St.meld. nr. 39 (2000-2001)

Friluftsliv— Ein veg til høgare livskvalitet

Til innhaldsliste

4 Livskvalitet og helse

4.1 Livskvalitet på mange vis

Det å utøve friluftsliv har nytteverdiar og verdiar i seg sjølv – både for heile samfunnet og for det enkelte menneske. Friluftslivet gjer oss glade , og vi trivst med det. Vi driv ikkje primært med friluftsliv fordi vi blir miljømedvitne eller får betre helse. Slike nytteverdiar er viktige element i ein politikk for friluftsliv, men vil aldri aleine kunne freiste den enkelte til aktivitet. I arbeidet med motivasjon og stimulering er det derfor avgjerande at ein m.a. legg vekt på lyst, glede, velvære, ro, miljøforandring og naturoppleving.

Figur 4.1 Det er mange grunnar til at folk går på tur.

Figur 4.1 Det er mange grunnar til at folk går på tur.

Kjelde: Ola Vaagbø/FRIFO

I «Friluftslivets år» 1993 vart det gjennomført ei større spørjeundersøking om det norske folk sine friluftsvanar og naturverdiar. Her vart det spurt om ulike grunnar for turgåing og kva grunnar folk såg på som viktige, jf. figur 4.1. Undersøkinga viser at det folk først og fremst søkjer når dei driv friluftsliv er fred og ro . Det å «komme ut i frisk natur, vekk fra støy og forurensning» og å «oppleve naturens stillhet og fred» vart rangert som dei to viktigaste grunnane for å drive friluftsliv. Desse grunnane vart vurderte som viktige av nærare 90 % av dei som vart spurte.

For å oppretthalde friluftslivet som ein positiv verdi i samfunnet er det særleg grunn til å leggje vekt på kvalitetar som fred og ro. Samstundes er det svært mange andre element ved friluftslivet som gir livskvalitet som sjølvstendige faktorar, i kombinasjon med kvarandre og i kombinasjon med fred og ro. Ein fritidsfiskar finn sjelebot ved å sitje i timevis og vakte duppen sitt liv på vatnet, mens undomsgjengen vektlegg meistring av dristige kunstar på snowboard og samhald rundt leirbålet.

Naturopplevingar er sjølve kjernen i friluftslivet og inneheld opplevingar knytt til både blomster og tre, fugle- og dyreliv, vatn, smak, lyd og luktopplevingar, og til vekslingar i naturen gjennom året. Naturen har evne til å overraske , og ein kan bli like gledeleg overraska over den same opplevinga kvar vår, uvisst av kva grunn. Det finst ikkje ei rasjonell forklaring, heller ikkje på verdien av å sanse at skogen er uendeleg stor, har sjel og mystikk . Det er eit utal av kvalitetar knytt til naturen. Kvar av kvalitetane har ulik verdi for den enkelte og mangfaldet gjer at så godt som alle finn noko ved naturen som lokkar ein ut. Naturen er òg ein verdifull arena for fysisk aktivitet der ein kan kombinere aktivitet med naturopplevingar. Undersøkingar viser òg at naturen og naturelement har verdi for dei som ikkje ferdast i naturen, men berre kan oppleve den på avstand.

Skog, fjell og kyst har vore i allsidig bruk opp gjennom tidene, og den kulturhistoriske dimensjonen i landskapet er ein viktig ressurs for oppleving i samband med friluftslivet. Bruksformene har endra seg, og kvar periode har utvikla og prega landskapet på sin måte. Gamle ferdslevegar er kanskje av dei elementa som er særleg viktige for friluftslivet. Dei har eigenverdi som kulturminne samstundes som dei sikrar tilgjenge til friluftsområde. Kulturspor gir informasjon om historia og har verdi for identitet .

Friluftsliv representerer på mange vis ei motvekt til det teknologiske, støyande, forureinande samfunnet der tidspress og stress er nøkkelord. Om ein går tur i marka eller på fjellet har ein frivillig valt å gjere noko som tek lang tid, som gir heilt andre lukte-, lyd- og synsinntrykk enn trafikken i byen, som berre set krav til eiga muskelkraft – og ein kan gå på stader der signala til mobiltelefonen ikkje når fram. Det er ei utfordring å sikre friluftslivet og friluftslivet sitt natur- og kulturgrunnlag, som ei motvekt til dei stressande elementa i kvardagen. Samstundes er det ei utfordring å gjere friluftslivet med eit rolegare tempo, naturopplevingar, fred og ro til ein del av kvardagslivet.

Livskvalitet er for dei fleste knytt til samvær med familie og venner og gjerne til aktivitetar ein kan delta i saman. Friluftsliv kan vere ein slik aktivitet. Samstundes er friluftsliv ei kjelde til einsemd og ettertanke for den som vel å gå aleine. Mange gjer det.

Å hauste av naturen er eit av dei opphavlege grunnlaga for friluftslivet og ein viktig del av norsk kultur. Framleis er det å fiske og jakte, plukke bær og sopp for mange viktige grunnar for å drive friluftsliv. Det er viktig fordi det representerer matauk , men først og fremst fordi det er ei oppleving i seg sjølv å finne fram til dei beste bærstadene, å lure den største fisken på kroken, å lære forskjellen på matsopp og giftsopp eller å meistre kunsten å treffe det ein skyt på. Haustingsfriluftslivet er òg spennande fordi ein gjerne går utanom allfarveg og aldri veit på førehand kva for fangst ein får.

Friluftsliv er for svært mange synonymt med å gå tur . Nordmenn finn glede i, og går på tur på mange vis. Dei går på tur i nærmiljøet, i skogen, langs stranda og på fjellet. Dei går på tur til fots, på ski og på skøyter. Om lag 90 % av befolkninga går på tur ein eller fleire gonger i året.

Friluftslivet sin store verdi for livskvalitet er på mange vis knytt til mangfaldet av aktivitetar ein kan drive med. Kvar og ein finn ein eller fleire aktivitetar som blir positive innslag i eige liv og som ikkje set store krav til investeringar verken i tid eller pengar. Å sikre at framtida inneheld moglege val mellom eit mangfald av friluftsaktivitetar både i kvardag og fritid, vil ha svært stor verdi for befolkninga sin livskvalitet.

4.2 Barn treng utfordringar i natur

4.2.1 Behovet for utfordringar

Undersøkingar i barnehagar viser at opne barnehagar med naturinnslag gir ungane betre motorikk og styrke og betre psykososial tilpassing med mindre aggresjon. Dei blir òg meir uthaldande. Når barn hoppar ned frå steinar, rullar rundt på bakken og klatrar i trea, byggjer hjernen modellar av både omgivnadene og av barna sjølve. Dess meir allsidig barn leikar, dess fleire program får hjernen – dess rikare blir programvara. Dette er i seg sjølv ei kjelde til glede, men vil også vere ein ressurs seinare i livet.

I tillegg til desse forskingsresultata viser ei lang rekkje friluftsprosjekt i norske barnehagar tilsvarande resultat. Frå fleire av prosjekta blir det peikt på at barn som anten er valdelege, ikkje er med i leiken eller på andre måtar fell utanfor i tradisjonelle inneaktivitetar, får ei heilt anna og langt meir positiv utvikling når ein flyttar aktivitetane ut. Utsegner frå barna viser òg heilt tydeleg at dei trivst med å vere ute. Leik i naturen er òg ofte knytt til situasjonar der dei ikkje får delt opp dagen i korte økter, men får fred, ro og høve til å leike den same leiken over lengre tid. Dette kan ha stor verdi i ei tid der tidspress og stress òg er i ferd med å nå barna sin kvardag. Dei blir meir kreative og meir sjølvstendige. Ein ser langt færre konfliktar når barna leiker ute, og dei blir flinkare til å hjelpe kvarandre.

Naturen byr på opplevingar for hørsel, luktesans og smakssans. Den har varme og kulde, den er til å ta og føle på. Naturen gir eit mangfald av sanseinntrykk.

4.2.2 Behovet for tryggleik

Barn som får høve til å ferdast i naturen får mange gode og spennande naturopplevingar og dei utviklar gode motoriske evner. Minst like viktig er at dei gjennom eigne erfaringar lærer om utfordringar og farar. Truleg er det sunt og viktig at barn iblant plumpar og blir våte, skrubbar seg og blør, får nokre blåmerke, eller opplever å vere svolten eller å fryse litt. Det gir erfaringar som er viktige å ha med seg. Dei utviklar evner til å vurdere farar og utfordringar, noko som medverkar til å førebyggje meir alvorlege ulykker. Barn toler meir enn vi trur, t.d. når det gjeld fall frå høgder og liknande.

Nyare undersøkingar viser at herding i barneåra er viktig for å kunne takle stress og motgang i vaksen alder. Ei spansk undersøking viser at TV-barna er mest utsette for ulykker. Når ein sit mykje inne, mister ein sjansen til å utvikle den dugleik ein må ha for å klare seg ute. Norske undersøkingar viser òg at barn må eksponerast for utfordringar for å lære seg meistring og kontroll. I vårt samfunn er det mange barn som ikkje får høve til dette, noko som m.a. kan skuldast det fokus samfunnet set på tryggleik og kontroll. I aukande grad har kontroll, styring og tryggleik blitt stikkord, ikkje berre i skule og arbeidsliv, men òg i privatlivet. Eit sentralt mål har vore å redusere talet på skadar og ulykker. Det er viktig at barn lærar seg eigen kontroll og at den ytre kontrollen ikkje hindrar dei å gjere sine eigne erfaringar.

Utfordringa blir å syte for at tryggleikskrava ikkje gjer det vanskelegare for barna å utfalde seg. Særleg gjeld dette i barnehagar, skular og andre samanhengar der personalet har ansvar for tryggleiken til barn som ikkje er deira eigne. Barne- og familiedepartementet sette hausten 2000 i gang ein prosess for evaluering av føresegner om tryggleiken ved leikeplassar. Fordi konsekvensane kan bli så store dersom noko går galt, kan grensene for kva som er tillate bli snevre og strenge. Faren for søksmål og oppslag i media aukar utfordringa knytt til å la barna få høve til leik og opplevingar i naturen. Samstundes kan manglande lokal prioritering av barn sine fysiske oppvekstkår også ha store konsekvensar for deira høve til å utfalde seg. Vektlegging av barn sine behov i arealplanspørsmål og høve til vedlikehald, opprusting og vidareutvikling av skular, barnehagar, leikeplassar m.m. vil ha innverknad på deira fysiske aktivitet og meistringsevne. Det er svært viktig å sikre barna høve til å utfalde seg slik det er slått fast i handlingsplan for førebygging av ulykker i heim, skule og fritid. Her heiter det m.a. at det «er ikke ønskelig å hindre barn i å utfolde seg» og at «virkemidler for å forebygge ulykker må ikke passivisere målgruppen».

Foreldre ønskjer å gi barna sine utfordringar, men mangel på kunnskap og erfaring kan gjere at dei ikkje let barna utfalde seg. Det er derfor ein viktig strategi at ein i barnehagar og skular let barn få høve til å utvikle dugleik og erfaring, og at samfunnet spreier kunnskap om dei positive verknadene av at barn kan leike fritt i naturen.

4.3 Ungdom krev spenning

Ungdomstida er prega av opprør og eksperimentering. Ein kuttar banda til barndommen, men er enno ikkje vaksen. Det er ein fase der sterke opplevingar, nye stimuli og erfaringar med farar og risiko står på dagsordenen. Friluftslivet gir gode høve til å skaffe seg mange av dei utfordringar og den spenning ein ønskjer. Ein kan vandre på trygge stigar eller søkje bratte stup, ein kan ro på stille vatn eller padle ville elvestryk. Ein kan søkje stille og ro aleine, eller turfellesskapet i ein ekspedisjon. Vi veit at blant barn og unge finst det store skilnader med omsyn til kva slags stimulerings- og spenningsnivå dei ønskjer. Dei fleste finn vi midt på treet. Dei vil ha passe store, varierte utfordringar slik ein vanleg friluftstur sommar eller vinter kan gi. Andre vil ha mykje sterkare stimuli. I følgje Norsk Monitor, som er ei landsrepresentativ undersøking av befolkninga over 15 år, er omkring 15 % eller 85.000 av ungdommen heilt eller delvis samd i påstanden «Bare fordi det er spennende og risikofylt liker jeg av og til å gjøre ting som er farlig og forbudt». Endå fleire, omkring 23 %, er heilt samde i utsegna «Jeg er villig til å ta store sjanser for å få det ut av livet som jeg ønsker».

Innanfor ramma av eit mangfaldig friluftsliv kan alle finne høve til å utfalde seg, både dei som søkjer tryggleik og kontroll, og dei som søkjer dei store utfordringane. Status er likevel at mange unge ikkje finn friluftsliv attraktivt og spennande nok. Eit moment er at i ein lausriving- og opprørsfase er det mindre aktuelt å drive med aktivitet som har vore ein del av familie- og skulekvardagen. Truleg er det uutnytta høve knytt til det å utvikle og presentere det miljøvennlege friluftslivet slik at ungdom finn det attraktivt, t.d. ved å leggje vekt på dei sosiale rammene og opplevinga av identitet og det å høyre til. Samstundes er det truleg òg tilsvarande uutforska høve knytt til å gi ungdom god «naturleg rus» på ski i bratte fjellsider, på bre, under klatring og ved padling på elv, framfor å køyre grassat med bil, bruke narkotiske stoff eller drive med kriminalitet for spenninga si skuld. Erfaringar frå prosjekt med stoffmisbrukarar, kriminelle og ungdom med åtferdsproblem tyder på at friluftsliv i ulike variantar har positive kvalitetar både med tanke på førebygging og rehabilitering.

4.4 Friluftsliv og folkehelse

I eit samfunn som nyttar store ressursar på reparerande helsetiltak, er det ei utfordring å utforske og utnytte dei høva som friluftsliv og naturkontakt tilbyr på ein betre måte enn i dag. Det er i dag ei utbreidd oppfatning at helsearbeid ikkje lenger er eins med kamp mot livstrugande sjukdomar. Det er også ein kamp mot uheldige trekk ved samfunnsutviklinga. I ein rapport frå Verdas helseorganisasjon (WHO) i 1986 blir det slått fast at sjukdom med få unntak i prinsippet kan førebyggjast ved å endre forhold som livsstil og miljø.

Ved behandlinga av St.meld. nr. 37 (1992–93) «Utfordringer i helsefremmende og forebyggende arbeid», jf. Innst. S. nr. 118 (1993–94) vedtok eit samrøystes Storting følgjande fire hovudinnsatsområde på dette feltet framover:

  • Skadar etter ulykker

  • Psykososiale problem

  • Belastningslidingar

  • Astma, allergi og inneklimasjukdomar.

4.4.1 Dokumenterte samanhengar

Verdas helseorganisasjon sitt helseomgrep omfattar kroppsleg, sjeleleg og sosialt velvære. Friluftsliv er viktig i høve til alle desse elementa, og samanhengen kan framstillast skjematisk som i tab. 4.1.

Boks 4.1 Prosjekt FRI-NAT – Vang i Valdres

Prosjekt friluftsliv & natur, FRI-NAT, jobbar med elevane sin dugleik, kunnskap og haldningar til naturen. Ved å vere i naturen, oppleve naturen og synast om naturen, lærer elevane m.a. å oppdage og følgje med i naturen og dermed utviklar dei dugleik som aktive friluftslivsmenneske.Ved å tileigne seg kunnskap skal elevane få grunnlag til å forstå samanhengar i naturen og få kjennskap til korleis menneska påverkar han. Prosessen med dugleik og kunnskap medverkar til at elevane blir medvitne om sine eigne haldningar til naturen, og dei får eit medvite forhold til miljøvernspørsmål og om korleis dei sjølve blir påverka og korleis dei kan påverke andre.

Forsking viser at dei fleste vaksne sitt syn på/haldningar til natur byggjer på deira eigne opplevingar i naturen, og at dei opplevingane som hadde vore viktigast for dei, hadde funne stad i barndommen, og nesten alltid saman med foreldre eller andre vaksne som dei hadde nær tilknyting til. Det arbeidet vi gjer med barna i forhold til naturen er haldningsskapande arbeid. Dette kan sjåast på som grunnleggjande natur- og miljøvernarbeid. Denne forståinga, der ein kan seie at «sanseinntrykk er føde for hjernen», er idegrunnlaget for prosjektet. Det er stor forskjell på å vere ute og inne med tanke på den sansepåverknaden barna blir utsette for. Lydbølgjer,

lukter, muskelaktivitet og tyngdekraft er døme på sanseinntrykk. Hjernen organiserer sanseinntrykka til ein heilskap. Erfaring viser at aktivitetar i naturen medverkar til betre meistring for mange av dei innebaserte lærings-prosessane.

L-97 medverka til å opne opp for realiseringa av vårt prosjekt. Vi siterer frå s. 46, om det miljømedvitne menneske: «Samspillet mellom økonomi, økologi og teknologi stiller vår tid overfor særlige kunnskapsmessige og moralske utfordringer for å sikre en bærekraftig utvikling. Opplæringen må følgelig gi bred kunnskap om sammenhengene i naturen og om samspillet mellom menneske og natur».

I tråd med L-97 har FRI-NAT som mål å gi elevane opplevingar i naturen og lære dei om samspelet mellom menneske og natur før og no. Vi legg vekt på at dei skal få tilbod om naturbaserte aktivitetar som er nye for dei fleste, som isklatring, skisegling, rafting osb. og som gir dei nye meistringsutfordringar. Elevane skal tileigne seg dugleik til å ta vare på seg sjølve i naturen, utvikle omsorg for naturmiljøet og lære seg å ta ansvar for kvarandre. Etter nokre års prosjektfase med svært gode resultat og stor begeistring frå elevane si side, er FRI-NAT no gjort om til ein permanent del av undervisningstilbodet på Vang barne- og ungdomsskule.

Friluftslivet sin innverknad på kroppsleg velvære er i første rekkje eit resultat av den fysiske aktiviteten som er knytt til dei aller fleste former for friluftsliv. Nyare undersøkingar tyder på at det skal mindre fysisk aktivitet til for å gi positive helseeffektar enn ein tidlegare har trudd. Det er sterke haldepunkt for at det å vere moderat fysisk aktiv , som å gå daglege turar, sykle til og frå jobben m.v., er nok til å oppnå det vesentlegaste av helseeffekten og betra livskvalitet. Fysisk aktivitet i naturmiljø gir ytterlegare fordelar, med variasjon i underlag og fleksibel belastning, variasjon i opplevingar og effektar av dagslys og frisk luft. Det er m.a. dokumentert at sollys verkar inn på blodtrykk, søvn og sinnstilstand. Ny forsking viser vidare at fysisk inaktivitet er ein sjølvstendig risikofaktor for utvikling av sjukdom på linje med risikofaktorar som t.d. røyking, ugunstig kosthald og misbruk av alkohol.

Undersøkingar internasjonalt viser at mennesket reagerer emosjonelt ulikt både på natur og bylandskap, og at det er stor preferanse for landskap som inneheld naturelement framfor urbane landskapselement. Det er òg mykje som tyder på at kontakt med natur påverkar hormon og immunforsvar og påskundar tilfriskningsprosessen for sjuke menneske. Ei undersøking har vist at sjukehuspasientar med utsikt til naturlandskap blir fortare friske enn dei som ikkje hadde slik utsikt. Andre undersøkingar viser at personar som har utsikt til natur frå arbeidsplassen sin er mindre plaga av hovudverk enn dei som ser inn i vegger og bygningar.

Både friluftsliv og fysisk aktivitet har òg vist seg å medverke til mindre psykisk stress, reduksjon av angst og depresjonar, redusert førekomst av sjølvmordstankar med meir. Det samvarierer også positivt med betre sjølvrespekt. Amerikanske forskarar som har sett nærare på mental trøttleik, meiner at naturkontakt skaper nytt mentalt overskot. Dei tek utgangspunkt i den urbane kvardagen sitt stress og mas, med ei mengd motstridande inntrykk og distraksjon som tvingar fram konsentrasjon og merksemd. Merksemda blir derfor i stadig mindre grad styrt av vår eiga nyfikne, men meir av kva andre vil at vi skal vere merksame på. Dette fører til stress og mental trøttleik. Naturen kan setjast opp som ein motsats. Den fangar merksemda utan at det er påtvunge – lauvet som raslar, ein sommarfugl som flyg forbi, ein bekk som sildrar. Vi nyttar ikkje energi for å konsentrere oss. Dette gjer at vi slappar av, vi rekreerer. Forskarane meiner at naturomgivnader er mykje meir tilpassa vårt sanseapparat og fyller alle krava til omgivnader som kan gi nytt mentalt overskot. Dette kan seie oss noko om kor viktige alle former for grønt er i vår kvardag.

4.4.2 Utfordringar

4.4.2.1 Generelle utfordringar

NOU 1998: 18 «Det er bruk for alle» – om folkehelsearbeidet i kommunane – slår fast at «folkehelsearbeidet i større grad har vært orientert mot å fjerne risikofaktorer, enn å satse på den positive siden, nemlig å bygge opp ressursene i befolkningen». Vidare heiter det at dei positive sidene må leggjast vekt på i langt større grad enn til no, og at strategiar for meistring av livet («empowerment») i sunne lokalmiljø vil vere av størst vekt for den helsefremjande dimensjonen i folkehelsearbeidet. Overfører ein «føre var»-prinsippet i miljøforvaltninga på helse, bør ein i større grad fokusere på miljørelaterte helsegode. Dvs. dei delar av vårt fysiske miljø som ikkje er utsette for støy, ikkje overstig tolegrenser for svevestøv, ikkje er trafikkfarlege m.m., og som slik medverkar til god helse og trivsel. I eit slikt perspektiv driv miljøvernforvaltninga eit omfattande helsefremjande og førebyggjande helsearbeid m.a. gjennom vern av natur, kulturminne og kulturmiljø, ved å ta vare på grøne lunger i byar og tettstader, fremje estetikk og gjennom sikring av område for friluftsliv.

Tabell 4.1 Samanhengen friluftsliv – helse

HelseområdeMedverknad frå friluftslivet
Kroppsleg– Fysisk utvikling (uthald, styrke, motorikk osv.)– Vektregulering– Førebyggjer sjukdom og skade– Fleksibel belastning og lite skadar
Sjeleleg– Møte med natur- og kulturmiljø– Høve til å utfordre eigne grenser– Ro, refleksjon, ettertanke, verdiavklaring
Sosialt– Samvær– Samhandling

Boks 4.2 Frisklivssentralen og trim på «gul resept»

Trim på gul resept og Frisklivssentralen (FLS) i Modum er eit aktivitetsorientert prosjekt der ein fokuserer på å skape fysisk aktivitet hos innbyggjarane i Modum kommune.

Frisklivssentralen sin aktivitetsidé med lite utstyrskrevjande, lystprega uteaktivitetar i samla grupper etter «Leik gjer frisk»-konseptet, med personleg oppfølging av sjukmelde (gul resept), er den viktigaste delen av sentralen sitt arbeid. Men Frisklivssentralen tilbyr òg andre aktivitetar, som t.d. individuell trimvegleiing og test av kondisjon, kosthaldsvegleiing og røykeavvenjingskurs. Frisklivssentralen tilbyr tilpassa opplegg for bedrifter. «På TUR (Topp Utan Rus) med FLS» er ei ferieveke for ungdom der natur- og spenningsopplevingar står sentralt. Denne blir arrangert i samarbeid med helse- og sosialetaten i kommunen.

Den gule resepten vert nytta av legane i Modum når dei viser sjukmelde til Frisklivssentralen. Resepten er utvikla i samarbeid med legane, og det viser seg at den fungerer i praksis. Det er tydeleg at trim på resept er meir forpliktande enn berre ein muntleg beskjed om at ein bør trimme. Ein har òg erfart at personar som i utgangspunktet er negative/motvillige etter ei stund blir meir positive og opplever nytten og gleda ved å trimme. For at dei skal komme til denne erkjenninga må det altså vere eit mildt press frå legen. Resepten gir eit gratis trimtilbod på dagtid 2 gonger per veke i 8 veker der det vert lagt vekt på trivsel og glede og at tilbodet skal vere tilpassa individuelle interesser/nivå/behov. Med på denne trimmen, i samme gruppe, er òg uføre, personar på attføring og personar frå Psykiatrisk dagsenter.

Tiltaket starta som eit prosjekt med støtte frå fylkestrygdekontoret i 3 år frå 1996–99. Frå år 2000 blir prosjektet vidareført i nye 3 år med støtte m.a. frå kommunen i tillegg til eiga inntening. Noregs idrettshøgskule skal det kommande året evaluere effektane av prosjektet. Frå og med 2001 har Buskerud fylkeskommune blitt eit FYSAK-fylke og vil med det satse på å utvikle fleire frisklivssentralar i fylket.

Med bakgrunn i dei positive helseeffektane friluftsliv er påvist å ha, er det grunn til å understreke det potensialet som ligg i friluftsliv som helsefremjande og førebyggjande miljøfaktor. Ein bør i større grad bruke friluftsliv som eit tillegg og alternativ til vanleg medisinsk behandling, og friluftslivet bør bli sett tydelegare på dagsorden i helsefremjande arbeid. Regjeringa vil derfor følgje opp friluftsliv i den nasjonale handlingsplanen for folkehelsearbeidet som skal leggjast fram i 2001.

På kommunenivå har ein allereie eit godt grunnlag for ei satsing på friluftsliv og fysisk aktivitet i lov om helsetenesta i kommunane av 19. november 1982 nr. 66 der det m.a. heiter om kommunehelsetenesta at: «Den skal spre opplysning om og øke interessen for hva den enkelte selv og allmennheten kan gjøre for å fremme sin egen trivsel, sunnhet og folkehelse». Det å medverke til å skape gode vilkår for auka kvardagsaktivitet ved å motivere til fysisk aktivitet og friluftsliv, bør derfor vidareutviklast til å bli ein vesentleg del av det helsefremjande og førebyggjande arbeidet i alle kommunar. Det er òg ei viktig utfordring for kommunehelsetenesta å engasjere seg i kommunal arealplanlegging, under dette å leggje til rette for friluftsliv og fysisk aktivitet i nærmiljøet. Mange kommunar nyttar kommunedelplanen for idrett og fysisk aktivitet som eit verkemiddel for å knyte idrett og friluftsliv til dette arbeidet. Siktemålet må vere å medverke til å sikre eit attraktivt arealgrunnlag for kvardagsaktivitet både for barn og vaksne. F.o.m. 1.1.99 er fysisk aktivitet som saksområde i Sosial- og helsedepartementet samla og formelt plassert i den underliggjande fagetaten, Statens råd for ernæring og fysisk aktivitet (SEF). Viktige utfordringar for rådet blir m.a. å vere pådrivar for kommunehelsetenesta og samarbeide med dei frivillige organisasjonane i si satsing på fysisk aktivitet og friluftsliv.

4.4.2.2 Nasjonal handlingsplan for miljø og helse

Sosial- og helsedepartementet og Miljøverndepartementet la på nyåret 2000 saman fram ein nasjonal handlingsplan for miljø og helse. Planen er ei oppfølging av Verdas helseorganisasjon (WHO) sin ministerkonferanse i Helsinki i 1994, og hovudføremålet med handlingsplanen er å integrere helse- og miljøtankegangen i begge sektorar.

Friluftsliv har fått eit eige kapittel i planen. Her heiter det m.a.: «Hovedutfordringen for arbeidet med friluftsliv framover er å sikre at alle har lett tilgang til natur og friluftsområder der de bor. Ikke minst gjelder dette bybefolkningen og barn og unge». Eit viktig poeng som blir trekt fram i planen er at helsestyresmaktene må involvere seg i spørsmål som gjeld arealbruk som har mykje å seie for helse og trivsel i befolkninga. Planen legg vidare vekt på at det er naudsynt med «en aktiv og varig innsats for å stimulere til økt fysisk aktivitet i naturpregede omgivelser og dermed motvirke tendensen til stillesittende inneaktivitet». Dei enkelte tiltakspunkta i planen skal følgjast opp av dei respektive styresmaktene. Dette gjeld også for friluftslivet. Planen vil vere sentral for arbeidet med friluftslivet sin medverknad til helse og trivsel framover, og det er svært viktig at ein følgjer opp dei forslaga til tiltak som ligg i planen.

Som ein viktig del av arbeidet for betre livskvalitet og helse er det naudsynt at både miljø- og helsestyresmaktene rettar si merksemd mot andre sektorar for å sikre friluftslivet sitt natur- og kulturgrunnlag og for å stimulere til auka fysisk aktivitet og friluftsliv. Sektorar som samferdsel, landbruk, næring, utdanning m.fl., må ta ansvar for å sikre befolkninga sine høve til å drive friluftsliv og fysisk aktivitet. Som tidlegare nemnt er det òg innan helsesektoren viktig at ein i sterkare grad set friluftslivet sin verdi for helse og livskvalitet på dagsordenen både på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Dette kan m.a. skje gjennom arbeidet med dei «sektorvise miljøhandlingsplanane» (sjå kap. 10.2.5) og «Nasjonal handlingsplan for folkehelsearbeid».

4.4.2.3 Friluftsliv i behandling av belasta grupper

Friluftsliv har i internasjonal samanheng i fleire tiår vore brukt som verkemiddel i behandlinga av menneske med ulike belastningar – rusmisbruk, kriminell eller asosial åtferd mm. Også i Noreg har ein etter kvart ein del erfaring med dette.

Det er kjent at nokre menneske har større behov for stimuli enn andre, jf. kap. 4.3 og at dette under visse omstende kan føre til asosial eller kriminell åtferd. Med bakgrunn i dette har ein prøvt å bruke spenningsaktivitetar som rafting, fjellklatring m.m. som alternativ for å tilfredsstille høgstimuli-behov. Friluftsliv handlar òg mykje om meistring. Gjennom å lære å meistre dei fysiske utfordringane som friluftslivet gir, og dei behova for samspel som det ofte krev, meiner ein at menneske med ulike belastningar vil stå betre rusta til å meistre også utfordringar i dagleglivet. Mykje av dette dreier seg om å betre sjølvbiletet og styrkje sjølvkjensla. Ut over dei utfordringane friluftsliv gir, hevdar mange også at sjølve naturopplevinga er viktig i terapisamanheng.

Gruppene av menneske det her er snakk om, representerer store utgifter for samfunnet om dei får halde fram livet som rusmisbrukarar, kriminelle osv. Det er derfor store fordelar knytt til å prøve ut tiltak som kan gi dei eit normalt liv utan rusmisbruk og kriminelle handlingar. Regjeringa vil derfor gå inn for at ein byggjer vidare på dei positive erfaringane ein har og byggjer ut tilbod innan friluftsliv til desse gruppene. Det må leggjast vekt på slike tilbod innan rehabilitering, men først og fremst som ein del av det generelle, helsefremjande arbeidet.

4.5 Regjeringa vil

  • leggje vesentleg vekt på å verne om friluftslivet sin viktigaste kvalitet; høvet til å oppleve natur med stille, fred og ro i samanheng med kulturminne og kulturmiljø

  • sikre at friluftsliv også i framtida er ei mangfaldig kjelde til glede, livskvalitet og god helse

  • fokusere på den verdi friluftslivet har for livskvalitet og helse gjennom ei informasjonssatsing, overfor sektorar som påverkar rammevilkåra for friluftslivet, og overfor lokale styresmakter og organisasjonar

  • styrkje barn og unge sine høve til å utvikle seg fysisk, mentalt og sosialt gjennom å leike i, ferdast i og oppleve natur

  • leggje til rette for at ungdom kan få dekt sine behov for spennande aktivitetar innanfor friluftsliv utan at dette skal vere til skade for dei sjølve eller andre

  • i auka grad ta i bruk friluftsliv som verkemiddel i samband med behandling av sjukdom, skadar og i rehabilitering

  • styrkje samarbeidet mellom helse- og miljøstyresmaktene og frivillige organisasjonar m.a. gjennom oppfølging av «Handlingsplan miljø og helse», under dette utvikle modellar for bruk av friluftsliv i helsefremjande arbeid

  • styrkje friluftslivet sin plass i det helsefremjande og førebyggjande arbeidet gjennom oppfølgjing av den nasjonale handlingsplanen for folkehelsearbeidet (som er venta i år 2001)

  • leggje til rette for at friluftsliv som helsefremjande og førebyggjande arbeid blir fulgt opp i alle aktuelle sektorar gjennom arbeidet med dei sektorvise miljøhandlingsplanane.

Til forsida