St.meld. nr. 31 (2004-2005)

Om samarbeidet i NATO i 2004

Til innhaldsliste

6 Vurderingar og framtidsperspektiv

NATO har gjennom året 2004 ytt viktige bidrag til stabilitet og demokrati både på og utanfor det europeiske kontinentet. Utvidinga av alliansen med sju nye medlemsland har ført til eit meir integrert og tryggare Europa. NATO-operasjonane på Balkan, i Afghanistan og Irak har støtta opp om stabilitet og ei demokratisk utvikling i desse områda. Det stadig tettare samarbeidet mellom NATO og eit aukande tal samarbeidsland i Asia, Nord-Afrika og Midtausten viser at alliansen vert oppfatta som eit sentralt instrument for å løyse felles tryggingsutfordringar.

Men samtidig som NATO gjer ein større innsats og har større tiltrekningskraft enn nokon gong, er alliansen prega av indre spenningar - i første rekkje mellom USA og sentrale europeiske allierte. Bakgrunnen for desse spenningane ligg både i enkeltsaker - i første rekkje Irak - og i meir fundamentale endringar som eit meir diffust trusselbilete og framveksten av eit sterkare og meir sjølvsikkert EU.

Ei grunnleggjande utfordring for alliansen er ulike syn på korleis viktige tryggingsutfordringar bør handterast. USA definerer internasjonal terrorisme - spesielt terrorisme kombinert med masseøydeleggingsvåpen - som den heilt overordna trusselen mot seg og dei andre allierte, og ser på militære mottiltak som avgjerande. På amerikansk side meiner ein difor at NATO primært må konsentrere seg om denne utfordringa.

På europeisk side har ein lagt avgjerande vekt på å få fram at internasjonal terrorisme berre kan nedkjempast ved å bruke både politiske, økonomiske, militære og andre verkemiddel.

Parallelt med dette har ein på amerikansk side dei siste åra meir og meir retta merksemda mot land og område som har vist evne og vilje til å støtte USA-leidde operasjonar, uavhengig av alliansetilknyting. I 2004 opplevde vi ei sterkare amerikansk satsing på NATO som tryggingspolitisk hovudinstrument. For USA kan amerikanskleidde operasjonar med basis i «koalisjonar av villige» også i framtida kunne vere attraktive alternativ. Det vil i så fall føre til at dei europeiske allierte og NATO i seg sjølv får mindre å seie.

Ei tredje hovudutfordring gjeld den endra balansen i alliansen etter kvart som EU viser større ambisjonar og vilje til å spele ei meir sjølvstendig og aktiv rolle på det forsvars- og tryggingspolitiske området. Dynamikken i EU-samarbeidet er stor på dette feltet.

I mange europeiske hovudstader synest det i dag enklare å sikre politisk og økonomisk støtte til militære tiltak i regi av EU enn det er å få dekt tilsvarande behov innanfor NATO. Det stadig tettare tryggingspolitiske samarbeidet EU-landa imellom vil kunne få vesentlege konsekvensar for NATO dersom det ikkje vert utforma gode samarbeidsordningar mellom dei to organisasjonane.

For tida går utviklinga i dette samarbeidet saktare enn ein kunne ønskje, både fordi enkelte EU-land prøver på å avgrense dialogen med NATO for å verne om det tryggingspolitiske samarbeidet i EU, og fordi NATO-landa ikkje kan einast om kva for nokre EU-land ein slik dialog skal omfatte og kor breitt samarbeidet skal vere.

For Noreg som ikkje-EU-medlem er det viktig at det aktive NATO-engasjementet frå amerikansk side held fram, og at den breie transatlantiske dialogen innanfor alliansen vert vidareført. Frå norsk side vil vi framleis arbeide for å styrkje NATO som sentralt forum for tryggings- og forsvarspolitiske konsultasjonar mellom dei allierte. Vi vil vidare arbeide for eit breiast mogeleg samarbeid mellom NATO og EU.

Afghanistan vil vere ein hovudprioritet for alliansen i lang tid framover. Hovudutfordringane det kommande året vil vere å få utplassert PRT-lag og støttebasar for desse i den vestlege og etter kvert også den sørlege delen av landet, å støtte ei trygg gjennomføring av parlamentsvala og å vere med på å lære opp afghanske tryggingsstyrkar. Parallelt med desse og andre tryggingsrelaterte tiltak vil det framleis vere avgjerande å yte økonomisk og anna støtte til afghanske styresmakter slik at dei kan føre ein meir effektiv kamp mot narkotikaproduksjonen og sjølve ta leiinga i gjenreisinga av landet.

Det uformelle NATO-toppmøtet 22. februar i år viste at alle allierte er innstilte på å vere med på oppbygginga av eit demokratisk og stabilt Irak, også ved å delta i NATOs treningsmisjon. Ei slik alliert semje når det gjeld Irak er positiv for samhaldet i alliansen. NATO vil no gå vidare i utbygginga av treningsmisjonen i tråd med Istanbul-vedtaket. Frå irakisk side er NATO-innsatsen høgt verdsett.

Etter avviklinga av SFOR i Bosnia-Hercegovina i desember 2004 er NATO-engasjementet på Balkan no i hovudsak knytt til Kosovo. Det er brei semje om at styrkenivået i KFOR skal oppretthaldast inntil vidare i lys av dei mange usikre faktorane når det gjeld den tryggingsmessige og politiske utviklinga i provinsen. Det er vidare semje om at alliansen i tillegg til å drive militær stabilisering også må spele ei meir politisk rolle i Kosovo, mellom anna til støtte for FN-innsatsen. Utover KFOR-operasjonen vil truleg utviklinga i det politiske samarbeidet med Serbia og Montenegro og Bosnia-Hercegovina, og med dei tre kandidatlanda (Kroatia, Makedonia og Albania), stå høgt på saklista i NATO også i 2005.

Tilhøvet til partnarlanda vil truleg komme til å stå endå meir sentralt i tida framover. Samarbeidet med landa i Sentral-Asia og Kaukasus er i ferd med å bli styrkt både praktisk og politisk. Noreg vil framleis leggje særleg vekt på å utvikle kontakten med dei meir avanserte partnarlanda, i første rekkje Sverige og Finland, både fordi vi har mange av dei same tryggingsutfordringane og fordi desse landa yter viktige bidrag til NATO-leidde operasjonar.

NATO-Russland-rådet har siste året utvikla seg på ein positiv måte både når det gjeld praktisk samarbeid og politiske konsultasjonar. Utviklinga i NRC-samarbeidet har også ein positiv innverknad på det tosidige tilhøvet mellom Noreg og Russland. Frå norsk side vil vi arbeide aktivt for å vidareutvikle dette samarbeidet, og vil mellom anna drøfte vanskelegare politiske saker og leggje til rette for samarbeid om konkrete operasjonar.

I NATO-samarbeidet med Ukraina må eit langsiktig perspektiv leggjast til grunn. Etter valet i desember 2004 og møtet mellom president Jusjtsjenko og stats- og regjeringssjefane i NATO i februar 2005 er det likevel lagt eit godt grunnlag for eit nærare samarbeid. Kor fort og kor mykje Ukraina kan nærme seg NATO, vil først og fremst vere avhengig av ukrainsk framgang når det gjeld å etterleve vestlege prinsipp og standardar.

Ikkje minst etter toppmøtet i NATO i februar i år synest det klart at alliansen i tida framover vil komme til å leggje stadig større vekt også på samarbeidet med landa i Midtausten-regionen. I denne samanhengen vil også samarbeid mellom NATO og den palestinske sjølvstyremakta kunne bli aktuelt. Dette er noko Noreg ser positivt på. Vi ønskjer å medverke til at NATO, i nær kontakt med palestinske styresmakter, ser nærare på kva rolle organisasjonen kan spele.

Arbeidet med å tilpasse NATO til dei nye tryggingsutfordringane held fram, men trass i god framgang er det framleis stor avstand mellom ambisjonar og ressursar. Å redusere dette gapet vil vere av dei største utfordringane til alliansen også i åra som kjem. Dette vil ikkje berre vere eit spørsmål om militær omforming, men vel så mykje om politisk semje om operasjonar og oppgåver og om vilje til å finansiere slike operasjonar.

For at NATO framleis skal kunne vere den sentrale organisasjonen for tryggingssamarbeid i det transatlantiske området, er det såleis avgjerande at alliansen utviklar seg vidare både når det gjeld militære ressursar og politisk samhald. Noreg vil i åra som kjem yte solide bidrag på begge desse områda. Dei tryggingspolitiske utfordringane vi står overfor, kan berre møtast ved å finne løysingar som alle allierte kan identifisere seg med. Dette vil krevje reelle konsultasjonar og stor fleksibilitet på begge sider av Atlanterhavet.

Til forsida