å vere vertskap for eit liknande arrangement i september 2005.

Vi merka oss framgangen i den pågåande innsatsen vår for å utvide og styrkje samarbeidet om å evaluere og svare på trugsmål frå spreiing av masseøydeleggingsvåpen og utskytningsmiddel for desse. Vidare vedtok vi å starte praktisk samarbeid om vern mot ABC-stoff. Vi ser fram til ein full rapport hausten 2005 om resultatet av fokuserte ekspertdrøftingar av konkrete høve for slikt samarbeid.

Til slutt minte vi om alle relevante fråsegner, stadfesta fråsegna av 4. juni 2003 frå utanriksministrane i NATO-Russland-rådet i Madrid og minte om NATOs haldning når det gjeld å gje politiske forsikringar om atterhald. Vi stadfesta òg at etterleving av avtalen om konvensjonelle styrkar i Europa (CFE) er ein hjørnestein i europeisk tryggingspolitikk. Vi stadfesta at vi er fastrådde på å oppfylle forpliktingane som er nedfelte i sluttakta frå konferansen i 1999 mellom partane i CFE-avtala. Vi oppmoda alle partane i CFE-avtala til å arbeide for at dette felles målet vert oppnådd og samdest om å halde fram å samarbeide med sikte på å få alle avtalepartane til å ratifisere den tilpassa CFE-avtala og å få avtala sett i kraft, noko som vil gje statar som ikkje er med i CFE-avtala, høve til å tiltre. Vi ønskte velkomen tilnærminga frå dei fire ikkje-CFE-medlemsstatane, som har uttrykt at dei aktar å be om tilmelding til den tilpassa CFE-avtala når ho trer i kraft, og samdest om at tilmelding av desse medlemsstatane vil gje eit viktig tilskot til europeisk stabilitet og tryggleik. Vi stadfesta at vi står klare til å byrje å arbeide på området rustingskontroll og tillitsskapande tiltak.

Til forsida