St.meld. nr. 33 (2007-2008)

Eit sterkt lokaldemokrati

Til innhaldsliste

9 Økonomiske og administrative konsekvensar

Denne stortingsmeldinga skildrar og drøftar korleis lokaldemokratiet fungerer i dag, og kva handlingsrom dei einskilde kommunestyra og fylkestinga har. Vidare legg meldinga vekt på å gjera framlegg om ulike tiltak som kan styrkja det lokale folkestyret i Noreg.

Dei ulike framlegga i meldinga har samla sett små økonomiske og administrative konsekvensar, og vert dekte innanfor dei gjeldande budsjettrammene til departementet og kommunesektoren. Dei sentrale framlegga er lista opp nedanfor i lag med vurderingar av økonomiske og administrative følgjer for kommunane og fylkeskommunane. Andre framlegg som er omtalte i denne meldinga, vil ikkje føra til nemnande økonomiske og administrative konsekvensar.

Forsøk med røysterett for 16-åringar

Forsøk med røysterett for 16-åringar vil ha avgrensa administrative og økonomiske konsekvensar for både forsøkskommunane og staten. Det vil vera friviljug å gjennomføra forsøk med røysterett for 16-åringar. Kommunane må sjølve dekkja dei meirutgiftene slike forsøk vil føra med seg. På statleg hald kan dei auka utgiftene dekkjast innanfor gjeldande budsjettrammer. Dette omfattar òg ei sentral evaluering av forsøka.

Todagars val dersom eit mindretal i kommunestyret krev det

Framlegget inneber at eit mindretal i kommunestyret skal kunna krevja at det vert halde val i kommunen sundagen før valdagen (todagars val). Det å halda vallokala ope to dagar i staden for ein dag, vil kunna ha monalege økonomiske og administrative konsekvensar for kommunane. Det skal framleis vera friviljug for kommunane å ha todagars val, og det er kommunane som sjølve eventuelt vedtek å avvikla val over to dagar. Kommunane vil òg måtta bera dei auka utgiftene eit vedtak om å halda val i to dagar vil føra med seg.

Utvida opningstid i vallokala

Det vert gjort framlegg om at det vert mogleg for kommunane å vedta å halda vallokala opne til klokka 21. Det vert òg gjort framlegg om at vallova bør endrast slik at vallokala må halda ope til klokka 21 dersom minst ein tredel av kommunestyrerepresentantane krev det. Vedtak om utvida opningstid vil kunna ha økonomiske og administrative konsekvensar for kommunane. Det vil likevel vera kommunane sjølve som eventuelt vedtek å utvida opningstida. Kommunane vil måtta bera dei auka utgiftene dette vil føra med seg. Det er ikkje grunn til å venta at desse utgiftene vert særskilt store.

Kvalifisert fleirtal for å endra talet på kommunestyre- og fylkestingsrepresentantar

Framlegget om å innføra kvalifisert fleirtal for å endra talet på kommunestyre- og fylkestingsrepresentantar inneber ikkje særskilde økonomiske eller administrative konsekvensar. Det vil framleis vera friviljug å endra talet på representantar i kommunestyra og fylkestinga. Nett som i dag må kommunane og fylkeskommunane sjølve dekkja dei eventuelle meirutgifter ei slik endring vil føra med seg, men barrierane mot endring aukar, slik at sannsynet for meirutgifter minskar. På den andre sida aukar òg barrierane mot å redusera talet på kommunestyrerepresentantar for å oppnå innsparingar. Etter departementet sitt syn vil det imidlertid vera særs uheldig om eit kommunestyre vel å redusera sin eigen storleik for å redusera kostnader. På statleg hald har framlegget verken administrative eller økonomiske konsekvensar.

Kodifisering av gjeldande rett vedrørande innstilling til kommunestyret og andre folkevalde organ

Framlegget inneber kodifisering av gjeldande rett, og har ikkje spesielle økonomiske og administrative konsekvensar for staten. Det vil heller ikkje påføra kommunane eller fylkeskommunane særskilde meirkostnader.

Nytt delegasjonsreglement i kvar valperiode

I meldinga gjer departementet framlegg om å lovfesta krav om at kommunestyret/fylkestinget i kvar valperiode skal vedta nytt reglement for delegasjon til administrasjonen og andre organ i kommunen. Framlegget inneber ingen spesielle økonomiske og administrative konsekvensar for staten, og vil heller ikkje påføra kommunane eller fylkeskommunane særskilde meirkostnader.

Til forsida