St.meld. nr. 31 (2004-2005)

Om samarbeidet i NATO i 2004

Til innhaldsliste

4 Partnarsamarbeidet

4.1 Russland

Samarbeidet mellom NATO og Russland tok viktige skritt framover i 2004. Parallelt med utvidinga av alliansen vart også NATO-Russland-rådet (NATO Russia Council - NRC) utvida, slik at det no har 27 medlemmer. Rådet står i si noverande form fram som eit viktig politisk instrument i den tillitsskapande prosessen mellom tidlegare motpartar.

Når det gjeld det praktiske samarbeidet, er semja på utanriksministermøtet i desember om at russiske marinefartøy skal støtte den maritime antiterroroperasjonen Active Endeavour i Middelhavet viktig og positiv. NRC får med dette tilbake ein operativ dimensjon som har mangla sidan Russland drog dei fredsbevarande styrkane sine ut av Kosovo og Bosnia-Hercegovina. I tillegg har ein i løpet av året vidareutvikla ei rekkje andre samarbeidsprosjekt, som tiltak for å styrkje evna til militært samarbeid, medrekna kommunikasjon og samband, logistikk, søk og redning til sjøs, missilforsvar og forsvarsreform. Det er dermed lagt eit betre praktisk grunnlag for felles militær trening og øving og påfølgjande freds- og krisehandteringsoperasjonar med deltaking frå NATO-landa og Russland. Utsiktene til dette vart omtala allereie under grunnlegginga av NRC på Roma-toppmøtet i 2002. Det er venta at Russland vil ratifisere ein avtale om status for styrkane (SOFA) i løpet av 2005. Dette vil leggje tilhøva betre til rette for at også norske styrkar kan trene saman med russiske styrkar.

På det sivile området vart mellom anna samarbeidet om luftromskontroll og utvikling av ei felles evne til sivil krise- og katastrofehandtering ført vidare. Den sivile beredskapsøvinga i Kaliningrad sommaren 2004 stadfesta at det på dette området er gjort framsteg når det gjeld å samordne ressursane til NRC-landa. Mot slutten av året vart det òg semje om ein handlingsplan mot internasjonal terrorisme og om eit samarbeid for å hindre smugling av narkotika frå Afghanistan, med felles opplæringsinitiativ.

Dei politiske konsultasjonane tok steget frå å drøfte spørsmål der det er stor grad av semje til å ta opp saker der partane står lengre frå kvarandre. Av slike saker kan nemnast konvensjonell rustingskontroll (Conventional Armed Forces in Europe - CFE), utviklinga i Georgia og ikkje minst situasjonen rundt presidentvalet i Ukraina. Denne siste diskusjonen munna ut i semje på utanriksministermøtet i desember om støtte til eit uavhengig og demokratisk Ukraina og ei felles oppmoding om at den politiske krisa måtte løysast i samsvar med rettsstatlege prinsipp og med landets konstitusjon.

Den russiske tilnærminga til diskusjonane om Ukraina illustrerer kor stor vekt Russland legg på NRC. Rådet vert rekna som eit viktig tryggingspolitisk forum der det er lagt avgjerande vekt på felles interesser og på å oppretthalde eit godt samarbeidsklima. Det inneber ei pragmatisk og ikkje-konfrontatorisk tilnærming til dei allierte og kompromissvilje i enkeltsaker som til dømes Ukraina.

Semja om denne fråsegna kan ikkje dekkje over at det framleis finst svake punkt i den politiske delen av NRC-samarbeidet. Det er problem med manglande substans i dei jamlege konsultasjonane. Drøftingane er berre i liten grad blitt utnytta til å formulere felles synspunkt og initiativ. Ikkje minst blir det viktig å utnytte Russlands eiga tru på NRC til å påverke den russiske innstillinga til politiske spørsmål av felles interesse.

Sett i eit norsk perspektiv må ein seie seg tilfreds med utviklinga. Heilt sidan NRC vart oppretta, er det lagt vekt på den tillitsskapande verdien av samarbeidet. På denne bakgrunnen er det positivt at støtta til NRC internt i Russland synest å bli sterkare. Denne utviklinga er særleg merkbar i direkte kontaktar på militær side.

Frå norsk side er det lagt til grunn at alliansen og Russland saman kan øve ein vesentleg innverknad på arbeidet med å finne praktiske løysingar på dei sentrale tryggingspolitiske problema. Vi har difor lagt særleg stor vekt på utforming av felles synspunkt og initiativ. Noreg har delteke aktivt i utforminga av den felles tilnærminga hos NRC-landa til grensetryggleik på Balkan og reformprosessane i Bosnia-Hercegovina, og no seinast fellesfråsegna om mellom anna Ukraina.

Frå norsk side er ein i tillegg nøgd med at det praktiske samarbeidet er i ferd med å skape ei auka felles evne til krisehandtering. Prioriterte område for norsk innsats er militært samarbeid, også når det gjeld oppbygging av evne til felles operasjonar, forsvarsreform og omskolering av overflødig militært personell slik at dei kan ta arbeid i sivil sektor, og sivil beredskap. På alle desse områda har det vore positive tendensar i 2004.

Det er viktig å ha ei realistisk innstilling til NRC. Utsiktene for å bruke rådet som eit instrument til å påverke den indre reformprosessen i Russland er i hovudsak avgrensa til det fagmilitære området. På vanskelege utanrikspolitiske område som CFE er det grenser for kor langt Russland er villig til å strekkje seg. Sjølv om det til no har vore heller lite rom for samordna synspunkt i denne typen spørsmål, vil det vere viktig å halde spørsmåla på sakskartet og søkje å komme fram til meir samarbeidsorienterte russiske synspunkt på lengre dikt.

4.2 Ukraina

Samarbeidet i NATO-Ukraina-kommisjonen (NATO Ukraine Commision - NUC) var i 2004 prega av stillstand. Etter det vellukka valet er det venta at samarbeidet får ein ny giv i 2005. President Viktor Jusjtsjenko har signalisert ein meir vestleg kurs enn forgjengaren. Det kan ventast nye ukrainske framstøytar for å styrkje og utvide samarbeidet med vestlege institusjonar som NATO og EU.

Ei slik styrking av samarbeidet føreset likevel ukrainsk framgang i oppfølginga av handlingsplanen med NATO. I lys av den positive politiske utviklinga i Ukraina ligg alt no til rette for å skape framgang i tilhøvet. NUC-toppmøtet 22. februar understreka det viktige i å samarbeide nært og tett med Ukraina på grunnlag av eksisterande samarbeidsmekanismar. Det vil no vere opp til Ukraina å vise gjennom reformer i tryggings- og forsvarssektoren at landet ønskjer eit tettare samarbeid med NATO.

Den største utfordringa for NATO-samarbeidet med Ukraina i 2005 blir å skape nytt liv i den politiske dialogen og halde fram samarbeidet om målretta reformer. Ukraina har gjennomført store forsvarsreduksjonar sidan landet vart sjølvstendig, men dette har føregått utan ein overordna plan. Det ukrainske forsvarsdepartementet har m.a. utarbeidd eit politisk grunnlag og verktøy for ein meir målretta transformasjonsprosess, og Ukraina og NATO har utvikla mekanismar for omfattande tryggings- og forsvarspolitisk samarbeid. Dette gjeld m.a. omstillingar og reduksjonar i forsvaret, profesjonalisering og tilpassing til NATO-standardar. Ei hovudutfordring synest å vere balanse mellom utfordringar, militære oppgåver, ressurstilgang og styrkestruktur.

I denne samanhengen er det svært positivt at USA har sagt seg villig til å leie eit frivillig fond for destruksjon av handvåpen, overskotsammunisjon og berbare luftforsvarssystem (Man-Portable Air Defense Systems - MANPADS) i Ukraina. Fondet vil vere det hittil største frivillige fondet i NATO-regi. Noreg vil støtte prosjektet med 2 millionar kroner dei neste tre åra.

Ukraina har lenge ytt vesentlege bidrag til ulike fleirnasjonale operasjonar. Gjennom denne innsatsen har landet vist seg i stand til operativt militært samarbeid med NATO, både på Balkan og i Afghanistan. Det praktiske militære samarbeidet vil bli vidare utbygd, blant anna gjennom deltaking i Operation Active Endeavour og i form av lufttransportstøtte. Ei rekkje møte vart haldne mellom dei militære NATO-styresmaktene og Ukraina i 2004, og førebuingane er komne langt. Det er venta at det ukrainske bidraget vil bli avklara i løpet av 2005.

4.3 Det breiare partnarskapssamarbeidet (EAPC)

Utvidinga av NATO i mars 2004 førte til at ein innanfor det 46 land store partnarskapsorganet EAPC no hadde fleire medlemsland enn partnarland. Eit viktig spørsmål i kjølvatnet av utvidinga var korleis partnarsamarbeidet (EAPC/PfP) skulle formast i tida framover. Det var difor eit klart ønske i alliansen å omforme partnarsamarbeidet slik at det vart teke større omsyn til ulikskapane mellom partnarlanda og til aktuelle tryggingspolitiske utfordringar som til dømes Afghanistan.

Samarbeidet med partnarlanda står i dag fram som ein svært viktig del av arbeidet og den politiske profilen til alliansen. Partnarsamarbeidet omfattar no i hovudsak tre grupper: dei tre landa på Balkan (Kroatia, Makedonia og Albania) som deltek i det medlemskapsførebuande NATO-programmet (Membership Action Plan - MAP), land i Sentral-Asia og Kaukasus og dei alliansefrie vesteuropeiske partnarlanda (Sverige, Finland, Austerrike, Irland og Sveits).

NATO vidarefører sitt engasjement overfor MAP-landa, og ønsket om at dei skal nå målet om medlemskap i alliansen står fast. Etter den siste utvidingsrunda såg ein kor gunstig det hadde vore for desse landa å delta i MAP som førebuing til medlemskap og for å integrere dei betre i dei ulike NATO-prosessane. Like fullt er det klart at framstega til dei tre landa er ujamne. Kroatia har fått status som kandidatland til EU som følgje av den positive utviklinga dei seinare åra, men NATO legg framleis vekt på fullt samarbeid med Den internasjonale forbrytardomstolen for det tidlegare Jugoslavia (ICTY) før medlemskap kan bli aktuelt. Makedonia har trass i intern politisk og etnisk spenning hatt relativt god framgang. I Albania er det enkelte positive utviklingstrekk på militær side, men større løft må gjerast mellom anna i justis- og politivesenet. MAP-landa blir vurderte individuelt med tanke på NATO-medlemskap. Noreg er aktivt med på å kvalifisere dei tre MAP-landa for framtidig NATO-medlemskap, både gjennom bilaterale forsvarsreformprosjekt og gjennom multilaterale tiltak.

NATO-toppmøtet i Istanbul i juni 2004 vedtok å vidareutvikle partnarsamarbeidet på fleire område. Eit særleg geografisk fokus vert retta mot Sentral-Asia og Kaukasus. NATO har med sitt omfattande engasjement i Afghanistan gjeve samarbeidet med land i desse regionane høg aktualitet. Generalsekretæren har utpeika ein spesialrepresentant for Sentral-Asia og Kaukasus for å følgje utviklinga nært, og det vert arbeidd med å opprette lokal NATO-representasjon i regionen.

Generalsekretæren gjesta Sentral-Asia og Kaukasus hausten 2004, og drøfta m.a. mogeleg samarbeid innan forsvarsreform, grensesikring, arbeid mot internasjonal terrorisme og kamp mot narkotikatrafikk. Det er klare forskjellar på kva partnarlanda ønskjer seg av samarbeidet, og aktivitetane vil difor i stor grad måtte forankrast i dei behova landa sjølve har definert. Samtidig må NATO-engasjementet i området sjåast i samanheng med kva andre internasjonale organisasjonar gjer. OSSE har t.d. allereie eit breitt engasjement i Sentral-Asia og Kaukasus, og NATO ønskjer å konsentrere seg om aktivitetar der organisasjonen har særlege kvalifikasjonar, t.d. innan forsvarsreform .

I Istanbul vart det òg teke viktige avgjerder når det gjeld vesteuropeiske partnarar og behovet for å leggje tilhøva til rette både politisk og praktisk for at desse kan delta i NATO-aktivitetar. Noreg samarbeidde nært med m.a. Sverige og Finland om å gjere partnarsamarbeidet meir relevant for dei vesteuropeiske partnarlanda. Noreg har som utgangspunkt at dei fire alliansefrie EU-landa og Sveits kan delta meir i den militære omforminga av NATO enn andre partnarland. Innsatsen deira i NATO-leidde krisehandteringsoperasjonar og partnaraktivitetar generelt er svært verdifull for alliansen. Noreg har støtta at desse landa blir knytte tettare til arbeid med militær samhandling og kapasitetar i NATO.

NATO diskuterte i første halvdel av 2004 om Serbia og Montenegro og Bosnia-Hercegovina skulle få tilbod om deltaking i PfP. Krava frå alliansen var og er at Bosnia-Hercegovina m.a. opprettar ei felles leiing for dei militære styrkane i landet og gjennomfører meir djuptgåande forsvarsreformer, og at både Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro samarbeider fullt ut med ICTY. Dette gjeld spesielt for utlevering av dei to krigsforbrytartiltalte bosniske serbarane Radovan Karadzic og Ratkom Mladic. Førebels er det oppretta eigne samarbeidsprogram innan forsvarsreform mellom NATO og dei to landa, men begge er utsette for hard kritikk frå det internasjonale samfunnet for mangel på samarbeid med ICTY, og vart difor ikkje tilbydde medlemskap i partnarsamarbeidet under NATO-toppmøtet i juni 2004.

På norsk side meiner vi at landa må inn i PfP så fort det let seg gjere. Etter vårt syn er det lettare å medverke til at den politiske utviklinga går i rett lei viss ein samarbeider tett med landa og såleis støttar direkte opp om reformvennlege krefter, framfor å isolere eitt eller begge landa utanfor den euroatlantiske fellesskapen. Noreg medverkar svært aktivt til forsvarsreform i Serbia og Montenegro. Ambassaden vart i den samanheng styrkt med ein offiser for å lette forsvarsreformene. Dei nordiske forsvarsministrane tok i september 2004 eit initiativ til regionalt forsvarssamarbeid med Vest-Balkan. Dette samarbeidet har eit særleg fokus på Serbia og Montenegro, som vert rekna som avgjerande for ei positiv regional utvikling.

Noreg overtok i september 2004 vervet som NATO-kontaktambassade i Beograd, eit mandat vi har for eit tidsrom på to år. Vår rolle i denne samanhengen er primært knytt til informasjonsverksemd og tilrettelegging av dialog mellom styresmaktene i Beograd og NATO-institusjonane.

4.4 Middelhavslanda og Midtausten-regionen

Den auka merksemda i NATO om samarbeid med landa i Middelhavs- og Midtausten-regionen må sjåast i lys av behovet for å stimulere til ein brei reformprosess og sikre nye partnarar i kampen mot internasjonal terrorisme. Det er ei vanleg oppfatning at stabilisering og demokratisering i desse områda vil gje mindre grobotn for og støtte til internasjonal terrorisme.

Middelhavsdialogen vart lansert i 1994, og var det første forsøket NATO gjorde på å byggje nye relasjonar på tvers av Middelhavet. Dialogen omfattar i dag Algerie, Egypt, Israel, Jordan, Mauritania, Marokko og Tunisia. Den opphavlege ambisjonen var mest å få i stand eit forum for tillitsskapande tiltak og innsyn. NATO har i dialogen med middelhavslanda lagt vekt på felles eigarskap, komplementaritet med tilsvarande prosessar i EU og OSSE og respekt for nasjonalt og regionalt særpreg. Dialogen er gradvis blitt utvida dei ti åra han har vart, men har til no hatt heller små resultat å vise til både på det praktiske og det politiske planet.

Med vedtaka på Istanbul-toppmøtet gjekk NATO inn for å styrkje samarbeidet om regional tryggleik og stabilitet med landa rundt Middelhavet og i den vidare Midtausten-regionen. Det var semje om å løfte Middelhavsdialogen opp til ein genuin partnarskap med NATO og å lansere eit nytt Istanbulinitiativ for samarbeid (Istanbul Cooperation Initiative - ICI) retta mot landa i den vidare Midtausten-regionen.

I Istanbul-vedtaka fokuserte alliansen på fire hovudmålsetjingar for den utvida og styrkte dialogen: å utvide den eksisterande politiske dialogen, arbeide for auka interoperabilitet, utvikle eit samarbeid for forsvarsreform og delta i kampen mot terrorisme, til dømes innanfor den maritime antiterroroperasjonen Active Endeavour.

I samband med utanriksministermøtet i NATO i desember 2004 vart det for første gong halde eit felles utanriksministermøte mellom NATO-landa og landa i Middelhavsdialogen. Møtet var svært vellukka, og det var brei semje om å konkretisere og utdjupe samarbeidet i tida framover.

Den norske ambassaden i Amman har sidan 2002 vore kontaktambassade for NATO i Jordan. Det var første gongen ein norsk ambassade har hatt oppgåva som kontaktambassade i eit land i Middelhavsdialogen. Ambassaden har hatt utstrekt kontakt med både militære og sivile jordanske motpartar og med andre NATO-lands ambassadar, og har delteke i seminar og føredragsverksemd og i tilrettelegging for NATO-delegasjonar på reise til Jordan.

Istanbulinitiativet sprang ut av eit ønske frå fleire allierte med USA i spissen om å styrkje samarbeidet med landa i den vidare Midtausten-regionen, både med sikte på å motarbeide terrorisme og å medverke til ei demokratisk utvikling i regionen. Det er brei semje om at ICI må vere ein del av eit breiare internasjonalt engasjement i regionen som omfattar både G8, EU og FN.

Ingen av initiativa er meinte å skulle føre til medlemskap i NATO eller PfP, og inneber ingen tryggingsgarantiar. Det er likevel ei målsetjing å styrkje den politiske dialogen mellom NATO og dei involverte landa, for såleis å medverke til eit nærare samarbeid og til reformer. Samarbeidet er i ein tidleg fase.

Både MD og ICI byr på praktisk militært samarbeid på felt der NATO har særleg kompetanse, mellom anna forsvarsreform, interoperabilitet og kamp mot internasjonal terrorisme. I tillegg kan det bli aktuelt med ulike tiltak for å medverke til operativ samhandling med NATO. Tanken er at auka forståing og gjensidig tillit kan byggjast gjennom slike utvida praktiske kontaktar. NATO må dessutan unngå å duplisere tiltak og samarbeid i regi av andre organisasjonar og initiativ.

NATO gjennomførte hausten 2004 konsultasjonar med alle landa i Gulf Cooperation Council (GCC) om ICI. Dette omfattar Kuwait, Bahrain, Qatar, Dei sameinte arabiske emirata, Oman og Saudi-Arabia. Dei tre førstnemnde har no formalisert samarbeidet med NATO, og det er venta at fleire vil følgje.

NATO-initiativa i Middelhavsområdet og den vidare Midtausten-regionen kjem i ein periode prega av forsiktig optimisme når det gjeld fredsprosessen i Midtausten.

Ein ny giv i forholdet mellom Israel og Palestina er i ferd med å gje ein ny dimensjon til den rolla NATO spelar Midtausten. Det uformelle toppmøtet 22. februar avdekte at det er brei alliert vilje til å vurdere om NATO kan medverke til å styrkje tryggleiken i regionen, i første rekkje ved å hjelpe palestinske styresmakter med reformer i tryggingssektoren. Frå norsk side vil vi arbeide vidare for at NATO skal vurdere ei slik rolle.

NATO vil òg styrkje samarbeidet med Israel. Det er brei alliert støtte til Israels ønske om ein utvida politisk dialog og eit praktisk samarbeid. Frå norsk side har vi lagt vekt på behovet for ei balansert tilnærming der omsynet til andre dialogland vert vareteke. Desse spørsmåla vil stå sentralt i alliansearbeidet det kommande året.

Noreg legg stor vekt på at NATO skal støtte opp om tiltak i regi av andre aktørar og organisasjonar. NATO må ha ei open innstilling til alle land i regionen som deler målsetjingane med samarbeidet og til den palestinske sjølvstyremakta. Frå norsk side vert det òg lagt stor vekt på at dei aktuelle samarbeidspartnarane blir trekte med så tidleg som råd er, slik at sjølve samarbeidsprosessen kan vere med på å støtte opp om reformarbeidet. Det er òg viktig med ein balanse i samarbeidet mellom dei ulike partane, utan at ein dermed gjev noko land vetorett overfor dei partane som ønskjer å gå fortare fram.

Frå norsk side har ein heile tida understreka det viktige i å halde oppe det internasjonale politiske engasjementet for å finne ei løysing på den israelsk-palestinske konflikten, då dette er nøkkelen til tryggleik og stabilitet i regionen.

Til forsida