St.meld. nr. 31 (2004-2005)

Om samarbeidet i NATO i 2004

Til innhaldsliste

5 Erklæring om Irak framlagd av stats- og regjeringssjefane på toppmøtet i Istanbul 28. juni 2004

Vi, dei 26 stats- og regjeringssjefane i nasjonane i Atlanterhavsalliansen, som møtest i Istanbul, erklærer vår fulle støtte til sjølvstendet, suvereniteten, einskapen og den territorielle integriteten til republikken Irak og til styrking av fridom, demokrati, menneskerettar, rettstryggleik og tryggleik for heile det irakiske folket.

Vi ønskjer velkomen den samrøystes vedtakinga av tryggingsrådsresolusjon 1546 med heimel i kapittel VII i FN-pakta som eit viktig steg på vegen mot Iraks politiske overgang til demokratisk styre. Vi lovar full støtte til ei effektiv gjennomføring av tryggingsrådsresolusjon 1546.

Vi står samla om å støtte det irakiske folket og tilbyr den nye suverene interimregjeringa fullt samarbeid når ho søkjer å styrkje den indre tryggleiken og bane veg for val på nasjonalforsamling i 2005.

Vi fordømmer og oppmodar til stans med ein gong av alle terroråtak i Irak. Terroraktivitetar i og frå Irak trugar òg tryggleiken til grannelanda og heile regionen.

Vi støttar framleis Polen i landet si leiing av den fleirnasjonale divisjonen i det sørlege Midt-Irak. Vi erkjenner òg innsatsen til nasjonane, mellom andre mange NATO-allierte, i den fleirnasjonale styrken for Irak, som er til stades i Irak på oppmoding frå den irakiske regjeringa og i samsvar med tryggingsrådsresolusjon 1546. Vi støttar den fleirnasjonale styrken fullt ut i oppdraget med å hjelpe til med å skape og sikre tryggleik, mellom anna ved vern av FN-nærværet, i samsvar med mandatet som styrken har frå Tryggingsrådet.

Som svar på oppmodinga frå den irakiske interimregjeringa og i samsvar med resolusjon 1546, som oppmodar internasjonale og regionale organisasjonar til å gje tilskot til den fleirnasjonale styrken, har vi i dag vedteke å tilby regjeringa i Irak hjelp frå NATO med opplæring av tryggingsstyrkane. Vi oppmuntrar difor òg nasjonane til å gje tilskot til opplæringa av dei irakiske væpna styrkane.

Vi har bede Det nordatlantiske rådet om raskt å utarbeide dei nærare vilkåra for gjennomføringa av dette vedtaket saman med den irakiske interimregjeringa.

Vi har òg bede Det nordatlantiske rådet om raskt og på grunnlag av ein rapport frå Generalsekretæren å vurdere ytterlegare framlegg om å støtte dei nyoppretta irakiske tryggingsinstitusjonar som svar på oppmodinga frå den irakiske interimregjeringa og i samsvar med tryggingsrådsresolusjon 1546.

Til forsida