St.meld. nr. 38 (2002-2003)

Den kulturelle skulesekken

Til innhaldsliste

4 Status for og utviklingspotensialet i formidlinga av dei ulike kunst- og kulturuttrykka

4.1 Innleiing

På enkelte kunst- og kulturfelt har arbeidet med kulturformidling til born og unge lange røter, og det eksisterer eit breitt tilbod som skulesektoren kan nyttiggjere seg av. Andre felt har færre tradisjonar med formidling til born og unge og skulesektoren og vil ha lenger veg å gå for å etablere heilskaplege tilbod med høg kvalitet.

Med auken i ressursar til Den kulturelle skulesekken i åra framover gjennom avsetning av spelemidlar til føremålet vil det vere naudsynt å sjå dei eksisterande strukturane og tilboda som i dag er retta mot skulen i samanheng med dei auka ressursane. Den kulturelle skulesekken kan difor vanskeleg byggjast opp som ein ny pilar utanom eksisterande aktørar og utan medverknad frå dei kompetansemiljøa på kunst- og kulturfeltet som allereie eksisterer. Dette utelukkar sjølvsagt ikkje at ein i framtida kan verte nøydd til å revurdere dei eksisterande strukturane for kulturformidling, for eventuelt å endre innretningane.

Den kulturelle skulesekken skal først og fremst syte for at det vert lagt til rette for gode møte mellom den enkelte elev og det profesjonelle kulturlivet lokalt og nasjonalt. Dette kan til dømes skje gjennom konsertar, museumsbesøk, framsyningar og møte med forfattarar, men det kan også skje ved ulike arbeidsmåtar der den profesjonelle kunstnaren møter eleven i eit gjensidig fruktbart samarbeid, som også inkluderer for- og etterarbeid ved skulen.

I tillegg kan Den kulturelle skulesekken få ein ekstra dimensjon gjennom kulturelle oppdagingsreiser i lokalmiljøet knytt til dømes til kulturminne, kyrkjebygg og kyrkjekunst, arkitektur og utsmykkingar. Elevdeltaking i formidlingssituasjonen, rettleidd av fagpersonar på dei ulike felta, kan skape stort engasjement og god læring.

Den nye situasjonen vil krevje at aktørar over heile landet må arbeide målretta med metodar for formidling og på den måten skape eit best mogleg innhald i Den kulturelle skulesekken. Det vil også krevje auka fokus på kompetanseutvikling, kurs- og etterutdanningstilbod for både lærarar og kunstnarar.

Dette kapitlet gjev eit oversyn over ein del av dei aktørane som arbeider med formidling av kunst og kultur i tilknyting til Den kulturelle skulesekken, og nokre av dei aktørane som i framtida kan trekkjast med i utviklinga av Den kulturelle skulesekken i kommunane.

Boks 4.1 Fellesrådet for kunstfagene i Skolen

Fellesrådet for kunstfagene i Skolen (FKS) vart stifta i 1994 av fem landslag. I dag er FKS samansett av dei fire landslaga Dans i Skolen, Drama i Skolen, Kunst og Design i Skolen og Medieundervisning i Skolen. Musikk i Skolen er for tida ikkje tilslutta FKS. Over Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett er det i 2003 løyvd kr 3 265 000 til fellesrådet og landslaga.

Fellesrådet og landslaga si verksemd er retta mot skuleverket. Målet er å styrkje kulturtilbodet til elevane i skulen, mellom anna gjennom kursverksemd for å auke lærarane sin kompetanse på dei ulike kulturområda. FKS og laga har fagleg og pedagogisk kompetanse og kan utforme, tilby og arrangere kurs, seminar og konferansar i alle fag for tilsette i skuleverket og i kultursektoren.

4.2 Formidling av musikk og ulike musikkuttrykk

På musikkområdet har ein kome langt i å etablere eit breitt og heilskapleg tilbod til born og ungdom. Opplæring og formidling av profesjonell musikk er viktige verkemiddel i regjeringa si satsing. Musikkfeltet er stort og omfattar ei rekkje ulike sjangrar og miljø som jazz, rock, folkemusikk, klassisk og verdsmusikk. Blandingsformer og crossover-uttrykk fører til at musikken utviklar seg og lever i takt med samfunnet.

Målsetjingar på musikkfeltet er:

  • å gje alle born og unge i landet høve til å oppleve musikk av høg kunstnarisk kvalitet og bli kjende med musikkuttrykk frå mange kulturar

  • å byggje vidare på den kompetansen og dei strukturane som er utvikla gjennom mange år for musikkformidling til born og unge, og som er med på å sikre høg kvalitet og like forhold i heile landet

  • setje i verk forsøk for å utvikle samarbeidet mellom skapande og utøvande musikarar og skuleverket

  • involvere og inkludere flest mogleg musikkinstitusjonar og musikkmiljø i eit heilskapleg og målretta arbeid med å formidle musikk til born og unge

Det finst ei rekkje aktørar på musikkfeltet som i dag anten arbeider særskilt med formidling av musikk til born og unge, eller som i framtida i større grad kan gjere det.

4.2.1 Rikskonsertane og fylkeskommunane si skulekonsertordning

Skulekonsertordninga som er bygd opp sidan starten i 1968, utgjer i dag kjernen i formidlinga frå musikklivet til landets grunnskuleelevar. I løpet av 2003 vert det presentert 235 konsertprogram gjennom meir enn 6500 konsertar for om lag 750 000 elevar på skulane i 366 av Noregs kommunar. Skulekonsertordninga vert gjennomført i eit samarbeid mellom fylkeskommunane, Rikskonsertane og fylkesmannsembetet.

Skulekonsertane vert tekne godt i mot i skulane. Det faglege samarbeidet som er utvikla mellom Rikskonsertane og fylkeskommunane, vert vurdert som effektivt og medverkar til å byggje formidlingskompetanse over heile landet.

Fylkeskommunane har produksjonsansvaret for om lag 60 prosent av skulekonsertane, medan resten vert laga av Rikskonsertane. Rikskonsertane har òg det overordna ansvaret for samordning, med å sikre at ordninga gjev eit likeverdig tilbod for elevar i alle delar av landet, og at tilbodet er i samsvar med kultur- og utdanningspolitiske mål.

Utdanningsavdelinga ved fylkesmannsembetet deltek både når det gjeld den konkrete turnélegginga regionalt og for å sikre at skulekonsertordninga fungerer i tråd med utdanningspolitiske mål for skulen og skulen sine planverk.

Ordninga byggjer på at kommunane abonnerer på konsertar. Alle grunnskuleelevane i dei kommunane som er med i ordninga, får to konsertar per år på alle klassetrinn. Kommunane betaler kr 9 per konsert per elev. Desse midlane vert overførte til dei respektive fylkeskommunane til styrking av musikklivet i fylket med særleg vekt på born og unge. Skulekonsertordninga vert finansiert over Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett via Rikskonsertane.

Av dei kommunane som ikkje er med i ordninga per mai 2003, står 46 kommunar med om lag 150 000 elevar på venteliste etter å ha søkt om å få vere med. Nokre av dei har stått på venteliste sidan 1996, og fleire av dei er store bykommunar, jf. vedlegg.

For å innlemme dei kommunane som i dag står på venteliste for å motta skulekonsertar, vil det vere trong for om lag 18 mill. kroner i auka løyvingar til skulekonsertordninga med dagens organisering og finansieringsmodell. Dersom det vert lagt til grunn at ein ikkje kan nytte spelemidlar frå Den kulturelle skulesekken til å trappe opp tilbodet, kan det verte vanskeleg å oppnå full dekning i overskodeleg framtid.

Figur 4.1 Solo Cissokho formidlar afrikansk musikk for elevar ved Uranienborg
 skule i Oslo.

Figur 4.1 Solo Cissokho formidlar afrikansk musikk for elevar ved Uranienborg skule i Oslo.

Foto: Stein Bjørge

4.2.2 Musikkinstitusjonar og skapande musikarar

Musikkinstitusjonar som får fast statleg støtte, har plikt til å produsere framsyningar for born og unge. Dei fagmiljøa, mellom anna symfoniorkestra, som arbeider uavhengig av Rikskonsertane, er også viktige i utviklinga av Den kulturelle skulesekken. Det er dessutan eit stort potensial for auka samarbeid mellom desse aktørane og Rikskonsertane.

Orkestra har særlege produksjonar for born og unge, mellom anna konsertar i samarbeid med skular, organisasjonar og regionale styresmakter. Konsertar for born og unge utgjorde om lag 30 prosent av orkesterselskapa sine totale konserttilbod i 2001.

Også skapande kunstnarar kan vere viktige ressursar i Den kulturelle skulesekken framover. Komponistar over heile landet kan trekkjast aktivt med i skulesekken gjennom formidling av ny musikk. Komponistar kan til dømes utarbeide formidlingsopplegg basert på workshops til bruk i Den kulturelle skulesekken.

4.2.3 Lokale musikkressursar

Mange stader har det utvikla seg spennande miljø knytt til ymse festivalar. Nokre festivalar har også tilbod til born og unge, og enkelte har også ein aktivitet som strekkjer seg over heile året. Det friviljuge musikklivet lokalt omfattar mellom anna folkemusikkgrupper, korps og kor, band og musikarar knytte til kyrkja. Dei ressursane som miljøa kring festivalane og det friviljuge musikklivet representerer, kan på ymse vis nyttast i utviklinga av skulesekken på lokalt og regionalt nivå.

Den kommunale musikk- og kulturskulen , tidlegare musikkskulen, har ei vel 30 år gammal historie i Noreg. Musikkskulen har som føremål å gje eit undervisningstilbod i musikk til alle born og unge, uavhengig av bustad og økonomi, som eit friviljug tilbod utanom den obligatoriske skulen. Musikk- og kulturskulane er lovfesta som eit kommunalt ansvar. Musikk- og kulturskuletilbod etter opplæringslova § 13–6 er som hovudregel ikkje omfatta av føresegnene om grunnskuleopplæring eller vidaregåande opplæring i opplæringslova.

Det er opp til den enkelte kommunen å velje omfang og innhald i musikk- og kulturskulen. Dei ulike lokale kulturane og tradisjonane har sett sitt preg på innhaldet og profilen til skulane. Kommunane har plikt til å syte for at tilboda i musikk- og kulturskulane er tilgjengelege for funksjonshemma.

Arbeidet med Den kulturelle skulesekken kan gjennomførast i eit samarbeid mellom grunnskulen, musikk- og kulturskulen og kulturlivet elles. Dette krev at skuleeigar ser ulike tilbod som del av ein heilskap og integrerer musikk- og kulturskulane i sine skulesekkprosjekt. Samarbeid og bruk av musikk- og kulturskulen kan styrkje skulen sitt føre- og etterarbeid i samband med besøk av profesjonelle kunstnarar i grunnskulen. Musikk- og kulturskulen vil kunne ha ei sentral rolle for grunnskulen både i kraft av kompetansen sin og som koordinator for ulike kunst- og kulturarbeidarar og kunstinstitusjonar som grunnskulane i kommunen kan ynskje å bruke.

4.3 Visuell kunst – biletkunst, kunsthandverk, arkitektur og design

Det visuelle kunstfeltet omfattar biletkunst, kunsthandverk, arkitektur og design, eller kombinasjonar og variantar av desse. Feltet er omfattande, i stadig utvikling og inkluderer også elektronisk kunst, videokunst og installasjonar m.m. Eit av hovudmåla på det visuelle kunstfeltet er å sikre at flest mogleg skal få tilgang til, forståing for og oppleving av biletkunst, kunsthandverk, arkitektur og design av god kvalitet.

Eit utvida formidlingstilbod, særleg overfor born og unge, er eit av Kultur- og kyrkjedepartementet sine resultatmål på dette området. Målsetjingane med formidlinga er å utvikle forståing for estetisk kvalitet for å fremje kulturell identitet og danne grunnlag for livskvalitet og trivsel. Innsatsen omfattar stimulering til utforming av offentleg rom, inkludert skuleanlegg med god arkitektonisk og kunstnarisk kvalitet, skulen som lokalt kultursenter, dessutan arbeidsmetodar og innhald i undervisninga i kunst- og handverksfaga. Formidlinga av biletkunst, kunsthandverk, arkitektur og design i skulen vert stimulert gjennom tilskot til fleire institusjonar, tiltak og prosjekt.

Ein gjennomgang av bruk av midlar til Den kulturelle skulesekken for 2002 i fylka viser at svært få nemner design og arkitektur som arbeidsområde i si kulturformidling til skulen. Det vil vere eit stort potensial i å betre formidlinga av desse områda i Den kulturelle skulesekken over heile landet. Måtane dette kan gjennomførast på er forskjellige. Institusjonar på kunstfeltet kan i større grad engasjere seg i formidlinga av design og arkitektur. Arkitektar og designarar kan samarbeide med fylkeskommunar, kommunar og institusjonar om spesielle design- og arkitektprosjekt tilpassa grunnskulen. Nasjonale produksjonsmiljø på feltet kan i større grad samarbeide med det lokale og regionale nivået for å utvikle gode formidlingstilbod.

4.3.1 Riksutstillingar – Kunstarena skule

Riksutstillingar er ein statleg institusjon som arbeider for å skape interesse og forståing for samtidas biletkunst, kunsthandverk, design og arkitektur. Institusjonen har tradisjonar som går tilbake til 1953, då Riksgalleriet vart etablert med føremål «å føre god kunst fram til folk i bygd og by». Institusjonen skal etter planen innlemmast i det nye Nasjonalmuseet for kunst i løpet av dei næraste åra. Riksutstillingar skal evaluerast i løpet av 2003.

Riksutstillingar har som oppgåve å styrkje det nasjonale formidlingstilbodet og er eit viktig kompetansesenter for formidling, utstillingsteknikk og -design. Verksemda er desentralisert med eit aktivt samarbeid med lokale produksjonsmiljø og arrangørar. Hovuddelen av utstillingane vert produserte i samarbeid med utstillingskoordinatorar, andre kunstinstitusjonar og sjølvstendige kuratorar. Institusjonen er også involvert i samarbeidsprosjekt rundt formidling av ikkje-europeisk kunst.

Produksjon av utstillingar og turnéaktivitetar – i eigen regi eller som samarbeidsprosjekt – er ein vesentleg del av verksemda som er retta mot ulike formidlingsarenaer. Arenaene er hovudsakleg delte i tre typar:

  • Galleri: Institusjonar med tradisjonelle utstillingsrom, større kunstforeiningar, knutepunktinstitusjonar, museum, kunstnarsenter, mindre kunstforeiningar og kulturhus

  • Skule: Klasserom, foajear, skulebibliotek, mediatek, gymnastikksal, uterom.

  • Vrimlerom: Kulturhus med foajé, kinosal, folkebibliotek, teatersal, offentlege plassar og rom, utsmykkingar, festivalar

Innanfor Kunstarena skule har Riksutstillingar inngått avtalar om utstillingar med ni regionale samarbeidspartnarar som totalt dekkjer elleve fylke. Samarbeidet fungerer slik at Riksutstillingar produserer nye utstillingar for nettverket. Turnéar vert lagde i regionen, anten i fylkesadministrasjonen eller i eit eige operativt organ tilrettelagt for oppgåva. Dei arrangerer også lærarkurs. Kostnadene ved turnéane og formidlinga vert delte mellom Riksutstillingar og fylket/regionen ein samarbeider med. Fylka/regionane kan også byte utstillingar seg i mellom. Dette samarbeidet kom i gang frå 2001, men nokre fylke starta først opp turnéverksemda i 2002.

Boks 4.2 Fylke og regionar som deltek i Kunstarena skule

  • Oppland fylkeskommune – Kulturformidling Oppland

  • Møre og Romsdal fylkeskommune – Kulturnista

  • Hedmark fylkeskommune – Turnéorganisasjonen for Hedmark

  • Telemark fylkeskommune – Kulturskatten

  • Buskerud fylkeskommune – Pilotgalleriet i Buskerud/Drammen Museum for kunst og kulturhistorie

  • Akershus fylkeskommune – Pilotgalleriet, Akershus Kunstnersenter

  • Vest-Agder fylkeskommune – Sørlandet Kunstmuseum

  • Nord-Trøndelag fylkeskommune – Nord-Trøndelag fylkesgalleri

  • Nordland, Troms og Finnmark – Nordnorsk Kunstmuseum

Samarbeidet innanfor Kunstarena skule er fireårig. Fleire kan kome til, og partnarar kan trekkje seg frå samarbeidet. For at eit fylke eller ein region kan vere med i Kunstarena skule, må fylket ha utvikla ein formidlingsplan, ha eit operativt turnéledd og ha sett av midlar til samarbeidet. Samarbeidet fungerer effektivt og gjev gode overføringsmodellar for kompetanse. Allereie etter kort tids drift ser ein likevel at samarbeidsformene og nivået i regionane er ulike. Det går såleis tid med til å få samarbeidet til å fungere etter intensjonane.

I Budsjett-innst. S. nr. 2 (2001–2002) s. 87 uttrykte komiteen at samarbeidet innanfor Kunstarena skule bør utvidast til å omfatte heile landet:

«RU spiller en viktig rolle i videreutviklingen av den kulturelle skolesekken. Det må derfor være et mål at RU etablerer formidlingsordninger overfor barn og unge i alle fylker. Til det trengst det økte bevilgninger.»

For å gjere samarbeidet innanfor Kunstarena skule landsdekkjande etter dagens organisering og finansieringsmodell vil det krevje ei opptrapping av løyvinga til institusjonen med ei auka ramme på om lag 8,8 mill. kroner for år 2003. Etter ein opptrappingsperiode vil ein i 2005 trenge ein auke på 12 mill. kroner i høve til 2002, for å nå alle fylke utanom Oslo.

Dersom det vert lagt til grunn at ein ikkje kan nytte skulesekkmidlar til å styrkje Riksutstillingar sitt samarbeid innanfor Kunstarena skule, kan det verte vanskeleg å oppnå full dekning dei næraste åra.

Figur 4.2 «Jente med rotte». Elevoppgåve frå Øystre
 Slidre, Oppland.

Figur 4.2 «Jente med rotte». Elevoppgåve frå Øystre Slidre, Oppland.

Foto: Maria Bang

4.3.2 Norsk Form og Utsmykkingsfondet for offentlege bygg

Norsk Form vart etablert som ei stifting av Kulturdepartementet i 1993 og skal arbeide for å skape større forståing for og auka samla innsats for design, arkitektur, offentlege rom og formgjeving. Institusjonen arbeider med å setje estetikk i omgjevnadene på den faglege og politiske dagsorden og set søkjelyset på kvaliteten i design og dei ytre omgjevnadene gjennom mellom anna rådgjeving, formidling og utstillingsverksemd.

Hovudområda for Norsk Form sitt arbeid fram til 2005 vil vere felles uterom, skule, designsatsing innanfor eit produktkritisk og internasjonalt perspektiv, designinnovasjon, stadsutvikling og det offentlege Noreg.

Innanfor skulesatsinga tek Norsk Form sikte på å byggje opp ei sterk fagleg eining som arbeider med skulen som kulturhus i lokalmiljøet, skulen sin arkitektur, skulemiljøet sin bruksmessige og estetiske kvalitet ute og inne, og pedagogisk-fagleg verksemd som nettverk, undervisning og materiell. Norsk Form arbeider for å etablere eit permanent tilbod på dette området og har mellom anna etablert nettsida www.norskform.no/skole med informasjon til skulane.

Utsmykkingsfondet for offentlege bygg er ein statsinstitusjon etablert i 1977 og underlagd Kultur- og kyrkjedepartementet. Institusjonen medverkar til at kunst vert synleg i det offentlege rom – i stat, kommune og fylkeskommune. Målet er å fremje kunst av høg kvalitet plassert der mange menneske oppheld seg. Publikum, også born og unge, får på denne måten oppleve og lære at kunst er ein naturleg del av livet. Utsmykkingsfondet gjev biletkunstnarar og kunsthandverkarar arbeidsoppgåver og høve til å spele ei aktiv rolle i ei kvalitativ forming av menneska sine miljø.

Fondet forvaltar ordninga for utsmykking av statlege bygg, utsmykking av statlege leigebygg og eldre statsbygg (innkjøpsordninga) og gjev tilskot til utsmykking av kommunale og fylkeskommunale bygg og offentlege uterom. Fondet arbeider også med forvalting av staten sin eigedomsrett til utsmykkingane, dessutan med dokumentasjon og formidling av kunstverka. Fondet har eit omfattande lysbiletearkiv og ein kunstverksdatabase med detaljerte opplysningar om dei enkelte verka. Fondet held også føredrag og gjev ut publikasjonar om utsmykking.

Regionalt samarbeider Utsmykkingsfondet med regionale kunstnarsenter i høve til kunstnarleg utsmykking for kommunale og fylkeskommunale bygg. Utsmykkingsfondet samarbeider også med Norsk Form og Norsk kulturråd om utsmykking av skuleanlegg.

Både Norsk Form og Utsmykkingsfondet kan i aukande grad samarbeide med lokale og regionale aktørar og kompetansemiljø, og til dømes med Riksutstillingar med omsyn til produksjon, vising og utvikling av formidlingsopplegg for born knytte til design, arkitektur og utsmykking.

4.3.3 Kunstinstitusjonane

Kunstinstitusjonane omfattar Nasjonalmuseet for kunst , dei regionale kunst- og kunstindustrimusea og fylkesgalleria . Institusjonane skal skape grunnlag for, kunnskap om, forståing for og oppleving av biletkunst, kunsthandverk, arkitektur og design gjennom forsking, innsamling og bevaring. Det er eit mål å styrkje det samla formidlingstilbodet med sikte på å nå flest mogleg, og særleg born og unge.

Døme på institusjonar som har satsa særleg på formidling til born og unge, er Trondheim Kunstmuseum og Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum. Desse institusjonane samarbeider om Pilotgalleriet, som er ei felles formidlingsavdeling med ansvar for born og unge i regionen. Pilotgalleriet samarbeider med lærarar og barnehagetilsette, arrangerer utstillingar og har aktivitetar i eigen verkstad for barnehagar og skuleklassar. Pilotgalleriet held i tillegg kurs og omvisingar, arrangerer familiedagar og anna. Over 10 000 born og unge vitja formidlingsavdelinga i 2002. Pilotgalleriet organiserte i tillegg seks vandreutstillingar i 2002, og desse vart sett av i alt 13 500 personar.

Også Vestlandske kunstindustrimuseum har formidling til barnehagar og skular, mellom anna gjennom eit eige undervisningsrom. Særleg vert det lagt vekt på forteljarteater for born i alderen 4–7 år i samarbeid med Barnas hus i Bergen. Nærare 3 500 skuleelevar vitja museet i 2002.

Kunst- og kunstindustrimusea over heile landet er viktige aktørar og samarbeidspartnarar for kunstnarar, skular, kommunar, fylkeskommunar og andre kunst- og kulturinstitusjonar i arbeidet med å fylle Den kulturelle skulesekken. Gjennom dei midlane som no vert stilte til rådvelde gjennom Den kulturelle skulesekken, vil det opne seg store rom for samarbeid mellom skulen og kunstinstitusjonane.

Boks 4.3 Eklektisism

Eklektisism er eit prosjekt som Pilotgalleriet i Trondheim har utvikla i samarbeid med biletkunstnaren Hé Marli, skular og barnehagar og med Trondheim Kunstmuseum. Prosjektet består av ei utstilling med Hé Marli og utvikling av ei arbeidsbok for skule- og barnehageborn i Pilotgalleriets nettverk. Temaet for utstillinga er kunsthistoria. Marli har laga tolkingar av viktige verk og ulike kunstperiodar over heile verda. Det er ikkje første gongen Pilotgalleriet og Hé Marli satsar på kunstformidling til born og unge. Tidlegare har dei samarbeidd om den inspirerande utstillinga Fargeklatt, i tillegg til at galleriet gjennom ei årrekkje har opparbeidd seg nettverk og faste kontaktpersonar ved skular og barnehagar i Trondheim. Målet med dette prosjektet er å utvikle og utvide kunsttilbodet for born og unge, inspirere elevane til å oppleve kunsthistoria på ein ny måte og lage eigne arbeid i samanheng med prosjektet. Sjølve utstillinga skal vere i Trondheim Kunstmuseum i september/oktober 2003. Norsk kulturråd støttar prosjektet.

4.3.4 Kunstnarsentra og kunstnarstyrd formidling

Kunstnarsentra er ei samla formidlingskjede, driven av biletkunstnarane og kunsthandverkarane sine distriktsorganisasjonar i fellesskap. I dag finst det 15 kunstnarsenter i Noreg, inkludert Nordnorsk Kunstnersentrum. Kunstnarsentra er oppretta ut frå målsetjingar om å auke bruken av kunst, sikre ytringsfridomen, motverke synet på kunst som rein handelsvare, betre arbeidsvilkåra for kunstnarane og sikre eit desentralisert kulturtilbod.

Kunstnarsentra arbeider ut frå ulike føresetnader, men samla sett fungerer sentra som informasjons- og serviceorgan for kunstnarar og andre brukarar av kultursektoren, som formidlarar av arbeidsoppdrag, arrangørar av utstillingar i eigne galleri og til ein viss grad av vandreutstillingar. Kunstnarsentra driv formidling av kunsten og arrangerer seminar og kurs.

Born og unge i og utanfor skuleverket er ei viktig målgruppe for kunstnarsentra. Med utviklinga av Den kulturelle skulesekken vil det truleg verte større etterspurnad etter oppsøkjande kunst- og kunstnarverksemd der det kan knytast direkte kontakt mellom kunstnar og publikum.

Kunstnarsentra har ein spesiell kunnskap på grunn av sin nærleik til kunstnarane i dei respektive regionane. Kunstnarsentra sin aktivitet kan difor i stor grad supplere til dømes Riksutstillingar og dei regionale kunstmusea sine tilbod og auke både kunstopplevinga og kunstforståinga hos elevane. Privateigde galleri, kunstforeiningar, og ymse kommunale kultursenter kan også vere aktuelle samarbeidspartnarar lokalt og regionalt i arbeidet med utviklinga av Den kulturelle skulesekken.

Boks 4.4 Det handler om å se

I 1999 arrangerte Agder Kunstersenter prøveprosjektet «Det handler om å se» i samarbeid med Pedagogisk senter i Kristiansand kommune. Målet for prosjektet var å gje ei visuell, sanseleg oppleving gjennom leik og øvingar som 6-åringar meistra. Seks grupper frå tre ulike skular deltok. Utviklinga av Den kulturelle skulesekken basert på L97 vil i framtida auke etterspurnaden etter kvalifisert kunstbesøk. Prosjektet «Det handler om å se» gjev gode døme på prosjekt som med hell kan arrangerast på skular i ein avgrensa region med ein omreisande kunstnar.

4.4 Formidling av scenekunst

Produksjon av scenekunst for born og unge skjer både ved teater-, opera- og danseinstitusjonane, i dei frie sceniske gruppene og andre tiltak. Eit av hovudmåla som departementet har stilt opp for Riksteatret, institusjonsteatra, Carte Blanche og Den Norske Opera, er at flest mogleg skal få tilgang til å oppleve teater, opera og dans av høg kunstnarisk kvalitet. Born og ungdom er ei sentral målgruppe, og eit av resultatmåla krev at institusjonane skal vidareutvikle formidlinga av scenekunst til born og unge og nye grupper.

Norsk kulturråd forvaltar tilskotsordninga for fri scenekunst. Ordninga er hovudfinansieringskjelda for det utanominstitusjonelle feltet og har som føremål å styrkje produksjonen av nyskapande scenekunst utanfor dei store institusjonane. Tilbodet frå dei frie, sceniske gruppene utgjer ein viktig del av tilbodet til born og unge i dag, men stønadsordninga tek ikkje omsyn til bestemte publikumsgrupper. Produksjonen retta spesielt mot born og unge utgjer berre ein mindre del av dei prosjekta som har fått stønad gjennom ordninga.

4.4.1 Norsk Scenekunstbruk

Norsk Scenekunstbruk er Danse- og Teatersentrum si formidlingsordning for ferdige framsyningar av frie sceniske grupper frå heile landet. Danse- og Teatersentrum er ein uavhengig interesseorganisasjon og eit kompetanse- og informasjonssenter for fri, profesjonell scenekunst i Noreg. Organisasjonen hadde ved utgangen av 2002 59 medlemer som representerer ulike former for scenekunst.

Norsk Scenekunstbruk kvalitetssikrar tilbod og fungerer som ei arrangørstøtteordning. Dersom ein arrangør vel framsyningar gjennom Scenekunstbruket, får arrangøren 50 prosent refusjon av kostnadene med framsyninga. Denne arrangørstøtta er med på å sikre at arrangørane kan velje profesjonelle framsyningar og eit mangfald av framsyningar ut frå ei kunstnarleg kvalitetsvurdering.

Framsyningane som vert formidla gjennom Scenekunstbruket, har i stor grad born og unge som målgruppe og blir viste både i skuletida og på kveldstid. I 2002 formidla Norsk Scenekunstbruk 897 framsyningar, fordelt på 46 ulike produksjonar med eit samla publikum på 87 253 der 66 813 av desse var born og unge under 15 år.

I løpet av 2003 vil 15 fylke delta i formidlingsordninga. Scenekunstbruket er i dialog med Oslo kommune om deltaking, medan Østfold, Nord-Trøndelag og Finnmark ikkje er med førebels. Buskerud og Sogn og Fjordane slutta seg til Norsk Scenekunstbruk i 2001. Det er positive tilbakemeldingar frå dei fylka som er med i ordninga, men aktiviteten varierer førebels sterkt frå fylke til fylke. I Møre og Romsdal åleine vart det i 2002 formidla 277 framsyningar til 28 515 born og unge, medan det i Nordland totalt vart formidla seks framsyningar til 420 ungdomar.

Scenekunstbruket legg vekt på fagleg rådgjeving og god kontakt med arrangørane. Grunnlaget for det endelege valet av framsyningar vert lagt gjennom nettverkssamlingar i kvart enkelt fylke. I 2003 får Scenekunstbruket om lag 2,4 mill. kroner over Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett. For å møte auka etterspurnad i nettverket, innlemme fleire fylke og styrkje formidlinga har Norsk Scenekunstbruk søkt om ein auke på 4,6 mill. kroner for 2004.

I avsetninga av spelemidlar til Den kulturelle skulesekken i 2003 er det ikkje sett av midlar til å styrkje Norsk Scenekunstbruk direkte, utover dei midlane som institusjonen årleg mottek over Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett.

4.4.2 Scenekunstinstitusjonane

Alle teater med fast årleg tilskot har regelmessig tilbod til born og unge, men omfanget varierer frå år til år. For fleire av scenekunstinstitusjonane utgjer born og ungdom eit hovudsatsingsområde, dvs. at om lag halvparten eller meir av aktiviteten er retta mot desse gruppene. Til dømes spelar Hordaland Teater nesten utelukkande for born og unge.

Boks 4.5 Barne- og ungdomsteater i Rogaland og i Agder

Barneteatret ved Rogaland Teater vart starta i 1957 og er eit svært populært kulturtilbod for born og unge i fylket. Born og unge spelar alle roller i Barneteatret sine framsyningar, og nokre av borna deltek også i Rogaland Teater sine ordinære produksjonar. Til ei framsyning ved Barneteatret vert det engasjert både sceneinstruktør, scenograf, kostymedesigner, komponist, musikarar og maskør. Framsyningane er ein del av Rogaland Teater si formidlingsverksemd og dei seinare åra er tiltaket utvida til også å omfatte tilbod til ungdomar. Teatret har rekna ut at over 13 000 born og unge har vore medlemmer av Barneteatret i perioden 1957–2003.

Kristiansand barne- og ungdomsteater vart etablert for over 40 år sidan. I dag har Barne- og ungdomsteatret om lag 40 medlemmer som vert tekne opp etter audition i regi av kulturskulen. Sidan 1998 har Agder Teater hatt ansvaret for barne- og ungdomsteatret sin kunstnarlege og produksjonsmessige aktivitet. Årleg vert det produsert ei profesjonell oppsetjing med 20–30 framsyningar.

I perioden 1996–2000 vart i snitt 46 prosent av oppsetjingane og 43 prosent av alle framsyningane ved institusjonane retta mot born og unge. Publikumet på desse framsyningane utgjorde 37 prosent av det samla publikumstalet. Tala for 2001 viser ein auke i høve til dette. I 2001 rapporterte institusjonane om 169 oppsetjingar for born og unge med totalt 2 709 framsyningar og eit publikum på 490 926. Tilbod retta mot born og unge i 2001 utgjorde 53 prosent av oppsetjingane, 47 prosent av framsyningane og 44 prosent av samla publikum.

Tilbodet frå institusjonane vil vere viktige for Den kulturelle skulesekken. Samla utgjer tilbodet frå institusjonane til born og unge eit stort spekter av scenekunst, frå store produksjonar på hovudscenene ved dei største teatra til produksjonar laga spesielt for små arenaer og for turné. Tilbodet inneheld både klassikarar og nyskrivne stykke.

Regionteatra turnérer i større grad enn dei nasjonale institusjonane og fleire har etablert samarbeid med fylkeskommunar og utvikla planar for å bidra til Den kulturelle skulesekken. Dei nasjonale institusjonane utgjer eit viktig tilbod for skulane i sitt nedslagsfelt. Riksteatret sitt tilbod til skulen rettar seg i hovudsak mot vidaregåande skule.

4.4.3 Distriktsopera, festivalar og amatørteater

Distriktsopera, festivalar og amatørteater har også tilbod til born og unge. Mange av region- og distriktsoperaene, som i stor grad baserer verksemda si på eit samvirke mellom profesjonelle utøvarar og amatørar, har produksjon og aktivitet retta mot born og unge. Den største av desse er Operaen i Kristiansund, som medverkar til større kulturell aktivitet i skulane både gjennom formidling og gjennom eit aktivt pedagogisk samarbeid med musikk- og kulturskulen.

Gjennom friviljuge lag, musikk- og kulturskular, festivalar og stønadsordninga Frifond vert lokal teateraktivitet styrkt. Dette gjer det mogleg for mange born og unge å opparbeide eiga røynsle med teater. Også amatørteater er ein viktig lokal arena der born og unge kan delta i og oppleve teater. Samspelet mellom amatørar og profesjonelle aktørar på feltet har auka, og ulike amatørmiljø kan utgjere viktige ressursar også i arbeidet med Den kulturelle skulesekken.

4.5 Litteratur og bibliotek

Hovudmåla for Kultur- og kyrkjedepartementet på bibliotekområdet er å fremje leseinteresse og god språkbruk og sikre norsk som kulturspråk.

Gjennom støtte til ulike institusjonar og organisasjonar, og gjennom ulike ordningar i Norsk kulturråd og ABM-utvikling, arbeider Kultur- og kyrkjedepartementet for å auke interessa for, kunnskapen om og formidlinga av skjønnlitteratur, også blant born og unge. Dei etablerte ordningane på feltet og høve til støtte til prosjekt- og utviklingsarbeid er viktige delar av Den kulturelle skulesekken over heile landet.

Norsk kulturråd administrerer innkjøpsordningane for litteratur, som sikrar at både skulebibliotek og folkebibliotek mottek eit visst tal skjønnlitterære bøker kvart år, i tillegg til dei bøkene som vert innkjøpte over biblioteka sine eigne budsjett. Innkjøpsordningane omfattar mellom anna ei eiga innkjøpsordning for faglitteratur for born og unge, basert på kvalitetsvurdering av bøkene. Kulturrådet gjev i tillegg tilskot til ymse litteraturformidlingsprosjekt gjennom den ordinære avsetninga til kulturfondet og gjev støtte til produksjon og formidling av skjønnlitteratur.

ABM-utvikling har til hovudoppgåve å drive aktivt, strategisk utviklingsarbeid for å styrkje arkiv-, bibliotek- og museumsfeltet. ABM-utvikling skal mellom anna setje biblioteka betre i stand til å løyse faglege oppgåver og å møte nye utfordringar i samfunnet. Det har i mange år vore arbeidd med nasjonale lesekampanjar og inspirasjonsseminar for å auke kompetansen om lesing og litteraturformidling i biblioteka.

Utdannings- og forskingsdepartementet presenterte i april 2003 strategiplanen Gi rom for lesing! Strategi for stimulering av leselyst og kunnskapsglede 2003–2007. Planen er ein tiltaksplan for å stimulere elevane sine lesegleder og auke bruken av skulebibliotek. For 2003 har Utdannings- og forskingsdepartementet løyvd 20 mill. kroner til kompetanseutvikling i bruk av skulebibliotek og stimulering av leselyst.

Som ledd i gjennomføringa av tiltaksplanen vil ordinære midlar over Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett og spelemidlar frå Den kulturelle skulesekken til litteraturformidling i skulen vere vesentlege bidrag for å gjennomføre fleire av tiltaka i planen. I 2003 er det avsett fem mill. kroner til leselyst og lesestimulering av spelemidlane til Den kulturelle skulesekken. I tillegg kjem dei midlane som fylkeskommunane sjølve kan velje å nytte til dette føremålet.

Forfattarmøte, skriveverkstader, dramatiseringar og forteljaropplevingar kan fungere som ekstra stimulans i skulekvardagen. Skulen sitt samarbeid med ulike aktørar og etablerte tiltak i kultursektoren vil gjennom arbeidet med Den kulturelle skulesekken kunne tilføre undervisninga nye aspekt, innfallsvinklar og metodar.

Alle institusjonar og tiltak som driv arbeid for å stimulere til auka lesing blant born og unge, vil kunne dra nytte av dei auka midlane som no vert stilte til rådvelde gjennom Den kulturelle skulesekken.

4.5.1 Norsk forfattarsentrum

Norsk Forfattarsentrum har sidan 1968 formidla forfattarbesøk til skular, bibliotek og institusjonar, og slik gjort samtidslitteratur også for born og unge kjend over heile landet. Oppdragsgjevaren fastset ramma for presentasjonane, medan form og innhald er overlate til forfattaren. Forfattarar er ofte gode formidlarar, som vekslar mellom høgtlesing og samtale, og besøka vekkjer både leselyst og spørjelyst.

Slike besøk kan vere ei opning til bokverda for mange elevar, og ofte kan forfattaren presentere litteratur som er ukjend for både elevar og lærarar. Også lærarane kan derfor ha glede av møte med ein levande forfattar med engasjement og formidlingsglede.

Norsk Forfattarsentrum fekk i 2003 6,6 mill. kroner til verksemda. I 2002 gjennomførte 450 forfattarar til saman 4200 formidlingsoppdrag retta mot skuleverket, og nesten 4000 klasser fekk besøk av ein forfattar gjennom ordninga. Dette utgjer 80 000–100 000 elevar, og hovudtyngda av desse var i grunnskulen.

Departementet ser denne verksemda som ein svært god måte å formidle litteratur på. Ho er eit supplement til skulen si formidling av norsk samtidig litteratur og gjev både elevar og forfattarar høve til å møte og gå inn i dialog med forfattarane om litteratur og det å skrive. Tilbakemeldingar frå skuleverket er eintydig positive, og behovet er større enn tilbodet.

For 2003 er det ikkje sett av midlar til å styrkje Norsk Forfattarsentrum sitt tilbod direkte. Dersom det vert lagt til grunn at ein ikkje kan nytte skulesekkmidlar til å styrkje Norsk Forfattarsentrum, kan det verte vanskeleg å utvide tilbodet i vesentleg grad.

4.5.2 Norsk barnebokinstitutt

Norsk barnebokinstitutt er det nasjonale informasjons- og dokumentasjonssenteret for arbeid med barne- og ungdomslitteratur. Norsk barnebokinstitutt er ein serviceinstitusjon for studentar, forskarar, lærarar på alle trinn, bibliotekarar, forlag, media og ålmenta. Norsk barnebokinstitutt mottok i 2003 3,9 mill. kroner i tilskot frå Kultur- og kyrkjedepartementet.

Barnebokinstituttet har i 1999–2000 vore engasjert i informasjons- og litteraturformidlingsprosjektet Inn i teksten . Prosjektet vart finansiert av Norsk kulturråd og hadde lokal forankring i Agder. Målet med prosjektet var å presentere ny litteratur og samstundes utvikle undervisningsformer som fremjer leselyst og styrkjer den litterære kompetansen til elevar på mellomtrinnet. Medan tradisjonelle lesestimuleringstiltak vanlegvis berre rettar seg mot born, sikta dette prosjektet også mot dei profesjonelle formidlarane, i første rekkje lærarane, og skulle utvikle metodar for litteraturformidling, mellom anna i tråd med L97. Prosjektet hadde også som føremål å leggje til rette for tiltak som kan styrkje samarbeidet mellom kultur- og skulesektoren. Inn i teksten er ført vidare og vidareutvikla gjennom prosjektet Ungdom inn i teksten i Agder og finansiert av Norsk kulturråd.

4.5.3 Foreningen !les

Foreningen !les er ein paraplyorganisasjon samansett av sentrale aktørar i bokbransjen og i offentleg sektor. Organisasjonen spring ut av Aksjon Leselyst, som vart etablert i 1997 på bakgrunn av undersøkingar om ungdom sine lesevaner. I 2003 får Foreningen !les 0,85 mill. kroner i prosjekt- og driftsmidlar frå Kultur- og kyrkjedepartementet.

Organisasjonen arbeider aktivt for eit breitt, omfattande og varig engasjement for boklesing i Noreg. Primæroppgåvene er å fremje leselyst gjennom landsomfattande prosjekt som stimulerer til positive lesaropplevingar. Rammene for tiltaka er utarbeidde frå Foreningen !les sentralt, men dei fleste aktivitetane og arrangementa skjer i lokal regi. Primærmålgruppa for Foreningen !les er born og ungdom mellom 10 og 16 år. Profesjonelle litteraturformidlarar frå skule, bibliotek og bokhandlarar er foreininga si sekundærmålgruppe og er sentrale aktørar i tilrettelegginga av aktivitetar lokalt.

Av større tiltak iverksett av Foreningen !les kan ein nemne Aksjon tXt , som er ein årleg, landsomfattande leseaksjon som foregår ein månad kvar haust. I 2002 vart aksjonen gjennomført for femte året på rad. Aksjonen engasjerer mellom 30 og 40 000 elevar kvart år.

Andre tiltak er Lesestafetten , som er ein landsomfattande leseaksjon for born og ungdom mellom 13–19 år og eit samarbeid mellom Foreningen !les, ABM-utvikling/Biblioteknett Noreg og fylkesbiblioteka. Lesestafetten er ei vidareføring av delprosjektet Ungdom formidler til ungdom under signalprosjektet Troll i ord.

Norvengelsk er ein landsomfattande konkurranse der målet er å styrkje språkmedvitet mellom ungdom i alderen 13–16 år. Konkurransen er eit samarbeidsprosjekt mellom Foreningen !les, Norsk språkråd, Læringssenteret og Norsk Oversetterforening. Prosjektet vart avslutta i april 2003.

4.5.4 Folkebiblioteka og skulebiblioteka

Folkebiblioteka har lang tradisjon med å utvikle gode tilbod for born og ungdom og formidle den rikdommen som ligg i møtet mellom tekst og lesar. Biblioteka er lokale kultursenter og har kunnskap både om ny og aktuell barne- og ungdomslitteratur, formidling og leseglede. Dei fleste biblioteka har særskilde avdelingar for born og ungdom, og mange har også spesielle arrangement mynta på denne målgruppa. Ved sida av utlån av litteratur har biblioteka lang tradisjon for å prøve ut formidling av litteratur i samarbeid med andre aktørar innan til dømes scenekunst, biletkunst og musikk. Mange folkebibliotek arbeider med formidling i form av eventyrstunder, dokke- og barneteater og forfattarbesøk. Mange bibliotek tilbyr no også utlån av CD-ROM, video og lydbøker og tilbyr gratis Internett-tilgang til brukarane sine.

Folkebiblioteka er eit kommunalt ansvar, og dette ansvaret er regulert i lov om folkebibliotek. S kulebiblioteka er også eit kommunalt ansvar, men i dei fleste kommunane vert dei to bibliotekslaga forvalta av ulike einingar i den kommunale administrasjonen.

Opplæringslova § 9–2 andre ledd sikrar alle elevar i grunnskulen og i vidaregåande opplæring tilgang til skulebibliotek. Skulebiblioteka har lang tradisjon som formidlar av litteratur, kultur og kunnskapskjelder i grunnskulen. Skulebiblioteket si rolle vart forsterkt i L97 som senter for kulturell verksemd, for informasjon og materiell. Nasjonalt læremiddelsenter gjorde i 1997 ei kartlegging av skulebiblioteka i grunnskulen, som synte at elevane i 98 prosent av alle grunnskular hadde tilgang på eit skulebibliotek.

Lov om folkebibliotek seier at «Det skal være eit organisert samarbeid mellom folkebiblioteket og dei kommunale skulebiblioteka.» Årsaka til dette er at ein vil sikre at den kompetansen som er i folkebiblioteka, også skal kunne nyttast av skulen. Skulebibliotek er viktig for leselyst og tilgjenge til bøker for alle skuleborn, medan folkebiblioteket skal vere eit tilbod til alle innbyggjarar.

Det er truleg eit stort potensial i auka samarbeid og utnytting av ressursane knytte til skulebiblioteka og folkebiblioteka i mange kommunar. Eitt tiltak i samarbeidet mellom folkebiblioteka og skulen bør vere at alle skuleklassar vert inviterte på besøk til folkebiblioteket, slik at alle skuleborn kan få innføring i og tilgang til det offentlege godet som eit folkebibliotek er.

Born og ungdom si interesse for lesing vert stimulert gjennom ulike prosjekt der både folkebiblioteka, fylkesbiblioteka og skulebiblioteka er viktige medspelarar. Både ABM-utvikling og Norsk kulturråd gjev støtte til mange ulike utviklings- og pilotprosjekt som kan ha overføringsverdi til andre stader i landet, og som kan inngå som del i lokale kulturelle skulesekker.

I arbeidet med Den kulturelle skulesekken skal det leggjast til rette for å koordinere og formidle kunnskaps- og erfaringsgrunnlaget frå slike prosjekt, slik at flest mogleg kan dra nytte av resultata.

Boks 4.6 Troll i ord

Troll i ord var eit omfattande signalprosjekt som vart gjennomført i perioden 1998–2002 i Stavanger. Hovudmålet var å finne gode metodar for å fremje leselyst for born og unge og å sikra at røynslene og kunnskapen har overføringsverdi til heile landet. Prosjektet har mellom anna resultert i ei eksempelsamling med døme på små og store prosjekt som kan gjennomførast i barnehagar, i skular og i folkebiblioteka. Eksempla har overføringsverdi og kan inspirere til avgrensa prosjekt i skulen innanfor Den kulturelle skulesekken. www.trolliord.org

4.6 Formidling av kulturarv og kulturminne

Opplæringa i skulen skal ivareta og utdjupe elevane sin kunnskap om nasjonale og lokale tradisjonar, historie, naturvitskaplege tradisjonar og kulturelle og religiøse variasjonar i verda. Kunnskap og innblikk i kulturarv og tradisjonar er difor viktige og sentrale element i utviklinga av Den kulturelle skulesekken over heile landet. I Noreg er det mange tiltak av denne typen. Feltet rommar mellom anna

  • vitensentra

  • større museum som nav i nasjonale emne-nettverk. Fleire av desse forvaltar også viktige kulturminne i statleg eige. Nokre av desse er også tilknytte vitensentra

  • eit stort tal museum som vert forvalta av fylkeskommunane, og som ofte har sin bakgrunn i lokal identitet. Mellom desse er også museumsinstitusjonar for minoritetar

  • offentlege og private arkivinstitusjonar

  • kulturminneforvaltinga med institusjonar under Miljøverndepartementet og foreiningar med kulturminneføremål

  • institusjonar og lag som mellom anna arbeider med handlingsboren kunnskap

  • museum med arkeologiske oppgåver for staten, slik som universitetsmusea og Arkeologisk museum i Stavanger

  • religiøse institusjonar som Den norske kyrkja og andre trussamfunn

4.6.1 Museum

Museumsfeltet i Noreg omfattar om lag 800 små og store museum. Hovudføremålet for musea er å skape grunnlag for kunnskap om, forståing for og oppleving av natur, kultur og samfunn på ein måte som viser både kontinuitet og endring, samanheng og ulikskapar. Eitt av dei resultatmåla som vert brukt for å følgje opp denne målsetjinga er: «Det samla museumstilbodet skal nå ut til alle grupper, med spesiell vekt på born og unge.»

Kultur- og kyrkjedepartementet har dei siste åra lagt til grunn at musea skal prioritere utvikling av nye formidlingsmetodar, særleg tilrettelagde for born og unge. Dei fleste musea rapporterte i 2001 om formidlingstiltak retta spesielt mot skuleelevar og om samarbeid med grunnskulen på forskjellige nivå, og tilpassing til grunnskulen sine læreplanar.

ABM-utvikling skal vere eit strategisk utviklingsorgan og arbeide med felles utviklings- og samarbeidstiltak og med sektorspesifikke utfordringar for dei tre sektorane arkiv, bibliotek og museum.

Kultur- og kyrkjedepartementet har gjeve ABM-utvikling eit spesielt ansvar for å arbeide med fleire prosjekt som har relevans for Den kulturelle skulesekken og samarbeidet mellom kultur og skule. Mellom anna har institusjonen gjennomført eit samarbeidsprosjekt med fleire museum for å undersøkje kva opningar L97 gjev for samarbeid mellom skular og museum. Røynslene frå prosjektet ligg til grunn for kurs som vert arrangerte over heile landet. Institusjonen har også starta eit prosjekt for å prøve ut samarbeidsmodellar mellom museum og vidaregåande opplæring, med grunnlag i læreplanen Reform 94.

Boks 4.7 Ibsen og Hamsun for ungdom

I samsvar med læreplanane for 10. klasse i grunnskulen valde Ibsenmuseet og Grimstad bymuseum i 2002 å lage ei utstilling om forfattarskapen til Ibsen. Dette betra kommunikasjonen med skulane, og besøkstalet for born og unge auka frå 1 706 i 2001 til 8 118 i 2002.

Frå og med 2003 har Ibsenmuseet og Grimstad bymuseum satsa vidare på å formidle kunnskap om diktarane Ibsen og Hamsun gjennom det årlege arrangementet Ibsen og Hamsun for ungdom . Arrangementet er vorte til i samarbeid mellom Nationaltheatret, NRK Radioteatret, Norsk forfattarsentrum og andre.

For 2003 er det løyvd i alt 10 mill. kroner til 20 museum over heile landet av midlane til Den kulturelle skulesekken over Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett. ABM-utvikling følgjer opp arbeidet ved desse musea.

Boks 4.8 Fotfeste

Med støtte frå ABM-utvikling er det i Trondheim starta opp eit dokumentasjons- og formidlingsprosjekt som i særleg grad er retta mot born og ungdom i bydelen Saupstad. Prosjektet vert drive i samarbeid med Ringve Museum, Trøndelag Folkemuseum og Saupstad bibliotek. Målet er å skape større medvit, sjølvkjensle og identitetstilknyting til ein bydel som er kjenneteikna av kulturelt mangfald.

Kanskje særleg for mange av dei små musea er den lokale forankringa av Den kulturelle skulesekken svært viktig. Museum over heile landet kan vere potensielle samarbeidspartnarar for skular eller skuleklassar, og musea kan samarbeide seg imellom eller med kulturminneforvaltinga for å utvikle tilbod som kan eigne seg i den kulturelle skulesekken. Musea kan i si verksemd trekkje inn ymse lokale ressursar i arbeidet sitt og elles spele ei viktig rolle i arbeidet med å fylle skulesekken i samarbeid med lokale og regionale styresmakter. Lokale variasjonar i formidlinga kan gje eit utfyllande og godt bilete av den historiske utviklinga i Noreg gjennom tidene, mellom anna utviklinga av næringsliv, busetjing, handverk og sosiale tilhøve.

Det skal også vere rom for eit innhald som i utgangspunktet ikkje er tilgjengeleg eller kjent for borna, og det skal vere rom for det som kan vere både utfordrande og vanskeleg å ta imot. Døme på dette kan vere framande kulturuttrykk og minoritetskulturar.

Boks 4.9 Husadopsjon på Røros – skuleborn tek ansvar for lokalmiljø og verdsarv

I 1981 kom Bergstaden Røros med på UNESCOs World Heritage list og var med det rekna som eit av dei viktigaste historiske minnesmerke i verda. Byen har teke vare på den gamle byplanen frå 1711 – med hus langs to gater. Bak husa finst fjøs, stall, stabbur og eldhus rundt eit gardsrom. Utanfor byen ligg dei gamle seterområda. Rørosmuseet fekk i 1999 problem med tagging på dei verdfulle bygningane, og for å ta tak i dette vart det etablert eit samarbeid med Røros grunnskule. Alle dei 22 klassane ved skulen har frå vinteren 2000 adoptert kvart sitt hus og skal arbeide med dette over ein periode på tre år. Elevane deltek i praktisk, antikvarisk arbeid, dei søkjer informasjon gjennom arkiv, bibliotek og ressurspersonar. Dei dramatiserer, teiknar og fortel og formidlar vidare gjennom presentasjonar i aviser, på seminar og i utstillingar. Dei har også laga ei eiga Internettside; www.husadopsjonroros.no.

4.6.2 Offentlege og private arkivinstitusjonar

Det statlege Arkivverket, fylkesarkiv, interkommunale arkiv, byarkiv og private institusjonar som Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek, forvaltar dei skriftlege kjeldene til vår historie. Gjennom Digitalarkivet har Arkivverket gjort demografiske kjelder tilgjengelege for allmenta, og «avleggjaren» Digitalskulen har utvikla opplegg for bruk av folketeljingar og andre demografiske kjelder til bruk i undervisninga. Dei kommunale arkiva dokumenterer historia til mange ulike sider ved lokalsamfunna, slik som lokal politikk og forvalting, by- og bygningsutvikling, skulestell, samferdsel, næringsliv, helsestell og fattig- og sosialvesen.

Erfaringar frå svenske arkiv syner at pedagogisk tilrettelagd bruk av arkiv i undervisinga kan skape «empati i tid og rom» og gjere det lettare å identifisere seg med menneske som levde før. Desse erfaringane bør følgjast opp med eit samarbeid mellom arkivinstitusjonar og skulen for å utvikle gode arkivpedagogiske tilbod. Samarbeidsprosjekt mellom Arkivverket og skulen i Noreg er i liten grad utvikla.

4.6.3 Vitensentra

V itensentra driv kunnskapsformidling gjennom interaktive utstillingar som gjev vitjande høve til å utforske fenomen knytte til natur, miljø, helse og teknologi gjennom eigen aktivitet. «Å lære ved å gjere» stimulerer til interesse hos folk i alle aldrar. Vitensentra set læring og publikum i sentrum og tek opp dagsaktuelle emne.

Internasjonalt har vitensentra hatt stor suksess, og dei vert rekna som viktige aktørar i arbeidet for å auke rekrutteringa til realfaga. Undersøkingar viser at interaktivitet, det å la folk i eige tempo få ta på, prøve ut og undersøkje fenomen og gjenstandar, er rett veg å gå dersom ein ynskjer å engasjere og lære publikum noko frå ei utstilling. For å lage gode interaktive utstillingar er det naudsynt med personale som meistrar den pedagogikken som ligg til grunn for utstillingane, og som heile tida prøvar ut og betrar nye utstillingar.

I 1998 etablerte Noregs forskingsråd i samarbeid med Norsk museumsutvikling (no ABM-utvikling) eit nasjonalt Nettverk av vitensentra (NAV), som består av fem institusjonar plasserte i Oslo, Bergen, Trondheim, Tromsø og Rogaland. Nettverket samarbeider om ulike prosjekt og har etablert ei felles plattform for utveksling av idéar, utvikling og spreiing av vitensenterpedagogikk, kurs, undervisningsopplegg, vandreutstillingar, mobile einingar, forskingsprosjekt og fellesinnkjøp.

Boks 4.10 Born og unge – kulturminne, kunnskap og engasjement

På oppdrag frå Miljøverndepartementet gjennomførte Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU) i 2002 eit forprosjekt som var retta mot innhenting av døme på kunnskapsutvikling og formidling på kulturminnefeltet i skular og gjennom friviljuge organisasjonar. Forprosjektet hadde namnet Barn og unge – kulturminner, kunnskap og engasjement . Føremålet med prosjektet var å skaffe eit kunnskapsgrunnlag mellom anna som ledd i Miljøverndepartementets særskilde satsing mot born og unge, basert på eit ynske om at born og unge skal få auka kompetanse om kulturminneverdiar både gjennom skulen og i fritida. Den viktigaste dokumentasjonen av prosjektet finst på www.niku.no

I Noreg er kunnskap om vitensenterpedagogikk eit felt med stort potensial. For at måla om museum som samfunnsinstitusjonar og dialoginstitusjonar skal oppfyllast, er vitensenterpedagogikk eit viktig verkemiddel. Vitensentra har potensial til å utvikle seg til å verte laboratorium og ressurssentra for musea, samstundes som dei er til inspirasjon og nytte for skuleverket.

Både Jærmuseet og Norsk Teknisk Museum har vitensenter knytte til institusjonane som eit ledd i formidlinga. Ved desse musea er det også mange born og unge blant publikum. I 2002 hadde Norsk Teknisk Museum 64 prosent og Jærmuseet 45 prosent born og unge blant publikum. Norsk Teknisk Museum hadde i 2002 besøk av 36 996 skuleelevar, noko som innebar at i gjennomsnitt 11 skuleklassar vitja museet kvar skuledag gjennom heile året.

Boks 4.11 Arkeologiske kulturminne

Arkeologisk museum i Stavanger har laga eit hefte om bruk av arkeologiske kulturminne i undervisninga og ei utstilling om arkeologiske utgravingar, som kan lånast av skular med utgravingar i nærleiken. Heftet er støtta med midlar frå Den kulturelle skulesekken. Museet arrangerer også brukarkurs for lærarar og kan bistå lærarar som vil lage sine eigne undervisningsopplegg med utgangspunkt i arkeologiske kulturminne i lokalmiljøet. Meir informasjon på www.ark.museum.no.

Men også andre museum som ikkje har vitensentra knytte til seg, har eit høgt tal av born og unge som publikum og har eit nært samarbeid med skulen. Til dømes hadde Norsk Skogbruksmuseum i 2002 31 prosent born og unge av det totale publikumstalet. Av desse utgjorde halvparten besøk frå skuleklassar (15 600).

4.6.4 Kulturminnefeltet

Ansvaret for kulturminnefeltet ligg i Miljøverndepartementet. Riksantikvaren er, som direktorat for kulturminneforvaltinga, Miljøverndepartementet sin rådgjevande og utøvande faginstans for forvalting av kulturminne og kulturmiljø. Riksantikvaren har ansvar for at den statlege kulturminnepolitikken vert gjennomført, og har i denne samanhengen eit overordna fagleg ansvar for den regionale kulturminneforvaltinga sitt arbeid med kulturminne.

Nettverk for miljølære (www.miljolare) er eit nettbasert læremiddel som skulane i aukande grad tek i bruk også på kulturminnefeltet. Erfaringar syner at det er trong for ulike former for stimulans for å få slike nasjonalt tilrettelagde reiskapar brukte. Eit godt døme er Norsk kulturarv sin Ryddeaksjon 2002, der over 2000 skular deltok. Skulane rydda rundt eit kulturminne i nærmiljøet for å få det fram i lyset. Gjennom eit vellukka samarbeid mellom Norsk kulturarv og Nettverk for miljølære presenterte mange av skulane prosjekta sine på heimesidene til nettverket.

Riksantikvaren har i 2002 utvikla ei eiga heimeside mynta på born og unge. På denne vert det lagt ut fagleg kvalitetssikra lenkjer, og born kan også leggje ut eige materiale. Riksantikvaren har også starta eit samarbeid med Norsk kulturskoleråd og to fylke, for å sjå nærare på korleis kulturminne kan integrerast i kulturskulane. Dette prosjektet går over to år.

Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU) er eit nasjonalt og internasjonalt kompetansesenter som driv forsking og utvikling og forskingsbasert oppdragsverksemd for kulturminnefeltet og andre relevante brukarar i samfunnet. Instituttet har kompetanse mellom anna innan arkeologi (forhistorie og mellomalder), arkitektur, etnologi, antropologi, geografiske informasjonssystem, informatikk, konservering og kulturhistorie.

Universitetsmusea under Utdannings- og forskingsdepartementet og Arkeologisk museum i Stavanger under Kultur- og kyrkjedepartementet har ansvaret for arkeologiske utgravingar etter kulturminnelova. Når det gjeld kulturminne under vatn, er det sjøfartsmusea som har dette ansvaret.

Universitetsmusea er også viktige formidlarar av kunstgjenstandar, kulturhistorisk og naturhistorisk materiale til skuleverket gjennom besøk og formidling av utstillingar. I 2002 vitja om lag 85 000 skuleelevar universitetsmusea.

På det regionale nivået er forvaltinga av kulturminna lagt til fylkeskommunen og Sametinget. Fylkeskommunen skal syte for at det vert teke omsyn til freda kulturminne og kulturmiljø i planlegginga, også på kommunenivå. Fylkeskommunen førebur fredingssaker for Riksantikvaren og kan sjølv gjere vedtak om mellombels freding. Sametingets miljø- og kulturvernavdeling har eit tilsvarande ansvar for samiske kulturminne og kulturmiljø.

Infrastrukturen på museumsfeltet og kulturminnefeltet i Noreg ligg godt til rette for spennande samarbeidsprosjekt i formidling av kulturarven, kulturminne og forskingsresultat på fagfelta innanfor ramma av Den kulturelle skulesekken.

Samspelet mellom kulturminne og andre kunstnarlege uttrykksformer som til dømes teaterprosjekt, kan gje elevane mange spennande opplevingar og ny kunnskap. Her finst det eit stort og uutnytta potensial for å utvikle samarbeidet mellom musea, kulturinstitusjonar, skuleverket og kulturminneforvaltinga.

4.6.5 Den norske kyrkja og andre trussamfunn

Religiøs tru har ein estetisk dimensjon som til alle tider har gjeve seg utslag gjennom kunst og kultur. Bygningar og utsmykking, musikk og tekster uttrykkjer trua sin bodskap til menneska og menneska sin lengt etter meining, nærleik og samanheng med noko som er sterkare og betre enn den einskilde og det jordiske. Uttrykka speglar kva dei forskjellige tider og kulturar har vore opptekne av og har lagt vekt på. Læreplanane legg i faget kristendom, religions- og livssynskunnskap difor vekt på det estetiske uttrykket i undervisningsplanane, noko som gjer at faget gjev mange høve til å nytte kunstuttrykk i opplæringa.

Boks 4.12 Pilegrimsvandring i Bærum kommune

Gjennom eit samarbeid mellom kommunen, skular og kyrkja vert alle elevar i 4. og 6. klasse i Bærum kommune kjende med den 800 år gamle Haslum kyrkje og det preget dei forskjellige tidene har gitt henne. Dette vert kombinert med ei kort vandring langs pilegrimsleia mot Nidaros.

Den norske kyrkja forvaltar ein monaleg del av vår kulturarv gjennom dei om lag 1600 kyrkjene her i landet. Dels formidlar dei historia om levekår og tru i tidlegare tider, dels knyter dei fortid og notid saman fordi dei formidlar ei levande tru. 350 av kyrkjene i Noreg er bygde før 1650 og 28 av dei er stavkyrkjer. Desse er freda, og til saman meir enn 900 kyrkjer er rekna som særleg verneverdige av Riksantikvaren. Det rike kulturmaterialet, arkitektur, biletkunst, trearbeid, tekstilkunst og liturgisk utstyr, som mange av kyrkjene inneheld, er kjelder til kunnskap, lokal identitet og oppleving. I samvirke med regionale kunstinstitusjonar, museum, Riksantikvaren og kyrkjelyden vil ein kunne nytte denne rikdomen i undervisninga.

Livet i kyrkjene, musikken, liturgiane og tekstane vil òg vera kjelder til profesjonell formidling av kunst for elevar. I mange kyrkjer er det tilsett kyrkjemusikarar, som kan vere potensielle ressursar i samband med formidling av musikk, og for å stimulere til eigne forsøk som utøvarar.

Det kulturelle mangfaldet som dei siste 30 åra har sett aukande preg på landet vårt, særleg i dei større byane, fører òg med seg eit tilfang av religiøs kunst og kultur som ein tidlegare berre fekk del i gjennom reiser til framande land. Islamsk tradisjon og utsmykking, jødisk kultur og forteljing og den internasjonale kulturen som pregar den katolske kyrkja, er aspekt som òg bør speglast i Den kulturelle skulesekken.

4.6.6 Friviljuge organisasjonar og handlingsboren kunnskap

17 friviljuge organisasjonar innanfor området kulturminne og kulturvern er organiserte under paraplyorganisasjonen Kulturvernets Fellesorganisasjon (KORG). Desse organisasjonane har eit breitt kompetanse- og verkeområde, frå Norsk Folkedraktforum med 120 medlemmer, til Landslaget for lokalhistorie med over 80 000 medlemmer.

Dei ulike friviljuge organisasjonane på kulturvern- og kulturminnefeltet sitt arbeid for born og unge er vanlegvis retta inn mot skulane og knytt opp til læreplanen. Tilboda kan omfatte lokalhistoriske tema som ekskursjonar til gamle hustufter, husmannsplassar, bygdeborger eller helleristingsfelt. Det kan omfatte demonstrasjon av handverksteknikkar, båtbygging og annan handlingsboren kunnskap, gjerne med besøk ved verkstader, demonstrasjon/ekskursjon med gamle fartøy, båtar, rutebilar og tog. Både Landslaget for lokalhistorie , Forbundet Kysten og Norsk kulturarv er døme på organisasjonar som har potensial til å samarbeide med skuleverket for å levandegjere lokalhistorie for elevar i grunnskulen. Innanfor handverksfag har Norsk handverksutvikling (NHU) oversyn over personar med kunnskap om små og verneverdige handverksteknikkar.

Born og unge sin kontakt med kompetanseområda husflid og handverk skjer også gjennom Norges Husflidslag og dei nærare 400 lokallaga knytte til denne organisasjonen. Arbeidet skjer i stor grad gjennom arbeidsstover for born og unge og aktivitetar på fritida og i skuletida. Norges Husflidslag har utarbeidd fem hefte til bruk i formidling av husflid til born og unge.

Hittil har interesserte skular kontakta faste personar i det lokale historielaget eller husflidslaget ved planlegginga av skuleåret, slik at rammer for engasjementet vert avtalte. Gjennom Den kulturelle skulesekken og utviklinga av lokale sekker med lokalt innhald er det potensial for å systematisere dette på ein annan og betre måte i kommunane og i samarbeid med det regionale nivået.

Boks 4.13 Frå dør til dør i Skien

I samband med Skien sitt 1000-årsjubileum i 2000 vart eit utval av dører og bygningsdetaljar i byen fotograferte. Etter dette vart det utlyst ein konkurranse blant skuleelevane i byen om å finne fram til kva hus dei ulike dørene og detaljane tilhøyrde. Den beste klassen og den beste skulen vart premiert. Prosjektet var eit samarbeidsprosjekt mellom den lokale avdelinga av Fortidsminneforeningen og skulekontoret i Skien.

4.7 Formidling av film

Eit av hovudmåla for norsk filmpolitikk er å sikre born og ungdom tilgang til film. Film er viktig som språk, kunstform og kulturberar og får stadig sterkare fotfeste i skulen. Film er motiverande i seg sjølv, men òg for anna læring. Film stimulerer kreativitet og leselyst, utvidar omgrepsapparatet og verkar både dannande og utdannande. Film gjev opplevingar for fellesskapet i klassen og knyter band mellom skulen og fritida. Biletspråket er universelt og inkluderande, dei fleste kan forstå det, uavhengig av språkbakgrunn og evna til å lese. Born med generelle lesevanskar kan ofte ha god nytte av arbeid der dei kan bruke film som kommunikasjonsmiddel.

Å uttrykkje seg med levande bilete og forstå visuell kommunikasjon kan i dagens samfunn sidestillast med å lese og skrive. Filmprosjekt i skulen må ta høgde for at elevane kan få gode filmopplevingar gjennom å sjå film og auka forståing for film gjennom å analysere film. Det vil også vere viktig å gje elevane tilgang til film gjennom sjølv å skape film. Møte med profesjonelle filmarbeidarar, manusforfattarar og andre kunstnarar kan gje viktig inspirasjon til elevane.

Det finst eksplisitte mål for filmundervisning i L97 på dei fleste trinn og i fleire fag (norsk, samfunnsfag og kunst og handverk). Trass i at Noreg er eit av dei få landa i verda som skriv om filmundervisning i dei nasjonale læreplanane, er praksisen svært varierande også her i landet. Tilgangen til gode filmopplevingar og kunnskap om filmspråket varierer i takt med tilfanget av lokale lærarressursar og tilgangen til visnings- og produksjonsutstyr. Det er også store variasjonar når det gjeld samarbeidet mellom skulen og kinoen, mellom skule og profesjonelle filmarbeidarar og mellom lokale, regionale og nasjonale ressursar.

4.7.1 Norsk filminstitutt og Statens skulefilmutval

Norsk filminstitutt er ein forvaltingsinstitusjon under Kultur- og kyrkjedepartementet. Ei av oppgåvene til institusjonen er å formidle film og kunnskap om film til allmenta med særleg vekt på born og unge. Statens skulefilmutval er eit utval under Utdannings- og forskingsdepartementet og har sekretariatet sitt i Norsk filminstitutt.

Filminstituttet og skulefilmutvalet har i mange år vore eit nasjonalt ressurssenter for film i skulen, med formidling av filmar, produksjon av læremiddel og organisering av kurs for filminteressert ungdom, for lærarar, lærarstudentar og for kultur- og kinobransje. Dei formidlar også kontakt mellom filmarbeidarar og lokale filmprosjekt for born og unge, mellom anna gjennom samarbeid med interesseorganisasjonane Norske Filmregissører og Norsk Filmforbund.

Statens skulefilmutval legg til rette for filmopplevingar i skuletida ved å utvikle læremateriell til spelefilmar og ved kursverksemd. Filmbutikken til Norsk filminstitutt har i databasen sin eit breitt utval av filmar på video for bruk i skulen, i tillegg til filmlitteratur og andre læringsressursar. Filminstituttet driv òg den nettbaserte medieverkstaden mzoon i samarbeid med Læringssenteret og med støtte frå Utdannings- og forskingsdepartementet og Statens filmtilsyn. Mzoon er ein kreativ arena for filminteresserte born og unge, der dei kan hauste kunnskap om media og medieproduksjon, og der dei kan publisere sine eigne produksjonar. Mzoon er også ein arena for møte mellom kunstnarar og ungdom.

Norsk filminstitutt driv Amandus filmfestival på Lillehammer. Festivalen set søkjelyset på born og unge sine eigne filmproduksjonar og er vorten ein årleg nasjonal møteplass for unge filmskaparar, lærarane deira og profesjonelle filmarbeidarar. Filmmuseet i filminstituttet er ein arena for oppleving og kunnskap om filmhistorie og kulturarv og er ei filmhistorisk kjelde som også skal utviklast på nettet. Ved å delta i EU-prosjektet Cinedays kvart år initierer Norsk filminstitutt aktivitetar på kinoar og skular over heile landet, med internasjonale samarbeidspartnarar. Hovudmålet er å formidle den europeiske filmarven gjennom samarbeid på tvers av landegrenser og kulturskilje.

Statens filmtilsyn gjev òg bidrag til dette arbeidet med debattarenaer og kompetanse på tema knytte til filmsensur, film og påverknad og problemstillingar rundt levande bilete i dei nye media.

4.7.2 Regionale kompetansemiljø og pilotprosjekt

På 1990-talet vart det gjennomført to store nasjonale prosjekt for utprøving av film- og medieprosjekt i utvalde regionar. Levende bilder barn og unge (Norsk kulturråd, Norsk filminstitutt m.fl.) og Prosjekt Medieverksted (Nasjonalt læremiddelsenter, Norsk kulturråd og NRK) var med å skape ei lang rekkje filmrelaterte aktivitetar over heile landet og sådde mange spirer til kreative miljø som framleis blomstrar.

Rapportane frå desse prosjekta fortel at satsing på regionale ressurssentra og medieverkstader som kan tilby kompetanse til lærarar og elevar i og etter skuletid, er viktig for å skape varige tiltak. Mediefabrikken i Akershus, E6 – Østfold Medieverksted, Medieverkstedet i Ås og Ski og Tvibit i Tromsø er gode døme på kompetansesenter som fungerer godt, og som kan vere viktige ressursar for å gjennomføre lokale filmprosjekt i Den kulturelle skulesekken.

I Vesterålen er det i mange år drive ei medviten satsing på filmprosjekt for born og unge, mellom anna gjennom den årlege festivalen Laterna Magica og regionprosjektet Barn og unge i skapende filmarbeid (Vesterålen regionråd).

Skuleåret 2001–2002 initierte Norsk filminstitutt og Statens skolefilmutval forsøksprosjekt i Troms og Oppland med midlar frå Den kulturelle skulesekken. Fylka utvikla ulike modellar med eit mangfald av aktivitetar i utvalde kommunar. Filminstituttet deltok med faglege ressursar i oppbyggings- og gjennomføringsfasen, i samarbeid med høgskulane i dei to fylka.

Norsk filminstitutt har også medverka med filmfagleg kompetanse i pilotprosjektet Gutter danser – jenter multimedierer (Norsk kulturskoleråd, Den Norske Opera/Nasjonalballetten og Norsk filminstitutt). Dette prosjektet legg vekt på å sjå fleire estetiske uttrykk i samanheng. Film er godt eigna i crossover-prosjekt som inkluderer til dømes film og bok, film og teater, film og musikk, film, historie og museum. Dei positive erfaringane frå pilotprosjekta vil vere til stor nytte for andre fylke som vil setje i gang filmprosjekt i Den kulturelle skulesekken.

Figur 4.3 Eit satsingsområde innanfor Den kulturelle skulesekken
 i Oppland er «film i sekken».

Figur 4.3 Eit satsingsområde innanfor Den kulturelle skulesekken i Oppland er «film i sekken».

Foto: Camilla Vanebo

4.7.3 Film i lokalmiljøet

Filmaktivitetar skjer både på skulen og i skulen sitt nærmiljø. Der det er mogleg, bør filmprosjekt fungere som vekselbruk med skulen og kinoen som arenaer. Billegare og betre utstyr for filmvisning gjer skulane betre i stand til å skape gode framsyningstilhøve også for film på video.

Kinoane er likevel dei mest opplagde lokala for optimale filmopplevingar. Kinoane kan òg leggje til rette for møte med filmkunstnarar, regissørar, fotografar og skodespelarar i tilknyting til filmframsyningar. På kinolerretet kan elevane få vise sine eigne filmar. Kino og skule kan samarbeide med lokalavisa om ein årleg lokal filmfestival for visning av elevproduksjonar. Bransjeorganisasjonen Film & Kino uttrykkjer på vegner av kinoane i Noreg eit ynske om å samarbeide med skulane om ulike filmprosjekt.

Barnefilmklubbane utgjer også ein viktig ressurs for lokalmiljøet. I dag finst det 31 barnefilmklubbar med om lag 2700 medlemmer, spreidde over heile landet og i alle fylke. Klubbane er delar av eit etablert nasjonalt nettverk under Filmklubbforbundet.

Til forsida