St.meld. nr. 39 (2000-2001)

Friluftsliv— Ein veg til høgare livskvalitet

Til innhaldsliste

3 Friluftsliv i eit nytt hundreår – status og utfordringar

3.1 Verdiforankringa – menneske, natur og det gode liv

Større livskvalitet må vere eit sentralt mål for samfunnsutviklinga framover. «Verdikommisjonen» har lagt til grunn at «verdier er de livskvaliteter vi ønsker å oppnå og ta vare på». Men kva er livskvalitet og kva inneber det å ha eit godt liv?

Statistisk sentralbyrå har gjort nærare studiar av kva den norske befolkninga sjølv meiner den treng for å kunne få eit betre liv. Meir fritid og betre økonomi blir høgast verdsett, men også betre helse og fleire naturopplevingar blir nemnt av mange.

Dei siste 15 åra er nordmenn flest blitt rikare. Samstundes er det få som meiner dei har blitt lykkelegare. Dette går fram av undersøkingar gjort av Markeds- og mediainstituttet gjennom prosjektet «Norsk Monitor». Ein blir ikkje ulykkeleg av velstand i seg sjølv, men det er heilt tydeleg at eit materialistisk liv med jag etter materielle gode ikkje utan vidare er eit lykkeleg liv.

Gjennom forskingsprogrammet «Miljøbetinget livskvalitet» har ein m.a. sett nærare på korleis naturomgivnader påverkar livskvaliteten til folk. I eitt av prosjekta er det gjort studiar av både nordmenn og utlendingar som bur i Noreg og deira forhold til naturen. På spørsmål om kva som er vesentleg med tanke på «det gode liv» og kva som er viktig for identiteten til den enkelte, nemner 19 av 20 nordmenn naturen . Blant dei med utanlandsk opphav var det derimot berre 2 av 20 som svara det same. Det er grunn til å tru at den forskjellen som her er dokumentert, avspeglar kulturelle skilnader i vårt tilhøve til naturen. Vidare har ein sett nærare på det forhold nordmenn har til natur i motsetnad til bymiljø. Undersøkinga her viste at 79 % av dei spurte var usamde i ein påstand om at dei mange gledene ved bylivet var viktigare for dei enn natur og frisk luft.

Figur 3.1 Fellesverdiar knytte til norsk friluftsliv.

Figur 3.1 Fellesverdiar knytte til norsk friluftsliv.

Kjelde: Østlandsforskning

Innanfor forskingsprogrammet «Bruk og forvaltning av utmark» er det m.a. utført ei undersøking i Trøndelag i 1999 som omfatta eit utval av haldningar og verdiar. Undersøkinga viser at friluftsliv framleis har ein sentral posisjon hos folk, og at det er knytt positive verdiar til friluftslivet. Det er svært stor (80 – 90 %) semje om at friluftsliv fører til at folk får positive verdiar, og at friluftsliv er ein naturleg del av barneoppsedinga. Ein monaleg del meiner òg at friluftsliv er ein viktig del av det å vere norsk, og at friluftsliv høyrer med til allmenndanninga. Det er tilsvarande få som meiner at verdien av å drive med friluftsliv er sterkt overdriven i Noreg, og omtrent ingen som meiner at friluftsliv er «gammaldags». Det er ein svak tendens til at yngre i mindre grad enn eldre meiner at friluftsliv er verdifullt.

Studiar frå Danmark peiker i same retning. I ei undersøking av danskane sin naturbruk i prosjektet «Friluftsliv-95 – Det Åbne Land» ønskte ein m.a. å gå nærare inn på spørsmål om livskvalitet. I ein rapport herfrå heiter det m.a.: «Naturen har altid spillet en afgørende rolle for mennesket, ikke bare som fødekilde og rekreationsrum, men på dybe og sjæleligt betydningsfulle måder.» Det framgår av undersøkinga at det er klar samanheng mellom forholdet til naturen og danskane sin livskvalitet. Konkret bruk av naturen er også knytt til god livskvalitet. Undersøkinga viser dessutan klare samanhengar mellom livskvaliteten og det forholdet mennesket har til naturen generelt og naturen i lokalmiljøet spesielt. Gode opplevingar i naturen er ikkje nok til å gi oss det gode liv, men naturen er ein fristad som langt dei fleste av oss har bruk for og lengtar etter. Også det moderne mennesket kjenner ei dragning mot naturen, slår danskane fast.

Mennesket er oppstått og utvikla i naturen. Arten «homo» er omtrent 2 millionar år gammal og genetisk er vi framleis utstyrte for eit tilvære som jegerar og samlarar. Såleis er vi tilpassa og gjort dugande for eit heilt anna tilvære enn livet i vårt moderne samfunn. Mens vår biologiske arv har vore praktisk tala konstant sidan steinalderen, har vi no i løpet av svært kort tid gjennomgått ei rask teknologisk og kulturell utvikling. Takka vere vår fabelaktige evne til læring og tilpassing har vi klart å hengje med i denne dramatiske utviklinga.

Likevel er det altså svært mykje som tyder på at vi ikkje har klart å rive oss laus frå naturen. Naturen synest å appellere til noko grunnleggjande i oss, den gir oss livsglede og hjelper oss til å gjenopprette den mentale og fysiske balanse når den moderne livsforma slit for hardt på oss.

3.2 Kulturarven – om tradisjonar og identitet

Friluftslivet sine djupaste røter finn vi i veiding og fangst som har vore drive så lenge det har vore folk i dette landet. Desse aktivitetane er forgjengarane til haustingstradisjonar som bærplukking, jakt og fiske. Matauken og nytteføremålet blir som oftast halde fram som det mest særprega ved denne tradisjonen. Men jakt, fiske og bærplukking var nok også i tidlegare tider eit viktig høve til å få eit pusterom frå tette sosiale miljø og har nok vore eit påskot for å få litt tid for seg sjølv heilt opp til våre dagar. Vi skal ikkje undervurdere gleda og fridomskjensla blant dei som hausta og sanka, sjølv om det å skaffe mat både var viktig og krevjande.

Friluftslivet i Noreg har også sterke røter i prosessen rundt oppbygginga av ein nasjonal identitet og kampen for nasjonalt sjølvstende på slutten av 1700-talet og i starten av 1800-talet. Denne nasjonaliseringsprosessen som til slutt førte til oppløysinga av unionen er omtalt som ei blanding av «politisk nasjonalisme» og «kulturnasjonalisme». Ønsket om politisk sjølvstyre smelta saman med ønsket om å synleggjere særprega nasjonale kulturelement og gjere dei kjende i heile nasjonen. Føremålet var å skape ein felles, kulturell identitet. For å lykkast med det vart det viktig å finne ut kva som prega oss i forhold til andre nasjonar. I forholdet til Danmark var fjella eit klart symbol på skilnaden og dermed godt eigna som nasjonalsymbol i kampen for sjølvstende.

Dyrkinga av fjella og det ville var også klart påverka av dei romantiske ideane og straumane ute i Europa, som m.a. førte til ei oppvurdering av vill natur som landskapstype. Særleg påverka av tyske idear vart eit enkelt liv nær naturen framheva som ei ideell livsform som fremjar fridom og likskap. Urfolket blir i tråd med dette omdefinert frå brutale villmenn til «edle» ville. Også det barske klimaet vart gitt ein positiv dimensjon. Ein rekna med at kampen mot den strenge kulda førte til styrke, hardleik og fridomstrong. Denne klimalæra vart m.a. nytta til å fremje eit gymnastisk friluftsliv, og trua på den foredlande verknaden av det kalde klimaet førte til ei idealisering av vinteren.

I boka «Jakten på det norske. Perspektiver på utviklingen av en norsk nasjonal identitet på 1800-tallet», blir det omtalt korleis ville fjell og kulda blir viktige nasjonale symbol:

«O Landsmand! kryb ei syg til hine søndre Lande, hvor dine Fædre slog inn saa mangen Hovedskal. Beboe dit Fædreland, bliv sund og agtbar Grande; men skal du fare: reis, men dig ei Nordmand kald!» (Andreas Bull, 1774).

Sjølv om haustingsfriluftslivet er den langt eldste tradisjonen, synest det som det er den romantiske tradisjonen som i størst grad pregar vårt tankegods i dag.

Figur 3.2 Skisøndag i Nordmarka i trettiåra.

Figur 3.2 Skisøndag i Nordmarka i trettiåra.

Kjelde: Anders B. Wilse, Norsk Folkemuseum

Idealet om «det enkle friluftslivet» passa også som hand i hanske med ideala omnøysemd iden protestantiske etikken som har prega det norske samfunn i lang tid. Å slite og streve med t.d. ein tung ryggsekk blei verdsett som ei dygd i seg sjølv som gjekk langt over det funksjonelle behovet for å ha med nok mat, klede og anna utstyr på tur.

Eit fjerde forhold som truleg har hatt mykje å seie for utbreiinga av friluftslivet i Noreg er sosialdemokratiet sin sterke posisjon i siste halvdel av førre hundreåret. I løpet av det 19. hundreåret dukka det opp reformrørsler både i Nord-Amerika og Europa som hadde som målsetjing å bøte på ein del av dei problema som den industrielle framveksten medførte for livskvaliteten til folk. Målet for mange av desse rørslene var å endre dei sidene ved det fysiske og sosiale miljøet som hindra ein sunn fysisk, sosial, intellektuell, mental og moralsk vekst og utvikling. Å skape grunnlag for å utøve idrett og friluftsliv har vore eit viktig middel for å nå desse målsetjingane. Den sosialdemokratiske rørsla i Noreg var sterkt influert av desse tankane. Friluftsliv har etter kvart blitt definert som positivt både for individet og samfunnet, og som eit velferdsgode alle innbuarane skal ha lik tilgang til.

Sist, men ikkje minst, har nok den «grøne bølgja» frå midten av 60-talet og til midten av 90-talet, med fokus på natur- og miljøvern, medverka til å styrkje friluftslivet i nyare tid.

Friluftstradisjonane i Noreg er svært sterke. Friluftslivet har vore og vil framleis vere ein viktig del av vår kulturarv – samstundes som kulturminne og kulturlandskap har stor verdi for utøvinga av friluftsliv i moderne tid. (Dette samspelet er nærare omtalt i kap. 9.2.2.) Men samfunnet er i endring, og vi opplever at dei nye generasjonane si tilknyting til natur- og kulturarven blir svekt.

3.3 Eit middel til berekraftig utvikling

3.3.1 Innleiing

Ei berekraftig utvikling der vår livsstil og aktivitet i dag ikkje er til skade for naturen og for framtidige generasjonar, er ei avgjerande målsetjing for samfunnsutviklinga. Målsetjinga krev at alle miljøutfordringane blir tekne alvorleg, og som det går fram av figur 3.3 er dei gjensidig avhengig av kvarandre. Det er ikkje mogleg å skape ei berekraftig utvikling ved å løyse berre ein del av utfordringane. Målsetjinga krev òg innsats på mange plan. Både global og lokal innsats og innsats frå alle samfunnssektorar er naudsynt for å lykkast.

3.3.2 Friluftsliv og berekraftig utvikling

Livskvalitet – at menneska opplever at dei har eit rikt og meiningsfylt liv, er avgjerande for at dei skal ha overskot til å ta ansvar for å løyse miljøutfordringane. For svært mange menneske er friluftsliv ei viktig kjelde til livskvalitet. Gjennom kjennskap til natur kjem og kunnskap om, og omsorg for natur. Det å bli «glad i» eit naturområde skapar engasjement for å ta vare på det same naturområdet. Det gir forståing for samanhengane i naturen og skaper naudsynte verdiar og haldningar. Friluftsliv er derfor avgjerande for at folk som i liten grad har sitt daglege virke i naturen, får forståing for at deira eksistens er uløyseleg knytt til naturen.

Gjennom friluftsliv får menneska òg kulturopplevingar som er sentrale for å utvikle ei forståing av at verksemd på naturen sine premissar kan skape kvalitetar. Utmarksnæringar som landbruk, reindrift, fiskeri og bergverksdrift har gjennom tidene skapt verdiar og kulturminne og utvikla kulturlandskap som utgjer ein del av opplevingsgrunnlaget for friluftslivet. Kulturlandskapet og kulturminna betyr òg mykje for folk sin identitet og kjensla av å ha tilknyting til eit område. Naturen i kring oss er òg full av immaterielle kulturminne i form av soge, eventyr, tradisjonar m.m. som mellom anna seier mykje om det tilhøvet forfedrane våre hadde til naturen. På same måte som naturen sjølv gir opplevingar, gir både dei fysiske spora i naturen og dei immaterielle kulturminna opplevingar som gjer at ein utviklar kunnskap om korleis ein tidlegare nytta naturressursane og om korleis ein kan leve i pakt med naturen.

Eit anna spørsmål er om friluftsliv òg kan medverke positivt til ei berekraftig framtid. Ei berekraftig utvikling er dei haldningar og handlingar som fører til at økosystema blir haldne oppe. Sentralt i dette biletet er vår økonomiske åtferd som synest å sprengje rammene for økologisk ansvarskjensle. I eit trusselbilete som er svært komplisert og samansett er friluftsliv ikkje meir enn ein bit av svaret. Men det friluftslivet tilbyr er så fundamentalt viktig, og så lett å forstå for utøvarane at aktiviteten på mange måtar representerer eit av dei få høve til å forstå naturen sine tolegrenser, dei naturlege sykliske prosessane og dei naturlege endringane gjennom suksesjon. I friluftslivet blir produkt erstatta av opplevingar og verdiane er følbare sjølv om dei ikkje kan målast i pengar. Det miljøvennlege friluftslivet med minimum tilrettelegging og ressursbruk er meir enn nokon annan aktivitet berekraftig slik vi forstår omgrepet. Friluftsliv blir derfor ein inngangsportal til forståinga av naturvern, miljøvern og berekraft.

Lokal Agenda 21 , der medverknad står sentralt, er eit viktig verkemiddel i arbeidet for ei berekraftig utvikling. Lokal innsats er naudsynt for å skape haldningar og setje i verk dei handlingar som krevst for å skape ei berekraftig utvikling. Gjennom å leggje til rette for og stimulere til friluftsliv som ein del av arbeidet med LA21, kan ein leggje eit positivt grunnlag for å ta tak i meir kompliserte, konfliktfylte og vanskelege utfordringar knytt til å sikre ei berekraftig utvikling. Til friluftsliv er knytt tradisjonar for samhandling og samarbeid mellom private bedrifter, det offentlege og frivillige organisasjonar både lokalt, regionalt og nasjonalt. Å starte arbeidet med LA21 med å sikre friluftslivet som eit gode for befolkninga, gir òg høve til å sikre at desse tradisjonane for samarbeid og samhandling kan overførast til arbeidet med å løyse andre miljøutfordringar.

Figur 3.3 Utfordringar i arbeidet for ei berekraftig utvikling.

Figur 3.3 Utfordringar i arbeidet for ei berekraftig utvikling.

Kjelde: Øystein Dahle, DNT.

Figur 3.4 Slik medverkar friluftslivet til ei berekraftig utvikling.

Figur 3.4 Slik medverkar friluftslivet til ei berekraftig utvikling.

Kjelde: Øystein Dahle, DNT/Elisabeth Sæthre, DN.

Å sikre friluftslivet som grunnlag for ei berekraftig utvikling føreset at ein legg vekt både på å sikre allemannsretten, å sikre attraktive areal og å sikre motivasjon i befolkninga, jf. kap. 6, 7, 8 og 9. Slik det går fram av figur 3.4 er alle desse elementa like viktige og gjensidig avhengig av kvarandre.

3.3.3 Barn treng opplevingar i natur

3.3.3.1 Innleiing

I vår verd er sjølv ikkje enkle naturopplevingar direkte tilgjengelege. Vi må lærast opp, eller lære opp oss sjølve. Den moderne utviklinga er umerkeleg i ferd med å endre oss. Mange er på veg til å bli «godversmenneske», som blir skremde av det primitive og vik tilbake for det slitsame. At forholdet mellom mennesket og naturen endrar seg, skuldast ikkje at naturen endrar seg. Vi kommuniserer gjennom det mottakarsystemet vi er utstyrt med, det sinnrike og geniale systemet som blir kalla sansane våre. Sansane er kopla til kjenslene våre og gjennom desse gir dei til kjenne dei kvalitetar som pregar vår kontakt med naturen.

Dei fleste av oss har syn, hørsel og luktesans, men det utrulege mangfald av signal og opplevingar som naturen rundt oss tilbyr, trengjer ikkje så lett gjennom hos det postmoderne mennesket. Det nye generasjonar ikkje fangar opp gjennom sanseapparatet, vil dei heller ikkje kunne fatte at dei går glipp av. Ein barnegenerasjon som blir «aktivert til passivitet», blir tilbydd ein bedageleg kultur og frårøva høvet til naturopplevingar. Eit av dei alvorlegaste miljøproblema i vår moderne, materielle verd er at kommunikasjon med naturen blir vanskeleggjort, sansane er mindre aktive, kjenslene blir engasjerte sjeldnare og dialogen blir svekt. I yttarste konsekvens kan det føre til at vi verken evnar å hauste av det positive, trivselsskapande og helsefremjande overskotet i naturen – eller tyde dei meir negative teikn på at naturen sin helsetilstand er i ferd med å bli alvorleg svekt.

Friluftsliv er meir enn ein fritidssyssel og ein hobby – friluftsliv minner mykje om ein livsstil i nær kontakt med naturen. Friluftsliv er ein vesentleg fysisk aktivitet her i landet og naturen er vår viktigaste arena for slik aktivitet.

3.3.3.2 Grunnlaget blir lagt tidleg

«Kjerringrokktrappa» (fig. 3.5) kombinert med «Læringspyramiden» (fig. 3.6) viser at eigne opplevingar og erfaringar, generelt og i naturen, er det beste grunnlaget for læring. Dette gjeld både barn og vaksne, men det er grunn til å leggje særskilt vekt på dei vilkår ein tilbyr barn. Som barn har mennesket svært stor kapasitet for læring og samstundes eit perspektiv på omgivnadene som ein ikkje får att seinare i livet. Barna tek kjenslene sine med på tur. Dei har langt større evne til innleving enn vaksne, og dei treng ikkje lange resonnement for å komme fram til at naturen er noko vi må ta vare på. Det ein får oppleve og erfare som barn betyr derfor svært mykje for dei evner og haldningar ein utviklar seinare.

Høvet til å drive friluftsliv generelt, men spesielt for barn og unge, er viktig for få til ei berekraftig utvikling. Kommande generasjonar må få høve til å oppleve og bli glad i naturen og kulturminna ikring oss, til å gjere eigne erfaringar og utvikle forståing for samanhengane. Lærdom seinare i livet er sjølvsagt òg viktig, men kan aldri fullt ut erstatte det ein kan oppleve og lære som barn.

Barn lærer ikkje berre gjennom opplevingar av natur og kultur. Dei opplever òg dei vaksne og deira haldningar og handlingar. At dei vaksne er i naturen saman med barna og med det viser at dei òg set pris på naturen og finn glede i å vere i naturen, er derfor òg eit viktig grunnlag for at barna skal oppfatte naturen som verdifull. Verdien av friluftsliv for barna sitt miljøengasjement går fram av ei rekkje erfaringar frå skular og barnehagar der ein har lagt auka vekt på leik og undervisning i naturen. Resultata frå ulike prosjekt og tiltak viser at det å vere i og leike i naturen har positiv effekt for barna sitt miljøengasjement og at barna i sin tur påverkar foreldra.

Figur 3.5 «Kjerringrokktrappa». Miljøhaldningar
 blir utvikla steg for steg.

Figur 3.5 «Kjerringrokktrappa». Miljøhaldningar blir utvikla steg for steg.

Kjelde: Kjerringrokkprosjektet

Figur 3.6 «Læringspyramiden». Læringseffekten
 er størst ved direkte erfaring.

Figur 3.6 «Læringspyramiden». Læringseffekten er størst ved direkte erfaring.

Kjelde: Uteskole i praksis/Helga Jørgensen Rudaa

3.4 Samfunnsmessige utfordringar – utviklinga i nyare tid

3.4.1 Dei store linjene

Verda er prega av store og raske endringar i teknologi, økonomi, miljø og samfunn. Globaliseringa bryt ned grenser. Parallelt med dette ser vi andre tendensar som fører til at folk blir meir medvitne sine røter og sin identitet, men kanskje på andre måtar enn før. Desse ulike overordna samfunnsendringane påverkar naturleg nok også friluftsliv og område som grensar til det, som turisme og naturbruk. Slike endringar vil kunne påverke både volumet av det friluftslivet som blir drive, måten friluftslivet blir drive på, og rekrutteringa til friluftslivet. Felles for dei fleste av desse endringsprosessane er at dei vil verke gradvis. I fleire vestlege land er fagfolk innanfor fritid og friluftsliv opptekne av korleis ein kan føresjå og planleggje for desse endringane. Demografisk og kulturelt er det fem store prosessar som kjem til å prege den vestlege verda dei næraste 20 åra, og som truleg også vil ha stor verknad på friluftslivet i Noreg.

Globalisering

Utviklinga innan media og andre kommunikasjonsmiddel fører til at vi får impulsar frå nær sagt heile verda. Studiar av snowboard-miljøet i Hemsedal fortel oss korleis denne gruppa innrettar seg etter ein internasjonal fellesskap og ikkje etter den nasjonale ski- og friluftslivskulturen. Dei viktigaste referansepunkta er miljø i USA og Canada og ikkje lokalmiljøet. Globaliseringa kan m.a.o. føre til at vi i større grad held oss til eit lokalt miljø når det gjeld fysisk utfalding og eit internasjonalt miljø når det gjeld verdiar, normer og haldningar.

Dette vil truleg i størst grad påverke måten friluftsliv blir drive på. Fleire aktivitetsformer synest allereie å vere under endring frå nasjonale til globale. Noreg har til dømes spesielt når det gjeld skigåing, hatt ein sterk lokal og nasjonal kultur. Etter kvart opplever vi her sterkare innslag av aktivitetsformer, som snowboardkøyring, som er globale i si form. Andre døme på slike aktivitetar er terrengsykling, windsurfing, og elvepadling. Globaliseringa ser med andre ord ut til å gjelde både aktivitetar som i utgangspunktet er del av ein nasjonal tradisjon og aktivitetar med utanlandsk opphav.

Pluralisering og individualisering

Parallelt med og som ei følgje av dei mange impulsane vi tek imot, aukar valfridomen også for fritidsaktivitetar. Ein høg materiell levestandard gjer det òg mogleg å realisere mange av dei ønska vi har. Dette opnar sjølvsagt også for ein stor kommersiell marknad, m.a. på utstyrssida.

Sjølv om det går an å identifisere ulike friluftslivskulturar, er det likevel ikkje slik at vi kan dele befolkninga inn i einsarta grupper basert på desse kulturane. Folk har gjerne eit bein i fleire av dei og vekslar mellom ulike roller. Ei helg er dei på ein roleg søndagstur med ungane, neste helg er dei på rafting i Sjoa med venner eller kolleger.

Eit anna trekk ved pluraliseringa er sjølvsagt også at det no finst så mange og freistande fritidstilbod rundt oss at særleg barn og unge lett kan komme til å velje bort friluftslivet. Individualiseringa vil kunne føre til endringar i friluftslivsmønsteret i retning av større mangfald. Ungdom er i dag på ein heilt annan måte enn før fristilt frå tradisjonen, og kan derfor lettare gå nye og eigne vegar. Dette skulle tilseie større mangfald også innan friluftslivet, noko som kan komme til uttrykk på fleire måtar.

Trass i stor merksemd frå media omkring såkalla ekstremaktivitetar, viser ulike friluftslivsundersøkingar at berre ein liten del av befolkninga tek del i desse aktivitetane. Eit relevant spørsmål i denne samanhengen er om det berre vil bli ein mindre «elite» som vil ha ressursar til å nytte seg av dei høva til å velje som no er til stades. Andre har hevda at marknaden kjem til å spele ei stadig større rolle i å formulere og selje både livsstilar og opplevingar i framtida. At individ blir fristilte frå tradisjonane treng med andre ord ikkje å medføre at vala blir «friare» eller meir mangfaldige. Det er likevel truleg at mangfaldet innan friluftslivet vil auke i framtida, men det er uvisst kor storedelar av friluftslivet dette vil omfatte. Det kan for det første tenkjast at mindre grupper i befolkninga, som ressurssterke ungdomsgrupper, vil ha ei langt meir mangfaldig friluftslivutøving enn befolkninga elles. Det kan òg tenkjast at utprøving av nye aktivitetar hos størstedelen av befolkninga blir knytt til avgrensa tidsrom, til dømes feriar, mens kvardagsfriluftslivet er meir tradisjonelt prega.

Fleire eldre

Om 10–15 år vil det bli ein monaleg vekst i talet på pensjonistar. Eldrebølgja er godt kjent for planleggjarar innan helse- og sosialforvaltninga, men den vil ha stor verknad også for miljø- og friluftslivsforvaltinga. Eldre blir ofte sett i samanheng med hjelpebehov og eit «saktare» liv. Men eldregruppa er på den andre sida ein ressurssterk del av befolkninga. Mange eldre er aktive i politikk og organisasjonsliv, og er nær knytte til stader og natur. Dei eldre vil i framtida truleg utfordre dei tradisjonelle oppfatningane av og normer for kva eldre er og gjer. Dei kommande generasjonar av eldre vil truleg vere meir aktive friluftslivsutøvarar, reise meir, bruke meir av tilboda innan turisme og kunne vere svært ressursrike grupper for organisasjons- og dugnadsarbeid innanfor naturforvaltning og friluftsliv. Ein aukande del eldre friluftslivsutøvarar vil likevel stille andre og kanskje meir omfattande krav til tilrettelegging enn i dag.

Eldrebølgja vil truleg både påverke volumet av friluftslivsutøvinga, og medverke til at friluftslivmønsteret vil kunne endrast. Delen eldre veks pga. auka levetid i mange land i Vest-Europa. Men vel så viktig er det kanskje at både livsløpet og sjølve eldrerolla er i endring. Livsløpet nærmar seg no ei tredeling mellom førebuing, arbeid og pensjonstid. Pensjonstida har blitt ein lengre del av livet, både fordi folk lever lengre og fordi pensjonsalderen er sett ned. Individualiseringsprosessar vil også verke inn for eldregruppa, ved at det ein ventar seg av rolla blir endra. Det er m.a. hevda at idealet for «nye eldre» truleg vil bli å leve ein meir variert og mangfaldig alderdom. Fritidssektoren, både den kommersielle og den ikkjekommersielle, vil venteleg bli ein viktig arena for utfalding frå dei eldre si side. Høgare utdanningsnivå og god privatøkonomi blant mange i denne gruppa vil truleg òg påverke fritidsvanane, m.a. i retning av meir reising.

Eit fleirkulturelt samfunn

Friluftslivet sine verdiar var tidlegare aksepterte utan særleg diskusjon av ei relativt homogen befolkning der stort sett alle hadde vakse opp med friluftstradisjonar. Det vil ikkje vere like sjølvsagt i tida framover. Prosentdelen med annan etnisk bakgrunn i det norske samfunnet vil auke. I tillegg til ei større innvandrarbefolkning, har reiseaktivitet og kontakt med andre kulturar hos nordmenn auka kraftig. Dette har gitt eit meir fleirkulturelt samfunn, først og fremst i dei store byane, der delen innvandrarar er større enn landsgjennomsnittet.

Dette representerer både høve og utfordringar for friluftslivet. Mange av flyktningane og innvandrarane i Noreg kjem frå kulturar med lita eller inga orientering mot fritidsaktivitetar i natur. Mange av dei har likevel eit forhold til haustingsaktivitetar, som t.d. fiske, jakt og soppsanking. Såleis representerer friluftsliv ein mogleg inngangsport til det norske samfunnet for fleire av desse gruppene. Men dette fører òg til at forståinga og definisjonen av friluftslivet slik den har vore til i dag blir utfordra. Truleg vil eit meir fleirkulturelt samfunn presse fram ei meir mangfaldig og inkluderande oppfatning av friluftslivet. Formidling og stimulering til friluftsliv blir òg ei utfordring overfor grupper som er heller framande for desse tradisjonane.

Figur 3.7 Del av befolkninga som deltek i ulike hovudformer av aktivitetar
 sett i forhold til alder.

Figur 3.7 Del av befolkninga som deltek i ulike hovudformer av aktivitetar sett i forhold til alder.

Kjelde: Østlandsforskning

Kvinnerolla vil framleis utvikle seg

Prosessen med endring av kvinnerolla er ikkje avslutta, sjølv om vi har sett store endringar i korleis kvinner tek del i arbeidsliv, politikk, leiing, idrett og ulike fritidsaktivitetar. Unge kvinner tek i dag gjennomsnittleg høgare utdanning enn menn, og nærmar seg menn når det gjeld løn og yrkeskarriere. Friluftslivet der det tradisjonelt har vore ganske store kjønnsskilnader i deltaking innan ei rekkje aktivitetar, og klar mannsovervekt innan fleire svært synlege aktivitetar, vil i tida framover truleg bli prega av dei gradvise endringane i kvinnerolla.

Ein del av den auka utøvinga av friluftsliv heng saman med meir aktivitet frå kvinner. Ein panelstudie utført av Vestlandsforsking viser at kvinner i alle aldersgrupper, med unntak av dei over 75 år, i større grad har blitt friluftslivsutøvarar. Det er ei utvikling som ein finn igjen også i Nord-Amerika. Ein kunne tru at dette skuldast at dei eldste kvinnene etterkvart blir erstatta med noko meir friluftsvane, yngre generasjonar kvinner. Men det er neppe berre eit slikt generasjonsskifte som pågår. Norske kvinner i alderen 55–74 år i 1999 var rett nok vesentleg meir aktive enn same aldersgruppa kvinner i 1986, men aktivitetsnivået har i same perioden òg auka blant dei yngre kvinnene (i aldersgruppa 29–34 år.)

Ein konsekvens av dette er at den tendensen vi allereie i dag ser innanfor ei rekkje aktivitetar vil halde fram, ved at talet på kvinnelege deltakarar aukar, mens talet på mannlege er stabilt eller går ned. Det er derfor svært truleg at vi i tida som kjem vil få langt fleire kvinnelege friluftslivsutøvarar enn i dag.

3.4.2 Aktivitetsutviklinga

Det empiriske grunnlaget for å vurdere endringsprosessar i friluftslivet er avgrensa. Frå 1970 til 1996 har det med ujamne mellomrom vore gjennomført landsomfattande undersøkingar om deltaking i ulike friluftslivsaktivitetar blant den vaksne befolkninga. Til trass for at det er brukt litt ulike spørsmålsformuleringar, kastar desse undersøkingane lys over utviklinga i aktivitetsmønster på ein brukbar måte. Deltakinga i ulike aktivitetar er vurdert i to trinn, først ved å sjå på kor stor del som deltek i ulike aktivitetar, dernest kor ofte dei som utøvar aktiviteten deltek.

Eit hovudtrekk i utviklinga frå syttitalet er at det har blitt langt fleire utøvarar i mange friluftslivsaktivitetar. For nokre aktivitetar, som skiturar og fotturar på fjellet, fotturar i skog og mark, løpe- og joggeturar i naturomgivnader og køyring i alpinanlegg 1 , auka talet på deltakarar fram mot slutten av åttiåra, mens deltakardelen deretter har halde seg etter måten stabil. På 90-talet er det særleg ein aktivitet som har auka sterkt, nemleg sykkelturar i naturomgivnader (inkludert terrengsykling). Mens 18 % var på sykkeltur i naturomgivnader i 1989, var tilsvarande tal i 1996 på 42 %. Det er også verdt å leggje merke til den sterke auken i bruken av fjellet til friluftslivsaktivitetar frå syttiåra og fram til i dag, spesielt om sommaren. Prosentdelen som tek ein dagstur til fots i fjellet er meir enn dobla i denne perioden, frå 25 % til 57 %. Det er nærliggjande å tru at denne auken har samanheng m.a. med auken i talet på hytter i fjellet i same periode. Eit anna viktig utviklingstrekk frå 70-talet er auken i «moderne» aktivitetar som køyring i alpinanlegg og jogge- og sykkelturar i naturomgivnader. Når det gjeld deltaking i ulike haustingsaktivitetar , så har oppslutnaden om jakt vore etter måten stabil frå 70-talet og fram til i dag. For fiske synest det å ha vore ein liten nedgang i deltakinga på 80-talet, men deltakinga tok seg opp igjen fram til 1996. Deltakinga for fiske etter laks, sjøaure eller sjørøye i ferskvatn gjekk likevel litt ned frå 1993 til 1996.

Bær- og soppturar viser størst nedgang. Frå toppen i 1974 og fram til 1996 har deltakardelen gått jamt nedover frå 54 % til 43 %. Nedgangen for bærplukking kan ha vore større enn det som kjem fram her, fordi bær- og sopplukking i tidlegare undersøkingar har vore registrert som ein fellesaktivitet. Det er fleire moglege forklaringar på denne nedgangen. Aukande materiell velstand gjer at vi ikkje lenger treng å plukke bær, det er billeg å kjøpe ferdig syltetøy, yrkesaktiviteten blant kvinner har auka monaleg i perioden, slik at det er blitt mindre fritid, og kunnskapen om kva ein faktisk gjer med bæra når ein har plukka dei, er kanskje heller ikkje så utbreidd som før.

I ei undersøking frå 1999 av endringar i norsk friluftsliv seier over halvparten av dei spurte at dei ikkje har noko favorittfriluftsliv , dvs. at deira friluftslivutøving er kvardagsfriluftslivet med «enkle» aktivitetar i nærområda. I ei finsk undersøking fekk dei spurte velje tre alternativ for kva slag friluftsområde dei meinte burde utviklast med offentlege midlar dei næraste åra. Friluftsområde nær bustadområda fekk då størst tilslutning med 55 %.

Om klare endringar i deltakardel for fleire aktivitetar kan sporast, synest frekvensen å ha endra seg lite. Dvs. at dei som utøvde ein aktivitet i 1996, gjorde det like ofte/sjeldan som dei som utøvde aktiviteten på sytti- og åtti-talet. Nyare undersøkingar gjort av Østlandsforskning og Vestlandsforsking viser at friluftsliv framleis står sterkt i befolkninga, både når ein ser det i forhold til interesse, faktisk utøving og verdsetjing. Stor stabilitet pregar også utviklinga i friluftslivet i våre naboland. Ei samanlikning av svenskar sin bruk av skogen til friluftsføremål og deira preferansar for skogmiljø i 1977 og 1997, viser at endringane generelt er små. I Danmark er det gjort ei tilsvarande samanlikning av friluftsliv i skog frå 1976/77 til 1993/94. Den viser at både den prosentdel som besøker skogane og frekvensen per år er omtrent uendra i perioden. Det enkelte skogbesøket er likevel blitt litt kortare i tid.

3.4.3 Kva veg ber det?

Forskingsresultat tyder på at vaksne nordmenn har eit svært sterkt forhold til friluftsliv. Dette forholdet går på tvers av kjønn, alder, utdanning og bustad. Friluftslivet har ei sterk forankring i den norske befolkninga både med omsyn til interesse, verdsetjing og faktisk utøving. Omlag 90 % av den vaksne befolkninga deltok i minst ein av dei mest tradisjonelle friluftslivsaktivitetane i 1999.

Figur 3.8 Del av befolkninga som deltek i ulike hovudformer av aktivitetar
 sett i forhold til utdanning.

Figur 3.8 Del av befolkninga som deltek i ulike hovudformer av aktivitetar sett i forhold til utdanning.

Kjelde: Østlandsforskning

Det er ingen klare teikn til rekrutteringssvikt hos den yngre generasjonen, men blant ungdommen skjer ei gradvis dreiing i måten friluftslivet blir praktisert på. Det finst klare indikasjonar som tilseier at ein ut frå ei «føre var-haldning» bør følgje utviklinga i rekruttering nøye. Dei aktivitetane som viser størst nedgang i aldersgruppa 16–24 år er dei «gamle» friluftslivsaktivitetane, så som dagsturar på ski i skogen, bær- og soppturar og fiske i ferskvatn. Dei yngre synest å vere på veg bort frå eit tradisjonelt friluftsliv med vekt på hausting og naturoppleving og til eit meir moderne, prestasjonsorientert eller sportsleg prega friluftsliv og anna fritidsbruk av natur der dei som er ute nyttar naturen som arena for personleg utfalding. Aktivitetar som snøbrettkøyring, terrengsykling, moderne former for fjellklatring og til ei viss grad heliskiing er på veg inn. Vi ser også at andre nye aktivitetar som rafting, juving, frikøyring og skisegling vinn oppslutnad sjølv om dei framleis er små. Dette kan medføre eit press i retning auka tilrettelegging og anlegg for moderne aktivitetar, og eit press mot at det i større grad blir opna for motorisert ferdsel i utmark. Enkelte av dei nye aktivitetane søkjer derimot vekk frå det regulerte og tilrettelagde. Aktivitetar som hundespannkøyring eller skisegling kan føre til auka press på sårbare arter som t.d. villrein og tamrein. Det er rimeleg å tru at stadig fleire nye aktivitetar vil dukke opp.

Mindre fysisk aktivitet i den yngre delen av befolkninga vil òg kunne verke inn på friluftslivet. Den auka satsinga på natur og friluftsliv i barnehagar og skular vil kunne demme opp for dette, særleg i forhold til barn med lite aktiv familie. Eventuelle verknader vil likevel ikkje kunne sporast før om 10–20 år.

Friluftslivet har òg ei utfordring knytt til mennesket sitt behov for å skape seg ein identitet. Det er i våre dagar opp til deg sjølv å skape di eiga rolle. Du har i utgangspunktet alle sjansar, men opphav, yrke og materiell standard har i uminnelege tider hatt ein dominerande plass i arbeidet med å skape identitet. Mykje tyder på at fritidsaktivitetar etterkvart vil få meir å seie når det gjeld å definere kven vi er.

Dei kontemplative motiva (ro, ettertanke, naturoppleving mm.) ser ut til å vere dei viktigaste drivkreftene bak nordmenn sitt friluftsliv, men også fysiske og sosiale motiv har mykje å seie. Motiv relatert til hausting og spenning ser ut til å vere mindre viktig enn dei kontemplative. Dette mønsteret ser ut til å vere svært tydeleg, og mykje skal til for å påverke desse drivkreftene. Likevel er dei endringane som har skjedd på 1990-talet svært interessante ettersom alle ser ut til å passe inn i same mønster. Motiv som relaterer seg til fellesskapet, slik som miljøengasjement og sosiale motiv, får mindre oppslutnad, mens individuelle motiv, relatert til spenning og meistring er i vekst. Mykje tyder på at desse nye utviklingstrekka i større grad gjeld ungdom enn andre aldersgrupper.

Alt dette er eit tydeleg teikn på at den aukande individualiseringa ein ser på mange samfunnsområde også verkar inn på motiva for å drive friluftsliv, og at det er blant ungdom at desse utviklingstrekka først blir synlege. Desse endringane betyr ikkje nødvendigvis at ungdom er mindre oppteken av fellesverdiane, men at større krav til kvart enkelt individ no tvingar dei individuelle verdiane meir i framgrunnen. Sjølv om kunnskapsgrunnlaget desse vurderingane byggjer på er svært tynt, er det ingen grunn til å tru anna enn at moderniseringa på aktivitetssida også har følgjer for motiva for å drive dei same aktivitetane.

Friluftslivet vil truleg gradvis endre seg både i mønster og omfang – i meining og innhald. Friluftslivsmønsteret i 1970 var forholdsvis likt det som var i 1950 og heller lite hadde endra seg til 1990. Men friluftslivsmønsteret vi finn i 2010 vil truleg skilje seg frå det vi hadde 20 år tidlegare. Friluftslivet er m.a.o. prega både av stabilitet og endring. Det er viktig å forstå at desse tilsynelatande motstridande utviklingstrekka eksisterer side om side i friluftslivet i dag.

Figur 3.9 Fysisk aktivitet i Nordland. Kva for hindringar finst?

Figur 3.9 Fysisk aktivitet i Nordland. Kva for hindringar finst?

Kjelde: Polarfakta A/S og Nordland fylkeskommune

3.5 Eit romsleg og miljøvennleg friluftsliv

3.5.1 Innleiing

Friluftsliv er ein viktig del av vår nasjonale identitet. Ein stor del av den norske befolkninga utøver friluftsliv, det er brei politisk oppslutnad om temaet og friluftslivet er stort sett positivt profilert i samfunnsdebatten og i mediebiletet.

Det er særs gledeleg at friluftsliv har ein sentral plass i medvitet til nordmenn. Men, når noko blir så sterkt integrert i vår identitet, kan det lett bli noko vi ikkje finn grunn til å diskutere, eller evner å ha distanse til. Friluftsliv er så djupt forankra at vi på mange måtar ser det som naturgitt og upåverkeleg av samfunnet rundt oss. Friluftslivet er likevel eit kulturelt fenomen som alltid har vore i gradvis endring, og det vil det truleg halde fram med.

Det er inga enkel sak å fange kva friluftsliv eigentleg «er» og å gi ei tydeleg og tidlaus avgrensing av omgrepet. Det blir ikkje berre brukt om ei rekkje svært ulike former for utfalding i natur. Ordet friluftsliv blir òg brukt forskjellig i ulike samanhengar; i daglegtalen, i ulike delar av landet, innan forskjellige samfunnsområde og innan ulike fag- og forskingsmiljø.

I mange menneske sin kvardag er friluftsliv knytt til turar av ulike slag; kanskje er ordet «tur» meir innarbeidd i kvardagsspråket enn termen friluftsliv . I norsk levemønster er framleis turen eit kjent og viktig innslag: kveldsturen med bikkja, søndagsturen i skog og mark, hytteturane i påska og om sommaren, jakt- og fisketurar, bær- og soppturar, båtturar eller turar langs strender og svaberg i sommarvarmen. Turen gir fred og ro, naturoppleving, avbrot frå pliktene i kvardagen og frå tidsklemma. Den gir òg høve til å bruke kropp og sansar på andre måtar enn i kvardag og arbeid.

«Friluftsliv» er eit samansett og mangetydig fenomen som kan vurderast frå ulike perspektiv. Friluftsliv kan m.a. sjåast på som:

  • Ein tradisjon

  • Ein brei folkeleg aktivitet

  • Ei pedagogisk arbeidsform (med særskilde føremål)

Friluftsliv, sett som tradisjon , er naturvennleg ferdsel og ansvarsfull bruk av naturen, der hovudsiktemålet er gode naturopplevingar.

Friluftsliv som brei folkeleg aktivitet omfattar småturar og rusleturar i kvardagen og i helgene – det uformelle friluftslivet drive i familiar og vennegrupper og friluftslivet knytt til ulike organisasjonar, foreiningar og lag. Eit slikt friluftslivsomgrep blir sjølvsagt svært omfattande, men femner kanskje nettopp dei innslag i livet som er med å gi livskvalitet. Motiva for dette friluftslivet kan vere å finne fred og ro, få avveksling og å komme vekk frå stress og mas. Eller å få komme ut i frisk luft, oppleve årstidene og naturen, få vere saman med familie og venner, å få bruke kroppen og sansane, å kjenne at ein meistrar visse krav til dugleik.

Friluftsliv er i aukande grad teke i bruk som arbeidsform og virkemåte sjølv når det ikkje dreier seg om «fritid». Friluftsliv har fått ein plass innan skuleverket, frå førskule til høgskule og innan ei rekkje andre samfunnsområde så som arbeid med og integrering av grupper med annan etnisk bakgrunn, leiarutvikling, sosialisering m.v. Også innan behandling og resosialisering blir friluftsliv i denne forstand drive med særskilde føremål. Det friluftsliv som blir nytta i desse samanhengane er alt frå det tradisjonelle friluftsliv til eit utprega aktivitets- og spenningsbasert friluftsliv. Det er kjenneteikna av at det er fragment av friluftsliv som blir sette inn i nye samanhengar, der føremålet med det ligg utanfor friluftsliv som mål i seg sjølv. Ut frå dette perspektivet er friluftsliv eit pedagogisk middel til personleg utvikling med sikte på å endre haldningar og åtferd hos den enkelte.

3.5.2 Definisjon og føremål

Føremålet med friluftslova er å verne naturgrunnlaget for friluftslivet og sikre allmenta rett til fri ferdsel, opphald m.v. i naturen slik at høvet til å utøve friluftsliv som ein helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg fritidsaktivitet blir teke vare på og fremja. Friluftsliv vart i den førre meldinga definert som «opphold og fysisk aktivitet i friluft i fritiden med sikte på miljøforandring og naturopplevelse». Målsetjinga med friluftslivspolitikken har gjennom dei siste tiåra vore å fremje det enkle friluftslivet – for alle, i dagleglivet og i harmoni med naturen. Verdien av friluftslivet både for helse og miljøvern har heile tida vore sterkt poengtert.

Ønsket om naturkontakt og naturoppleving er karaktertrekk som kanskje klarast skil friluftsliv frå andre nærliggjande fritidsaktivitetar. Desse er sjølve grunnstamma i friluftslivet, men også kontakt med kulturminne og kulturmiljø er viktige faktorar. Ein legg òg vekt på fysisk aktiv og miljøvennleg utøving. I den førre stortingsmeldinga heitte det vidare at friluftslivspolitikken bør leggje hovudvekta på ein kjerne av ikkje konkurranseprega, ikkje motoriserte fritidsaktivitetar som går føre seg på allment tilgjengelege, naturprega område. I dag, over ti år seinare, har folk endå meir reelle behov for periodevis fråvere av stress, støy og motorbruk anten det skjer i urørt natur eller i område som er meir påverka av menneske.

Figur 3.10 Eit romsleg friluftsliv – tradisjonar i utvikling.

Figur 3.10 Eit romsleg friluftsliv – tradisjonar i utvikling.

Kjelde: Jon Arne Sæter

Grensene for kva som er friluftsliv er uskarpe, med overlapping mot andre sektorar, særleg idretten. All utandørs fysisk aktivitet i område der det er rom for naturopplevingar kan karakteriserast både som idrett og friluftsliv, avhengig av motiva for og rammene om aktiviteten. Alle slag turar i naturområde, symjing, padling, roing og segling i sjø og på vatn og ulike sveveturar i lufta, kan vi sjå på både som idrett og friluftsliv.

3.5.3 Friluftsliv i framtida

Med det mangfaldige friluftslivet vi har i dag er det inga enkel oppgåve å avgrense ein gong for alle kva som høyrer med til dette området av politikken. På den eine sida er det viktig å avgrense og prioritere kva det offentlege skal ha ansvar for. På den andre sida må ein syte for at friluftslivet ikkje blir så ekskluderande og tradisjonsbunde at nye generasjonar ikkje ønskjer å bere vidare den tradisjonen vi overleverer, men tvert imot set han på museum. Vi må halde fast ved grunnstamma i friluftslivet, samtidig som vi må vere opne for nye motiv og uttrykksformer. Skal vi ha med ungdommen, må vi møte den på dei premissane den sjølv har, og samtidig prøve å overføre dei verdiane og erfaringane vi framleis har tru på. Det betyr at vi kanskje må vere mindre ortodokse i vår tolking av kva som er friluftsliv.

Dette inneber at ein, i tillegg til å gå ut frå ein overordna definisjon av omgrepet friluftsliv, av og til må operere med avgrensingar som vektlegg ulike perspektiv på og aspekt ved mangfaldet i friluftslivet alt etter kva samanheng det er tale om. Det må m.a.o. stillast nokre grunnleggjande krav til mål, form og innhald på aktivitetane. Spørsmål det offentlege må stille seg, er

  • Kva slag former for utøving og motiv skal omgrepet kunne omfatte

  • Kva slag aktivitetar og målgrupper ønskjer ein å prioritere og fremje

  • Kva slag aktivitetar og målgrupper kan utvikle sine tilbod utan offentleg innsats

  • Kva slag bør ein regulere, frårå eller kjempe mot av omsyn til samfunn og miljø.

Kva er så kjernen i friluftslivet, kva er det viktig å overføre og kva ønskjer vi å oppnå framover? Er det aktivitetane vi ønskjer å ta vare på, er det naturopplevinga, er det kunnskapane om å overleve i naturen, er det dei kulturelle tradisjonane, er det den norske identiteten, eller er det fridomen og høvet til å rive seg laus frå mas og kav i kvardagen? Kva ventar vi oss av friluftslivet i framtida?

Essensen i den offentlege definisjonen av friluftsliv bør stå fast, ikkje minst som grunnlag for kva typar aktivitet miljøvernstyresmaktene skal ha ansvar for og stimulere til. Andre nærliggjande aktivitetar kan òg tenkjast å medverke til betre livskvalitet eller av andre årsaker ha ein rettkommen plass i samfunnet, sjølv om dei ikkje fell innanfor definisjonen. I så fall kan det tenkjast at det er andre styresmakter som har primæransvaret for desse.

I Sverige har Miljödepartementet nyleg definert friluftsliv som «vistelse (norsk:«opphald») och fysisk aktivitet utomhus för at uppnå miljöombyte och naturupplevelse utan krav på prestation eller tävling.» Av dette framgår det at svenskane ikkje ønskjer å avgrense fenomenet til det som høyrer fritida til. På den andre sida har våre naboar i aust valt å innsnevre omgrepet ved å presisere at utøvinga skal skje utan krav om prestasjonar eller tevling. Med dette har ein ønskt å markere eit klart skilje mot idretten.

Det norske friluftslivsomgrepet rommar eit stort mangfald av uttrykksformer; ulike greiner av friluftslivet blir spesialisert og nye aktivitetar kjem til. Ein ny dimensjon er spennet mellom tradisjonelt og moderne friluftsliv. Den offentlege friluftslivspolitikken har til no hatt det enkle og tradisjonelle friluftslivet som målsetjing. Nyare undersøkingar viser at gruppa yngre og høgt utdanna er mest positiv til at offentleg friluftslivsforvaltning bør inkludere moderne aktivitetar så som offroadsykling, snøbrettkøyring o. l. Eit kriterium ein vil måtte vurdere moderne aktivitetar ut frå, er om dei kan rekruttere nye, viktige målgrupper til helsefremjande og trivselsskapande naturkontakt.

Regjeringa vil ha eit romsleg friluftsliv der ein er open for fleire motiv for og former for utøving. Det at det er enkelt og tradisjonsbunde kan ikkje vere absolutte kriterium og aktiviteten treng ikkje vere særskilt langvarig, krevjande eller strabasiøs. Heller ikkje treng aktiviteten skje i fritida. Hovudkrava må likevel vere at framferda er miljøvennleg og helsefremjande .

Dei nye, nasjonale måla (jf. kap. 1) som vart vedtekne hausten 2000 stiller krav til friluftslivet i framtida. Desse må derfor sjåast på som Stortinget si konkretisering og prioritering av kva slag friluftsliv ein ønskjer å dyrke fram dei næraste åra.

Eit miljøvennleg friluftsliv

I det globale miljøperspektivet har ei berekraftig utvikling og eit berekraftig forbruk ein sentral plass. Det er både ønskjeleg og naudsynt å endre forbruksvanane i ei retning som gir rom for at også kommande generasjonar får tilfredsstilt sine behov. I dette perspektivet vil opplevingar med liten ressursinnsats vere eit ønskjemål. Eit miljøvennleg friluftsliv der oppleving og naturvennleg hausting står sentralt, kan og bør konkretisere tanken om «eit rikt liv med enkle middel».

Friluftslivet tilbyr svært gode høve til kvalitetsprega opplevingar og medverkar til å endre fokus frå materiell kvantitet til naturleg kvalitet og ein berekraftig livsstil. Naturopplevingar forbrukar ikkje og blir ikkje forbrukte. Det miljøvennlege friluftslivet med si sterke kulturelle forankring, er ein lite ressurskrevjande aktivitet med stor verdi for vår norske identitet. Av den grunn er det viktig å fremje det som ein motsetnad til fritidsaktivitetar som blir stadig meir spesialiserte og utstyrskrevjande og som set til dels store krav til anlegg og tilrettelegging.

På denne bakgrunn ser regjeringa det som ei svært viktig oppgåve å støtte det miljøvennlege friluftslivet, som er kjenneteikna av følgjande:

  • Det går føre seg i naturen eller i naturprega omgivnader

  • Det omfattar eit breitt spekter av aktivitetar frå spaserturen i nærmiljøet til lengre turar i aude fjell og skogområde

  • Det set ikkje store krav til personleg utstyr

  • Det vektlegg kunnskap, evner og fysisk aktivitet framfor avansert teknisk utstyr eller omfattande tilrettelegging

  • Det overstig ikkje akseptable grenser for forstyrring av dyre- og fugleliv, for skade på vegetasjon og jordsmonn eller for spreiing av framande arter og organismar, smitte og sjukdom

  • Det fører i svært avgrensa omfang til støy, forsøpling eller anna ureining

  • Det går føre seg med minst mogleg bruk av energiressursar

  • Det er ikkje til vesentleg skade eller ulempe for grunneigarar eller andre brukarar av naturen.

I tillegg til at sjølve friluftslivet er miljøvennleg må det òg stillast krav til miljøhensyn når det gjeld transport til og frå område der ein driv friluftsliv. Det er t.d. eit mål å avgrense bilbruk i samband med friluftsliv. Friluftslivsområde i og i nærleiken av byar og tettstader og i andre nærområde til busetnad, står derfor sentralt i eit miljøvennleg friluftsliv. Det same gjer bruk av kollektive transportformer framfor bil når ein må å reise for å komme til aktuelle friluftsområde.

Fotnotar

1.

Køyring i alpinanlegg er inkludert i undersøkingane for å gi høve til å vurdere deltakinga i tradisjonelle skiaktivitetar opp mot deltakinga i alpinaktivitetar.

Til forsida