St.meld. nr. 38 (2002-2003)

Den kulturelle skulesekken

Til innhaldsliste

2 Samandrag

2.1 Innleiing

På basis av Dokument nr. 8:16 (2001-2002) og Innst. O. nr. 44 (2001-2002) har Odelstinget 21. mai 2002 vedteke endringar i lov om pengespel av 28. august 1992 nr. 103 § 10. Dette inneber m.a. at frå og med 2003 og i åra framover vil det bli øyremerkt spelemidlar til profesjonell kulturformidling til born i grunnskulen og eit utvida samarbeid mellom skule og kultur gjennom Den kulturelle skulesekken. Midlane vil bli fordelte i kgl. res. kvart år etter at rekneskapen for Norsk Tipping er godkjend. I 2003 er avsetninga til Den kulturelle skulesekken 60 mill. kroner. Gjennom ein opptrappingsperiode vil denne summen kunne auke til om lag 120 mill. kroner i 2004 og 180 mill. kroner i 2005.

Denne meldinga set satsinga på Den kulturelle skulesekken inn i eksisterande rammer for kunst- og kulturformidling til born og unge i kunst- og kulturinstitusjonane og gjer greie for det arbeidet som vert gjort på dei ulike forvaltingsnivåa lokalt, regionalt og nasjonalt. Meldinga gjev også eit bilete av ein del av dei utfordringane som både kultur- og skulesida står overfor med omsyn til å etablere visjonar for ein langsiktig og målretta integrasjon av kunst- og kulturressursar i grunnskulen sett i samanheng med gjeldande læreplanverk. I meldinga vert det gjort greie for korleis midlane til Den kulturelle skulesekken vert brukte i 2003, og korleis ordninga er tenkt innretta i åra framover.

Den kulturelle skulesekken er ei viktig kulturpolitisk satsing, som har som sitt fremste mål å gje born i grunnskulen ein kulturell kapital og ein kulturell kompetanse som vil gjere dei betre i stand til å møte utfordringane i samfunnet. Kunnskap om og forståing for kunst og kultur er viktig og grunnleggjande kunnskap som det er viktig at born og unge får med seg.

Utviklinga av Den kulturelle skulesekken i åra framover vil måtte innebere at skulane og kommunane må tenkje gjennom kva kunst og kultur kan og skal ha å seie for den enkelte elev i grunnskulen, og korleis ein ynskjer å integrere kunst- og kulturressursar i skulekvardagen. Det inneber også at kultursida må arbeide målretta med korleis ein best kan formidle kunst og kultur til elevar i grunnskulen, og korleis ein best mogleg kan skape forståing og glede ved den profesjonelle kunsten hos born og unge. I ei slik satsing vil det vere svært viktig å utvikle møteplassar og nettverk for eit utvida samarbeid mellom skule og kultur, samstundes som ein må arbeide saman om å nå felles mål for satsinga. Dette vil vere viktige utfordringar både på lokalt, regionalt og nasjonalt plan.

2.2 Den kulturelle skulesekken – bakgrunn, verdiar og målsetjingar

Meldinga tek først føre seg bakgrunnen for og verdiar og målsetjingar med Den kulturelle skulesekken. Bakgrunnen vert skildra gjennom det arbeidet som sidan byrjinga av 1990-talet er gjort i fleire kommunar og fylkeskommunar for å etablere ei heilskapleg kunst- og kulturformidling i grunnskulen. Dette arbeidet vert sett i samanheng med dei politiske signala som kom til uttrykk gjennom handlingsplanen Broen og den blå hesten frå 1996 og Læreplanverket for den 10-årige grunnskulen frå 1997.

Det vert vidare gjort greie for den nasjonale satsinga på Den kulturelle skulesekken frå 2001 og løyvingane til føremålet over statsbudsjettet i perioden 2001–2003. Desse løyvingane kom som eit tillegg til eksisterande løyvingar til institusjonar og tiltak som arbeider med kunst- og kulturformidling til born og unge både i og utanfor skuletida. Midlane har gjeve grunnlag for å stimulere til aktivitet over heile landet og setje i gang eit knippe pilot- og samarbeidsprosjekt mellom kultur og skule, forankra i læreplanverket.

I utviklinga av Den kulturelle skulesekken framover vert det lagt vekt på å framheve kulturen sin eigenverdi. Meldinga strekar under at både tilbodet til skulane og dei samarbeidsprosjekta mellom skule og kultur som etterkvart kjem i gang, må spegle det kulturelle mangfaldet i Noreg.

Dei overordna målsetjingane med Den kulturelle skulesekken er

  • å medverke til at elevar i grunnskulen får eit profesjonelt kulturtilbod

  • å leggje til rette for at elevar i grunnskulen skal få tilgang til, gjere seg kjende med og få eit positivt forhold til kunst- og kulturuttrykk av alle slag

  • å medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål.

Den kulturelle skulesekken skal vere forankra i den generelle delen av læreplanen for grunnskulen og byggje opp under dei pedagogiske målsetjingane i skulen.

2.3 Innhaldet i Den kulturelle skulesekken

Det er eit stort utviklingspotensial i formidlinga av musikk, visuell kunst, scenekunst, litteratur og bibliotek, kulturarv og kulturminne og film til born og unge. Mange aktørar kan i framtida i større grad medverke til å fylle Den kulturelle skulesekken og samarbeide med skuleverket på ymse vis. Dette krev initiativ og fantasi både i skulesektoren, kultursektoren og i dei kommunale og fylkeskommunale forvaltingsorgana. Det krev også ei statusheving av kunst- og kulturformidlinga til born og unge.

Innanfor musikkfeltet er det ei utfordring å sikre alle skular som ynskjer det gode møte med musikarar på høgt nivå og innanfor eit mangfald av sjangrar.

Det er vidare ei utfordring å lyfte fram den visuelle kunsten i Den kulturelle skulesekken på landsbasis og styrkje formidlinga av samtidskunst, design og arkitektur i det lokale og regionale arbeidet med Den kulturelle skulesekken.

På scenekunstfeltet er hovudutfordringa å få til eit meir differensiert tilbod til born og unge, i tillegg til å oppnå ein reell auke i talet på produksjonar tilrettelagde for turné. Det er også viktig at institusjonane legg til rette for at elevane kan kome til teatret i skuletida.

På litteraturfeltet er det ei utfordring å inspirere born og unge til å lese og å medverke til å realisere gode prosjekt og tiltak knytte til auka leselyst. Det er ei utfordring å styrkje samarbeidsstrukturane mellom folkebibliotek og skulebibliotek og finne måtar for overføring av kunnskap og kompetanse som er opparbeidd gjennom ei rekkje lokale leselystprosjekt av ulik art.

På museumsfeltet er det ei utfordring å heve formidlingskompetansen og kjennskapen til L97. Det er vidare ei utfordring å skape samarbeidsrelasjonar med kulturminnevernet og lokale lag og foreiningar på kulturminneområdet.

På filmfeltet er det utfordringar knytte til å auke kunnskapen og haldninga til film som uttrykksform og kunstform og la born og unge bruke film som uttrykksmiddel for eigen aktivitet.

For å kunne skape eit godt innhald i Den kulturelle skulesekken og for å sikre at Den kulturelle skulesekken vil gje gode møte mellom kunstnar og elev, må produsentar og formidlarar over heile landet arbeide målretta med nye metodar og ny formidling. Innanfor alle kunst- og kulturuttrykka ligg det eit stort potensial i å utvikle meir dialogbaserte formidlingsmetodar og tilbod som i større grad aktiviserer og inkluderer elevane i formidlingsarbeidet. Det er viktig å leggje til rette for føre- og etterarbeid i skulen. I denne samanhengen vil det vere naudsynt å leggje større vekt på kompetanseutvikling, kurs og etterutdanningstilbod, og spreiing av kunnskap og røynsler til andre.

Ei utfordring i arbeidet med Den kulturelle skulesekken er utviklinga av dei formidlingsordningane som har ambisjonar om landsomfattande virke, som får direkte tilskot over statsbudsjettet, og som kommunane betaler relativt lite for å nyte godt av. Døme er Rikskonsertane, Riksutstillingar, Norsk Scenekunstbruk og Norsk Forfattarsentrum. Desse er ulikt bygde opp, men ordningane er vesentlege delar av den sikringskosten som fylkeskommunane i dag arbeider med å gje til alle kommunane i fylka, og er såleis etterspurde i samband med utviklinga av skulesekken. Dersom ein ikkje kan nytte spelemidlar for å styrkje desse ordningane i tida framover, vil det verte vanskeleg å sikre alle elevar i landet eit fast tilbod av høg kvalitet gjennom desse ordningane.

2.4 Modellar for samarbeid skule – kultur

Utviklinga av Den kulturelle skulesekken framover vil krevje eit godt samarbeid mellom kommunenivået og det regionale nivået gjennom fylkeskommunen og fylkesmannen si utdanningsavdeling. Det vil vere svært viktig å etablere ei arbeidsdeling mellom skule- og kultursida på kommunalt og regionalt nivå. Det er også viktig å forme ein visjon for utviklinga av skulesekken i fylket og i kommunen som tek vare på dei overordna målsetjingane med tiltaket.

I meldinga vert fem fylkesmodellar og tre kommunemodellar presenterte. Møre og Romsdal, Hedmark, Oppland og Vestfold er mellom dei fylka som har arbeidd lengst og mest målretta med utviklinga av ein sikringskost eller eit basistilbod i Den kulturelle skulesekken, og som etterkvart har utvida engasjementet til å stimulere til kommunal innsats for å forankre skulesekken i lokalmiljøet og ved den enkelte skulen. Sogn og Fjordane har færre år bak seg med Den kulturelle skulesekken, men har i løpet av kort tid kome langt med dette arbeidet. I Sogn og Fjordane er det også under utprøving ein eigen interkommunal samarbeidsmodell mellom sju kommunar i Nordfjord. Desse kommunane har lagt grunnlaget for eit samarbeid om utviklinga av Den kulturelle skulesekken gjennom eit felles manifest og ei løyving per elev til tiltaket.

På kommunalt nivå skjer det i dag ei bevisstgjering av kva Den kulturelle skulesekken kan ha å seie for den enkelte kommune og skule. Dette er ei positiv utvikling som skapar interaksjon og samarbeid lokalt. I desse prosessane er det viktig at kommunane dannar seg eit bilete av kva ein ynskjer å oppnå og kva prinsipp som skal liggje til grunn for ein integrasjon av kunst- og kultursektoren sine ressursar i grunnskulen. For å vise korleis dette arbeidet foregår i nokre kommunar, er Den kulturelle skulesekken i Sandefjord, Trondheim og i bydel Grefsen-Kjelsås presenterte i meldinga. Det er likevel viktig å understreke at det skjer mykje i ei rekkje andre kommunar og fylke over heile landet.

2.5 Utforminga av Den kulturelle skulesekken

Utforminga av Den kulturelle skulesekken på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå er eit sentralt emne i meldinga. I utarbeidinga av den overordna strategien for utviklinga av Den kulturelle skulesekken er det lagt til grunn som eit heilt sentralt prinsipp at utforminga og utviklinga ikkje skal skje under sterk statleg styring. Fylkeskommunen er tillagd eit stort ansvar for regional samordning av tilboda og for kommunal innsats.

Kultur- og kyrkjeministeren har det politiske ansvaret for å fordele spelemidlar til kulturføremål. Sidan Den kulturelle skulesekken er eit samarbeidsprosjekt mellom kultur og skule, er det lagt vekt på å inkludere skulesida i planlegginga. På nasjonalt plan er det difor oppretta ei styringsgruppe samansett av ein representant for politisk leiing i Kultur- og kyrkjedepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet, og ei fagleg referansegruppe med medlemmer frå både skule- og kultursektoren. Sekretariatet for Den kulturelle skulesekken er lokalisert til ABM-utvikling – Statens senter for arkiv, bibliotek og museum. Sekretariatet skal samarbeide tett med Læringssenteret for å sikre forankring i skuleverket. Det vil dessutan vere eit nært samarbeid mellom ABM-utvikling og Norsk kulturråd i det løpande arbeidet med dette tiltaket. Også andre relevante faginstansar kan trekkjast inn når dette er naudsynt.

Både på fylkesnivå og på kommunenivå vil det vere viktig å arbeide for ei organisering og ei ansvarsdeling som inkluderer både skulesida og kultursida. På fylkesnivået vil utdanningsavdelinga hos fylkesmannen vere ein naturleg samarbeidspartnar for fylkeskommunen, saman med kunst- og kulturinstitusjonar og frie kunstnarar.

På kommunenivå må ein arbeide for å forankre Den kulturelle skulesekken i den enkelte skulen og i lokale kulturinstitusjonar, lag og foreiningar. For å skape lokal eigarskap til Den kulturelle skulesekken må ein skape ein lokal visjon om korleis ein ynskjer at kultur skal inngå i skulen, og korleis ein kan inkludere lokale kunst- og kulturressursar i arbeidet. Utforminga av Den kulturelle skulesekken lokalt må skje ut frå lokale grunnlag og i samspel med det regionale arbeidet som vert lagt til rette på fylkesplanet. Eit godt samarbeid mellom skule- og kultursida vil vere viktig for å lukkast i arbeidet.

2.6 Økonomiske ressursar

Dei økonomiske rammene for Den kulturelle skulesekken i åra som kjem og planar for bruken av midlane, er omtala avslutningsvis i meldinga.

Frå og med 2003 får Den kulturelle skulesekken 60 mill. kroner av avsetninga av overskotet til Norsk Tipping. Dersom prognosane held, vil denne summen kunne auke til 120 mill. kroner i 2004 og 180 mill. kroner i 2005.

I tillegg til dette kan ein også rekne med løyvingar over Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett, jf. kap. 320 post 81, og løyvingar til ymse institusjonar som arbeider med landsomfattande og regional profesjonell kulturformidling til born og unge. På landsbasis vert det også nytta kommunale og fylkeskommunale midlar til kulturformidling i Den kulturelle skulesekken, men departementet har ikkje oversyn over omfanget av dette.

For 2003 er 60 prosent av dei tilgjengelege spelemidlane til Den kulturelle skulesekken fordelt til fylkeskommunane. I 2003 utgjer dette 36 mill. kroner. Departementet har i brev av 26. februar 2003 til fylkeskommunane lagt enkelte overordna føringar på bruken av desse midlane.

Departementet understrekar i brevet at målgruppa for Den kulturelle skulesekken er elevar i grunnskulen. Vidare skal skulesekken vere forankra i den generelle delen av læreplanen for grunnskulen og byggje opp under dei pedagogiske målsetjingane i skulen. På regionalt hald må det etablerast eit samarbeid mellom fylkeskommunane og fylkesmannen si utdanningsavdeling om utviklinga av Den kulturelle skulesekken. Vidare må fylkeskommunen syte for at det ligg føre ein plan for utviklinga av skulesekken, at skulesekken får lokal forankring, og at kommunane får høve til å utvikle eigne initiativ. Løyvingane skal gå til meir kunst og kultur og ikkje til administrasjon. Innhaldet skal inkludere alle kunst- og kulturuttrykka, og eksisterande tiltak og institusjonar bør trekkjast inn. Departementet legg til grunn at ei vidareutvikling og styrking av Den kulturelle skulesekken i åra som kjem, må vurderast i lys av korleis den enkelte fylkeskommunen lukkast med å utvikle planar og tiltak i samsvar med intensjonane og målsetjingane for tiltaket.

Dei resterande 24 mill. kronene til Den kulturelle skulesekken vert i 2003 forvalta av ABM-utvikling og Norsk kulturråd på basis av kriterium fastsette av Kultur- og kyrkjedepartementet etter råd frå styringsgruppa for Den kulturelle skulesekken. Midlane er prosjektmidlar og skal knytast til formidling innanfor definerte satsingsområde.

I 2003 er det avsett prosjektmidlar til følgjande område:

  • 3 mill. kroner til formidling av dei visuelle kunstartane (biletkunst, kunsthandverk, arkitektur og design)

  • 3 mill. kroner til formidling av musikk

  • 5 mill. kroner til produksjon og formidling av scenekunst

  • 5 mill. kroner til prosjekt innan litteraturformidling, stimulering av leselyst og samarbeid mellom folkebibliotek og skulebibliotek

  • 5 mill. kroner til utviklingstiltak og formidlingsverksemd i vitensentra

  • 3 mill. kroner til prosjekt og formidling innanfor kulturarv og kulturminne.

Frå og med 2004 vert det lagt opp til ei særleg satsing på film i Den kulturelle skulesekken.

Avslutningsvis vert det kort drøfta på kva måte departementet ser føre seg utviklinga av Den kulturelle skulesekken framover. I tråd med Stortinget sine føringar om at Den kulturelle skulesekken ikkje skal vere underlagd sterk sentral styring, ser departementet det som lite føremålstenleg å planleggje utviklinga av Den kulturelle skulesekken i detalj. Disposisjonane i 2003 vil difor bli gjenstand for grundig og kontinuerleg vurdering i tida som kjem. Det kan verte naudsynt å revurdere innretningane og vurdere fleire og andre måtar å kanalisere midlane på etter som det viser seg kva satsingar som er vellukka og kva som er mindre vellukka.

Til forsida