St.meld. nr. 31 (2004-2005)

Om samarbeidet i NATO i 2004

Til innhaldsliste

1 Fråsegn gjeve av stats- og regjeringssjefane frå det uformelle toppmøtet i Det nordatlantiske rådet, Brussel 22. februar 2005

Vi, dei 26 stats- og regjeringssjefane i medlemslanda i Atlanterhavsalliansen, stadfestar den varige verdien av det transatlantiske sambandet, fornyar forpliktinga vår til kollektivt forsvar og står samla om forpliktinga vår til felles tryggleik og fellesverdiane demokrati, fridom, fridom for enkeltmennesket og rettstryggleik når vi drøftar dagens tryggingsutfordringar. Vala som nyleg vart haldne i Afghanistan, Irak, dei palestinske territoria og Ukraina, har endå ein gong vist, under ulike tilhøve, at desse verdiane har ein plass i vonene til folk i heile verda.

Afghanistan har kome eit langt stykke vidare når det gjeld å byggje ein stabil, demokratisk og fleiretnisk stat. Til støtte for regjeringa utvidar NATO ISAF-operasjonen sin til den vestlege delen av Afghanistan og vil stille ytterlegare styrkar til rådvelde ved det komande valet på nasjonalforsamling. Vi vil halde fram med utvidinga til resten av landet og betre samarbeidet og samordninga med operasjon Enduring Freedom med sikte på å oppnå større synergi og å integrere dei to operasjonane betre.

Det irakiske folket har vist eit enormt mot når det gjeld å skape si eiga framtid ved valurnene. Vi stadfestar Iraks suverenitet, einskap og territorielle integritet og står samla om forpliktinga vår til å støtte irakarane og den nyvalde regjeringa deira i arbeidet med å byggje eit inkluderande demokrati og ein trygg nasjon. I samsvar med tryggingsrådsresolusjon 1546 medverkar alle 26 allierte i NATO-oppdraget med å lære opp irakiske tryggingsstyrkar for å framskunde den dagen då dei kan ta fullt ansvar for stabiliteten i landet og tryggleiken til borgarane.

Vi står fast ved forpliktinga vår til stabilitet på Balkan og ser framtida til denne regionen fast forankra i det euroatlantiske samfunnet. NATO vil føre vidare det sterke nærværet sitt i Kosovo og medverke til den FN-leidde politiske prosessen med å byggje eit fleiretnisk, fredeleg og velståande samfunn.

Middelhavsdialogen og Istanbulinitiativet viser seg å vere effektive verkty for å styrkje samråd og å utvikle gjensidig gagnlege tilhøve og samarbeid om felles tryggingsspørsmål med statar i middelhavsområdet og det utvida Midtausten. Vi ønskjer velkomne dei nylege positive utviklingstrekka i dialogen mellom Israel og Den palestinske styremakta, og vi ventar at dei vil gagne både heile regionen og desse initiativa.

Vi aktar å utvikle vidare den strategiske partnarskapen vår med EU. Eit sterkare EU vil styrkje tryggleiken vår ytterlegare. Vi vil betre samarbeidet med Dei sameinte nasjonane og med andre internasjonale organisasjonar i vår felles innsats. Vi vil halde fram det nære samarbeidet med Russland, innanfor ramma av NATO-Russland-rådet, og med partnarane og venene våre for å drøfte felles trugsmål mot tryggleiken vår.

Vi hadde møte med president Jusjtsjenko og gratulerte det ukrainske folket med forpliktinga deira til demokrati og rettstryggleik. Vi lovde framleis støtte og ønskte velkomne vonene deira om å byggje eit demokratisk og velståande Ukraina og styrkje integreringa i det euroatlantiske samfunnet.

Vi er fastrådde på å nedkjempe terrorismen, styrkje tryggleiken og byggje fred og stabilitet i og utanfor det euroatlantiske området. Vi vil ytterlegare omdanne alliansen og alliansen si evne til å svare på våre felles tryggingsutfordringar. Vi er forplikta til å styrkje NATO si rolle som eit forum for strategisk og politisk samråd og samordning mellom allierte samtidig som vi stadfestar NATO sin plass som det viktigaste forumet for tryggingssamråd mellom Europa og Nord-Amerika.

Til forsida