St.meld. nr. 39 (2000-2001)

Friluftsliv— Ein veg til høgare livskvalitet

Til innhaldsliste

3 Tilhøva i Norden

3.1 Status i Danmark, Sverige og Finland

3.1.1 Innleiing

I kapitlet blir hovudtrekka i situasjonen i dag kort skisserte med omsyn til friluftslivspolitikk i Sverige, Danmark og Finland, med hovudvekt på dei to førstnemnde landa. Vi nemner spesielt at friluftslivspolitikken- og forvaltninga i Sverige er inne i ein endringsprosess for tida, der fleire viktige dokument er under politisk behandling. Denne prosessen er venta ferdigstilt i løpet av kommande år.

3.1.2 Danmark

Friluftsliv i Danmark er eit ope omgrep som omfattar all rekreasjon utandørs, der det blir lagt vekt på avstressing og naturoppleving. Friluftslivet i Danmark blir i første rekkje utøvd i skogane, men også på havet, langs kysten, i parkane og ved sjøane. Talet på besøkande i skogane steig med 25   % frå 1977 til 1994. I og med at det danske arealet er avgrensa, er det naudsynt å integrere omsynet til friluftslivet i den fleirsidige arealbruken og -planlegginga. Det skjer i sektorar som byplanlegging, landbruk, skogbruk og turisme. I Danmark kjem til dømes både kulturmiljø og turisme inn som ein naturleg del av friluftslivspolitikken. Ein vesensforskjell frå Sverige er at dei frivillige organisasjonane i Danmark har eit monaleg ansvar når det gjeld utvikling og gjennomføring av friluftslivspolitikken..

3.1.2.1 Tilgjenge til friluftsområde og forvaltningsansvar

Ein har ikkje ein allemannsrett i Danmark som kan samanliknast med den vi har i Noreg. Likevel gir Naturbeskyttelsesloven og Mark- og vejfredsloven befolkninga tilgang og høve til rekreasjon på privat grunn (udyrka mark, strender, klittar og vegar), mens det berre er tillate å ferdast på dyrka mark etter avtale med grunneigar.

Miljø & Energi ministeriet har det overordna politiske ansvaret for friluftslivet i Danmark.

Skov- og Naturstyrelsen er rådgivar for ministeren, andre styresmakter og private i spørsmål som vedkjem friluftslivet. Dei forvaltar dei statlege areala, som utgjer vel 4   % av Danmark sitt totale areal. Her er rettane til rekreasjon utvida, og staten tilrettelegg for friluftsliv mellom anna ved å plante skog, gjenskape sjøar, etablere naturskular og utvide tilgjenget til desse areala. Ei lang rekkje styresmakter og organisasjonar tek del i den statlege forvaltninga, både gjennom konkrete prosjekt og ved at det blir oppretta brukarråd i statsskogdistrikta. Skov- og Naturstyrelsen utdannar òg naturvegleiarar gjennom eit eige studium. Naturvegleiarane er tilsette i statsskogdistrikt, på naturskular, i fylke, kommunar, på museum, i organisasjonar og anna.

Tilrettelegging for friluftsliv inngår i planlegginga i fylka og kommunane. Regionplanane og lokalplanane blir gjennomgått av Skov- og Naturstyrelsen, og miljø- og energiministeren kan gjere innvendingar mot innhaldet.

Fylka fungerer først og fremst som planstyresmakt på bakgrunn av dei overordna rammene og prinsippa i regionplanane. Planloven, Naturbeskyttelsesloven og Råstofloven er viktige verktøy. I tillegg reknar ein tilskotsordningane til naturgjenoppretting og skogreising, betre samspel mellom styresmaktene og grunneigarar og betre formidling som viktige forvaltningsinstrument.

Kommunane har ikkje mykje av det formelle ansvaret for friluftsliv i Danmark, men tek vare på friluftsinteresser gjennom arbeidet med stigar, sportsplassar og parkar, særleg innanfor bygrensene.

Friluftsrådet i Danmark har 93 friluftsorganisasjonar og foreiningar som medlemmer. Føremålet med Friluftsrådet er å støtte og oppmuntre til friluftsliv og naturforståing med omsyn til natur og miljø i landet. Friluftsrådet skal fungere som rådgjevande organ overfor offentlege styresmakter. Dette gjer dei mellom anna gjennom representasjon i De Grønne Råd, som er organ nedsette på amtsnivå for mellom anna å følgje opp Naturbeskyttelsesloven. Her er også andre interesseorganisasjonar, politikarar og embetsmenn representerte. De Grønne Råd har berre rådgjevande mynde. Midlane som Friluftsrådet disponerer (omlag 50 mill. kr. kvart år) blir mellom anna brukt til ulike kampanjar, kursverksemd, naturvegleiing, kulturmiljø og forskings- og utviklingsprosjekt.

3.1.2.2 Nasjonale mål for friluftslivet

Danmark legg stor vekt på auka tilgjenge, naturvegleiing og informasjon i den statlege friluftslivsforvaltninga. Dette ser vi mellom anna på det store talet offentleg tilsette naturvegleiarar, som i år 2000 er på omlag 220.

I Statslig udmelding til regionplanrevision 2001 (Miljø & Energi Ministeriet 1998) blir det gjort greie for nasjonale mål, statlege krav og ønske med omsyn til friluftslivsforvaltning på fylkesnivå . Her er det sikring av tilgjenget til naturområda som står i fokus, og betre tilgjenge mellom de ulike områda. Godt tilgjenge for friluftslivet skal vere med og fremje helse, livskvalitet og medvit om natur-, miljø- og kulturverdiane hos befolkninga.

For å fremje tilgjenget til friluftslivsområde blir det i denne utgreiinga tilrådd å utarbeide ein planleggingsstrategi for dette. Ein foreslår å gjere dette på regionalt nivå. I regionale friluftsstrategiar bør det gjerast greie for korleis ein skal fremje befolkninga sin tilgang til friluftsliv med spesiell vekt på forskjellige høve til ferdsel. Trafikkbarrierar er nemnde spesielt. Regionplanen bør vidare innehalde stinett, og eit stinett bør leggjast opp slik at det bind saman ulike friluftsmål som byar, utfluktsområde og kulturhistoriske miljø. Stinettet bør ein koordinere med stinett i nabofylka og det kommunale stinettet, slik at det samla nettet blir så finmaska som mogleg.

I Natur- og Miljøpolitisk redegjørelse (Miljø & Energi Ministeriet 1999) heiter det at regjeringa særleg vil arbeide for å:

  • Utvide kjennskapen til og auke forståinga for naturen gjennom formidling

  • Utvikle formidlinga spesielt til barn og unge

  • Gi betre høve til naturopplevingar i nærleiken av der ein bur

Det overordna målet er at «naturen skal tettere på borgerne». Målet skal nåast mellom anna gjennom å:

  • fremje overkommeleg og sikker tilgang til naturområde i nærleiken av der folk bur.

  • fremje etableringa av naturområde (t.d. skogar og vatn) i m.a. område nær byar.

  • prioritere friluftsliv høgt i samband med endra arealbruk, t.d. ved byutvikling, gjenoppretting av natur, kulturmiljø og etablering av grøne arealnettverk.

  • byggje ut formidling – særleg til barn og unge – m.a. som ledd i miljøundervisninga. Ordninga med naturvegleiarar skal utviklast, utvidast og bli koordinert med andre liknande ordningar.

Skov- og Naturstyrelsen har fem sentrale målsetjingar for dei kommande åra:

  • Naturen skal tettare på innbyggjarane

  • Opprette fleire våtområde (3000 hektar per år)

  • Doble skogarealet i løpet av 80–100 år

  • Målretta planlegging

  • Danske fingeravtrykk på det internasjonale naturvernarbeidet

Dei vil prioritere skogplanting nær byar og til ei viss grad gjenoppretting av natur nær byar. Dei vil òg styrkje samarbeidet med kommunar, fylke og organisasjonar for å nå måla, noko som òg inneber samfinansiering. Dei vil òg utvikle ordninga med naturvegleiarar for å auke forståinga av naturen hos barn og unge, og støtte opp om Agenda 21-initiativa på eigne areal.

Friluftsrådet vedtok sitt handlingsprogram «Friluftsliv for alle» våren 1997. Dei ønskjer å prioritere dei enkle friluftsaktivitetane og rette innsatsen mot grupper med spesielle behov og barn og unge. Friluftsrådet vil ta avstand frå friluftsaktivitetar dersom dei påverkar natur og miljø eller samfunnet som heilskap på ein uakseptabel måte. Dei skal dessutan ta vare på både medlemsorganisasjonane og befolkninga sine behov og interesser i eit aktivt friluftsliv i høve til det offentlege.

3.1.2.3 Finansiering

Både offentlege og private initiativ er ofte finansierte av dei statlege naturforvaltningsmidlane . Desse har blitt løyvde sidan 1989, då Folketinget vedtok å starte eit program der målet var å snu den moderne utviklinga i landskapet som mellom anna hadde medført at mange sjøar, enger og stigar hadde forsvunne. Vel 1 milliard kroner er sidan då løyvd årleg for å gjenskape forsvunne delar av landskapet, auke arealet av statsskogar, betre befolkninga sine høve til friluftsliv, betre levekåra for ville planter og dyr og ta vare på og pleie landskaps- og kulturhistoriske verdiar.

Forskningssenter for skov- og landskap har gjort ei undersøking som viser at kommunane nyttar 1,5 mrd. årleg på å forvalte grøne område i Danmark.

Friluftsrådet forvaltar ein viss prosentdel av tippe- og lottomidlane, omlag 50 mill. kr kvart år.

Brand, tyveri- og hærværksordningen er administrert av Skov- og Naturstyrelsen. Denne ordninga gir statleg godtgjersle for visse skadar som kan førast tilbake til befolkninga sin tilgang til naturen.

3.1.3 Sverige

Friluftslivspolitikken i Sverige har lenge vore integrert i naturvernpolitikken, og har i hovudtrekk gått ut på å skape føresetnader for friluftsliv. Svenske styresmakter meiner det er behov for å fornye friluftslivspolitikken, mellom anna ved å trekkje organisasjonane meir aktivt inn og vere spesielt merksame på ungdomsgruppa. I den pågåande debatten om ny friluftslivspolitikk har arbeidsgruppa for friluftsliv som er utnemnd av regjeringa foreslått denne definisjonen av omgrepet friluftsliv: «vistelse och fysisk aktivitet utomhus för att uppnå miljöombyte och naturupplevelse utan krav på prestation eller tävling».

3.1.3.1 Tilgjenge til friluftsområde og forvaltningsansvar

Allemannsretten gjeld i Sverige på dei same premissane som i Noreg, men er ikkje lovfest.

Styresmaktene har til no utpeikt 215 område (riksobjekt) for friluftsliv på til saman 108 000   km2 som skal vernast mot avgjersler som kan skade natur- eller kulturmiljøet. Desse har ingen formell vernestatus, men områda som er utpeikte som verdifulle for friluftsliv er ofte samanfallande med verdifulle naturområde. 8,8   % av landarealet i Sverige eller 281 600 hektar er verna som nasjonalparkar eller naturreservat.

Miljödepartementet har ingen eiga avdeling for friluftslivsspørsmål, men har indirekte politisk ansvar for friluftsliv gjennom samordninga av regjeringa sin miljøpolitikk. På den andre sida ligg ansvaret for fordeling av midlar til friluftslivsorganisasjonane hos Kulturdepartementet . Kven som skal vere ansvarleg styresmakt og kor vidt organisasjonane bør få større innverknad på friluftslivspolitikken, er sentrale spørsmål i ein pågåande debatt som vi vil komme tilbake til.

Naturvårdsverket legg til rette for friluftsliv ved å forvalte verneområda. Dette inneber mellom anna vedlikehald av det statlege stinettet, ansvar for allemannsretten og informasjonsarbeid.

Ei statleg utnemnd arbeidsgruppe har sett på korleis innretning og administrasjon av statleg støtte til friluftslivet bør vere i framtida. Denne gruppa, tilhøyrande kulturdepartementet, kom fram til at regjeringa sitt syn på friluftsspørsmål burde gjerast tydelegare. Dei meiner friluftsorganisasjonane si rolle det siste tiåret har blitt marginal, og at årsaka til dette ligg i korleis friluftslivsspørsmål har blitt integrert i andre område av politikken og i praksis blitt desentralisert til landsting og kommunar . Dei tilrår at ein statleg politikk bør utformast for å gi friluftsspørsmåla og friluftsorganisasjonane ein meir framskoten plass.

Konkret tilrår arbeidsgruppa at dei økonomiske midlane bør fordelast av Naturvårdsverket, og for å ta vare på friluftslivet sin sektorovergripande karakter bør det opprettast eit eige friluftsråd innan Naturvårdsverket med representantar frå aktuelle styresmakter. Utvalet meiner ei slik ordning også bør vere til fordel for det nordiske samarbeidet, fordi den i større grad liknar på den ordninga som finst i nabolanda, representert ved respektive Friluftsrådet i Danmark og Friluftslivets Fellesorganisasjon (FRIFO) i Noreg.

Innstillinga om friluftslivspolitikken har vore ute på høyring og vart i september 2000 lagt fram for Riksdagen. Arbeidet med innstillinga vil halde fram i regjeringskanselliet som eit samarbeid mellom Kulturdepartementet og Miljödepartementet. Hovudspørsmålet i den pågåande debatten om ny friluftslivspolitikk er kven som skal spele ei avgjerande rolle i ein ny organisasjonsmodell. Aktuelle alternativ til forslaget frå arbeidsgruppa er at FRISAM (friluftsorganisasjonane sitt samarbeidsorgan) blir tildelt større ansvar, at Naturvårdsverket opprettar ei avdeling for friluftsspørsmål eller at ein opprettar eit nytt og eige friluftsråd utanfor Naturvårdsverket. Eit sentralt spørsmål i debatten er om en skal leggje tyngdepunktet hos foreiningslivet og dermed setje mennesket og aktivitet i fokus, eller om ein skal leggje vekt på natur- og miljøspørsmål. I ei viss grad er dette eit spørsmål om kor friluftslivet høyrer heime i forvaltninga, i Kulturdepartementet eller Miljödepartementet.

Det er venta at ein vil ta standpunkt til innstillinga om friluftsliv i løpet av hausten. Ein vil då avgjere om ein skal utarbeide ein særproposisjon for friluftsliv eller om ein skal integrere temaet friluftsliv i ein samla vårproposisjon våren 2001.

3.1.3.2 Nasjonale mål for friluftslivet

Svenske styresmakter vedtok juni 2000 15 hovudmål for miljøkvalitet for den svenske miljøpolitikken, som skal vere eit utgangspunkt for eit system med mål- og resultatstyring av samfunnet sitt miljøarbeid. Målet er at desse skal nåast i løpet av ein generasjon, altså 25 år. Det er ikkje fastlagt spesielle mål for miljøkvalitet innan friluftslivet. Naturvårdsverket har, på grunn av den sterke koplinga mellom friluftsliv og naturvern og dermed Naturvårdsverkets ansvarsområde, utarbeidd ein rapport der eigne sektormål for friluftsliv og naturturisme er foreslått.

Naturvårdsverket sitt forslag til hovudmål:

Dei fremste områda i landet for friluftsliv/naturturisme i fjell og skog, kyst og hav, sjøar og vassdrag og dei for friluftsliv eigna tettstadsnære områda skal til år 2010 takast vare på, vernast og utviklast på ein slik måte at dei kan nyttast for desse føremåla innan ramma av ei haldbar samfunnsutvikling.

Naturvårdsverket sitt forslag til delmål:

  • Alle innbyggjarar bør ha gode høve til å utøve friluftsliv i eit variert og rikt naturmiljø i kvardagen, i helger og i feriar.

  • Tilgang til frie, tettstadsnære naturområde er like viktige delar av eit godt tettstadsmiljø som funksjonelle trafikksystem og bustader m.m.

  • Landskapet og naturen gir føresetnader for ei utbygging av friluftsliv og turisme. Dette må skje på ein langsiktig haldbar måte. Samfunnet bør prioritere det enkle, naturnære og ikkje ressurskrevjande friluftslivet som byggjer på allemannsretten sin grunn.

  • Informasjon om omsyn til naturen og til yrkesutøvarane i skog og mark og til dei ulike friluftsutøvarane må betrast. Forståinga hos turistar for våre natur- og kulturverdiar skal bli fremja.

Dei 15 måla for miljøkvalitet er no ute på høyring. Dersom ein bestemmer seg for å lage ein eigen proposisjon på temaet friluftsliv i etterkant av høyringsrunden, er denne venta ferdigstilt i desember.

3.1.3.3 Finansiering

Den statlege støtta til svenske friluftsorganisasjonar har sidan 1960-talet minska kraftig i forhold til idrettsstøtta. Naturvårdsverket og seinare den dåverande stiftelsen Sveriges Turistråd fordelte i mange år midlar til friluftslivsorganisasjonane, men då Sveriges Turistråd vart avvikla i 1992 forsvann mykje av midlane til friluftsorganisasjonane.

Frå 1970-talet og fram til i dag har Riksidrettsforbundet fordelt statlege midlar til dei sentrale friluftslivsorganisasjonane. I 1999 utgjorde dette 13 millionar kroner eller knapt 3   % av støtta til idretten.

I dag er det seks organisasjonar som får statsstøtte. Det finst likevel eit større tal frivillige organisasjonar som har som mål eller som vesentleg del av verksemda si å drive eller fremje friluftsliv. Mange er organisert i FRISAM.

Ei spørjeundersøking utført i 1999 viste at av kommunane sitt totale budsjett for fritid, rekreasjon og idrett vart 3–5   % nytta til området friluftsliv.

3.1.4 Finland

3.1.4.1 Tilgjenge til friluftsområde og forvaltningsansvar

Finland har ein lovfest allemannsrett, men med atterhald. Den er likevel etter måten omfattande og gir rom for fri ferdsel (ikkje motorisert) i naturområde så lenge det ikkje fører til skade. Ferdsla er avgrensa i kulturlandskapet.

I statsforvaltninga høyrer friluftslivet saman med eininga for naturvern. Ansvarleg politisk styresmakt er Miljöministeriet . Dette departementet har ansvaret for Finland sin miljøvern- og bustadpolitikk, for arealbruk og bygningsmiljø og for lovarbeid.

På regionalt nivå er det dei regionale miljöcentralene som har ansvaret for friluftslivsspørsmål, men friluftsliv er ikkje eit tyngre tema her. Ein har i Finland såkalla regionale forbund som på nokre område kan samanliknast med våre fylkeskommunar. Desse forvaltar ein del EU-midlar, mellom anna for friluftslivsføremål. Kommunane sin innsats varierer, men ein prøver å arbeide mot eit samordna syn på regional planlegging av friluftsliv, til dømes når det gjeld arbeid med stigar og verdifulle område.

Friluftsorganisasjonane i Finland arbeider mest regionalt og lokalt. Tilskota frå staten er så vidt vi kjenner til ikkje store.

3.1.4.2 Nasjonale mål for friluftslivet

Finlands miljöcentral har den siste tida gjort mykje utgreiingsarbeid under arbeid med å finne fram til verdifulle naturområde. Det er i denne samanhengen utarbeidd nasjonale mål for naturbruk, som for tida er til politisk behandling. Temaet friluftsliv er ikkje prioritert eller skilt ut spesielt, og dette kjenneteiknar nok miljøpolitikken og forvaltninga i Finland generelt. Friluftsliv er i stor grad eit naturvernspørsmål, og rekreasjon i naturen er eit tema som kjem inn under dei såkalla måla for markanvändning .

Det verkar som om ein i finsk landskapsplanlegging også framover vil leggje auka vekt på å peike ut verdifulle område. Ein vil mellom anna peike ut område med verdi for rekreasjon, og ein ønskjer å betre føresetnadene for fleirbruk i desse områda. Ein ønskjer å utarbeide fritidsruter og nettverk av interesse for folk også utanfor kommunane. Høve til rekreasjon innan naturturisme skal utviklast utan at mål for vern i dei aktuelle områda blir sette til side.

Det vart i 1999 vedteke å opprette såkalla «nationalstadsparker» for å ta vare på natur- og kulturlandskapet i byar og tettstader. Områda skal setjast av som parkar, rekreasjonsområde, verneområde eller verdifulle landskapsområde. Nasjonalstadsparkane skal først og fremst opprettast i statseigde område, men elles også i avtale med grunneigar. Offentleg oppkjøp av friluftsområde er ikkje uvanleg i Finland.

3.1.5 Oppsummering

Organiseringa av det offentlege sitt arbeid med friluftsliv og kor høgt det blir prioritert på den politiske dagsordenen varierer over tid og frå land til land. Både når det gjeld det organisatoriske og prioriteringa er det etter vår vurdering ein del klare skilnader mellom våre nordiske naboland. Etter vår vurdering er det klart at Danmark har den mest etablerte og høgast prioriterte forvaltningstradisjonen for friluftsliv. Dette er prega av at friluftsliv er ein prioritert del av miljøpolitikken, og dei frivillige organisasjonane er trekte aktivt med gjennom Friluftsrådet. Det er Danmark som har dei beste økonomiske ressursane til friluftslivstiltak. I Sverige er ein no i ferd med å utvikle ny friluftslivspolitikk, men etter vår vurdering er det fare for at det offentlege sin innsats for friluftslivet fort kan bli ein salderingspost fordi den i stor grad er knytt saman med naturvernet, og ikkje framheva som eit eige satsingsfelt. Sjølv om Sverige har ei meir spreidd befolkning og meir urørt natur enn Danmark, ville kanskje svenskane ha fått løfta friluftslivet meir fram dersom ein tok lærdom av dei gode erfaringane frå Danmark. Her er friluftslivet meir ein viktig og positiv aktivitet for menneska i kvardagen enn ein del av forvaltninga av nasjonalparkane, slik det er i Sverige. Finland har vore mindre aktivt i det nordiske samarbeidet innan friluftsliv, og vi har hatt avgrensa informasjon om den finske friluftslivsforvaltninga i denne vurderinga. Men også i Finland er friluftslivsforvaltninga oftast eit element i det klassiske naturvernet, der auka innsats vil bli retta inn mot å peike ut verdifulle område. Det ser ut til at friluftslivet berre vil bli ein liten delkomponent i denne samanhengen. Eit interessant element i det finske arbeidet er ideen med å opprette nasjonalstadsparkar.

3.2 Nordisk samarbeid 2001–2004

3.2.1 Innleiing

Det nordiske miljøhandlingsprogrammet 2001 – 2004, som avløyser den nordiske miljøstrategien 1996–2000, er eit politisk, målretta og resultatorientert styringsinstrument som set prioriteringane for miljøinnsatsen i det nordiske natur- og miljøsamarbeidet. Handlingsprogrammet følgjer opp dei nordiske miljøforpliktingane i den nordiske strategien «Berekraftig utvikling – ein ny kurs for Norden», og tek aktivt opp det tverrsektorielle samarbeidet om sektorintegrasjon. Nordisk Ministerråd sitt budsjett er med på å leggje rammene for dei områda som blir prioriterte i miljøsamarbeidet.

Der er lagt vekt på at programmet konkretiserer strategien for berekraftig utvikling innanfor relevante innsatsområde og sektorar. På same måte medverkar programmet til å integrere miljøomsyn i sektorane (sektorintegrasjon). Innanfor dei utpeikte innsatsområda omtalar programmet dei overordna og spesifikke måla, dei resultata som er venta og aktivitetar.

Dei innsatsområda innan miljø som er prioriterte i det nordiske miljøsamarbeidet er luft, klima, hav, biodiversitet og genetiske ressursar, landskap og kulturmiljø, friluftsliv og kjemikaliar og avfall.

3.2.2 Innsatsområdet friluftsliv

Befolkninga, og særleg barn og unge, bør ha høve til å bruke naturen i kvardagen. Besøk i naturen fører til større forståing for naturen og dermed til auka bruk av naturområda våre. Opphald i naturen fører også til auka fysisk og psykisk velvære. God tilgang til naturen, grøne område og kvalitet i natur, miljø og kulturmiljø er viktige føresetnader for friluftslivet og naturturisme.

Overordna mål

Sikre eit friluftsliv som byggjer på prinsippet om berekraftig utvikling, og sikre ein natur som kan medverke til helse og trivsel i befolkninga.

Spesifikke mål

I det nordiske samarbeidet vil ein arbeide for:

  • å fremje fri tilgang til naturen med sikte på å sikre det tradisjonelle nordiske friluftslivet, som byggjer på allemannsretten, under dette tilgang til kystane i Norden

  • å arbeide for turisme på naturen og lokalbefolkninga sine vilkår

Aktivitetar

  • Utarbeide eit grunnlag for betre forvaltning av verna område og auka tilgang til naturen.

  • Fremje kunnskap om naturen og lokalbefolkninga sine vilkår og tilgangen til naturen både i Norden, i nærområda, i EU og i andre internasjonale samanhengar.

  • Utarbeide kriterium for miljømerking til bruk i samband med naturturisme.

Forventa resultat

  • Betre forvaltning av verna område og betre tilgang til naturen for å mogleggjere eit berekraftig friluftsliv.

  • Auka kunnskap og kompetanse om tilgang til naturen og dei føresetnadene naturen har i Norden og internasjonalt.

  • Det er utarbeidd kriterium for miljømerking i samband med naturturisme som i framtida kan inngå i eit internasjonalt klassifiseringssystem.

Til forsida