St.meld. nr. 39 (2000-2001)

Friluftsliv— Ein veg til høgare livskvalitet

Til innhaldsliste

9 Friluftsliv og fritidsbruk av natur – aktivitetar og verknader

9.1 Eit mangfald av aktivitetar med ulike verknader

I mylderet av friluftslivsaktivitetar har dei aller fleste aktivitetane store positive verknader for den enkelte og for samfunnet. Dei negative verknadene av friluftsliv er få og i dei aller fleste tilfelle svært små i forhold til dei negative verknadene av ikkje å drive friluftsliv. Samstundes vil det vere ein glidande overgang frå aktivitetar med så godt som berre positive verknader mot aktivitetar med større grad av negative verknader.

Aktivitetar som fell innanfor det miljøvennlege friluftslivet har flest positive verknader for samfunnet. Verdi for å sikre ei berekraftig utvikling og for helse og livskvalitet er sentralt. Det er derfor det miljøvennlege friluftslivet regjeringa i hovudsak aktivt ønskjer å leggje til rette for, jf. kap. 3.5.3. Under dette først og fremst det friluftslivet som går føre seg i nærmiljøet og derfor er lett tilgjengeleg for alle grupper i befolkninga.

Samstundes ser regjeringa det som ei viktig utfordring å gi rom for eit mangfald av friluftslivsaktivitetar på ein slik måte at ein oppnår dei positive verknadene og i minst mogleg grad får konsekvensar som forstyrring av dyreliv, unødig forbruk, støy, slitasje o. l.

Mange former for friluftsliv vil i større og mindre grad vere miljøvennlege. Det vil avhenge av verknaden på natur eller kulturminne og kulturmiljø, eller av ressursbruken. Aktivitetar som t.d. sykling og riding er miljøvennleg i varierande grad, alt etter korleis ein utøvar aktiviteten. Grad av slitasje på natur- og kulturgrunnlaget vil t.d. variere alt etter om ein syklar eller rir på skogsvegar, på små stigar, i område med sårbar vegetasjon og/eller i område med spesielt sårbare kulturminne. Tilsvarande vil ein tur til fots vere svært miljøvennleg om ein startar og sluttar frå heimen, og mindre miljøvennleg om ein køyrer langt med bil først eller om svært mange menneske går i eit område med sårbar vegetasjon eller sårbart dyreliv. Utstyrskrevjande aktivitetar kan karakteriserast som miljøvennlege dersom utstyret varer lenge og kan brukast av fleire.

9.1.1 Tryggleik

Eit viktig poeng for den einskilde utøvar er at ein tek utgangspunkt i allemannsretten og friluftslova og dei krav som ein her finn om å ta omsyn til naturen og til andre brukarar av naturen. Kvar og ein må leggje vekt på kjennskap til grunnleggjande reglar for opphald og ferdsel og lære seg det som er naudsynt for å kunne ferdast trygt i naturen. Det er t.d. særleg grunn til å leggje vekt på kunnskap og dugleik kombinert med enkelt, men godt nok utstyr for å unngå unødvendige redningsaksjonar. Avansert teknisk utstyr kan svikte og kan aldri erstatte grunnleggjande evner og dugleik til å ferdast i naturen. Dersom ein er på fjelltur og uvêret kjem brått på kan heller ikkje t.d. god fysisk form erstatte varme klede. Sentralt er mellom anna kunnskap om og evner i bruk av kart og kompass. For å fremje sikker utøving av friluftsliv bør difor ulike motivasjonstiltak inkludere opplæring i bruk av kart og kompass. Eit døme på dette er det fellesprosjektet Friluftslivets fellesorganisasjon og dei 12 medlemsorganisasjonane sette i gang i 1997 under namnet «Trygg i naturen med kart og kompass». Hovudmålet er å betre kunnskapane om og bruken av kart og kompass i befolkninga. Dette vil leggje til rette for at den norske friluftslivstradisjonen blir teken vare på, talet på redningsaksjonar kan gå ned og fleire vil kunne få eit nærare forhold til naturen. Det er utarbeidd eit rikhaldig opplæringsmateriell og det blir satsa på kurs og andre opplæringstiltak gjennom lokale friluftslivsorganisasjonar, med orienteringslag som drivkraft. Ein tek sikte på å avslutte prosjektet i 2005.

Dei siste åra har aktivitetar med stor grad av risiko vortne meir populære, særleg blant ungdom. Aktivitetar som fjellklatring, rafting, fallskjermhopping frå fjelltoppar og liknande er døme på dette. Likevel utgjer dei som driv med desse aktivitetane framleis ei svært lita gruppe blant det totale mangfaldet av friluftslivsaktørar. Ein del menneske har behov for å oppleve risiko og dersom dei kan oppleve risiko gjennom friluftslivsaktivitetar, kan det vere vesentleg betre enn aktuelle alternative måtar å oppleve risiko på. Det er m.a.o. svært positivt for enkelte grupper å kunne drive med desse aktivitetane. Samtidig er dei ressurskrevjande både fordi ein treng mykje og dyrt utstyr for å drive dei, og fordi dei langt oftare enn for dei enklare aktivitetane vil utløyse redningsaksjonar. Dei kan òg i nokre tilfelle vere til ulempe for det langt enklare og meir tradisjonelle friluftslivet.

Regjeringa ser det ikkje som eit viktig mål å leggje til rette spesifikt for risikofylte aktivitetar. Utfordringa ligg i å sikre at flest mogleg finn interesse for og spenning innafor eit miljøvennleg friluftsliv. Samstundes må det, så langt det ikkje er til vesentleg ulempe for naturmiljøet, grunneigarar eller andre friluftslivsutøvarar, vere rom for å drive risikofylte aktivitetar. Røynde utøvarar av slike aktivitetar må vere innstilte på å overføre kunnskap og evner til nye utøvarar, slik at ein i størst mogleg grad unngår ulykker og redningsaksjonar som resultat av risikofylt friluftsliv.

9.1.2 Ansvar

I arbeidet med oppfølging av den nasjonale handlingsplanen for å førebyggje ulykker i heim, skule og fritid har ein m.a. sett nærare på ulykker innanfor friluftsliv. Friluftslivet er eit område med mange aktørar både når det gjeld styresmakter, tilbydarar og utøvarar. Friluftslivet er regulert av friluftslova, men sjølve utøvinga baserer seg i stor grad på tradisjon, sedvane og sunt skjønn. Det går likevel eit skilje mellom organiserte tilbod og uorganisert eller gjerne «eigeorganisert friluftsliv». Produktkontrollova regulerer organiserte tilbod om forbrukartenester som ikkje er underlagt anna regelverk. Døme er rafting, klatring, brevandring, grotte-/juvvandring og sportsdykking når desse aktivitetane blir tilbydd som ei organisert teneste. I tillegg finst det spesiallovgiving som stiller krav til anlegg som skianlegg, taubaner m.m.

I det nasjonale arbeidet med å førebyggje ulykker har ein særleg hatt behov for å avklare spørsmål knytte til ansvarsforholda ved «eigeorganisert friluftsliv» og å vurdere det ansvaret forvaltninga har for å førebyggje friluftsulykker. Det er utarbeidd ein rapport frå ei tverrdepartemental arbeidsgruppe (Sosial- og helsedepartementet desember 2000) med avklaringar og tilrådingar innanfor dette temaet.

Mykje tyder på at ulykker i stor grad skjer når kunnskapen om risiko og tryggleik ikkje er god nok, eller der eigen dugleik og/eller fysisk form blir overvurdert. Den menneskelege faktor kan i svært mange ulykker identifiserast som ein sentralt medverkande årsaksfaktor. Mange redningsaksjonar og utrykkingar kunne ha vore unngått dersom ein hadde teke vare på eigen og andre sin tryggleik i tråd med fjellvett- og sjøvettreglane, eller dersom fleire hadde valt tur etter evne. Som enkeltmenneske er vi ein del av eit samspel med omgivnadene rundt oss og dei ulike produkt/det utstyr vi tek i bruk. Desse tre faktorane utgjer viktige element i ei potensiell ulykke. Førebyggjande innsats og beredskap må ta sikte på å påverke alle desse tre – og ikkje minst dugleik, haldningar og faktiske åtferd hos utøvaren. Ansvaret for å førebyggje ulykker bør først og fremst vere ein naturleg del av arbeidet med å stimulere til friluftsliv. Det er i svært lita grad behov for eigne ulykkesførebyggjande tiltak utover det som må vere ein integrert del av det vedvarande stimuleringsarbeidet.

Når det gjeld forvaltninga sitt ansvar, så ligg verkemidla knytte til vilkår for og forsvarleg utøving av friluftsliv og fysisk aktivitet i fleire departement. Det synest vanskeleg å plassere eit eintydig, overordna ansvar hos ein sektor. Rapporten anbefaler derfor at det er viktig med dialog og samarbeid mellom dei aktuelle departementa om m.a. informasjon, overvaking, beredskap og om kunnskapsgrunnlaget for ein førebyggjande strategi på dette feltet. Miljøverndepartementet bør som ansvarleg for friluftslivspolitikken likevel vere drivkraft i ein slik samordna innsats.

Departementet sluttar seg til vurderingane til arbeidsgruppa og vil særleg framheve følgjande:

  • Det bør framleis vere slik at utøving av eigeorganisert friluftsliv byggjer på at individet må ta ansvar for dei vurderingar og val det sjølv gjer.

  • Ulykker og skader ved uorganisert friluftsliv utgjer per i dag eit lite problem.

  • I ei tid der fysisk inaktivitet er ein trussel mot folkehelsa, er det ei langt større utfordring å skape vilkår som fremjar friluftsliv og fysisk aktivitet i befolkninga.

  • Det er viktig å leggje til rette for at nye generasjonar får erfaring med og skaffar seg kompetanse i å ferdast ute i naturen og handtere den risiko som alltid vil vere der i samband med friluftsliv og fysisk aktivitet i det fri.

  • Det ligg på forvaltninga eit ansvar for å overvake utviklinga på dette feltet, utvikle nødvendige strategiar og om nødvendig iverksetje førebyggjande tiltak.

9.1.3 Oppsyn

Statens naturoppsyn (SNO) har eit ansvar for oppsyn med ulike sider av friluftslivet. Etter lova har SNO oppsyn med m.a. friluftslova, kulturminnelova, viltlova, lova om laksefisk og innlandsfisk og motorferdsellova. SNO samarbeider med andre oppsynsorgan, m.a. politiet og fjelloppsynet. SNO har òg eit ansvar for å samordne skjergardstenesta. Dette syner at SNO har ei brei kontaktflate mot dei ulike aktivitetane innan friluftslivet for å sikre at natur- og kulturverdiar blir tekne omsyn til. Det blir lagt vekt på at SNO både skal informere og vegleie dei ulike brukarane av naturen om dei reglane som gjeld og handheve desse reglane.

Boks 9.1 Friluftsliv og villrein i Rondane

For å halde ved lag den positive samanhengen mellom friluftsliv og biologisk mangfald, er det viktig at ein tek på alvor dei få negative effektane av friluftsliv på naturen. Effekten av friluftsliv på villrein kan vere ein slik effekt. Ny kunnskap syner at turistaktivitet og fjellvandring kan trengje bort villreinen frå store areal, men at det ikkje treng å vere slik. Kanalisering og styring av ferdsel i tid og rom er viktig. Endå viktigare er det at ein unngår ytterlegare inngrep i villreinen sine leveområde.

Villreinen vandra inn i Noreg då isen trekte seg tilbake etter siste istid og danna i stor grad grunnlaget for dei første busetjingane i landet. Buplassar og fangstanlegg i fjellet syner at villreinen var utbreidd i dei aller fleste fjellområda i Noreg heilt opp til 1800-talet og at den var ein viktig del av ressursgrunnlaget for befolkninga i fjellbygdene.

I dag er det i Dovre-Rondane-regionen at villreinen genetisk sett er nærast den opphavlege ville norske fjellreinen og svært lite oppblanda med tamrein. Dette gjer at det er særleg viktig å ta vare på denne villreinstamma, men det er etterkvart blitt ei vanskeleg oppgåve. Samfunnsutviklinga i Noreg har etter hundreårsskiftet gjort at villreinen sine opphavlege 1–3 leveområde i Sør-Noreg er delte opp i 23–26 mindre område. Dovre-Rondane-regionen som før var eitt område der villreinen vandra mellom snøfattige område i aust med gode vinterbeite og vestlege område med gode kalvingsområde og gode sommarbeite, er no delt opp i fire ulike villreinområde: Snøhetta, Rondane, Knutshø og Sølen-

kletten. Utbygging i form av vegar, jernbane, hytte- og turistområde har gjort at villreinen sine vandringar att og fram mellom vinterbeiteområda i Rondane, Knutshø og Sølenkletten og dei gode sommarbeita og kalvingsområda i Snøhettaområdet er stoppa. Villreinen lever no i småområde med for dårlege vinterbeite i Snøhetta og med svært dårlege sommarbeite i dei andre områda. Villreinen er derfor svært sårbar for ytterlegare negativ påverknad mellom anna i form av menneskeleg ferdsel i desse områda. Rondane er samstundes eit populært område for friluftsliv både sommar og vinter. Det er derfor viktig at ein finn fram til gode løysingar for friluftslivet samstundes som ein tek betre omsyn til villreinen.

Det har vore hevda at mellom anna DNT sitt nett av ruter og hytter i Rondane og ferdsla som følgjer av dette, fortrengjer villreinen frå viktige område. DNT har m.a. derfor sett i gang ei systematisk kartlegging og analyse av si verksemd og ein har m.a. sett på om ein ved å leggje ned eller leggje om ruter kan betre forholda for villreinen. Stenging av hytter i kalvingsperioden og informasjon har òg vore viktige element i dette arbeidet.

Ein kan enno ikkje trekkje sikre konklusjonar om effekten av tiltaka, men registreringar etter omlegging av ruter viser at reinen har teke i bruk att gamle bruksområde. Dette viser at kanalisering av ferdsel i høve til stad og årstid er ein viktig strategi for å minske dei negative effektane av ferdsel på villreinen.

9.2 Biologisk mangfald, kulturlandskap og kulturminne

Det biologiske mangfaldet, kulturlandskap og kulturminne representerer viktige opplevingskvalitetar for friluftslivet. Kvalitetane er knytte til natur og dei kulturhistoriske verdiar generelt og er viktige å sikre både i strandsona, i grøntstrukturen, i markaområde, i store samanhengande naturområde og i naturen elles. I første rekkje trengst det å sikre areal med slike kvalitetar. I kulturlandskapet trengst det òg drift eller skjøtsel for å halde ved lag kvalitetane i det biologiske mangfaldet og kulturminne. I noko grad er det òg behov for å regulere friluftslivet for å sikre desse kvalitetane.

9.2.1 Biologisk mangfald

At befolkninga har kunnskap om og forstår verdien av det biologiske mangfaldet, er vesentleg for å lykkast i arbeidet med å ta vare på dette mangfaldet og sikre ei berekraftig utvikling. Friluftsliv gir naturopplevingar og røynsler som dannar grunnlag for slik kunnskap og forståing. Samtidig vil friluftsliv i noko grad føre med seg forstyrringar og slitasje. Så godt som alt friluftsliv set spor. Spørsmålet er derfor kva slag natur vi ønskjer, og kva for endringar vi meiner er akseptable.

I dei fleste naturområde i Noreg er ikkje slitasje og forstyrring som følgje av ferdsel i naturen noko problem eller konflikttema. Berre i enkelte tilfelle kan det vere konflikt mellom biologisk mangfald og friluftsliv. Dette gjeld til dømes viktige hekkeområde for fugl, villreinområde og område med svært sårbar vegetasjon. I mange naturreservat, til dømes i sjøfugl- og våtmarksreservat, er det restriksjonar på eller forbod mot ferdsel i hekketida.

I mange tilfelle vil tilrettelegging t.d. i form av merkte stigar, klopper, bruer m.m. vere eit godt alternativ til ferdselsforbod. Gjennom tilrettelegging kan ein motverke forstyrringar og slitasjeskadar ved å kanalisere ferdsla bort frå sårbare område, t.d. bort frå kalvingsområde for villrein. Kanaliseringstiltak vil ikkje minst vere aktuelle i sårbare område som ikkje er verna og der ferdsel ikkje kan regulerast gjennom vernereglane. For nasjonalparkar og andre større samanhengande naturområde er soneinndeling eit aktuelt forvaltningsverktøy, m.a. for å skilje mellom areal med ulik grad av tilrettelegging. Sonedeling ligg mellom anna til grunn for forvaltningsplan for Jotunheimen nasjonalpark og for Norsk stig- og løypeplan som gjeld fjellområda generelt, jf. kap. 8.6. Gjennom soneringstiltak og informasjon knytt til dei, kan ein òg rette fokus mot plikta til å fare varsamt fram som er ein føresetnad for allemannsretten og som ligg til grunn for at det er ei felles interesse mellom det å ta vare på biologisk mangfald og å stimulere til friluftsliv. Denne fellesskapen er viktig for å forankre friluftslivet som ein positiv, berekraftig og miljøvennleg fritidsaktivitet, og like naudsynt for å danne ein folkeleg opinion for å ta vare på biologisk mangfald.

Utfordringa er å forvalte både verneområda og naturen elles på ein slik måte at ein tek vare på det positive engasjementet som oppstår gjennom utøving av friluftsliv, og samstundes unngår reduksjon av verneverdiar og tap av biologisk mangfald. Dette vil innebere at ein mest mogleg nyttar positive tiltak som kanalisering av ferdsel og informasjon der det er mogleg og naudsynt, men at ein i verneområde som t.d. naturreservat og nasjonalparkar kan innføre ferdselsforbod der det er naudsynt av omsyn til føremålet med vernet.

Konkrete utfordringar for friluftsliv og biologisk mangfald har ein i dag knytt til nokre av naturreservata, mellom desse særleg barskogsområde der det er forbod mot organisert ferdsel. Dette forbodet har i ein periode vore innført som ein standard for alle barskogsområde som er verna som naturreservat. Denne praksisen vart endra i samband med barskogverneplanen for Nord-Noreg. På bakgrunn av høyringsfråsegner og tilrådingar frå fylkesmennene og Direktoratet for naturforvaltning, vart forbodet teke ut av verneforskriftene og ein gjekk bort frå å bruke omgrepet «organisert ferdsel». For framtida vil det ikkje vere aktuelt å innføre slik føresegner som ein standard, men berre når det er naudsynt av omsyn til føremålet med vernet. Regjeringa vil òg gå inn for at ein i eksisterande verneområde der ein har klart definerte problem, tek ein gjennomgang av verneforskriftene med tanke på å vurdere om ferdselsforbodet er naudsynt av omsyn til føremålet med vernet. For verneområde der restriksjonar på ferdsla ikkje er føremålstenlege, kan det vere aktuelt å endre verneforskrifta.

Av omsyn til villreinen vil regjeringa gå inn for å vidareføre arbeidet med å kanalisere ferdsel utanom særskilt sårbare område slik ein har starta opp mellom anna i Rondane. (Sjå boks 9.1).

9.2.2 Kulturlandskap og kulturminne

Friluftsliv er basert både på oppleving av natur og på oppleving av spor etter menneska som i tidlegare tider har brukt områda på ymse vis. Døme på slike spor kan vere hustufter, gravhaugar, helleristningar m.m. Biologisk mangfald i kulturlandskapet i form av gamle kulturmarker som beitemarker, hagemarker, slåtteenger og styvde tre m.v. kan sjåast på som biologiske levande kulturminne og er òg døme på slike spor. Ofte er det samspelet mellom natur- og kulturminne-kvalitetane i eit område som utgjer grunnlaget for den opplevinga friluftslivet byggjer på. Kulturlandskapet har òg mykje å seie for folk sin identitet og deira kjensle av å ha tilknyting til eit område.

Kulturminne er ikkje berre materielle. Naturen i kring oss er full av immaterielle kulturminne i form av soger, eventyr, tradisjonar m.m. Disse seier mykje om det tilhøvet forfedrane våre hadde til naturen. Formidling av kunnskap på ein slik måte vil ofte vere like viktig som utydelege fysiske spor ute i naturen og vil ikkje medverke til å skade eller øydeleggje dei mest sårbare, materielle spora ute i naturen.

Figur 9.1 Kulturminna kan både medverke til å lette
 utøvinga av friluftsliv og styrkje opplevinga.

Figur 9.1 Kulturminna kan både medverke til å lette utøvinga av friluftsliv og styrkje opplevinga.

Kjelde: Svein-Magne Fredriksen, Miljøverndepartementet

Kulturlandskap og kulturminne er verdiar som ein i dei seinare åra har lagt auka vekt på å gjere tilgjengelege for friluftslivsutøvarane gjennom ulike tiltak for tilrettelegging. Det er likevel framleis eit stort potensial for samarbeid mellom kulturminne- og friluftslivsinteressene. Det er samanfallande mål ved at kulturminne og kulturmiljø vil medverke til auka oppleving for dei som utøver friluftsliv samstundes som dette vil føre til auka kunnskap om og forståing av den kulturhistoriske dimensjonen i landskapet. Det er derfor naudsynt å utvikle eit godt samarbeid mellom dei lokale og regionale styresmaktene som har ansvar for friluftsliv og kulturminne. Dei frivillige organisasjonane bør spele ei sentral rolle i eit slikt samarbeid.

I enkelte tilfelle kan likevel utøving av friluftsliv komme i konflikt med kulturminne og kulturmiljø ved at det kan oppstå slitasje, plyndring og manglande respekt for kulturminna. Utfordringa er å tilretteleggje og forvalte kulturminna på ein slik måte at dei blir ein integrert del av opplevinga av det aktuelle området for utøvarane av friluftsliv utan at kulturlandskap og kulturminne blir skadde eller forringa. Det er vidare viktig med haldningsskapande arbeid og informasjon for å førebyggje eventuell skattejakt og andre aktivitetar som kan øydeleggje eller forringe kulturminne. Oppsyn med kulturminne høyrer med til Statens naturoppsyn sine oppgåver. Samstundes kan friluftsliv og bruk og skjøtsel av kulturminne og kulturmiljø ofte vere to sider av same sak. Bruk av kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap som t.d. i setermiljø, kan i friluftslivssamanheng medverke til å hindre forfall og fråflytting.

9.3 Friluftsliv for funksjonshemma

Stortinget har ved behandlinga av Budsjett-innst. S. nr. 9 (2000–2001) bede Regjeringa om å vurdere særskilt korleis ein generelt kan betre høva for funksjonshemma til eit aktivt friluftsliv, og korleis tilgjenget kan betrast for funksjonshemma i nasjonalparkar. Departementet har under utarbeidinga av meldinga hatt kontakt med funksjonshemma sine organisasjonar og Staten sitt råd for funksjonshemma om dette spørsmålet.

9.3.1 Funksjonshemma sin bruk av naturen

Målsetjinga med friluftslivspolitikken har gjennom dei siste tiåra vore å fremje det enkle friluftslivet – for alle, i dagleglivet og i harmoni med naturen. Verdien av friluftslivet både for helse og miljøvern har vore sterkt poengtert. Både i arbeidet med fysisk tilrettelegging og stimulering har det særleg vore lagt vekt å omsynet til deltaking frå dei delar av befolkninga som i lita grad utøver friluftsliv, m.a. funksjonshemma. Regjeringa ønskjer eit meir romsleg friluftsliv for framtida der ein opnar for fleire former for utøving. Hovudkrava må likevel vere at framferda er miljøvennleg og helsefremjande (jf. kap. 3.5). Det synest å vere allmenn tilslutning frå funksjonshemma sine miljø til hovudlinjene i friluftslivspolitikken, men ein ser punkt som kan betrast og ønskjer eit nærare samarbeid med friluftslivet både sentralt og lokalt.

Boks 9.2 Til topps med funksjonshemming

Sommaren 2000 nådde amerikanaren Jeff Pagels og nordmannen Sture Bjørkaas Galdhøpiggen, etter ein klatretur på to dagar. Begge er rullestolbrukarar og dei er dei første som har teke seg til toppen ved eiga armkraft. Ruta til Piggen vart lagt der det var snø, og Pagels og Bjørkaas trekte seg opp etter tau som var festa i snøanker. Klatrarane bruke to kjelkar på 16 kilo kvar til å trekkje seg fram på. Eit følgje- og sikringsteam var med dei på oppstiginga. Eit klatreteam med 5 blinde deltakarar nådde toppen på Galdhøpiggen samme dag som Pagels og Bjørkaas nådde sitt mål.

Få personar med rørslehemningar vil kunne gjennomføre eit tilsvarande prosjekt som det Pagels og Bjørkaas gjorde. Likevel er det fleire moglegheiter for naturopplevingar for funksjonshemma i naturen generelt og i verneområde. I nasjonalparkar og andre verneområde, der motorisert ferdsel i regelen ikkje er tillate, kan transport med hest eller hundespann vere alternativ for fleire. Hjelpekorpsa kan òg etter nærare avtale frakte rørslehemma i samband med sine øvingar innanfor verneområda. Bruksformer og aktivitetstilbod i verneområda kan utviklast til å gjelde større grupper av befolkninga, med varierte krav til funksjons- og toleevne.

Vi må gå ut frå at funksjonshemma har dei same ønska som befolkninga elles når det gjeld utandørs fysisk aktivitet. Det betyr at meir enn 600.000 nordmenn med funksjonsproblem vil utøve friluftsliv dersom forholda blir lagt til rette for det. Frå brukarhald er det peikt på at det er behov for å tilretteleggje fleire friluftsområde med ulike typar tiltak. Ein har i stor grad den kunnskapen og dei erfaringane som skal til for å tilretteleggje for rørslehemma. Det finst døme på vellykka samarbeidsprosjekt innanfor temaet tilgjengelege uteområde, m.a. i Nordland og i Østfold fylke. Det er likevel behov for å sjå nærare på tiltak retta mot blinde og svaksynte, personar med pollenallergi og personar med kognitive vanskar. Når det gjeld stimuleringstiltak så ønskjer alle organisasjonane for funksjonshemma ein meir målretta innsats. Det er god tradisjon for samarbeid lokalt, men på sentralt nivå manglar det ein felles strategi for stimulering og motivering til friluftsliv. Regjeringa vil medverke til at dei gode erfaringane frå arbeidet med tilgjenge blir formidla og følgt opp, og til å setje fokus på behovet for ei breiare satsing på stimuleringssida. (Sjå også kap. 5.4 og 8.4).

9.3.2 Funksjonshemma sin bruk av nasjonalparkar og andre verneområde

Når verneområde som nasjonalparkar, landskapsvernområde og naturreservat blir oppretta, er avgrensing og vernevedtekter utforma på bakgrunn av eit breitt fagleg materiale og etter omfattande høyringsrundar med dei saka gjeld. Det skal ikkje i setjast i verk strengare vernetiltak enn det som er nødvendig for å ta vare på verneføremålet. Verneføremålet kan vere forskjellig for dei ulike verneområde, noko som fører til at vernevedtektene kan bli ulike m.a. med omsyn til restriksjonsnivå. Naturreservat er i utgangspunktet den strengaste verneforma, mens landskapsvernområde er den mildaste. Våre nasjonalparkar står i ei mellomstilling. Også innanfor kvar vernekategori kan det vere skilnad i restriksjonsnivå.

Dei generelle retningslinjene for forvaltninga av nasjonalparkane er etablerte gjennom praksis i mange år. Det er lagt til grunn ei streng forvaltning etter internasjonale kriterium utarbeidde av den internasjonale naturvernunionen (IUCN).

9.3.2.1 Funksjonshemma sine ønskjer

Gjennom kontakt med funksjonshemma sine organisasjonar er hovudinntrykket at det blir oppfatta som riktig at enkelte spesielle naturområde har strengare reglar for bruk enn andre. Dei stiller seg bak bruken av strengt vern for desse områda. Det er likevel ei oppfatning at det i spesielle tilfelle bør vere mogleg å gi spesielt rørslehemma tilgang til områda m. a. med tekniske hjelpemiddel. Dette omfattar m.a. motoriserte køyretøy. Det blir peikt på at tilgangen til å gi dispensasjon bør vere større og meir differensiert. Det bør bli enklare å bruke allereie eksisterande vegar, og bruk av terrenggåande motoriserte køyretøy vinter og sommar bør vere mogleg for funksjonshemma. Føresetnaden for dette er at køyretøya ikkje øydelegg sårbar natur og at tilgangen er avgrensa til spesifikke tilfelle.

Organisasjonane understrekar at reglane for dette må vere slik at det gjeld personar som ikkje kan komme inn i nasjonalparkar og andre verneområde ved eiga hjelp. Ein er merksam på at misbruk og utglidingar kan bli eit problem. Det er derfor viktig å hindre motorisert ferdsel som er motivert ut frå eit ønske om makeleg tilgang. Det blir òg føreslått å vurdere den lokale praksisen ved å gi løyve til ferdsel i ulike typar område. Fleire viser til at praksis varierer og at dette fører til forskjellsbehandling.

Det har òg vore hevda at politikken må leggjast heilt om, og at verneomsyn må vere underordna menneskerettane til funksjonshemma i forhold til likestilling med andre brukarar. Dette bør skje ved at dei nødvendige lover og forskrifter blir endra. Det er i denne samanhengen vist til FN sine standardreglar for like rettar for menneske med funksjonshemning og til St.meld. nr. 8 (1998–99) «Om handlingsplan for funksjonshemma 1998–2001».

9.3.2.2 Departementet sin vurdering

Eit generelt utgangspunkt er at funksjonshemma skal ha dei same rettar til å røre seg i naturen som andre og at det så langt som mogleg må leggjast til rette for dette gjennom den generelle samfunnsplanlegginga. Dette er ein viktig del av integreringspolitikken overfor funksjonshemma. Mange menneske kan likevel, av ulike årsaker, ikkje få oppfylt alle sine ønske om naturopplevingar. Dette kan m.a. skuldast omsynet til naturen sine tolegrenser. Fleire av våre naturområde er òg vanskeleg tilgjengelege, ikkje minst på grunn av topografiske forhold. Alder, helse og økonomi set grenser for våre høve til å røre oss – anten dette er ute i naturen eller andre stader. Mange menneske i Noreg har fysiske avgrensingar som gjer det vanskeleg å ta seg fram utanfor veg, for ikkje å snakke om å klatre opp på Galdhøpiggen.

Spesielle forhold gjer seg gjeldande når det gjeld bruken av våre verneområde. Samfunnet har gjennom eit vernevedtak gitt verneverdiane forrang og samtidig gitt avkall på å bruke området til andre føremål som er i strid med føremålet med vernet. Innanfor spesielle, sårbare naturområde er det innført spesielle forvaltningsreglar som ikkje gir oss alle like rettar – uavhengig av om du kan ta deg fram i naturen på eiga hand eller er funksjonshemma. Samfunnet har bestemt at bruken av slike område skal regulerast ut frå føremålet med vernet. Bruken skal tilpassast eller vere underordna dette omsynet slik at verneverdiane ikkje blir reduserte. Det betyr m.a. at motorisert ferdsel i utgangspunktet er forbode innanfor nasjonalparken og at det berre i særlege tilfelle, som regel knytt til utøving av næring, skal kunne gis dispensasjon for køyring. Det er særleg problematisk når det er snakk om barmarkskøyring som skaper stor naturslitasje mange stader.

Verneforvaltninga har så langt råd er søkt å vere spesielt imøtekommande overfor ønske frå funksjonshemma om å besøke våre verneområde. Ofte har dette vore ønske om å besøke våre mest kjente nasjonalparkar så som Hardangervidda, Jotunheimen og Rondane. Det er gitt løyve til køyring på eksisterande vegar, som t.d. vegen inn til Glitterheim i Jotunheimen nasjonalpark. Det er gitt dispensasjon for ein buss med eldre/uføre på vegen inn til Koldedalshytta i same område. Den same praksisen er også lagt til grunn i Rondane nasjonalpark – for bruk av vegen inn til Rondvassbu. Det er òg gitt dispensasjon til bruk av luftfartøy for eldre som har ei «særlig tilknytning» til stader i fleire av nasjonalparkane – og i tilfelle der funksjonshemma er del av ei gruppe.

Det er òg døme på at funksjonshemma kan oppleve meir vanskeleg tilgjengelege naturområde. Lom og Bøverdalen hjelpekorps har som del av sine øvingar innanfor Jotunheimen nasjonalpark hjelpt enkeltpersonar med funksjonshemming slik at desse kan komme opp på Galdhøpiggen. På sommarføre skjer dette umotorisert ved bruk av trekkjelke over isbre og resten bæring. Sist sommar arrangerte to rullestolbrukarar ein tur opp på Galdhøpiggen ved hjelp av eit eige, umotorisert team (sjå boks 9.2) .

Det er i den seinare tida komme opp ønske frå funksjonshemma om i større utstrekning å kunne bruke ulike typar motoriserte køyretøy for på eiga hand å kunne ta seg fram i ulendt terreng. Så langt dette spørsmålet gjeld våre utmarksareal generelt viser ein til kap. 8.4, 9.3.1 og 9.4. Når det gjeld slik ferdsel i våre nasjonalparkar og andre verneområde meiner departementet at ein framleis må leggje til grunn ein streng forvaltningspraksis. I utgangspunktet vil det vere problematisk å gi spesielle rettar til funksjonshemma framfor andre dersom aktiviteten vil komme i strid med verneføremålet. På den andre sida vil departementet så langt råd er prøve å leggje tilhøva til rette slik at funksjonshemma kan komme til og bruke våre verneområde innanfor dei rammer som er lagt i verneforskrifter og dispensasjonspraksis. Særleg vil departementet sjå nærare på om ein gjennom forvaltningsplanar for dei større verneområda kan leggje betre til rette for funksjonshemma i delområde eller soner som kan tole slike tiltak og aktivitetar som dette føreset. Departementet vil ta initiativ til at det blir nedsett ei arbeidsgruppe med representasjon frå funksjonshemma sine organisasjonar for å sjå nærare på konkrete tiltak og tilbod som kan utviklast for å imøtekomme krav og ønskemål frå funksjonshemma om tilrettelegging og aktivitetar i bruken av norsk natur generelt og innanfor våre verneområde spesielt.

9.4 Fritidsbruk av natur

Fritidsbruk av natur er aktivitet som krev mykje og gjerne teknisk utstyr og/eller som krev omfattande tilrettelegging, som fører til naturinngrep, som legg beslag på areal og/eller som skapar støy eller anna ureining, men som samtidig har eller kan ha positive effektar for livskvalitet.

9.4.1 Idrett og fysisk aktivitet

Idrett og friluftsliv har verdi for helse og livskvalitet i befolkninga. Ein viktig fellesnemnar er fysisk aktivitet. (Jf. figur 9.2). I tillegg rommar både idrett og friluftsliv kvalitetar som sosialt fellesskap, fysisk og mentalt overskot, avkopling, kjensle av meistring og spenning, gøy og moro. Såleis kan dei ha ein positiv verdi for utøvaren sin identitet. Miljøverndepartementet vil understreke det klare samanfallet av interesser mellom friluftslivet og breddeidretten, især den som i stor grad blir driven utandørs i naturprega område. Delar av breddeidretten og delar av friluftslivet har fått klarare fellestrekk og fellesinteresser i løpet av dei siste åra og samarbeidsrelasjonane er blitt fleire og sterkare. Ein viktig forskjell er likevel at idretten i stor grad er konkurranseretta mens friluftslivet legg vekt på naturoppleving og miljøforandring.

Status og utfordringar for idretten går m.a. fram av St.meld. nr. 14 (1999–2000) «Idrettslivet i endring», som tek for seg staten sitt forhold til idrett og fysisk aktivitet. Meldinga vart behandla i Stortinget februar 2001, jf. Innst. S. nr. 147 (2000–2001). Visjonen for idrettspolitikken er «idrett og fysisk aktivitet for alle» og friluftslivet høyrer her heime under omgrepet fysisk aktivitet. Den siste idrettsmeldinga er med på å forsterke og synleggjere dei positive banda, og Miljøverndepartementet sluttar opp om hovudbodskapen i idrettsmeldinga. Særleg er det grunn til å trekkje fram meldinga si understreking av at «naturen er den viktigste arena for fysisk utfoldelse» og den felles målsetjinga ein har i å leggje til rette for fysisk aktivitet for alle målgrupper, især barn og unge. Kulturdepartementet har signalisert at satsinga på nærmiljøanlegg vil kunne bli utvida frå 50 til 100 mill. kr. på noko sikt. Dette vil likevel avhenge av at talet på søknader til denne type anlegg veks. Enkelte typar anlegg med høgt brukspotensial, spesielt i forhold til barn og ungdom, vil bli prioriterte ved at tilskotssatsane blir auka. Dette gjeld òg typar anlegg som gjer det mogleg å drive eigenorganisert fysisk aktivitet.

Regjeringa fordeler årleg omlag 800 mill. kr. av spelemiddeloverskotet til idretten, likeleg fordelt mellom anlegg på den eine sida og aktivitet/informasjon/forsking m.m. på den andre. Av den siste idrettsmeldinga går det fram at ca. 2   % av den totale fordelinga av anleggsmidlar dei siste 10 åra har gått til friluftsliv. For at kommunane skal kunne søkje om spelemidlar til anlegg og område for idrett og friluftsliv, har staten sett krav om særskilde kommunedelplanar for dette føremålet. Dette for at anleggsutbygginga skal bli underkasta klare behovsvurderingar i forhold til samfunns- og idrettspolitiske mål. Planane skal vidare medverke til å unngå at prioriteringar skjer ut frå kortsiktige behov og på bakgrunn av press frå særinteresser. Gjennom brei medverknad i prosessen tek ein sikte på at m.a. friluftslivet sine interesser skal bli rettmessig tilgodesett.

I Kulturdepartementet sin nye vegleiar «Kommunal planlegging for idrett og fysisk aktivitet» går friluftslivet inn under omgrepet fysisk aktivitet og vegleiaren legg auka vekt på planprosessen. Kulturdepartementet meiner m.a. at anleggsplanane bør utvidast til også å omfatte aktivitetspolitiske mål for kommunen, at samanhengen med andre kommunale planar blir lagt vekt på, at medverknaden og samordninga blir styrkt, at framtidig aktivitetsutvikling, etterspørsel og arealbehov fangast opp og at fysisk aktivitet, under dette friluftsliv må vektleggjast sterkare i arbeidet med anleggsdelen. Miljøverndepartementet vurderer vegleiaren som eit godt, felles verktøy for å ta vare på omsynet til friluftsliv og annan utandørs fysisk aktivitet i kommunal samanheng.

På lokalplanet blir ofte grensene mellom idrett og friluftsliv viska ut. Føremålet med eit anleggs- eller aktivitetstiltak kan vere å leggje til rette for fysisk aktivitet og alminneleg trivsel, og alt frå idrettslag, via friluftslivsorganisasjonar og til velforeiningar, sanitetsforeiningar eller Rotary-lag kan vere initiativtakarar. Friluftslivet sine gode kan vere til stor nytte for idretten, så som allemannsretten, stigar/løyper, dagstur- og overnattingshytter, infotavler m.m. På same måten vil idretten sine tilbod, så som turkart, lysløyper, parkerings- og garderobeanlegg m.m. fremje friluftslivet. Tre av idretten sine organisasjonar har jamvel også medlemskap i Friluftslivets fellesorganisasjon av di dei kjenner seg heime i begge leirane. På denne bakgrunnen vil ein oppmode idretts- og friluftslivsorganisasjonane til eit nærare samarbeid på kommunalt nivå.

Figur 9.2 Fysisk aktivitet blir utøvd i grenselandet mellom
 idrett, friluftsliv og leik.

Figur 9.2 Fysisk aktivitet blir utøvd i grenselandet mellom idrett, friluftsliv og leik.

Kjelde: Ny utgåve av fig. 4.1 i St.meld. nr. 41 (1991–92) «Om idretten».

Figur 9.3 Fysisk aktivitet i organisatorisk samanheng (befolkninga over
 15 år).

Figur 9.3 Fysisk aktivitet i organisatorisk samanheng (befolkninga over 15 år).

Kjelde: Norsk Monitor, MMI

Friluftslivspolitikken har eit miljøpolitisk føremål. Naturopplevingar er med på å skape auka kunnskap om, interesse og engasjement for å ta vare på den norske natur- og kulturarven. Eigeorganisert friluftsliv og fysisk aktivitet i naturen er òg ein viktig del av idretten. Dette går m.a. fram av ei undersøking gjort i Nordland der 56   % av dei spurte svarar at deira fysiske aktivitet er uorganisert mosjon, mens berre 11   % driv organisert mosjon i regi av idrettslag eller liknande. Til saman 59   % av dei spurte svarar at dei driv fysisk aktivitet anten berre ute eller både inne og ute. Berre 11   % driv fysisk aktivitet for det meste innandørs og berre 1   % svarar at betre og fleire idrettsanlegg er det som skal til for at dei skal bli meir aktive.

Friluftslivet og idretten har ikkje berre fellesnemnarar, men òg i enkelte tilfelle konfliktar. Særleg gjeld dette i dei tilfella der idretten skader eller reduserer viktige miljøkvalitetar av verdi for friluftslivet eller fysisk er til hinder for friluftslivet sine aktivitetar. Dette kan mellom anna gjelde etablering av anlegg for større, arealkrevjande eller støyande idrettar som til dømes golf, motorsport, skyting, anleggskrevjande alpinidrettar, og i noko grad ved bygging av breie skiløyper av tekniske omsyn eller av omsyn til media.

Figur 9.4 Driv nordlendingen fysisk aktivitet ute eller inne?

Figur 9.4 Driv nordlendingen fysisk aktivitet ute eller inne?

Kjelde: Polarfakta A/S og Nordland fylkeskommune

Det kan vere naudsynt å regulere dei former for bruk av naturen til idrett og sport som anten legg beslag på store areal, krev omfattande tilrettelegging/naturinngrep, er årsak til mykje støy eller på andre måtar er til sjenanse for friluftslivsutøvarar, grunneigarar eller andre brukarar av naturen eller som er til skade for naturen, kulturminne og/eller kulturmiljø. I mange tilfelle vil truleg desse konfliktane kunne løysast gjennom betre planlegging, samarbeid og dialog om t.d. plassering og bruk av anlegga. Her blir det ei oppgåve å behalde dei positive effektane slike aktivitetar fører med seg samstundes som ein søkjer å minimalisere dei negative effektane.

For at norsk idrett skal medverke til å nå nasjonale miljømål og krav til estetikk, har Kulturdepartementet m.a. gitt ut ein vegleiar for bygging og rehabilitering av idrettsanlegg. Idretten sjølv har sett miljø på dagsordenen gjennom sitt tingvedtak i 1994 om å vere ein «foregangsorganisasjon» på feltet, og eit arbeid er i gang med å utvikle ein «Agenda 21» for idretten. Utfordringa om betre samarbeid og sambruk rettar seg både mot idretts- og friluftslivsorganisasjonane, men staten og kommunane kan òg stimulere til konfliktløysing og alliansebygging på dette området.

Statens råd for ernæring og fysisk aktivitet (SEF) er eit kompetanse- og forvaltningsorgan under Sosial- og helsedepartementet i spørsmål som gjeld ernæring, fysisk aktivitet og helse. Hovudoppgåva deira er å gi faglege råd og vurderingar til m.a. offentlege styresmakter, forskingsmiljø, helse- og sosialtenesta, skuleverket, arbeidslivet, frivillige organisasjonar, media og forbrukarane. Rådet sitt ansvar for fysisk aktivitet er av nyare dato og SEF består no av to fagråd – eit for ernæring og eit for fysisk aktivitet. Miljøverndepartementet vil etablere eit langsiktig, strategisk samarbeid med SEF om m.a. forsking, overvaking, kunnskapsformidling og stimulering til auka fysisk aktivitet i naturen. I det operative arbeidet vil ein trekkje inn dei frivillige organisasjonane (Sjå også kap. 4.5). Eit framtidig trekantsamarbeid der også idretten har ein naturleg plass, har eit stort potensial for meir samordna og målretta ressursbruk og forenkla ordningar, rutinar og dialog med brukarane.

9.4.2 Motorisert ferdsel

Løyve til å nytte motoriserte hjelpemiddel kan gjere naturopplevingar tilgjengelege for personar som elles ikkje vil vere i stand til å ta seg fram i naturen. Aukande fritidsbruk av motoriserte hjelpemiddel inneber likevel ei utvikling med negative konsekvensar for befolkninga si helse og for ei berekraftig utvikling; ei utvikling i retning av ein stadig meir passiv livsstil med lite fysisk aktivitet og bruk av ikkje fornybare ressursar framfor muskelkraft. Samstundes skapar motorisert ferdsel støy og kjem derfor i konflikt med dei viktigaste kvalitetane ved friluftslivet som er fred og ro.

Størst konflikt er knytt til bruk av motorkøyretøy som snøscooter og til dels fly og helikopter i dei store samanhengande (inngrepsfrie) naturområda og i dei by- og tettstadsnære markaområda. Konflikten er størst her fordi fred og ro har større verdi dess meir urørt eit område er. Motorbåtane er blitt fleire og større og med stadig større motorar. Med dette er òg motorbåten i ferd med å bli ein trussel mot naturen og andre delar av friluftslivet og då særleg i områda rundt Oslo og langs Sørlandskysten. Det er grunn til å følgje denne utviklinga nøye.

Utfordringane knytt til bruk av motorkøyretøy, motorfartøy langs kysten og bruk av helikopter og småfly er eit komplekst problem som det er avgjerande at ein finn gode løysingar på både av omsyn til naturvern og friluftsliv.

9.4.2.1 Bruk av motorkøyretøy

På same måte som visse former for risikofylt friluftsliv er det, kan truleg «leik» med snøscooter representere ein viktig alternativ aktivitet for ungdom som søkjer spenning. Det er i så fall viktig å leggje til rette for at slik aktivitet kan gå føre seg innanfor avgrensa område der det i minst mogleg grad kjem i konflikt med friluftsliv og andre interesser. Både snøscooteren og barmarkskøyretøy er òg nyttereiskap som er viktig for mange føremål.

Når bruk av motorkøyretøy i utmark likevel må karakteriserast som ein stor miljøtrussel, er dette eit resultat av den samla verknaden av barmarkskøyring og snøscooterkøyring til fritidsbruk. Situasjonen i dag er at meir og mindre lovleg køyring går føre seg over store område og at bruk av motorkøyretøy har utvikla seg til eit problem på fleire område. Både slitasje, ureining og støy fører til konflikt med utøvarar av friluftsliv. Norsk natur er ikkje lenger ein fristad der ein kan vente å finne ro og stille, og søkje rekreasjon frå støy og mas i kvardagen. Kvardagen er i ferd med å flytte inn i fjellet. Dette er særleg ottefullt når ein ser det i forhold til at ro og fred er dei kvalitetane ved friluftslivet som utøvarane legg mest vekt på. I ei fersk undersøking frå Norsk Gallup kjem det fram at berre 4   % av dei spurde er «heilt samde» og 10 % «ganske samde» i at det bør bli lettare å få løyve til å bruke motorkøyretøy i norsk utmark. 55   % er «heilt usamde» i ein slik påstand.

Motorferdsla er negativ også av omsyn til dyrelivet. Terrengkøyretøy har stor aksjonsradius. Område som før var vanskelege å nå blir i dag lett tilgjengelege for jakt, fiske og generell forstyrring. Dyr har ikkje høve til å trekkje seg unna for å vere i fred i sårbare periodar. Dette verkar negativt inn mellom anna på reproduksjonen av sårbare arter.

Då St. meld. nr. 40 (1986–87) «Om friluftsliv» vart lagt fram, var den nasjonale forskrifta for bruk av motorkøyretøy i utmark og på vassdrag framleis under førebuing. Ein ønskte eit verktøy for å handtere den stadige auken i talet på terrenggåande køyretøy i Noreg. I åra som har gått sidan forskrifta vart sett i verk har miljøforvaltninga hausta erfaringar med korleis regelverket har fungert. I dag veit vi at regelverket blir praktisert svært forskjellig frå kommune til kommune. Nokre kommunar har ei restriktiv haldning til motorferdsel generelt, mens andre tøyer regelverket så langt det går og til dels lenger. Meir enn 20 års erfaring med motorferdsellova og 13 år med den nasjonale forskrifta, viser at ein både må endre det eksisterande regelverket og samtidig innføre nye grep i motorferdselpolitikken. I ein slik prosess må ein halde fast ved prinsippet om at motorferdsel i utmark i utgangspunktet ikkje er tillate. Det er sett i gang eit forsøksprosjekt med planstyrt motorferdselforvaltning i åtte kommunar. Desse kommunane skal gjennom planprosessar klarleggje areal der m.a. miljøhensyn knytte til biologisk mangfald og friluftslivet sine krav til fred og ro, tilseier at det ikkje skal vere motorferdsel. Det skal òg klarleggjast areal der det ut frå lokale interesser og vurderingar kan tillatast motorferdsel i løyper. Det er i denne samanhengen svært viktig å avgrense køyring på barmark så mykje som mogeleg. Dette prosjektet er nærare gjort greie for i St. meld. nr. 24 (2000–2001) «Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand», avsnitt 3.3.6.

9.4.2.2 Bruk av motorfartøy

Bruk av motorbåt er for mange eit viktig utgangspunkt for å drive friluftsliv. Motorbåttrafikken er òg viktigare for framkomsten til sjøs enn det motorferdsel utanfor veg er på land. Motorbåttrafikken til sjøs har dessutan ein lengre tradisjon bak seg. Ein motorbåt som går langt frå land vil òg vere til langt mindre ulempe både for friluftsliv og naturmiljø enn eit motorkøyretøy i eit større samanhengande naturområde. Motorbåten har ofte fleire funksjonar, der bruken som transportmiddel frå stad til stad ofte skjer i kortare periodar. Mange fritidsbåtar har ein funksjon som «hytte på sjøen», der opphald i båten ved bryggje eller fortøying utgjer ein viktig del av bruken.

Desse forskjellane gjer likevel ikkje at motorferdsel til sjøs er problemfritt. Særleg i Oslofjorden og langs sørlandskysten er ferdsel med motorbåt blitt så omfattande i sommarhalvåret at det går ut over naturmiljøet, friluftslivsutøvinga på land og ikkje minst båtfolket sjølv. I enkelte tilfelle vil det omfattande båtlivet også gå ut over viltet, især sjøfuglane. Dette gjeld særleg i helgane og i fellesferien då ferdsla er størst. Det omfattande båtlivet skaper støy, ureining og avfallsproblem. Mange motorbåtar har store motorar med dårleg støyskjerming og støyen blir forsterka ved at mange båtar er snøggåande.

Det bør leggjast til rette for at meir av sjøfriluftslivet kan bli ikkje-motorisert. Dette vil redusere støyen og auke trivselen for andre utøvarar. Til dømes er det vedteke eit generelt forbod mot bruk av vannscooter, med heimel i eit nytt kapittel i lov om fritids- og småbåtar. Ansvaret for desse reglane ligg hos miljøvernstyresmaktene. Forbodet trådte i kraft 01.01.2001 og kommunane kan, dersom dei ønskjer det, leggje ut enkeltområder for slik motorsport der det ikkje belastar miljøet. Det er sterkt ønskeleg at eit forslag om å leggje ut slike område blir kopla til kommunale planprosessar i tråd med plan- og bygningslova. Med dette meiner ein å ha tatt kontroll over utviklinga på dette feltet, slik våre naboland har gjort.

Prosjektet «Kystleden» er òg eit steg i rett retning, der ein baserer ferdsla på ikkje motoriserte båtar og gjennom tilrettelegging stimulerer til slik utøving av friluftsliv. Den delen av ferdsel på vatn som inneber segling, roing og padling har dessutan eit helseaspekt. Regjeringa ønskjer å medverke til å vidareføre dette prosjektet. Kulturdepartementet vil sjå nærare på om ulike former for tilrettelegging langs kystleia i større grad kan falle inn under spelemiddelordninga.

I tillegg til slike positive tiltak er det naudsynt med andre tiltak dersom ein skal oppnå betringar for friluftslivet langs kysten. Fartsgrenser og strengare støyrestriksjonar for fritidsbåtar er aktuelle tiltak. Tilsvarande kan det vere aktuelt å vurdere former for soneinndeling av sjøområda.

9.4.2.3 Helikopter og flytrafikk

Det er grunn til å sjå alvorleg på ei utvikling i retning av at sentrale friluftsområde og viktige nærrekreasjonsområde blir utsette for aukande støy også frå flytrafikk.

I Oppland er turkøyring med helikopter og fly ein aktivitet i sterk utvikling. Turflyginga skjer ofte over populære friluftsområde i høgsesongane og er til stor sjenanse for det tradisjonelle friluftslivet. For delar av Oslomarka har hovudflyplassen på Gardermoen medført eit sterkt sjenerande «støyteppe».

Regelverket for motorisert ferdsel i utmark og på vassdrag inneheld ikkje heimel for å regulere sjølve flyginga, men berre start og landing. Særleg når det gjeld flyging i samband med fritid og reiseliv er dette problematisk. Dette er ein mangel ved det eksisterande regelverket.

I eit framtidig endra regelverk bør det vere mogleg å forby overflyging i låg høgd av område der fred og ro har særskilt stor verdi for friluftslivet. Dette vil særleg gjelde dei store samanhengande naturområda og dei by- og tettstadsnære markaområda, men òg hytteområde og område med stor verdi i turisme- og feriesamanheng.

9.4.3 Hytter

For svært mange representerer hytta eit utgangspunkt for friluftsliv. Samstundes representerer dei inngrep i naturen og dei legg beslag på areal. Slik sett er dei negative for friluftslivet. Norsk institutt for naturforsking har i fleire prosjekt dokumentert alvorlege konsekvensar av hyttebygging på både tam- og villrein. Undersøkingar i Finnmark, Rondane og Nordfjella viser at til dels store område går tapt som leveområde for reinsdyra som følgje av hyttefelt og den ferdsla dei fører til. I ein større miljøsamanheng er òg auka transport og energiforbruk, vatn, avløp og renovasjon, landskapsbilete og estetikk faktorar som må vurderast i ein framtidig, miljøtilpassa hyttepolitikk.

Dei seinaste åra har vist auka tilrettelegging og utbygging for friluftsliv tilknytt hytter. Dei fleste hyttene er på fjellet og langs kysten, og det er her utbygginga gir mest synlege inngrep. Mens hyttene på 50- og 60-talet var små, gjerne utan straum og eit godt stykke frå bilveg, har ein relativt stor del av nybygde hytter på 90-talet heilårsstandard og vinterveg. Framleis er dei fleste av hyttene i Noreg relativt små og enkle, men det er ein klar trend til endring på dette området. Hyttefelt med tilknytt infrastruktur legg beslag på større areal og ressursar, til mogleg fortrengsel for andre grupper av friluftslivutøvarar. Hytta har for mange sin del gått frå å vere ein enkel fritidsbustad til å bli ein bustad nr 2, med full standard som heime – veg til døra, straum og moderne hjelpemiddel som vaskemaskin og oppvaskmaskin. Problema dette reiser i forhold til friluftsliv er først og fremst om hyttebygginga legg beslag på så store areal eller krev så mykje tilrettelegging at det er til fortrengsel for andre turgåarar. Område med hyttelandsbyar framstår i stor grad som privatiserte, der ein ikkje utan vidare går mellom husa. Dei gir også opphav til konfliktar, mellom anna i forhold til beite, friluftsliv, jakt og fiske.

Det blir framleis planlagt storstilt hyttebygging i mange fjellområde. Det er kommunane som har ansvaret for arealplanlegginga, og dei må i den overordna kommuneplanlegging vurdere behovet for nye hytteområde. Hyttebygging bør òg vere eit viktig tema i fylkesplanlegginga. I enkelte kommunar er bygging og vedlikehald av hytter ei viktig næring. Grunneigarane har inntekter frå tomter, lokale handverkarar frå bygging og installasjon, næringslivet elles frå å levere varer og tenester. Hytteutbygginga er også til dels kopla til reiselivet, gjennom at det blir bygd hytter nær til dømes alpinanlegg. Idealet om ei enkel hytte langt frå folk er forlate for mange. I Oppland, det største hyttefylket i landet føre Buskerud, er hyttenæringa viktig i mange kommunar.

Førre stortingsmelding om friluftslivet gikk inn for at alle som ønskte det skulle kunne eige eller disponere ei hytte. Samtidig peikte den på ein del av desse problema. Utviklinga i retning av hytta som heilårsbustad, den høge standarden, energiforbruket og storleiken på hytter i enkelte område, vart likevel ikkje føresett.

Utfordringane knytt til utviklinga kring hytter, hyttestandard og hyttestorleik, areal- og energibruk gjer at det trengst ein miljøtilpassa hyttepolitikk som er langt meir nyansert enn den som vart formulert i førre stortingsmelding. Ein slik politikk bør utviklast gjennom ein brei debatt og i samarbeid med lokale styresmakter. Miljøverndepartementet har allereie sett i gang eit arbeid med sikte på å betre kunnskapsgrunnlaget om hytter, mellom anna knytt til arealbruk og energibruk. Det er behov for å gi kommunane betre verktøy for å sikre meir miljøeffektiv energibruk. Spørsmålet om moglege endringar i plan- og bygningslova med sikte på det, vil bli teke opp i neste utgreiing frå Planlovutvalet.

9.5 Regjeringa vil

  • følgje opp tilrådingane i rapporten om ansvarsforhold ved førebygging av ulykker ved uorganisert friluftsliv

  • tilretteleggje og forvalte biologisk mangfald, kulturlandskap og kulturminne som verdiar for utøvarane av friluftsliv på ein slik måte at ein tek vare på desse verdiane

  • vidareutvikle SNO og deira rolle med sikte på å gi betre informasjon og vegleiing til brukarane for med det å ta betre omsyn til sårbare natur- og kulturverdiar

  • gjennomgå vernevedtektene i aktuelle barskogreservat med sikte på å fjerne restriksjonar for friluftsliv som ikkje er naudsynte ut frå verneføremålet

  • vidareføre arbeidet ein har starta opp m.a. i Rondane for å kanalisere ferdsel utanom sårbare villreinområde

  • ta initiativ til at det blir nedsett ein felles arbeidsgruppe for å sjå nærare på konkrete tiltak og tilbod som kan utviklast for å imøtekomme funksjonshemma sine ønske om tilrettelegging og aktivitetar i norsk natur generelt og innanfor verneområde spesielt

  • sjå nærare på om ein gjennom forvaltningsplanar for dei større verneområda kan leggje betre til rette for funksjonshemma i enkelte delområde

  • at sektorane, mellom anna i samband med utarbeiding av miljøhandlingsplanar, tek ansvar for utfordringane knytt til bruken av motoriserte fritidsfartøy langs kysten og bruken av fly til fritids- og reiselivsføremål

  • medverke til vidareføring av kystleiprosjektet

  • vidareføre arbeidet med ei prøveordning for motorisert ferdsel i utmark

  • på grunnlag av prøveordninga gjere ei samla vurdering og foreslå naudsynte endringar i regelverket for motorisert ferdsel i ei kommande RM

  • i samband med prøveordninga for bruk av motorkøyretøy i utmark og seinare i samband med innføring av endra regelverk, styrkje SNO og anna oppsyn, under dette politiet sitt motorferdseloppsyn med sikte på å få redusert omfanget av ulovleg motorisert ferdsel

  • syte for at utbygging av private hytter og turistanlegg i fjellet og langs kysten går føre seg på ein miljøtilpassa måte, og ikkje kjem i konflikt med friluftslivet sine interesser

  • gjennom auka kunnskapsgrunnlag og samarbeid med lokale styresmakter utvikle ein miljøtilpassa hyttepolitikk.

Til forsida