St.meld. nr. 38 (2004-2005)

Noregs deltaking i Europarådet i 2003 og 2004

Til innhaldsliste

2 Den norske formannskapen (mai–november 2004)

2.1 Innleiing

Frå mai til november 2004 hadde Noreg formannskapen i ministerkomiteen, som er det øvste vedtaksorganet i Europarådet. Prioriteringane var tredelte: styrking av det europeiske menneskerettssystemet og det rettslege samarbeidet, styrking av samarbeidet mellom dei europeiske organisasjonane, særleg OSSE og EU, og vidareutvikling av Europarådet si rolle i konfliktførebygging gjennom politisk dialog og arbeid for godt styresett og auka forståing mellom ulike kulturar.

2.2 Styrking av det europeiske menneskerettssystemet

På ministermøtet i mai 2004 vart det vedteke ein reformpakke som skulle sikre framtida for Den europeiske menneskerettsdomstolen. Grunnen til dette var at talet på klagemål til domstolen har auka kraftig dei seinare åra, noko som har ført til store restansar og lang saksbehandlingstid. Reformpakken inneheld desse elementa: 1) protokoll 14 til den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) om endring i kontrollsystemet til konvensjonen, som særleg skal gjere domstolen meir effektiv, 2) fem tilrådingar til medlemsstatane som skal betre gjennomføringa av EMK på nasjonalt plan og slik minske talet på klagemål til domstolen i Strasbourg, 3) ein resolusjon retta mot domstolen om dommar som avdekkjer underliggjande systemfeil, og 4) ei erklæring som mellom anna seier at komiteen av faste representantar skal treffe særlege og effektive tiltak for å sikre betre og raskare gjennomføring av dommane frå domstolen, særleg slike som avdekkjer underliggjande systemfeil. Komiteen av faste representantar skal føre tilsyn med at statane gjennomfører tilrådingane som er nemnde i punkt 2 ovanfor, og komiteen skal sørgje for tilstrekkelege ressursar – særleg for domstolen – til å gjennomføre protokoll 14 til EMK.

Ei særleg viktig sak for Noreg var å sørgje for at denne reformprosessen vart ført vidare, ettersom domstolen er sjølve berebjelken for Europarådet i arbeidet med å fremje menneskerettar, demokrati og rettsstat. Norske styresmakter arrangerte i samarbeid med Europarådet eit seminar i Oslo 18. oktober 2004 om reform av det europeiske menneskerettssystemet. Seminaret vart opna av kronprins Haakon. Utanriksministeren, presidenten i Den europeiske menneskerettsdomstolen og leiaren for menneskerettsavdelinga i sekretariatet for Europarådet heldt hovudinnlegg. Seminaret munna ut i ei liste med konkrete forslag til korleis reformprosessen kan førast vidare. Ein hovudkonklusjon er at balansen mellom nasjonalt og internasjonalt menneskerettsvern må rettast opp. Medlemsstatane må ta eit større ansvar for å oppfylle sine menneskerettsplikter. Dei kan ikkje skyve ansvaret over på domstolen i Strasbourg. Konklusjonane, som er lagde ved denne meldinga, er lagde fram i relevante organ i Europarådet. Regjeringa arbeider for at dei skal følgjast opp vidare. Noreg tok under formannskapen også kontakt på høgt nivå med alle medlemsland med oppmoding om underteikning og ratifisering av protokoll 14 til EMK.

Internasjonal terrorisme som trussel mot demokratiet og menneskerettane var eit sentralt tema for ministerkomiteen i den norske formannskapsperioden. Nokre medlemsland, mellom dei Russland, Spania og Tyrkia, vart hardt råka av terroristanslag. Etter Beslan-tragedien i september 2004 kom ministerkomiteen straks saman etter initiativ frå Noreg for å finne fram til korleis Europarådet betre kan nytte sin kompetanse i kampen mot internasjonal terrorisme. Delegatane vedtok ei politisk erklæring om terrorisme 9. september 2004. Ekspertkomiteen som er utnemnd av Europarådet til å ta hand om spørsmål som gjeld terrorisme, og andre relevante komitear, vart instruerte om å intensivere arbeidet for å rette på manglar i internasjonal lovgjeving og internasjonale vedtak. Styringskomiteen for menneskerettar har starta prosessen med å treffe ei endeleg avgjerd så snart som råd når det gjeld retningslinjer for vern av terroroffer. Land som enno ikkje har ratifisert tilleggsprotokollen til den europeiske konvensjonen mot terrorisme, er blitt sterkt oppmoda til å gjennomføre dei nasjonale endringane som er nødvendige for å setje denne i verk.

Eit anna spørsmål i tilknyting til menneskerettane er den auka valdsbruken i dagleglivet. Europarådet har utarbeidd forslag til tiltak for å bøte på dette, og Noreg arrangerte ein breitt opplagd konferanse i Oslo 7.–9. november 2004 for å leggje fram og drøfte desse tiltaka.

Den norske formannskapen tok også initiativ til ein konferanse i Strasbourg 8.–9. november 2004 for å styrkje rettane til funksjonshemma born. Konferansen tok føre seg funksjonshemma born og foreldra deira med tanke på å fremje rettane og livsvilkåra deira (sjå nærare vedlegg 1 kapittel 3 pkt. 1).

Det blei gjennomført fleire tiltak i Strasbourg for å profilere Noreg under formannskapen. I samband med møtet i ministerkomiteen i mai 2004 blei det opna ei retrospektiv utstilling med bilete av kunstnaren Kjell Pahr-Iversen. Det blei arrangert ei norsk utstilling om Nobels fredspris. Det blei også lansert ein omfattande kampanje for norsk sjømat på den franske marknaden.

2.3 Styrking av samarbeidet mellom europeiske organisasjonar

Noreg hadde under formannskapen ei leiande rolle i arbeidet med å avklare Europarådet si rolle i høve til andre internasjonale organisasjonar, særleg OSSE og EU. Ei viktig sak for regjeringa var det norske initiativet for å styrkje samarbeidet og å sikre auka komplementaritet mellom Europarådet og OSSE. Dette vart teke godt imot av den dåverande bulgarske formannen for OSSE, og vart drøfta på møtet mellom utanriksministrane Petersen og Passy i Sofia 13. oktober 2004. Ministrane var einige om at eit sterkare samarbeid må til, og det blei lagt fram eit norsk dokument som føreslo ei rekkje tiltak for å leggje til rette for eit betre samarbeid mellom dei to organisasjonane. Dette dokumentet vart lagt til grunn for eit felles initiativ som føreslo oppretting av ei koordineringsgruppe mellom dei faste representantane i Strasbourg og i Wien. Denne gruppa fekk i oppdrag å sjå nærare på samarbeidet mellom dei to organisasjonane og komme med konkrete forslag til oppfølging. Initiativet vart vedteke i desember. Ei oppfølging av vedtaket vil bli ein del av dagsordenen for toppmøtet i Warszawa.

Noreg deltok også i det arbeidet som er sett i gang for ytterlegare å styrkje samarbeidet med EU gjennom rapportørgruppa for tilhøvet til EU, og leier arbeidet i gruppa.

2.4 Vidareutvikling av Europarådet si rolle i konfliktførebygging

Som ein tredje prioritet under formannskapen la Noreg vekt på ei vidareutvikling av Europarådet si rolle i konfliktførebygging, blant anna ved å arbeide for godt styresett og fremje forståing mellom ulike kulturar. Utdanning kan etter regjeringa sitt syn vere med på å fremje kunnskap og forståing mellom kulturar og ulike trussamfunn. Dette var hovudtema under ein konferanse med fokus på interreligiøse aspekt ved utdanning som vart arrangert i Oslo i juni 2004. Deltakarar var mellom anna representantar frå utdannings- og forskingsinstitusjonar i medlemslanda i Europarådet.

For regjeringa er det viktig å få i stand demokratisk deltaking og godt styresett på regionalt og lokalt nivå for å utbreie stabile demokratiske styresett og førebyggje konfliktar. Dette var tema for ein stor konferanse som vart arrangert i Oslo 30. september og 1. oktober 2004 med deltaking på ministernivå frå fleire medlemsstatar. På konferansen vart det drøfta korleis Europarådet best kan nyttast for å styrkje godt styresett gjennom samarbeid på lokalplanet mellom medlemslanda. I tillegg vart det stadfesta at Europarådet vil ha ei leiande rolle når det gjeld utvikling og gjennomføring av standardar for overvaking innanfor lokal- og regionaldemokrati.

Regjeringa ser på barne- og ungdomssamarbeidet som ein viktig del av den førebyggjande innsatsen, og har stilt ein ekspert til rådvelde for arbeidet i Strasbourg med å samordne barne- og ungdomspolitikken i Europarådet. Noreg gav òg støtte til minoritetsarbeidet, m.a. ved eit seminar om tiltak for å fremje sysselsetjing for roma- og sintiungdom (sjå nærare kapittel 4, pkt. 5)

2.5 Politisk deltaking under formannskapen

Under formannskapen heldt statsministeren tale for sommarsesjonen i parlamentarikarforsamlinga den 23. juni 2004, og la særleg vekt på behovet for internasjonal dialog og konfliktførebyggjande arbeid. Utanriksministeren gjorde greie for det norske formannskapsarbeidet under møtet i ministerkomiteen i Strasbourg i mai 2004 og i parlamentarikarforsamlinga i juni og oktober same året.

Under formannskapen tala kommunal- og regionalministeren til årsmøtet for kongressen for lokale og regionale styresmakter i mai 2004. Det var også deltaking på statssekretærnivå på ei rekkje møte og konferansar under formannskapsperioden.

Utanriksministeren besøkte Vest-Balkan frå 13. til 15. september som formann i ministerkomiteen. Han vitja Sarajevo, Beograd og Pristina for å drøfte den politiske utviklinga og forholdet til Europarådet for Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro. Utanriksministeren vitja Georgia, Armenia og Aserbajdsjan frå 7. til 13. oktober 2004. Dette besøket var ein del av dialogen mellom organisasjonen og dei tre Kaukasus-statane, som er blant dei nyaste medlemslanda i Europarådet, mellom anna for å vurdere utfordringane desse landa møter i arbeidet med å tilpasse seg dei standardane Europarådet praktiserer.

Til forsida