St.meld. nr. 39 (2000-2001)

Friluftsliv— Ein veg til høgare livskvalitet

Til innhaldsliste

6 Allemannsretten

Å sikre friluftslivet som grunnlag for ei berekraftig utvikling, for livskvalitet og god helse inneber utfordringar knytte til følgjande sentrale tema;

  • allemannsretten

  • attraktive areal

  • motivasjon i befolkninga

I dette kapitlet tek ein opp spørsmål knytte til allemannsretten.

6.1 Status og utvikling

Allemannsretten er fundamentet for friluftslivet i Noreg. Allemannsretten gir m.a. rett til fri ferdsel til fots og på ski i utmark. Dei viktigaste delane av allemannsretten er lovfest i friluftslova. Enkelte rettar som retten til å hauste ville bær og nøtter er heimla i andre lover, m.a. straffelova. Friluftslova inneheld ikkje berre rettar, men òg plikter – i høve til grunneigar, brukar, andre friluftslivsutøvarar og ikkje minst i høve til naturmiljøet. Føremålsparagrafen i friluftslova presiserer at naturgrunnlaget for friluftslivet må vernast. Det skal takast omsyn til heile miljøet, under dette miljøverdiar som rein luft, reint vatn, biologisk mangfald, landskap, ro og stille. Såleis fremjar og vernar friluftslova om det miljøvennlege friluftslivet.

Auka utbygging og ulike inngrep i naturen reduserer og fragmenterer utmarksareala. På denne måten blir også verdien av allemannsretten redusert. Med nokre få unntak har friluftslova i dag ikkje heimel for styring av arealdisponeringa. Denne utviklinga må i hovudsak styrast gjennom bruk av plan- og bygningslova. Den samordna planlegginga etter PBL blir dermed verktøyet for å fremje og sikre arealgrunnlaget for friluftslivsinteressene.

6.2 Utfordringar og tiltak for å sikre allemannsretten

6.2.1 Informasjon

Livskrafta i allemannsretten kan målast gjennom faktisk bruk og den kunnskap allmenta har om allemannsretten. Bruken er viktig fordi retten manifesterer seg og blir styrkt ved bruk. Når folk flest nyttar utmarka til friluftsliv, underbyggjer dette den lange tradisjonen friluftslova byggjer på, og det forsterkar rettsoppfatninga. Dette gjer allemannsretten robust.

Faktisk kunnskap om allemannsretten er viktig for å forsvare han. Kunnskap både om rettar og plikter er også viktig for å hindre misbruk og brot på lova. Manglande kunnskap om plikter kan vere ei belastning for allemannsretten og friluftslova, og omfattande lovstridig bruk kan svekkje eksistensgrunnlaget for begge. Offentlege friluftslivsstyresmakter både på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå må ta ansvar for å informere om allemannsrettar og plikter. I tillegg har også dei frivillige organisasjonane ei viktig rolle. Informasjon bør gis etter ein plan der siktemålet er å oppnå mest mogleg kunnskap for kvar investerte krone. Evaluering vil vere naudsynt for å hauste kunnskap om effekten av dei enkelte informasjonstiltaka.

Mange kommunar etterspør informasjon om allmenta sine plikter i strandsona. Dette viser at det er naudsynt med målretta informasjon til brukarane m.a. om aktsemdregelen i friluftslova og om reglane for bading, rasting og telting. Mange veit ikkje at desse såkalla opphaldsrettane ikkje alltid samsvarer med ferdselsretten.

6.2.2 Kommersiell og organisert utnytting av allemannsretten

Kommersiell utnytting av allemannsretten har vore mykje fokusert, m.a. i samband med utmarksturisme. Når t.d. reiselivsselskap tener pengar på slik utnytting av utmarka utan at grunneigaren får del i inntektene, kan konfliktar oppstå. Det blir eit distriktspolitisk spørsmål når store sentrale aktørar med store ressursar og opparbeidde delar av marknaden nyttar utmark i lokalsamfunn i sitt friluftslivstilbod og lokalmiljøet samstundes føler at det blir ekskludert frå å gjere det same.

Det har vore hevda at kommersiell ferdsel ikkje er ein del av allemannsretten og at slik ferdsel derfor krev samtykke frå grunneigar. Dette er ikkje tilfelle, og det er heller ikkje naudsynt eller tenleg å endre friluftslova i denne retning. Allemannsretten er i prinsippet uavhengig av kor mange som utnyttar retten saman og om samanhengen er kommersiell eller ikkje. Når retten blir utnytta av fleire saman har dette likevel konsekvensar for kva kvar enkelt kan gjere før det oppstår konflikt med grunneigar, andre brukarar eller skade på naturen. Om mange utøver friluftsliv saman må både gruppa i fellesskap og kvar enkelt vise større aktsemd. Ved kommersiell aktivitet må dei ansvarlege for aktiviteten ta ansvar for at gruppa utviser tilstrekkeleg aktsemd.

Kravet til aktsemd er nedfelt i friluftslova. Lovendring er derfor ikkje naudsynt for å unngå ulemper for naturen, grunneigarar eller andre brukarar av naturen. Ein bør derimot i større grad ta i bruk dei verkemidla friluftslova gir for å regulere aktivitet, avgrense skadeverknader og setje krav til utøvarane. Forutan eit generelt krav til aktsemd gir friluftslova høve både til å fastsetje reglar for åtferd, kanalisere ferdsel, sperre av område og ta betaling for tiltak som går ut over allemannsretten og i enkelte tilfelle for tilrettelegging. Nedanfor er gitt nokre døme på dette.

Friluftslova gir heimel til å avgrense ferdsel og opphald der dette er naudsynt. Med samtykke frå grunneigar og fylkesmannen kan kommunen gi reglar for åtferd for område der ferdsla er stor. Dette kan vere aktuelt i friluftsområde spesielt tilrettelagt for allmenta eller for andre mykje brukte friluftsområde. Reguleringar kan også innførast før konfliktar oppstår. Organisert eller kommersiell verksemd kan ikkje avgrensast generelt, men reguleringane kan omfatte tiltak som bøter på konkrete skadeverknader av slik verksemd.

I særleg utsette område kan kommunen med samtykke frå grunneigar og stadfesting av fylkesmannen treffe vedtak om sperring. Avstenging av eit område kan t.d. vere aktuelt når tilstrøyminga er stor og området har ein sårbar naturtype. Stor tilstrøyming av folk i samband med kommersiell turistaktivitet vil m.a. kunne medføre avsperring. Dersom kommunen ikkje finn grunn til avsperring, kan grunneigar krevje innløysing når området i særleg grad er utsett for allmenn ferdsel. Erstatninga blir fastsett av skjønnsretten.

Om det er naudsynt kan grunneigar eller brukar vise bort folk som opptrer omsynslaust eller på annan urettvis måte utset eigedommen eller eigaren sine interesser for skade eller ulempe. Det vil seie at han faktisk kan stoppe kommersiell eller organisert ferdsel og opphald som er i strid med friluftslova. Det er og tillate å setje opp skilt som forbyr slik lovstridig verksemd. Skilt som t.d. forbyr ferdsel på stubbåker som ikkje er frosen eller snødekt vil vere tillatne.

Ofte vil det vere grunneigar som tek initiativ overfor kommunen med krav om regulering eller sperring. Skadeverknadene vil vanlegvis vere lette å registrere og då verkemidla i dag er lagt til kommunen, kan dei fleste konfliktane handterast lokalt. Auka bruk av privatrettslege avtalar mellom grunneigar, brukar og ulike aktører – både kommersielle og ideelle, vil vere føremålstenleg, og det bør leggjast til rette for dette. På nasjonalt nivå har til dømes Norges Fjellstyresamband og Statskog SF laga samarbeidsavtaler med enkelte av friluftslivet sine organisasjonar.

Friluftslova inneheld med andre ord fleire verkemiddel som kan takast i bruk når kommersiell eller organisert ferdsel og opphald er til skade for grunneigar, brukar eller miljøet. Bruk av desse verkemidla vil vere meir smidig og skape større lokalt handlingsrom og dei bør takast i bruk framfor å innføre eit generelt krav til løyve for kommersiell ferdsel. Eit eventuelt slikt krav vil òg by på ei svært vanskeleg grensedragning i forhold til å definere kva som er kommersiell ferdsel. Det vil dessutan vere uheldig fordi det vil ramme også den ferdsla som ikkje gjer skade på natur eller rettane til grunneigar. Dersom t.d. ei mindre gruppe deltek i eit kommersielt opplegg som inneber å gå ein lengre fjelltur på oppmerka stigar der dei ikkje kan skiljast frå dei andre fjellvandrarane, er det vanskeleg å sjå at dei er til ulempe for andre. Organisert og kommersiell aktivitet kan òg ha fordelar, m.a. vil slik aktivitet ofte medverke til kanalisering av ferdsel.

Totalt sett må ein kunne seie at talet på brukarkonfliktar som følgje av rettstilstanden ein har i dag, er lite. Der ein har hatt konfliktar viser erfaring at det ofte dreier seg om konkrete og lokale konfliktar knytte til attraktive naturtypar/attraksjonar der bruken anten har verka ekskluderande i forhold til annan aktivitet eller har medført støy, avfall eller sanitære problem. Det vil likevel bli behov for å følgje utviklinga på dette området nøye i tida som kjem. Dersom det oppstår konfliktar vil det vere aktuelt å iverksetje tiltak. Dersom konflikten går ut over friluftsinteressene, vil ein måtte vurdere tiltak som t.d. endring av friluftslova. Eit anna mogleg tiltak vil kunne vere ei frivillig konsesjonsordning eller ei form for sertifisering av reiselivsselskap i regi av ein hovudorganisasjon for interessegruppa eller alternativt ei godkjenning frå utanforståande godkjenningsinstans som partane kan akseptere, t.d. kommunen.

Spørsmål om når det kan vere tale om brot på allemannsretten er reist gjennom enkeltsaker. Eit slikt døme er frå Sjoa i Sel, der spørsmålet har vore om rafting kjem i utilbørleg konflikt med rettane til grunneigaren, m.a. fiskeretten. Tilsvarande konfliktar har oppstått der allmenta badar i lakseførande elv på ein slik måte at badinga er til ulempe for grunneigaren sin fiskerett. Avgjersle i enkeltsaker vil stadig definere ei skarpare grense mellom kva som fell innanfor og kva som fell utanfor allemannsretten.

Figur 6.1 Eit stengsel kan vere så mangt.

Figur 6.1 Eit stengsel kan vere så mangt.

Kjelde: L.J.Traaen/Oslofjordens Friluftsråd

Avgjersle i enkeltsaker vil òg på sikt medverke til å tydeleggjere kva ein kan ta betaling for. Eit klart utgangspunkt for friluftslova er at dei rettane lova nemner er gratis. Ingen kan ta betaling for retten til ferdsel, opphald og til å hauste bær og sopp. Det er viktig å vere klar over at allemannsretten likevel ikkje alltid hindrar grunneigar i å ta betalt for ferdsel og opphald i utmark. Dersom ein går ut over allemannsretten, må grunneigar gi sitt løyve. Skal t.d. eit ridesenter gjere bruk av utmark til riding på ein slik måte at det oppstår skade eller ulempe for grunneigar eller brukar, må det innhentast samtykke. Eit slikt samtykke kan grunneigar gi mot krav om betaling.

Betaling for å utøve allemannsrett kan berre skje i samband med tilrettelegging og då berre når betalinga som blir kravd «står i forhold til de tiltak som er gjort på området». Ein har likevel sett tendensar til at lova blir tøygd slik at det blir teke betaling for ferdsel og opphald i utmarksområde som ikkje fyller lova sine krav. Eit døme er krav om betaling for tilgang til preparert skiløype. I Ot.prp. nr. 27 (1995–96) legg Miljøverndepartementet til grunn at friluftslova ikkje gir heimel til å leggje avgift på ferdsel i skiløyper, stigar o.l. Eit anna er betaling for ferdsel og opphald på utmarksområde i tilknyting til attraksjonar eller betaling for tilgang til badestrand utan at eigaren har tilrettelagt noko spesielt. Tilgjenge til attraksjonar i utmark blir òg kopla saman med andre varer eller tenester slik at tilgangen til attraksjonen er avhengig av betaling av tenesta eller vara. Slik betaling er klart i strid med friluftslova.

6.2.3 Ulovlege stengsel

Det finst mange døme på at allmenta ikkje får tilgang til utmark. Mange stengsel er lovlege, men mange er òg ulovlege. Eit ulovleg stengsel er kjenneteikna ved at stengselet har som føremål å hindre allmenta i lovleg bruk av allemannsretten.

Hindring av ferdsel og opphald for allmenta er eit aukande problem. Eit særtrekk som stadig har blitt forsterka dei seinare åra er ein skjerpa konflikt i utmarksområde som ligg opp mot innmarksomgrepet «tomt» i friluftslova. Dette er best synleg i område der kampen om areala er stor. Ulovleg privatisering må sjåast i samanheng med høg marknadspris på opparbeidde og eksklusive uteområde.

Ulovlege stengsel kan vere enkelttiltak som fysisk hindrar lovleg ferdsel, privatiserande tiltak som med sin psykologiske effekt gjer at allmenta ikkje nyttar sin ferdselsrett og ulovlege skilt. Utfordringa ligg i å få kartlagt og fjerna stengslene, og her har kommunen ei viktig oppgåve som lokalt friluftslivsorgan. Det er trong for tiltak der ein tek i bruk ein kombinasjon av informasjon, kompetanseheving, ressursar til m.a. kartlegging og ikkje minst motivasjon og positive stimuleringstiltak slik ein m.a. har gjort i strandsonesatsinga, jf. kap. 7.2.

6.2.4 Nye ferdselsformer

For at ei ny ferdselsform skal vere ein allemannsrett, er kravet at ferdsla er i tråd med føremålet i friluftslova. Friluftslova tek vare på det miljøvenlege friluftslivet. Nye miljøvenlege ferdselsformer kan derfor vere ein allemannsrett. Kva som ligg i uttrykket «miljøvenleg ferdsel» vil måtte avgjerast ved skjønn. Ved dette skjønnet vil det vere avgjerande om ferdselsforma er i tråd med aktsemdsregelen i friluftslova.

I kvart enkelt tilfelle må det vurderast om den faktiske bruk er i tråd med friluftslova. I ein del tilfelle må ein fastslå at all ferdsel av ein viss type ikkje er ein allemannsrett. Dette gjeld til dømes motorisert ferdsel i utmark. I andre tilfelle vil ferdsla etter ei konkret vurdering av skadeverknader på naturmiljøet og forholdet til grunneigaren i utgangspunktet måtte vurderast som lovleg, men at dette avheng av bruken. Paraskiing (skisegling) er ein slik aktivitet. Dersom den blir utøvd innanfor ramma av § 11 i friluftslova vil den vere lovleg. Omsynet til t.d. viltinteressene vil likevel i konkrete tilfelle kunne gjere aktiviteten ulovleg. Andre aktivitetar igjen vil ein utan atterhald kunne seie må likestillast med vanleg ferdsel, og dei er derfor lovlege. Ei nærare prinsipiell avgrensing vil det derfor vere lite behov for. Dei fleste spørsmål let seg best behandle i tilknyting til enkeltsaker. Utfallet av saka vil likevel kunne danne presedens for framtidige saker av liknande karakter.

6.2.5 Endring av friluftslova

6.2.5.1 Ferdsel langs sjøen

Høve til ferdsel i strandsona langs sjøen er viktig for friluftsliv. På kysten har vi ofte ein situasjon der utmarksnatur, fritidsbustader og heilårsbustader ligg nært inntil kvarandre (sjå også kap. 7.2).

Åker, jordekant og opparbeidd hage er normalt eit tydeleg skilje mot utmarksnaturen. Strandtomter ved sjøen med busetnad er ofte opparbeidde på ein slik måte at det er vanskeleg å sjå grensa mellom tomtene sitt innmarksareal, der allmenta ikkje har ferdselsrett, og utmarksareala omkring. Særleg ved bygging av hytte er det svært vanleg at den naturlege terrengforma og vegetasjonen på eigedommen i stor grad blir teken vare på, og det blir gjerne sett opp trapper, plattingar, utepeis, møblar, flaggstong og andre objekt spreidd mellom fritidsbustaden og sjøkanten. Naturtomter som er opparbeidde slik har ofte eit privatisert preg langt utover vanleg oppfatning av det areal omkring hus og hytter som friluftslova vernar til privatlivets fred.

Det blir no registrert eit aukande tal tilfelle som blir vurderte etter friluftslova sin § 13 om sjikanøse stengsel, fordi det ikkje synest å vere anna føremål med privatiseringa enn å hindre lovleg ferdsel i utmark.

Alle busette bustader som grensar mot utmark har krav på eit minste uteareal for privatlivets fred sjølv om dette ikkje er opparbeidd eller lovleg inngjerda. Storleiken vil variere avhengig av korleis terrengforhold og vegetasjon m.v. skjermar slik at det ikkje oppstår urimeleg ulempe eller sjenerande verknad av ferdsel. Dei prinsipielle reglane i friluftslova om dette er generelt føremålstenlege fordi dei faktiske forholda kan variere mykje.

Både fastbuande, hytteeigarar og besøkande har behov for godt tilgjenge til utmarksnaturen i strandsona. Allmenta har mange stader eit ønske om å kunne ferdast i strandsona ved sjøen, også forbi tomter med hus på der det fysisk er mogeleg å passere i strandkanten til og frå badeplassar, fiskeplassar og naturområde utan busetnad. Avstand til hytte eller hus framstår då oftast som den viktigaste faktoren ein må vurdere ved passering av naturtomter som ikkje er skjerma og avgrensa med lovleg gjerde eller tilsvarande. Regjeringa vil på denne bakgrunn foreslå ein ny regel i friluftslova om at der avstanden frå hytte eller hus er minst 25 meter til middels høgvasstand, kan allmenta ferdast omsynsfullt forbi nærmast sjøkanten, også der tomta sitt innmarksareal strekkjer seg heilt ned til sjøen. Det blir presisert at denne utvida retten skal gjelde ferdsel, ikkje opphald.

Når regjeringa vil gi auka tilgang til ferdsel her, er det viktig at det samtidig blir gitt tilstrekkeleg vegleiing om omsynet til privatlivets fred, ikkje minst gjennom haldningsskapande informasjon og skissering av korleis avstand, terreng og tomteforhold påverkar situasjonen både når det gjeld kravet til god ferdselskultur og eigaren si oppleving av sjenerande ferdsel. Samla vil dette skape ein meir avklart situasjon både for allmenta og for grunneigarar.

6.2.5.2 Andre behov for lovendringar

Det er også behov for endring av friluftslova på enkelte andre punkt. Friluftslova bør endrast der føresegna verkar urimeleg eller står utan eit reelt innhald. Aktuelle endringar ein vil sjå nærare på er:

  • Endring av § 13 i friluftslova slik at den òg rammar stengsel som vanskeleggjer lovleg opphald.

  • Endring av § 2 slik at det blir mogleg å ri og sykle på veg gjennom innmark der vegen først går gjennom innmark for sidan å komme over i utmark. Slik lova er å forstå i dag, har ikkje allmenta lov til å sykle eller ri over den vegstrekninga som ligg i innmark. Dette hindrar den vidare ferdsla innover i utmarka. Ofte vil nok dette løyse seg i praksis, men lova er uheldig formulert på dette området.

  • Fjerne eller avgrense forbodet mot ferdsel i skogplantefelt og fokusere meir på plikta til varsam ferdsel der tilhøva er sårbare. Hogstflater blir ofte gode bærplassar i fleire år etter avverking. Dei nye treplantene tek lite skade av varsam ferdsel.

  • Det er òg behov for å ta haustingsdelen av allemannsretten inn i friluftslova og gi den ei meir oppdatert språkdrakt og justering i høve til praksis i dag. Dette gjeld m.a. reglar for plukking av molter, andre bær og nøtter.

6.2.6 Gjerde i utmark

Det finst døme på at det av omsyn til landbruket er vedteke at det mellom eigedommar skal strekkjast gjerde over til dels lange avstandar i utmark. I kva grad dette blir eit hinder for å kunne utøve allemannsretten kjem i stor grad an på kva type gjerde som blir nytta. Det er i enkelte område døme på at det blir nytta elektriske gjerde over lengre avstandar. Desse kan vere vanskelege å forsere for menneske. Dersom dette blir vanleg vil det vere eit reelt hinder for bruk av allemannsretten. Gjenopptaking av beite i gamle kulturmarker i utmarka kan på den andre sida vere viktig for både biologisk mangfald og naturopplevinga.

Friluftslova har ingen direkte verkemiddel for å motverke ei slik utvikling. Det vil vanlegvis ikkje vere sjikanøst etter § 13 då det tener ei rettkomen interesse ved å halde husdyr innanfor rett beiteområde.

Problemstillinga krev at ein følgjer utviklinga nøye. Blir det vanleg å gjerde inn utmarka på denne måten, t.d. med elektrisk gjerde, vil dette leggje avgrensingar på friluftslivet. Like viktig som å følgje utviklinga er å gjennomføre tiltak t.d. i form av etablering av gjerdeklyv der stigar kryssar gjerde slik at ein i størst mogleg grad kan unngå at slike gjerde blir til ulempe for friluftslivet.

6.2.7 Ferdsel på sjøen

Ferdsel på sjøen er regulert av friluftslova, der det heiter at «på sjøen er ferdsel med båt fri for enhver». Friluftslova stiller også for båtlivet krav om at det skal takast omsyn til naturen og anna friluftsliv. Det er grunn til å streke under at prinsippet om omsyn til miljøet og anna fritidsutøving gjeld fullt ut òg for ferdsel på sjøen. Nærare om ferdsel på sjøen i kap. 9.

6.2.8 Føresegner om ferdsel og opphald i andre lover

Friluftslova er underordna regulering i andre lover. I medhald av § 22 i naturvernlova kan ein regulere ferdsel i verneområde. Alle former for ferdsel kan avgrensast heile eller delar av året når det blir vurdert som nødvendig for å ta vare på plante- eller dyrelivet eller geologiske førekomstar. Forbod mot ferdsel er eit sterkt verkemiddel. Naturvernlova legg derfor til grunn at oppheving av allmenn ferdselsrett over eit større område og over lengre tid, bør vere fagleg sterkt forankra.

Ferdselsrestriksjonar kan ein òg vedta i reguleringsføresegner til område som blir regulert til naturvernområde etter plan- og bygningslova. Like eins kan ein regulere ferdsel med heimel i kulturminnelova sine §§ 15 og 19 dersom det er naudsynt av omsyn til verneføremålet.

Rasting/bålbrenning

For dei fleste som driv friluftsliv er opphald i naturen og gjerne ein rast med bålbrenning inkludert – ein kjær tradisjon og eit vesentleg element i friluftslivet. Men i perioden frå 15. april til 15. september er det forbode å fyre bål i skogsterreng. På grunn av skogbrannfare er dette eit naudsynt og viktig forbod i delar av landet. I andre delar av landet, t.d. der snøen ligg til langt ut i mai blir dette forbodet opplevd som meiningslaust og som eit hinder for å nyte ein viktig kvalitet ved friluftslivet. Regjeringa vil derfor gå inn for endring i lovverket slik at det er mogleg å utøve eit skjønn betre tilpassa lokale tilhøve. På svaberg langs kysten har ein eit motsett problem. Her er bålbrenning lov. Saman med auka bruk av eingongsgrillar fører det til stor slitasje på naturen i enkelte område. Svaberg som blir utsette for intens varme, sprekk opp og blir delvis øydelagde. Regjeringa vil derfor medverke til å råde bot på slike skadeverknader.

6.2.9 Mynde, ansvar og roller

Kommunane har dei største og fleste arbeidsoppgåvene for å sikre allemannsretten, men delegering av ansvar og mynde til kommunen kan medføre lokale og regionale ulikskapar både med omsyn til enkeltvedtak og forvaltningsstrategi. Fylkeskommunen si rolle som overordna planstyresmakt er derfor viktig for å få til ei heilskapleg forvaltning. Fylkeskommunen kan påpeike lokale variasjonar og initiere tiltak i dei område der allmenta sin tilgang burde ha vore betre. Fylkeskommunen kan, gjennom fylkesplanen, gi føringar for kommunane sitt arbeid med t.d. sjikanøse stengsel.

For å få til ei meir einskapleg forvaltning trengst betre oppfølging. Dette kan gjerast ved i større grad å gi retningslinjer til det skjønn kommunen skal utøve når den fattar vedtak i medhald av friluftslova. Eit sterkare verkemiddel er å gi forskrifter om dei same tema.

Ulikskap i avgjerder i forvaltninga skuldast i ein del tilfelle mangelfullt kunnskapsgrunnlag. Skulering av kommunane kan skje på fleire nivå. Eit viktig tiltak vil vere informasjon frå nasjonale forvaltningsorgan som Miljøverndepartementet og Direktoratet for naturforvaltning. Døme på slik informasjon er rundskriv T – 6/97 om lov om friluftslivet og handbok om fjerning av ulovlege stengsel i strandsona (DN-handbok nr. 14-2000). Eit anna verkemiddel vil vere kurs retta mot kommunane. Slik kursing vil særleg vere relevant på prioriterte satsingsområde. Bruk av IT og moderne GIS-verktøy vil òg vere nyttig. Formidling av aktuelle rettsavgjerder vil kunne leggjast ut på nettet slik at alle kommunar kan dra nytte av dei. Sist, men ikkje minst, kan eit samarbeid gjennom interkommunale friluftsråd medverke positivt i arbeidet med sikre allemannsretten.

6.3 Regjeringa vil

  • gjennomgå friluftslova for å klargjere og styrkje allemannsretten, m.a. foreslå ein ny regel om ferdsel i strandsona

  • medverke til at ulovlege stengsel ikkje hindrar folk i å nytte allemannsretten

  • at aktivitet som kan vere til ulempe for naturen, kulturminne og kulturmiljø, for grunneigarar eller andre brukarar av slike område, skal regulerast gjennom aktiv bruk av friluftslova

  • vidareføre strandsonesatsinga med særleg vekt på informasjon, juridisk hjelp til kommunane og arealdokumentasjon m.a. av ulovlege stengsel

  • styrkje allemannsretten ved å gjennomføre informasjonskampanjar om allemannsrettar og plikter med jamne mellomrom

  • vurdere endringar i lovverket for bålforbodet slik at det er mogleg å utøve eit skjønn betre tilpassa lokale tilhøve

  • medverke til å råde bot på skadeverknadene av bålbrenning/grilling langs kysten.

Til forsida