St.meld. nr. 33 (2007-2008)

Eit sterkt lokaldemokrati

Til innhaldsliste

5 Lokaldemokrati i den representative kanalen

Det representative demokratiet utgjer kjernen i det norske folkestyret. Derfor bør valdeltakinga generelt sett vera høg, og veljargrupper i alle lag av folket bør delta i størst mogleg grad. Av same grunn meiner regjeringa at det òg er viktig at representativiteten i dei folkevalde organa vert godt ivareteken. Mangfald av oppfatningar er viktig for politikken.

Det representative demokratiet har vore den sentrale styreforma i kommunane sidan 1837. Innbyggjarane vel dei representantane inn i kommunestyret som dei meiner er best eigna til å styra kommunen dei neste fire åra. Når fireårsperioden er over, skal innbyggjarane ta stilling til om dei styrande skal få fornya tillit eller ikkje.

Det har lenge vorte sett søkeljos på kor godt denne kanalen verkar. Særleg har merksemda vore retta mot valdeltakinga ved lokalval, som har vore fallande, sjølv om ho auka i 2007. Lokaldemokratikommisjonen peikar på korleis politikk er med og påverkar valdeltakinga, og viser til det ansvaret kommunane og lokalpolitikarane har for å setja saker på dagsordenen som opptek folk og gjera lokale politiske alternativ tydelege for dei røysteføre. Dette vil auka sannsynet for at røysteføre innbyggjarar brukar røysteretten sin i lokale val.

Gjennom nominasjonsprosessen har partia innverknad på kven som vert valde inn i kommunestyra. Nett nominasjonsprosessar og partia sine val av listekandidatar medverkar til at mange grupper er underrepresenterte i kommunestyra. Dette gjeld særleg kvinner, ungdom og eldre. Regjeringa er oppteken av å gjera kommunestyra meir representative.

5.1 Valdeltaking

5.1.1 Utviklinga i valdeltakinga

Ved kommunestyrevalet i 2007 deltok 61,2 prosent i kommunestyrevalet, medan 57,5 prosent røysta ved fylkestingsvalet. Dette var ein auke samanlikna med dei to førre lokalvala i 2003 og 1999. Som figur 5.1 viser, hadde då deltakinga i lokalval falle i seks val på rad, sidan 1979. Ved kommunestyrevalet i 2007 var deltakinga om lag 12 prosentpoeng lågare enn ved kommunestyrevalet i 1979, medan deltakinga ved fylkestingsvalet fall med knapt 14 prosentpoeng mellom desse åra. Også ved stortingsval har deltakinga gått attende, men her er tilbakegangen mindre og ikkje like eintydig. Ved stortingsvalet i 1981 var deltakinga om lag 6 prosentpoeng høgare enn ved stortingsvalet i 2005. Lokaldemokratikommisjonen viser at skilnaden i deltakinga mellom lokalval og stortingsval tok til å auka frå midten av 1980-talet, men det er særleg ved dei siste vala at skilnaden har vorte merkbart større.

Figur 5.1 gjev eit oversiktsbilete av korleis valdeltakinga ved norske val har utvikla seg dei siste 40 åra. Deltakinga ved kommunestyrevala har falle med om lag 15 prosentpoeng i dette tidsrommet, men nedgangen har flata ut dei fire siste lokalvala sett under eitt: i denne perioden er den gjennomsnittlege valdeltakinga på 61 prosent.

Figur 5.1 Norsk valdeltaking 1967 – 2007.

Figur 5.1 Norsk valdeltaking 1967 – 2007.

Kjelde: NOU 2006:7 og Statistisk sentralbyrå.

Ei drøfting av valdeltaking bør òg vurdera i kva grad det over tid er dei same personane som lèt vera å røysta. Aardal (2002:36) hevdar at det i røynda er svært få som ikkje røystar i fleire val på rad. Med visse metodiske atterhald viser han til at det ved kommunestyrevala i 1995 og 1999 berre var 12 prosent som ikkje nytta røysteretten sin. Med andre ord: 88 prosent av dei røysteføre røysta ved minst eitt av to påfølgjande lokalval. Det kan likevel vera ein viss fare for overrapportering av desse tala, noko som òg er tilfelle for tala for 1999- og 2003-vala sett i samanheng. Dei syner at om lag 19 prosent sat heime ved begge desse vala. 1 Sjølv om det er eit monaleg utskifte i heimesitjargruppa, er det altså likevel ei nokså stor gruppe som sit heime ved fleire etterfølgjande val.

Variasjon mellom kommunane

Lokaldemokratikommisjonen fekk utført ei undersøking som går nærare inn på utviklinga innanfor ulike grupper av kommunar (sjå Midtbø i NOU 2006:7, vedlegg 4). Undersøkinga viste at valdeltakinga varierer både mellom kommunar og over tid, sjølv om valdeltakinga samla sett har gått nedover dei siste tiåra. To grupper av kommunar illustrerer både ulike utgangspunkt og forskjellige endringsmønster. Valdeltakinga har gått sterkt nedover i dei ti kommunane som tidleg i etterkrigstida hadde høgast valdeltaking. Motsett har valdeltakinga stige markant i dei ti kommunane med lågast valdeltaking rett etter krigen. Ved dei siste lokalvala har valdeltakinga i denne siste gruppa jamvel vore høgare enn i den fyrst omtalte gruppa av kommunar.

Desse to gruppene skil seg òg frå kvarandre reint geografisk. Dei ti kommunane med veksande valdeltaking i etterkrigstida ligg på Vestlandet og i Nord-Noreg. Dei andre ti, der valdeltakinga var høgast etter krigen, høyrer heime rundt Oslofjorden og på det indre Austlandet.

Undersøkinga viser elles at valdeltakinga i størst grad har gått ned i dei folkerikaste kommunane dei siste 50 åra. I den halvparten av kommunane som ligg under medianen for innbyggjartal, har deltakingsnivået derimot ikkje endra seg nemneverdig når ein ser dei siste 50 år under eitt (medianen er for tida om lag 4 400 innbyggjarar). 2

Det er særleg ved vala dei siste 20 åra at valdeltakinga har gått vesentleg nedover, før deltakinga igjen tok seg opp i 2007. I denne perioden har derimot endring i valdeltaking variert svakare med storleiken til kommunar: I tidsrommet 1987 – 2003 fall deltakinga i både små og store kommunar. I kommunane som ligg under medianen, var nedgangen om lag 7 – 8 prosentpoeng, medan valdeltakinga gjekk ned med 10 – 11 prosentpoeng i kommunane som ligg over medianen (Bjørklund og Saglie 2000, Bjørklund og Saglie 2005).

Valdeltakinga følgjer visse geografiske mønster, og er jamt over lågast i dei tre nordlegaste fylka. Derimot har valdeltakinga i denne landsdelen gått relativt svakare ned ved dei siste vala. Dermed har avstanden mellom dei fylka med høgast og lågast deltaking minska den siste tida 3.

Variasjon mellom ulike grupper i befolkninga

Interessa for nivået på valdeltakinga har somtid botna i ei uro for den sosiale profilen i deltakinga. Historisk sett har veljarar frå såkalla lågstatusgrupper vorte politisk mobiliserte seinare enn dei som høyrer til høgstatusgrupper. Viss dei som tilhøyrer lågstatusgrupper òg er dei som først fell frå når valdeltakinga går ned, kjem valdeltakinga over tid til å verta kjenneteikna av større sosial ulikskap. Lokaldemokratikommisjonen kjem derimot fram til at heimesitjarane ikkje kan plasserast i nokon tydeleg og klår sosial eller sosioøkonomisk bås. Tvert om ser det ut til at både kjønn og inntekt i mindre grad enn før påverkar avgjerda om å røysta i val eller ikkje.

Det er først og fremst alder som viser ein samanheng med det endra deltakingsmønsteret. Over tid har valdeltakinga gått relativt sterkast ned mellom dei unge røysteføre. Dette gjeld særleg blant førstegongsveljarane. Spørsmålet er om tendensen til heimesitjing blant dei unge er eit alders- eller eit generasjonsfenomen. Dersom det siste er tilfellet, må ein frykta at fallande deltaking er ein trend som vil vera tung å venda. Forskinga ser førebels ikkje ut til å kunna gje svar på dette spørsmålet.

I tillegg til unge røysteføre er det mange med innvandrarbakgrunn mellom heimesitjarane. Samstundes er det store skilnader mellom ulike innvandrargrupper.

Ved lokalvalet i 2007 røysta 40 prosent av dei norske statsborgarane med innvandrarbakgrunn, og 36 prosent av de utanlandske statsborgarane med røysterett. Valdeltakinga er særskild låg mellom innvandrarar frå Aust-Europa. Jamført med lokalvala i 1999 og 2003 har det vore små endringar i den samla valdeltakinga i innvandrarbefolkninga.

Norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn har gjennomgåande høgare valdeltaking i lokalval enn utanlandske statsborgarar med røysterett.

Mellom innvandrarveljarar med ikkje-vestleg bakgrunn (med og utan norsk statsborgarskap) røysta berre 33 prosent ved valet i 2007. Dette er om lag på same nivå som valet i 2003, men ein tilbakegang på sju prosentpoeng jamført med valet i 1999 (Bjørklund og Bergh 2005).

Valdeltakinga blant personar med innvandrarbakgrunn er positivt korrelert både med alder og kor lenge dei har budd i Noreg. I tillegg til at det er store skilnader mellom ulike grupper i innvandrarbefolkninga, varierer deltakinga òg med både geografisk tilhøyrsle i Noreg og innetter i gruppene. Relativt fleire kvinner enn menn med innvandrarbakgrunn røystar. Valdeltaking mellom unge med slik bakgrunn er, som elles i folkesetnaden, låg.

Kvifor har valdeltakinga falle?

Fallande valdeltaking kan dels gjerast greie for ved individuelle forklåringar. Til dømes kan lågare deltaking koma av at veljarane sine haldningar til dei representative institusjonane har endra seg. Mellom anna vert det diskutert om kjensla av borgarplikt no er mindre utbreidd enn før. Mange veljarar røysta av di dei oppfattar slike handlingar som nær ei plikt. Det er gjort forsking som derimot tyder på at denne kjensla av borgarplikt er ved å verta mindre utbreidd i det norske samfunnet, og særleg mellom dei unge (Bjørklund 2002).

Ein annan type av forklåringar tek utgangspunkt i ulike trekk ved samfunnsutviklinga. Valdeltakinga kan gå ned som følgje av endringar i måten både samfunnet og det politiske systemet er organisert på. Til dømes kan mange oppfatta det som mindre attraktivt å røysta av di dei oppfattar dei politiske skiljelinene mellom partia som meir uklåre enn tidlegare. Dette kan igjen koma av at lokalpolitikarane ikkje godt nok evnar å få fram dei politiske skilnadene mellom partia.

Redusert kommunalt handlingsrom har òg vorte trekt fram som forklåring på redusert valdeltaking. Dersom handlingsrommet til lokalpolitikarane har vorte innsnevra, kan dette ha gjort veljarane mindre opptekne av kva parti som sit i kommunestyret og styrer kommunen. Det finst derimot lite forsking som stør denne tankegangen, sjølv om ei undersøking (Ervik 2005) finn at svakt finansielt spelerom lokalt har ein viss (om enn liten) negativ effekt på veljarane sin motivasjon for å delta i lokalval.

Det er regjeringa sitt syn at det norske demokratiet i første rekkje er, og skal vera, eit representativt demokrati der formell politisk makt og ansvar er grunna i representasjon. Deltaking i val er derfor ei politisk handling som ikkje kan erstattast med andre former for politiske handlingar. Nedanfor presenterer regjeringa sitt syn på korleis det kan leggjast best mogleg til rette for at alle skal kunna delta i val. Deretter gjer regjeringa framlegg om ulike tiltak som kan medverka til å auka valdeltakinga. Den siste bolken av dette kapitlet ser nærmare på representativiteten i dei folkevalde organa.

5.2 Tilrettelegging for deltaking i val

5.2.1 Evaluering av lokalvalet i 2007

Departementet har òg etter dette valet gjennomført ei brei evaluering av valet. Det er gjennomført ei spørjeundersøking i alle kommunane i landet. Departementet oppmoda kommunane føre valet til å tenkja kreativt og utradisjonelt i høve til kva lokale som nyttast til røystegjeving. Gjennom undersøkinga er det samla inn informasjon om kva stader kommunane la til rette for førehandsrøysting og om opningstider i desse lokala. Det vart spurt særskilt om kommunen har motteke førespurnader om å utvida tida det var mogleg å førehandsrøysta.

Når det gjeld valtingsrøystinga er det mellom anna samla inn data på kor mange lokale som kommunar med todagars val held ope sundag og måndag, og kva som er bakgrunnen for å halda todagars val. Det er vidare samla inn informasjon om i kva grad det oppstod køar i lokala på valdagen. Kommunane vart òg spurde om dei opplevde særskilde problem med kravet om legitimasjon, og om dei eventuelt sette i verk tiltak for å bøta på desse problema.

Om lag 60 prosent av kommunane har svart på spørjeskjemaet, og kring halvparten av svarkommunane har val over to dagar.

Som eit ledd i evalueringa av valet skipa departementet 26. februar 2008 til eit valseminar med over 100 deltakarar. På seminaret deltok kommunar, forskarar, organisasjonar og politikarar. Tema på seminaret var om det var naudsynt å endra lov eller eventuelt rutinar ved valgjennomføringa for å sikra nasjonale og internasjonale lovkrav til at veljarane skal få røysta hemmeleg og utan å verta utilbørleg påverka. Motivasjonen for dette var dels påstandar om valfusk ved valet sist haust. Desse spørsmåla vert vurderte nærare i eit høyringsnotat om endringar i vallova, som etter planen skal leggjast fram sommaren 2008.

I samband med evalueringa har departementet òg teke kontakt med enkeltkommunar når det gjeld særskilde spørsmål, som til dømes såkalla «familierøysting» og om det bør innførast røystesetelkonvolutt på valtinget.

Den omtalte spørjeundersøkinga og relaterte innspel utgjer eit viktig grunnlag for dei vurderingane og tiltaka som vert gjort greie for og framlegg om i høyringsnotatet om endringar i vallova.

Departementet meiner det er viktig ikkje å innføra endringar i systemet utan at det er klåre behov og gode grunnar for dette. Gjennomføring av val krev etablering av eit omfattande apparat i den einskilde kommune med mange detaljerte rutinar som alle valfunksjonærar må setja seg inn i. Valet vert gjennomført berre kvart anna år, og er dermed ikkje ei rutineoppgåve. All røynsle tilseier at alle endringar fører til ein del feil ved avvikling av val. Desse kan føra til at veljarar ikkje får røysta, eller at røysta vert forkasta. Ferske endringar må få verka ei tid før ein eventuelt set ut i livet nye reformer. Det er ikkje minst klokt å visa varsemd med endringar som gjeld sjølve røystgjevinga. Både radikale og hyppige endringar av valreglane lyt vera sjeldne, og bør ikkje setjast ut i livet med mindre openberre og gode grunnar for endring gjer seg gjeldande.

5.2.2 Informasjon

Det er ein grunnleggjande demokratisk rett å kunna røysta ved val. Alle personar med røysterett skal derfor ha den same moglegheita til å gjera dette.

Administrative tilhøve ved valavviklinga kan innverka på korleis ein kan gjera seg nytte av denne retten. Departementet legg vekt på å henta inn kunnskap om det er forhold rundt valavviklinga som kan vera til hinder for at røysteretten vert nytta, og som derfor bør rettast opp.

Ein viktig føresetnad for deltaking i val er at dei røysteføre veit når, kvar og korleis dei skal røysta. Dersom folk ikkje har fullnøyande informasjon om dette, aukar sjansane for at dei vert sitjande heime på valdagen.

Både departementet og kommunane har eit informasjonsansvar. Departementet administrerer vallova med forskrifter, og har det overordna ansvaret for både valavviklinga og den generelle informasjonsverksemda. Kommunane er ansvarlege for å leggja til rette for røystegjevinga ved både lokal-, stortings- og sametingsval. Konkret informasjon om kvar og når veljarane kan røysta, må derfor koma frå kommunane. Informasjonsansvaret til departementet og kommunane inneber primært å informera om regelverket – det vil seia å gje faktainformasjon om valordninga til alle veljarane.

Vallova seier kva kommunane er pålagde å kunngjera om lokalt. Vallova pålegg kommunane å senda ut valkort til veljarane i kommunane sine. Valkortet skal mellom anna innehalda informasjon om kva vallokale valjaren skal røysta i på valdagen, og kor lenge vallokala er opne. Ut over dette er det opp til kommunane sjølve å avgjera omfanget av informasjonsinnsats i samband med valet. Dei aller fleste av kommunane har informasjon om valet på heimesidene sine.

Departementet har ved dei siste vala gjennomført ei rekkje informasjonstiltak retta mot alle veljarane. Nokre av tiltaka har vore retta inn mot spesielle målgrupper: ungdom, røysteføre med innvandrarbakgrunn og innbyggjarar med trong for særskild utforma informasjon. I 2007 gjennomførte departementet mellom anna ein landsomfemnande informasjonskampanje som inneheldt filmsnuttar for fjernsyn og kinoar, nettannonsering, husstandsbrosjyre og andre PR-tiltak. Husstandsbrosjyren vart omsett til fleire språk for å gjera det lettare for veljarar som kjem frå andre land å setja seg inn i dei reglane som gjeld ved val i Noreg. Det var dessutan mogleg å finna informasjon om valet på internettsida www.valg.no.

Departementet delte òg ut tilskot på til saman 3,2 millionar kroner til organisasjonar og andre aktørar som ville spreia kunnskap om valet og/eller sette ut i livet tiltak for auka valdeltaking.

Media har ei viktig rolle i samband med val. Det er viktig at media informerer om valordninga, noko dei i stor grad gjer. Landslaget for lokalaviser fekk økonomisk støtte frå departementet til å gjennomføra ein eigen kampanje for å auka valdeltakinga ved lokalvalet, jf. omtale nedanfor.

5.2.3 Legitimasjonsplikt

Til valet i 2007 vart det innført krav om at alle veljarar måtte visa legitimasjon når dei skulle røysta. Tidlegare inneheldt vallova føresegner om at røystemottakar kunne krevja at veljaren legitimerte seg. Reglane vart praktiserte ulikt i kommunane. Ved valet i 2005 var det oppslag i media om at veljarar fekk røysta utan at dei måtta legitimera seg. Det vart vist til at ein ikkje kan sjå vekk frå at ein før eller seinare vil kunna oppleva freistnader på valfusk på grunn av manglande legitimering. Internasjonale valobservatørar rådde til at det vart innført krav om obligatorisk veljarlegitimasjon for å få røysta.

Det er ein grunnleggjande regel i eit demokratisk samfunn at kvar veljar berre får godkjend éi røyst. Legitimasjonsplikt er eit effektivt verkemiddel for å sikra dette. Eit slikt krav vil også hindra at det oppstår tvil om det har vore fuska. Mistanke om juks på grunn av manglande krav til å visa legitimasjon kan svekkja tilliten veljarane har til valsystemet. Dette er bakgrunnen for at departementet våren 2007 føreslo å innføra legitimasjonsplikt. Utan legitimasjonskrav er det ikkje mogleg å sikra dette viktige demokratiske prinsippet fullt ut.

Kravet til legitimasjon er like fullt ikkje absolutt. Dersom han eller ho som tek i mot røysta kjenner veljaren, er legitimasjon ikkje påkravd. Ved røysting på institusjonar, til dømes sjukeheimar, aldersheimar og fengsel, kan identiteten til veljaren stadfestast av ein tilsett ved institusjonen. Dette unntaket vart innført fordi desse veljarane er i ein situasjon der dei ikkje lett kan henta eller skaffa seg legitimasjon.

Departementet sette mykje inn på å informera om det nye kravet om legitimasjon før valet. I tillegg til ein omfattande informasjonskampanje vart kommunane bedne om å melda tilbake dersom veljarar vart avviste på grunn av manglande legitimasjon. Departementet har motteke svar frå om lag 200 kommunar. I desse kommunane ser det ut til at 63 veljarar vart avviste fordi dei ikkje hadde legitimasjon, halvparten av desse i Oslo og Bergen. Det ligg sjølvsagt ikkje føre tal på kor mange som ikkje møtte opp av di dei mangla legitimasjon. Det er knappast snakk om store tal sidan dei fleste røysteføre kan skilta med ei eller anna form for gyldig legitimasjon. Departementet har heller ikkje noko grunnlag for å tru at særleg mange har vorte avviste i dei kommunane som ikkje har sendt svar på spørjeundersøkinga etter valet. Tilbakemeldingar i evalueringsrunden våren 2008 byggjer opp under denne vurderinga. Det er òg grunn til å minna om det også tidlegare galdt eit krav til legitimasjon. Alle veljarar måtta legitimera seg dersom røystemottakaren bad om det. Kravet vart elles praktisert noko ulikt ute i kommunane.

I evalueringsrunden våren 2008 vart kommunane spurde om det nye kravet til legitimasjon skapte spesielle problem, og om det var sett i verk særskilde tiltak. I mange kommunar er det små forhold og «alle kjenner alle». Utover dette melder dei fleste kommunane tilbake at det ikkje har vore særlege problem knytte til krav om legitimasjon for å få røysta.

Svært mange kommunar informerte aktivt om det nye legitimasjonskravet. Til dømes vart det opplyst om dette på valkort. Somme stader vart lokalpresse oppmoda om å skriva om kravet. Kommunane har sjølve informert på andre vis òg. I tillegg har dette fleire stader vore hovudtema i opplæringa av røystestyret. Det er òg ein god del kommunar som opplyser at røystestyra vart sette saman av folk frå alle deler av kommunen, slik at det var stor sjanse for gjenkjenning av veljarar. Einskilde stader vert røystestyret sett saman av personar som arbeider på servicetorg, i sosial- og flyktningtenesta. Ein kommune opplyser om at sosialkontoret vart gjort særskilt merksam på kravet slik at dei kunne vurdera økonomisk stønad til å skaffa legitimasjon. Ein kommune utferda sjølv mellombels legitimasjon. Det var svært ressurskrevjande for kommunen å gjera dette. Det vart derimot ikkje behov for å utferda meir enn eit legitimasjonsdokument. Nokre kommunar opplyser at dei hadde etablert særskilde prosedyrar som dei kunna følgja dersom nokon ikkje hadde legitimasjon. Ein kommune opplyser at dei i nokre tilfelle køyrde veljarar heim for å henta legitimasjon.

Det er inga generell legitimasjonsplikt her i landet. Krav om å visa legitimasjon er oftast knytt til visse handlingar, eller det å utøva ein rett. Det er lett og relativt rimeleg å skaffa seg legitimasjon, til dømes på Posten.

Departementet finn ikkje grunnlag for å gå bort frå eller letta på kravet til legitimasjon. Det grunnleggjande er å sikra at kvar veljar, og den rette veljaren, berre får godkjend ei røyst. Det er ikkje mogleg å vera trygg på dette dersom det vert opna for at til dømes andre enn røystemottakarar skal kunne stadfesta identiteten til ein veljar.

Det kan vera grunn til å skilja mellom veljarar som manglar gyldig legitimasjon og veljarar som har gløymt å ta med legitimasjon når dei skal røysta. Den første gruppa kan representera ei utfordring, men vil etter alle solemerke vera ei lita gruppe. I dagens samfunn har dei fleste røysteføre legitimasjon. Det er legitimasjonskrav i svært mange samanhengar i samfunnet i dag, til dømes når ein skal heva trygd eller sosialstønad (med mindre ein er kjend i bank/post). Nokre få veljarar ser derimot ut til å mangla legitimasjon heilt. I denne gruppa kan det vera einskilde rusmiddelmisbrukarar og eldre personar. Det ligg derimot ikkje føre fulldekkjande opplysningar om kven eller kor mange dette gjeld.

Somme har kome med krav om at departementet bør sørgja for gratis legitimasjon til dei røysteføre. Grunngjevinga er at krav til legitimasjonsplikt som ikkje samstundes vert følgd opp av ein rett til gratis legitimasjon, fører til at einskilde veljarar ikkje har moglegheit til å utøva retten til å røysta. Spørsmålet er likevel om det er føremålstenleg å leggja til rette for gratis legitimasjon.

Ei eventuell ordning med gratis legitimasjon til dei som skal røysta kan vera svært vanskeleg å handtera i praksis. Det finst ikkje nokon offentleg instans med særskilt ansvar for å utferda legitimasjon. Kvar skal då veljarar utan legitimasjon venda seg? Kva krav skal stillast til at vedkommande må dokumentera identiteten sin, og kva status skal eit eventuelt legitimasjonsprov ha? Dersom eventuelle bevis skal utferdast i samband med røystinga, kan det ha svært negativ innverknad på gjennomføringa.

Justisdepartementet vurderer og arbeider med eit forslag om å innføra eit nasjonalt ID-kort. Framlegget går mellom anna ut på at eit slikt kort òg skal innehalda pass og ein elektronisk ID. Det skal vera friviljug å skaffa seg ID-kortet. Det er førebels ikkje teke endeleg stilling til forslaget.

Utgifter til legitimasjon er ikkje noko ein utan vidare har krav på å få dekt i samband med økonomisk sosialhjelp. Men sosialstyresmaktene har moglegheit til å vurdera økonomisk stønad, i tillegg til ordinær støtte til livsopphald, dersom særskilde grunnar for dette ligg føre.

For ei gruppe veljarar, til dømes rusmiddelmisbrukarar, kan det vera at andre tiltak vil kunna fungera betre enn ei særskild ordning for gratis legitimasjon i samband med val. Eitt mogleg tiltak kan gå ut på at kommunen utnemner røystemottakar som kjenner personar frå til dømes rusmiddelinstitusjonar. Desse kan så vera til stades i vallokala og identifisera personane det gjeld. Departementet er kjent med at dette vart gjort ved valet i 2007. Elles er det ikkje gjeve at mange i denne gruppa manglar legitimasjon. Sannsynlegvis har fleire rusmisbrukarar krav på trygd eller sosialstønad. I så fall må dei visa legitimasjon når dei skal heva trygd eller sosialstønad, særleg i dei store byane der tilsette i bank/post ikkje utan vidare kjenner dei det gjeld.

Evalueringa viser at kommunane òg er flinke til å setja røystestyra saman på ein slik måte at medlemene kjem frå ulike miljø og delar av kommunen. Departementet oppmodar alle kommunar til å ta slike omsyn når dei set saman røystestyret og vel funksjonærar til vallokala.

Departementet vil elles òg ved neste val satsa på brei informasjon om legitimasjonskravet.

5.2.4 Førehandsrøysting

Politiske og samfunnsmessige årsaker er truleg dei viktigaste årsakene til at valdeltakinga har gått ned dei siste tiåra. Like fullt er det avgjerande å gjera det enkelt for veljarane å røysta.

I eit representativt demokrati er det viktig at alle grupper deltek ved valet, ikkje berre dei som har tid til å røysta på valdagen. I denne samanhengen spelar høvet til å kunna røysta på førehand ei viktig rolle. Veljarane får dermed store moglegheiter til å røysta på eit tidspunkt som passar dei.

Stad for førehandsrøysting

Kommunane pliktar å leggja til rette for førehandsrøysting på helse- og sosialinstitusjonar. I tillegg er dei pålagde å ta i mot røyster heime hjå dei veljarane som har behov for det. Utover dette avgjer kommunane sjølve kor det er føremålstenleg å arrangera førehandsrøysting.

Evalueringa av valet i 2007 viser at kommunane nyttar ulike lokale til førehandsrøysting. Veljarane kunne røysta i rådhus/servicesenter, andre kommunale administrasjonslokale, bibliotek, konsertsalar, fengsel, universitet, høgskular, ungdomsskular, vidaregåande skular, militærleirar, valbussar, valbåtar, lækjarskyssbåtar, NAV-kontor, heimesjukepleiekontor, sosialkontor, bankar, nærbutikkar, kjøpesenter og burettslag.

Opplegga for førehandsrøysting varierer frå kommune til kommune og i samsvar med lokale tilhøve. Svært mange kommunar legg til rette for førehandsrøysting på bibliotek. Røystgjeving på bibliotek har fleire stader vore ein stor suksess. Bergen kommune mottok til dømes 16 423 førehandsrøyster på bibliotek, mot 3 651 røyster i rådhuset, 2 064 førehandsrøyster på universitetet og 1 090 ved høgskular i kommunen.

Nokre kommunar hadde opne vallokale i samband med diverse lokale tilskipingar, eller bygdedagar i tilknyting til helger. Det er stor variasjon mellom kommunane når det gjeld erfaringar frå førehandsrøysting på vidaregåande skular. Dei fleste som hadde slike mottak, melder om svært få røyster, eller at «berre lærarar røysta». Nokre kommunar melder berre om «godt besøk».

Utanriks og på Svalbard og Jan Mayen byrjar førehandsrøystinga den 1. juli i valåret. Det er mogleg å røysta på førehand på dei fleste norske utanriksstasjonane, det vil seia ambassadar, generalkonsulat og konsulat. I tillegg oppnemner departementet røystemottakarar ved ulike militære anlegg i utlandet, på ei rekkje skip i utanriksfart, ved sjømannskyrkjer og på ulike andre stader der mange norske røysteføre oppheld seg. Oppnemningane skjer etter framlegg frå ulike myndigheiter, private firma og organisasjonar. Terskelen for oppnemning er låg. Utanriks er det òg mogleg å røysta ved brev for veljarar som ikkje kjem seg til eit vallokale. Då ordnar veljaren sjølv med røystesetlar, røystesetelkonvolutt og omslagskonvolutt, og sender røysta til Noreg i posten.

Røystgjevinga utanriks vert avslutta den nest siste fredagen før valdagen. Før var det mogleg å røysta heilt fram til siste fredagen før valdagen. Dette gjorde at ein del røyster kom for seint fram. Evalueringa av lokalvalet viser at endringa av slutttidspunktet for førehandsrøysting utanriks har vore positivt. Jamført med valet i 2003 var det i 2007 langt færre slike røyster som kom for seint fram og dermed måtte forkastast.

Tabell 5.1 viser tal på førehandsrøyster som vart mottekne både innanriks og utanriks ved dei siste vala. Omfanget av førehandsrøysting er i regelen høgare ved stortingsval enn ved lokale val.

Tabell 5.1 Førehandsrøyster 1997 – 2007

ValTalet på røyster/Røystemottak
1997 Riksvalca. 489 000 (posten)
1999 Lokalvalca. 332 000 (posten)
2001 Riksvalca. 509 000 (posten)
2003 Lokalvalca. 249 000 (kommunen)
2005 Riksvalca. 473 000 (kommunen)
2007 Lokalvalca. 374 000 (kommunen)

Valet i 1999 var det siste valet då Posten hadde ansvar for førehandsrøystinga. Då var talet på førehandsrøyster om lag 332 000. Ved lokalvalet i 2007 hadde dette auka til 374 000. Dette kan tyda på god tilrettelegging for førehandsrøysting.

Når kommunane har ansvaret for førehandsrøysting, vil dette i større grad kunna skje i samsvar med krav til offentlegheit og forvaltningstradisjon som valet og veljarane har krav på. Førehandsrøysting skal skje i rolege og verdige former, og det vert lagt til grunn at ho berre kan gå føre seg i lokale av ikkje-kommersiell karakter. I lokale der salsverksemd rår grunnen, vil det såleis ikkje vera mogleg for førehandsrøysting. Det betyr likevel ikkje at det ikkje er mogleg å leggja til rette for røystegjeving på til dømes kjøpesenter. Fleire kommunar gjer dette allereie. Dette må avgjerast etter ei konkret vurdering av den verksemda som går føre seg i lokalet, og i kva grad det er mogleg å gjennomføra røystgjevinga i rolege og verdige former i det aktuelle tilfellet.

Alt i dag er høve til å førehandsrøysta svært godt. Fleire førehandsrøyster enn nokon gong vert mottekne ved lokalval. Det er vanskeleg å peika ut ein stad som utmerkjer seg særskild i alle kommunar. Mange har godt oppmøte på bibliotek, nokre på universitet, medan andre kommunar kan visa til motsett resultat. Dette tilseier at dei lokale tilhøva må vera utslagsgjevande for kvar det vert lagt til rette for førehandsrøysting. Departementet meiner evalueringa viser at kommunane gjer gode vurderingar når det gjeld tilrettelegging.

Departementet meiner likevel at spørsmålet om veljarane har gode nok moglegheiter til å førehandsrøysta, er eit spørsmål ein ikkje kan vurdera ein gong for alle. Departementet vil vurdera om det skal innførast ei plikt til å leggja til rette for førehandsrøysting på vidaregåande skular og høgare utdanningsinstitusjonar. Departementet vil òg sjå nærare på andre spørsmål om førehandsrøysting på fastsette stader etter valet i 2009, inkludert spørsmålet om det skal vera faste stader for førehandsrøysting i kommunane. Ein vil då ha eit enda betre grunnlag for å vurdera om det er naudsynt å endra vallova på dette området. Departementet vil òg i eit eige skriv understreka behovet for så god tilrettelegging av førehandsrøysting som mogleg, særleg for ungdom og at høve til førehandsrøysting på vidaregåande skular og høgare utdanningsinstitusjonar må vurderast særskilt.

Skuleval – røystegjeving til ordinære val ved skuleval?

Utdanningsdirektoratet er ansvarleg for gjennomføring av skuleval, og har vurdert om ein òg bør leggja til rette for røysting til ordinære val samstundes med at skulevala vert haldne. Til liks med departementet er Utdanningsdirektoratet skeptisk til slik samanblanding. Det er fleire viktige høve som gjer det problematisk å opna for røystegjeving til ordinære val på same tid og stad som skuleval.

Mange av dei som deltek ved skulevala har ikkje røysterett ved ordinære val. Ved skuleval får alle elevane på skulen som held skuleval, moglegheit til å røysta. Det inneber at òg alle 15 – 17-åringar kan røysta. Røystegjevinga skjer oftast i «fellesskap». Det vil seia at heile klassar, gjerne saman med læraren, brukar ein klassetime til å røysta. I lokale der det går føre seg røystegjeving til skulevalet er det dermed ein del personar som ikkje kan røysta til ordinært val.

Nokre kommunar har erfaring med tilrettelegging for røysting til ordinært val saman med skuleval. For dei fleste er erfaringane her ikkje særleg positive fordi valet fekk eit useriøst og uryddig preg.

Dette kan ha samanheng med måten førehandsrøystinga på skulane vert organisert på. Dersom røystinga vert organisert slik at dei elevane i ein klasse som har røysterett, brukar ein skuletime og går saman med læraren for å røysta, er det grunn til å tru at erfaringane vert meir positive. Særleg gjeld dette dersom røystinga skjer i etterkant av demokratiopplæring på skulen, og på eit anna tidspunkt enn skulevalet. Det er viktig at røystinga går føre seg i eit eige lokale.

Departementet meiner derfor det er grunn til å oppmoda kommunane til å ta i mot førehandsrøyster på skulane, men berre dersom dei saman med skulane evnar å leggja til rette for ei god gjennomføring av valhandlinga.

Opningstider for førehandsrøysting

Dei fleste kommunane gjennomfører førehandsrøysting i rådhuset i opningstida, og held langope på torsdagar. Ein god del kommunar har hatt laurdags- og sundagsopne tilbod. Bibliotek har gjerne ettermiddags- og kveldsope fleire vekedagar, i tillegg å halda ope på laurdagar.

Røystegjeving i nærbutikkar og på kjøpesenter har stort sett følgd opningstidene til butikkane. Det same gjeld røystemottak i banklokale.

Mottak på helse- og sosialinstitusjonar, fengsel og skular varte frå to til fem timar per dag, og frå ein til to dagar per røystestad. Mottaka på universitet og høgskular hadde tilbod om langope.

Departementet meiner det ikkje er grunnlag for å lovfesta visse opningstider. Opningstidene må i staden tilpassast dei lokale forholda. Her vil både talet på røysteføre i kommunen, plassering og type lokale spela inn. Departementet synest likevel det kan vera grunn til å be kommunane vurdera å ha laurdagsope og langope fleire dagar, særleg mot slutten av perioden med førehandsrøysting.

Departementet vil såleis i samband med neste val oppmoda kommunane om å halda laurdagsope og langope i fleire dagar i slutten av førehandsrøysteperioden. Etter valet i 2009 vil departementet sjå nærmare på i kva grad kommunane har laurdagsopne vallokale eller held vallokala ope ut over kvelden. Departementet vil på dette grunnlag igjen vurdera om det er naudsynt med sterkare føringar på når det skal vera mogleg å førehandsrøysta.

Perioden for førehandsrøysting innanriks

Førehandsrøystinga innanriks (utanom på Svalbard og Jan Mayen) tek no til den 10. august før kvart val. Tidlegare starta førehandsrøystinga 15. juli. Endringa skjedde etter framlegg frå Vallovutvalet, og tok til å gjelda i samsvar med ny vallov før valet i 2003. Det var fleire grunnar til endringane: 15. juli er midt i ferietida, valkampen har då ikkje kome skikkeleg i gang, partia har ikkje markert seg skikkeleg overfor veljarane og det var vanlegvis få veljarar som førehandsrøysta i juli og først i august. Vallovutvalet meinte derfor det var godt nok med ein førehandsrøystingsperiode på ein månad før valet.

Etter valet i 2003 har det like fullt kome kritikk mot nedkortinga av perioden for førehandsrøysting. Det er særleg fiskarar, personar som arbeider i utanriksfart og studentar som har gjeve uttrykk for at tida med førehandsrøysting er for knapp.

Departementet har vurdert om ein skal gå tilbake til førehandsrøysting alt frå 15. juli, men har kome fram til at dette ikkje er føremålstenleg. Mest sannsynleg lèt dette seg heller ikkje gjera å gjennomføra i praksis utan ein del andre endringar i regelverket. Ei rekkje fristar i vallova er påverka av datoen for når førehandsrøystinga startar. Det vil vera mange praktiske utfordringar knytte til det å skuva på datoen. Særleg vanskeleg kan det vera å få alle valkorta ferdige før røystinga tek til. Viktig i denne samanhengen er at ein ville måtta flytta den såkalla «skjeringsdatoen», dvs. den datoen som avgjer i kva kommune ein har røysterett, tilbake i tid. Dette vil vera svært negativt for dei veljarane som flyttar i denne perioden. Dei vil då ikkje kunna røysta i tilflyttingskommunen. Departementet er kjent med at ein del av desse veljarane vil røysta i feil kommune, noko som fører til at røystene deira vert forkasta.

Ei endring vil òg medføra store økonomiske og personellmessige kostnader. Departementet meiner dette ikkje vil vera rekningssvarande i ljos av dei få røystene som historisk sett vart avgjevne i juli og byrjinga av august.

Departementet vil derimot gå inn for ei alternativ ordning, og gjer framlegg om at dei veljarane som ikkje kan røysta på førehand i den ordinære perioden innanriks og heller ikkje på valdagen, får høve til å venda seg til kommunen for å røysta. For å unngå for mange fristar å halda seg til, meiner departementet at slik røystegjeving bør ta til 1. juli (samstundes med røystegjevinga utanriks) og halda fram til og med 9. august (ordinær førehandsrøysting tek til 10. august). Dette inneber at alle kommunar må sørgja for eit røystemottak i kommunen i denne perioden, til dømes på rådhuset eller servicetorget. Departementet meiner det ikkje er noka meining i å lovfesta bestemte opningstider og -stader. Utgangspunktet må her vera at veljaren vender seg til kommunen og ber om å få røysta, og at vedkomande får oppgjeve eit tidspunkt for når dette kan gjennomførast. Målet med ei slik ordning er å ta omsyn til dei veljarane som elles ikkje ville fått røysta. Departementet går ut i frå at talet på desse veljarane ikkje er særleg høgt.

Departementet meiner såleis at det bør opnast for at veljarar skal kunna røysta i ein periode før den ordinære førehandsrøystinga tek til.

Oppsummering

Evalueringa av valet i 2007 viser etter departementet sitt syn at veljarane generelt har gode moglegheiter til å førehandsrøysta. Departementet vil derfor ikkje no gjera framlegg om å lovfesta førehandsrøysting på bestemte stader, på laurdagar eller om kvelden nokre dagar under førehandsrøystinga. Det er likevel grunn til å tru at ein del veljarar i ein travel kvardag opplever at det kan vera vanskeleg å finna tid til å røysta. Departementet meiner derfor at det er grunn til å sjå nærare på om vallova bør leggja sterkare føringar på kvar og når det skal vera mogleg å førehandsrøysta.

Vallova bør likevel allereie no endrast slik at veljarar, som ei særskild ordning, kan røysta i ein periode før den ordinære førehandsrøystinga tek til.

5.2.5 Tilrettelegging for funksjonshemma

Vallova og valforskrifta krev at røystinga skal gå føre seg i eigna lokale. Dette skal gjera det mogleg for funksjonshemma å delta i val på lik line med andre veljarar. Forskrifta fastset for det første at røystinga i regelen skal leggjast til lokale som skal vera lett tilgjengelege slik at alle veljarar kan ta seg inn utan å måtta be om hjelp. Dersom slike lokale ikkje finst i kommunen, må valstyret i utgangspunktet setja i verk tiltak som gjer lokala tilgjengelege for veljarane, til dømes setja opp ein rullestolrampe. Kommunen pliktar elles å gje veljarar som ikkje kjem seg inn i lokala, høve til å røysta utanfor vallokalet.

For det andre inneheld valforskrifta krav til utforminga inne i sjølve vallokala. Det skal vera ordna og ryddige tilhøve i lokala, og tilfredsstillande ljos. Omsyn til rullestolbrukarar og andre gjer at røystesetlar kan leggjast ut på eit eller fleire avskjerma bord i lokalet. Eit anna alternativ kan vera at røystestyret deler ut sett med alle røystesetlane til veljarar som av ulike årsaker vil ha problem med å nytta røystesetlar som er lagde ut i røysteavlukka. Norges Blindeforbund har tilrådd at kommunane nyttar røysteavlukke med røystesetelkassettar som vert merkte med lappar med punktskrift for blinde og stor skrift for svaksynte.

Deltasenteret er eit statleg kompetansesenter for deltaking og tilgjenge for menneske med funksjonshemming. Senteret har laga rettleiaren «Tilgjengelighet til valg» (Deltasenteret 2006) til kommunane om korleis dei kan leggja til rette for at alle veljarar skal kunna delta ved val. Senteret har òg laga ein rettleiar om deltaking i politisk arbeid (Deltasenteret 2006). Begge desse rettleiarane er ein del av prosjektet «Funksjonshemmedes muligheter for å delta i valg og utøve sine rettigheter som folkevalgt». Det har vore stor interesse for desse rettleiarane, noko som er eit teikn på auka medvit om kor viktig det er å leggja til rette for at alle menneske kan delta på lik line ved val og i politisk arbeid.

På oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet og Deltasenteret har Høgskolen i Lillehammer saman med Østlandsforskning gjennomført ei spørjeundersøking om kommunane sin kjennskap til rettleiaren «Tilgjengelighet til valg». Dei som har nytta rettleiinga, vart spurde om erfaringar og nytte i samband med planlegginga og gjennomføringa av valet, og om korleis det vart lagt til rette for funksjonshemma.

Undersøkinga viser at 89 prosent av kommunane har brukt rettleiaren i planlegginga og gjennomføringa av valet. 31 prosent av kommunane melder at rettleiaren i stor grad har medverka til endra praksis som eit resultat av større medvit og auka kunnskap. 57 prosent seier at rettleiaren har medverka til endra praksis i middels grad. Størst endring i praksis har det vore i dei kommunane som har brukt rettleiaren mest.

97 prosent av kommunane hadde eit eller fleire vallokale med trinnfri hovudinngang. Totalt hadde 76 prosent av vallokala trinnfri hovudinngang.

Alle kommunane hadde eit eller fleire vallokale som var tilgjengelege for rullestolbrukarar. Totalt var 94 prosent av vallokala tilgjengelege for rullestolbrukarar.

83 prosent av kommunane hadde eit eller fleire vallokale der blinde og svaksynte kunna røysta utan hjelp frå andre. I 17 prosent av kommunane var dette ikkje tilfelle i nokre lokale. Samla sett var det i 78 prosent av vallokala lagt til rette for å kunna røysta utan hjelp frå andre.

Sjølv om det er mykje positivt å trekkja ut frå denne undersøkinga, meiner departementet at kommunane kan verta betre til å leggja til rette for at funksjonshemma skal kunna røysta på eiga hand. Her trur departementet det vil kunna vera mykje å henta på å samarbeida med representantar frå dei ulike brukargruppene og dei kommunale råda for funksjonshemma.

Delvis med bakgrunn i denne undersøkinga kjem departementet før neste val til å informera kommunane nærare om kva plikter dei har etter vallova og valforskrifta.

5.2.6 Felles valdag for alle val?

Den generelle debatten om lokaldemokratiet, og då særleg den fallande valdeltakinga, har aktualisert spørsmålet om når dei ulike vala skal haldast. Både Vallovutvalet (NOU 2001:3) og Lokaldemokratikommisjonen vurderte felles valdag som eit mogleg tiltak for å auka valdeltakinga. Det er to alternativ som har vore mest framme i ordskiftet: ein felles valdag for alle val, og sams valdag for stortings- og fylkestingsval. Det siste inneber at kommunestyreval vert avvikla på andre tidspunkt enn vala til Stortinget og fylkestinga.

Røynslene både frå Sverige og andre land som har felles valdag for alle vala, viser at dette vil kunna ha ein direkte effekt på valdeltakinga. Etter at Sverige i 1970 innførde felles valdag, har frammøtet ved lokalvalet berre vore 1 – 2 prosentpoeng lågare enn ved riksdagsval. I Danmark vart deltakinga ved valet i 2001 rekordhøg (84,5 prosent) som følgje av at landet for første gong hadde lokalval og folketingsval på same dagen. Ved kommunevalet i 2005, då det ikkje var val til Folketinget samstundes, vart valdeltakinga 69,3 prosent, noko som òg er tett på gjennomsnittet for dei fire siste kommunevala i Danmark.

I Noreg har den felles valdagen for kommunestyre- og fylkestingsval òg hatt ein positiv effekt for oppslutnaden ved fylkestingsvala. Mange ville ikkje ha røysta ved fylkestingsvalet om ikkje det var felles valdag for desse lokale vala (24 prosent i 1999 og 18 prosent i 1995, ifølgje Bjørklund og Saglie (2000:107 – 108)). Forskarar meiner at innføring av felles valdag vil føra til auka valdeltaking ved lokalval.

Eit argument mot felles valdag for alle vala i Noreg er at det relativt låge frammøtet gjev eit meir reelt bilete av vilkåra for lokaldemokratiet enn ei «kunstig» oppblåsen deltaking som konsekvens av at ein har felles valdag. Det at det går fire år mellom kvar gong veljarane får høve til å stilla politikarane til ansvar ved val, kan òg verta oppfatta som negativt. Motstandarar av felles valdag vil òg hevda at dette kan føra til at lokalpolitikken vil koma i skuggen av rikspolitikken. Viss lokalvala vert dominerte av rikspolitiske aktørar, har dei lokale sakene lett for å forsvinna frå debatten.

Eit hovudargument for den svenske ordninga er at ho medverkar til å sikra eit heilskapeleg perspektiv på politikken. Ein felles valdag synleggjer samanhengen mellom nasjonale og lokale prioriteringar.

Vallovutvalet meinte at felles valdag berre for Storting og fylkesting kan koma til å auka interessa for det som høyrer inn under forvaltningsområdet til fylkeskommunane. Eit anna argument som kan tala for å samordna desse to vala, er at stortings- og fylkestingsval i større grad har meir karakter av å vera reine partival enn kommunestyrevala.

Fleirtalet i både Lokaldemokratikommisjonen og i Vallovutvalet gjekk inn for å vidareføra dagens ordning med felles valdag for kommunestyre- og fylkestingsval. Dei la vekt på at desse er lokale val, medan nasjonale saker, og spesielt spørsmålet om kven som skal skipa regjeringa, står sentralt i stortingsvala.

Fleirtalet i Vallovutvalet la òg vekt på at partia og andre som stiller liste ved kommunestyre- og fylkestingsval, ofte ser desse to vala i samanheng når kandidatar vert sette opp på vallistene. Denne samanhengen vil kunne svekkjast dersom vala vert haldne kvar for seg.

Fleirtalet i dette utvalet peika òg på at somme veljarar kjem til å vera opp mot 22 år gamle før dei røystar første gongen dersom alle vala skjer på same dagen. Kvart fjerde årskull vil dessutan fullføra den vidaregåande skulen utan å ta del i skuleval. Dei vil i så fall gå glipp av den innføringa i val som denne ordninga gjev. Dette vil kunna svekkja det motivasjonsarbeidet som skulen gjer for å få unge til å røysta ved val.

For fleirtalet i Lokaldemokratikommisjonen var det viktig at innføring av felles valdag kan føra til ei ytterlegare nasjonalisering av lokalpolitikken. Kommisjonen la også vekt på at felles val vil gjera det endå vanskelegare for veljarane å stilla lokalpolitikarane til ansvar ved valet.

Eit klårt fleirtal av kommunane som har kome med høyringsfråsegner til Lokaldemokratikommisjonen sine utgreiingar, går mot felles valdag for dei tre vala. KS går i sin uttale inn for ein felles valdag, og meiner at dette vil gjera samanhengen og ansvarsforholda mellom dei tre forvaltningsnivåa tydelegare, og truleg auka valdeltakinga ved lokalvalet.

Departementet sluttar seg til vurderingane ovanfor som gjeld felles valdag for stortings- og fylkestingsvala, og eigen valdag for kommunestyreval. Departementet vil derfor ikkje gjera framlegg om ei slik ordning. Når det gjeld felles valdag for alle tre vala, er det ei rekkje av både føremoner og ulemper ved dette. På den eine sida er det verdt å merkja seg argumenta frå Vallovutvalet og Lokaldemokratikommisjonen om at dagens ordning gjer det lettare å setja lokale saker på dagsordenen i samband med lokale val. På den andre sida kan ein trekkja fram omsynet til ein venta auke i valdeltakinga, som på sikt kan innebera at styrkt legitimitet for lokaldemokratiet av di fleire innbyggjarar etter kvart får eit auka medvit om lokale val.

Etter departementet sitt syn er det òg andre tunge argument for å halda fast ved dagens ordning som ikkje har vore langt nok framme i diskusjonen.

Dersom ein skal ha ein felles valdag og avvikla val berre kvart fjerde år, vil dette mellom anna ha negative konsekvensar for den administrative gjennomføringa av val. Allereie i dag er det ei utfordring for mange kommunar å oppretthalda kontinuitet med tilstrekkeleg kompetanse på valgjennomføring, sidan dette er ei oppgåve dei utfører berre kvart andre år. Manglande kompetanse og kontinuitet kan gje uheldige konsekvensar i form av feil, som igjen kan påverka gyldigheita av valet. Det å halda val kvart andre år har etter departementet sitt syn også ein mobiliserande effekt på både veljarane og partiorganisasjonane. Eit levande demokrati er heilt avhengig av at veljarane og partiorganisasjonane er i aktivitet heile tida, ikkje berre kvart fjerde år i samband med val.

Departementet meiner at det meste taler for å hegna om den noverande ordninga med val annakvart år, men vil streka under at dette er eit grunnleggjande spørsmål som det er naturleg at dei politiske partia tek stilling til. Eventuelle framlegg om endring bør vera jorda i krav frå og vedtak i regi at dei forskjellige partiorganisasjonane.

Kommunane vel sin eigen valdag

I 2003 gjennomførde Nittedal kommune eit forsøk som gjekk ut på at kommunevalet vart halde i juni. Valdeltakinga var klart lågare enn i resten av landet, og 16 prosentpoeng lågare enn ved det førre valet i Nittedal. Fylkestingsvalet vart halde på den ordinære valdagen i september. Dette skiljet førte til negative konsekvensar for valdeltakinga i fylkestingsvalet. Andre nyttige erfaringar frå kommunevalet i Nittedal er gjort greie for nedanfor.

Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR) evaluerte forsøket (Skålnes 2004). Dei konkluderte med at kommunen greidde å få til ein lokal valkamp gjennom forsøket. Lokale aktørar og saker stod i fokus, og debattane gjekk føre seg på lokale arenaer. Ulempa var at det vart lite drahjelp utanfrå, både frå media og det politiske livet elles. Lokal valdag gjorde det problematisk å engasjera veljarane. Tidspunktet, med val i juni, synest å vera uheldig. Evalueringa viste òg at informasjonsopplegget til kommunen hadde svake sider. Ein del veljarar oppfatta forsøket med eigen valdag som eit «prøveval», der det «ordentlege valet» skulle vera i september.

Regjeringa gjer ikkje framlegg om å gå vidare med ytterlegare forsøk med kommunal fastsetjing av eigne valdagar.

5.2.7 Røysterett for 16-åringar?

Spørsmålet om nedsett alder for røysterett har vorte føreslått i ulike samanhengar opp gjennom åra. Framlegga inngår i ein tradisjon der ein kan sjå på røysting i eit læringsperspektiv: røysting er ein vane som innbyggjarane lærer (eller ikkje lærer) i dei første vala dei tek del i (NOU 2006:7 s. 43). Lokaldemokratikommisjonen skriv at «Forslaget om stemmerett for 16-åringar får støtte i nyare faglitteratur», men dei skriv òg samstundes at «… det å stemme når ein er 16 år ser ikkje ut til å vere ein garanti for innlæring av stemmevane» (NOU 2006:7 s. 44). Sjølv om nokon peikar på at førstegongsveljarane så å seia veks inn i politikken og tek del i vala når dei ser kva politikken tyder for dei sjølve, peikar mellom anna Franklin (2004) på at dersom ein ikkje røystar i ung alder, reduserer det sjansen for at ein røystar når ein vert eldre. Lokaldemokratikommisjonen viser òg til empirisk materiale som set spørsmål ved dette læringsperspektivet, med bakgrunn i evaluering av forsøk med senka røysterettsalder i einskilde delstatar i Tyskland (Hoffmann-Lange 2006).

Vallovutvalet handsama spørsmålet om røysterettsalderen ved lokalval burde setjast ned til 16 år. Fleirtalet (14 medlemmer) gjekk mot dette, og viste til at røysterettsalderen burde følgja myndigheitsalderen, som er 18 år, og at same røysterettsalder bør gjelda ved alle val. Dei meinte også at ein kunne stimulera 16- og 17-åringar til politisk deltaking på andre måtar. Eit mindretal ønskte å setja røysterettsalderen ned til 16 år ved lokalvala for å auka den demokratiske deltakinga, og gje ungdomen direkte påverknad på samfunnsutviklinga og sine eigne liv.

Under behandlinga av ny vallov i 2002 avviste eit fleirtal på Stortinget framlegget om å setja røysterettsalderen ned til 16 år og å opna for forsøk med nedsett røysterettsalder.

Spørsmålet om røysterett for 16-åringar vart òg drøfta av Lokaldemokratikommisjonen. Fleirtalet i kommisjonen gjekk inn for å halda på dagens røysterettsalder, og la avgjerande vekt på at røysterettsalderen skal følgja myndigheitsalderen. Mindretalet gjekk inn for at røysterettsalderen skulle setjast til 16 år ved lokalval. Mindretalet argumenterte for at røysteretten er ein demokratisk rett, og at røysterett for 16-åringar kan medverka til større engasjement mellom ungdom.

Sist spørsmålet om røysterett for 16-åringar vart drøfta i Stortinget var våren 2007. Då vart eit grunnlovsframlegg om endring av § 50 i Grunnlova (røysterettsalder 16 år ved stortingsval) avvist.

Spørsmålet om røysterett for 16-åringar har på nytt vorte aktualisert i samband med arbeidet med denne stortingsmeldinga, der tiltak retta mot yngre grupper i befolkninga vert framheva. Mellom anna har ei ungdomsgruppe for lokaldemokratitiltak, som vart sett ned av Kommunal- og regionaldepartementet og Kunnskapsdepartementet hausten 2007, teke opp senka røysterettsalder som eit eige forslag i rapporten sin (Gruppe for ungdomsdemokrati 2007). I delar av Tyskland har dei parallelt med innføring av røysterett for 16-åringar gjennomført ein målretta innsats for å informera ungdomane om kommunestyrevala. Valdeltakinga blant 16 – 17-åringar er høgare enn for den tradisjonelle gruppa førstegongsveljarar, og høgare enn for veljarar opp til 35 år (Ungdomsstyrelsen 1999). Hovudforklåringa på denne positive tendensen er at dei unge kan få informasjon gjennom skulen.

Dette er positive funn. Regjeringa ønskjer å ta i bruk tiltak som kan gjera at nye grupper deltek meir aktivt i lokaldemokratiet. Å utvida veljargruppa er ein måte å få fleire unge inn i rolla som aktive innbyggjarar i lokalsamfunna sine. På den andre sida er det uvisst i kor stor grad 16 – 17-åringar vil nytta røysteretten sin. Det vil òg vera spørsmål om korleis ein best kan leggja til rette for informasjon til denne nye gruppa. Det kan til dømes skje i samarbeid med skuleverket. Departementet tilrår derfor at dette i første omgang vert prøvd ut som forsøk i nokre få, einskilde kommunar. På den måten vil ein kunna få kunnskap om nivået på deltakinga. Ein vil òg kunna sjå på i kor stor grad forsøket har gjort at denne nye gruppa med røysterett, og også ungdom som i dag har røysterett, er vortne meir medvitne om si rolle i det lokale samfunnslivet og moglegheita for å vera med på å påverka dei lokale høva rundt seg.

Eit spørsmål er om det berre bør gjennomførast forsøk ved kommunestyrevalet, eller om dette også er aktuelt ved fylkestingsvalet. Det er i utgangspunktet ikkje nokon prinsipiell skilnad mellom desse typane val. Ein vil kunna få dei same svara ved berre å knyta forsøket til kommunestyrevalet. I tillegg vil det vera vanskelegare å gjennomføra forsøk ved fylkestingsvalet. Eit slikt forsøk vil måtta omfatta alle kommunane i fylket. Forsøket bør derfor i utgangspunktet berre gjelda kommunestyrevalet. Departementet meiner såleis at det bør opnast for nokre få forsøk med røysterett for 16-åringar ved kommunestyrevalet i 2011.

5.2.8 Elektronisk røysting

I statsbudsjettet for 2008 er det løyvt åtte millionar kroner til oppstart av eit prosjekt med elektronisk røysting. Målet er å setja i gang forsøk som gjer det mogleg å røysta elektronisk i nokre forsøkskommunar ved lokalvalet i 2011. Innan den tid er det aktuelt å prøva ut eit system for elektronisk røysting i ulike lokale, rådgjevande folkerøystingar. I første omgang bør ein prøva ut eit system for elektronisk røysting i vallokala. Dette er likevel etter departementet si vurdering ei mellombels løysing.

Det overordna målet til departementet med utprøving av elektronisk røysting er å gjera det enklare og mindre kostnadskrevjande for veljarane å røysta. I tillegg til auka tilgjenge, vil elektronisk røysting på sikt også kunna medverka til reduserte kostnader ved valavviklinga, ei meir nøyaktig oppteljing av røystene og gjera valresultata offentlege tidlegare. Det er knytt store forventningar til at elektronisk røysting skal gje auka valdeltaking. Forskinga gjev derimot ikkje noko klårt grunnlag for å venta vesentleg høgare valdeltaking. Ein kan likevel ikkje sjå bort frå at elektronisk røysting kan vera med å hindra ytterlegare fall i deltakinga. Særleg meiner departementet innføring av moglegheit til å røysta elektronisk kan vera viktig for sikra at dei unge deltek ved val. Valdeltakinga går generelt ned, men sett i et framtidsperspektiv er det ei særleg utfordring at deltakinga er så låg mellom yngre veljarar.

Gjennomføring av elektronisk røysting reiser fleire vanskelege og prinsipielle spørsmål både av datateknisk, juridisk og demokratisk karakter. Denne måten å røysta på vil kunna få mykje å seia for korleis vi gjennomfører val her i landet. Ny teknologi utfordrar fleire og godt innarbeidde demokratiske prinsipp for val. Korleis skal styresmaktene sikra kravet til hemmeleg røysting dersom ein opnar for å røysta i heimen? Korleis skal ein hindra kjøp og sal av røyster? Korleis skal registrering, overføring, oppteljing og kontroll av veljarane sine røyster sikrast på ein mest mogleg sikker måte når dette skal skje elektronisk?

Ei arbeidsgruppe har på oppdrag frå departementet sett på ulike sider ved elektronisk røysting. Arbeidsgruppa sine vurderingar og tilrådingar i rapporten «Elektronisk stemmegivning – utfordringer og muligheter» vil vera eit viktig utgangspunkt for prosjektet. Arbeidsgruppa konkluderer med at det bør leggjast til rette for elektronisk røysting i ukontrollerte omgjevnader (røysting utanfor vallokala) for alle veljarar. Dette er likevel eit langsiktig mål. Arbeidsgruppa for e-val peikar på at det er særleg vanskeleg å ta vare på prinsippet om hemmelege val dersom veljarane får røysta heime, på jobb og liknande (utanfor vallokala). Strenge krav til tryggleik og det å oppretthalda veljarane sin tillit til valsystemet, er absolutte føresetnader for elektronisk røysting.

Lokaldemokratikommisjonen gjev i si utgreiing støtte til arbeidsgruppa sine vurderingar og konklusjonar. Lokaldemokratikommisjonen understrekar at det bør satsast sterkt på å utvikla elektroniske valløysingar som kan garantera tilfredsstillande tryggleik for veljarane. Det langsiktige målet med dette arbeidet bør vera at elektronisk røysting kan verta gjennomført utanfor vallokala. Kommisjonen stør arbeidsgruppa for e-val sitt framlegg om planmessige og systematiske evalueringar av forsøk med elektronisk røysting, og meiner det er viktig å koma i gang med dette arbeidet.

5.3 Rolla til lokale media

Lokale media har ei heilt sentral rolle for å gjera lokale politiske saker og alternativ kjende i og for lokalsamfunnet. I samband med lokalvalet i 2007 gav departementet støtte til Landslaget for lokalaviser (LLA) for at dei skulle kunna kursa medlemsavisene til å verta betre i stand til å dekkja valkampen ved lokalvalet i 2007. Det viser seg at dei kommunane som er dekte av aviser som er medlemmer i LLA, hadde ein større vekst i valdeltakinga enn det som var landsgjennomsnittet. Sjølv om det ikkje er ein nødvendig samanheng mellom dei tiltaka som LLA har gjennomført og auka valdeltaking ser departementet det som ei mogleg forklaring på at valdeltakinga auka. Det er òg i tråd med dette synet at media i større grad enn i dag bør retta fokus på den lokale valkampen når det er kommunestyreval.

Rolla som lokale media spelar kom òg klårt fram under forsøket med eigen valdag i Nittedal. Trass i låg valdeltaking, viste evalueringa at kommunen greidde å få til ein lokal valkamp gjennom forsøket. Lokale aktørar og saker stod i fokus, og debattane gjekk føre seg på lokale arenaer. Ulempa var at det vart lite drahjelp utanfrå, og den alternative valdagen kunne ha tent på å verta lagd til eit anna tidspunkt på året.

5.4 Tiltak som kan auka valdeltakinga

Både individbaserte og kontekstuelle faktorar påverkar valdeltakinga. Dette kapitlet presenterer først tiltak retta mot enkeltgrupper som er kjenneteikna ved lågare valdeltaking enn gjennomsnittet. Dernest tiltak som er knytte til sjølve valet.

5.4.1 Tiltak overfor unge veljarar

Valdeltakinga mellom unge er lågare enn i resten av befolkninga. Kommunal- og regionaldepartementet gav i samband med kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2007 tilskot på til saman 3,2 millionar kroner til organisasjonar og andre aktørar som ønskte å medverka til auka valdeltaking og kunnskap om valet. Departementet prioriterte tiltak retta mot ungdom, innvandrarar og veljarar med behov for særleg tilrettelagd informasjon. I samband med val gjennomfører departementet også ein informasjonskampanje. Ei prioritert målgruppe er veljarar under 25 år. Dette gjeld både mengda av tiltak som vert retta mot denne gruppa,og utforminga av sjølve kampanjen.

Skulevala spelar ei sentral rolle i skulen sitt valførebuande arbeid, og er eit vesentleg verkemiddel i forsøka på å få førstegongsveljarar til valurnene. Skuleval har vore avvikla i samband med kvart lokal- og stortingsval sidan 1989. Prøvevala ved skulane skal gjerast mest mogleg likt eit ordinært val, med vallokale, røystesetlar, valurner osb. Ved skulevalet i 2007 var det nær 119 000 elevar som røysta. Såleis var valdeltakinga på 72,2 prosent. 4 Det er likevel ikkje mogleg å utan vidare samanlikna valdeltakinga med resultatet frå det ordinære valet. Røystegjeving ved skuleval går som oftast føre seg ved at heile skuleklassar med lærar bruker ein del av ein time til å røysta. Dette vert då ein del av undervisninga. Vallokala er dessutan der elevane oppheld seg, og dei treng derfor ikkje oppsøkja vallokale aktivt på line med andre veljarar.

Hausten 2007 samla Kommunal- og regionaldepartementet og Kunnskapsdepartementet ei gruppe med representantar frå alle ungdomsorganisasjonane til partia som er representerte på Stortinget, Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar og Elevorganisasjonen. Målet for arbeidet i gruppa var mellom anna å koma opp med tiltak for å auka valdeltakinga blant ungdom. Kapittel 6 inneheld ei meir utfyllande skildring av gruppa og framlegga som dette arbeidet munna ut i.

5.4.2 Tiltak overfor innvandrargrupper

Eit velfungerande demokrati lyt inkludera og involvera minoritetsgrupper i samfunnet. Alle innbyggjarane bør setja seg inn i grunnleggjande reglar for demokrati, samfunnsliv og politikk i det norske samfunnet. Det er viktig med brei oppslutning om demokratiske prosessar. Det er eit mål at valdeltakinga mellom røysteføre personar med innvandrarbakgrunn er like høg som valdeltakinga elles. I alt 276 950 innbyggjarar med innvandrarbakgrunn hadde røysterett ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2007.

Innbyggjarar med ikkje-vestleg bakgrunn har over tid vorte ein viktig del av veljarane. Gruppa kan delast i to: ikkje-vestlege innvandrarar med norsk statsborgarskap, og ikkje-vestlege innvandrarar med utanlandsk statsborgarskap. Den sistnemnde gruppa har berre røysterett ved lokalval. Ved lokalvalet i 1983 fekk gruppa av innvandrarar med utanlandsk statsborgarskap røysterett ved lokale val dersom dei hadde budd minst tre år i Noreg på tre år. Ved valet i 2007 hadde 144 576 innvandrarar utan norsk statsborgarskap røysterett. Blant dei ikkje-vestlege innvandrarane var det ved valet i 2007 til saman 68 096 ikkje-vestlege innvandrarar utan norsk statsborgarskap som hadde røysterett. Desse utgjorde til saman 1,9 prosent av veljarane. I tillegg var det 124 746 ikkje-vestlege innvandrarar som hadde norsk statsborgarskap. Desse utgjorde til saman 3,5 prosent av dei røysteføre i landet.

Valdeltakinga i desse gruppene var ved valet 2007 klårt lågare enn i veljarmassen sett under eitt. Frammøteprosenten for dei ikkje-vestlege veljarane med utanlandsk statsborgarskap var heilt nede i 28 prosent. Blant dei ikkje-vestlege veljarane med norsk statsborgarskap deltok 37 prosent. Men det er store skilnader i valdeltakinga mellom røysteføre med innvandrarbakgrunn, og på tvers av ulike etniske grupper. Til dømes var valdeltakinga høg mellom innvandrarar frå Sri Lanka og Pakistan, med høvesvis 51 prosent og 46 prosent valdeltaking.

Som eit ledd i arbeidet til regjeringa med å auka valdeltakinga blant personar med innvandrarbakgrunn, har Integrerings- og mangfoldsdirektoratet utarbeidd kunnskapsoversikta «Hvem stemmer og hvorfor. Om ulike etniske gruppers valgdeltakelse»(IMDi-rapport 11 – 2007), som samanfattar forsking på feltet.

Det er fleire årsaker til at innvandrarane nyttar røysteretten i mindre grad enn blant innbyggjarane elles, og årsakene varierer mellom ulike grupper.

Lågare valdeltaking har delvis samanheng med at innvandrarane har lågare alder, har budd kortare i landet, har lågare inntektsnivå og sysselsetjingsgrad enn innbyggjarane elles. Manglande kjennskap til partia og det politiske systemet er ein annan viktig grunn til at mange ikkje røystar ved val. Forsking viser også at minoritetane sett under eitt har lågare interesse for norsk politikk enn etniske nordmenn, og mindre kunnskap om og kjennskap til valsystemet i Noreg. I tillegg vil meir strukturelle forhold, som sjølve valordninga, den relative delen innvandrarar i valkrinsen og samansetjinga av kandidatar på partilistene, vera ein del av forklåringa på lågare valdeltaking.

Delen innbyggjarar med innvandrarbakgrunn og røysterett som deltar ved val er ein av fleire indikatorar for deltaking, likestilling og inkludering i det norske samfunnet. Forsking viser at det er ein positiv samanheng mellom ulike former for deltaking, og at politisk deltaking heng saman med deltaking i formelle og uformelle nettverk.

Regjeringa meiner det er viktig at innvandrarane nyttar røysteretten sin. På lik line med andre har desse gruppene interesse av å både verta representerte og påverka samfunnsutviklinga. Det er også viktig at desse gruppene på denne måten kan verta integrerte i det norske politiske systemet.

Derfor er det avgjerande å få ut informasjon til desse gruppene om valet og valgjennomføringa. Særleg gjeld dette lokalvala, der innvandrarar med utanlandsk statsborgarskap også har røysterett viss dei har budd minst tre år i Noreg. Røysteføre med innvandrarbakgrunn var derfor ei prioritert gruppe då Kommunal- og regionaldepartementet i samband med kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2007 delte ut til saman 3,2 millionar kroner til organisasjonar og andre aktørar for å auka valdeltakinga og kunnskapen om valet.

I samband med kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2007 var det også eit samarbeid mellom IMDi og Kontaktutvalget mellom innvandrerbefolkninga og styresmaktene (KIM), kommunar og friviljuge organisasjonar for å auka valdeltakinga. IMDi gjennomførte før valet eit forsøk med bruk av lokale såkalla valmotivatorar frå ulike nasjonalitetsgrupper for å auka interessa for lokalvalet. I tillegg har IMDi omsett Kommunal- og regionaldepartementets valbrosjyre til åtte språk. Dette for å gjera det enklare for veljarar som kjem frå andre land å setja seg inn i reglane som gjeld ved val i Noreg. KIM hadde valet, demokrati og mangfald som tema på den årvisse landskonferansen sin i juni 2007.

5.4.3 Opningstida på valdagen

Tidlegare kunne vallokala haldast opne fram til kl. 21 på valdagen. Vedtak av ny vallov i 2002 framskunda det seinaste stengingstidspunktet til kl. 20. Eit samrøystes Vallovutval meinte det ikkje var nokon overtydande grunn til å halda ope til kl. 21 av di «[V]elgerne har i dag rimelig mulighet til å kunne stemme innen kl. 20.» Opningstida i vallokala varierer naturleg nok frå kommune til kommune. Etter vallova skal vallokala i alle kommunar på valdagen stengjast seinast kl. 20. Det er ikkje noko krav til minste opningstid. Nye opningstider har no vore praktiserte ved tre val.

Evalueringa etter valet i haust syner at i 76 % av kommunane vert minst eit vallokale halde ope til kl. 20 på valkvelden. Dette er svært positivt. Evalueringa viser derimot at få kommunar held ope før kl. 09 på valdagen, berre 5 %. Det kan vera grunn til å tru at einskilde kommunar ikkje er merksame på høvet til å starta røystinga tidlegare. Elles ser det ut til at ein del kommunar opnar vallokala noko seint valdagen, til dømes ikkje før kl. 1400. Nokre kommunar held ope om morgonen, stengjer ei tid midt på dagen, for så å opna igjen seinare. Behovet er ulikt i kommunane, og det er naturleg at lokale tilhøve påverkar opningstidene.

I evalueringsrunden er òg spørsmålet om kødanning teke opp. Det er svært få kommunar som viser til køar i lokalet ved stengjetid. I desse kommunane ser det dessutan ut til at det er «ekstraval», som direkteval på ordførar og bydelsutval, som har ført til køar fordi veljarane brukar meir tid i avlukka enn normalt. God informasjon om korleis veljar skal retta på røystesetelen fører òg til at dei brukar meir tid i avlukka.

Sjølv om det er lite kø ved stengjetid, er det derimot fleire kommunar som opplyser at det er ein del kødanning rundt lunsjtider og rundt arbeidstidsslutt. Det er likevel ikkje nokon som opplyser at dette fører til særlege problem for avviklinga av valet.

Trass tilbakemeldingar i evalueringsrunden om lite kødanning kan det vera grunn til å vurdera å gå tilbake til opningstid til kl. 21 Dei fleste kommunane vil ikkje ha trong for å ha lengre opningstider. Køar rundt lunsj og etter arbeidstidsslutt vil etter departementet si vurdering ikkje avhjelpast i særleg grad ved å halda lenger ope om kvelden. Men særleg i dei store byane kan det vera trong for å halda ope lenger. Her er det gjerne mange røysteføre i kvar valkrins.

Dersom ein opnar for at kommunen kan avgjera at vallokala skal kunna stengja seinare, fører dette òg til at valresultata vert seinare klåre. Etter departementet si vurdering er det likevel viktigare å leggja vekt på godt tilgjenge til vallokala.

Departementet vil derfor gjera framlegg om at det før valet i 2009 vert mogleg for kommunane til å bestemma at dei skal ha ope til kl. 21.

Det er eit generelt prinsipp i gjeldande lover at det er fleirtalet i kommunestyret som avgjer kva for vedtak kommunestyret skal treffa. Dette prinsippet meiner departementet skal hegnast om. Det kan likevel vera at det i nokre samanhenger er rett å styrkja mindretalsrettar og gje mindretal i kommunestyret auka innverknad.

Spørsmålet om kva for tilgjenge kommunane skal tilby innbyggjarane sine, er kanskje det mest prinsipielle spørsmålet i valsamanheng. Her er spørsmålet om opningstid på valdagen svært sentralt. Dersom eit mindretal i kommunestyret meiner at det er trong for å halda vallokala opne til kl. 21, meiner departementet at det kan vera gode demokratiske grunnar til å leggja avgjerande vekt på mindretalet si meining. Departementet meiner derfor at vallova bør endrast slik at vallokala må halda ope til kl. 21 dersom minst ein tredel av kommunestyrerepresentantane krev det.

Vallova har ikkje krav til når lokala skal opna om morgonen på valdagen. Valstyret fastset sjølv tida for røystegjeving. Evalueringa viser er det få som opnar røystelokala før kl. 09.

Departementet finn det ikkje tilrådeleg å føreslå lovfesting av eit bestemt tidspunkt for når lokala skal opna om morgonen. Her må lokale tilhøve som geografi, transportmoglegheiter, talet på røysteføre, osv. vera utslagsgjevande for når lokala skal opna. Dette er også grunnen til at vallova ikkje fastset eit konkret opningstidspunkt. I store kommunar kan det gjerne vera føremålstenleg å halda vallokala opne i tidsrommet kl. 7 – 21 på valdagen. I mange små kommunane er det ikkje utan vidare trong for så lange opningstider. Tidlegare inneheldt vallova elles ei føresegn om at vallokala på valdagen måtta halda ope minst fem timar.

Departementet vil oppmoda kommunane om å leggja til rette for at røystegjevinga kan starta noko tidlegare enn kl. 09 på valdagen, der tilhøva ligg til rette for det. Kommunane bør òg oppfordrast til ikkje å stengja vallokala midt på dagen.

5.4.4 Obligatorisk todagars val

Både spørsmålet om obligatoriske todagars val og flytting av valdagen til sundag kan vera tiltak for å auka tilgjenge til vallokala for veljarane og dermed eit tiltak som kanskje kan auka valdeltakinga. Aktuelle løysingar kan vera å:

  1. flytta den offisielle valdagentil ein fridag som sundag (med moglegheit for kommunar til også å halda val laurdag), eller

  2. innføra obligatorisk todagars val i alle kommunar, ved at offisielle valdagar vert sundag og måndag.

Vallova fastset den offisielle valdagen for både stortings-, fylkestings- og kommunestyreval. I vallova § 9 – 1 og § 9 – 2 heiter det at Kongen skal fastsetja den offisielle valdagen til ein måndag. Val skal haldast på ein og same dag i september månad. Lova fastset likevel at kommunar som ønskjer det, i tillegg kan avvikla val sundagen før den offisielle valdagen. Kommunar som arrangerer val på sundagar òg, avgjer sjølve om dette skal gjelda eit eller fleire vallokale i kommunen. Dei tek òg stilling til opningstida sundag.

Kommunestyret skal innan utgangen av mars månad i valåret avgjera kor mange røystekrinsar kommunen skal delast inn i på valdagen. I kvar krins skal det vera eit vallokale. Kommunar med todagarsval pliktar ikkje å halda alle desse lokala opne på sundagen.

Litt under halvparten av kommunane i landet held val også sundag. Talet på kommunar med todagars val er svakt stigande. I 2003 var det 178 kommunar med todagars val, tilsvarande tal i 2005 var 198. I 2007 var det 206 kommunar som gjorde dette. Det varierer likevel kor mange av kommunane sine lokale som held ope søndag. Kommunane fastset opningstida sjølv. Vallokala kan likevel ikkje opna før tidlegast kl. 13 på sundag, jf. § 4 i lov om heilagdagar. I evalueringsrunden er det henta inn tal på opningstider i vallokala sundag og måndag. Av dei kommunane som held todagarsval, oppgjev ca. 50 % at dei har ope like mange lokale sundag som måndag. På spørsmål om kva som er bakgrunn for sundagsope, svarar dei fleste omsyn til pendlarar og studentar, og at det er tradisjon for todagars val i kommunen. Det er få kommunar som seier at sundagsval er innført på bakgrunn av ønske om å auka valdeltakinga.

Val på måndag har lange tradisjonar i Noreg. I dag er valdagen lagt til ein vanleg arbeidsdag for veljarar flest. Opningstidene varierer mykje frå kommune til kommune, men det er i dag høve til å halda ope til kl. 20. Evalueringa syner at 76 % av kommunane har minst eit vallokale som held ope til kl. 20 valkvelden. Likevel kan det gjerne vera ei utfordring for veljarane i ein travel kvardag å koma seg til vallokalet før det stengjer. Ein kan ikkje sjå vekk frå at det å oppsøkja vallokalet vert prioritert ned. Det å opna for at kommunane kan halda ope til kl. 21 vil etter departementet si meining bøta på dette.

Spørsmålet er om dette er tilstrekkeleg eller om ein til dømes i tillegg bør vurdera å flytta den offisielle valdagen, eller halda obligatoriske todagars val i alle kommunar.

Mange kommunar held alt todagars val, og dei viser til gode erfaringar sjølv om frammøtet mange stader ikkje er spesielt stort. Særleg er det viktig at grupper som pendlarar og studentar får høve til å røysta i eigen kommune sundagen. Nokre kommunar meiner todagars val også gjev ein betre fordeling og arbeidsbelastning på valfunksjonærane, men at det fører til auka kostnader.

Som nemnt er der få kommunar som held val over to dagar av omsynet til auka deltaking. Det er to forhold som kanskje kan forklåra dette. For det første er det berre ca. halvparten av vallokala som er opne i dei kommunane som har todagars val. For det andre er det i media og elles ikkje noko fokus på at sundagen også er valdag i mange kommunar. Det er med andre ord ikkje nokon som «minner ein på» at det er valdag denne dagen. Dersom obligatorisk todagars val eventuelt skal kunna ha effekt på valdeltakinga, meiner departementet det i tilfelle bør vera mogleg å røysta i alle vallokala i kommunen. Det er likevel ikkje gjeve at deltakinga aukar. Forsking på området tyder heller ikkje på at todagars val fører til auka deltaking generelt. Det kan vera eit problem å halda fokus på begge dagar som offisielle valdagar.

Etter departementet si vurdering bør det framleis vera opp til den einskilde kommunen å vurdera om kommunen skal halda todagars val. Lokale tilhøve vil prega og forma slike vurderingar. I ein del kommunar vil det openbert ikkje vera behov for todagars val. I så fall er det lite tenleg reint samfunnsøkonomisk å påleggja kommunen å halda sundagsope.

Sjølv om forskarar ikkje kan påvisa nokon klår samanheng mellom valdeltaking og todagars val, meiner departementet auka tilgjenge har ein verdi i seg sjølv. Spørsmålet om kva for tilgjenge kommunane skal tilby innbyggjarane sine, er kanskje det mest prinsipielle spørsmålet i valsamanheng. Her er spørsmålet om ein- eller todagars val heilt sentralt. Dersom eit mindretal i kommunestyret meiner at det er trong for å halda val også på sundag, meiner departementet det kan vera gode, demokratiske grunnar til å leggja avgjerande vekt på mindretalet si meining. Departementet meiner derfor at vallova bør endrast slik at val må gjennomførast også på ein sundag dersom minst ein tredel av kommunestyrerepresentantane krev det. For at denne retten skal verta reell, må mindretalet òg ha moglegheit til å vedta at nokre eller alle vallokala i kommunen skal halda ope på sundag.

I staden for å påleggja kommunane todagars val kan ein tenkja seg at den offisielle valdagen vert flytta til ein fridag. Dersom ein legg den offisielle valdagen til ein sundag, kan ein opna for at kommunar som ønskjer det kan leggja til rette for røystegjeving laurdag. Dei fleste veljarane vil då ha to fridagar til å røysta på. Departementet meiner at dersom ein gjer sundagen til ein offisiell valdag i heile landet, vil dette auka fokuset på denne dagen. Særleg gjeld dette dersom ein flyttar den offisielle valdagen frå måndag til sundag. Det er litt meir usikkert om ein vil få det same fokuset på sundagen dersom ein har obligatorisk todagars val.

Dersom ein legg valdagen til ein fridag, gjer ein det samstundes lettare for veljarane å oppsøkja vallokala. Det er mogleg at sundag er å føretrekkja dersom ein satsar på auka valdeltaking, og at folk er mindre opptekne då enn til dømes på laurdagar. Poenget må vera å få med dei som elles nedprioriterer å gå og røysta. Om valdagen er laurdag eller sundag eller måndag for den sakas skuld, meiner departementet ikkje betyr like mykje for dei som allereie har bestemt seg for å gå å røysta.

Dersom ein flyttar den offisielle valdagen til sundagen, må ein sikra at vallokala kan halda ope heile dagen. I dag legg lov om heilagdagar ned forbod mot offentlege tilstellingar før kl. 13 på sundagar. Ifølgje lov om heilagdagar § 4 andre ledd er det gjort unntak for forbodet i særlege høve. Ved eventuell offisiell valdag på sundag meiner departementet eit tilsvarande unntak må gjerast. Dette krev endring i lova. Evalueringa viser at mange kommunar nyttar bedehus, forsamlingshus og kyrkjer som vallokale. Dersom ein legg offisiell valdag til sundagen, vil det ikkje kunna haldast gudsteneste o.l. i desse lokala valdagen sidan desse då vert opptekne med røystgjeving. Departementet kan likevel ikkje sjå at dette er noko stort problem sidan det berre vert halde val ein dag annakvart år.

Eventuell flytting av den offisielle valdagen til sundag vil skapa ein del utfordringar med omsyn til den administrative gjennomføringa av val. Etter dagens ordning skal alle røyster som er komne inn til valstyret valdagen måndag kl. 20, takast med i valoppgjeret. Det er derimot inga postomdeling på sundagar. Det tyder at tidsrommet mellom avslutting av førehandsrøystinga (ved stengjetid på fredag) og sluttidspunktet for røystinga (sundag kveld), vert stuttare enn i dag. Ein får her berre postomdeling laurdagen. Ei løysing på dette er å avslutta førehandsrøystinga tidlegare. Etter departementet si vurdering er det likevel ikkje nok å avslutta førehandsrøystinga ein dag tidlegare enn i dag. Dersom ein legg den offisielle valdagen til sundag, meiner departementet det er naudsynt å avslutta førehandsrøystinga to dagar tidlegare enn i dag, det vil seia onsdag.

Eit alternativ kan vera å skuva på tidspunktet for når røyster seinast må vera komne inn for å telja med i oppgjeret til dagen etter valdagen (måndag). Dette inneber at valoppgjeret vert klårt seinare. Alle førehandsrøyster som vert mottekne etter at røystgjevinga tek til valdagen, må kontrollerast mot røyster mottekne på valdagen for å sikra at veljarar ikkje får godkjent fleire røyster. Departementet meiner dette ikkje er eit noko godt alternativ. Valoppgjeret vert forseinka, og den administrative gjennomføringa vert vanskelegare.

Todagars val eller flytting av valdag til sundag vil medføra auka kostnader for kommunane, mellom anna til leige av lokale og personale. Etter vallova skal statlege styresmakter dekkja kostnader ved alle lovpålagde oppgåver. Det har i denne samanhengen ikkje noko å seia at fleire kommunar alt i dag har to dagars val.

Etter ei samla vurdering er departementet kome til at det ikkje er grunnlag for å tilrå innføring av obligatorisk todagars val, eller å flytta offisiell valdag til sundag.

5.5 Deltaking og representativitet i lokale folkevalde organ

5.5.1 Om representativitet

Lokaldemokratikommisjonen peikar på to ulike syn på demokratisk representasjon.

Eit syn, som dominerer i den norske debatten, er den ideelle oppfatninga av kommunestyret som eit spegelbilete av innbyggjarane i kommunen. Sosial representativitet inneber at det vert lagt vekt på at folkevalde forsamlingar skal utgjera eit sosialt tverrsnitt av innbyggjarane.

Andre rettar merksemda meir på innhaldet i politikken. Det sentrale vert då meiningsrepresentasjon. Det vil seia at kommunestyrerepresentantane skal representera dei ulike haldningane og meiningane til innbyggjarane i kommunen. Det avgjerande vert ikkje kven representantane er, men kva dei meiner. Meiningsrepresentasjon vert gjerne kopla til dei politiske partia som i valkampen presenterer idear, haldningar og meiningar som veljarane kan vurdera. På den måten gjev partia uttrykk for standpunkta sine i ei rekkje saker.

Det er den sosiale dimensjonen ved representativitet som vil verta tematisert i dette avsnittet. Samansetjinga av dei folkevalde forsamlingane skal reflektera oppslutninga om partia, men dei bør òg ha ein rimeleg balanse mellom kjønna. Vidare bør ulike aldersgrupper, grupper med innvandrarbakgrunn og grupper med ulik yrkesbakgrunn ha plass i kommunestyre og fylkesting. Mange vil også leggja vekt på geografisk representasjon, at ulike deler av kommunen eller fylket er representerte i kommunestyre og fylkesting.

Grunnen til vektlegginga av at dei styrande skal vera som eit spegelbilete av innbyggarane, er at ein då går ut frå at dei vil tenkja, resonnera og handla som dei. Når dei politiske elitane på denne måten er «identiske» med folket, trur ein at dei vil dela folket sine verdiar, og dermed vera dei sikraste målberarane av interessene deira.

Undersøkingar av representasjonen i folkevalde organ viser at dei ikkje er sosialt representative. «Den typiske kommunestyrerepresentanten, slik han framstår i alle undersøkingar av folkevalde sin sosiale bakgrunn, er mann, han er mellom 40 og 60 år, han har høgare utdanning og inntekt enn resten av befolkninga, han er funksjonær, tilsett i det offentlege og han er gift.» (Larsen og Offerdal 1992:19)

Nyare talmateriale frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at dette biletet stemmer bra med det som er situasjonen i norske kommunestyre og fylkesting i dag også. Tabell 5.2 viser i kva grad ulike grupper er over – eller underrepresenterte i desse folkevalde organa.

Tabell 5.2 viser at kvinner framleis er underrepresenterte, og då særleg i kommunestyra. I kommunestyra utgjer kvinnene i perioden 2007 – 2011 i gjennomsnitt 37,5 prosent av representantane, medan 51 prosent av veljarmassen er kvinner. Berre 23 prosent av ordførarane er kvinner. Utviklinga har vore prega av aukande kvinnerepresentasjon. Frå 1963 og fram til i dag har kvinnerepresentasjonen auka frå 6,3 prosent til i gjennomsnitt 37,5 prosent i kommunestyra.

Tabell 5.2 Representasjon av ulike grupper i kommunestyre og fylkesting, perioden 2007 – 2011. Prosent.

    Innbyggjarar over 17 år 1.1.2008Kommunestyre­representantarFylkestings­representantar
KjønnKvinne50,637,545,0
Mann49,462,555,0
Alder16 – 2414,53,69,2
25 – 4436,036,528,5
45 – 6634,755,359,2
67 og over16,64,73,1
StatsborgarskapNorsk94,099,299,5
Ikkje-norsk6,00,80,5
Utdanning pr. Oktober 2006Obligatorisk utdanning27,85,43,1
Vidaregåande43,251,446,1
Universitet/høgskule/Lågare grad19,533,540,2
Universitet/høgskule/Høgare grad5,79,510,4
Ikkje oppgjeve3,70,30,1
YrkesaktivJa69,992,094,5
Nei30,18,05,5

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Figur 5.2 Utviklinga i talet på kvinner i kommunestyre og fylkesting.
 Prosent.

Figur 5.2 Utviklinga i talet på kvinner i kommunestyre og fylkesting. Prosent.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

Men det er store ulikskapar mellom kommunane. Etter valet i 2007 har meir enn kvart femte kommunestyre under 30 prosent kvinner. I fylkestinga utgjer kvinnene i gjennomsnitt 45 prosent. Frå og med 1975 har det vore direkte val av fylkestingsrepresentantar. Sidan dess har det støtt vore relativt fleire kvinnelege representantar på fylkestinga enn i kommunestyra.

Tal frå Lokaldemokratikommisjonen viser at det er færre kvinner enn menn som er medlemmer av parti. 5 Det er også litt fleire kvinner som seier nei til å ta på seg verv enn menn. 6 Men partia set oftast menn på topp på listene. Ei evaluering som Kommunal- og regionaldepartementet har fått gjennomført (Christensen m.fl. 2004), viser at personvalordninga som inviterer veljarane til å gje kandidatane personrøyster, ikkje har innverknad på kjønnssamansetjinga i kommunestyra. Det er listeplassering som er viktigast for om ein kandidat får personrøyster eller ikkje. Viss ein kandidat er plassert høgt oppe på lista, er det også større sjanse for at han eller ho får personrøyster. Det er opp til partia om dei vel å nominera kvinner langt oppe på listene, og kven av kandidatane dei vil gje røystetillegg til. Forskarane som analyserte den nye personvalordninga som vart innført frå og med 2003-valet, konkluderer i analysane sine med at dersom partia bruker begge desse verkemidla, «sikker» listeplassering og røystetillegg, så var kandidatane tilnærma sikre på å verta valde.

Tabell 5.2 viser også at unge, eldre over 67 år, ulike etniske grupper og dei som ikkje er yrkesaktive, er underrepresenterte. Om lag 8 prosent av kommunestyrerepresentantane er under 30 år. Kvar fjerde vaksne innbyggjar kjem frå gruppa under 30 år, medan berre ein av ti i denne gruppa er lokalpolitikar. Undersøkingar viser at 20 prosent av kommunane ikkje har representantar under 31 år. Det er særleg kommunar prega av stor utflytting som slit med dette. I den yngste aldersgruppa er det stor vilje til å stilla til val. Men dette gjev seg ikkje utslag i at dei vert sette opp som kandidatar på listene. For dei over 67 år er det slik at dei er kraftig underrepresenterte på listene og mellom representantane, men årsaka er at det er få som ønskjer å stilla til val.

Innvandrarar er underrepresenterte i kommunestyre og fylkesting, men det er store kommunale skilnader. I nokre kommunar, til dømes Oslo og Drammen, er innvandrarar relativt godt representerte. Dette kjem delvis av at innvandrarar gjerne får fleire personrøyster enn andre kandidatar, og vert løfta oppover på vallistene. I hovudsak har personrøystene i praksis vist seg å ha liten innverknad på valet, og såleis er dei valde innvandrarane unntaket som stadfestar regelen (Christensen m.fl. 2004). Ordninga med personrøyster kan ha innverknad viss veljarane er godt organiserte, m.a.o. er «veljarkupp» mogleg i den nye valordninga, og/eller viss mange nok veljarar gjev personrøyster til same kandidaten. Analyser av 2003-valet viser at det i praksis skal litt til før ein kandidat lenger nede på lista går forbi ein kandidat som partiet har plassert på toppen av lista og/eller gjeve røystetillegg. Det at innvandrargrupper har høve til å røysta fram «eigne» kandidatar, kan sjå ut til å utløysa eit politisk engasjement. Lokaldemokratiet ser derfor ut til å ha lukkast betre enn andre samfunnsinstitusjonar, som til dømes Stortinget, med å integrera etniske minoritetar (Bjørklund og Saglie 2005).

Tabell 5.2 viser òg at dei folkevalde har langt høgare utdanning enn innbyggjarane generelt. Kvar tredje representant har utdanning på lågare universitets- eller høgskulenivå. Av dei som ikkje har utdanning ut over kva som er obligatorisk, er det få som er representerte samanlikna med storleiken på denne gruppa mellom innbyggjarane.

5.5.2 Representasjon i folkevalde organ

Val er kjerneinstitusjonen i det representative demokratiet. Derfor vert måten utveljinga av representantar skjer på viktig. Legitimiteten til val er avhengig av at sjølve måten rekrutteringa skjer på, vert oppfatta som rimeleg og rettvis. Gjennom val vert representantane på førehand autoriserte til å handla på vegner av veljarane. Veljarane gjev sin støtte til at dei valde kan opptre på deira vegner gjennom programmet representanten gjekk til val på. Ved neste val vert representantane haldne ansvarlege for den politikken dei har vore med på å føra i valperioden. Dersom veljarane ikkje er nøgde med jobben dei folkevalde har gjort, kan dei kasta dei.

Figur 5.3 Kor aktive er innbyggjarane? Aktive, potensielle og passive
 (N=1001).

Figur 5.3 Kor aktive er innbyggjarane? Aktive, potensielle og passive (N=1001).

Kjelde: Aars (2006).

Partia nominerer kandidatar til listene, og er dermed viktige for valet av kva samfunnsborgarar som vert gjevne makt til å opptre på vegner av innbyggjarane. Dei som partia plasserer langt opp på listene og gjev røystetillegg til, vert ofte valde inn (Christensen m.fl. 2004). Rekrutteringa av kandidatar til listene og sjølve nominasjonsprosessen er derfor viktig. Undersøkingar viser at få deltek i denne prosessen, og at det å verta spurt er det som gjer at folk seier ja til å aktivisera seg. Det er svært få som er såkalla sjølvrekrutterte (sjå NOU 2006:7: 76). Det vert ofte hevda at det er vanskeleg å få folk til å seia ja til å stilla til val (Aars 1997, Ringkjøb 1997). Av dei som seier seg viljuge til å verta sette opp på liste, er det over 52 prosent som er lite motiverte for å verta valde som representantar (NOU 2006:7:76). Dei seier anten at dei vart spurde om å stilla og sa ja fordi dei rekna med at sjansane for å verta valde inn var små, eller dei bad om å sleppa, men vart førde opp på lista likevel.

På den andre sida har undersøkingar vist (Aars 2006) at det er mange som kunna tenkja seg å verta politisk aktive, men som ikkje vert spurde. Heile 26 prosent i den nemnde undersøkinga oppgjev at dei ikkje har vore politisk aktive dei to siste åra, men at dei i framtida kunna tenkja seg å engasjera seg for å påverka politikken i kommunen sin.

Kanskje er ikkje partia flinke nok til å skjela ut over den snevraste krinsen innanfor eigne partirekkjer? Når partia skal leita etter kandidatar spør dei først sitjande representantar. Deretter søkjer dei etter kandidatar frå sist val. Viss dei framleis manglar kandidatar, søkjer dei vidare blant medlemer og sympatisørar. Dette fører til at partia i liten grad leiter mellom viljuge som ikkje er å finna i partia (Ringkjøb 1997:117).

Dersom val skal opna for effektiv veljarkontroll og gjera det mogleg for veljarane å nekta folkevalde ny tillit, er det ein føresetnad at mange politikarar ønskjer attval. Problemet er at mesteparten av personskiftet er friviljug (Offerdal og Østrem 1990:72), og motivasjonen for å verta attvald er låg, spesielt mellom kvinner. Det store personskiftet kan såleis vera til hinder for ein effektiv demokratisk kontroll.

Motivasjon og rekruttering

Mange som vert nominerte til å stå på ei liste har ikkje utan vidare politiske ambisjonar eller lyst til å verta valde inn (Aars og Offerdal 1998: 214). Dei står der som «listefyll». Men ein del av listefyllkandidatane vert valde inn i kommunestyra. Studiar av listefyllkandidatar viser at mange som først var motviljuge til å verta valde inn i kommunestyra, faktisk vart renominerte ved neste val (jf. Aars og Offerdal 1998: 218). Dette kan tolkast som at dei fekk smaken på politisk arbeid, og at deltakinga førte til at dei vart motiverte og engasjerte.

Mot dette biletet av rekrutteringsprosessen der veljarane har avgrensa kontroll med kven som skal representera dei, kan det framsetjast eit alternativt perspektiv der nettopp utskiftinga vert sett på som ei kjelde til demokratisk kontroll (Offerdal og Aars 2000, Aars 2001). Høg utskiftingstakt av politikarar fører til at mange får politisk erfaring. Talet på folk med politisk erfaring er relativt høgare i Noreg enn i nabolanda våre. Stor utskifting inneber breiare folkeleg deltaking, noko som fører til at mange opparbeider seg innsikt i den lokalpolitiske verksemda. Beredskapen til å delta vil vera større når sjansen for å verta politisk involvert aukar, og det som skjer innanfor dei politiske institusjonane vil verte oppfatta å gjelda ein større del av innbyggjarane. Den viktigaste veljarkontrollen, ifølgje dette perspektivet, er at samfunnsborgaren representerer og vert representert på omgang. Den einskilde vert halden ansvarleg overfor eit heilt lokalsamfunn, av eit heilt lokalsamfunn. Det at mange har politiske røynsler, må sjåast på som ein ressurs for eit lokalsamfunn, og det vil redusera avstanden mellom veljarar og valde.

Den politiske interessa er ikkje mindre enn før. Folk er kunnskapsrike og interesserte, men mange vegrar seg av fleire grunnar frå å delta i dei partipolitiske apparata slik dei fungerer i dag. Undersøkingar tyder mellom anna på at måten dei lokale partilaga fungerer på, partikulturen (sjå Offerdal og Ringkjøb 2002b:127, Aarsæther og Vabo 2002:71) og partiretorikken (Larsen 1992), kan ha innverknad på motivasjonen for å delta i dei lokale partilaga og kommunestyra.

5.5.3 Tiltak

Regjeringa vil streka under den viktige rolla partia har som bindeledd mellom innbyggjarane og dei folkevalde organa. Regjeringa meiner òg at partia lyt medverka til meir sosialt representativt samansette kommunestyre. Dette kan skje ved å motivera tradisjonelt underrepresenterte grupper til å la seg nominera til vallistene. Eit anna tiltak vil vera å rekruttera og å setja saman lister som på ein betre måte enn i dag speglar samansetjinga av innbyggjarane. Regjeringa vil trekkja fram styrkt kvinnerepresentasjon i kommunestyra som eit særs viktig mål. Regjeringa føreslår derfor ulike tiltak som kan medverka til å retta opp den skeive kjønnsrepresentasjonen i kommunestyra.

Partia sitt ansvar for å sikra kjønnsbalanse på nominasjonslistene

Ved kvart kommunestyreval frå og med 1967 (utanom i 1975) har det vore organiserte innsatsar for å endra samansetjinga av kommunestyra i retning av ein jamnare kjønnsbalanse (Halsaa 2007). Mange av partia har i tillegg arbeidd målbevisst med å auka delen kvinner i politiske fora. Både Venstre, Sosialistisk Venstreparti, Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti har kvoteringsreglar når dei set opp nominasjonslistene.

Til trass for at fleire parti har innført kvoteringsreglar er kvinnedelen framleis lågare enn 40 prosent i gjennomsnitt i kommunestyra. Det har heller ikkje skjedd store endringar i toppverva i kommunane. Ved dei siste fire lokalvala har utviklinga i retning jamstelling jamvel stagnert. Regjeringa meiner utviklinga i retning av jamstelling bør forserast. Kjønnskvotering er eit verkemiddel som vil kunna gje effektive og raske resultat, men regjeringa vil ikkje lovfesta slike reglar av omsyn til den frie nominasjonsretten. Regjeringa vil likevel understreka det store ansvaret partia har, då 95 prosent av alle folkevalde ved førre kommuneval vart valde frå partilister.

Kvotering sikrar målet om kvinner sine rettar til representasjon. Kvotering er ei moglegheit til å skapa kjønnsbalanse innanfor den tradisjonelle politiske partipolitikken, i motsetnad til til dømes å stilla eigne kvinnelister. Kvotering gjer det mogleg å markera forskjellane mellom kvinner og menn, samstundes som ein ser behov for at desse forskjellane utfyller kvarandre.

Til lokalvalet i 2011 vil regjeringa utarbeida eit informasjonsopplegg til partia som viser døme på korleis dei kan setja opp listene for å sikra betre kjønnsbalanse. Slike døme vil vera i tråd med «Zipper-systemet» der ein plasserer annakvar kvinne og mann på listene. Ein modell kan vera at ein plasserer annakvar kvinne og mann (eller omvendt) på dei øvste plassane heilt til 40 prosent av det underrepresenterte kjønn er plassert, og i tillegg at partia gjev like mange kvinner som menn røystetillegg. Ulike tilpassingar og variantar av dette systemet kan tenkjast.

Internasjonale erfaringar (Dahlerup red. 2006, Larserud og Taphorn 2007, Dahlerup og Freidevall 2008) viser at visse vilkår må vera oppfylte for at kjønnskvotering skal gje dei ønskte resultata. Det er ikkje nok berre å innføra kjønnskvotering i seg sjølv. 7 Måten det skjer på er viktig.

Det bør stillast krav til plassering på listene. Ein effektiv måte er det tidlegare nemnte «Zipper-systemet». Ved bruk av denne metoden står det likevel att å avgjera kven som skal stå øvst på lista. Metoden har også den føremon at ein vil unngå eventuelle negative ytringar om kvotering: båe kjønn er likt kvoterte.

Eit spørsmål vil vera om det er råd å finna nok kvinner til å stå på dei ulike listene. I utgangspunktet er kjønnssamansetjinga mellom innbyggjarane nokså lik i dei fleste kommunane. Rett nok seier kvinner litt oftare enn menn nei til å ta på seg verv. Dessutan er det færre kvinner enn menn som er medlem av eit politisk parti. Samtidig viser undersøkingar at det er mange som kunne tenkja seg å verta politisk aktive, men som sjeldan eller aldri vert spurde. Det er få som er sjølvrekrutterte.

Vegen fram mot å verta vald går i hovudsak gjennom dei politiske partia. Undersøkingar av kommunestyrevalet i 2003 viser at partia sine prioriteringar på listene er førande for kven som vert valde inn (Christensen m.fl. 2004, Hellevik og Bergh 2005). Vidare er det vist at rekrutterings- og nominasjonsprosessen til partia i seg sjølv neppe fremjar kvinnene i lokalpolitikken (Hellevik og Bergh 2005, Offerdal 1968, Ringkjøb 1997, Ringkjøb og Aars 2007a). Det er oftast middelaldrande menn som sit i nominasjonskomiteane. 8 Dei spør ofte sitjande kandidatar, som i regelen er menn og dei vil gjerne ha toppkandidatar med erfaring frå kommunestyre, ei erfaring som altså menn ofte har. Nominasjonsprosessen vert då lett ein sjølvforsterkande prosess der det går seint med å inkludera nye som ikkje er å finne i dei inste sirklane til partia, særleg til topplassane på listene. 9

Eit anna vilkår knyter seg til kommunestyrevalet, der personvalordninga inneber at partia kan gje eit avgrensa tal kandidatar røystetilleggavhengig av talet på kommunestyrerepresentantar som skal veljast. Undersøkinga av 2003-valet viser at dette røystetillegget påverkar kva kandidatar som vert valde inn. Partia gav i 2003 røystetillegg til 39 prosent kvinner og 61 prosent menn. Dermed kan det gje uheldige utslag for kjønnsbalansen, sjølv med annankvar mann og kvinne på listene, dersom partia til dømes gjev røystetillegg til fleire menn enn kvinner .

Personrøystegjevinga ved 2003-valet viser at ho ikkje er i disfavør av kvinnene. Analyser av verknadane av den nye personvalordninga ved valet i 2003 (Christensen m.fl. 2004), viser at forskjellen mellom kvinner og menn i oppslutning har mykje å gjera med den posisjonen kandidaten hadde før veljarane slapp til. Dei kvinnelege kandidatane hadde mellom anna lågare listeplassering enn menn, færre røystetillegg, mindre politisk erfaring og var dessutan mindre synlege i media enn dei mannlege kandidatane. Dersom ein kontrollerer for dette, var røystegjevinga til veljarane ikkje i disfavør av kvinnene.

Dersom kvinnerepresentasjonen skulle koma til å auka med same takt og på same vis som sidan 1990-talet, vil det ta meir enn 30 år før det er kjønnsbalanse i kommunestyra.

Lokaldemokratikommisjonen peikte på at legitimiteten til dei folkevalde organa mellom anna er avhengig av at alle grupper tek del i politisk arbeid, og at det er svært ønskjeleg med brei og omfattande deltaking i rekrutterings- og nominasjonsprosessane til partia. Departementet ser at det kan vera ei utfordring for mange partikulturar å endra hevdvunne og gamle måtar å tenkja og å handla på når ein skal rekruttera og nominera kandidatar til listene. I denne utfordringa kan også kimen til ei fornying og modernisering av lokaldemokratiet liggja. Viss ein greier å inkludera nye medlemer til partia, og viss kvinnene i større grad får meir framskotne posisjonar på listene, vil ein også fordela politisk erfaring på fleire. Deltakingskompetansen til lekfolk vil òg generelt verta større. At partia rekrutterer nye personar til listene sine – personar som til no kanskje ikkje er vorte spurde om å delta i politikken, vil dermed også kunna ha den positive verknaden at lokaldemokratiet vert fornya og modernisert.

Utstillingsvindauge for kvinner i lokalpolitikken

Kommunal- og regionaldepartementet har allereie sett i verk tiltaket « Utstillingsvindauge for kvinner i lokalpolitikken». Målet med denne satsinga er også å auka talet på kvinner i kommunestyra, og spesielt i leiande verv. Fire kommunenettverk og sju kommunar er valde ut til å vera med. Desse kjem over ein femårsperiode til å få støtte til å prøva ut ulike tiltak for å realisera måla. Dei utvalde kommunane kjem frå ulike delar av landet, har forskjellig storleik, ordførarar frå ulike parti – og forskjellig del kvinner i kommunestyra. På den måten ligg det godt til rette for å sjå kva tiltak som verkar best i ulike typar kommunar.

Tiltaka, som kommunane sjølve har peikt på som viktige for å få med fleire kvinner, kan grovt grupperast i fire kategoriar: 1. Tiltak for å påverka sjølvutveljinga– å påverka sjølve viljen til å stilla til val mellom kvinner. 2. Tiltak retta mot partia og måten rekrutteringa ogutveljinga av kandidatar til listene skjer på, spesielt kven som vert valde til å stå på topp på listene. 3. Tiltak retta mot arbeidsvilkåra til dei folkevalde representantane. Under dette punktet inngår mellom anna tiltak retta mot å ta betre vare på nye kvinner i lokalpolitikken, forbetringar når det gjeld partikultur og partiretorikk, barnepassordningar og måten kommunestyremøta er organiserte på. 4. Tiltak retta mot å setja i verk forbetringar i forholdet mellom lokalmedia og lokalpolitikk. Meininga med desse er at kvinnelege lokalpolitikarar skal verta meir synlege i lokalmedia – på lik line med menn, og at kommunikasjonen mellom representant og veljar generelt vert understøtta av lokalmedia.

Kommunane vil setja i verk ei blanding av desse typane tiltak. Kommunane har tyngdepunktet på ulike tiltakstypar. På den måten får ein prøvd ut ei rekkje tiltakspakkar med ulike profilar i ulike kommunar. Departementet vil binda saman satsinga gjennom å arrangera samlingar der alle «utstillingsvindaugekommunane» kan møtast for å inspirera, stø og læra av kvarandre undervegs i arbeidet.

Heile satsinga vert evaluert av forskarar frå Rokkansenteret med tanke på å spreia gode erfaringar til resten av kommunane i landet.

Ringkjøb og Aars 2008, har i ein analyse av kjønnssamansetjinga av alle kommunestyra frå og med 1995-valet og til med 2003-valet, vist at det mellom anna finst èi gruppe kommunar som i heile denne tidsperioden har hatt relativt låg kvinnerepresentasjon. Erfaringane frå utstillingskommunane kan brukast til å få fram fleire kvinnelege politikarar i dei partigruppene og kommunestyra som strever med det.

Satsinga Utstillingsvindauge for kvinner i lokalpolitikken, vil saman med informasjonsopplegget til alle lokalpartia føre lokalvalet i 2011, vera viktig for å nå fram til ein betre kjønnsbalanse i lokalpolitikken.

5.6 Partia i lokalpolitikken

Politiske parti har ei sentral rolle i det politiske liv i kommunane. Dei utgjer eit bindeledd mellom innbyggjarane og kommunen. Lokaldemokratikommisjonen seier at partia utgjer grunnsteinane i det representative demokratiet både nasjonalt og lokalt og at dei er sentrale arenaer for politisk deltaking. Partia blir sett på som ein føresetnad for eit velfungerande demokrati. I det representative demokratiet er det partia som står for rekrutteringa av representantar til kommunestyre og fylkesting. Partia kan også oppfattast som ein kanal for innverknad for den enkelte borgar. Gjennom å melda seg inn i partia vil borgarane kunne vera med i større grad å påverka politikk og kven som skal representera innbyggjarane i kommunestyret og fylkestinget. Partia lokalt utgjer såleis også ei kontaktflate mellom innbyggjarane og dei bestemmande organa i kommunen.

Ein kan skilja mellom partia på lokalt og sentralt nivå. I regelen er dei lokale partia ein del av ein nasjonal partiorganisasjon. I stor grad vil rekrutteringa til partiorganisasjonen gå gjennom lokallaget. Såleis kan den lokale partiorganisasjonen oppfattast både som kanal inn i rikspolitikken og som kanal for å påverka lokale saker i lokalpolitikken. Partia er med andre ord eit viktig bindeledd mellom lokal politikk og nasjonal politikk. I lokalpolitikken står dei gjerne for ein politikk som er tilpassa lokale forhold og aktuelle saker lokalt. Men dette vil kunna variera med parti. Ulike nasjonale parti kan ha ulike strategiar for korleis lokalpartiet skal kunna tilpassa seg lokale forhold til dømes i høve til om ein skal inngå i samarbeidskonstellasjon med andre parti eller i kva grad lokalpartia kan føra ein politikk som eit stykke på veg går på tvers av det nasjonale partiprogrammet.

Lokaldemokratikommisjonen peikar på at det har vore ein gjennomgangstone at partia slit. Dette viser seg best igjen i nedgangen i medlemstala. I 1980 hadde partia som er representerte i Stortinget til saman 461 000 medlemmar. I 2004 var talet kome ned på 187 654 (NOU 2006:7). Eit anna trekk kommisjonen tek opp er at partia slit med ein aldrande medlemsmasse. Utviklinga tyder på at nyrekrutteringa til partia eit stykke på veg har stoppa opp. Lokaldemokratikommisjonen peikar også på lågare partiaktivitet i lokalpartia. Det har blitt færre møte, færre som stiller på møta, færre tillitsvalde og mindre vekt på organisasjonsarbeid framfor arbeid i folkevalde kommunale organ (Offerdal og Ringkjøb 2002). Ringkjøb (2004) peikar også på ei rasjonalisering av arbeidet i partia ved at medlems-, styre- og gruppemøte vert slått saman.

Konsekvensane av denne utviklinga er fleire. Ein konsekvens er at kontaktflata mellom innbyggjarane og dei som involverer seg i lokalpolitikken gjennom partia blir mindre. Dette kan vera noko av forklaringa på at fleire engasjerer seg gjennom andre kanalar enn den representative for å få fram interessene sine i lokalpolitikken slik det vert vist i kap 6.

Ein anna konsekvens har vore problem mange har rapportert om med å rekruttera nok kandidatar til partilistene ved lokalval (Aars 1997, Ringkjøb 1997, Rasmussen 1993, Offerdal 1991). Analysar etter kommunevalet i 2003 viste ei anna utvikling, der problema kunne sjå ut til å minka (Christensen m.fl. 2004). Ingen parti rapporterte om store rekrutteringsvanskar. Noko av grunnen til denne snunaden er å finna i ei endra vallov, der krava til talet på listekandidatar er blitt redusert.

Ein tredje konsekvens som lokaldemokratikommisjonen peikar på, er at færre medlemmer fører til at det vert færre til å fylla alle verv internt i partia. Arbeidsoppgåvene i lokalpartia har fungert som opplæring for tillitsverv i folkevalde organ og i partiet på andre nivå. No ser det ut til at dei same personane får ansvaret for fleire og fleire gjeremål. Ikkje sjeldan er det dei same personane som både er i kommunestyret, i den lokale partileiinga og jamvel medlem av ein nominasjonskomité.

Ein fjerde konsekvens som kommisjonen nemner, er at det er få som deltek når partiet skal nominere til vallistene. Det kan vera eit problem for partia sin legitimitet når så få deltek i denne delen av den demokratiske prosessen (Peterson 2000:86)

Lokaldemokratikommisjonen peikar også på liknande forhold i ungdomspartia. Medan ungdomspartia hadde ein medlemsmasse på ca. 44 000 i 1977 har denne blitt redusert til ca. 17 000 i 2004. Dette er eit problem for hovedpartia når ungdomspartia ikkje greier å rekruttera slik dei gjorde før.

Lokaldemokratikommisjonen har likevel ikkje eit udelt negativt syn i forhold til desse utviklingstrekka:

Ein samanfattande konklusjon på utviklinga for partia som deltakingsarena dei siste 10 åra kan vere følgjande: Det går dårleg for partia. Men ein slik konklusjon kan gjere vold på den rolla partia faktisk spelar i lokalpolitikken. Når om lag 70 000 listekandidatar stilte for eit politisk parti ved kommunevalet i 2003, når 95 % av alle kommunestyrerepresentantane vart valt inn på ei partipolitisk valliste og når stadig meir av den offentlege politikken vert sett ut i livet lokalt av lokale partipolitikarar, tyder ikkje det på at lokalpartia er i krise. Vidare er det slik at partia stiller lister i stadig fleire kommunar (Bjørklund 2005:203). Kanskje bør det einsidige negative biletet av partia i lokalpolitikken nyanserast. For om partia og lokaldemokratiet er i krise, vil vere avhengig av kva som vert oppfatta som eit tilfredsstillande nivå på den politisk deltakinga. Òg, det vil vere avhengig av korleis ein trur at partia faktisk fungerte i «gode gamle dagar».

Departementet seier seg samd med lokaldemokratikommisjonen når den utrykkjer at «dei politiske partia er grunnpilarane i det representative demokratiet». Departementet deler også den uroa kommisjonen gir uttrykk for når det gjeld utviklinga med fallande medlemstal og mindre engasjement i dei politiske partia. Dei politiske partia har derfor ei klar eigeninteresse i å ta desse utviklingstrekka alvorleg, og det vil i stor grad vera opp til det enkelte partiet å ta stilling til kva tiltak som skal setjast inn. Partia står fritt til å velje arbeidsmåte og organisasjonsform. Departementet vil oppfordra dei politiske partia til å ta eit endå større ansvar for å engasjera innbyggjarane i partiarbeid. Det vil vera med å tryggja det representative demokratiet også i framtida.

Lokaldemokratikommisjonen meiner det trengst større økonomiske ressursar for å fremja det lokalpolitiske arbeidet, til dømes gjennom auka stemmestøtte til lokale lister og politiske parti. Departementet vil peika på at ordninga for finansiering av politiske parti og folkevalde grupper blei grundig drøfta av Demokratifinansieringsutvalet i NOU 2004:25 Penger teller, men stemmer avgjør. Utvalet var breitt samansett. Alle dei politiske partia på Stortinget var representerte, saman med ein representant frå ei bygdeliste samt ymse forskarar og fagfolk. På bakgrunn av denne innstillinga fremja det dåverande Moderniseringsdepartementet eit lovframlegg der offentleg støtte til politiske parti og folkevalde grupper på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå blei regulert i ei ny lov, partilova (Ot.prp. nr. 84 (2004 – 2005).

Støtta til dei politiske partia sine ulike ledd på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå er framleis ei statleg fastsett støtteordning som berre gjeld for registrerte politiske parti. Med den nye partilova vart den tidlegare øyremerkte statlege støtteordninga til lokale folkevalde grupper innlemma i dei frie inntektene til kommunane. Dette inneber at kommunestyra og fylkestinga no sjølve kan vurdera storleiken og innrettinga på denne støtta. Lova stiller krav om at støtta skal fordelast i høve til oppslutninga dei ulike gruppene fekk ved valet, og registrerte og uregistrert grupper skal handsamast likt.

Kommunestyra og fylkestinga skal fordela knappe gode og må gjera vanskelege økonomiske og ressursmessige prioriteringar. I debatten er det viktig ikkje å gløyma kor viktig det er at også det folkevalde nivået får ressursar som gjer at dei kan løysa oppgåvene sine på ein god måte. Kommunestyra og fylkestinga bør såleis vera påpasselege med å vedta støtteordningar på eit nivå som sikrar dette omsynet, både for dei større og dei mindre gruppene. Kommunal- og regionalministeren varsla i kommuneproposisjonen 2009 (St.prp. nr. 57 (2007 – 2008) pkt. 15.6.5) at ho vil senda eit brev til kommunane og fylkeskommunane og streka under kor viktig det er for lokaldemokratiet at dei folkevalde gruppene får støtte slik som partilova føreset.

Departementet har elles motteke signal som gjer at vi vil vurdera å sjå nærare på dei økonomiske ordningane for lokalleddet i partia.

5.7 Lokale lister

Lokale lister er nemninga på lister som ikkje berre går ut frå eit eller fleire registrert(e) politisk parti, og som i regelen har ei klår og lokal avgrensing. Slike lister har lenge vore eit fast innslag i lokalpolitikken i Noreg. Rolla deira har likevel vorte noko svekka over tid av di dei riksdekkjande partia også har fått ei dominerande rolle lokalt. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser like fullt at over 180 lokale lister deltok ved kommunestyrevalet i 2007. Dei fleste av desse listene (over 90 %) vart representerte i kommunestyret. Etter valet i 2007 fekk desse listene ordføraren i 27 kommunar. Listene utgjer ein kontinuitet i lokalpolitikken. 70 prosent av dei lokale listene som stilte til val ved lokalvalet i 2007 stilte til val også i 2003 (Ringkjøb og Aars 2007b). Ringkjøb og Aars (ibid.) peikar på at der det vert stilt lokale lister er valdeltakinga også jamt over høgare.

Krava til talet på underskrifter på listeforslag ved val er forskjellige alt etter om det er eit registrert politisk parti eller lokale grupperingar som står bak forslaget. Registrerte politiske parti som fekk anten 500 røyster i eit fylke eller 5 000 røyster i heile landet ved førre stortingsval, treng ikkje å samla inn underskrifter. Desse partia kan levera inn listeframlegg etter forenkla reglar i vallova § 6 – 3 første ledd. Det er tilstrekkeleg at listeforlaget vert underskrive av to styremedlemmer i styret til lokalavdelinga i den kommunen lista gjeld.

For andre grupper gjeld følgjande reglar (vallova § 6 – 3 andre ledd):

  1. Stortings- og fylkestingsval: listeforslaget må vera underskrive av minst 500 personar med røysterett i fylket.

  2. Kommunestyreval: listeforslaget må vera underskrive av minst to prosent av dei røysteføre ved siste kommunestyreval. 300 underskrifter er alltid nok.

Dette inneber at innbyggjarar som ønskjer å stilla til val på ei lokal liste må samla underskrifter frå personar som utgjer minst to prosent av dei røysteføre ved førre kommunestyreval. 300 underskrifter er i alle tilfelle nok. Eit anna minstekrav er at talet på underskrifter må vera større enn talet på kommunestyremedlemer i kommunen. Lokale lister må samla saman underskrifter før kvart val, sjølv om dei har vore representerte i kommunestyret den siste valperioden.

Både politiske parti og andre grupperingar kan registrera seg i Partiregisteret. Krav til registrering er mellom anna at det vert levert inn erklæring frå minst 5000 personar med røysterett ved stortingsval om at dei ønskjer partiet/gruppa registrert som politisk parti. Regelen i vallova § 6 – 3 første ledd om krav til røyster ved førre stortingsval, tyder likevel at sjølv om lokale lister ved kommunestyreval kan registrere seg i Partiregisteret, vil dei i realiteten ikkje kunna fylla kravet om oppslutning ved stortingsvalet.

Fleirtalet i Lokaldemokratikommisjonen meiner at dei gjeldande reglane i hovudsak bør vidareførast. Dei meiner likevel at lokale lister som er representerte i kommunestyret, ikkje skal måtta samla inn underskrifter ved neste val. Kommisjonen seier at lokale lister då vil kunna stilla til val ut frå dei same reglane som gjeld for registrerte politiske parti.

Det er likevel nokre forskjellar mellom dei to situasjonane som gjer at dei ikkje heilt kan samanliknast. For det første må politiske parti samle inn minst 5000 underskrifter for å verta registrert i registeret. For det andre må dei, når listeforslag skal leverast inn, kunna visa til at partiet fekk ein viss del røyster ved stortingsvalet.

Vi har i dag eit system med registrering av dei politiske parti som gjer det mogleg å løysa lokal usemje om retten til å stilla liste i dei registrerte politiske partia. Her har det tidlegare vore fleire til dels svært vanskelege konfliktar. Når det gjeld lokale lister, har ein ikkje ei etablert ordning som kan løysa usemje når det gjeld retten til å stilla liste.

Dersom ein på eit rimeleg vis skal løysa dei problema som kan oppstå ved usemje om rett til namn og kven som representerer ei lokal liste, meiner departementet ei form for registrering vil vera naudsynt. Ein føresetnad for dette er ei noko fastare organisatorisk form, noko mange lokale lister manglar. I praksis vil ikkje ei ordning der retten til lista sitt namn vert gjeven til dei som er representerte i kommunestyret, vera tilstrekkeleg. Allereie i dag er det i ein del kommunar strid om «retten» til slike lister. Departementet ser det ikkje som aktuelt å leggja fram forslag til reglar som inneber å gripa inn i korleis dei lokale listene skal organisera seg. Listene er lokale, og det er såleis heller ikkje mogleg å få eit overordna organ til å løysa eventuell usemje som måtte oppstå lokalt. Dette inneber at slik usemje ikkje kan løysast på ein enkel måte av valstyresmaktene, slik det kan for registrerte politiske parti.

Dersom det skal innførast endra registreringsreglar for lokale lister ved kommunestyreval, bør det dessutan vurderast om det bør gjelda tilsvarande for eventuelle lister ved stortings- og fylkestingsval.

Det er departementet si vurdering at dei gjeldande reglane om underskrifter for å kunna stilla liste fungerar bra. Når det er lokale saker som skaper lokal strid, er det rom for politisk uavhengige grupper til å organisera lokale lister. Forskinga på dette feltet tyder ikkje på at det er noko stort hinder for desse listene at dei må samla tilstrekkeleg med underskrifter før dei stiller til val. I dei fleste tilfella vil dette sannsynlegvis vera lister som mobiliserer på enkeltsaker som bør kunna la seg løysa innan utgangen av ein valperiode. Lokale lister vert gjerne organiserte rundt ei eller eit avgrensa tal enkeltsaker utan forankring i nokon heilskapleg ideologi for samfunnsutviklinga. Dette kan tilseia noko andre krav til underskrifter ved innlevering av listeforslag enn dei som gjeld for registrerte politiske parti.

Dersom desse politisk uavhengige gruppene meiner det er trong for å halda fram verksemda inn i den neste valperioden, bør dei kunna greia å synleggjera dette behovet gjennom å samla støtte i form av eit tilstrekkeleg tal underskrifter mellom innbyggjarane. Mange grupperingar som står bak slike lister har også høve til å registrera seg i partiregisteret etter dei same reglane. Dersom dei registrerer seg, og får ein viss del røyster ved stortingsvalet, vil dei kunna levera lister etter forenkla reglar utan å samla inn underskrifter.

Departementet kjem ikkje til å gjera framlegg om å endra reglane for talet på underskrifter på listeforslag frå grupper som leverer lokale lister.

5.8 Oppsummering

Det representative demokratiet utgjer kjernen i det norske folkestyret. Derfor bør valdeltakinga generelt sett vera høg, og veljargrupper i alle lag av folket bør deltaka i størst mogleg grad. Av same grunn meiner regjeringa at det òg er viktig at representativiteten i dei folkevalde organa vert godt ivareteken. Mangfald av oppfatningar er viktig for politikken.

Val og valdeltaking

Det er ikkje eintydige faktorar som påverkar valdeltakinga. Det vert gjort framlegg om følgjande:

  • at kommunane sjølve kan utvida opningstidene i vallokala til klokka 21 på kvelden, mot klokka 20 i dag.

  • at kommunen må utvida opningstidene i vallokala til klokka 21 på valdagen (måndag) viss minst ein tredel av representantane i eit kommunestyre ønskjer det.

  • at viss eit mindretal på minst ein tredel i eit kommunestyre ønskjer det, må kommunen gjennomføra todagarsval.

  • at det vert forsøk med røysterett for 16-åringar ved kommunestyreval i nokre få einskildkommunar.

  • at dei som ikkje har høve til å røysta i den ordinære førehandsrøystingsperioden, kan venda seg til kommunen sin for å få røysta i ein periode før den ordinære førehandsrøystinga byrjar.

  • Vidare vil ein oppmoda kommunane til å halda fram med det gode arbeidet som i dag vert gjort med å gjera vallokala best mogleg tilgjengelege for alle.

  • Departementet vil i samband med neste val oppmoda kommunane om å halda laurdagsope og langope i fleire dagar i slutten av førehandsrøysteperioden.

  • Departementet vil etter valet i 2009 vurdera om det er naudsynt med sterkare føringar på kvar og når det skal vera mogleg å førehandsrøysta.

  • Departementet vil òg halda fram med det målretta informasjonsarbeidet som vart gjort før valet i 2007.

  • Fram mot 2011 vil departementet òg arbeida fram ei løysing for forsøk med elektronisk røystegjeving.

Representativitet

Kommunestyra er i dag ikkje samansette slik at dei speglar samansetjinga av innbyggjarane. Regjeringa er oppteken av å gjera kommunestyra meir representative.

  • Kommunal- og regionaldepartementet vil i god tid før nominasjonsprosessane til kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2011 utarbeida eit informasjonsopplegg for å auka medvitet om korleis representativiteten kan verta betre.

  • Det vert ikkje fremja forslag om å lovfesta kjønnskvotering på partia sine vallister til kommunestyre og fylkesting.

  • Tiltaket Utstillingsvindauge for kvinner i lokalpolitikken» varer til lokalvalet i 2011. Prosjektkommunane i tiltaket vil stå som døme for andre kommunar som vil arbeida for å styrkja kvinnerepresentasjonen i kommunestyret.

  • Departementet har elles motteke signal som gjer at vi vil vurdera å sjå nærare på dei økonomiske ordningane for lokalleddet i partia.

Fotnotar

1.

Tala er baserte på undersøkingar for kvart enkelt val, som så er slått saman. Dei som røyster er i røynda noko overrepresenterte i kvar av undersøkingane. Dei vil dermed òg vera overrepresenterte når ein slår saman fleire undersøkingar. Sjølv om tala vert vekta mot den faktiske valdeltakinga i det einskilte valet, lèt det seg ikkje gjera for fleire val sett under eitt.

2.

Mediankommunen for innbyggjartalet er den kommunen som kjem på midten når ein rangerer kommunane etter innbyggjartal.

3.

Statistisk sentralbyrå, http://www.ssb.no/emner/00/01/20/kommvalg/tab-2004-04-05-01.html

4.

Kjelde: NSD, jf. http://samfunnsveven.no/resultat/land/landsoversikt.html

5.

NOU 2006:7, tabell 3.9.

6.

36 prosent blant kvinnene seier seg viljuge til å ta på seg verv, mot 64 prosent mellom mennene (NOU 2006:7, tabell 3.9).

7.

Sjølv om desse røynslene er er basert på kjønnskvotering ved lov, vil mykje av kunnskapen gjelda for bruk av kjønnskvotering generelt.

8.

Jf. Christensen m.fl. 2004: 58: Ny personvalgordning og hva så? En analyse av kommune- og fylkestingsvalget i 2003.

9.

Jf. Ringkjøb og Aars 2008:10: Får vi også være med? Om kvinner i norsk lokalpolitikk.

Til forsida