St.meld. nr. 31 (2004-2005)

Om samarbeidet i NATO i 2004

Til innhaldsliste

7 Erklæring om terrorisme framlagd på utanriksministermøtet i Det nordatlantiske rådet i Brussel 2. april 2004

Dei grufulle handlingane som vart gjorde i Madrid i førre månad, har endå ein gong vist det akutte trugsmålet som terrorisme utgjer for uskuldige menneske i heile verda. Vi uttrykkjer vår djupe medkjensle med familiane til dei som vart drepne i åtaket i Madrid, med dei som vart skadde, og med heile det spanske folket. Slik regjeringane våre fordømde terroråtaket på USA i 2001, og terroråtaket i Istanbul i 2003, fordømmer vi òg desse og andre grufulle terrorhandlingar, medrekna dei som vart gjorde i Irak og Usbekistan nyleg.

Vi avviser kategorisk terrorisme, utan omsyn til motivasjon, form eller uttrykksmåte. Vi er fastrådde på å kjempe saman, så lenge det krevst, mot dette vondet, som utfordrar verdiane som sameiner oss, særleg fridom grunna på prinsippa demokrati, fridom for enkeltmennesket og rettstryggleik. Alliansen gjev ein avgjerande transatlantisk dimensjon til reaksjonen på terrorisme, som krev at Nord-Amerika og Europa samarbeider så nært som det er råd. Tilnærminga vår til terrorisme og årsakene til terrorisme omfattar full gjennomføring av tryggingsrådsresolusjon 1373 om kampen mot terrorisme og vil framleis ta mange former og vere omfattande, med mellom anna politiske, diplomatiske, økonomiske og, om det krevst, militære middel.

Forsvaret mot terrorisme kan omfatte aktivitetar ved NATOs militære styrkar, grunna på vedtak i Det nordatlantiske rådet, for å førebyggje, stanse og forsvare og verne mot terroråtak, eller trugsmål om åtak, styrt frå utlandet, mot folket, territoriet, infrastrukturen og styrkane til ein medlemsstat, mellom anna ved å gjere tiltak mot desse terroristane og dei som husar dei. Alle operasjonar som vert gjennomførde til forsvar mot terrorisme, vil ha eit forsvarleg rettsleg grunnlag og vere fullt ut i samsvar med dei relevante føresegnene i FN-pakta og alle relevante internasjonale normer og standardar.

Operasjon Active Endeavour, som nyleg vart utvida til å omfatte heile Middelhavet, viser på ein praktisk måte korleis alliansen kan ta i bruk sin sakkunnskap og kapasitet i kampen mot terrorisme. Alliansen har gjeve eit stort tilskot til internasjonal tryggleik og stabilitet, mellom anna gjennom operasjonane på Balkan og i Afghanistan, som medverkar til å skape tilhøve som ikkje gjev grobotn for terrorisme.

I kampen som det internasjonale samfunnet fører mot terrorisme, kan og bør det gjerast meir. Vi gjev difor pålegg om at det til toppmøtet i Istanbul i juni vert utarbeidd eit betre sett med tiltak, som byggjer på dei tiltaka som stats- og regjeringssjefane i alliansen vart samde om i Praha i november 2002. Desse tiltaka bør omfatte

  • betre deling av etterretningsinformasjon mellom allierte, mellom anna gjennom den nyleg oppretta etterretningseininga mot terroristtrugsmål, som bør vere fullt operativ før Istanbul-toppmøtet; vi må òg intensivere utveksling av informasjon og etterretning med andre internasjonale organisasjonar og med partnarane,

  • styrkt reaksjon på nasjonale oppmodingar om NATO-støtte (til dømes gjennom Det euroatlantiske samordningssenteret for katastrofehjelp og bruk av NATOs kjemiske, biologiske, radiologiske og kjernefysiske forsvarsmiddel) for å hjelpe til med å verne mot og etter ei terrorhending,

  • å gje NATO-hjelp med tryggleik til utvalde større arrangement, til dømes Euro 2004 i Portugal og olympiaden i Aten,

  • å utvikle vidare tilskotet frå operasjon Active Endeavour til kampen mot terrorisme og å undersøkje moglege metodar for støtte mellom operasjon Active Endeavour og initiativet for spreiingstryggleik,

  • å støtte opp om allierte si fastrådde vilje til framleis å ta tak i trugsmålet om bruk av sivile luftfarty til terrorføremål,

  • å styrkje kapasiteten til forsvar mot terroråtak.

Vi pålegg òg Det faste rådet å betre samarbeidet vårt med:

  • NATO-partnarane og deltakarlanda i Middelhavsdialogen, ved gjennomføring av partnarskapshandlingsplanen mot terrorisme og øvingar og opplæring,

  • Russland innanfor ramma av NATO-Russland-rådet, ved å byggje på konferansen som skal haldast i Norfolk 5. april, særleg ved hjelp av ytterlegare øvingar,

  • Dei sameinte nasjonane, OSSE og andre internasjonale organisasjonar. Det samordna mangearta svaret frå det internasjonale samfunnet er særleg viktig,

  • Den europeiske unionen. Vi vil aktivt vidareføre samråda og utvekslinga av informasjon om terrorisme og spreiing av masseøydeleggingsvåpen, særleg når det gjeld følgjehandtering og det føreslegne samstøtta seminaret om terrorisme, med EU etter møtet vi hadde med utanriksministrane i EU 4. desember 2003. Vi ønskjer velkomen erklæringa frå Det europeiske rådet om nedkjemping av terrorisme av 25. mars 2004.

Vi ser fram til toppmøtet i Istanbul som eit høve for alliansen til på høgaste nivå å fornye forpliktinga si til kampen mot terrorisme. I mellomtida vil dei elementa i den nye pakken som er ferdig før toppmøtet, raskt kome på plass.

Til forsida