St.meld. nr. 38 (2004-2005)

Noregs deltaking i Europarådet i 2003 og 2004

Til innhaldsliste

1 Det mellomstatlege arbeidet

1.1 Menneskerettar og likestilling

1.1.1 Menneskerettar

Det mellomstatlege samarbeidet om menneskerettar skjer i hovudsak i styringskomiteen for menneskerettar med underkomitear. Styringskomiteen har normalt to møte i året, men møttest tre gonger i 2004.

I 2003 og 2004 brukte styringskomiteen og ei redaksjonsgruppe under komiteen som Noreg tok del i, det meste av si tid på å utarbeide ein protokoll til den europeiske menneskerettskonvensjon om endring av kontrollsystemet for konvensjonen (protokoll 14). Styringskomiteen hadde fleire møte med representantar for det sivile samfunnet, og innhenta synspunkt undervegs frå domstolen og parlamentarikarforsamlinga i Europarådet. Det vanskelegaste punktet i forhandlingane var spørsmålet om domstolen skulle få utvida høve til å avvise saker utan nærare prøving. Noreg støtta ei slik utviding (sjå nærare omtale i St.prp.nr. 4 (2004-2005)).

Styringskomiteen og ekspertkomiteen for prosedyrespørsmål har også brukt mykje tid på å utarbeide tre tilrådingar til medlemsstatane om tiltak for å redusere mengda av klager til Den europeiske menneskerettsdomstolen. Ministerkomiteen vedtok protokollen og tilrådingane 13. mai 2004. Styringskomiteen skal no overvake at statane gjennomfører tilrådingane. Ekspertkomiteen for prosedyrespørsmål (der Noreg er med), tek hand om denne oppgåva på vegner av styringskomiteen. Av andre aktivitetar som blei avslutta i 2003–2004 kan nemnast utarbeiding av:

  • retningslinjer for vern av offer for terrorhandlingar

  • ei handbok om rett til innsyn i offentlege dokument

  • ei erklæring og ein aktivitetsrapport om vern av menneskerettane under væpna konfliktar og indre uro.

Av pågåande aktivitetar kan nemnast arbeid med:

  • ei handbok eller eit sett retningslinjer for menneskerettar og vern av miljøet basert på praksis frå domstolen

  • å identifisere sosiale rettar som domstolen kan vere eigna til å handheve.

1.1.2 Likestilling

Styringskomiteen for likestilling har ei sentral oppgåve i å integrere likestilling i resten av verksemda til Europarådet. Europarådet har lege i framkant internasjonalt med sitt arbeid for å utvikle metodar for å integrere likestilling på alle fagområde, og har mellom anna utarbeidd sentrale dokument om korleis dette arbeidet best kan utviklast metodisk. Relevante erfaringar og standardar frå arbeidet i EU er trekte inn. Noreg har mellom anna delteke i arbeidsgrupper om integrering og om budsjettarbeid.

Handel med kvinner for seksuell utbytting har vore eit viktig tema i styringskomiteen. Komiteen fekk utarbeidd ein rapport som synte at ein europeisk konvensjon om menneskehandel kunne utfylle FNs tilleggsprotokoll om organisert kriminell verksemd (Palermoprotokollen). Ein ny komité med medlemmer frå alle medlemslanda hadde i desember 2004 utarbeidd eit utkast til konvensjon. Noreg har støtta dette arbeidet.

Makedonia var vertskap for eit ministermøte i januar 2003. Temaet var demokratisering, konfliktførebygging og kvinnene si rolle i dette arbeidet. Ministrane vedtok ein resolusjon om styrking av kvinnene si rolle i fredsbyggjande arbeid. Dei vedtok òg ei erklæring som slo fast at fokus for Europarådet i det vidare arbeidet på likestillingsområdet skal vere:

  • å fremje like utsikter og rettar for kvinner og menn

  • å hindre vald og handel med kvinner

  • å vidareutvikle det metodiske arbeidet med å integrere likestilling i verksemda til Europarådet og medlemslanda.

Noreg sat i byrået for styringskomiteen frå 2001 til 2004.

1.2 Juridisk samarbeid

1.2.1 Sivilrettsleg samarbeid

Styringskomiteen for sivilrettsleg samarbeid dekkjer eit variert spekter av arbeidsområde, og har no faste underkomitear på områda forvaltningsrett, statsborgarskap og familierett. Noreg har i 2003 og 2004 hatt leiinga av styringskomiteen og byrået for denne.

Arbeidet i styringskomiteen for sivilrettsleg samarbeid har i 2003 og 2004 halde fram med eitt møte i året. Arbeidsordninga stiller krav til delegasjonane om å gje til kjenne sine synspunkt på og innvendingar mot framlagde forslag før dei blir tekne opp til handsaming i styringsgruppa. Aktiviteten har dei siste åra vore lågare enn før. Det skuldast i hovudsak budsjettmessige omsyn saman med ei anna prioritering av saker i Europarådet etter terroriståtaka i USA 11. september 2001.

På sitt årlege møte for 2003 vedtok styringskomiteen mellom anna å tilrå at ministerkomiteen vedtek fem tilrådingar om:

  • informasjonssystem i justissektoren

  • arkivering av elektroniske dokument i justissektoren

  • gjennomføring av administrative og rettslege avgjerder på det forvaltningsrettslege området

  • tvangsfullbyrding

  • bruk av oversendingsskjema for søknader om rettshjelp i utlandet etter den europeiske konvensjon om overføring av søknader om rettshjelp (ETS nr. 92) med tilleggsprotokoll.

Ein særskild spesialistkomité for identitet og terrorisme under styringskomiteen for sivilrettsleg samarbeid la fram ein rapport om tiltak for identifisering av reisande ved hjelp av dokument og vitskaplege metodar, med oppmoding til medlemsstatane om å støtte opp om arbeidet i EUROPOL og å gjere bruk av standardane som dei internasjonale transportorganisasjonane har utarbeidd. Tilhøvet til reglane i den europeiske menneskerettskonvensjonen om vern av personopplysningar vart drøfta særskilt i rapporten.

Det årlege møtet i styringskomiteen i 2004 vedtok å tilrå for ministerkomiteen ei tilråding om domstolsprøving av forvaltningsvedtak. Styringskomiteen vedtok retningslinjer for vern av personopplysningar ved bruk av smartkort. Det vart sett ned ein ekspertkomité til å leggje fram ei oversikt over dei tiltaka medlemsstatane gjer bruk av når det gjeld den frie retten til å krysse landegrensene. Underkomiteen for familierett fekk i oppgåve å leggje fram forslag til ein ny konvensjon om adopsjon til avløysing av gjeldande europarådskonvensjon om adopsjon frå 1967, som er forelda på fleire vis. Arbeidet er planlagt avslutta i 2006 så sant naudsynte løyvingar til arbeidet vert gjevne over budsjettet for Europarådet. Underkomiteen vil også føre vidare arbeidet om formuestilhøvet mellom ektefolk og tilhøvet til den attlevande ektemaken.

Styringskomiteen tok på generelt grunnlag opp det vidare arbeidet i komiteen sett i høve til den vanskelege budsjettsituasjonen i Europarådet og til EU-utvidinga. Oppgåvene til styringskomiteen for sivilrettsleg samarbeid er grunnleggjande for målsetjingane til Europarådet, ikkje minst med tanke på å fremje ei effektiv og trygg rettspleie i dei sentral- og austeuropeiske landa. Det vil framleis høyre inn under komiteen sitt arbeid å førebu nye europarådsinstrument om rettspleie.

Samarbeidet om utvikling av rettspleia i medlemsstatane går no i hovudsak føre seg i Den europeiske kommisjonen for effektiv rettspleie, som vart sett ned i 2002 som eit særskilt organ under ministerkomiteen. Formålet til kommisjonen er å betre effektiviteten og funksjonen til domstolssystema i medlemsstatane, slik at innbyggjarane får styrkt tilliten til domstolane, og å leggje til rette for god gjennomføring av europarådsinstrument om effektivitet og rettferd i rettssystemet. Etter vedtektene arbeider kommisjonen særleg med å få fram data som syner kor effektivt og godt rettspleia fungerer i dei ulike medlemsstatane og med det gje eit grunnlag for å drøfte tiltak som kan fremje høg kvalitet. Kommisjonen gjev også rettleiing og støtte til medlemsstatar som ønskjer det i sitt arbeid med å få i stand ei god rettspleie. Kommisjonen har ikkje overvakings- eller kontrolloppgåver. Dersom kommisjonen finn at ein ville vere tent med nye europarådsinstrument eller endringar i dei som alt er vedtekne, skal han ta det opp med styringskomiteen for sivilrettsleg samarbeid.

Kommisjonen for effektiv rettspleie har arbeidd aktivt sidan han vart sett ned, med to plenumsmøte kvart år. Kommisjonen har sett ned to ekspertgrupper av særleg sakkunnige som arbeider med kriterium for evaluering av rettspleia og med tidsfristar i rettspleia. Noreg deltek i kommisjonsarbeidet.

Europarådet har også etablert ein møteplass for representantar for europeiske dommarar, det konsultative rådet for europeiske dommarar. Her møter éin framståande dommar frå kvar medlemsstat. Rådet gjev fråsegner til ministerkomiteen om prinsipielle spørsmål i rettspleia sett i lys av røyns­lene frå domstolane i medlemsstatane, og uttalar seg om åtgjerder som kan vere naudsynte eller tilrådelege. Til dømes har rådet gjeve fråsegn om saksmengd og saksavvikling i domstolane sett i lys av alternative tvisteløysingsformer.

Det 25. europeiske justisministermøtet vart halde 7.–8. oktober 2003 i Sofia, Bulgaria, med to hovudtema: det internasjonale samarbeidet mot internasjonal terrorisme og rettssystemet sitt svar på terrorisme.

1.2.2 Strafferettsleg samarbeid

Styringskomiteen for strafferettslege spørsmål, kriminologi og fengselssaker heldt sitt årlege møte for 2003 i perioden 16.–20. juni. På møtet vedtok komiteen mellom anna å tilrå at ministerkomiteen vedtok følgjande fire tilrådingar om:

  • nye måtar å handtere ungdomskriminalitet på og rolla til ungdomsdomstolar

  • partnarskap i kriminalitetsførebygging

  • handsaminga i fengselsadministrasjonar av livstidsdømde og andre langtidsfangar

  • lauslating på prøve.

Noreg har ein medlem i eit nyoppretta permanent råd for politisaker, som ligg under styringskomiteen for strafferettslege spørsmål, kriminologi og fengselssaker. Styringskomiteen heldt sitt årlege møte for 2004 i perioden 16.–19. mars. Komiteen tok opp att diskusjonen om arbeidsmetodar, og tek sikte på å vedta retningslinjer på møtet i 2005. Styringskomiteen drøfta om konferansen om påtalemakta si rolle burde institusjonaliserast innafor Europarådet på lik linje med rådet for dommarar.

Twin Prison Project

Avdelinga for førebygging av kriminalitet tok i 1998 initiativ til å etablere eit samarbeidsprosjekt mellom russisk fengselsvesen og partnarar i ein del vesteuropeiske land. Noreg har frå starten spela ei sentral rolle i dette samarbeidsprosjektet. Frå å vere eit reint bistandsprosjekt har det gradvis utvikla seg til eit meir likeverdig fagleg samarbeid, mellom anna om personalopplæring. I 2003 og 2004 har ein særleg fokusert på å betre forholda for varetektsinnsette. Arbeidet med å redusere tuberkulosesmitten i fengsla har vore ei prioritert oppgåve.

Nor-Balt Prison Project

Avdelinga for førebygging av kriminalitet tok i 1996 initiativ til å etablere eit samarbeidsprosjekt mellom dei nordiske landa og Estland, Latvia og Litauen. Dei seinare åra har det vore ein sterk auke i talet på HIV-smitta i latviske fengsel. Noreg har støtta ei rekkje prosjekt som har som siktemål å demme opp for HIV-smitte i fengsla. Det har også vore samarbeidd om personalopplæring og undervisningstilbod for innsette i latviske fengsel. Nor-Balt Prison Project blei formelt avslutta ved utløpet av 2003.

1.2.3 Folkerett

Europarådet har ein eigen adhockomité for rådgjevarar i folkerett, som er eit forum for meiningsutveksling om aktuelle folkerettslege emne og møtest to gonger i året. Komiteen uttalar seg også om spørsmål som ministerkomiteen har fremja for han. Komiteen utarbeider ikkje utkast til konvensjonar, men har dei siste åra utvida arbeidsfeltet sitt ved å leggje fram visse skriftlege arbeid. I tillegg evaluerer komiteen konvensjonar innanfor sitt ansvarsområde.

Krigsforbrytardomstolane for Rwanda og det tidlegare Jugoslavia og opprettinga av Den internasjonale straffedomstolen har vore gjennomgangstema. Det same gjeld diskusjonane om pågåande prosessar innanfor internasjonal humanitærrett.

Komiteen arbeider med emne som vert behandla av folkerettskommisjonen i FN, og fortsette i 2003 og 2004 dialogen med representantar for folkerettskommisjonen om desse emna.

Komiteen tok i 1998 på seg ei observatørrolle for reservasjonar til multilaterale konvensjonar, også terrorisme-konvensjonar. Dette emnet er blitt eit fast dagsordenpunkt. Komiteen tek vidare føre seg Europarådets arbeid i kampen mot terrorisme. I 2004 starta komiteen eit arbeid der statane skal rapportere om korleis dei gjennomfører FN-sanksjonar i nasjonal lov.

Noreg legg stor vekt på arbeidet i komiteen. Utviklinga i retning av å utvide verkeområdet til komiteen, mellom anna med omsyn til meir substansielle drøftingar, har vår fulle støtte. Den aukande dialogen med FNs folkerettskommisjon er positiv.

1.3 Sosiale spørsmål

1.3.1 Sosialt samhøyr og sosialpolitikk

Den europeiske komiteen for sosialt samhøyr er ein styringskomité for forskjellige aktivitetar på det sosialpolitiske området. Komiteen har i 2004 arbeidd med å revidere ein strategi for sosialt samhøyr. Hovudmålet for strategien er å byggje stabile samfunn som sikrar velferd for borgarane ved å:

  • leggje vekt på menneskerettar i velferdspolitikken

  • medverke best mogeleg til å fremje effektiv tilgang til sosialt vern, sosiale tenester, bustad og arbeid

  • finne fram til gode metodar for å få til ein god praksis for dei sosiale rettane og sosialpolitiske tiltak for utsette grupper. Det er laga rapportar om tema som tilgjenge til sosiale rettar i Europa og tilgjenge til sosiale rettar for funksjons­hemma.

På bakgrunn av eigen praksis og aktivitet dei siste fem åra har komiteen laga sin eigen definisjon: Sosialt samhøyr er den evna eit samfunn har til å sikre velferd for alle, minske forskjellar og unngå polarisering. Eit samfunn prega av slikt samhøyr består av individ som støttar kvarandre, og det følgjer måla i strategien for sosialt samhøyr på demokratisk vis. Denne definisjonen strekar under at både staten, den økonomiske sektoren og det sivile samfunnet deler ansvaret for å sikre trivselen i samfunnet.

Noreg har i komiteen arbeidd for å styrkje kjerneaktivitetane til Europarådet når det gjeld menneskerettar, demokratibygging og styrking av dei sosiale og politiske rettane.

Noreg ønskjer å styrkje menneskerettane for personar med funksjonshemmingar gjennom si deltaking i Europarådet. Noreg har arbeidd for at politikken for funksjonshemma skal ha brei deltaking frå alle 49 landa i Europarådet i ein mellomstatleg komité, og ikkje avgrensast til ein delavtale. Arbeidet er knytt til komiteen for rehabilitering og integrering av funksjonshemma. Dei nordiske landa har samarbeidd om å omforme komiteen til ein mellomstatleg komité for funksjonshemma med deltaking frå alle medlemslanda.

Under den norske formannskapen blei det i eit samarbeid mellom norske styresmakter og Europarådet halde ein konferanse om menneskerettar og funksjonshemma born og deira foreldre. Konferansen hadde stor deltaking, og Noreg samarbeider no med Europarådet om å følgje opp konklusjonane og forslaga som vart drøfta. Eitt av tiltaka er å setje ned ei tverrfagleg ekspertgruppe som inkluderer fleire styringskomitear. Arbeidsgruppa skal mellom anna greie ut retningslinjer som kan gje funksjonshemma born betre rettar og livsvilkår. Noreg ser klart behovet for å setje fokus på livs­situasjonen til denne gruppa, og vi vil trekkje inn ulike sektorar i dette arbeidet.

1.3.2 Helsekomiteen

Helsekomiteen har fokus på menneskerettar og etiske spørsmål i helsetenesta. Arbeidet i helsekomiteen har dei to siste åra vore prega av integreringa av delavtalen for helse- og sosialområdet. Europarådet har teke initiativ til ein prosess med sikte på å integrere aktivitetane i delavtalen i det ordinære arbeidet i organisasjonen. Delavtalen går inn på ei rekkje sentrale helsespørsmål, samstundes som fleire av medlemslanda ikkje deltek i desse aktivitetane. Drøftingane har til no vore av prinsipiell karakter og arbeidet er ikkje avslutta.

Noreg er aktivt med i ekspertkomiteen for organtransplantasjonsspørsmål. Komiteen har som si viktigaste oppgåve å ta opp spørsmål om organdonasjon og korleis tilgangen på organ kan aukast. Han har arbeidd med å etablere samhandlingsreglar for utveksling av organ mellom medlemslanda, tryggleiks- og kvalitetskrav til celler og vev som skal brukast ved transplantasjon, handel (”trafficking”) med organ, oppretting av eventuelle organregister og korleis medlemslanda bør stille seg til nedfrysing av navleveneblod. Komiteen har arbeidd med eit dokument som handlar om transplantasjon av nyre frå levande gjevar som ikkje er genetisk i slekt. Noreg leier dette arbeidet.

Komiteen sender kvart år ut eit nyheitsbrev som er den einaste komplette oversikta over organtransplantasjonsaktivitetane i Europa. Kvart år arrangerer komiteen saman med eitt av medlemslanda ein europeisk dag om organdonasjon og organtransplantasjonar. Arrangementet har til formål å auke kunnskapen om kor viktig det er å stille seg positivt til organdonasjon.

Noreg deltek også aktivt i ekspertkomiteen for kvalitetssikring i blodtransfusjonstenesta. Komiteen arbeider med retningslinjer for kvalitetssikring i blodtransfusjonstenesta. Ekspertkomiteen gjev kvart år ut ei revidert utgåve av desse retningslinjene. Handboka er omsett til ei rekkje språk, mellom anna medverka Noreg til at ho vart omsett til azéri (aserbajdsjansk) i 2004.

Ekspertkomiteen for spørsmål om helsepersonell som kryssar landegrensene og om konsekvensane dette får for helsetenesta, blei oppretta i 2003. Komiteen avslutta arbeidet sitt ved utgangen av 2004. Med aukande migrasjon og utvidinga av EU meinte helsekomiteen at det var nødvendig å gå gjennom utfordringane ved migrasjon av helsepersonell og konsekvensane for helsetenestene i medlemslanda. Rapporten skal behandlast i helsekomiteen i løpet av våren 2005. Noreg er representert i ekspertkomiteen for kosmetiske produkt. Noreg initierte i 2003 eit arbeid som førte fram til ein resolusjon med tilråding om å regulere tatoveringsprodukt. Slike produkt har vakse i popularitet, men er samstundes eit helseproblem som ein no er blitt meir merksam på. EU har framleis ikkje rettsreglar for desse produkta. Tilrådingane frå resolusjonen blir følgde opp i ei ny lov om kosmetiske produkt.

Helsekomiteen markerte sitt 50-årsjubileum i 2004. I samband med markeringa blei ei bok om helse, etikk og menneskerettar og om Europarådet si rolle utgjeven av den nederlandske formannskapen. Boka gjev eit bilete av dei viktigaste oppgåvene som helsekomiteen arbeider med.

Nederland hadde formannskapen i Europarådet i perioden før Noreg. Helse var ei av dei prioriterte oppgåvene for den nederlandske formannskapen. Nederland utarbeidde ein strategi for å styrkje helsesamarbeidet i Europarådet. Dei peika særleg på behovet for å fokusere på Europarådet sine kjerneverdiar i forhold til EU og WHO. Det blei bestemt at strategien skal vere eit utgangspunkt for det vidare arbeidet i helsekomiteen.

I juni 2003 var Noreg vertsland for den sjuande helseministerkonferansen i Europarådet. Hovudtema var ”Health, dignity and human rights”, og konferansen blei halden i Oslo. Erklæringa frå konferansen set særleg fokus på arbeidet med å redusere forskjellane i tilgangen til helsetenester, både landa imellom og innanfor kvart enkelt land. Viktige prinsipp som menneskeverd og verdigheit i møte med helsetenesta blei også omtala.

1.3.3 Kampen mot narkotikamisbruk

Pompidougruppa er Europarådet si samarbeidsgruppe for narkotikaspørsmål på ministernivå. Gruppa har til formål å medverke til kampen mot narkotikaproblema med vekt på å redusere både tilbod og etterspørsel i narkotikamarknaden. Det vert samarbeidd nært med andre regionale og internasjonale organisasjonar på narkotikaområdet.

Ministermøtet fann stad i Dublin 16.–17. oktober 2003. Ministrane vedtok nytt arbeidsprogram for perioden 2004–2006. Nederland har formannskapen i gruppa i denne perioden. Det er sett ned seks ekspertgrupper som skal sjå nærare på områda behandling, førebygging, etikk, rettshandheving, flyplassproblematikk og forsking.

Det føregår ei evaluering av Pompidougruppa. Resultata frå evalueringa vil danne grunnlag for avgjerder om framtidig arbeid som vil bli fatta på det kommande ministermøtet i Nederland i 2006. Regjeringa ser på Pompidougruppa som eit viktig forum for informasjonsutveksling og tiltaksutvikling.

1.3.4 Bioetikk-komiteen

Dei grunnleggande bioetiske spørsmåla blir i hovudsak behandla i styringskomiteen for bioetikk. Komiteen behandlar særleg ulike emne knytte til konvensjonen om menneskerettar og biomedisin og protokollar og tilrådingar til denne. Konvensjonen vart opna for underteikning i 1997 og er underteikna av 31 land, deriblant Noreg.

Komiteen vedtok i 2003 eit framlegg til ny protokoll om biomedisinsk forsking. Protokollen vart vedteken av ministerkomiteen den 30. juni 2004, og vart lagd fram til underteikning i Strasbourg 25. januar 2005. Noreg underteikna protokollen same dagen i lag med ni andre land. Protokollen inneheld reglar om at forsking skal byggje på samtykke frå dei som deltek i forskingsprosjekta, og at omsynet til enkeltmennesket skal telje meir enn omsynet til samfunnet og forskinga. Protokollen inneheld også overordna prinsipp om konfidensialitet og artiklar om etikk-komiteane si rolle.

Komiteen behandla i 2003 og 2004 eit framlegg til tilråding om vern av menneskerettane og verdigheita til personar med alvorlege psykiske lidingar. Med tanke på å auke rettstryggleiken inneheld tilrådinga mellom anna dei kriteria som vert tilrådd nytta ved tvangsinnlegging og tvangsbehandling. Tilrådinga inneheld vidare viktige prinsipp om at det i behandlinga av menneske med alvorlege psykiske lidingar skal nyttast minst mogeleg tvang, at pasientane skal ha nok informasjon og at dei skal ha høve til å klage på tiltak av inngripande karakter. Tilrådinga har vore drøfta i Europarådet i fleire år, og har også vore drøfta i helsekomiteen. Ministerkomiteen vedtok til­rådinga 22. september 2004.

Komiteen har i perioden byrja drøftingar om utforminga av framlegg til nye instrument. Det eine framlegget er meint å ta opp problem knytte til bruk av human genetikk, blant anna genetisk testing. Her vil komiteen prøve å samle seg om eit framlegg til protokoll. Han har også byrja å drøfte eit framlegg til instrument om forsking på menneskeleg biologisk materiale.

1.4 Innvandringsspørsmål

Noreg er representert i ekspertkomiteen for statsborgarskap. Komiteen har utarbeidd den europeiske konvensjonen om statsborgarskap, som vart ferdigstilt i 1997. Det vert arbeidd med stats­borgarspørsmål som ikkje er regulerte i konvensjonen.

I 2003 blei det starta arbeid med eit tilleggsinstrument om statsløyse i samband med statssuksesjon. Komiteen sluttførte ein protokoll om dette i 2004. Denne vil bli lagd fram for styringskomiteen, og er planlagd vedteken av ministerkomiteen våren 2005.

I 2004 arrangerte komiteen ein tredje europeisk konferanse om statsborgarskap, denne gongen om born og statsborgarskap. I samband med den norske formannskapen i Europarådet hausten 2004 blei avslutningsinnlegget i konferansen halde av statssekretæren i Barne- og familiedepartementet.

Noreg er representert i Europarådets adhoc-komité for asyl og flyktningspørsmål. Denne vedtok i 2004 eit utkast til retningslinjer for tvungen retur av personar utan lovleg opphald.

Komiteen utarbeidde ei tilråding om minstestandardar for forvaring av asylsøkjarar som ministerkomiteen vedtok i 2003. I 2004 vedtok dei likeins ei tilråding om ein felles definisjon av omgrepet ”medlemskap i ei spesiell sosial gruppe” etter føresegnene i flyktningkonvensjonen.

I 2004 vedtok komiteen ei tilråding om tolking av vilkåra for eksklusjon frå flyktningstatus i samsvar med føresegnene i flyktningkonvensjonen. Tilrådinga blei oversend ministerkomiteen i 2004.

Ekspertkomiteen sluttførte og vedtok ei oppfatning av tilrådinga frå parlamentarikarforsamlinga om tilgang til hjelp og vern for asylsøkjarar ved europeiske sjøgrenser, og ei tilråding om utdanning for flyktningar og internt fordrivne personar.

I 2003 oppretta ministerkomiteen ei arbeidsgruppe under ekspertkomiteen for statsborgarskap som skulle lage retningslinjer for tvungen retur av personar utan lovleg opphald i eit medlemsland. Arbeidsgruppa var sett saman av medlemmer frå ekspertkomiteen for statsborgarskap, styringskomiteen for migrasjon og styringskomiteen for menneskerettar. Utkast til retningslinjer for tvungen retur blei vedteke av arbeidsgruppa i 2004, og er oversendt ministerkomiteen for vedtak.

Arbeidet med migrasjons- og integreringsspørsmål blir leidd av styringskomiteen for migrasjon. Komiteen har som ei oppfølging av ministerkonferansen i Helsingfors i 2002 mellom anna arrangert tre sesjonar der land utanfor Europarådet er blitt inviterte til å drøfte migrasjonsspørsmål med medlemslanda i Europarådet. Vidare har dei arbeidd med indikatorar for integrering. Dette gjeld mellom anna born og unge med innvandrarbakgrunn, tilgang for innvandrarane til arbeidsmarknaden og studentmigrasjon.

Noreg har ein medlem i den europeiske kommisjonen mot rasisme, intoleranse og framandfrykt (ECRI). Komiteen utarbeider generelle og landspesifikke tilrådingar om rasisme og intoleranse, og publiserer eksempel på god praksis. ECRI la fram sin siste rapport om Noreg i januar 2004. Rapporten understrekar at vernet mot diskriminering er blitt betre på ei rekkje område i Noreg, men ECRI tilrår at Noreg betrar vernet mot rasistiske ytringar og sikrar at ein får eit effektivt handhevingsapparat for diskrimineringslovgjevinga.

Noreg er representert i ei ekspertgruppe for rom/sintispørsmål. Denne er oppretta av styringskomiteen for migrasjon. Gruppa held to møte i året. Dei har mellom anna behandla spørsmålet om skuldingar om tvangssterilisering av romkvinner i Slovakia. Noreg har i denne samanhangen informert om arbeidet med erstatningsordningar for tvangssteriliserte romanikvinner i Noreg. Det har vore stor interesse i ekspertgruppa både for den norske erkjenninga av at tvangssterilisering har gått føre seg og for arbeidet med erstatning.

1.5 Born og ungdom

1.5.1 Barnepolitisk samarbeid

Hovudtyngda i det barnepolitiske samarbeidet skjer innanfor ramma av styringskomiteen for sosialt samhøyr og sosialpolitikk. Det same gjeld store delar av familiepolitikken.

Det barnepolitiske samarbeidet i 2003 og 2004 har i hovudtrekk vore handtert i eit underliggjande organ under forumet for born og familiar. Forumet blei seinhaustes 2004 erstatta av ein ny ekspertkomité for born og familiar.

Forum for born og familiar

Forumet har vore ein sentral møteplass for representantar frå medlemslanda, dei ulike komiteane i Europarådet og frå frivillige og offentlege organisasjonar med oppgåver på barne- og familieområdet. Forumet har sett fokus på viktige utfordringar for born og familiar i vår tid, fått fram kunnskap, utveksla erfaringar og drøfta retningslinjer og tilrådingar for politikkutforminga i medlemslanda.

Etter godkjenning i styringskomiteen oppretta forumet til dømes to ulike arbeidsgrupper som avslutta sitt i arbeid i 2003/2004: ei for born og unge og deira deltaking i samfunnet og ei for born og unge under omsorg (barnevern), med vekt på institusjonar for born og ungdom. Begge arbeidsgruppene blei oppnemnde etter forslag frå Noreg, og Noreg gav mindre tilskott til det omfattande arbeidet som blei gjort. Mellom anna vert det utarbeidd rapportar med døme på gode ordningar for medverknad og deltaking for born og unge og ei generell rettleiing for korleis ein skal komme i gang i skule og lokalmiljø. Arbeidsgruppa for born under omsorg har mellom anna kartlagt situasjonen for born og unge i institusjon i ei rekkje av medlemslanda. Det er òg skrive ein rapport om førebygging av institusjonsplassering og alternative plasseringsmåtar.

No har styringskomiteen etter forslag frå ekspertkomiteen oversendt eit forslag til tilråding til ministerkomiteen om rettane til born og unge i institusjonar. Gjennom sin representant i styringskomiteen og ekspertkomiteen har Noreg spela ei aktiv rolle mellom anna i utforminga av tilrådinga. Særleg dei landa som har mange born og unge i institusjonar, til dømes i Aust-Europa, kan dra nytte av det materialet som er laga og sjølve tilrådinga i si lov- og politikkutforming.

Spørsmålet om fysisk avstraffing av born har vore eit sentralt tema både i forumet og i andre organ i Europarådet dei to siste åra. Til dømes har parlamentarikarforsamlinga vedteke ei tilråding om forbod mot fysisk avstraffing av born. Både forumet og styringskomiteen har støtta tilrådinga med referanse til den reviderte europeiske sosialpakta og den nye europarådsstrategien for sosialt samhøyr og sosialpolitikk. Styringskomiteen har vist til FN-konvensjonen om barnerettar, og oppmoda medlemslanda til å setje i verk nødvendige åtgjerder for å hindre fysisk avstraffing av born. Som eitt av få land i Europa har Noreg lovheimla forbod mot fysisk avstraffing av born. Difor har den norske haldninga til dette spørsmålet vore heilt klar under handsaminga av spørsmålet i forumet og i styringskomiteen. Forumet fekk òg laga ei utgreiing som gjev eit godt bilete av situasjonen i medlemslanda. Til dømes har berre elleve av medlemslanda lovheimla forbod mot fysisk avstraffing av born.

Ny ekspertkomité for born og familiar

Noreg har fast plass i komiteen, som blei oppretta i 2004 og førebels skal halde fram til utgangen av 2006. Komitémandatet tek mellom anna utgangspunkt i FN-konvensjonen om barnerettar og den nye strategien for sosialt samhøyr og sosialpolitikk. Mandatet for komiteen femner vidt. Både komiteen og styringskomiteen for sosialt samhøyr og sosialpolitikk har difor valt å setje fokus på korleis ein kan skape gode oppvekstvilkår ved å støtte og styrkje foreldrerolla. Førebels skal ei arbeidsgruppe sjå på problem og utfordringar som fattigdom skaper for barnefamiliane. Ei anna gruppe skal sjå på foreldrerolla i lys av vald i heimen og i samfunnet. Dette arbeidet vil inngå i eit større tverrfagleg prosjekt om born og vald som Europarådet set i gang i 2005.

Dei fleste styringskomiteane i Europarådet arbeider med spørsmål med relevans for barne- og familiepolitikken. Ekspertkomiteen har difor deltakarar også frå dei andre komiteane. Ei viktig grunngjeving er å syte for betre koordinering av dei barnepolitiske sakene.

Noreg er interessert i av å få til ei god koordinering av dei barnepolitiske sakene og aktivitetane i Europarådet og betre koordinering mellom barne- og ungdomspolitikken. Frå norsk side har det vore særs viktig å framheve barneperspektivet i handsaminga av saker i styringskomiteen og i underliggjande organ. Noreg sekonderte difor hausten 2004 ein nasjonal ekspert førebels for to år for å påskunde koordineringsarbeidet på barne- og ungdomsområdet. Eksperten har mellom anna ei sentral rolle i det nemnde nye tverrfaglege prosjektet om born og vald som omfattar fleire stryringskomitear og direktorat.

Styringskomiteen for sosialt samhøyr og sosialpolitikk og ungdomskomiteen arrangerte ein konferanse hausten 2004 med fokus på relasjonen mellom barne-, ungdoms- og familiepolitikk. Ei vidareføring av initiativet kan vere å etablere eit forum for dialog og samarbeid mellom desse sektorane. Eit slikt tiltak vil bli diskutert vidare i 2005.

1.5.2 Ungdomspolitisk samarbeid

Arbeidet med ungdomspolitiske saker vert utvikla og gjennomført i nært samarbeid mellom medlemslanda i Europarådet, frivillige internasjonale barne- og ungdomsorganisasjonar, nasjonale ungdomsråd i medlemslanda og andre grupper som arbeider med ungdomsspørsmål internasjonalt. Denne samarbeidsforma set Europarådet i ei særstilling samanlikna med andre mellomstatlege organisasjonar som er engasjerte i ungdomspolitiske saker. Samarbeidet mellom medlemslanda går i første rekkje føre seg i styringskomiteen for ungdomsspørsmål, som omfattar alle dei 48 landa som har slutta seg til kulturkonvensjonen til Europarådet. Dei ikkje-statlege barne- og ungdomsorganisasjonane og andre relevante partnarar har ein eigen rådgjevande komité. Styringskomiteen og den rådgjevande komiteen møtest for å drøfte og gjere vedtak om hovudprioriteringane på ungdomsområdet.

Arbeidet på ungdomsområdet forvaltar store ressursar gjennom drifta av ungdomssentra i Strasbourg og Budapest og Det europeiske ungdomsfondet. Ungdomssentra gjev dei frivillige organisasjonane høve til å gjennomføre kurs og seminar for dei nasjonale medlemmene. I tillegg har Europarådet eit eige program for opplæring og skolering av ungdomsleiarar og valde representantar frå organisasjonane. Europarådet har ein avtale med Europakommisjonen om denne verksemda. Det europeiske ungdomsfondet gjev økonomisk stønad til ulike aktivitetar og prosjekt på barne- og ungdomsområdet.

I åra 2003 og 2004 har Europarådet særleg engasjert seg i ungdomspolitiske tiltak som:

  • samfunnsdeltaking for born og ungdom

  • utdanning og opplæring som går føre seg utanfor det organiserte utdanningssystemet

  • menneskerettane i høve til arbeidet med born og ungdom

  • utvikling og gjennomføring av ungdomspolitiske tiltak på nasjonalt og internasjonalt plan.

Ungdomssektoren i Europarådet gjennomførte sommaren 2004 ein stor internasjonal ungdomskonferanse om ungdom og globalisering.

Europarådet gjennomførte i 2003 og 2004 ei internasjonal vurdering av norsk ungdomspolitikk. Konklusjonane, som i store trekk var svært positive for Noreg, vart drøfta på eit møte i Europarådet i februar 2004, der statsråd Laila Dåvøy la fram den norske rapporten.

1.6 Kultur, media og idrett

1.6.1 Kultur

Også i 2003 og 2004 gav styringskomiteen for kultur prioritet til områda kulturell dialog og konfliktførebygging, gjennomgang av kulturpolitikken i medlemslanda og tiltak for å fremje kulturelt mangfald. I oktober 2003 vart det arrangert ein ministerkonferanse i Opatija, Kroatia. Konferansen la vekt på det ansvaret kulturministrane har for å initiere kulturell dialog med sikte på å halde oppe eit kulturelt mangfald. Det vart vedteke ein deklarasjon om dette som vil bli følgd opp gjennom aktivitetar i regi av Europarådet og medlemslanda. Frå norsk side vart det understreka at interreligiøs dialog er ein viktig faktor når det gjeld konfliktførebygging.

50-årsjubileet for det europeiske kultursamarbeidet, medrekna kulturkonvensjonen, vart markert i 2004. Konvensjonen dekkjer områda kultur, utdanning, ungdom og sport. Ein kultur- og utdanningsministerkonferanse i Wroclaw, Polen, i desember 2004 tok opp utfordringane for samarbeidet på desse områda. Erklæringa som vart vedteken, oppsummerer resultata frå dei 50 åra som har gått, fokuserer på utfordringane og gjev strategiske retningslinjer for den framtidige utviklinga. Det er eit norsk synspunkt at ei vidare styrking av dialogen mellom religionar og kulturar er ein føresetnad for å fremje det kulturelle mangfaldet. Det vart frå norsk side understreka at dette arbeidet må halde fram, og at Europarådet også i framtida må sjå på dei frivillige organisasjonane si rolle i dette arbeidet. Det vart også vist til den oppgåva dei uavhengige media har i denne samanhengen.

1.6.2 Media

Dei mediepolitiske spørsmåla i Europarådet vert i første rekkje handterte av styringskomiteen for massemedia, seks underkomitear og den faste komiteen for fjernsyn over landegrensene. Noreg har delteke i to ekspertgrupper og eit rådgivande panel.

Styringskomiteen har dei siste åra særleg vore oppteken av utviklinga av ein fri og uavhengig mediesektor i Sentral- og Aust-Europa. Dette skjer dels gjennom utvikling av standardar for lovverk om ytringsfridom og rammevilkår for media, men også gjennom praktiske tiltak for å sikre utvikling av og opplæring i desse standardane. Desse tiltaka skjer gjennom Europarådet si stabilitetspakt for regionen, og er retta mot dommarar, styresmakter, medieselskap og journalistar.

Ekspertgruppa for ytringsfridom og andre grunnleggjande rettar har hatt som mandat å vurdere avveging av ytringsfridom (EMK art. 10) mot andre fundamentale rettar, til dømes respekten for privatlivets fred (EMK art. 8) og retten til rettferdig rettargang (EMK art. 6). Gruppa har også hatt til oppgåve å føreslå mogelege tiltak med omsyn til korleis media kan medverke til auka forståing mellom folkeslag. Gruppa har utarbeidd utkast til ei tilråding og ei erklæring om formidling av informasjon gjennom media i samband med straffesaker. Ministerkomiteen vedtok begge dokumenta 10. juli 2003. Eit utkast til erklæring om fridom for politisk debatt i media vart vedteke av ministerkomiteen 12. februar 2004. Gruppa sitt utkast til ein deklarasjon om ytringsfridom og terrorisme vart godkjent av styringskomiteen på møtet i november 2004, men er så langt ikkje vedteke av ministerkomiteen.

Ekspertgruppa for sosiale og demokratiske konsekvensar av digital kringkasting har m.a. drøfta korleis medlemslanda kan fremje spreiinga av digitale kringkastingstenester, med hovudvekt på tiltak for å hindre uheldige konsekvensar for publikum av digitalisering av ulike kringkastingstenester. Gruppa har analysert konsekvensane av den fragmenteringa av publikum som kan verte ei følgje av at kringkastingstenester vert digitaliserte. Oppgåver, organisering og finansiering av allmennkringkastarane i ei digital framtid er også drøfta. Arbeidet har munna ut i ei tilråding som vart vedteken av ministerkomiteen 28. mai 2003.

Ekspertgruppa har også kartlagt den faktiske stoda for digital kringkasting i medlemslanda og planlagde tiltak knytte til innføringa av slike tenester. Dokumentet har vore til stor nytte for medlemslanda.

Frå 2003 fekk ekspertgruppa eit tilleggsmandat til å vurdere tiltak for å sikre publikum tilgang til variert informasjon frå viktige arrangement som er omfatta av eksklusive formidlingsrettar. Gruppa arbeider med eit framlegg til tilråding om dette emnet. Sentralt i arbeidet står vurderinga av korleis ein kan sikre at ulike medium kan nytte korte reportasjar frå slike hendingar, samstundes som ein tek omsyn til dei investeringane rettshavarane har gjort i dei eksklusive formidlingsrettane.

Det rådgjevande panelet for mediemangfald har utarbeidd rapporten ”Transnasjonal mediekonsentrasjon i Europa”. Rapporten inneheld eit oversyn over mediesituasjonen med vekt på utanlandsk eigarskap på fjernsynsområdet, presentasjon av visse utviklingstrendar og korleis dei kan påverke ytrings- og informasjonsfridommen og mediemangfaldet. Rapporten inneheld også råd om mogelege tiltak som kan redusere negative effektar av utviklinga.

Europarådskonvensjonen av 5. mai 1989 om fjernsyn over landegrensene er ratifisert av 30 land, mellom dei Noreg og 15 andre EØS-land. Den faste komiteen for fjernsynssendingar over landegrensene, som er oppretta i medhald av konvensjonen, har m.a. drøfta spørsmål om bruken av konvensjonen i høve til nye informasjonstenester og reklamefenomen (virtuell reklame o.a.), implementeringa av dei nye reglane om sendingar frå viktige arrangement og utfordringar for kringkastingssektoren i WTO/GATS-forhandlingane. Førebuing til revisjon av konvensjonen har vore sentralt i 2004. Denne revisjonen skjer parallelt med revisjonen av TV-direktivet i EØS-avtalen. Komiteen vedtok i oktober 2004 ei tilråding om vern for mindreårige mot pornografiske program som følgje av informasjon frå enkelte austeuropeiske land om aukande innslag av pornografi i fjernsynssendingar.

1.6.3 Idrett

Idrettssakene i Europarådet høyrer inn under idrettskomiteen. Komiteen behandlar budsjettet og dei sentrale aktivitetane til Europarådet på idrettsfeltet. Noreg har vore representert på dei årlege møta i komiteen.

13.–14. mai 2004 arrangerte Europarådet ein idrettskonferanse i Strasbourg, med tittelen ”Europeiske vegskilje: Sport – Inngangsdørene til utvikling av demokrati”. Målet med konferansen var å rette søkjelyset mot idrettspolitikk overfor ungdom og å sjå nærare på korleis ein kan styrkje deltakinga i idretten. Konferansen var ein del av det europeiske året for utdanning gjennom idrett 2004, som EU stod bak.

I Budapest arrangerte Europarådet 14.–15. oktober 2004 ein stor ministerkonferanse om idrett. Temaet for konferansen var godt styresett i idretten. Noreg var representert på konferansen ved statssekretæren i Kultur- og kyrkjedepartementet. Frå norsk side vart det framheva at idrett er nært knytt til Europarådets kjerneverdiar, og at dette bør speglast i prioriteringa av det europeiske idrettssamarbeidet i Europarådet.

1.7 Utdanning

Samarbeidet på utdanningsområdet går føre seg i regi av to styringskomitear: styringskomiteen for utdanning og styringskomiteen for høgre utdanning og forsking. Noreg er frå 2004 valt inn i byrået for kvar av desse to komiteane, og får gjennom dette serskilt høve til å påverke samarbeidet på utdanningsområdet.

Samarbeidet om utdanning i Europarådet tek utgangspunkt i den europeiske kulturkonvensjonen, som i 2004 kunne feire 50-årsjubileum. Jubileet vart markert med ein konferanse i Polen i 2004, med representantar for i første rekkje kulturdepartementa i medlemslanda. Konferansen munna ut i ei slutterklæring der medlemslanda legg vekt på kva kulturfeltet i vid forstand, medrekna utdanning, har å seie for samarbeidet i Europarådet i tida framover, mellom anna med tanke på det tredje toppmøtet i 2005.

Styringskomiteen for utdanning varetek samarbeidet innanfor skule og opplæring. Kjerneområde for samarbeidet er språkopplæring, historieundervisning, opplæring i demokrati/menneskerettar og i stigande grad interkulturell dialog. Komiteen har i perioden 2003–2004 gjeve høg prioritet til samarbeid om utdanning som middel til å fremje interkulturell dialog og forståing. Gjennom eit eige prosjekt har ein drøfta utfordringane skulen står overfor i møtet med eit samfunn prega av aukande etnisk og religiøst mangfald. Interkulturell undervisning var også hovudtema for den 21. europeiske utdanningsministerkonferansen i regi av Europarådet som fann stad i Aten 6.–7. november 2003. Noreg var representert av statssekretæren frå Utdannings- og forskingsdepartementet.

Temaet, som har høg politisk prioritet på norsk side, vart følgt opp under den norske formannskapen i 2004 då Utdannings- og forskingsdepartementet tok initiativ til gjennomføring av ein konferanse om den religiøse dimensjonen ved interkulturell undervisning, med deltaking frå omkring 40 av medlemsstatane. Konferansen gav høve til utveksling av røynsler med bruk av religionsundervisning for å fremje toleranse og motverke frykt og hat mellom folkegrupper i medlemslanda.

Europarådet sitt fokus på interkulturell undervisning har interesse også utover medlemslanda, og kan sjåast i samanheng med arbeidet for euro-arabisk dialog. Til undervisningsministerkonferansen i Aten i 2003 og til møtet i utdanningskomiteen i 2004 hadde ein difor innbydd representantar for organisasjonane ALESCO (Arab League Organisation for Education) og ILESCO (Islamic Educational, Scientific and Cultural Organisation), som på kvar si side uttrykte ønske om eit nærare samarbeid med Europarådet, mellom anna i samband med prosjektet om utdanning for demokratisk medborgarskap.

Samarbeidet på sistnemnde område har gått føre seg gjennom fleire år, med Noreg som ein viktig medspelar. Sidan 2001 har Læringssenteret/Utdanningsdirektoratet vore med i prosjektet ”Utdanning for demokratisk borgarskap”. Europarådet sitt engasjement på dette området toppar seg i 2005 med markeringa av det europeiske året for demokrati og medborgarskap. Internasjonale undersøkingar har vist at dette er eit felt som må løftast fram: i ei samanlikning av demokratisk engasjement, kunnskap og haldningar hos 9.-klassingar i 27 land i perioden 1997–2001 kom det fram at det mellom anna i medlemslanda i Europarådet var låg valdeltaking og mangel på engasjement mellom ungdom. På norsk side har Utdanningsdirektoratet oppnemnt ein nasjonal koordinator til å vareta kontakten og samarbeidet med Europarådet på dette området.

Utdanningsdirektoratet har også ansvar for norsk deltaking i Europarådets etterutdanningsprogram for lærarar. Gjennom dette programmet kan lærarar i medlemslanda delta kostnadsfritt på etterutdanningskurs i dei andre medlemslanda. Utdanningsdirektoratet formidlar tilboda frå dei andre medlemslanda og vel ut norske deltakarar til kurs i andre land. Tilsvarande skipar Utdanningsdirektoratet kvart år i samarbeid med ulika høgskular til eit kurs i Noreg som står ope for lærarar frå dei andre medlemslanda, og dekkjer utgiftene deira i samband med kurset. I 2003 var temaet ”Diagnostisk læring: ein ny europeisk framgangsmåte for å undervise i matematiske fag” og i 2004 ”Forbrukarane sine borgarrettar” .

Eit viktig perspektiv i arbeidet med historieundervisning har vore å medverke til revisjon av lærebøker i historiefaget i land i tidlegare konfliktområde. Noreg har i samband med dette teke del i utarbeidinga av ei lærebok om Svartehavet: ” The Black Sea – a History of Interactions”, utgjeven i samarbeid med Gyldendal forlag.

Arbeidet for å fremje språkleg mangfald og språkopplæring er eit sentralt område i Europarådet sitt utdanningsprogram. Innanfor ramma av språksamarbeidet har Europarådet teke initiativ til ei gransking av framandspråkopplæringa i grunnskulen i utvalde medlemsland. Noreg var gjenstand for ein slik gjennomgang i 2003, og rapporten frå granskarane er lagd ut på nettsidene til Europarådet. Språkprofilen gjev ei oversikt over og analyserer situasjonen i dag, og drøftar mogelege retningar for språkopplæringa i framtida. Det vert m.a. peika på dei store språklege ressursane som ligg i det språklege mangfaldet i Noreg. Tilrådingane frå granskarane vart følgde opp i framlegget i St.meld. nr. 30 (2002-2003) Kultur for læring om å styrkje det andre framandspråket i norsk grunnopplæring.

Det europeiske senteret for moderne språk i Graz har som målsetjing å fremje forsking og utvikling innanfor framandspråkopplæringa. Målgruppa for seminar ved senteret er primært språkforskarar og lærarutdannarar. Noreg betaler eit årleg grunntilskott til senteret, og får gjennom dette høve til å sende norske framandspråklærarar og -spesialistar til ulike kurs og konferansar, og til å ta del i nettverk der dei kan dra nytte av ei omfattande mengd faglitteratur, rapportar og liknande som senteret gjev ut. Utdanningsdirektoratet representerer Noreg i styret for senteret, og er kontaktorgan og innstiller norske søkjarar til ulike seminar.

Styringskomiteen for høgre utdanning og forsking har to representantar frå kvart land, ein frå nasjonale styresmakter og ein frå universitets- og høgskulesektoren. Det har vore fleire parallelle hovudsamarbeidsområde innan høgre utdanning og forsking, og tre av dei har vore gjeldande i heile rapporteringsperioden:

  • Politikk og verktøy for godkjenning av kvalifikasjonar frå høgre utdanning – inklusive oppfølging av Europaråds- og UNESCO-konvensjonen frå 1997, Lisboakonvensjonen, med vitnemåls­tillegget Diploma Supplement, som er obligatorisk i Noreg frå 2002, retningslinjer for godkjenning av transnasjonal utdanning og retningslinjer for fellesgradar, dei siste frå 2004.

  • Bidrag til Bolognaprosessen, der målet er eit europeisk rom for høgre utdanning innan 2010, gjennom tett oppfølging av arbeidet i oppfølgingsgruppa. Arbeidet går mellom anna ut på å arrangere og delta på konferansar i prosessen, utarbeide grunnlags­dokument og, ikkje minst, assistere nye land som dels vil, dels nett har, komme med i prosessen – både dei som har tiltredd den euro­peiske kulturkonvensjonen og andre frå det tidlegare Sovjetunionen. Det har vore eit godt samarbeid mellom Europarådet og norske styresmakter og med det internasjonale Bologna­sekretariatet frå Noreg overtok viseformannskapen i prosessen i 2003 fram mot ministerkonferansen i Bergen i mai 2005.

  • Offentleg ansvar for høgre utdanning og forsking. Prosjektet dreier seg om ei utgreiing av kva som eigentleg ligg i dette, om det er klåre grenser for kor langt det offentlege ansvaret går, om ansvaret er avgrensa til spesielle område, eller om det er mogeleg å fastsetje minimumskriterium. Det var ein konferanse i prosjektet i 2004 som resulterte i ei tilråding til ministrane med ansvar for å implementere Bolognaprosessen, og det vil bli publisert ei bok frå prosjektet i 2005.

Prosjektet om universitet og høgskular som institusjonar for demokratiopplæring blei avslutta i 2003, medan komiteen for høgre utdanning og forsking gjorde ferdig sin del av arbeidet med ei tilråding om kulturarven innan høgre utdanning i 2004.

Samtidig starta komiteen for høgre utdanning og forsking i 2004 arbeidet med eit nytt prosjekt om styring i høgre utdanning. Dette prosjektet vil inngå i arbeidet med Det europeiske året for medborgarskap i 2005.

1.8 Kulturminneforvaltning og naturforvaltning

Styringskomiteen for kulturarv har ansvar for å fremje vernet av den fysiske kulturarven i Europa, dvs. kulturlandskap, kulturmiljø, kulturminne og kulturgjenstandar. Komiteen forvaltar to konvensjonar, Granadakonvensjonen om vern av Europas faste kulturminne (1985) og Maltakonvensjonen om vern av den arkeologiske kulturarven (1992).

Noreg har vore representert i ekspertgruppa som har laga utkast til ein rammekonvensjon om kulturarvens verdi for samfunnet. Denne skal handsamast av ministerkomiteen i 2005. Noreg har òg plass i byrået for komiteen, der Riksantikvaren representerer Noreg.

Den europeiske landskapskonvensjonen vart ratifisert av Noreg som første land i oktober 2001. Konvensjonen tredde i kraft 1. mars 2004 og vert no sett i verk i dei landa som har ratifisert eller stadfesta han. Formålet med konvensjonen er å fremje vern, forvaltning og planlegging av landskap og å organisere europeisk samarbeid på desse områda. I Noreg arbeider regjeringa langs tre linjer:

  • samarbeid mellom departement og direktorat på sentralt statleg nivå

  • samarbeid mellom dei nordiske landa i kontakt med fagkomiteen for natur, friluftsliv og kulturminne i Nordisk ministerråd

  • samarbeid med kommunar og fylke om iverksetjing gjennom lokal og regional politikk og planlegging.

I Europarådet er det oppretta ein særskild koordineringskomité for arbeidet med konvensjonen på europeisk nivå.

Det paneuropeiske samarbeidet om biomangfald og konvensjonen om biologisk mangfald har etter mange år nådd ei svært konstruktiv form. Den paneuropeiske strategien for biologisk mangfald og landskapsvern har i perioden gjennomført ein vellykka konferanse om biodiversitet i Europa. Konferansen vart halden i Madrid i januar 2003. Konferansen tok opp tema som stod på dagsordenen for partsmøtet til konvensjonen for biologisk mangfald i Kuala Lumpur 2004. Samtidig blei det vedteke av den paneuropeiske strategien for biologisk mangfald at styret i perioden fram til neste FN-miljøkonferanse i Den økonomiske kommisjonen for Europa skulle arbeide meir aktivt med måla for resolusjonen om biologisk mangfald som vart vedtekne i Kiev mai 2003. Dei har også prioritert å utvikle samarbeid med EU, miljøbyrået i EU, konvensjonen for biologisk mangfald og den europeiske ministerkonferansen om vern og berekraftig bruk av skog.  

Dei deltok også aktivt i EU-arbeidet med ein handlingsplan for biologisk mangfald etter  invitasjon frå den irske formannskapen. Dette samarbeidet held fram, ikkje minst fordi 25 EU-land no også er representerte i den paneuropeiske strategien.

1.9 Regionalt og kommunalt samarbeid

Styringskomiteen for lokalt og regionalt demokrati arbeider med spørsmål knytte til lokalt sjølvstyre, kommunal økonomi og forvaltning og den statlege styringa av kommunane. Komiteen arbeider mellom anna for å medverke til utvikling av demokratiske institusjonar på lokalt nivå i landa i Sentral- og Aust-Europa. Komiteen har også ein aktiv dialog med Europarådskongressen for lokalt og regionalt demokrati. Kongressen gjennomfører mellom anna årlege besøk i medlemslanda i Europarådet for å vurdere korleis landa følgjer opp Europarådscharteret for lokalt sjølvstyre, og gjennomførte i 2003 ei undersøking i Noreg.

I samband med den norske formannskapen i ministerkomiteen i Europarådet arrangerte norske styresmakter i samarbeid med Europarådet ein konferanse om styrking av lokaldemokratiet og demokratisk deltaking i ei verd i endring i Oslo frå 30. september til 1. oktober 2004. Konferansen hadde brei deltaking frå politisk og administrativt nivå i medlemslanda og frå norske kommunar. Statsråd Erna Solberg var leiar for konferansen.

Ministrane med ansvar for regional planlegging møtest i den europeiske konferansen for ministrar med ansvar for regional planlegging tredjekvart år. Ein tenestemannskomité tek hand om arbeidet mellom sesjonane. Aktivitetane har vore konsentrerte om å følgje opp retningslinjene for ei regionalt balansert og berekraftig romleg utvikling, som vart vedtekne på ministerkonferansen 7.–8. september 2000 i Hannover. Arbeidet er ei viktig informasjons- og inspirasjonskjelde for norsk regional planlegging.

På ministerkonferansen 15.–17. september 2003 i Ljubljana vedtok ministrane den såkalla Ljubljana-erklæringa, som kort kan samanfattast i tre punkt:

  • Regional (territorial) planlegging og utvikling er eit kjerneområde for politikarar og politisk verksemd, i nær kontakt med befolkninga i området.

  • Politikarane må utvikle og gjennomføre politikken i alliansar og partnarskap mellom forvaltningsnivåa og mellom offentleg og privat sektor.

  • Partnarskapet må nytte regional planlegging som arena for å utvikle sams visjonar og strategiar, og instrument for å koordinere gjennomføringa.

1.10 Dyrevern

Ein ny (revidert) konvensjon om vern av dyr under internasjonal transport vart vedteken av ministerkomiteen i 2003. Den nye konvensjonen er ikkje gjort gjeldande for transport innanfor EU-området. Det står enno arbeid att med å utforme retningslinjer for transport av dei forskjellige dyreartane med transportmiddel som tog, båt, bil og fly. Noreg er representert i det arbeidsutvalet som skal utforme desse retningslinjene.

Under konvensjonen om vern av produksjonsdyr er det i arbeid ein komité som har som oppgåve å utarbeide tilrådingar om hald av dei ulike dyreartane. Teksten til ei revidert tilråding om hald av gris vart vedteken av komiteen på møtet i desember 2004. På same møtet vart teksten til den generelle delen av ei tilråding om hald av oppdrettsfisk godkjend for endeleg vedtak i 2005. Arbeidet med tilrådingar om hald av ulike typar fisk i oppdrett held fram. Noreg er representert i det utvalet som skal utforme desse tilrådingane.

Under konvensjonen om vern av forsøksdyr har det i lengre tid vore arbeidd med ein revisjon av vedlegg A, som gjev tekniske spesifikasjonar for ulike miljø- og velferdstiltak for hald av forsøksdyr, mellom anna om burstorleik, temperatur, fôringsregime etc. Dette arbeidet er no ferdig og har resultert i eit omfattande dokument. Vedlegg A vil etter planen kunne vedtakast i ein multilateral konsultasjon i løpet av 2005.

Til forsida