St.meld. nr. 31 (2004-2005)

Om samarbeidet i NATO i 2004

Til innhaldsliste

3 Internasjonale operasjonar

3.1 Afghanistan

NATO-overtakinga av den internasjonale stabiliseringsstyrken (International Security Assistance Force - ISAF) i Afghanistan i august 2003 har, i tillegg til å skape større stabilitet og kontinuitet i gjenreisingsarbeidet, gjort at fleire mindre land har kunna stille mannskap til den multilaterale styrken. Meir enn 30 NATO- og partnarland deltok i ISAF i 2004.

Ei sentral målsetjing for NATO er å medverke til å gje sentralregjeringa større kontroll også i provinsane. For å få til ei stabilisering av heile landet kunne ein difor ikkje avgrense det militære nærværet til Kabul og omegn. Både afghanske styresmakter og FN bad om eit utvida mandat for ISAF. Samtidig var det klart at alliansen ikkje ville makte å skaffe fram tilstrekkelege styrkar til å etablere eit tungt militært nærvær over heile landet.

Med basis i tryggingsrådsresolusjon 1510 frå oktober 2003 gjekk NATO difor i gang med ei gradvis utviding av operasjonsområdet for ISAF ved å etablere såkalla regionale stabiliseringslag (Provincional Reconstruction Team - PRT). Siktemålet er å tryggje og stabilisere heile landet etappevis. PRT-laga skal skape tryggingsplattformer, som er ein føresetnad både for utviding av sentralmakta og for økonomisk gjenreising. I 2004 vart fleire PRT-einingar etablerte nord og nordvest i landet.

I dag medverkar ISAF til stabilitet og tryggleik på fleire måtar: Direkte gjennom vakthald og patruljering, både aleine og saman med den afghanske hæren, og indirekte gjennom trening av denne hæren og - i noko mindre grad - den nasjonale politistyrken. I tillegg deltek ISAF i avvæpning, demobilisering, reform av tryggingssektoren og antinarkotikaarbeid. ISAF vidarefører dessutan mindre sivilmilitære prosjekt innan infrastruktur, skule, vassforsyning, helse og jordbruk.

Støtte frå den amerikanskleidde Operation Enduring Freedom (OEF) er avgjerande for at ISAF skal lukkast med PRT-engasjementet sitt. OEF har framleis som ei viktig oppgåve å slå tilbake eksisterande terroristgrupperingar. Koalisjonsstyrken er med på å skape stabilitet og leggje til rette for ei gradvis utviding av operasjonsområdet til ISAF. Likeins er ISAF med på å skape rammevilkår som hindrar at terroristar og andre fiendtlege grupperingar får nytt fotfeste i provinsane der PRT-einingar er etablerte. Samspelet mellom dei to operasjonane er difor heilt grunnleggjande for å handtere tryggingsutfordringane i Afghanistan.

Utviklinga i Afghanistan har vore positiv i 2004. Presidentvalet var vellukka, og arbeidet med reformer i tryggingssektoren går framover. Spesielt viktig i denne samanhengen er arbeidet med å byggje opp ein afghansk hær og å utvikle ein politistyrke og eit fungerande rettsvesen. I dei NATO-kontrollerte områda nord og nordvest i landet er tryggingssituasjonen gjennomgåande god. I 2005 vil det vere eit hovudmål for NATO å få fleire PRT-lag på plass vest og sør i landet, slik at dei både kan medverke til generell utvikling og støtte opp under dei planlagde parlamentsvala.

Den positive utviklinga må likevel ikkje få skyggje for utfordringane som framleis finst i Afghanistan, spesielt i form av væpna grupper, opiumsproduksjon og korrupsjon. Ikkje minst er den aukande narkotikaproduksjonen ein alvorleg trussel mot regional og internasjonal stabilitet.

Det er full semje i alliansen om at afghanarane sjølve må ta leiinga i gjenreisinga av landet. NATO si oppgåve må vere å sikre og styrkje tryggleiken i landet og verke som tilretteleggjar for afghansk og anna internasjonal verksemd. Noreg legg stor vekt på eit tettast mogeleg samarbeid mellom dei internasjonale aktørane i Afghanistan, og på at ansvaret snarast råd må bli overført til dei nasjonale styresmaktene, også når det gjeld tryggleiken i landet.

Noreg har delteke i ISAF sidan styrken vart oppretta i 2002. I 2004 stod vi for leiinga av den eine av tre bataljonsstridsgrupper i Kabul, der også eit vakt- og sikringskompani inngår. Vidare har Noreg sendt stabsoffiserar til ISAF-hovudkvarteret og personell til det britiskleidde PRT-laget i Meymaneh nord i Afghanistan. Vi vil framleis leggje hovudtyngda av det internasjonale militærengasjementet vårt til Afghanistan. Vi tek sikte på å overta leiinga av PRT-eininga i Meymaneh i løpet av 2005. Storbritannia, som i dag leier dette arbeidet, har spurt om Noreg vil ta på seg denne leiarrolla. Noreg vil også stille spesialstyrkar til OEF.

Vidare stiller Noreg inntil 10 politioffiserar til opplæring av det afghanske politiet gjennom det tyske politiprosjektet i Kabul. Bidraget vårt er hovudsakleg retta mot opplæring i menneskerettar. Noreg yter også ein god del utviklingshjelp til Afghanistan, som i 2004 fekk status som utviklingspolitisk samarbeidsland. Vi vil òg trappe opp innsatsen i antinarkotikaarbeidet.

3.2 Balkan

3.2.1 Bosnia-Hercegovina

Under NATO-toppmøtet i Istanbul vart det vedteke at den NATO-leidde fredstryggingsoperasjonen SFOR skulle overførast til ein ny EU-leidd styrke, EUFOR. Sidan situasjonen i Bosnia-Hercegovina framleis må reknast som stabil, men sårbar, var det semje om at EUFOR skulle vere like stor som SFOR-styrken, rundt 7000 personar.

Overføringa av operasjonen frå NATO til EU gjekk smertefritt. Operasjonen byggjer på dei såkalla «Berlin Pluss»-ordningane, som opnar for at NATO kan gje støtte til militære operasjonar som EU planlegg og leier. NATO vidarefører nærværet i Bosnia-Hercegovina, og har oppretta eit nytt hovudkvarter i Sarajevo. Hovudoppgåva er å hjelpe til med forsvarsreformer med sikte på å gjere landet meir eigna som kandidat til å delta i partnarsamarbeidet i NATO. Alliansen støttar dessutan EU innanfor etterretninga og i arbeidet med å oppspore ettersøkte personar som er tiltala av Den internasjonale forbrytardomstolen for det tidlegare Jugoslavia, og har elles ein del andre operative funksjonar i samband med tiltak mot terrorisme.

3.2.2 Kosovo

Hovudoppgåva til den NATO-leidde internasjonale fredsstyrken i Kosovo (KFOR) er stabilisering og assistanse til FN-administrasjonen (UNMIK). Kosovo står svakt økonomisk, og situasjonen er prega av manglande framtidsutsikter. Organisert kriminalitet er utbreidd, med smugling av narkotika, våpen og menneske, og utgjer ein stor trussel mot tryggleiken og stabiliteten i området. UNMIK og KFOR har gjort framsteg i det sivilmilitære samarbeidet, og står no betre rusta i kampen mot desse utfordringane.

Frå rundt 28 000 soldatar i 2002 vart KFOR-styrken i 2003 redusert til 17 000. Ytterlegare nedtrapping i løpet av 2004 vart vurdert. Ein vart samde om at ei vidare nedtrapping må skje i takt med ei klar betring av tryggingssituasjonen og ikkje tvingast fram før situasjonen tillèt det. KFOR-nærværet vil i tida framover vere heilt nødvendig for å skape den roa og stabiliteten som Kosovo treng.

Den 17. mars 2004 blussa valden mellom albanarar og serbarar i Kosovo kraftig opp i løpet av nokre få timar. KFOR, medrekna den norske bataljonen på rundt 450 mann, klarte på under 48 timar å roe ned situasjonen. Like fullt vart 19 menneske drepne, nesten 1000 skadde og hundrevis av kosovoserbiske eigedommar øydelagde under opptøyane. Dette var dei største valdshendingane i provinsen sidan krigen i 1999. Det at valden blussa opp fleire stader på same tid, gav indikasjonar på at valden var planlagd og inspirert av interne krefter som ønskte å destabilisere Kosovo.

Som følgje av hendingane i mars avgjorde NATO-landa at styrkenivået i KFOR skal haldast på dagens nivå inntil vidare. Sommaren 2004 bytte Noreg ut hærbidraget i Kosovo med ei helikoptereining som skal vere der fram til sommaren 2005.

Den norske NATO-ambassadøren Kai Eide fekk våren 2004 i oppdrag av generalsekretæren i FN å skrive ein rapport om situasjonen i Kosovo og gje tilrådingar om korleis det internasjonale samfunnet skulle handtere prosessen vidare. Eide la fram rapporten i juli 2004. Han rådde m.a. til at ein innan sommaren 2005 gjennomfører ei grundig vurdering av dei resultata sjølvstyreorgana i Kosovo har oppnådd når det gjeld å implementere visse prioriterte standardar, mellom anna tiltak som gjennom tryggleik, gjenreising og desentralisering kunne gje minoritetane ei betre stilling. Eit positivt resultat av vurderinga vil i følgje rapporten frå Eide leggje til rette for ein diskusjon om den framtidige folkerettslege statusen til Kosovo. Verdssamfunnet har i stor grad følgt opp tilrådingane.

Det knyter seg likevel stor uvisse til den vidare utviklinga i tryggingssituasjonen og den politiske prosessen i Kosovo. Dette skuldast ikkje minst at leiande politikarar i Serbia har oppfordra den kosovoserbiske minoriteten til å boikotte den politiske prosessen, noko som dessverre også skjedde under vala til sjølvstyreorgana i oktober 2004. Det at Ramush Haradinaj, tidlegare militær leiar for den kosovoalbanske frigjeringshæren KLA, vart utnemnd til statsminister i Kosovo etter valet, er òg blitt eit stridsspørsmål som har vore med på å svekkje dialogen med den kosovoserbiske minoriteten og med styresmaktene i Serbia.

Det er brei semje i NATO om at alliansen i tillegg til å arbeide for militær stabilisering også må spele ei politisk rolle i Kosovo. Heilt sentralt i denne samanhengen vil det vere å støtte FN-innsatsen og medverke til ei mest mogeleg samordna internasjonal tilnærming i Kosovo.

3.3 Irak

Då tryggingsrådet i FN vedtok resolusjon 1546 tidleg i juni 2004, var grunnlaget lagt for ein overgang frå okkupasjon til eit sjølvstendig Irak. Samtidig vart det internasjonale tryggingsnærværet i Irak halde ved lag etter oppmoding frå irakisk hald. Resolusjonen inneheld òg ein appell til regionale tryggingsorganisasjonar om å medverke til stabilisering av Irak, mellom anna gjennom opplæring av irakiske tryggingsstyrkar. Resolusjonen, saman med ei direkte oppmoding til NATO frå den irakiske interimsregjeringa om å medverke til opplæring av irakiske tryggingsstyrkar, opna for eit NATO-engasjement.

På denne bakgrunnen kunne NATO på Istanbul-toppmøtet i slutten av juni vedta å etablere ein treningsmisjon i Irak (NATO Training Mission in Iraq - NTM-I). Vedtaket skapte ei ny semje om Irak-tilnærminga i alliansen, men fjerna ikkje meiningsforskjellane som hadde lege til grunn for korleis dei allierte stilte seg til Irak-konflikten.

NATO-opplæringa er avgrensa til strategisk opplæring og rådgjeving til militære og sivile leiarar på mellom- og høgre nivå. Alliansen har òg ei rolle i å koordinere tilbod om militært utstyr, ammunisjon og bilateral opplæring for irakisk tryggingspersonell utanfor Irak. NTM-I er skilt frå dei fleirnasjonale styrkane under amerikansk leiing, men samarbeider og koordinerer nært med desse. Dei fleirnasjonale styrkane skal syte for den generelle områdetryggleiken rundt NATO-oppdraget i Irak, mens NATO sjølv har ansvaret for nærvernet av eigne institusjonar, infrastruktur og nærtransport. Den militære sjefen for opplæringsaktivitetane som dei fleirnasjonale styrkane driv i Irak, fungerer også som sjef for NTM-I, og har dermed ei dobbeltrolle som inneber rapportering gjennom NATO-kommandolinja til øvste militære NATO-sjef i Europa, og i siste instans til NATO-rådet. Operasjonsplanen for NTM-I vart godkjend av NATO-rådet i midten av november 2004. Først i byrjinga av desember var det tilbode nok personellressursar frå nasjonane til å setje i verk første fasen av NTM-I.

Noreg har delteke i NTM-I i Irak frå starten med personell frå NATOs kommandostruktur. Noreg har likeins medverka til å leggje til rette for opplæring av irakiske offiserar ved Joint Warfare Centre i Stavanger. Samtidig har Noreg forplikta seg til å sende inntil 10 instruktørar til Irak.

I tillegg deltek Noreg i den fleirnasjonale styrken i Irak med inntil 10 stabsoffiserar i dei britiske og polske hovudkvartera.

Noreg legg dessutan opp til å stå for opplæring av irakiske politioffiserar i Noreg, med vekt på menneskerettar, likestilling og administrasjon. Vidare vil Noreg framleis medverke økonomisk til gjenreisinga i Irak, i hovudsak gjennom Verdsbanken og FN.

Nokre allierte gjorde det klart at deira personell, sjølv det som tenestegjer i dei multinasjonale operative stabane i alliansen, ikkje kunne gjere teneste i Irak. Dette avvik frå prinsippet om at nasjonalt personell i NATO-stabar står til disposisjon for oppdrag som er vedtekne i dei styrande organa i alliansen, og styrkte inntrykket av eit svakare alliert samhald. Vanskane med å følgje opp vedtaket frå Istanbul førte til fornya amerikansk kritikk av europeiske allierte, og gjorde brubygginga i alliansen vanskeleg.

Den vellukka gjennomføringa av valet i Irak 30. januar 2005 medverka til ei meir samla alliert tilnærming til Irak. Alle allierte såg positivt på at irakiske styresmakter og tryggingsstyrkar spela ei aktiv rolle i valgjennomføringa, og på at irakarane sjølve tok hand om den politiske prosessen. Det uformelle toppmøtet 22. februar viste at alle allierte no medverkar til oppbygginga av eit demokratisk og stabilt Irak gjennom bidrag til NATOs treningsmisjon. Den vanskelege tryggingssituasjonen gjer det likevel problematisk å mobilisere dei nødvendige ressursane.

3.4 Patruljeringsoperasjonen i Middelhavet

NATO har gjennon heile 2004 halde fram med den maritime patrulje- og overvakingsoperasjonen Active Endeavour (OAE) i Middelhavet. Operasjonen er ein del av alliansens felles kamp mot internasjonal terror og spreiing av masseøydeleggingsvåpen, og er basert på artikkel V i Atlanterhavspakta. Noreg tek aktivt del i denne operasjonen. I mars 2004 vart operasjonsområdet utvida til å gjelde heile Middelhavet. Sidan hausten 2004 har OAE gått over i eit nytt operasjonsmønster der ein mellom anna har gått over frå å bruke ståande flåtestyrkar til ein mindre, etterretningsdriven operasjon med vanleg styrkegenerering. Det vert arbeidd med partnardeltaking i operasjonen, og under utanriksministermøtet i desember 2004 var det semje om at russiske fartøy skal delta i operasjonen.

3.5 Luftkontroll og -patruljering i Baltikum

Av dei sju nye NATO-medlemslanda står dei baltiske statane og Slovenia utan eigen kapasitet til kontroll og patruljering (Air Policing) av eige luftrom. Tilknyting til det integrerte luftovervakingssystemet i NATO er ein viktig del av det kollektive alliansesamarbeidet, og har mykje å seie politisk for desse statane. NATO har difor drive luftkontroll over dei baltiske statane og Slovenia sidan 2. april 2004. Denne allierte innsatsen vert særleg av dei baltiske statane sett på som svært viktig.

Dei einskilde NATO-landa er bedne om å stille relevante ressursar (jagarfly, utstyr og personell) til disposisjon, og bidraga er organiserte i 3-månaders rotasjonsperiodar fram til april 2006.

Noreg har hatt ei luftkontrolleining i Baltikum sidan 2. april 2004. Den norske luftkontrolleininga er høgt verdsett av NATO, dei baltiske landa og sentrale allierte. Norsk deltaking med ei luftkontrolleining vil halde fram inn i 2005. Noreg deltek vidare med fire F-16 jagarfly som skal drive luftpatruljering av baltisk luftrom i første kvartal 2005.

Til forsida