St.meld. nr. 38 (2004-2005)

Noregs deltaking i Europarådet i 2003 og 2004

Til innhaldsliste

3 Høgnivåseminar om reform av det europeiske menneskerettssystemet, Oslo 18. oktober 2004

3.1 Konklusjonar frå seminaret

3.1.1 Samandrag

Det var brei semje om at protokoll 14 må ratifiserast snarast råd. Domstolen og justissekretariatet bør gjere alt dei kan for å førebu seg på at protokollen vert sett i verk. Men også andre tiltak vil vere nødvendige. Nasjonale tiltak på parlaments-, regjerings- og domstolsnivå er ein tvingande nødvendig del av reformpakken. Medlemsstatane vert innstendig bedne om å sjå grundig gjennom og ta i bruk tilrådingane, erklæringa og resolusjonen ministerkomiteen vedtok i 2004. Utan omsyn til protokoll 14 vil det vere nødvendig å setje i verk ekstra budsjettiltak på bakgrunn av den aukande saksmengda ved Domstolen. Ministerkomiteen har det øvste ansvaret for å sjå til at reforma av det europeiske menneskerettssystemet vert vellukka.

Særskilt var det brei semje om behovet for å gjenopprette balansen mellom nasjonalt konvensjonsvern og internasjonalt vern; begge delar må fungere effektivt for at systemet skal verke. Til Strasbourg kjem det altfor mange saker som etter subsidiaritetsprinsippet burde vore avgjorde av domstolane i vedkommande land. Dette krev framfor alt at det vert etablert eigna og effektive botemiddel på nasjonalt nivå. Målet som ligg til grunn for konvensjonen, er å skape ein situasjon der det store fleirtalet av enkeltmenneske som klagar på brot på konvensjonsrettane, ikkje treng komme til Strasbourg fordi klaga deira er tilfredsstillande handtert på nasjonalt nivå.

3.1.2 Innleiing

Deltakarane fokuserte på protokoll 14 til Den europeiske menneskerettskonvensjonen og på erklæringa, tilrådingane og resolusjonen som ministerkomiteen vedtok i 2004, som nøkkelkomponentar i reformpakken. Under drøftingane hadde deltakarane særleg nytte av konkrete innlegg frå Luzius Wildhaber, president i Den europeiske menneskerettsdomstolen, og Pierre-Henri Imbert, generaldirektør for menneskerettar i Europarådet; vidare av oppdaterte statistiske analysar som Domstolen hadde utarbeidd om den auka saksmengda og av eit notat utarbeidd av generaldirektøren for menneskerettar i Europarådet om å sikre snarleg iverksetjing av protokoll 14.

Dette dokumentet oppsummerer konklusjonane til den norske formannskapen ved slutten av møtet. Det er særleg lagt vekt på praktiske tiltak for å gjennomføre reformpakken fort og effektivt i tråd med tilrådingane til ministerkomiteen i Europarådet. Dette er ikkje eit framforhandla dokument, og den norske formannskapen er eineansvarleg for innhaldet. Slik formannskapen ser det, gjev punkta nedanfor eit godt bilete av synspunkt som hadde brei støtte blant seminardeltakarane.

3.1.3 Konklusjonar

Følgjande konklusjonar hadde brei støtte:

I. Spørsmål som særleg gjeld Domstolen

  1. Protokoll 14 må ratifiserast snarast råd slik at ein snarast mogeleg kan dra nytte av den auka kapasiteten og effektiviteten i konvensjonssystemet som vil følgje av dette. Ein viser til den praktiske rettleiinga som går fram av notatet frå generaldirektøren for menneskerettar.

  2. Den europeiske menneskerettsdomstolen og justissekretariatet vert oppmoda om å førebu seg på iverksetjinga av protokollen ved å leggje om arbeidsmetodane og rutinane sine så snart det let seg gjere. Tempoet i saksbehandlinga kan aukast ved å gå gjennom oppbygginga av justissekretariatet og ved at det på eit tidleg stadium vert innført bestemte arbeidsmetodar som legg opp til formasjonar med éin dommar og nye fullmakter etter artikkel 28.

  3. Utan omsyn til protokoll 14 vil saksmengda ved Domstolen framleis auke. Som følgje av dette vil justissekretariatet ha bruk for ekstra ressursar, men behovet kan bli mindre enn det ser ut til i dag når protokollen trer i kraft.

  4. Ein innsåg at protokoll 14 og tiltaka som følgjer av denne, ikkje vil løyse problemet med det veldige etterslepet av saker ved Domstolen, som vil halde fram med å auke i alle fall til protokoll 14 trer i kraft. Domstolen, saman med generalsekretæren og ministerkomiteen, vil måtte diskutere korleis dette problemet kan løysast.

  5. Det blir òg nødvendig å arbeide vidare med den framtidige utviklinga av konvensjonssystemet. Særleg knyter det seg interesse til pilotdommar, som ser ut til å vere den mest effektive måten å handtere visse strukturelle situasjonar på. Vidare kan det her vere nyttig å skilje mellom konkrete situasjonar og ibuande problem – der ulike typar tiltak kan vere nødvendige (sjå nedanfor).

  6. Det kan vere aktuelt å vurdere om domstolsvedtektene bør endrast på bakgrunn av saker som avdekkjer systemfeil. Når den innklaga staten vert varsla om ei sak som kan vere av ein slik art, kunne staten bli beden om å uttale seg om kor vidt det ligg føre eit grunnleggjande problem som vedkjem ei gruppe menneske. Dette ville gje staten ein førehandsindikasjon på om ein pilotdom kan komme på tale, og kunne også hjelpe Domstolen med å avdekkje systemfeil.

  7. Det vart understreka at medlemsstatane bør syte for å sende ut leiande dommar frå Domstolen på sitt/sine nasjonalspråk i samsvar med tilråding (2002) 13. Dette kan ikkje vere eit an­-svar for Domstolen, men bør vere ei viktig oppgåve for statane.

  8. For å redusere straumen av grunnlause saker bør Domstolen, det samla Europarådet, medlemsstatane og sivilsamfunnet treffe tiltak for å sikre at potensielle saksøkjarar får tilstrekkeleg og uavhengig informasjon om dei grunnleggjande kriteria for kva saker som etter konvensjonen kan førast for Domstolen. Det vart vist til den rolla informasjonskontor innanfor det generelle menneskerettsvernsystemet ville kunne spele i aktuelle tilfelle, sett i lys av dei erfaringar som vert gjorde ved informasjonskontoret til Europarådet i Warszawa.

  9. Balansen mellom nasjonalt og internasjonalt nivå i menneskerettsvernet må gjenopprettast. Domstolen i Strasbourg ber i dag ein urimeleg stor del av børa. Regjeringane må ta på seg sitt heile og fulle ansvar etter konvensjonen, både når dei set i verk nasjonale tiltak og som medlemmer av ministerkomiteen.

  10. Det trengst intensivert samhandling mellom ministerkomiteen, Domstolen, Europarådet i vidare forstand, medlemsstatane og sivilsamfunnet for å sikre at konvensjonen vert betre handheva på nasjonalt plan.

  11. Domstolen vart invitert til å sjå nærare på korleis årsrapporten, som særskilt bør innehalde eventuelle funn når det gjeld strukturelle situasjonar, kan gjerast meir tilgjengeleg for dei andre institusjonane i Europarådet og for dei styrande på nasjonalt plan, mellom anna nasjonalforsamlingane. Det kunne utarbeidast ei form for oppsummering av dei viktigaste spørsmåla med tanke på oppfølging.

II. Om tiltak som bør vurderast med sikte på snarleg og effektiv gjennomføring av tilrådingar frå ministerkomiteen til medlemsstatane om tiltak som bør setjast i verk på nasjonalt plan

  • 12. Ministerkomiteen bør hjelpe medlemslanda med å sikre at tilstrekkeleg opplæring i konvensjonsstandardar – på alle relevante rettsområde – vert fullt integrert i universitetsutdanning og profesjonsutdanning i samsvar med tilråding (2004) 4. Tanken om eit europeisk program for å hjelpe medlemsstatane med å gjennomføre denne tilrådinga, særleg med omsyn til profesjonsutdanning for dommarar, fekk sterk tilslutnad.

  • 13. Vidare vart rolla som sivilsamfunnet kan spele i gjennomføringa av ovannemnde tilråding understreka. Det same gjaldt det særlege behovet for kontinuerleg opplæring for dommarar og andre aktuelle profesjonsgrupper, som følgje av den stadige utviklinga i rettspraksisen hos Domstolen (“Formation continue”).

  • 14. For å lette gjennomføringa av dei ulike tilrådingane og dei jamlege gjennomgangane av denne i ministerkomiteen, bør medlemsstatane vurdere om det kan nedsetjast nasjonale interdepartementementale arbeidsgrupper for å gå kritisk igjennom lovverk og praksis på alle tre områda (opplæring og utdanning, kontroll av at lover/lovutkast og praksis er i pakt med konvensjonen, betring av nasjonale botemiddel), utarbeide ein handlingsplan for tiltak på desse områda og kontrollere gjennomføringa av denne.

  • 15. Det vart lagt vekt på at også nasjonalforsamlingane eller nasjonale lovgjevande forsamlingar må engasjerast, i tillegg til parlamentarikarforsamlinga i Europarådet, som særleg viktige medspelarar i ein dialog om behovet for eigna nasjonale tiltak som krev lovarbeid. Det var semje om at slike kontaktar i aktuelle tilfelle bør vurderast av ministerkomiteen og generalsekretæren i Europarådet, og ikkje av Domstolen sjølv. I ein slik samanheng vart eit samandrag av årsrapporten som nemnt i punkt 11 ovanfor sett på som spesielt viktig.

  • 16. I tillegg kunne ministerkomiteen leggje til rette for eit tilsynsmøte, til dømes ved utgangen av 2005, for å gjere opp status over kva som er oppnådd og for å sikre innsyn.

III. Om tiltak som bør vurderast på europeisk og/eller nasjonalt plan ved handtering av konvensjonsbrot med opphav i underliggjande systemfeil som kan føre til store mengder likearta saker

  • 17. Det var allmenn semje om at det gjeld å føresjå og ordne opp i systemfeil allereie før dei fører til at ein pilotdom vert vedteken. Menneskerettskommissæren kunne fungere som ”varslingsinstans” i denne samanhengen, mellom anna ved å gjere ministerkomiteen og parlamentarikarforsamlinga kjende med aktuelle spørsmål.

  • 18. Ministerkomiteen kunne gje styringskomiteen for menneskerettar (CDDH) eit mandat som sikra at CDDH, når Domstolen vedtek ein pilotdom, kan sjå på om denne får vidare konsekvensar også for andre land enn den innklaga staten, og i aktuelle tilfelle føreslå ei tilråding med sikte på å løyse problemet.

  • 19. Når det gjeld pilotdommar som avdekkjer genuint strukturelle eller ibuande problem, bør ministerkomiteen krevje at den innklaga staten raskt legg fram ein overgripande handlingsplan med tidsskjema for korleis problemet skal løysast. Avdelinga for domsfullbyrding bør tilby hjelp dersom det trengst. Handlingsplanen bør offentleggjerast. På denne måten kan sivilsamfunnet hjelpe ministerkomiteen med å sikre at planen vert gjennomført.

  • 20. Etter ein pilotdom som avdekkjer eit genuint strukturelt eller ibuande problem, bør den innklaga staten vurdere å opprette ei nasjonal arbeidsgruppe med deltakarar frå aktuelle departement og organ til å utarbeide ein slik handlingsplan og sikre at han vert etterlevd for framtida (sjå punkt 19 ovanfor).

  • 21. Når det gjeld pilotdommar som avdekkjer eit spesifikt problem (men som får følgjer for mange menneske), bør ministerkomiteen følgje ein prioritert tilsynsprosedyre og krevje at vedkommande stat raskt løyser problemet slik at ein unngår å overbelaste Domstolen med ei mengd likearta saker.

  • 22. I aktuelle tilfelle, og utan å dra seg unna dei juridiske pliktene som kviler på innklaga statar etter artikkel 46 i konvensjonen, kan innsatsen frå Europarådet for å hjelpe ein stat med å gjennomføre ein pilotdom også omfatte økonomisk støtte; det vart spesielt nemnt at Europarådets utviklingsbank kunne spele ei rolle her.

  • 23. Ministerkomiteen bør vurdere å vedta ein årsrapport om det komiteen har gjort med omsyn til å føre tilsyn med fullbyrdinga av dommar frå Domstolen, med understreking av dei mest framtredande utviklingstrekka og problema, for å gje publikum auka innsyn.

  • 24. I likearta saker er fastsetjing av rimeleg vederlag ofte eit komplisert og tidkrevjande aspekt som kan by på spesielle utfordringar, til dømes når det gjeld verdifastsetjing i samband med eiedomsrettar. Mogelege måtar å handtere mange slike krav på kan takast opp til vidare vurdering av Domstolen saman med ministerkomiteen (ein måte å gjere det på kunne vere at Domstolen ”sette bort” slikt arbeid til uavhengige ekspertar). Som eit anna eksempel vart det nemnt at når det er påvist ein systemfeil som skaper eit konkret verdifastsetjingsproblem, kunne ministerkomiteen, dersom det passa, vurdere ein eigen internasjonal mekanisme eller oppmuntre vedkommande stat til å nedsetje ei nasjonal nemnd til å behandle krav. Det kan likevel vere nødvendig å studere desse spørsmåla nærare i lys av dei meiningsskilnadene rundt dette som gjorde seg gjeldande under seminaret.

  • 25. Pilotdomsprosedyren som vart utvikla av Domstolen ved dommen i saka Broniowski mot Polen av 22. juni 2004, vart helsa velkommen som ein effektiv metode til å handtere konvensjonsbrot som får følgjer for ein kategori eller ei gruppe menneske. Domstolen vart likevel beden om å forvisse seg om at den konkrete saka som vert vald ut blant ei gruppe tilsvarande verserande saker med tanke på ein pilotdom, verkeleg er eigna som grunnlag for utsegner om generelle tiltak.

IV. Om andre tiltak som bør vurderast for å betre og framskunde fullbyrdingaav dommar frå Domstolen, særleg dommar som avdekkjer ein underliggjande systemfeil

  • 26. For å hjelpe ministerkomiteen med å føre tilsyn med fullbyrdinga av pilotdommar, kunne det vere nyttig å skilje mellom pilotdommar som avdekkjer genuint strukturelle eller ibuande problem og pilotdommar som avdekkjer eit konkret problem som får følgjer for mange personar, slik som i Broniowski-saka.

  • 27. Om nasjonale domstolar gjorde direkte bruk av Domstolens rettspraksis og enkeltdommar, kunne det medverke sterkt både til å effektivisere gjennomføringa av konvensjonen og til å setje fart i fullbyrdinga av visse pilotdommar, sidan det ville redusere behovet for tidkrevjande lovgjevingstiltak.

  • 28. Dersom ein innklaga stat konsekvent let vere å fullbyrde ein dom, bør ministerkomiteen, i tillegg til å vurdere om det skal innleiast rettslege tiltak for brotet i samsvar med protokoll 14 (når protokollen har teke til å gjelde), også sjå på om den aktuelle medlemsstaten kan nektast å ha leiande stillingar eller visse funksjonar i organisasjonen, eller endåtil om medlemsstaten kan fråtakast stemmeretten i ministerkomiteen. Det vart elles vist til artikkel 8 i vedtektene om utvising av ein stat frå Europarådet som ein siste utveg.

  • 29. Det vart understreka at ministerkomiteen har eit ansvar for å forbetre og framskunde fullbyrdinga av dommar frå Domstolen. Det endelege målet er å sikre større respekt for menneskerettane. Medlemsstatane vart innstendig bedne om å førebu seg grundig til alle møte mellom stedfortrederne som gjeld tilsyn med fullbyrdinga av dommar frå Domstolen, og å ta med også andre departement enn utanriksdepartementet i desse førebuingane.

  • 30. Det vart streka under at ministerkomiteen i aktuelle tilfelle også må mobilisere andre europarådsorgan til å vere med på å overvinne visse vanskar som oppstår i fullbyrdinga av ein dom. Utvald ekspertise kunne til dømes skaffast gjennom Veneziakommisjonen eller generaldirektøren for menneskerettar; menneskerettskommissæren kan i sitt eige arbeid handle komplementært med tilsynsarbeidet i ministerkomiteen og såleis skape nyttige synergieffektar; parlamentarikarforsamlinga, generalsekretæren og/eller menneskerettskommissæren kunne vere nyttige partnarar i kontakten med nasjonale parlament dersom fullbyringsproblem er knytte til lovgjevingsprosessen.

  • 31. I samsvar med tilråding nr. (2000) 2 vart medlemsstatar som ikkje alt har gjort det, oppmoda om snarast å vedta lover som gjev høve til å ta oppatt nasjonale saker som viser seg å bryte med konvensjonen.

  • 32. Ministerkomiteen bør følgje ein hasteprosedyre i tilsynssaker der fullbyrdingstiltak er presserande av omsyn til det som står på spel for den individuelle saksøkjaren.

Til forsida