St.meld. nr. 31 (2008-2009)

Kredittmeldinga 2008

Til innhaldsliste

3 Regelverksutvikling og løyve i større saker på finansmarknadsområdet

3.1 Regelverksutvikling

I det vidare følgjer ei oversikt over dei viktigaste endringane i regelverket på finansmarknadsområdet for 2008. I avsnitt 3.2 følgjer ei omtale av sentrale løyve som vart gitt same år, med kort omtale av dei einskilde sakene.

3.1.1 Bank- og finansieringsverksemd

Finansdepartementet vedtok 24. april 2008 forskrift om endring av «forskrift 14. desember 2006 nr. 1506 om kapitalkrav for forretningsbanker, sparebanker, finansieringsforetak, holdingselskap i finanskonsern, verdipapirforetak og forvaltningsselskaper for verdipapirfond mv.». Endringa inneber mellom anna ei utviding av dei særlege reglane for verdipapirføretak for berekning av operasjonell risiko. Same dag vedtok Finansdepartementet forskrift om endring av «forskrift 22. desember 2006 nr. 1616 om minstekrav til kapitaldekning i forsikringsselskap, pensjonskasser, innskuddspensjonsforetak og holdingsselskap i forsikringskonsern». Begge desse forskriftene vart endra ved forskrift 19. desember 2008 nr. 1524 og nr. 1540. Gjennom endringa vart det presisert at finansinstitusjonar og verdipapirføretak ved berekning av kapitaldekning ikkje skal ta omsyn til garantiar for fordringar som er stilte som følgje av mellombelse krisetiltak.

4. september 2008 oppheva Finansdepartementet «forskrift av 14. november 1991 nr. 4236 for forretningsbanker, sparebanker, finansieringsforetak og Den norske Industribank A/S om vurdering av tap på utlån, garantier mv.» og «forskrift av 18. desember 1991 nr. 1017 for forsikringsselskap om vurdering av tap på utlån, garantier mv.». Desse forskriftene frå 1991 (tapsforskriftene) vart 21. desember 2004 erstatta av «forskrift 21. desember 2004 nr. 1740 om regnskapsmessig behandling av utlån og garantier i finansinstitusjoner» som vart sett i kraft 1. januar 2005. Det vart gitt ein overgangsregel som gjorde det mogeleg å bruke tapsforskriftene òg for rekneskapsåret 2005, men etter dette har forskriftene vore overflødige.

For å kunne handtere ein situasjon der ein filial i Noreg av ein utanlandsk bank stansar verksemda si og ikkje betaler ut innskot, samtidig som banken held fram med verksemda si i heimlandet, vedtok Finansdepartementet 12. oktober 2008 «forskrift om offentlig administrasjon av filial av bank med hovedsete i fremmed stat». Forskrifta presiserer grunnlaget for eit vedtak om å setje ein filial under offentleg administrasjon, mellom anna at slikt vedtak skal sikre at sentrale omsyn etter EØS-reglar som svarer til direktiv 2001/24/EF, blir overhaldne. Offentleg administrasjon av ein filial legg til rette for ei ordna felles handtering av krava til innskytarane og andre kreditorar.

Finansdepartementet oppretta 9. januar 2008 ei arbeidsgruppe som fekk i mandat å utarbeide forslag til reglar til gjennomføring av EUs direktiv om betalingstenester, Europaparlaments- og rådsdirektiv 2007/64/EF. Direktivet krev harmonisering av marknadsinngang og verksemdsreglar for betalingsmellommenn som ikkje er kredittinstitusjonar, vilkår og reglar for betalingsformidlinga og informasjonskrav til tilbydarane av tenestene, og rettar og plikter for brukarar og tilbydarar av betalingstenester. Arbeidsgruppa leverte ei delutgreiing 16. februar 2009.

Banklovkommisjonen la 15. desember 2008 fram ei utgreiing om ansvarsfordelinga mellom kunde og bank ved bruk av nettbank (NOU 2008: 21). Utgreiinga er relatert til Europaparlaments- og rådsdirektiv 2007/64/EF om betalingstenester i den indre marknaden. Det vart gjort framlegg om at kunden som hovudregel skal bere ein del av tapet ved utilsikta eller urettmessige betalingsoverføringar som følgje av misbruk av nettbaserte betalingstenester. Oppfølging av Banklovkommisjonens utgreiing vil skje i samanheng med rapporten til arbeidsgruppa når den ligg føre.

Finansdepartementet gav 29. april 2008 Banklovkommisjonen i mandat å utarbeide forslag til lovreglar om eigarkontroll ved kjøp av kvalifiserte eigardelar i finansinstitusjonar, og 6. august 2008 mottok Finansdepartementet Banklovkommisjonens utgreiing NOU 2008: 13 om eigarkontroll i finansinstitusjonar. Lovreglane skal gjennomføre EØS-reglar som svarer til direktiv 2007/44/EF. Direktivet endrar gjeldande reglar om prosedyrar ved behandling av kjøp og forhøging av eigardelar i finansinstitusjonar (eigarkontrollreglar). Direktivet vart teke inn i EØS-avtala ved avgjerd nr.79/2008 4. juli 2008. Fristen for gjennomføring av direktivet i EU er sett til 21. mars 2009. Utgreiinga i NOU 2008: 13 vart send ut på høyring 7. august 2008. Finansdepartementet tek sikte på å fremje lovforslag tidleg i 2009.

3.1.2 Forsikringsverksemd og pensjons­ordningar

Stortinget vedtok 14. mars 2008 «lov om endringer i innskuddspensjonsloven, forsikringsformidlingsloven, forsikringsloven mv.». Lovendringane innebar mellom anna eit forbod mot provisjonar frå forsikringsselskap og andre forsikringstilbydarar til forsikringsmeklar. Lovendringa vart sett i kraft straks, med unnatak av forbodet mot meklarprovisjon, som tredde i kraft 1. juli 2008. Ved «forskrift 27. juni nr. 748 om overgangsregler til lov 14. mars 2008 nr. 6 om endringer i innskuddspensjonsloven, forsikringsformidlingsloven, forsikringsloven mv.» vart det fastsett overgangsreglar som innebar at forsikringsmeklarar fram til 1. juli 2009 kan ta imot provisjon på grunnlag av avtaler om provisjon som er inngått før 1. juli 2008.

Finansdepartementet endra ved forskrift 14. mars 2008 «forskrift 30. juni 2006 nr. 869 til forsikringslova (livsforsikring mv.)». Det vart gjort ei presisering av reglane for berekning av den delen av kursreguleringsfondet som skal tilordnast ein forsikringskontrakt ved flytting av kontrakten. Det vart vidare opna for at forsikringsselskapa kan nytte ein noko høgare prosentsats når dei fastset årets tilleggsavsetningar for kontraktar utan eller med låge tilleggsavsetningar.

Kongen i statsråd vedtok 20. juni 2008 kongeleg resolusjon om iverksetjing av endringslov til skattelova av 10. desember 2004 nr. 77 punkta XV og XVI (endringar i føretakspensjonslova og innskotspensjonslova) og endringslov til skattelova av 14. desember 2007 nr. 107 punkt VIII (endring i skattelova). Endringane inneber at det tidlegare kravet om at utanlandske føretak som ønskjer å tilby pensjonsordningar etter føretakspensjonslova og innskotspensjonslova, må vere etablerte i Noreg gjennom dotterselskap eller filial, blir oppheva. I tildelingsbrevet til Kredittilsynet for 2009 understrekar Finansdepartementet at Kredittilsynet må sjå til at pensjonsordningar fullt ut samsvarar med norsk regelverk.

Finansdepartementet fastsette 27. juni 2008 «forskrift 27. juni 2008 nr. 768 om endring i forskrift 28. desember 1993 nr. 1257 om tilsyn med finansinstitusjoner og forvaltningsselskap som har hovedsete i annen EØS-stat og som driver virksomhet i Norge m.v. og enkelte andre forskrifter». Forskriftsendringane gjeld gjennomføring av direktiv 2005/68/EF om gjenforsikring («gjenforsikringsdirektivet»).

Lov om individuell pensjonsordning vart sett i kraft 28. juni 2008. Lova gir alle personar over 18 år høve til å spare inntil 15 000 kroner per år i individuell pensjonsordning etter lova med rett til frådrag i skattepliktig inntekt. Individuell pensjonsordning kan teiknast som pensjonsspareavtale eller pensjonsforsikringsavtale. Pensjonsordninga må gi kunden rett til alderspensjon. Pensjonsordninga kan òg omfatte forsikringar som dekkjer innskotsfritak eller premiefritak ved uførleik, og rett til uførepensjon eller andre uføreytingar, attlevandepensjon til ektefelle, registrert partnar eller sambuar og dessutan barnepensjon. Minst ein tredjedel av årleg sparing skal likevel gå til alderspensjonssparing.

Stortinget vedtok 19. desember 2008 endring i føretakspensjonslova etter forslag i Ot.prp. nr. 4 (2008–2009) om lov om endringar i folketrygdlova og i enkelte andre lover (arbeidsavklaringspengar, arbeidsevnevurderingar og aktivitetsplanar). Endringa har sin bakgrunn i at rehabiliteringspengar, attføringspengar og tidsavgrensa uførestønad blir erstatta av ei ny yting, kalla arbeidsavklaringspengar. Lovendring inneber at uførepensjon frå private tenestepensjonsordningar (føretakspensjon og innskotspensjon) kan utbetalast 12 månader etter at uførleik oppstod, sjølv om den uføre på dette tidspunktet mottek arbeidsavklaringspengar. Regelen vil få verknad for personar som mottek sjuke- eller arbeidsavklaringspengar frå folketrygda i meir enn 12 månader, og som er medlem i ei privat tenestepensjonsordning som inkluderer uførepensjon.

Kredittilsynet fastsette 22. februar 2008 «forskrift om rapportering av stresstester for forsikringsselskaper og pensjonsforetak». Alle forsikringsselskapa og dei tre største pensjonskassene rapporterer etter dette stresstestar kvart kvartal til Kredittilsynet. Målet er å gi Kredittilsynet eit betre grunnlag for å ha oppsyn med soliditeten til føretaka. Rapporteringa er samstundes ei viktig førebuing til dei nye solvensreglane (Solvens II).

Finansdepartementet sende 1. juli 2008 på høyring forslag til tiltak som skal bidra til betring av konkurransen i marknaden for fripolisar og pensjonskapitalprov. Høyringsfristen var 31. oktober 2008, og departementet tek sikte på å fremje proposisjon med forslag til lovendring våren 2009.

3.1.3 Verdipapirhandel

Forskrift av 19. desember 2007 om differensiert forvaltningsgodtgjersle vart sett i kraft 1. januar 2008 og erstatta forskrift av 6. januar 2003 nr. 10. Differensieringa skal baserast på verdien av den investeringa kvar einskild partseigar har i kvart enkelt fond. Prinsippet om at dei differensierte rabattsatsane skal gjelde innanfor sine intervall, er vidareført. Dersom forvaltningsgodtgjersla skal differensierast, må dette regulerast i vedtektene til kvart enkelt verdipapir­­­­fond.

25. januar 2008 vedtok Finansdepartementet «forskrift om endring i forskrift om overgangs­regler til lov 29. juni 2007 nr. 74 om regulerte markeder (børsloven) og lov 29. juni 2007 nr. 75 om ­verdipapirhandel (verdipapirhandelloven)». Forskrifta inneheld overgangsreglar som medfører at reglar i børsforskrifta 1994 om delårsrapportar blir vidareførte for rekneskapsperiodar som startar seinast 31. desember 2007. Det vil i praksis seie delårsrapportar for fjerde kvartal 2007.

Finansdepartementet fremja 14. mars 2008 forslag til lovendringar som legg til rette for etablering og marknadsføring av spesialfond (hedgefond o.l.) i Noreg. Regjeringa sitt forslag inneber at marknadsføring og sal av lotter i spesialfond berre kan skje etter at det er gitt eit investeringsråd som oppfyller dei bindande reglane i verdipapirhandellova om investeringsrådgiving. Stortinget vedtok dei nye lovreglane om spesialfond (hedgefond o.l.) 27. juni 2008. Lovendringa er ikkje sett i kraft. Finansdepartementet sende 24. september eit utkast til forskrifter på høyring. Lovendringa trer i kraft når forskrifta er fastsett.

Finansdepartementet vedtok 31. oktober 2008 å setje i verk «lov 29. juni 2007 nr. 75 om verdipapirhandel § 10-18» og «forskrift 19. desember 2007 nr. 1602 om endring i forskrift 29. juni 2007 nr. 876 til verdipapirhandelloven». Lov- og forskriftsføresegnene gjeld rapportering av transaksjonar i finansielle instrument som er noterte på regulert marknad. Reglane vart sett i kraft 1. november 2008. Rapporteringsplikt er inntil vidare avgrensa til å gjelde finansielle instrument som blir identifiserte ved ISIN.

12. desember 2008 vart rapporten «Konkurransen og effektiviteten i markedet for verdipapirfond og andre spareprodukter» send på høyring av Finansdepartementet. Rapporten er utarbeidd av Kredittilsynet på oppdrag frå Finansdepartementet. Høyringsfristen var 27. februar 2009, og departementet behandlar no rapporten og høyringsmerknadane til denne.

3.1.4 Eigedomsmekling

Ny lov 29. juni 2007 nr. 73 om eigedomsmekling vart vedteken i 2007. Lova tok til å gjelde frå 1. januar 2008, og erstatta den tidlegare lov 16. juni 1989 nr. 53 om eigedomsmekling.

I medhald av ny lov om eigedomsmekling vedtok departementet forskrift om eigedomsmekling, jamfør forskrift 23. november 2007 nr. 1318. Forskrifta tok til å gjelde samtidig med lova 1. januar 2008.

Kredittilsynet har på oppdrag frå Finansdepartementet evaluert den såkalla 24–timarsregelen i eigedomsmeklingsforskrifta. Kredittilsynet føreslår at gjeldande 24–timarsregel blir endra slik at oppdragsgivar i forbrukarforhold ikkje kan formidle bod med kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 første vyrkedag etter annonsert vising. Kredittilsynet har òg føreslått enkelte andre endringar i eigedomsmeklingsforskrifta, mellom anna reglar om utleigemekling og utanlandsmekling. Kredittilsynet sitt forslag vart sendt på høyring 2. april 2008 med høyringsfrist 4. juli 2008. Finansdepartementet tek sikte på å fastsetje endringsforskrift i 2009.

3.1.5 Rekneskap og revisjon

Finansdepartementet fastsette 21. januar 2008 «forskrift om forenklet anvendelse av internasjonale regnskapsstandarder». Forskrifta erstattar overgangsordninga etter den tidlegare «forskrift om forenklet anvendelse av internasjonale regnskapsstandarder», fastsett 22. desember 2006. Forskrifta utvidar, samanlikna med overgangsordninga, høve til forenkla bruk av internasjonale rekneskapsstandardar (IFRS) til alle rekneskapspliktige. Etter forskrifta blir noteopplysningskrava etter dei fullstendige IFRS-standardane erstatta med noteopplysningskrav etter rekneskapslova. Det er likevel spesifisert tilleggskrav som sikrar at opplysningar som blir rapportert, er tilpassa løysinga, samstundes som informasjonsbehovet til rekneskapsbrukarane er dekt. Det er òg føreslått visse forenklingar i reglane om måling og innrekning som særleg vil verke kostnadssparande for selskap innanfor konsern som rapporterer etter dei fullstendige IFRS-standardane. Det vart gjort enkelte endringar i den nye forskrifta ved forskrift 4. april 2008.

Finansdepartementet endra 13. november og 12. desember 2008 «forskrift av 16. desember 1998 nr. 1240 om årsregnskap m.m. for banker, finansieringsforetak og morselskap for slike». Endringane inneber at bankar som ikkje bruker internasjonale rekneskapsstandardar (IFRS), kan omklassifisere visse finansielle eigedelar i samsvar med dei siste endringa i IAS 39.

Departementet endra «forskrift 17. desember 2004 nr. 1852 om gjennomføring av EØS-regler om vedtatte internasjonale regnskapsstandarder» ved forskrift 16. oktober 2008 nr. 1153. Endringa var av teknisk karakter.

Finansdepartementet mottok 27. juni 2008 utgreiinga frå Revisjonspliktutvalet (NOU 2008: 12 Revisjonsplikten for små føretak ). Utvalet er delt i spørsmålet om det bør vere revisjonsplikt for små aksjeselskap. Finansdepartementet sende same dag utgreiinga ut på høyring med frist 20. oktober 2008. Departementet tek sikte på å fremje proposisjon med forslag til lovendring i 2009.

19. september 2008 mottok Finansdepartementet utgreiinga NOU 2008: 16 Om foretaksstyring og tiltak mot manipulering av finansiell informasjon. Utgreiinga inneheld forslag til lovendringar for å styrkje føretaksstyring og forhindre rekneskapsmanipulasjon. I utgreiinga føreslår utvalet endringar i rekneskapslova og einskilde andre lover, mellom anna til gjennomføring av EØS-reglar som svarer til direktiv 2006/46/EF om endringar i rekneskapsdirektiva. Utgreiinga vart send på høyring 9. oktober 2008 med frist 9. januar 2009. Departementet tek sikte på å fremje proposisjon med forslag til lovendring i 2009.

3.1.6 Anna

Finansdepartementet fastsette i samsvar med lov om renter ved forseinka betaling § 3 ein forseinkingsrentesats for kvart komande halvår. Satsen skal vere styringsrenta til Noregs Bank med eit tillegg på sju prosenteiningar. Forseinkingsrenta vart 26. juni 2008 fastsett til 12,75 prosent, jamfør forskrift 26. juni 2008 nr. 719. 17. desember 2008 vart forseinkingsrenta fastsett til 10,00 prosent, jamfør forskrift 17. desember 2008 nr. 1407.

Finansdepartementet la 10. oktober 2008 fram forslag til ny lov om tiltak mot kvitvasking av pengar og terrorfinansiering (Ot.prp. nr. 3 (2008–2009)). Lova skal implementere EØS-reglar som svarer til det såkalla tredje kvitvaskingsdirektivet (direktiv 2005/60/EF), og andre internasjonale skyldnader og anbefalingar på området, særleg anbefalingane frå organisasjonen Financial Action Task Force (FATF). Føremålet med lova er å gjere det vanskelegare å utnytte det finansielle systemet til kvitvaskingsføremål. Forslaga er basert på NOU 2007: 10. Finansdepartementet sitt forslag vidarefører og forsterkar sentrale element i gjeldande kvitvaskingslov, med krav om at finansinstitusjonar og enkelte andre skal gjennomføre kundekontroll etter kjenn-din-kunde-prinsippet og melde mistenkjelege transaksjonar til Økokrim. På sentrale punkt føreslår departementet at virkeområdet for kvitvaskingslova blir utvida, mellom anna skal kvitvaskingslova etter lovforslaget utvidast til å omfatte tilbydarar av verksemdstenester. Det omfattar føretak og personar som har som verksemd å opprette selskap for andre, mellom anna dei som tilbyr norske verksemder å opprette norskregistrert utanlandsk føretak (NUF). Departementet føreslår at ein innfører meir omfattande og detaljerte krav til kundekontroll. Samstundes føreslår departementet at krava til kundekontroll skal tilpassast risikoen for kvitvasking av pengar i kvart enkelte tilfelle.

Kredittilsynet vedtok 22. september 2008 forskrift om risikostyring og internkontroll (forskrift av 22. september 2008 nr. 1080). Forskrifta tredde i kraft 1. januar 2009. Forskrifta gjeld for alle einingar under tilsyn av Kredittilsynet som ikkje er enkelpersonsføretak, med unnatak av revisjonsselskap. Føremålet med forskrifta er å betre risikostyringa og internkontrollen til einingane gjennom å utdjupe ansvaret til styret og leiinga utover det som følgjer av selskapsrettslege reglar og reglar i særlovgivinga.

3.1.7 Oversikt over fastsette forskrifter

Det vart fastsett 18 forskrifter i 2008.

Forskrift 21. januar 2008 nr. 57 om forenklet anvendelse av internasjonale regneskapsstandarder

Forskrift 23. januar 2008 nr. 62 om politiattest ved arbeid eller tjeneste for Norges Bank

Forskrift 25. januar 2008 nr. 68 om endring i forskrift om overgangsregler til lov 29. juni 2007 nr. 74 om regulerte markeder (børsloven) og lov 29. juni 2007 nr. 75 om verdipapirhandel (verdipapirhandelloven)

Forskrift 14. mars 2008 nr. 258 om endring i forskrift 30. juni 2006 nr. 869 til forsikringsloven (livsforsikring mv.)

Forskrift 4. april 2008 nr. 339 om endring i forskrift om årsregnskap m.m. for forsikringsselskaper og enkelte andre forskrifter

Forskrift 24. april 2008 nr. 392 om endring i forskrift 14. desember 2006 nr. 1506 om kapitalkrav for forretningsbanker, sparebanker, finansieringsforetak, holdingselskap i finanskonsern, verdipapirforetak og forvaltningsselskap for verdipapirfond mv.

Forskrift 24. april 2008 nr. 393 om endring av forskrift 22. desember 2006 nr. 1616 om minstekrav til kapitaldekning i forsikringsselskap, pensjonskasser, innskuddspensjonsforetak og holdingsselskap i forsikringskonsern

Forskrift 26. juni 2008 nr. 719 om renter ved forsinket betaling

Forskrift 27. juni 2008 nr. 768 om endring i forskrift 28. desember 1993 nr. 1257 om tilsyn med finansinstitusjoner og forvaltningsselskap som har hovedsete i annen EØS-stat og som driver virksomhet i Norge m.v. og enkelte andre forskrifter

Forskrift 27. juni 2008 nr. 748 om overgangs­regler til lov 14. mars 2008 nr. 6 om endringer i innskuddspensjons­loven, forsikringsformidlingsloven, forsikrings­loven mv.

Forskrift 4. september 2008 nr. 990 om opphevelse av forskrift for forretningsbanker, sparebanker, finansieringsforetak og Den norske Industribank A/S om vurdering av tap på utlån, garantier m.v. og forskrift for forsikringsselskaper om vurdering av tap på utlån, garantier mv.

Forskrift 12. oktober 2008 nr. 1102 om offentlig administrasjon av filial av bank med hovedsete i fremmed stat

Forskrift 16. oktober 2008 nr. 1153 om endring i forskrift 17. desember 2004 nr. 1852 om gjennomføring av EØS-regler om vedtatte internasjonale regnskapsstandarder

Forskrift 13. november 2008 nr. 1210 om endring i forskrift 16. desember 1998 nr. 1240 om årsregnskap m.m. for banker, finansieringsforetak og morselskap for slike

Forskrift 12. desember 2008 nr. 1323 om endring i forskrift 16. desember 1998 nr. 1240 om årsregnskap m.m. for banker, finansieringsforetak og morselskap for slike

Forskrift 17. desember 2008 nr. 1407 om renter ved forsinket betaling

Forskrift 19. desember 2008 nr. 1524 om endring i forskrift 22. desember 2006 nr. 1616 om minstekrav til kapitaldekning i forsikringsselskap, pensjonskasser, innskuddspensjonsforetak og holdingsselskap i forsikringskonsern

Forskrift 19. desember 2008 nr. 1540 om endring i endring av forskrift 14. desember 2006 nr. 1506 om kapitalkrav for forretningsbanker, sparebanker, finansieringsforetak, holdingselskaper i finanskonsern, verdipapirforetak og forvaltningsselskap for verdipapirfond mv.

3.2 Oversikt over løyve i forvaltningssaker

Storebrand Livsforsikring AS fekk 8. januar 2008 endra løyvevilkåra sine. Endringane gjeld løyve av 16. november 2007 om kjøp av SPP-gruppa. Storebrand Livsforsikring AS fekk løyve til større fleksibilitet med omsyn til opptak av evigvarande ansvarleg lån og fondsobligasjonslån. Det er knytt vilkår til løyvet.

Finansdepartementet avslo 16. januar 2008 Kaupthing Bank sin søknad om løyve til auke av kvalifisert eigardel i Storebrand. Kaupthing Bank fekk løyve til å kjøpe kvalifisert eigardel på inntil 20 prosent i Storebrand 19. mars 2007. Avslaget på søknaden om løyve til auka eigardel vart grunngitt med at det ikkje er opplyst om forhold som skulle tilseie at departementet skal kome til ei anna vurdering enn den som ligg til grunn for departementet sitt vedtak 19. mars 2007.

Finansdepartementet gav 31. januar 2008 Skandiabanken Bilfinans AS dispensasjon fram til 25. november 2008 frå kravet i forskrift 1. juni 1990 nr. 433 § 2 om at minst ein fjerdedel av styremedlemmene skal vere personar som ikkje har tillitsverv eller er tilsette i ein annan finansinstitusjon i eller utanfor konsernet. Dispensasjonen er gitt med heimel i finansieringsverksemdslova § 2-8.

31. januar 2008 fekk DnB Nor Finans AS løyve til å kjøpe 100 prosent av aksjane i Leasing AB (Bilfinans Sverige). Løyvet er gitt med heimel i lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsverksemd og finansinstitusjonar § 2a-3 fjerde ledd. Departementet har samstundes med heimel i lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsverksemd og finansinstitusjonar § 2a-6 andre ledd godkjent DnB Nor ASA sin nye konsernstruktur som følgje av kjøpet av Skandiabanken Bilfinans AS og Leasing AB (Bilfinans Sverige). Det er knytt vilkår til løyvet.

Finansdepartementet gav med heimel i børslova § 35 fyrste ledd tredje punktum Statsnett SF og Affärsverket Svenska Kraftnät kortvarig dispensasjon til kvar å eige 50 prosent av aksjane i Nord Pool ASA. Dispensasjonen vart gitt 14. februar 2008 og gjeld fram til 31. desember 2008. I tillegg vart det gitt kortsiktig dispensasjon fram til 31. desember 2008 for Nord Pool ASA til å eige alle aksjane i Nord Pool Clearing ASA.

Med heimel i sparebanklova § 47 fyrste ledd, jamfør § 5 og kgl. res. 22. september 1961, godkjende Finansdepartementet 28. mars 2008 at Sparebanken Telemark og Sparebanken Grenland blir slutta saman til Sparebanken Telemark. Det blir stilt vilkår til samanslutninga.

2. mai 2008 gav Finansdepartementet Gard Marine & Energy Limited løyve til å opprette eit dotterselskap i Sverige. Det er knytt vilkår til løyvet.

Finansdepartementet gav DnB Nor løyve til å etablere filial i Santiago de Chile i Chile 19. mai 2008. Heimelen er lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsverksemd og finansinstitusjonar (finansieringsverksemdslova) § 2a-3 fjerde ledd. Løyvet er gitt på visse vilkår.

Landkreditt Finans AS fekk 27. mai 2008 godkjent søknad om mellom anna løyve til etablering av kredittføretak. Det vart samstundes gitt løyve til at Felleskjøpet Agri BAD kunne eige 34 prosent av aksjane i Landkreditt Finans AS. I vurderinga av om Felleskjøpet Agri AB kunne få løyve til å eige 34 prosent av aksjane i Landkreditt Finans AS, vart det lagt vekt på at Felleskjøpet Agri AB er eit samvirkeføretak med eigarspreiing. Vidare vart det gitt løyve til at Landkreditt Bank AS kan eige 56,01 prosent av aksjane i Landkreditt Finans AS, og løyve til endra konsernstruktur i Landkreditt Bank som følgje av etableringa av Landkreditt Finans AS. Heimelen er finansieringsverksemdslova § 3-3, 2a-3 andre ledd og 2a-7 andre ledd. Det vart stilt vilkår til løyvet.

28. mai 2008 gav Finansdepartementet med heimel i forsikringsverksemdslova § 2-1 Netfonds Livsforsikring AS løyve til å overta individuell livrenteforsikring og individuell pensjonsforsikring som nemnt i forskrift 18. september 1995 nr. 797 om inndeling i forsikringsklasser som grunnlag for konsesjonsløyving § 1I bokstav b.

Finansdepartementet gav 29. mai 2008 løyve til at det blir etablert ein ny forretningsbank ved namnet Bank Centigo. Løyvet vart gitt med heimel i forretningsbanklova 24. mai 1962 nr. 2 § 8 fyrste ledd. Løyvet er gitt på visse vilkår.

Frontier Funds KS og Global Funds KS er gitt løyve til å drive finansieringsverksemd. Løyvet vart gitt 30. mai 2008 med heimel i finansieringsverksemdslova 10. juni 1988 nr. 40. Verksemda fekk unnatak frå paragrafar i finansieringsverksemdslova, jamfør § 1-3 tredje ledd. §§ 3-7 og 4-2 gjeld likevel. Løyvet er gitt på vilkår.

DnB Nor ASA fekk 13. juni 2008 forlengt eit kortvarig løyve om å eige Nordlandsbanken AS som eit eige rettssubjekt. Søknad om varig løyve vart avslått med grunngiving i at det ikkje var eit slikt «særleg tilfelle» som kunne grunngi unnatak frå forbodet i finansieringsverksemdslova mot at bank eig bank. Den forlengde dispensasjonen gjeld i tre år frå vedtaksdato. Heimelen for løyvet er finansieringsverksemdslova § 2a-6. Løyvet er gitt på vilkår.

Finansdepartementet gav 27. juni 2008 DnB Nor Bank AS løyve til å etablere skadeforsikringsselskapet DnB Nor Skadeforsikring AS. Løyvet er gitt på visse vilkår.

3. juli 2008 gjorde Finansdepartementet visse endringar i løyvevilkåra til Maris Energy Insurance AS. Maris Energy Insurance AS fekk løyve til å drive skadeforsikringsverksemd på visse vilkår.

Finansdepartementet har gitt Sparebanken Sør løyve til å eige 10 % av aksjane i Frende Holding AS. Løyvet vart gitt 3. juli 2008 med heimel i forsikringslova § 2-1 andre ledd, jamfør finansieringsverksemdslova § 2-3.

Gabler & Partners AS fekk 11. juli løyve til å drive livsforsikringsverksemd, jamfør lov 10. juni 2005 nr. 44 om forsikringsselskap, pensjonsføretak og verksemda deira m.v. (forsikringslova) § 2-1. Løyvet er gitt på vilkår. Løyve til Gabler & Partners AS 18. juni 2006 til forsikringsformidlingsverksemd og gjenforsikringsformidlingsverksemd fell bort samtidig som løyve 11. juli 2008 blir teke i bruk.

Finansdepartementet har gitt løyve til at Sandsvær Sparebank og Sparebanken Vestfold blir slått saman med Sparebank 1 Buskerud-Vestfold. Løyvet vart gitt 13. august 2008.

Finansdepartementet godkjende 26. august 2008 søknad frå International Maritime Exchange ASA (Imarex) om å etablere eit dotterselskap i Italia som skal marknadsføre og leggje til rette for fjernmedlemskap og fjernhandel på Imarex. Løyvet er mellom anna gitt på vilkår av at det italienske selskapet ikkje skal drive eiga verksemd som regulert marknad, yte investeringstenester, opptre som OTC-meklar eller drive med analyseverksemd for finansielle instrument, eller anna verksemd som er eigna til å svekkje tilliten til International Maritime Exchange ASA som marknadsplass.

Finansdepartementet avslo fyrst Hammersborg Forsikring AS sin søknad om utviding av løyvet, før departementet 11. september 2008 etter klage gjorde om på avgjerda. Utvidinga av løyvet inneber at Hammersborg Forsikring AS får løyve til å teikne forsikring for bustadselskap forvalta av bustadbyggjelag som er medlem av Norsk Boligbyggelags Landsforbund (NBBL), og teikne forsikring for Oslo Bolig og Sparelag (Obos) med dotterselskap og bustadselskap som Obos med dotterselskap er forretningsførar for.

Gjensidige forsikring BA fekk 10. oktober 2008 løyve til å auke sin kvalifiserte eigenpart i Storebrand ASA. Gjensidige Forsikring BAD kan auke eigarparten sin i Storebrand ASA til inntil 24,99 prosent. Løyvet må nyttast innan tre månader, og det er knytt vilkår til løyvet.

Nord Pool ASA inngjekk 19. desember 2007 ei rammeavtale med OMX AB (no ein del av Nasdaq OMX systemet) om å overføre ein vesentleg del av verksemda til Nord Pool ASA. Dette gjaldt oppgjerssentralen Nord Pool Clearing ASA, Nord Pool Consulting AS og Nord Pool ASA si internasjonale verksemd. Finansdepartementet gav 17. oktober Nord Pool International AS mellombels dispensasjon til å eige alle aksjar i Nord Pool Clearing ASA. Dispensasjonen gjeld fram til 1. januar 2010. Finansdepartementet gav samstundes løyve til at OMX Nordic Exchange Stockholm AB kan drive oppgjersverksemd i Noreg, jamfør lov 29. juni 2007 nr. 29 om verdipapirhandel § 13-1 sjette ledd.

Eit konsortium av 20 bankar i Sparebank 1-alliansen fekk 4. desember 2008 løyve til å kjøpe alle aksjane i Glitnir Bank ASA. Glitnir Bank ASA er eit dotterselskap av Glitnir Bank på Island. Heimelen for løyvet er finansieringsverksemdslova § 2-2, jamfør §§ 2-3 og 2-6. Løyvet er gitt på vilkår. Finansdepartementet gjorde 19. desember ei mindre justering i løyvet til bankane i Sparebank 1-alliansen. 20 prosent av aksjane er etter endringa overført Samarbeidende Sparebanker Bankinvest AS, som er ått av 16 av bankane i konsortiet av Sparebank 1 som fekk løyve 4. desember 2008. Heimelen er finansieringsverksemdslova § 2-2, jamfør § 2-3.

23. desember 2008 gav Finansdepartementet DnB Nor ASA/DnB Nor Bank ASA løyve til framleis å eige inntil 19,15 prosent av aksjane i Oslo Børs VPS Holding ASA.

Kredittilsynet gav løyve til å yte investeringstenester til 38 nye verdipapirføretak i 2008. Åtte av løyva vart gitt til kredittinstitusjonar som hadde fått utsett fristen for kravet til løyve til 1. mai 2008. I tillegg vart det gitt utvida løyve til fem verdipapir­føretak (løyve til nye investeringstenester).

Som følgje av Finansdepartementet og Noregs Bank si tiltakspakke for banknæringa hausten 2008 søkte fleire bankar/konsern om lov til å opprette spesialføretak som kan skrive ut obligasjonar med fortrinnsrett. Sju kredittføretak fekk slikt løyve i 2008. Tidlegare er det gitt løyve til fem slike kredittføretak.

I 2008 kalla Kredittilsynet tilbake sju løyve til verdipapirføretak som følgje av manglande kapital (føretaka hadde først gitt avkall på løyva som følgje av manglande kapital). Nokre føretak har gitt avkall på enkelte investeringstenester for å tilpasse verksemda slik at dei kan drive med mindre kapital. Løyve til den regulerte marknaden Fishex ASA vart kalla tilbake i 2008 som følgje av manglande kapital.

Tilsynet med dei verdipapirføretaka som tilbyr investeringsrådgiving for sparemarknaden, resulterte i tre tilbakekallingar av løyve i 2008. Dette gjeld løyva til Glitnir Privatøkonomi AS, Totalvekst ASA (endra namn til Josef K AS) og Caveo ASA. Løyva vart trekte tilbake fordi føretaka ikkje hadde utført tenesta i samsvar med krava til god forretningsskikk. Både Totalvekst ASA og Caveo ASA klaga på vedtaka til Finansdepartementet. Klagene vart ikkje tekne til følgje.

Til forsida