St.meld. nr. 38 (2002-2003)

Den kulturelle skulesekken

Til innhaldsliste

5 Modellar for samarbeid mellom kultur og skule

5.1 Innleiing

Den lokale forankringa er basis i Den kulturelle skulesekken. Det er i den enkelte kommunen at krafta og initiativet til ei satsing på kultur skal liggje. Dette vil krevje både ein politisk vilje til å satse, vilje til samarbeid mellom skule og kultur på lokalt plan i den enkelte kommunen og over kommunegrensene, og vilje til å lyfte opp og nytte dei ressursane kommunane har i arbeidet med Den kulturelle skulesekken på ein målretta og effektiv måte. L97 er eit godt grunnlag for å setje ei slik satsing inn i ein breiare samanheng.

For å sikre at kommunane får eit profesjonelt kulturtilbod bør det regionale og nasjonale nivået i tillegg bidra med formidlingsordningar og kompetansemiljø som sikrar at born og unge møter kunst- og kulturuttrykk av høg kvalitet innanfor ramma av skulegangen sin. Dette vil frigjere administrative og personellmessige ressursar i kommunane. Ein kan utnytte logistikken betre og difor gje eit rimelegare og betre tilbod enn om kommunane sjølve skulle ta hand om dette.

Kommunar med god kulturell infrastruktur og institusjonar med ei nasjonal eller regional formidlingsoppgåve innanfor sine grenser bør samarbeide med fylkesnivået for å sikre at institusjonane sine tilbod kan kome heile regionen til gode. Samarbeidet bør vere forankra i ei felles målsetjing om å sikre alle elevane i fylket gode møte med kunst og kultur, og kompetanseheving både i kultursektoren og skulesektoren. Departementet vurderer desse spørsmåla som ei politisk og administrativ utfordring på lokalt og regionalt nivå.

Utviklinga av Den kulturelle skulesekken framover vil krevje eit godt samarbeid mellom kommunenivået og det regionale nivået gjennom fylkeskommunen og fylkesmannen si utdanningsavdeling. Dette kapitlet tek sikte på å presentere arbeidet og innretninga for Den kulturelle skulesekken i enkelte fylkeskommunar og kommunar per i dag.

5.2 Fylkesmodellar

Dei fylkeskommunane som har arbeidd særleg med formidling av kunst og kultur til grunnskulen, har fram til nyleg konsentrert seg om å gje eit basistilbod til kommunane gjennom ei abonnementsordning med føremål å syte for ein kulturell sikringskost til skulane. Dette skjer i samarbeid med fylkesmannens utdanningskontor, regionale kunst- og kulturinstitusjonar, kunstnarar, og aktørar med heile landet som virkefelt, som til dømes Rikskonsertane, Riksutstillingar, Norsk scenekunstbruk og Norsk forfattersentrum.

Døme på slike formidlingsordningar er Kulturnista i Møre og Romsdal, Kulturell nistepakke i Sør-Trøndelag, Kulturformidling i Oppland, Turnéorganisasjonen for Hedmark og Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane. Nokre av desse formidlingsordningane omfattar etter kvart dei fleste kommunane og dei fleste elevane i fylket. Andre fylke har i tillegg starta med eit samarbeid med nokre få kommunar, for å stimulere og byggje opp lokale kulturelle skulesekkar i desse kommunane.

Dei fylkeskommunale formidlingsordningane er finansierte gjennom ein kommunal eigendel som sjeldan overskrider 40 kroner per elev, statstilskot gjennom Den kulturelle skulesekken i 2001 og 2002, avsetning av spelemidlar til Den kulturelle skulesekken i 2003 og fylkeskommunal eigeninnsats. I tillegg kjem innsats frå kulturinstitusjonar regionalt og nasjonalt.

Departementet ser på desse formidlingsordningane som gunstige både i høve til administrative kostnader og i forhold til planlegging og logistikk. Generelt har departementet eit inntrykk av at ordningane fungerer positivt, og at kommunane er nøgde med tilbodet. Mange av kommunane vil ikkje ha kapasitet til å setje av administrative ressursar for å skaffe eit liknande profesjonelt tilbod på eiga hand. Heller ikkje tingingskompetansen er godt nok utbygd i alle kommunar. Kommunal medverknad vert sikra gjennom møte mellom kontaktforuma i kommunane og fylkeskommunen og gjennom årlege kulturtorg eller kulturmarknader.

Med utvidinga av Den kulturelle skulesekken ser fleire fylkeskommunar no på dei etablerte formidlingsordningane som ein del av arbeidet med Den kulturelle skulesekken i fylket. Fleire arbeider mellom anna med kompetansehevingsspørsmål og samarbeider tett med regionale skulestyresmakter og til dømes høgskular om dette. Til ein viss grad er det også samarbeid over fylkesgrensene om slike spørsmål.

Planane som fylkeskommunane har sendt inn per 15. april 2003 til sekretariatet for Den kulturelle skulesekken, viser at dersom overføringane til fylkeskommunane aukar i åra som kjem, tek fleire av fylkeskommunane sikte på at dei kommunane som arbeider målretta med Den kulturelle skulesekken, skal ha høve til å søkje om eit økonomisk tilskot frå fylkeskommunen til dette arbeidet. Departementet understrekar at dette vil vere i tråd med dei føringane som er lagde til fylkeskommunane for bruken av midlane til Den kulturelle skulesekken.

5.2.1 Møre og Romsdal

Arbeidet med det som i dag vert kalla Den kulturelle skulesekken i Møre og Romsdal, starta i 1993. Utgangspunktet var eit Ung Kultur-manifest som slo fast «kva kulturtilbod born og unge minimum bør ha». Manifestet vart utarbeidd i samarbeid med ungdom, politikarar, kunstnarar og kulturbyråkratar. Samstundes vart det utarbeidd ein enkel og oversiktleg modell i Sunndal kommune, som slo fast kva kunst- og kulturtilbod dei ulike aldersgruppene skulle ha innanfor kvart kulturområde. Med utgangspunkt i kommunane sine ynske og planar for kva tilbod dei ville gje sine unge innbyggjarar, vart kommunane og fylkeskommunen samde om ei arbeidsfordeling. Tilbodet som fylkeskommunen gjev, er med andre ord grunnfesta i kommunane sine definerte behov og ynske. Lokal forankring av tilbodet er eit sentralt element.

Kommunane og fylkeskommunane nyttar same mal for sine planar for Den kulturelle skulesekken. Dette inneber dei same fire satsingsområda, eigenaktivitet og opplæring av elevar gjennom styrking av kulturkompetansen til lærarane, arena for unge utøvarar (til dømes Ungdommens kulturmønstring), møte med kultur og utøvarar på eit høgt nivå og møte med kulturarven (Kulturnista). Dette er med å sikre eit samsvar mellom tiltaka lokalt og regionalt.

Kulturetaten i fylkeskommunen er hovudansvarleg for arbeidet med Den kulturelle skulesekken i samarbeid med fylkesmannens utdanningsavdeling. Dei to etatane har det daglege ansvaret for å drive fram Den kulturelle skulesekken og fungerer som hovudkontakt i fylket. Det er òg eit nært samarbeid med kulturinstitusjonar og formidlingsorganisasjonar både i fylket og sentralt.

Kulturnista er fylkeskommunen si formidlingsordning for å sikre born og unge årlege opplevingar innanfor teater, dans, visuell kunst og litteratur, i tillegg til musikk som vert sikra gjennom Rikskonsertane. Kulturnista vart etablert som ei forsøksordning frå skuleåret 1998–1999.

For skuleåret 2002–2003 er alle dei 38 kommunane og 26 573 elevar av totalt 33 117 med i ordninga. Berre tre kommunar har ei avgrensa deltaking der ein eller to skular deltek. Frå skuleåret 2003–2004 er alle skulane inviterte til å delta. Rikskonsertane gjev eit tilbod til 28 av dei 38 kommunane. Ti kommunar i Møre og Romsdal står på venteliste for å få skulekonsertar.

Kommunane søkjer om å få vere med i Kulturnista på årsbasis. For dei kommunane som er med i Kulturnista, er det krav om å opprette eit kulturforum med deltakarar både frå kultur- og skulesektoren. Kvar kommune har valt ein nistekontakt som er fylkeskommunen sin kontaktperson i kommunen. Alle skulane har peika ut ein eigen kulturkontakt.

For å vere med i Kulturnista betalar kommunen kr 40 per elev per år. Dei kommunane som er innanfor Rikskonsertane si skulekonsertordning, betaler i tillegg 18 kr per elev. Kommunen er dessutan ansvarleg for all transport innanfor sin kommune (dette gjeld ikkje skulekonsertane). Utgiftene til dette er stipulert til kr 30 per elev, men er mest sannsynleg noko høgare.

Staten sin del av finansieringa er knytt til midlar til landsomfattande formidlingsordningar som til dømes Rikskonsertane, midlar over Kultur- og kyrkjedepartementets budsjett og frå 2003 spelemidlar til Den kulturelle skulesekken. Møre og Romsdal fekk i 2001 1 mill. kroner og i 2002 kr 750 000 over Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett for å vidareutvikle arbeidet med Den kulturelle skulesekken i fylket. Det er vanskeleg å rekne ut dei totale fylkeskommunale utgiftene for ordninga, men fylkeskommunen stipulerer ein sum på om lag kr 80 per elev, dvs. totalt i overkant av 2 mill. kroner årleg. Møre og Romsdal er tildelt kr 2 057 000 av spelemidlane til Den kulturelle skulesekken i 2003. Fylkesmannens utdanningsavdeling dekkjer ein del av kostnadene til turnélegging.

Fylkeskulturetaten arrangerer årleg eit kulturtorg, som er ein marknadsplass der kommunane/skulane får høve til å sjå og lytte til aktuelle produksjonar innanfor teater/dans, kunst, litteratur og musikk. Kulturtorget fungerer som ein viktig møtestad for utøvarar innanfor ulike kulturuttrykk, lærarar, kultursjefar, skulesjefar, representantar frå kulturinstitusjonar og politikarar frå dei ulike forvaltningsnivåa. På kulturtorget i januar 2003 deltok om lag 600 personar. Både Sør-Trøndelag og Sogn og Fjordane deltok med kvar si busslast deltakarar. Også andre fylke har vitja kulturtorget tidlegare.

Høg kvalitet i produksjonane er eit ufråvikeleg krav, og fylkeskommunen vel ut produksjonane til kulturtorget i samråd med fagmiljøa. Etter kulturtorget sender kommunane ei prioritert liste til fylkeskulturavdelinga, og ut frå det set fylkeskulturavdelinga opp eit turnétilbod som vert presentert i eit fellesmøte for kontaktane i kommuane. Så langt som råd er følgjer ein kommunane sine ynske i planlegginga. Etter dette vert turnéane organiserte.

Ordninga sikrar at born og ungdom i fylket får minimum fem møte i året:

  • to konsertar gjennom Rikskonsertane (for 28 av 38 kommunar)

  • ei teater- eller danseframsyning

  • ei bokoppleving (t.d. møte med ein forfattar, ei teaterframsyning, ein skodespelar som les frå bøker)

  • ei kunstoppleving (t.d. ei kunstutstilling, møte med ein biletkunstnar/kunsthandverkar)

I møte med kulturarven vert det i tillegg lagt til rette for museumsbesøk for elevane. Nokre av møta kan vere sjangeroverskridande, og målet er at born og ungdom skal vere sikra eit stort mangfald av kulturuttrykk.

Viktige samarbeidspartnarar for Kulturnista er Rikskonsertane, Riksutstillingar, Norsk scenekunstbruk, Teatret Vårt, Operaen i Kristiansund, frie danse- og teatergrupper, Norsk forfattarsentrum Midt-Norge, Kunstnarsenteret i Møre og Romsdal, Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal og Høgskolen i Volda.

Kvart år vert det arrangert to oppsummeringsmøte med kulturnistekontaktane frå kommunane, der fylkeskommunen og fylkesmannen si utdanningsavdeling får ei meir uformell tilbakemelding på opplegget. Ut over dette sender kommunane og skulane inn eit evalueringsskjema av dei ulike tilboda. Frå skuleåret 2003–2004 skal det også arrangerast eit oppstartmøte der alle dei involverte skulane vert inviterte til å delta, saman med dei lokale musikk- og kulturskulane, biblioteka og musea. Hovudmålet er å styrkje den lokale forankringa i arbeidet.

I budsjettet for Den kulturelle skulesekken vert det årleg sett av kr 350 000 til produksjonsmidlar for nye produksjonar. Det vert gjeve årlege kurs i kunstformidling for lærarar i skulane. Fylkesmannen si utdanningsavdeling har oppført kultur som eit av satsingsområda innan kvalitetsutvikling. Det vil seie at kommunane kan søkje om kompetanseutviklingsmidlar for lærarane innan dette området. I tillegg arbeider Kulturetaten i fylkeskommunen med å tilby verkstader og kurs for å sikre heving av kulturkompetansen hos lærarane.

Fylkestinget vedtok i april 2003 å setje av 1 mill. kroner til å utvide Den kulturelle skulesekken til også å omfatte vidaregåande skule.

Kommunane har bede om eit tilsvarande tilbod til barnehagane, noko som gradvis vil verte innarbeidd i samsvar med tilgjengelege ressursar.

5.2.2 Hedmark

Hedmark fylkeskommune oppretta Turnéorganisasjonen for Hedmark (ToH) som ei stifting i 1991 med formål å formidle kunst og kultur til innbyggjarane i Hedmark, og då særleg til born og unge. Ordninga retta mot skuleverket er kalla Skolepakka, og er ein sentral del av arbeidet med Den kulturelle skulesekken i Hedmark. I tillegg til å formidle produserer også Turnéorganisasjonen eigne framsyningar og utstillingar. Turnéorganisasjonen har tilsett eigne produsentar for musikk, visuell kunst, litteratur og scenekunst.

Skolepakka er ei ordning som kommunane kan abonnere på. Kommunane betaler kr 25 per elev direkte til Turnéorganisasjonen i Hedmark, og kr 18 per elev til fylkeskommunen for dei som er med i Rikskonsertane si skulekonsertordning. Kommunane er med inntil abonnementet vert sagt opp. I dag er alle dei 22 kommunane, 152 av 153 skular og totalt 22 967 elevar med i ordninga.

Alle klassetrinn som er med i ordninga, får i løpet av eit år dette tilbodet:

  • eit forfattarbesøk

  • ei utstilling av biletkunst eller kunsthandverk

  • eit teater-/dansebesøk

  • to konsertar for 19 av 22 kommunar som er med i Rikskonsertane si skulekonsertordning

Besøkstida varierer frå enkelttimar i enkeltklasser til heildagsbesøk og til prosjekt over ei veke. Elevane vil i løpet av åra i grunnskulen motta mange besøk innanfor kvar kunstart, og Turnéorganisasjonen legg stor vekt på at dei skal få oppleve så mange uttrykksformer som mogleg. Turnéorganisasjonen held oversyn over kva skulane har motteke tidlegare, og ser på heilskapen når programplanane vert lagde for neste kalenderår.

Det vert lagt stor vekt på at produksjonane er tilpassa målgruppa. Produsentane i Turnéorganisasjonen bestemmer innhaldet og vurderer kvaliteten ut frå faglege kriterium og held seg oppdaterte på kva som går føre seg på landsbasis. Kvalitet er viktig i alle ledd av Turnéorganisasjonen sitt arbeid. I starten av kvar nye turné vert det sendt ut evalueringsskjema og gjennomført samtaler med enkelte av skulane som får produksjonen og utøvarane. Produsentar følgjer alle turnéane og kvalitetssikrar alle produksjonane. Kontakten med skulane er god.

Turnéorganisasjonen i Hedmark ynskjer at Skolepakka skal vere kulturlivet si gåve til skulekvardagen, og at kunstnarne kan bidra med det dei kan best, å skape opplevingar. Turnéorganisasjonen meiner at det er positivt dersom vitjingane kan knytast opp til læreplanen – kunnskap og opplevingar er to sider av samme sak – men at læreplanen ikkje skal bestemme utval og formidling. Turnéorganisasjonen i Hedmark har eit skråblikk på L97, men det er ikkje retningsgjevande i organisasjonen sitt arbeid.

Skolepakka er først og fremst eit kulturtiltak initiert av fylkeskommunen. Det har til no vore lite samarbeid med skuleetaten i fylket utover at fylkesmannen si utdanningsavdeling betaler turnélegginga for Rikskonsert-produksjonane. Etter at Den kulturelle skulesekken vart ei nasjonal satsing, er det innleidd eit nærare samarbeid mellom fylkesmannens utdanningsavdeling, Høgskolen i Hedmark, Turnéorganisasjonen for Hedmark og Hedmark fylkeskommune i det vidare arbeidet med Den kulturelle skulesekken i fylket. Målet er å leggje til rette for at skulane og kommunane i Hedmark skal nytte prinsippa for Den kulturelle skulesekken som metode i realiseringa av sine læringsmål, og å leggje til rette for samarbeid mellom skule og kunstnarmiljø/kulturinstitusjonar for å bruke miljøa aktivt i skulen sitt pedagogiske arbeid.

Det vert særleg satsa på:

  • å utvikle kulturelle skulesekker i kvar kommune

  • styrkje produksjons- og formidlingsvolumet

  • skape møteplassar for idéutveksling og refleksjon

  • kompetanseutvikling.

Turnéorganisasjonen i Hedmark vart i 2003 evaluert av Telemarksforsking (Røyseng og Aslaksen, 2003).

5.2.3 Oppland

Basis for Den kulturelle skulesekken i Oppland er Kulturformidling i Oppland , som vart etablert i 1999. Den kulturelle skulesekken i Oppland har følgjande mål: «Alle elever i grunnskolen i Oppland skal gjennom sin skoletid sikres gode, spennende og varierte kulturopplevelselser og få utfordre og utfolde egne skapende krefter i samsvar med intensjonene i L97».

Elevane skal sikrast eit breitt tilbod av kulturopplevingar gjennom:

  • utvikling av kulturelle opplevingar og eigenaktivitet, mellom anna for å sikre at den lokale kulturarven vert teken vare på

  • vidareutvikling av Kulturformidling i Oppland

  • brukaroppfølging og kompetanseheving.

Av 26 kommunar er i alt 21 med i formidlingsordninga Kulturformidling i Oppland. Då Den kulturelle skulesekken vart lansert på landsbasis, valde fylket ut seks modellkommunar som får ei breiare og meir systematisk satsing. På den måten kan ein få prøvd ut ulike lokale modellar og forankre skulesekken lokalt i den enkelte kommune og lokalsamfunna. Desse kommunane har laga sine eigne lokale prosjektplanar og fått mellom kr 70 000 og kr 105 000 kvar via fylkeskommunen til å gjennomføre desse. Dei seks kommunane er Gran, Østre Toten, Søndre Land, Øystre Slidre, Vestre Slidre og Dombås.

Figur 5.1 Scene frå Gardbergspelet «Eg Gudgjest, rita
 runene».

Figur 5.1 Scene frå Gardbergspelet «Eg Gudgjest, rita runene».

Foto: Marit Brænd

Kommunane skal vere aktive brukarar av fylket si formidlingsordning og ha eit formalisert samarbeid mellom skule- og kulturetaten i kommunen. Utover dette har kommunane stått relativt fritt i høve til korleis dei ynskjer å organisere og utvikle dei lokale modellane. Fylkeskommunen og fylkesmannen si utdanningsavdeling har aktivt følgt opp desse kommunane med nettverkssamlingar, brukaroppfølging og kompetanseheving.

I tillegg til arbeidet med modellkommunane har Oppland vidareført formidlingsordninga si for dei 21 kommunane og hatt ei særleg satsing på film og verkstadsordningar. Skulen står i sentrum for Kulturformidling i Oppland og er såleis eit særleg viktig verkemiddel for å styrkje kulturdimensjonen i grunnskulen slik det er lagt opp til i Broen og den blå hesten og L97.

Kommunane sitt ansvar i arbeidet med kulturformidlinga i Oppland har vore å utvikle og halde ved like det lokale mottakar- og arrangørapparatet, utvikle lokal formidlingsprofil, melde inn ynske om type produksjonar og framføringsstad, velje produksjonar frå ein meny og sikre at tilhøva lokalt vert lagde til rette.

Fylkeskommunen sitt ansvar er å halde kontakt med produksjonsmiljø og ha oversyn over aktuelle produksjonar, påverke produsentar til å lage etterspurde produksjonar, sikre tilfredsstillande kvalitet, setje opp programmenyar, forhandle pris med produsentane og sikre at kommunane får naudsynt opplæring. Fylkeskommunen har ansvar for legging og koordinering av turnéane i Oppland. Turnéane vert lagde på grunnlag av tingingar frå kommunane.

Tilboda skal vere tilpassa alle kommunane som deltek i ordninga. Det er etablert eit kulturforum med samordningsansvar i kvar kommune. Programtilbodet vert sett opp i samråd med representantar for kulturforum i kvar kommune. Kommunane avgjer kvar og korleis produksjonane skal visast. Ordninga set kommunen i sentrum og byggjer på det grunnprinsippet at den enkelte kommune må ta ansvaret for den lokale kunst-/kulturformidlinga. Ordninga skal sikre eit basistilbod og skal ikkje fortrengje eksisterande tilbod. Det er ei oppgåve å involvere born og ungdom aktivt i formidlingsprosessen. Fylkeskommunen skal sikre tilfredsstillande kvalitet på dei produksjonane som vert tilbode. Dette vert gjort i samarbeid med fagmiljøa.

Viktige samarbeidspartnarar og fagmiljø i ordninga er Norsk scenekunstbruk, Norsk forfattersentrum, Fylkesbiblioteket, Riksutstillingar, Rikskonsertane, Kunstnersentret i Oppland og Lillehammer kunstmuseum.

Det er gjort framlegg om å innarbeide produksjonstilskot i ordninga for å stimulere til fleire produksjonar frå eige fylke. Dette vil kunne gje både produksjonsmiljø og utøvarar frå fylket interessante utfordringar og betre marknad, og det kan verte interessant for fleire utøvarar å busetje seg i fylket. Ei slik ordning har vore prøvd ut, men er ikkje gjennomført i full breidde. Ordninga er i dag i hovudsak basert på kjøp og distribusjon av ferdige produksjonar.

Ein gong i året vert det arrangert ein kulturmarknad eller «Kulturslepp», der programtilbodet for komande skuleår vert presentert. I tillegg vert det arrangert årlege planleggings- og evalueringsmøte for å drøfte programprofil og aktuelle produksjonar og for å utveksle røynsler. På desse møta er alle kommunane som er med i ordninga, representerte ved kulturkontakten og skulekontakten i kommunane. Utover desse møta er det førebels inga systematisk evaluering. Det vert gjeve noko reisetilskot frå fylkeskommunen, slik at enkelte kulturkontaktar eller skulekontaktar kan reise til den årlege Scenekunstmarknaden i Sandefjord.

5.2.4 Vestfold

Målet med Den kulturelle skulesekken i Vestfold er å tilby alle grunnskuleelevar ein kulturell skulesekk med Sandefjordmodellen som mal, jf. pkt. 5.3.1. Den kulturelle skulesekken i Vestfold består av 14 kommunale kulturelle skulesekker, der innhaldet er profesjonell formidling av ulike kunstuttrykk og regionen si historie. Fylkeskommunen har i hovudsak ei rolle som nettverksbyggjar og kompetanseutviklar i tillegg til å ha hovudansvar for samordning av turnéar.

Den kulturelle skulesekken i Vestfold har ei styringsgruppe samansett av kulturdirektøren i fylkeskommunen, utdanningsdirektøren i fylket og prorektor ved Høgskolen. Den daglege drifta skjer i fylkeskulturverksemda. Alle kommunane i Vestfold er med i Kulturarvsprosjektet Vikingtid i Vestfold . I tillegg er det starta eit utviklingsprogram for dei fire pilotkommunane Sandefjord, Andebu, Re og Larvik. Dette er kommunar som allereie har røynsler med Den kulturelle skulesekken. I løpet av første kvartal 2003 er fire nye kommunar med. Dette er kommunane Hof, Horten, Sande og Svelvik. I dei andre kommunane i Vestfold vert det arbeidd med å utvikle lokale ordningar.

Fylkeskommunen har følgjande forventningar til kommunane som ynskjer å vere med i ordninga:

  • Kommunen har utvikla ein plan for profesjonell kunst- og kulturformidling til grunnskuleelevar, med tema på kvart klassetrinn.

  • Kulturplanen er utvikla og vert drifta som eit formalisert samarbeid mellom kultur- og skulesektoren i kommunen og er forankra i kommunen sitt administrative og politiske system.

  • Det må frå skulane si side skje ei heilskapleg og bevisst innlemming av kunstnariske og kulturelle verdiar i realiseringa av skulens læringsmål. Dette stiller krav til forståing av prinsippa for utviklinga av Den kulturelle skulesekken som metode i skulen sitt arbeid. Kommunane treng ein strategi for kompetanseutviklinga.

Kommunane betaler inga avgift til fylkeskommunen for å vera med, men dei vil ha utgifter til drift av eigen kulturplan.

Det er etablert eit kommunenettverk med kontaktpersonar frå alle kommunane og eit fagleg nettverk for pilotkommunane der ein har jamlege møte og drøftar erfaringar og idéar, og utviklar samarbeidsrutinar for utveksling av kunst- og kulturproduksjonar kommunane imellom. Primærkommunane er fylkeskommunen sine viktigaste samarbeidspartnarar, og arbeidet med Den kulturelle skulesekken er ein del av partnarskapsutviklinga mellom kommunane på den eine sida og mellom fylkeskommunen og primærkommunane på den andre. Høgskolen i Vestfold har tilbod om kompetanseutviklingskurs for lærarar.

5.2.5 Sogn og Fjordane

Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane vart starta opp som eit prøveprosjekt for åtte kommunar og vel 5 000 elevar våren 2002. Dei same kommunane har delteke i ordninga inneverande skuleår og gjennom eit aktivt evalueringsarbeid medverka til å etablere Sogn og Fjordane-modellen. Frå hausten 2003 blir fylkestilbodet utvida til 16 kommunar og nærare 12 000 elevar.

Grunnlaget for satsinga i fylket vart lagd i ei omfattande spørjeundersøking i alle grunnskulane og kulturskulane hausten 2001, som mellom anna kartla ynske, eksisterande tilbod og samarbeidet mellom skuleslaga. Ein fann ut at det eksisterte eit godt samarbeid mellom kulturskulane og grunnskulane, og at grunnlaget for ei felles kopling til Den kulturelle skulesekken var på plass i dei fleste av kommunane. Med omsyn til innhaldet i skulesekken prioriterte grunnskulane følgjande tilbod: musikk, biletkunst, dans, teater og lesestimulering. Førebels er ingen av tilboda obligatoriske. Skulane får ei liste med tilbod der dei vel ut det som er mest interessant for dei, men der kulturavdelinga står fritt til å gje eit anna tilbod dersom ein ikkje klarer å innfri vala.

Kartlegginga gav viktige innspel til utforminga av sikringskosten i Den kulturelle skulesekken. Samstundes fekk skulane og kommunane grunnleggjande informasjon om kva moglegheiter og intensjonar som er knytte til Den kulturelle skulesekken. Mange kommunar etablerte raskt lokale kulturforum der samarbeidet mellom skule og kultur vart sett i system, og der kulturskulen fekk ein plass. Frå kulturavdelinga si side vart det sett som føresetnad for deltaking i Den kulturelle skulesekken at kommunane etablerte kulturforum, og at alle skular oppnemnde eigne kulturkontaktar. Vidare vert det no arbeidd med at kvar kommune, gjennom kulturforum, utarbeider ein lokal plan for ei skule- og kultursatsing, det lokale skulesekk-innhaldet, og at denne vert politisk forankra.

I den første oppbyggingsfasen fekk Sogn og Fjordane god støtte frå nabofylket Møre og Romsdal, og dei to fylka vurderer no eit tettare samarbeid om mellom anna turnéar som skal gå i begge fylka. Kulturtorget i Møre og Romsdal er etablert som ein felles møtearena for nabofylka, og det er eit mål at aktørar frå Sogn og Fjordane, som til dømes fylkesmusikarane og Sogn og Fjordane teater, også skal få delta der.

Eit av særtrekka med Sogn og Fjordane-modellen er det nære samarbeidet med Sogn og Fjordane fylkesbibliotek. Institusjonen skaffar forfattarar via Vestnorsk Forfattarsentrum, legg opp forfattarturneane, tilbyr skulane klassesett og distribuerer informasjon via lokalbiblioteka. I tillegg har fylkesbiblioteket teke ansvar for å utvikle og drifte heimesidene til Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane. Dette ser fylkesbiblioteket på som sitt bidrag til ei viktig satsing dei sjølve har stor glede av, og det blir difor gjort utan vederlag. Tilsvarande teneste innanfor scenekunstområdet vert utført av Sogn og Fjordane teater, men i nært samarbeid med kulturavdelinga.

Dette samarbeidet har ført til at ressursbruken i administreringa av fylkesnivået har vore minimal. Våren 2003 er stillingsheimlane knytte til Den kulturelle skulesekken 110 prosent fordelt på to personar. Det er aktuelt å utvide til 150 prosent frå hausten 2003 og på sikt få til to heile stillingsheimlar for å handtere utvidinga av satsinga. I tillegg kjem bidrag frå kulturavdelinga knytt til merkantile oppgåver og bidrag frå fylkesmannen si utdanningsavdeling knytt til informasjonsarbeid som rektorsamlingar og kurs i samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane. Utdanningsavdelinga har ein rådgjevar som i sin stillingsinstruks har Den kulturelle skulesekken som prioritert arbeidsområde, og samarbeidet med kulturavdelinga er svært godt.

Frå hausten 2003 vert det prøvt ut ein eigen regionmodell for Den kulturelle skulesekken i Nordjord i Sogn og Fjordane. Dei sju kommunane i Nordfjord – Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Gloppen, Stryn og Hornindal – har kome med i fylkestilbodet under føresetnad av at dei får to tilbod gjennom sikringskosten i fylket og sjølve tar ansvar for to tilbod. Dei sju kommunane har utarbeidd eit felles, politisk manifest for Den kulturelle skulesekken og har sett av ei løyving tilsvarande 40 kroner per elev per år til denne satsinga.

Forventningane til regionmodellen i Nordfjord er at kommunar med ei geografisk tilknyting sjølve kan ta eit felles ansvar for den satsinga dei meiner er interessant i sitt nærområde. Slik prøver ein å få til samarbeid om å løyse oppgåver som elles kanskje vert for krevjande for den einskilde kommunen. Det eine felles regiontilbodet komande skuleår vert besøk på Nordfjord Folkemuseum, som er eitt av dei 20 musea i landet som har fått 500 000 kroner i statstilskot for 2003 til å byggje opp og styrkje tiltaksprogram for born og unge. Prosjektleiaren i Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane er med i referansegruppa museet har etablert i samband med dette arbeidet. Det er aktuelt å byggje ut tilbodet med «pakkeløysingar», der skulebesøk på museet også inkluderer eit av tilboda frå sikringskosten, som til dømes folkesong.

Målet er at Nordfjordmodellen skal leggje grunnlaget for ei ordning som er interessant også for dei andre regionane i fylket. På sikt vil det då bli enklare å administrere og kvalitetssikre ein eventuell økonomisk modell der delar av løyvingane til Den kulturelle skulesekken blir nytta til sikringskosten, og delar blir gjeve som tilskot til kommunane og deira lokale tilbod.

For tida vert det også arbeidd med å utvikle ein eigen modell for «film i sekken» i Sogn og Fjordane. Media- og kommunikasjonslina ved Firda vidaregåande skule vil komande skuleår utarbeide eit opplegg for filmundervisning – og filmoppleving i grunnskulen. Forventningane til denne modellen er at han skal kunne overførast til dei andre kommunane i fylket, slik at alle elevane får tilgang til og eit positivt forhold til film som ein del av kunst og kultur generelt. Sogn og Fjordane fekk 250 000 kroner i 2001 og 750 000 kroner i 2002 for å utvikle Den kulturelle skulesekken. I 2003 får fylket om lag 1,3 mill. kroner i spelemidlar til arbeidet.

Så langt har dei statlege løyvingane til Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane gått uavkorta til elevretta tiltak i form av ein felles sikringskost. Satsingsområda inneverande år er teater, drama, musikk, dans, biletkunst og kunsthandverk, arkitektur og lesestimulering. Det er eit mål at alle grunnskuleelevane i fylket skal få eit tilbod gjennom Den kulturelle skulesekken innan 2006. Først etter den tid vil det verte aktuelt å fordele midlar direkte til kommunane.

5.3 Kommunale modellar

Den kulturelle skulesekken som omgrep kjem frå Sandefjord kommune. Denne kommunen starta med Den kulturelle skulesekken allereie i 1997, som ledd i at Sandefjord i sterkare grad ynskte å stå fram som ein kulturby. Etter kvart har fleire kommunar laga sine eigne lokale kulturelle skulesekker, mange etter modell av Sandefjord. Karmøy, Larvik, Odda, Ullensaker, Gran og Drammen er døme på andre kommunar som er i gang med å byggje ut sine kulturelle skulesekker, med utgangspunkt i Læreplanverket og med spesifisering av aktivitetar på dei ulike klassetrinna.

Over heile landet går det no føre seg ei bevisstgjering av kva Den kulturelle skulesekken kan ha å seie for den enkelte kommune og skule. Dette er ei positiv utvikling som skapar interaksjon og samarbeid lokalt mellom skule- og kultursektor og fastsetjing av ein del prinsipp lokalt om ei satsing på kultur i grunnskulen. Det er ikkje noko mål at ei satsing på Den kulturelle skulesekken skal følgjast av ei oppbygging av ny administrasjon eller byråkrati i den enkelte kommune. Målet er å skape rom for at kulturtilbod og kunstnarar på ymse felt kan verte ein større og meir integrert del av grunnskulen slik også L97 skapar grunnlag for. Den kulturelle skulesekken som idé og metode kan innarbeidast som ein integrert og fullverdig del av skulekvardagen gjennom eksisterande miljø og ressursar lokalt, regionalt og nasjonalt.

5.3.1 Sandefjord

Den kulturelle skulesekken i Sandefjord har etter ein treårig prøveperiode vore i fast drift frå 1. januar 2001. Alle skulane i Sandefjord er med i Den kulturelle skulesekken, og alle tiltak er obligatoriske. Det er om lag 5500 grunnskuleelevar i Sandefjord fordelt på 14 barneskular og fire ungdomsskular.

Den kulturelle skulesekken er innarbeidd i kommuneplanen heilt ned på tiltaksnivå, med oversyn over kva dei ulike klassetrinna skal gjennom i løpet av 10 år på grunnskulen. L97 er det viktigaste dokumentet i utforminga av innhaldet i dei enkelte emna. Den kulturelle skulesekken er ei støtte til skulane i arbeidet med å realisere læreplanen. Ved at tema er plasserte på klassetrinn ut frå L97, er det mogleg for lærarane å leggje tiltaka inn i årsplanane for den enkelte skulen.

Kommunen har ei klar målsetjing om å sikre elevane ein felles kulturell kapital. Gjennom opplevingar og tolkingar skal alle elevane som går ut av grunnskulen i Sandefjord ha fått med seg:

  • god lokalkunnskap knytt til byhistorie, museumsverksemda, kulturorganisasjonane, kulturinstitusjonane og det estetiske miljøet

  • kunnskap om uttrykksformene film, teater, dans, musikk, biletkunst, skulptur og arkitektur

  • praktiske arbeidsoppgåver og refleksjon knytte til fleire av uttrykksformene

I tillegg til oversynet i tabell 5.1 får elevane ei teaterframsyning, ein skulekino, ei danseframsyning i 5.–7. klasse og to skulekonsertar årleg.

Tabell 5.1 Oversyn over tilbodet i Den kulturelle skulesekken i Sandefjord.

KlassetrinnTemaLokalhistorie/lokalkunnskap
1. klasseBiletkunstMøte med Sandefjord bibliotek
2. klasseMusikkMøte med Sandefjordmuseene
3. klasseSkulpturSkulpTUR i Sandefjord
4. klasseTeaterSandefjord før og no
5. klasseDansSandefjord – kystmiljø
6. klasseForm og DesignSandefjord i vikingtid
7. klasseLitteraturSandefjord og kvalfangst
8. klasseArkitekturArkitekTUR i Sandefjord
9. klasseMusikkBesøk på kunstmuseum
10. klasseFilmMøte med filmskapar

I gjennomføringa av Den kulturelle skulesekken er det eit nært samarbeid mellom kulturetaten og skuleetaten, og begge medverkar både økonomisk og innhaldsmessig. Kultur- og fritidsetaten i Sandefjord er ansvarleg for drifta av Den kulturelle skulesekken, men skule- og barnehageetaten er med i styringsgruppa for tiltaket. Skule- og barnehageetaten har hovudansvaret for kompetansebygging for lærarar.

Sandefjord kommune løyver kvart år om lag kr 500 per elev til tiltak i Den kulturelle skulesekken, i tillegg kjem eigeninnsats frå kulturinstitusjonane i kommunen som til dømes bibliotek og museum. Der det er mogleg, prioriterer ein å nytte lokale profesjonelle kunstnarar og kunst-/kulturinstitusjonar. Formidlarane kan vere frie kunstnarar innanfor ulike sjangrar, men det er òg eit utstrekt samarbeid med andre kommunale institusjonar. Kulturskulen spelar ei viktig rolle saman med museum, kino og bibliotek.

Kommunen er også med i regionale og sentrale formidlingsordningar. På denne måten deltek både Vestfold fylkeskommune, Norsk scenekunstbruk og Rikskonsertane, og kommunen får også noko prosjektstøtte frå ulike instansar. I fylkeskommunen si ordning inngår jamlege nettverksmøte med andre kommunar, der ein drøftar erfaringar og idéar og utviklar samarbeidsrutinar for utveksling av kunst- og kulturproduksjonar kommunane imellom. Alle tiltak blir evaluerte av skulane, både av lærarar og elevar.

Hovudmålet med Den kulturelle skulesekken i Sandefjord er å leggje til rette for formidling av profesjonell kunst. Ein gong i året vert «Markedet for scenekunst» arrangert, med profesjonelle scenekunstframsyningar, workshops og diskusjonar. «Markedet for scenekunst» har eit nasjonalt perspektiv og er i tillegg ein del av kompetansebygginga for både lærarar og kunstformidlarar. Skule- og barnehageetaten organiserer kortare kurs for lærarar. Det er utarbeidd eige opplegg for kompetanseheving av kulturkontaktane på dei enkelte skulane med faste samlingar. Det finst også eigne kurstilbod for rektorar og kulturkontaktar. I budsjettet for Den kulturelle skulesekken er det øyremerkt midlar for kurs og kompetanseheving.

Gjennom arbeidet med Den kulturelle skulesekken meiner kommunen at samspel mellom det lokale, det regionale og det nasjonale kan skapast og styrkjast. Kommunen seier sjølv: «Kvaliteten i produksjonene kan heves ved gode allianser med regionale og nasjonale formidlingsinstitusjoner, og ved å utvikle møteplasser for lokale formidlere.»

5.3.2 Storbymodell i Trondheim

Sør-Trøndelag fylkeskommune starta arbeidet med formidlingsordninga Kulturell Nistepakke i 1997. Målet var å skape ei formidlingsordning som sikra barn i fylket eit regelmessig møte med kunst- og kulturuttrykk av høg kvalitet.

Då det nasjonale prosjektet Den kulturelle skulesekken starta i 2001, fekk Sør-Trøndelag høve til å realisere ein storbymodell av Kulturell Nistepakke for Trondheim kommune. Prosjektet vert administrert av fylkeskommunen i nært samarbeid med oppvekst- og utdanningsavdelinga hos fylkesmannen. I tillegg er Trondheim kommune med i utviklingsgruppa med ein representant frå kultursida og ein representant frå skulesida.

I prosjektperioden har ein særleg arbeidd med å heve kompetansen i både tilbods- og mottakarsida. Ein har også etablert faglege nettverk, kulturkontaktar og ei transportordning for brukarane. For å gjennomføre modellen har det vore viktig å inngå eit samarbeid med allereie eksisterande kunst- og kulturinstitusjonar i Trondheim, i tillegg til å organisere kunstnarbesøk i skulen.

I 2001 fekk storbymodellen kr 770 000 av statlege midlar gjennom Sør-Trøndelag fylkeskommune. Det er gjennomført to års forsøksverksemd i Saupstad distrikt, og opplegget er gjennomført i sju skular i andre bydelar. Til saman har 13 skular og 4800 elevar vore med. Komande skuleår vert ordninga utvida med fem nye skular og 1300 nye elevar. Trondheim kommune sitt samarbeid med Rikskonsertane inngår som ein del av Kulturell Nistepakke.

Storbymodellen for Trondheim inneheld førebels desse elementa:

  • To konsertar årleg for alle elevane med Rikskonsertane og Trondheim symfoniorkester

  • Eit teaterbesøk for barnetrinnet, mellomtrinnet eller ungdomstrinnet i samarbeid med Norsk scenekunstbruk, Teaterhuset Avant Garden og Trøndelag Teater

  • Eit dagsbesøk av ein kunstnar eller besøk på eit kunstmuseum for eit årstrinn i samarbeid med Pilotgalleriet

  • Ein skriveverkstad med ein forfattar for eit årstrinn i samarbeid med Norsk forfatterforening

  • Eit fagleg og opplevingsbasert opplegg for to årstrinn i samarbeid med Ringve museum, Trøndelag folkemuseum, Sverresborg og Restaureringsverksemda ved Nidaros domkyrkje

  • Hausten 2003 vert det òg eit utvida tilbod innanfor film for eitt årstrinn.

Trondheim kommunale musikk- og kulturskole har medverka i arbeidet gjennom å initiere prosjekt og kurs for å styrkje dialogen mellom formidlingsdelen og skulane. Skuleåret 2003–2004 vil ein vidareutvikle dette samarbeidet, men syte for at initiativet til samarbeidet i større grad ligg hos skulane sjølve.

5.3.3 Bydel Grefsen-Kjelsås i Oslo

Bydel Grefsen-Kjelsås er den første bydelen i Oslo kommune som har laga ein heilskapleg plan for Den kulturelle skulesekken. Bydelen har som mål å gje alle barne- og ungdomsskuleelevane møte med ulike kulturuttrykk gjennom faste kulturtilbod på kvart klassetrinn. Den kulturelle skulesekken i bydelen er eit samarbeid mellom skuleetaten ved dei tre barneskulane og ungdomsskulen i bydelen og Bydel Grefsen-Kjelsås. Den kulturelle skulesekken er forankra i L97 og i bydelen sin strategiske plan. I løpet av ti år i grunnskulen vil elevane i bydelen få tilbodet som vist i tabell 5.2.

I tillegg til arkitektur på 7. klassetrinn gjev skoleetaten i Oslo tilbod om tre profesjonelle framsyningar i året som supplerer dei lokale tilboda. Dette omfattar teater for 3. klasse, dans for 6. klasse og for ungdomsskuletrinnet. Bydelen øyremerker kr 500 000 årleg til Den kulturelle skulesekken.

Tabell 5.2 Oversyn over tilbodet i Den kulturelle skulesekken i Bydel Grefsen-Kjelsås.

KlassetrinnTemaSamarbeidspartnar
1. klasseUteskule – skog og natur i nærmiljøet
2. klasseMusikk – utforsking, leik og opplevingOslo kommunale musikkskole
3. klasseTeater – utforsking, leik og opplevingBlack Box og Cap a pied
4. klasseHistorie, miljø og samspelNorsk Teknisk museum
5. klasseVisuell kunst – eksperimentering med former og fargarMunchmuseetFrysja kunstnersenter
6. klasseDansAktivum treningssenter
7. klasseArkitektur, natur- og kulturlandskapSkoleetaten
8.–10. klasseScenekunstProfesjonelle aktørar
Til forsida