St.meld. nr. 38 (2004-2005)

Noregs deltaking i Europarådet i 2003 og 2004

Til innhaldsliste

2 Tale av statsminister Bondevik til Parlamentarikarforsamlinga i Europarådet 23. juni 2004

Medlemmer av Parlamentarikarforsamlinga, det er ei stor glede for meg å vere her i Parlamentarikarforsamlinga i Europarådet igjen. Som presidenten nemnde, har eg tidlegare vore medlem av denne forsamlinga, og eg har enno mange gode vener blant representantane. Eg har også mange glade minne frå dei åra eg var med i forsamlinga, og følgjer interessert med i arbeidet som blir gjort her.

Mange tenkjer berre på Den europeiske unionen når dei snakkar om Europa. Men Europarådet og Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa er også viktige fordi dei fokuserer på politikkområde som EU ikkje legg så stor vekt på – område som skaper ei djupare forståing mellom landa på kontinentet vårt. Desse to organa omfattar dessutan ei rekkje land som ikkje er med i EU. For Europarådet sin del gjeld dette tjue land. Europarådet er dermed ein viktig møtestad for etablerte og nye demokrati og ein sentral arena for å fremje ei felles forståing av dei verdiane som er sentrale for utviklinga av demokratiet og respekten for menneskerettane.

Som ein av grunnleggjarane av Europarådet har Noreg stor tru på organisasjonen, og støttar sterkt opp om arbeidet som vert gjort. Under vår formannskapsperiode i Ministerkomiteen vil vi gjere alt vi kan for å styrkje Europarådet ytterlegare og setje organisasjonen i stand til å tilpasse seg nye og skiftande realitetar. Eg meiner at Europarådet må vere ope for reformer og endringar slik at det kan utføre sine oppgåver så effektivt som råd er. Vi bør konsentrere oss om det som er dei viktigaste verdiane og kompetanseområda til organisasjonen.

For det første må vi fokusere på Den europeiske menneskerettsdomstolen. Dette organet har vore og er nøkkelinstitusjonen i alt europeisk arbeid med å fremje menneskerettane. Reformer er livsviktig for å garantere at domstolen er effektiv. Vi må no setje i verk strakstiltak for å sikre at dei nødvendige reformene vert gjennomførte. For at domstolen skal vere effektiv på lang sikt, må vi som medlemmer yte ein vesentleg innsats for å redusere arbeidsmengda ved domstolen. Eg vil difor også oppmode dykk som parlamentarikarar til å gå i gang med aktuelle endringar på nasjonalt nivå.

For det andre må Europarådet søkje å fornye og styrkje samkvemmet med andre organisasjonar. Vi har mykje å vinne på å betre samordninga av aktivitetar med OSSE og EU. Vi treng samarbeid og samordning, ikkje unødvendig konkurranse. Berre gjennom ein konstruktiv dialog med dei andre organisasjonane kan vi lukkast. Det vil også gjere Europarådet og arbeidet som vert gjort her meir synleg og påkalle større merksemd.

For det tredje – og dette er ei hjartesak for meg – trengst det dialog, særleg mellom kulturar og mellom religionar. Historia har vist at nasjonar og kulturar er avhengige av kvarandre. Eit einsarta samfunn kan ikkje vare ved. Toleranse og utveksling av idear, varer og menneske er nøkkelfaktorar for endring, utvikling og fred. Vi må ikkje tillate at forskjellar i kultur eller tru utviklar seg i negativ lei og blir konfliktskapande. Ekstremistar og populistrørsler utnyttar folks redsle for ”dei som ikkje er som oss”. Konsekvensane ser vi i form av terrorisme og rasistisk motivert vald. For å kunne kjempe meir effektivt mot terrorismen må vi vite meir om dei underliggjande årsakene. Etter mi meining er fanatisme og hat eksempel på slike underliggjande årsaker. Dei er ofte utslag av audmjuking og redsle, som igjen kjem av kunnskapsmangel, frustrasjon og utrygg identitet. Ekstremistar prøver ofte å spreie hat i Guds namn, men ikkje noko er fjernare frå sann tru enn hat. Tvert imot er dei som har ei sterk tru, ofte betre i stand til å forstå og respektere andres tru. Det er det som er toleranse.

Eg er overtydd om at vi ved å diskutere likskapane og ulikskapane mellom religionane vil kunne komme fram til felles verdiar som respekt for det heilage og menneskeverdet og forsoningsvilje.

På reiser i utlandet har eg ofte møtt leiarar for ulike religionar. Dette har skjedd i Sarajevo, Jerusalem, Betlehem, Kairo, New York og Genève. I mange konfliktar vert religionen rekna som ein del av problemet. Etter mitt syn burde det vere omvendt. Religionen må bli ein del av løysinga. Eit harmonisk tilhøve mellom religionar løyser ikkje i seg sjølv konfliktar, men i nokre konfliktfylte område kan det bane veg for varige, fredelege politiske løysingar – ikkje berre i Midtausten og på Balkan, men også i Afrika og på andre kontinent.

Europarådet fremjar demokrati, menneskerettar og godt styresett i vår del av verda. Vi har eit unikt verdisett felles: menneskeverd, lovstyre, gjensidig respekt og forsoningsvilje. Desse verdiane er avgjerande som støtte for forsoning og for å hindre konfliktar.

Kjære kollegaer, som politiske leiarar må vi gjere vårt yttarste for å fremje og verne om desse grunnverdiane. Som politiske leiarar bør vi bruke ein humanistisk tilnærmingsmåte for å bryte ned religiøse og kulturelle barrierar som har bygt seg opp mellom folk, samfunn og enkeltmenneske. Vi bør ta ansvar for å hjelpe til med å byggje bruer mellom dei ulike trusretningane og kulturane. Vi bør fremje dialog og toleranse.

Det har alltid vore kulturelt mangfald i Europa, men i vår tid, i den globaliserte tidsalderen, skjer endringane fortare enn nokon gong før. Sjølv land som tradisjonelt har hatt ei homogen befolkning, slik tilfellet er i mitt eige land, er vortne meir og meir fleirkulturelle. Denne utviklinga ber mykje godt i seg, men utfordrar oss òg til å ta initiativ til å fremje forståing.

For det fjerde vert tallause born i verda i dag oppdregne i ein atmosfære av hat og intoleranse. Tallause born vert nekta grunnleggjande menneskerettar. La oss forvisse oss om at barna våre kjenner rettane sine. La oss lære barna våre at Europa står for harmoni, ikkje konflikt; for samarbeid og sameksistens, ikkje framandgjering og fiendskap. Barna er framtida vår. Vi må fremje sunne verdiar ved skulane våre. Skulane våre må difor framelske toleranse og forståing, dei må vere eit middel til å kjempe mot hat og redsle for dei som er annleis. I skulen må elevane lære medkjensle og omsorg for andre.

Den engelske presten – eg er sjølv prest – og forfattaren Dean Inge seier det slik: ”Målet med utdanning ligg i kunnskap, ikkje om fakta, men om verdiar”. Utdanning har stort potensial til å skape konkrete forbetringar i samfunnet. Som den amerikanske forfattaren James Baldwin seier: ”Det paradoksale med utdanning er nettopp dette – at idet ein tek til å tenkje sjølvstendig, tek ein òg til å sjå nærare på det samfunnet ein blir utdanna i.”

Det er viktig å fremje systematisk informasjon om korleis kunnskap om ulike kulturar og religionar kan medverke til større gjensidig forståing og respekt. Europarådet har ei viktig rolle i dette arbeidet. Eg trur dette kunne vere eit godt tema å innleie om under det neste toppmøtet i Europarådet.

For to veker sidan var vi vertskap for ein europarådskonferanse i Oslo om den religiøse dimensjonen ved tverrkulturell utdanning. Ved å diskutere likskapar og skilnader mellom dei ulike religionane vil vi kunne finne fram til felles verdiar som respekt for menneskeverdet, forsoningsvilje, kjærleiksbodet og sunn forvaltning.

I 1997 innførte vi faget ”Kristendom, religion og livssyn” i den norske skulen. Faget har til mål å gje elevane kunnskap og forståing om ulike religionar og trusretningar. Det skal formidle tradisjonar og verne om religiøs identitet, og samtidig byggje bruer som kan føre til innsikt, toleranse og dialog. Målet er å medverke til gjensidig toleranse og respekt for ulike livssyn og trusretningar.

Kvart samfunn må arbeide kontinuerleg for å sikre at gjensidig respekt og tillit er avgjerande verdiar på alle samfunnsområde – kulturelt, sosialt, etnisk og religiøs. På internasjonalt plan må dette målet nåast gjennom diskusjonar, avtalar og informasjonsutveksling.

Gjennom utdanning kan vi byggje bru over ulikskapar i tru og kultur. Gjennom utdanning kan vi byggje forståing og respekt for ulike religionar og kulturar. La oss difor i dag gje Europarådet ei leiande rolle i dette arbeidet.

Det femte og siste punktet mitt er behovet for å arbeide saman og byggje nettverk. Sidan sist Noreg hadde formannskapen i Ministerkomiteen – i 1989, då eg var norsk utanriksminister – er talet på medlemmer i Europarådet dobla. Det er etablert eit omfattande samarbeidsnettverk som er basert på nær 200 europarådskonvensjonar. Desse dekkjer ei lang rekkje område, mellom anna rettsleg samarbeid, sosialt samhøyr, menneskerettar, media, utdanning, helse, kultur, ungdom, lokalt samarbeid og miljø. Dette breie nettverket sikrar altså dei grunnleggjande rettane til 800 millionar innbyggjarar.

Styrken i dette samarbeidet er at vi kan vere med på å forbetre normer og standardar gjennom utveksling av synspunkt og gjennom samråd og forhandlingar. I denne innsatsen kan Europarådet dra vekslar på ei lang rekkje departement og ekspertar i medlemslanda.

Det er godt å vite at vi har sterke folkevalde organ til støtte for arbeidet i Europarådet. Både parlamentarikarforsamlinga og kommunalkongressen er etter Noregs oppfatning drivkrefter i organisasjonen. La meg nemne betra retningslinjer for mellomstatleg sektor i Europarådet og dei viktige initiativa som er tekne når det gjeld nye konvensjonar og viktige aktuelle spørsmål. Også tilsynsverksemda i parlamentarikarforsamlinga nyt stor respekt. Eg trur fullt og fast at Europarådet har ei eineståande rolle å spele for å hindre konflikt og skape stabilitet.

Som ei oppsummering vil eg seie: La oss styrkje Den europeiske menneskerettsdomstolen og samtidig redusere saksmengda han har å arbeide med. La oss fornye og styrkje samarbeidet med andre internasjonale organisasjonar som Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa og Den europeiske unionen. La oss ta nye og dristige initiativ til dialog mellom ulike kulturar og religionar. Og la oss ha fokus på utdanning. Og til sist, la oss byggje sterke og effektive nettverk.

Kjære medlemmer av forsamlinga, de kan rekne med støtte frå Noreg. Mens vi har formannskapen i ministerkomiteen, vil vi gjere det vi kan for å styrkje denne organisasjonen og verdiane og normene som han representerer.

Til forsida