St.meld. nr. 38 (2002-2003)

Den kulturelle skulesekken

Til innhaldsliste

7 Økonomiske ressursar til Den kulturelle skulesekken

7.1 Innleiing

Frå og med 2003 får Den kulturelle skulesekken ein del av avsetninga av overskotet til Norsk Tipping AS. Beløpet i 2003 er på 60 mill. kroner og er fordelt som vist i tabell 7.1.

Tabell 7.1 Fordelinga av spelemidlar til Den kulturelle skulesekken 2003.

1. Fylkeskommunane60 prosent36 mill. kr
2. Restsum40 prosent24 mill. kr
– Norsk kulturrådvisuell kunstscenekunstmusikk3 mill. kr5 mill. kr3 mill. kr
– ABM-utviklingleselystkulturarvvitensenter5 mill. kr3 mill. kr5 mill. kr
Til saman60 mill. kr

I tillegg kjem løyvingar over Kultur- og kyrkjedepartementets budsjett til institusjonar som arbeider med landsomfattande profesjonell kulturformidling til born og unge, og løyvingar til andre institusjonar og tiltak som har plikt til å gje eit tilbod til born og unge som del av eit generelt formidlingsansvar.

Ressursane omfattar også kap. 320, post 81 Kulturell skulesekk over Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett, som var på 17 mill. kroner i 2001, 12,3 mill. kroner i 2002 og 12,8 mill. kroner i 2003. I 2001 vart det i tillegg løyvd 5 mill. kroner over Utdannings- og forskingsdepartementet sitt budsjett og 1,6 mill. kroner over Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett.

På landsbasis vert det også nytta kommunale og fylkeskommunale midlar til kulturformidling for born og unge i grunnskulen. Dette varierer truleg sterkt, og departementet har ikkje nøyaktige tal på omfanget av denne ressursbruken.

7.2 Bruken av midlar over statsbudsjettet 2001–2003

For 2001 løyvde Stortinget i alt 23,6 mill. kroner til Den kulturelle skulesekken.

Midlane over Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett vart fordelte slik: Akershus, Aust-Agder, Buskerud, Nordland, Nord-Trøndelag, Rogaland, Sogn og Fjordane, Vest-Agder og Østfold fekk kr 250 000 kvar, eller i alt kr 2 250 000 til konkrete planar og pilotprosjekt. Dei resterande ni fylkeskommunane fekk 1 mill. kroner kvar, i alt 9 mill. kroner, til utviklingstiltak. Midlane til Troms, Hordaland og Sør-Trøndelag var øyremerkte utvikling av storbymodellar av Den kulturelle skulesekken i Tromsø, Bergen og Trondheim. I alt kr 3 750 000 vart løyvde til Norsk filminstitutt, Norsk forfattersentrum, Norsk Form, Norsk scenekunstbruk, Rikskonsertane, Riksutstillingar, Tromsø kunstforening og Norsk museumsutvikling til vidareutvikling og/eller utviding av produksjonar og formidling

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet øyremerkte i 2001 5 mill. kroner til kompetanseutvikling for lærarar, og Telemark fylkeskommune fekk midlar frå Kommunal- og regionaldepartementet til prosjektet Kulturskatten med 1,6 mill. kroner fordelt over to år. Kommunal- og regionaldepartementet har også tidlegare år løyvd midlar til Møre og Romsdal til arbeidet med å opprette Kulturnista i fylket.

For 2002 vart det løyvd 12,3 mill. kroner til Den kulturelle skulesekken over Kultur- og kyrkjedepartementets budsjett. Pengane vart fordelte til fylkeskommunane etter tre satsar, kr 250 000, kr 500 000 og kr 750 000. Midlane vart fordelte etter skjønn og ut frå ei vurdering av korleis den enkelte fylkeskommune hadde gripe utfordringane og målsetjingane med Den kulturelle skulesekken i sin region.

For 2003 er det løyvd 12,8 mill. kroner over Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett til Den kulturelle skulesekken. Ein mindre del er sett av til å føre vidare samordningsarbeid i sekretariatet for Den kulturelle skulesekken, oppretting av referansegruppe og sentrale informasjonstiltak. Hovuddelen av løyvinga er nytta til å byggje opp og styrkje tiltaksprogram for born og unge ved 20 museum av ulike typar som er geografisk spreidde på alle landsdelar. Føremålet er å styrkje det historiske elementet i Den kulturelle skulesekken. Departementet forventar at kvar av dei 20 musea som får 0,5 mill. kroner, skal auke talet skuleelevar ved museet med minst 5000 i høve til tidlegare år. Samla vil dette gje ein auke på 100 000 skuleelevar ved dei aktuelle musea.

Boks 7.1 Museum med øyremerkte tilskot over kap 320, post 81 Kulturell skulesekk, 2003

Kulturhistoriske museum

Alta museum

Ringve Museum

Sunnmøre Museum

Nordfjord Folkemuseum

Stavanger Museum

Telemark Museum

Sandefjordmuseene

Drammens Museum

Norsk Folkemuseum

Hedmarksmuseet/Domkirkeodden

Maihaugen

Glomdalsmuseet

Vitensenter/tekniske og naturhistoriske museum

Norsk luftfartsmuseum

Agder naturhistoriske museum

Jærmuseet

Norsk Teknisk museum

Kunst- og kunstindustrimuseum

Nordnorsk kunstmuseum

Nordenfjeldske kunstindustrimuseum

Vestlandske kunstindustrimuseum

Bergen kunstmuseum

7.3 Fordelinga av spelemidlar i 2003

For 2003 er det sett av i alt 60 mill. kroner i spelemidlar til Den kulturelle skulesekken. Hovuddelen, eller 60 prosent av midlane, er kanalisert til fylkeskommunane. I 2003 utgjer dette 36 mill. kroner. Midlane vart fordelte i kgl. res. i februar 2003.

40 prosent av spelemidlane til Den kulturelle skulesekken for 2003, eller 24 mill. kroner, vart fordelte gjennom kgl. res. i mai 2003 til utvalde satsingsområde. Midlane skal vere prosjektmidlar og ikkje generell driftsstøtte til institusjonar eller etablerte tiltak. ABM-utvikling og Norsk kulturråd skal forvalte midlane etter kriterium fastsette av Kultur- og kyrkjedepartementet etter tilråding frå styringsgruppa for Den kulturelle skulesekken.

7.3.1 Ressursar til fylkeskommunane

Fordelinga av 36 mill. kroner til fylkeskommunane for 2003 er vist i tabell 7.2.

Tabell 7.2 Fordeling av midlar til Den kulturelle skulesekken i 2003, forvalta av fylkeskommunane.

Fylkekr av pott
Østfold1 836 000
Akershus3 136 000
Oslo2 333 000
Hedmark1 613 000
Oppland1 574 000
Buskerud1 842 000
Vestfold1 681 000
Telemark1 454 000
Aust-Agder1 094 000
Vest-Agder1 460 000
Rogaland2 877 000
Hordaland3 000 000
Sogn og Fjordane1 320 000
Møre og Romsdal2 057 000
Sør-Trøndelag2 070 000
Nord-Trøndelag1 349 000
Nordland2 295 000
Troms1 594 000
Finnmark1 415 000
Sum36 000 000

70 prosent av midlane til fylkeskommunane (i alt 25,2 mill. kroner) er fordelte etter elevtala i dei einskilde fylka. Eit fylke som Finnmark, med om lag 10 000 elevar i grunnskulen, fekk i denne fordelinga om lag kr 430 000, medan Akershus, med om lag 60 000 elevar, fekk i overkant av 2,8 mill. kroner.

12 prosent (i alt 4,3 mill. kroner) er fordelte med siktemålet å jamne ut ulikskapar knytte til profesjonell, kulturell infrastruktur. Fylke som Oslo og Akershus er definerte til å ha størst grad av profesjonell infrastruktur og difor lågare kostnader ved bruken av desse. Finnmark er definert til å ha lågast grad av profesjonell kulturell infrastruktur og difor større kostnader.

6 prosent (om lag 2,1 mill. kroner) er fordelte ut frå avstandar i fylket. Store fylke med lange avstandar har i denne fordelinga fått størst utteljing, medan små og kompakte fylke med korte avstandar har fått minst.

Dei resterande 12 prosent er fordelte med eit likt grunntilskot til alle på om lag kr 227 000 til kvart fylke. Denne summen er i framtida tenkt gradert etter nærare definerte utviklingsbehov i dei ulike fylka.

Gjennom avsetninga av spelemidlar til Den kulturelle skulesekken får fylkeskommunane eit viktig ansvar for å samordne og utvikle ei ordning som på sikt vil sikre alle born i grunnskulen eit kunst- og kulturtilbod av høg kvalitet.

I samsvar med Stortinget sine føresetnader vil det ikkje verte lagt sterke sentrale føringar på dette arbeidet. Staten vil i staden satse på rådgjeving og rettleiing for på best mogleg måte å utnytte dei ressursane og den innsatsen som vert lagt ned både på lokalt, regionalt og sentralt hald på dette feltet. Samstundes vil det verte lagt til rette for nasjonale utprøvingsprosjekt og satsingsområde gjennom stimuleringsmidlar i tillegg til dei midlane som fylkeskommunane disponerer direkte.

Generelle retningsliner for bruken av dei tildelte midlane for 2003 er gjeve i brev av 26. februar 2003 til fylkeskommunane frå Kultur- og kyrkjedepartementet:

  • Målgruppa for Den kulturelle skulesekken er elevar i grunnskulen

  • Den kulturelle skulesekken skal vere forankra i den generelle delen av læreplanen for grunnskulen og byggje opp under dei pedagogiske målsetjingane i skulen

  • På regionalt hald må det etablerast eit samarbeid mellom fylkeskommunen og fylkesmannens utdanningsavdeling om utviklinga av Den kulturelle skulesekken

  • Fylkeskommunen må syte for at det ligg føre ein plan for utviklinga av Den kulturelle skulesekken i fylket, som også er basert på innspel og initiativ frå kommunar, skular og kultursektoren

  • Fylkeskommunen må sikre at den kulturelle skulesekken får lokal forankring og at utviklinga av skulesekken skjer gjennom konsultasjonar og i samarbeid med kommunane

  • Kommunane må få høve til å utvikle eigne initiativ og tiltak i tilknyting til den kulturelle skulesekken. Dersom det frå fylkeskommunen vert lagt opp til kommunal medfinansiering av slike initiativ og tiltak, må dette vere tufta på samråding med kommunane

  • Løyvinga til den kulturelle skulesekken skal nyttast til meir kunst og kultur til kvar elev i grunnskulen, og ikkje som vekst i administrasjonsapparatet for ordninga

  • Innhaldet i Den kulturelle skulesekken skal vere mest mogleg representativt med omsyn til ulike kunst- og kulturuttrykk, som musikk, scenekunst (dans, teater og opera), visuell kunst (biletkunst, kunsthandverk, arkitektur og design), film, litteratur og kulturarv (museum og kulturminne), og gje eit tilbod på eit høgt kvalitativt nivå. Det må leggjast vinn på å trekkje inn eksisterande institusjonar og tiltak på kulturområdet

  • Fylkeskommunen må innan 15. april 2003 meddele sekretariatet for Den kulturelle skulesekken ved ABM-utvikling (med kopi til Læringssenteret) korleis ordninga er tenkt innretta i fylket, og gjere greie for korleis ein vil sikre høg kunstnarleg kvalitet på det som vert presentert i skulen

  • Ei vidareutvikling og styrking av fylkeskommunen si rolle i arbeidet med den kulturelle skulesekken for skuleåra 2004–2005 og 2005–2006 vil mellom anna måtte vurderast i lys av korleis den enkelte fylkeskommunen lukkast med å utvikle planar og tiltak i samsvar med intensjonane og målsetjingane for prosjektet

Departementet vil i september 2003 ha eit meir detaljert oversyn over korleis fylkeskommunane disponerer midlane for skuleåret 2003–2004.

7.3.2 Prosjektmidlar til utvalde satsingsområde

Prosjektmidlar til Den kulturelle skulesekken for 2003 er fordelte av Kultur- og kyrkjedepartementet, men i samråd og forståing med Utdannings- og forskingsdepartementet gjennom styringsgruppa for Den kulturelle skulesekken.

Kreative prosjekt av utviklingsmessig interesse, utprøving av nye idéar, prosjekt som har spreiings- og gjenbrukseffekt, og fleirkulturelle aspekt vil verte prioriterte. Prosjekta bør i hovudsak vere fleirårige og nå store målgrupper. Det skal lagast rapport eller evaluering i ettertid for å sikre erfaringsoverføring. Det vert oppfordra til å satse på tverrsektorielle prosjekt.

I 2003 er det fordelt midlar til følgjande satsingsområde i Den kulturelle skulesekken, med ei mogleg opptrapping i 2004 og 2005:

Midlar til visuell kunst, musikk og scenekunst

  • 3 mill. kroner til prosjekt knytte til formidling av dei visuelle kunstartane (biletkunst, kunsthandverk, arkitektur og design)

  • 3 mill. kroner til prosjekt knytte til formidling av musikk

  • 5 mill. kroner til produksjon og formidling av scenekunst

Midlane skal

  • setjast i samanheng med Norsk kulturfonds avsetningar til fri scenekunst og til borne- og ungdomskultur

  • kunstnarisk kvalitet og originalitet, kulturelt mangfald og geografisk fordeling med relevans i høve målgruppa vil verte vektlagt.

Midlar til litteratur

  • 5 mill. kroner til prosjekt innanfor litteraturformidling, stimulering av leselyst og samarbeid mellom skulebibliotek og folkebibliotek, jf. Utdannings- og forskingsdepartementet sin strategiplan Gi rom for lesing! Strategi for stimulering av leselyst og kunnskapsglede 2003–2008

Prosjekta skal:

  • utvikle metodar for litteraturformidling, skape engasjement og innsikt og vere nyskapande i å fremje leseglede og opplevingar rundt litteratur

  • utvikle samarbeidsformer mellom skule- og folkebibliotek og auke kompetansen i bruk av skulebibliotek

  • stimulere til auka deltaking i lesefremjande tiltak og formidlingsprosjekt både på nasjonalt og lokalt plan, og fremje leselyst og interesse for litteratur blant gutar

Midlar til vitensentra

  • 5 mill. kroner til utviklingstiltak og formidlingsverksemd i vitensentra

Prosjekta skal:

  • vere utviklingstiltak og formidlingstilbod til skulane lokalt og regionalt

  • ved hjelp av interaktive metodar medverke til å auke interessa for og innsikt i naturvitskap og teknologi

  • vise breidde og mangfald innanfor naturvitskap og teknologi og setje dette inn i ein historisk, kulturell og allmendannande samanheng

Midlar til kulturarv

  • 3 mill. kroner til prosjekt og formidling innanfor kulturarv og kulturminne

Prosjekta skal:

  • utvikle, prøve ut og evaluere nye formidlingsmetodar og tilbod

  • etablere samarbeid mellom skulen og museum, arkiv, kulturminnefeltet, historielag og andre

  • særleg sjåast i samanheng med 100-årsjubileet for Noregs sjølvstende 2005

Midlane skal forvaltast av ABM-utvikling og Norsk kulturråd på basis av kriterium fastsette av Kultur- og kyrkjedepartementet etter tilråding frå styringsgruppa for Den kulturelle skulesekken. Desse institusjonane må ha høg grad av handlefridom i forvaltinga av midlane, samstundes som hovudmåla med midlane vert ivaretekne. Det vil vere viktig å sjå midlane i samanheng med kva tiltak ein har overfor same gruppe, og med kva ymse institusjonar allereie gjer på dette feltet. ABM-utvikling og Norsk kulturråd skal difor rådføre seg med relevante faginstansar når det trengst.

Norsk kulturråd og ABM-utvikling vil ved fordelinga i 2003 samarbeide om søknadsfrist og ha ei felles utlysing av midlar. Alle søknader skal sendast til ABM-utvikling. Organa skal ha nær kontakt ved fordelinga, særleg ved handsaming av tverrsektorielle prosjekt/crossoverprosjekt og prosjekt knytte til litteratur og leselyst.

Midlane skal ikkje erstatte midlar som allereie i dag vert nytta til born og unge i Norsk kulturråd og ABM-utvikling, men kome som eit tillegg særskilt innretta mot samarbeid mellom kultursektoren og skulesektoren.

Profesjonelle kulturaktørar, kunstnarar og produksjonsmiljø, organisasjonar, musikk- og kulturskular, private og offentlege institusjonar kan søkje om finansiering av utviklingsprosjekt gjennom dei nasjonale ordningane i Den kulturelle skulesekken. Skular, skuleeigarar og fylkeskommunar kan søkje med basis i avtaler med kulturaktørar og kunstnarar. Det er ein føresetnad at prosjektet vert knytt til Den kulturelle skulesekken i den aktuelle regionen eller i kommunen. Midlane kan nyttast til stillingar dersom dette er naudsynt, men berre innanfor ein periode.

Ordninga vil bidra til at ymse nasjonale produksjonsmiljø kan samarbeide med fylkeskommunar, skuleeigar og ymse kulturaktørar for å utvikle gode formidlingstilbod som kan setjast inn i ei lokal ramme.

Det vert ikkje gjeve etableringsstøtte eller generell driftsstøtte til institusjonar/etablerte tiltak.

Det er ein føresetnad at prosjektmidlane ikkje skal nyttast til fordyrande administrasjon, men gje utvida og kvalitative tilbod innanfor dei ulike kunstuttrykka, som kjem den enkelte elev til gode.

Det vil verte stilt rapporteringskrav til bruken av midlane i samsvar med gjeldande krav for tildeling av slike midlar frå Kultur- og kyrkjedepartementet.

7.4 Vegen vidare – fordeling av spelemidlar til Den kulturelle skulesekken i perioden 2004–2005

Dersom avsetninga til Den kulturelle skulesekken i åra som kjem følgjer gjeldande prognosar, vil avsetninga auke til 120 mill. kroner i 2004 og 180 mill kr i 2005. Dersom ein dei neste to åra nyttar same fordelingsnøkkel som i 2003, vil fylkeskommunane i 2004 forvalte 72 mill. kroner og i 2005 i alt 108 mill. kroner til føremålet. Dette er mykje midlar, og ein må forvente at fylkeskommunane i løpet av opptrappingsperioden fram til 2006 klarer å få med alle kommunane i Den kulturelle skulesekken. Med desse føresetnadene er ei mogleg fordeling av midlane dei neste åra som vist i tabell 7.3.

Tabell 7.3 Mogleg fordeling av spelemidlar til Den kulturelle skulesekken i perioden 2004–2005.

    20042005
Avsetningsprognose120 mill. kr180 mill. kr
1. Fylkeskommunane60 prosent72 mill. kr108 mill. kr
2. Restsum40 prosent48 mill kr72 mill. kr
– Norsk kulturrådvisuell kunstscenekunstmusikk4 mill. kr8 mill. kr8 mill. kr8 mill. kr13 mill. kr13 mill. kr
– ABM-utviklingleselystkulturarvvitensenter8 mill. kr8 mill. kr8 mill. kr10 mill. kr10 mill. kr10 mill. kr
Satsing på film4 mill. kr8 mill. kr

Som vist i tabellen er det lagt opp til at midlane som vert forvalta av Norsk kulturråd og ABM-utvikling, også følgjer ein opptrappingsplan i perioden 2004–2005. Frå 2004 er det lagt inn midlar til ei satsing på formidling av film i Den kulturelle skulesekken. Denne satsinga må konkretiserast i samarbeid med aktuelle aktørar og vurderast i samband med utarbeiding av kgl. res. for fordelinga av spelemidlar til kulturføremål våren 2004.

Tabellen er førebels og bør vere gjenstand for grundig og kontinuerleg vurdering framover. Det kan i åra som kjem, gjennom til dømes referansegruppa sitt arbeid, kome framlegg til satsingsområde som vil krevje andre disposisjonar enn dei som er skisserte i denne tabellen.

Eit anna spørsmål som melder seg, er situasjonen for formidlingsordningar med ambisjonar om landsomfattande virke som i dag får direkte tilskot over statsbudsjettet, og som kommunane betaler relativt lite for å nyte godt av. Meldinga viser at desse ordningane er etterspurde i samband med utviklinga av skulesekken, men at det med noverande organisering og finansieringsmodell ikkje vil vere rom for å styrkje desse direkte, slik at fleire kan få eit fast tilbod. Departementet vil dei neste åra måtte følgje nøye med på kva konsekvensar fordelinga av midlar vil få for desse tilboda.

I tråd med Stortinget sine føresetnader om at Den kulturelle skulesekken ikkje skal vere underlagd sterk, sentral styring, og at det skal vere rom for mange lokale variantar, ser departementet det som lite tenleg å detaljplanleggje utviklinga av Den kulturelle skulesekken i åra som kjem, eller leggje sterke føringar på bruken av midlane som skal forvaltast av fylkeskommunane.

Ressursane som vil verte stilte til rådvelde for Den kulturelle skulesekken framover, vil vere av eit slikt omfang at det kan verte naudsynt å revurdere innretningane, og vurdere fleire eller andre måtar å kanalisere midlane på etter kvart som det viser seg kva som er dei mest vellukka satsingane.

Departementet vil såleis ved utarbeidinga av den årlege kgl. res. syte for at det ligg føre erfaringsmateriale som gjev eit best mogleg grunnlag for å vurdere fordelinga for kvart år.

Til forsida