St.meld. nr. 39 (2000-2001)

Friluftsliv— Ein veg til høgare livskvalitet

Til innhaldsliste

1 Samfunnsutfordringar

1.1 Innleiing

Ved å samanstille dei mest relevante sosiale indikatorane frå Statistisk Sentralbyrå er det i dette vedlegget søkt å gi eit resymé av utviklinga i Noreg på 90-talet. Med utgangspunkt i desse kan ein fokusere på dei samfunnsutfordringane friluftslivet vil stå overfor i åra framover.

1.2 Konjunkturar og privatøkonomi

I 1993 tok sysselsetjinga igjen til å stige etter fem-seks år med nedgang. Prosentdelen sysselsette menn hadde i 1998, trass monaleg vekst, enno ikkje nådd opp på nivå med toppåret 1987. For kvinner var sysselsetjingsnivået i 1998 høgare enn nokon gong før. I løpet av nittiåra har den disponible inntekta per innbyggjar auka med 25   %. Frå 1993–95 auka ulikskapen mellom folk målt i inntekt, men først og fremst i formue. Sistnemnde faktor viser framleis klar tendens til aukande ulikskap. Den samla inntektsdelen for den tidelen av befolkninga som har høgast inntekt har auka, mens den har gått ned for den tidelen som har lågast inntekt. Den fattigaste delen av befolkninga har relativt sett sakka akterut, og fell utanfor også på fleire område – mellom anna har den dårlegare helse, lågare utdanning, lågare deltaking i fritidsaktivitetar, og den er mindre fysisk aktiv. Desse faktorane heng truleg saman, og tilhøva blir følgde opp både av forsking og forvaltning. Denne utviklinga kan også sporast i friluftslivssamanheng; dei med høg utdanning og inntekt deltek generelt meir i mange friluftslivsaktivitetar. Det kan sjå ut som om utviklinga går i retning av at dei aktive deltek stadig meir, mens andre fell heilt utanfor.

1.3 Folketal og innvandring

Folketalet har auka i Noreg dei siste 30 åra, frå omlag 3,8 mill. i 1970 til 4,4 mill. i 1999. Vi har hatt ein relativt sterk folkevekst på nittitalet. Dette skuldast i stor grad høg netto innvandring, men òg relativt høge fødselstal. I 1998 svarte innvandrarar for nærare 3/4 av folkeveksten, både pga. høg innvandring, høge fødselstal og låge dødstal i denne gruppa. Nettoinnvandringa frå utlandet var på omlag 14.000 personar i 1998 og innflyttingsoverskotet frå land i den tredje verda held fram med å auke. Prosentdelen av befolkninga med utanlandsk bakgrunn har blitt større og utgjer no 5,9   %. Samansetjinga av gruppa innvandrarar har òg endra seg; innvandrarar frå Asia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika utgjer no omtrent 50      % av innvandrarbefolkninga.

I tillegg til større innvandrarbefolkning, har nordmenn sin reiseaktivitet og kontakt med andre kulturar auka kraftig. Dette har gitt eit meir fleirkulturelt samfunn, først og fremst i dei store byane, der delen innvandrarar er større enn for landsgjennomsnittet.

1.4 Arbeid, utdanning og likestilling

På ein vanleg arbeidsdag vil nær 1 million nordmenn sitje ved ein eller annan skulepult, samtidig som omlag 2 millionar vil vere ute i det ordinære, lønna arbeidslivet. Vi har opplevd ein jamn auke i den delen som tek høgare utdanning, og kvinnene har særleg medverka til denne veksten. Frå 1986–96 auka talet studentar med heile 80   %. Seksåringane sitt inntog i skulen i 1997 auka talet på menneske under utdanning med heile 70.000 det året. Talet på grunnskuleelevar vil halde fram med å auke. Framskrivingar tyder på at det i år 2005 vil vere rundt 615.000 elevar i grunnskulen – av dette skuldast 60   % større barnekull, mens 40   % skuldast seksårsreforma. Over 90   % av alle 16–18-åringar tek vidaregåande utdanning. Sjølv om færre søkjer seg til høgare utdanning, vil talet på studentar auke med 26   % fram til 2015. Årsaka er at studentane tek lengre utdanning og dermed blir lengre i systemet. Dessutan søkjer stadig fleire seg til høgskular og universitet i godt vaksen alder. I år 2015 vil over ein million nordmenn under 65 år ha høgare utdanning, ein auke på 56   % frå 1997.

Sysselsetjinga blant kvinner har auka, og på 90-talet er det særleg småbarnsmødrene som har auka si deltaking. Forskjellen i sysselsetjing mellom kjønna var på 28 prosentpoeng i 1980. I dag er den nede i omlag 10 prosentpoeng. Tidspress hos småbarnsfamiliar har blitt eit viktigare tema etterkvart som det har blitt vanleg at begge foreldre er i jobb. Statistisk sentralbyrå sine undersøkingar av korleis tida blir nytta viser at yrkesarbeidet tok stadig meir av tida i barnefamiliane. Samanlagt gikk nærare 5 timar meir i veka til yrkesarbeid i 1990 enn i 1980. Truleg har denne utviklinga halde fram.

1.5 Ferie og fritid

Samfunnsutviklinga på nittitalet vart prega av ein monaleg velstandsauke, men utan at folk si reelle fritid auka. I den førre stortingsmeldinga vart det uttrykt von om at reduksjonen i arbeidstid frå 70- og 80-talet ville halde fram og at folk ville få meir fritid. Dette har i lita grad slått til. Arbeidstida er ikkje redusert og ferien har heller ikkje auka i løpet av nittiåra. Det har likevel skjedd store endringar i befolkninga sin tidsbruk dei siste ti åra. Det blir brukt meir tid til fritidsaktivitetar – særleg TV-titting og sosialt samvær – mens tida til husarbeid er kraftig redusert. Opplevinga av tidspress og det å ha det travelt (««tidsklemma») er utbreidd blant både blant menn og kvinner, særleg blant dei som har barn i hushaldet. Ein av fem nordmenn må seiast å vere i denne situasjonen – eit paradoks på mange måtar. Mange uttrykkjer ønske om meir tid til fritidsaktivitetar og samvær med familie og venner. Ønsket om å bruke meir tid på m.a. friluftsliv ligg i overkant av 50   % både for menn og kvinner. I samband med tariffoppgjeret år 2000 vart det avtalt ein opptrappingsplan for å innføre den femte ferieveka. Det er vanskeleg å seie korleis dette vil slå ut på den reelle fritida til folk og deira bruk av den nye ferieveka.

Undersøkingar viser at omtrent 1/3 av den norske befolkninga eigde sitt eige fritidshus i 1999. Det svarer til ein vekst på knapt 10   % i talet på hytteeigarar sidan den førre friluftslivsmeldinga. Reknar vi med folkeveksten har omlag 200.000 fleire vaksne nordmenn blitt eigarar av totalt 100.000 fleire fritidshus sidan 1986.

Hovudinntrykket når det gjeld aktivitetar i det lengste sommarferieopphaldet er at det er stor stabilitet når ein samanliknar den vaksne befolkninga sine gjeremål i 1986 og 1999. Sjølv den prosentvise veksten i talet på nordmenn som brukar sommarferien til å feriere i større byar og tettstader har vore liten i løpet av dei siste 13 åra.

1.6 Forbruk og livsstil

Velstandsauken kan òg medverke til den utviklinga vi har sett innan hyttebygging og hytteliv som har gått i retning av fritidsbustader med høg bustandard. Og innan motorferdsel i utmark, der vi har sett ein sterk vekst i talet på snøscooterar og terrengsyklar. Forbruksauken har vore størst innanfor reiser og transport, men også forbruk til fritid og utdanning har auka. Eit døme på dette er utviklinga i bilparken; frå 1 million personbilar i 1976 til 1 789 000 personbilar i 1998.

Vekta for norske kvinner og menn i alderen 40–42 år har auka jamt sidan slutten av 1980-åra. Gjennomsnittsvekta for menn i denne aldersgruppa har auka med over ni kilo sidan 60-talet og er no 86 kilo. Kvinner i same alder har gått opp med nærare 4   kg til 69.5 kilo. Ein vektauke blant dei vernepliktige med 3.2 kilo frå 1983–97 gir ein peikepinn på utviklinga blant dei unge vaksne framover. Aukande kroppsvekt fører til at fleire får livsstilsjukdomar som diabetes, hjarte/karsjukdomar og muskel/skjelettlidingar. Livsstilsjukdomar er dyrt for samfunnet. Behandlinga av sukkersjuke kosta til saman rundt 4.4 milliardar kroner i 1999. Lite mosjon og dårleg kosthald er årsaka til 30–40   % av krefttilfella i Noreg og er samtidig dei viktigaste årsakene til hjarte- og karsjukdomar. Etter nokre år med nedgang har forbruket av øl og vin stige jamt og trutt dei siste åra. Om lag 30   % av ungdomen mellom 16 og 24 år røykjer dagleg. Etter fleire år med stagnasjon og ein oppgang blant unge, tyder tal for 1999 på ein liten nedgang og nokre av dei lågaste tala nokon sinne i aldersgruppa 16–24 år. Utvalet er ikkje stort nok til at tala er representative, men den aukande trenden ser ut til å ha stansa.

I løpet av 90-talet auka kjøttforbruket med 10 kilo per person. I same tidsrom har det òg vore ein eksplosjonsarta auke i forbruket av iskrem, brus og potetchips i Noreg. Forbruket av peanøtter og potetchips steig med 74   %, bruskonsumet er dobla og iskonsumet vart også nær på dobla i løpet av ti år.

1.7 Helse

Sjukefråværet i Noreg har auka kvart år sidan 1995, mens det gjekk ned i første halvdel av 90-talet. Prosentdelen uførepensjonerte kvinner har auka gjennom heile tiåret. I 1998 var 10.3   % kvinner i alderen 16–66 år uførepensjonerte. Talet for menn var 7.6   %. Totalt utgjer dette omlag 260.000 menneske, eller nesten 10.5   % av befolkninga mellom 18 og 67 år. Halvparten av sjukefråværet i 1999 skuldast muskel- og skjelettlidingar og 1/3 av dei nye uførepensjonistane dette året hadde same diagnose. Saman med psykiske lidingar stod dei for til saman 60   % av talet på nye uførepensjonistar. Tilgangen av nye uførepensjonistar har faktisk vore høgare for unge (16–34 år) enn for eldre. Det årlege tilveksten av unge uføretrygda er no på 3.000 personar, noko som årleg kostar folketrygda 180 millionar kroner. Dei samla utbetalingane frå folketrygda til sjukepengar var 10.5 milliardar kroner 1. halvår i år 2000, ein auke på 15   %. Tal frå Prosessindustriens landsforbund (PIL) tyder på at langtidsfråværet pga. sjukdom aukar mykje meir (over 15   %) enn det korte fråværet.

Den delen i befolkninga som ser på si eiga helse som dårleg eller heller dårleg har, til trass for dette, vore under 10   % dei siste 13 åra. Både helse- og levekårsdata viser likevel at fleire lever med kronisk sjukdom enn før, og at om lag ein av åtte har ei liding som i høg grad påverkar kvardagen. Data frå 1995 viser at det for befolkninga under eitt er sjukdom i muskel-/skjelettsystemet og luftvegane som er mest utbreidd. Tal frå Kreftregisteret viser at talet på krefttilfelle aukar slik det har gjort dei siste 20 åra. Nordmenn brukar i dag tre gonger så mykje pengar på medisin som dei gjorde på slutten av 80-talet og pillebruken har auka med omlag 50   %.

1.8 Familiesituasjon, barn og unge

Talet på årlege skilsmisser voks kontinuerleg gjennom det meste av det førre hundreåret, men på 1990-talet stabiliserte det seg på omlag 10.000 brotne ekteskap per år. Dersom skilsmissefrekvensen frå 1997 held seg, vil 44   % av ekteskapa som no blir inngått, bli oppløyste på lang sikt. Prosentdelen som lever aleine aukar både blant yngre og middels gamle. Dette gir seg m.a. utslag i auka etterspørsel etter mindre einingar på bustadmarknaden. Bustandarden er samtidig betra vesentleg i løpet av dei to siste tiåra.

Det var ein liten nedgang i talet på førskulebarn i 1998, mens talet på småskulebarn (6–12 år) auka med nesten 10.000. Eldre skulebarn endra seg lite. Held vi barn under 1 år utanfor, hadde seks av ti barn under grunnskulealder barnehageplass i 1998. Størstedelen er heildagsplassar og prosentdelen med lang opphaldstid auka med over 30 prosentpoeng i perioden 1985–1995. Deretter har den vore stabil. 115.000 barn hadde plass i skulefritidsordningar hausten -98. Det er meir enn ei firedobling sidan 1991 og utgjer innpå 50   % av barna mellom 1. og 4. klasse. Ei undersøking frå 1999 tyder på at over 50   % av elevane i første og andre klasse og 43   % av elevane i tredje klasse blir køyrde til skulen regelbunde. Ei nordisk undersøking av helsa til skuleelevar viste at 20   % av norske femtenåringar hadde ryggproblem.

1.9 Aldersstruktur og «eldrebølgje»

Aldersstrukturen endrar seg sakte. I 1998 vart talet på personar over 67 år og eldre redusert med 1.000 personar, mens talet på personar over 80 år auka med 4000. Ei tilsvarande utvikling er venta dei næraste åra. Den store veksten er i aldersgruppa 52–62 år. Denne gruppa vil om 10–15 år føre til ein monaleg vekst i talet på pensjonistar. Frå 1988–1998 auka levealderen med 2,4 år blant menn og 1,7 år blant kvinner. Venteleg levealder for menn er no 75,5 år og kvinner 81,3 år.

1.10 Sentralisering

I 1993 begynte folk å flytte innanlands igjen etter lågkonjunkturen. Særleg Nord-Noreg har fått merke utflyttinga til meir sentrale strøk av Austlandet. Folketalet i den nordlege landsdelen fell ned mot 10   % av befolkninga i landet. Omlag 75   % av befolkninga i Noreg bur i byar og tettstader og byane veks stadig. Veksten har vore på omlag 5 prosentpoeng sidan førre stortingsmelding om friluftsliv. I svært nær framtid vil halve befolkninga i Noreg vere busett på Austlandet. Utrekningar frå SSB viser at talet på austlendingar aukar med omlag 20.000 kvart år. Ein forstadskommune som Bærum med sine godt og vel 100.000 innbuarar, hadde i år 2000 eit folketal omlag som Aust-Agder og om nokre år vil den truleg passere Sogn og Fjordane fylke. Flyttestraumane frå distrikta til storbyar og regionsenter har auka behovet for areal til næring og bustader i dei sentrale Austlandsområda. Dette fører til tap av utmark og grøntareal. Særleg vanskeleg er tilgangen til areal og høve til aktivitetar rundt Oslofjorden, i Stavanger-regionen, rundt Bergen og Trondheim.

1.11 Transport

Det innanlandske transportarbeidet held fram med å auke som det har gjort dei siste tiåra. Frå 1990 til og med 1998 har persontransporten målt i personkilometer auka med 50   %, og prognosar frå Transportøkonomisk institutt (TØI) viser at kvar nordmann i år 2020 vil reise nesten 1.000 kilometer meir i året enn i dag. Over 90   % av denne auken vil skje med privatbil. Personbiltransporten som står for rundt 75   % av talet på passasjerkilometer, har også auka i løpet av dei siste fem åra. Spesielt på dei korte og mellomlange turane er personbilen i dag dominerande transportmiddel. Undersøkingar viser at køyring til og frå friluftsområde, idretts- og organisasjonsaktivitet og besøk hos slekt og kjente stod for 31   % av transportarbeidet med personbil. Personbilen var også det viktigaste transportmiddelet for halvparten av alle ferieturar i 1998. Betre økonomiske vilkår for dei fleste hushald har nok særleg påverka personbilbruken. Spesielt barnefamiliane vel å prioritere bruk av bilen og 87   % av desse eigde personbil i 1997. Meir enn kvart tredje ektepar med barn eigde meir enn ein bil. Stor avstand til skule, barnehage og fritidsaktivitetar for skulebarn, og at begge foreldra er i arbeid, er med på å forklare barnefamiliane si prioritering av bil. Den monalege trafikkveksten i vegtransporten er eit viktig miljøproblem. Utsleppa av nitrogenoksid og svevestøv har likevel gått ned på 90-talet, til tross for kraftig trafikkvekst.

1.12 Natur, areal og klima

Omlag 3/4 av befolkninga i Noreg bur no i byar og tettstader og byane veks stadig. Berre 20–30   % av dei naturområda som fanst i desse områda på 50-talet er igjen i dag. Den parkliknande delen har vakse mens dei meir naturprega områda er reduserte. Vegar legg i gjennomsnitt beslag på 15   % av alt areal i norske tettstader, mens bygningar legg beslag på i underkant av 9   %. 6,7   % av Fastlands-Noreg er verna etter naturvernlova, 20   % av vassdraga er varig verna mot kraftutbygging og i overkant av 1800 friluftsområde er sikra – eit tal som aukar med 20–40 område kvart år. I tillegg er omlag 3.850 bygningar og område freda med heimel i kulturminnelova. Dette utgjer omlag 0,1   % av alle bygningar i landet. Kartlegging viser at rundt rekna 4.400 kvadratkilometer areal fritt for inngrep og 1.570 kvadratkilometer villmarksprega område har gått tapt i løpet av dei siste 10 åra. Det utgjer respektive 3   % og 4   % reduksjon. 3.000 arter er rekna som truga, sårbare eller at dei krev omsyn. Halvparten av desse lever i skog, men også våtmarker og kulturlandskap er viktige leveområde for desse.

I løpet av dei siste 10 åra har overflatetemperaturen på jorda auka med inntil 0,30 grader Celsius, og takten i den observerte oppvarminga dei siste to tiåra har vore klart større enn for hundreåret sett under eitt. 1990-åra var dei varmaste på kloden på 1000 år. Frå midten av syttitalet er talet på dagar med gode føreforhold i Oslomarka godt og vel halvert sidan førre melding. Det svarar til ein reduksjon på ein heil månad. Årleg middeltemperatur i Noreg kan auke frå 0,2–0,7 grader per tiår dersom konsentrasjonen av drivhusgassane i atmosfæren helt fram med å auke. Årsnedbøren vil auke med omlag 10   % dei fleste stader i landet, særleg på Vestlandet, og nedbørsauken blir størst om hausten med unntak av for Austlandet der den vil komme om vinteren. Dei sterkaste endringane i temperaturen er venta vinterstid i Nord-Noreg og generelt vil temperaturane auke meir i innlandet enn langs kysten. Vestlandet og Nord-Noreg vil truleg få fleire og sterkare stormar. I eit femtiårsperspektiv er det venta at havnivået vil stige med omlag 20   cm langs Norskekysten.

Til forsida