St.meld. nr. 39 (2000-2001)

Friluftsliv— Ein veg til høgare livskvalitet

Til innhaldsliste

7 Friluftslivet sitt natur- og kulturgrunnlag

7.1 Generelle forhold

Tilgjengeleg areal er naudsynt for å utøve friluftsliv. Plan- og bygningslova er det sentrale verkemiddelet for å ta vare på areala, og god arealplanlegging er derfor ein føresetnad for å ta vare på høva til friluftsliv.

Gjennom lang tid har ulike former for inngrep i naturen gjort at vilkåra for friluftslivet er blitt dårlegare. Dette gjeld særleg i strandsona og i og ved byar og tettstader. Her er areal blitt nedbygd, nytta til andre føremål og privatisert. I tillegg har inngrep, særleg i form av vegar og kraftutbyggingar ført til at store naturområde utan tekniske inngrep har blitt ein knapp ressurs.

Ved utbyggingstiltak i og ved byar og tettstader blir det ofte framstilt som om det er heilt naudsynt å ta ubygd areal til utbygging. Dette inneber at ein ofte set ulike gode formål som t.d. jordbruk og friluftsliv opp mot kvarandre i diskusjonen om kva for areal ein skal velje til utbygging. Men i røynda er det som regel ikkje naudsynt å setje landbruks- og miljøverninteressar opp mot kvarandre. Det vesentlege er å velje nye areal til utbygging som etter tilhøva har liten verdi både for landbruk og anna næringsliv, friluftsliv, biologisk mangfald og kulturminner. Ein bør òg legge meir vekt på å finne løysingar knytt til gjenbruk av areal som det alt er bygt på, t.d. ved riving, ombygging og rehabilitering eller høgare utnytting.

Planlegging og forvaltning av naturområde i og ved byar og tettstader har fleire siktemål. Bruk av områda til friluftsliv, leik, idrett og andre uteaktivitetar er av dei viktigaste. Kommunane bør ha eit aktivt og målretta forhold til grøntstrukturen i område med busetnad, strandsona langs vassdrag og sjø og til markaområda og kulturlandskapet ved byar og tettstader. Vern og bruk av områda bør behandlast som ein del av arealplanlegginga. Men det er viktig at ein unngår ei fragmentert og ressurskrevjande planlegging for dei grøne områda.

Det er viktig å sjå på naturområda og verdiane ut frå ulike siktemål. Ein bør sjå den verdien områda har for friluftsliv og andre aktivitetar saman med naturverdiane – det biologiske mangfaldet – og landskapsverdiane. Og desse verdiane heng nært saman med kulturmiljøverdiane. Siktemålet må vere ei planlegging der ein ser dei ulike tema i samanheng, og ikkje kvar for seg. Denne tilnærminga krev ein gjennomgang og vidareutvikling av metodar for kartlegging og analyse som plangrunnlag og vegleiingsmateriale.

Tilgjengelege areal med høg kvalitet for friluftsliv må finnast nær bustader, skular og barnehagar. Det er essensielt at areala har kvalitetar som gjer dei attraktive for friluftsliv. Dette inneber at ein må ta vare på det biologiske mangfaldet, kulturminna og kulturlandskapet, og at ein må sikre at det er mogleg å oppleve fred og ro. For å halde oppe friluftslivet i heile si breidd, må det finnast eit vidt spekter av areal med ulike kvalitetar og ulik grad av tilrettelegging, frå breie turvegar for rullestolbrukarar til inngreps- og støyfrie, store og samanhengande naturområde.

Å ta vare på naturen, kulturminna og kulturlandskapet som grunnlag for friluftsliv er eit ansvar for alle sektorar. Det er ei sentral utfordring å unngå at ein byggjer ned areal som er verdifulle for friluftsliv og at ein tek omsyn til friluftslivsinteressene når ein byggjer. Dette kan m.a. skje ved at ein tek vare på stigar, grøntkorridorar, landskapstypar, variasjon i naturtypar, badeplassar, utsiktspunkt, område med kulturminne og andre verdifulle areal for ferdsel og opphald. Det er òg viktig å minimere negative visuelle verknader av t.d. kraftlinjer, master for mobil telekommunikasjon og vindkraftanlegg. Sektorar som driv aktivitet i naturen må syte for at den aktiviteten dei driv ikkje er til fortrengsel eller vesentleg ulempe for friluftslivet. Dette gjeld m.a. landbruket, fiskerinæringa, forsvaret og reiselivsnæringa. Ansvaret må reflekterast i sektorane sine miljøhandlingsplanar, m.a. gjennom dei sektorvise arbeidsmåla. For konkrete areal der ein har konfliktar om bruken bør ein vurdere å utarbeide fleirbruksplanar der ein gjer avvegingar mellom dei ulike interessene og fastset rammer og reglar for tilhøva mellom dei. Slike planar er m.a. laga for fleire av Forsvaret sine faste skyte- og øvingsfelt.

Mange verkemiddel må nyttast effektivt dersom ein skal makte å snu den negative utviklinga for friluftslivet sitt natur- og kulturgrunnlag. Overvaking og dokumentasjon av utviklinga i arealbruk ved bruk av geografiske informasjonssystem (GIS), flybilete og satellittbilete er viktige verkemiddel i dette arbeidet. Periodisk flyfotografering av kyststrekninga frå svenskegrensa til Hordaland vil t.d. kunne gi god dokumentasjon av utviklinga i areal med busetnad i strandsona.

Figur 7.1 Kor langt frå heimstaden driv nordlendingen fysisk
 aktivitet?

Figur 7.1 Kor langt frå heimstaden driv nordlendingen fysisk aktivitet?

Kjelde: Polarfakta A/S og Nordland fylkeskommune

Plan- og bygningslova og særlovene er dei viktigaste operative verkemidla. Det er behov for endringar i plan- og bygningslova m.a. slik at lova gir betre grunnlag for å ta omsyn til friluftslivsinteressene, særleg i LNF-områda. Dersom det blir høve til å differensiere mellom landbruk, natur og friluftsliv gjennom fleirbruksreglar vil ein i langt større grad enn i dag kunne ta omsyn til friluftslivsinteressene i område med stor verdi for friluftsliv. Dette er blant dei problemstillingane som planlovutvalet ser på, jf. utvalet si første delutgreiing NOU 2001: 7. Ein ser òg på om ein kan gi lova nye heimlar for føresegner som gir overordna føringar for praktisering av dei særlover som regulerer verksemd i NLF-områda. Utvalet si første delutgreiing opnar for at ein kan ta meir omsyn til m.a. natur- og kulturgrunnlaget i kommuneplanlegginga og at kommunane kan spele ei meir aktiv rolle i fylkesplanarbeidet. Planlovutvalet vil i si neste utgreiing gå nærare inn på dette. Vidare vil det sjå på tilhøvet mellom plan- og bygningslova og sektorlover med sikte på samordning.

Lovverk som regulerer sektorane si verksemd som t.d. jordlova og skoglova, er òg sentralt. Det er behov for eit betre grunnlag for å ta vare på natur-, kultur- og friluftslivsverdiane i våre skogområde enn det ein har i dag. I enkelte område, særleg markaområde, er det behov for eit særleg vern av friluftslivet sitt naturgrunnlag. Det kan ein anten gjere ved endringar i friluftslova slik at ein kan leggje ut «friluftsmark» både på statleg, kommunal og privat grunn, ved endringar i plan- og bygningslova og/eller i den nye skoglova. (Jf. 7.4)

I tillegg er det framleis behov for å sikre areal ved tileigning, bruksavtaler e.l. Dette gjeld særleg i pressområde langs kysten, grøntstruktur i byar og tettstader og andre område som blir svært mykje brukt og/eller der det er behov for å leggje til rette for friluftsliv med fysiske tiltak i naturen. Det er behov for å auke kvaliteten på enkelte allereie sikra område ved å fjerne hytter som ligg inne i områda. Det er òg behov for endringar i friluftslova for å klargjere og styrkje allemannsretten. Aktuelle endringar i friluftslova er omtalt i kap. 6.2.5.

Som middel for å sikre at ein i størst mogleg grad tek vare på friluftslivet sitt natur- og kulturgrunnlag, kan det vere aktuelt å innføre ei avgift som må betalast når ein omdisponerer viktige friluftslivsområde og/eller ei avgift for å gjennomføre ulike former for tiltak som er til ulempe for friluftslivet. I St.meld. nr. 58 (1996–97) blir det varsla utgreiing av ei naturavgift. Dette arbeidet er i startfasen og må sjåast i samanheng med tilsvarande internasjonalt utgreiingsarbeid. Prinsippet om ei naturavgift byggjer på at den som får løyve til å forbruke viktige fellesgode i utmarksareala bør betale ein kompensasjon til samfunnet. Ein eventuell naturavgift kan vere eit kostnadseffektivt verkemiddel, men reiser òg mange spørsmål som eit nytt element i arealforvaltninga. I St.meld. nr. 42 «Biologisk mangfold. Sektoransvar og samordning» (2000–2001) varslar Regjeringa at Finansdepartementet og aktuelle departement skal setje i gang utgreiing av økonomiske verkemiddel i 2001, og utarbeide eventuelle forslag til gjennomføring innan 2003. I denne utgreiinga kan det òg vurderast å inkludere andre miljøverdiar knytte til arealbruk, som t.d. friluftsliv.

Regjeringa vil i denne meldinga rette hovudfokus mot fire arealkategoriar som er avgjerande for å halde oppe friluftslivet og som samtidig er utsette for eit stort press både i form av nedbygging og reduksjon i kvalitet. Dei fire arealkategoriane er:

  • Strandsona

  • Natur i byar og tettstader – grøntstrukturen

  • By- og tettstadnære markaområde

  • Inngrepsfrie naturområde

Desse områda er svært verdifulle kvar for seg, men òg samanhengen mellom dei er viktig, både sett frå friluftslivet si side og i ein økologisk samanheng. Det gir folk og dyr høve til å flytte seg frå dei urbane områda til kulturlandskapet utanfor og vidare til meir eller mindre kulturpåverka eller urørte naturområde.

I kvar av arealkategoriane kan dei einskilde områda nærare omtalast ut frå kriterium som t.d.:

  • i kva grad dei er eigna for friluftsliv (naturgjeven variasjon og tilgjenge)

  • kva den noverande bruken er

  • kvar brukarane kjem frå

  • kva den potensielle bruken er (dersom ein t.d. set i verk sikrings- og tilretteleggjingstiltak).

Det er behov for å utvikle slike kriterium vidare slik at ein kan få klarare fram kva for friluftsområde som er av nasjonal verdi og i kva grad statlege verkemiddel bør nyttast for å sikre dei.

7.2 Strandsona

Med strandsona forstår ein dei land og sjø-/vatnområde som står i innbyrdes direkte samspel økologisk og/eller når det gjeld bruk.

Om lag av befolkninga i Noreg er busett i kommunar med kystlinje. Mykje av strandsona langs Noreg si 21.192   km lange kystlinje (57 258   km inkl. øyar) er derfor både tilgjengeleg, framkommeleg og attraktiv for folk som ønskjer å nytte den til friluftsliv. Langs delar av kysten generelt og Oslofjorden spesielt, er det likevel store utfordringar knytt til bruken av og tilgjenge til strandsona. Det er òg store utfordringar knytt til å ta vare på allmenta sin tilgang til strandsona langs vann og vassdrag.

7.2.1 Status og utvikling for strandsona langs kysten

Dei eldste busetjingane i Noreg ligg ofte i strandsona. Mellom anna hustufter, båtoppsett og gravhaugar vitnar om at strandsona har vore attraktiv i svært lang tid. Den lange kontinuerlege ressursutnyttinga på kysten har prega landskapet sterkt, og det finst mange verdifulle kulturhistoriske spor og kulturlandskap som er attraktive for friluftsliv. I nyare tid har vi òg nytta dei rike tilhøva ved kysten, både til rekreasjon i bading og leik, men òg i daglege gjeremål og gjerne i kombinasjon mellom nytte og rekreasjon.

Kjenneteiknet på kystfriluftslivet er aktivitetar som bading, soling, båtliv og fritidsfiske, men dei tradisjonelle aktivitetane har fått selskap av meir utstyrskrevjande og spenningsorienterte aktivitetar. Her som i innlandet er det likevel dei korte turane til fots som er den vanlegaste forma for aktivitet.

Eit anna moment er at ein stor del av friluftslivsutøvarane er tilreisande. Ei utgreiing visar at tilreisande langs kysten av Midt-Noreg og Nord-Noreg om sommaren (mai til oktober) har nesten like mange rekreasjonsdagar som dei fastbuande. Dette viser at tilgjenge og høve til å ta seg fram langs strandsona både er av lokal, regional og nasjonal interesse.

Strandsona har òg i mange tilfelle fått ein annan verdi. Kjøparar av attraktive eigedommar i strandsona er ikkje lenger motiverte ut frå tradisjonell strandsitjarbruk for å drive fiske eller landbruksproduksjon. Dei kjøper eksklusive eigedommar med tanke på avskjerming av privatlivet, og denne motivasjonen er ei vesentleg drivkraft for å etablere stengsel mot allmenta sin ferdsel.

7.2.2 Utfordringar for å ta vare på strandsona langs kysten til friluftsliv

I dei tettast busette delane av landet er det hard konkurranse om bruken av områda i strandsona langs kysten. Særleg gjeld dette på strekninga frå svenskegrensa t.o.m. Hordaland, men òg i og ved byar og tettstader vidare nordover langs kysten. Her er det eit stort press for å ta strandsona i bruk til mellom anna tettstadsutviding, bustad- og hyttebygging, næringsverksemd og utbygging av infrastruktur. Dette presset gjer at ein treng sterke virkemiddel om ein skal klare å ta vare på allmenta sine rettar til ferdsel og opphald i strandsona. Langs Oslofjorden og Sørlandskysten representerer òg auka privatisering som følgje av mindre tiltak, eit problem.

7.2.2.1 Tilgjenge til strandsona

Område som er eigna til friluftsliv kan vere vanskeleg tilgjengelege for dei som ønskjer å ta dei i bruk, noko som kan skuldast både naturlege og menneskeskapte barrierar. Generelt er tilgjenge viktig både frå land, frå sjøen og langsmed strandsona.

Vanlege naturlege barrierar er ulendt og/eller bratt terreng og vanskeleg farvatn. Vanlege menneskeskapte barrierar er jordbruksareal, offentlege vegar og jernbaner, industrianlegg og busetnad.

Offentlege vegar og jernbaner dannar ofte fysiske stengsel mellom strandsona og bustadområde bakanfor. Nokre slike anlegg er absolutte stengsel fordi det er ulovleg eller ikkje mogleg å krysse dei. Dei fleste veganlegg er det mogleg å krysse, men for til dømes barn og eldre vil dei likevel vere uoverkommelege barrierar. I planprosessar som omfattar strandsona, må derfor tiltakshavar leggje stor vekt på friluftslivsinteressene. Tiltak for å oppretthalde eksisterande ferdselsvegar og etablere nye, bør vere ein naturleg del av anleggskostnadene ved alle utbyggingstiltak. Spesielt bør ein kartleggje og ta omsyn til dei ofte uformelle ferdselsvegane som blir nytta av barn og unge.

Tilgjenge til strandsona blir redusert ikkje berre gjennom lovleg ny utbygging og vanskeleg tilgjenge, men òg gjennom både lovleg og ulovleg utviding av eksisterande bygningar og privatisering av områda rundt. Med ulovleg privatisering er meint gjennomføring av tiltak som berre har til føremål å stengje folk ute eller hindrar den frie ferdselsretten, jf. kap. 6.2.3. Det er ikkje lov å setje opp t.d. gjerde eller skilt som har til føremål å stengje allmenta ute frå område der den har ferdselsrett. Det er heller ikkje lov å setje opp innretningar som flaggstong, platting eller sitjegruppe i utmarka, når føremålet openbert er å hindre eller vanskeleggjere lovleg allmenn ferdsel og opphald. Dette har likevel vorte gjort i stor grad og summen av slike «sjikanøse stengsel» har i dei siste åra gjort det vanskelegare for folk å komme ned til strandsona og å ferdast langsmed den. Det er òg eit problem at dei som eig hus og hytter i strandsona utan løyve gjer om arealet rundt hytta/huset frå utmark til innmark/plen og på denne måten privatiserer utmarksområda.

7.2.2.2 Arealdisponering generelt

Strandsona er eit område av nasjonal interesse, og har i lang tid hatt eit spesielt vern mot vidare nedbygging, først gjennom strandplanlova og seinare gjennom regelen om 100-metersbeltet i plan- og bygningslova. Alle vurderingar om arealbruksendring i strandsona skal skje ved kommunalt planarbeid, og berre unntaksvis ved dispensasjonar. Problemet er at praksis ofte er for liberal i forhold til intensjonen med byggjeforbodet i 100-metersbeltet, og at det generelt blir gitt altfor mange dispensasjonar i strandsona.

Ved Miljøverndepartementet sitt brev av 11. november 1999 vart det som ledd i den forsterka strandsonesatsinga oppmoda til strengare dispensasjonspraksis i strandsona. Samtidig vart det etablert eit nytt rapporteringssystem for dispensasjonspraksis i 100-metersbeltet langs sjøen. Av den første rapporten etter det nye systemet går det fram at det blir gitt mange dispensasjonar i 100-metersbeltet. Om lag 75 % av søknadene på landsbasis blir innvilga. Samtidig framgår det at det er store ulikskapar mellom kommunar og fylke. Det blir gitt flest dispensasjonar i Hordaland, Agder og Sogn og Fjordane. Langs Oslofjorden og Sørlandskysten dominerer dei mindre tiltaka, mens det lenger nord blir tillate fleire nye bygg.

Hovudproblemet er likevel ikkje berre dispensasjonspraksisen, men òg den planlagte utbygginga i strandsona. Manglande styring av utviklinga i strandsona fører til at attraktive område blir nedbygde og blir utilgjengelege for allmenta. Til dømes er tilgjenget til slike attraktive areal i Oslofjorden monaleg redusert dei siste 30 åra. Dette til tross for eit generelt byggjeforbod i 100-metersbeltet langs sjøen i heile perioden.

Planlovutvalet tek opp strandvern i si første delutgreiing NOU 2001: 7. Utvalet meiner noko av årsaka til utviklinga ligg i at den generelle dispensasjonsføresegna er uklart formulert og foreslår ei ny som skal gjelde særskilt for dispensasjon frå vedtekne planar og frå byggjeforbodet i 100-meterbeltet. Framlegget vil klargjere og avgrense høvet til å gi dispensasjon og opne for at mynde til å gi dispensasjon bestemte stader eventuelt kan leggjast til fylkesmannen.

7.2.2.3 Havbruk

Oppdrett av fisk og skjel er ei veksande næring der lokaliseringa av anlegga kan skape ulemper for friluftslivet langs kysten. Dette gjeld særleg for område nær byar og større tettstader. Havbruksnæringa er dominert av oppdrett av laks og aure, men det er ei veksande interesse for skjeldyrking og oppdrett av andre fiskeslag. Det er klart at presset på og konkurransen om kystsona vil stige i åra framover. Gode, opne prosessar er eit nøkkelord for å handtere dei nye utfordringane. Den forventa veksten i havbruksnæringa må skje i minst mogleg konflikt med andre interesser.

7.2.3 Tiltak for å ta vare på verdiane i strandsona langs kysten

Ansvaret for å ta vare på og sikre bruken av gjenverande areal i strandsona ligg primært på kommunane. Kommunane må ta dette ansvaret gjennom planlegging og behandling av enkeltsaker og i samarbeid mellom kommunar. Kommunane er gitt heimel til å opptre på vegner av, klage og reise søksmål for å ivareta allmenne interesser i alle saker av interesse for friluftslivet, og har eit vesentleg ansvar for at sjikanøse stengsel i utmark blir fjerna.

Kommunane har ikkje plikt til å planleggje i sjøområda, men avgjer sjølve graden av planlegging ut frå det behov dei har for å få avklart arealbruken. Gode, opne prosessar vil medverke til at den forventa veksten i havbruksnæringa kan skje i minst mogleg konflikt med andre interesser. Kystsoneplanar vil bli eit viktig verktøy for å få dette til, og regjeringa vil derfor oppmode kommunane til å utarbeide gode planar.

Ei hovudmålsetjing for departementet er å betre kunnskaps- og avgjerdsgrunnlaget i kommunane. For å sikre at ein tek vare på regionale og nasjonale verdiar, er det og viktig at regionale, statlege styresmakter og fylkeskommunane spelar ei aktiv rolle.

Regjeringa har allereie sett fokus på strandsona gjennom ei brei statleg satsing. Satsinga omfattar mellom anna skjerping av dispensasjonspraksis, utviding av rikspolitiske retningslinjer for Oslofjorden til Agder, arealdokumentasjon, tilbod om juridisk hjelp til kommunane, vidareføring og styrking av arbeidet med sikring av friluftsområde, inklusive skjergardsparkar, utvikling av kystleier- og stigar, utvikling av handbøker for kommunane og etablering av nettverk for kommunar og fylkesmenn. Blant desse tiltaka er det grunn til å streke under verdien av kartfesting av informasjon. Grundig og systematisk kartlegging av t.d. utbygd areal, sjikanøse stengsel, stigar, badeplassar osb. kombinert med presentasjon ved hjelp av moderne GIS-verktøy, vil bli eit viktig kunnskapsgrunnlag for kommuneforvaltninga.

Boks 7.1 Strandsoneprosjektet iDirektoratet for naturforvaltning

Hovudmålsetjinga for strandsoneprosjektet er å medverke til:

  1. å redusere nedbygging og privatisering av kyst- og strandsoneområda

  2. å tilretteleggje kyst- og strandsoneområda til fordel for viktige naturverdiar og friluftsliv.

Delmåla i strandsoneprosjektet er å:

  • Auke kommunane sin kunnskap om utviklinga av kyst- og strandsoneområda.

  • Auke kommunane sin kunnskap om juridiske sider ved forvaltninga av kyst- og strandsoneområda.

  • Drive aktiv formidling og marknadsføring av aktivitetar i og resultat frå prosjektet til alle relevante målgrupper og media.

Regjeringa ser det som svært viktig å vidareføre denne satsinga for å kunne snu utviklinga og skape varige resultat. Planlovutvalet sitt forslag til endring av dispensasjonsvedtekta i plan- og bygningslova vil bli følgt opp.

I tillegg til å hindre nedbygging, arealbeslag og sikre tilgjenge for allmenta, vil det å oppretthalde drift og skjøtsel av mange gamle kulturlandskap og kulturmarker (til dømes kystlynghei og strandenger) vere viktig for å halde oppe landskaps- og naturverdiar som er viktige kvalitetar for friluftslivet.

Stigar, turvegar, skilting, turkart og annan informasjon er òg viktige verkemiddel for å sikre ei tilgjengeleg strandsone. Gjennom å halde ved like og opne for bruken av gamle ferdselsvegar, etablere nye stigar og kystleier samt å informere om kvar ein kan finne dei, gjer frivillige organisasjonar allereie ein framifrå innsats. Regjeringa ser det som ei viktig oppgåve å støtte opp om denne innsatsen. Regjeringa vil òg styrkje Statens naturoppsyn si rolle i kystsona og samordne utviklinga av m.a. informasjon og oppsyn i desse områda.

7.2.4 Strandsona langs vatn og vassdrag

7.2.4.1 Generelt om strandsona langs vatn og vassdrag

På same vis som for strandsona langs kysten er det grunn til å vere merksam på konfliktar knytt til utnytting av strandsona langs vatn og vassdrag. Langs store delar av hovudvassdraga i landet utgjer vegar, jernbane, industriområde m.m. stengsel for tilgjenge til strandsona. I utmarksområde er hyttetomter nær vatn og vassdrag blant dei mest populære. Dersom ein ikkje er merksam på denne problemstillinga og legg vekt på å unngå ei ytterlegare uheldig utvikling, vil ein i enkelte område kunne få dei same problema med omsyn til offentleg tilgang til strandsona som ein i dag har langs sentrale delar av kysten. Planlovutvalet foreslår at det blir mogleg å gi utfyllande føresegner om planlegging i sjø og vassdrag i samband med kommuneplanen sin arealdel.

Utviklinga for allmenta sin tilgang til strandsona langs vatn og vassdrag, bør òg bli kartlagt. Om ein ser strandsona i samanheng med andre område av stor verdi for friluftsliv, bør ein vere særleg merksam på vatn og vassdrag i og ved tettbygd strøk, under dette vatn og vassdrag i grøntstrukturen, i markaområde og i kulturlandskapsområde. Kartlegginga må følgjast opp med aktuelle tiltak der det er behov.

7.2.4.2 Varig verna vassdrag

Gjennom til saman fire verneplanar har ein verna eit utval av norske vassdrag med nedbørsfelt mot kraftutbygging. Bakgrunnen for vernet er å ta vare på vesentlege natur-, kulturminne- og friluftslivsverdiar, men vassdraga er gjennom verneplanane berre verna mot kraftutbygging. Verneplanane inneheld likevel ei sterk oppmoding om at ein òg må prøve å unngå andre inngrep som kan redusere dei sikra områda sin verdi. Gjennom rikspolitiske retningslinjer for varig verna vassdrag og prosjektet «verneverdiar i varig verna vassdrag» har ein sett fokus på denne oppmodinga. Prosjektet «verneverdiar i varig verna vassdrag» skal dokumentere og gjere verdiane i dei verna vassdraga meir synlege. Målet for prosjektet er at alle som planlegg arealbruk eller inngrep i eit verna vassdrag, først skal vite kva verneverdiar som finst der. Ein naturleg konsekvens av dette prosjektet må vere at varig verna vassdrag i praksis får eit betre vern mot inngrep og tiltak som er til skade for natur-, kulturminne- og friluftslivsinteressene.

Vassdragsvernet representerer eit viktig vernetiltak for norsk natur. Dette vernet er derfor no gitt ein særskilt juridisk status ved lovgiving. Ny lov om vassdrag og grunnvatn (vassressurslova) 24. november 2001 nr. 82 kap. 5 omhandlar verna vassdrag. Sjølv om ei lovfesting ikkje vil få noko stor praktisk tyding, er det av stor verdi som eit signal om kor viktig slikt vern er. Lovfesting av vassdragsvernet er ei lovfesting av det forbod mot kraftutbygging som følgjer av verneplanane. Det er òg ei lovfesting av vernet i høve til andre typar inngrep i vassdrag. Det er m.a. innført ei strengare konsesjonsvurdering for tiltak i verna vassdrag. Ei nyvinning i dette kapitlet er regelen om krav til revegetering langs verna vassdrag.

7.3 Natur i byar og tettstader – grøntstrukturen

Naturen i byar og tettstader – grøntstrukturen – ligg som «lunger» og korridorar inne i eller inntil dei utbygde områda, og fungerer som sjølvstendige areal for turar, leik og opphald, som del av eit miljøvennleg transportnett innan tettstaden og som transportårer ut til dei by- og tettstadsnære markaområda, strandsona og landbruket sitt kulturlandskap.

Kva er grøntstruktur?

Grøntstrukturen er ein overordna struktur i byar og tettstader på linje med transport- og bygnadstrukturen. Grøntstrukturen kan vere meir eller mindre samanhengande og består av ulike typar grøne område med ulike funksjonar:

  1. Overgangssona mellom by og land, dvs. dei næraste 1-2   km inn i dei store natur- og kulturlandskapsområda rundt byen (dei by- og tettstadnære markaområda)

  2. Store og små naturområde i byen inkludert strandområde, kystsona, sjøar, tjern, elvar og bekkar

  3. Parkar, institusjonar, skulegardar, kyrkjegardar, allear og andre opparbeidde grøne område

  4. Jordbruksområde og kolonihagar i byen

  5. Private hagar/fellesareal i bustadområda

  6. Grøne «restområde» som både kan ha kultur- og naturpreg, til dømes rivetomter og fyllingar

Grøntstrukturen er summen av alle desse områda og kan sjåast på som ein vev av store og små naturprega område i byen eller tettstaden.

Grøntstrukturen er viktig for menneska si helse og livskvalitet og arena for det friluftslivet dei fleste har høve til å drive. Tidspress, økonomi og motivasjon er viktige hinder som gjer at andre område i mykje mindre grad blir nytta. Denne samanhengen gjer at tilsynelatande små, lokale område har verdi for gjennomføring av nasjonale mål.

Grøntstrukturen sin verdi for friluftsliv er svært stor. I tillegg har grøntstrukturen verdi i mange andre samanhengar. Grøntstrukturen har:

  • Verdi for biologisk mangfald

  • Pedagogisk verdi ved at undervisninga i mange høve med fordel kan flyttast ut i grøntstrukturen

  • Verdi for folk si fysiske og mentale helse

  • Særleg kulturhistorisk verdi då den gir by- og tettstadslandskapet identitet

  • Innverknad på det lokale klimaet, luftkvaliteten og som reinsesystem

  • Potensial som eit attraktivt transportnett for miljøvennleg transport

  • Verdi for drenering av avløps- og overflatevatn

Det er avgjerande at grøntstrukturen er nær bustader, skular og barnehagar og at det er tilgjengelege grøne område av ein viss storleik i nærleiken. Undersøkingar viser at dersom eit grøntområde ligg lenger enn 500 meter frå bustaden, blir bruken redusert med omlag 60 %. Kvardagsparken bør derfor ligge maksimum 300 meter unna i gangavstand, eller 7–8 minuttar i tid. Studiar av aktiviteten til barn viser at i gjennomsnitt heldt av barna (0–16 år) seg under 200 meter frå bustaden.

Figur 7.2 «Grøn plakat» er ein metode for å kartleggje
 grøntstrukturen i byar og tettstader.

Figur 7.2 «Grøn plakat» er ein metode for å kartleggje grøntstrukturen i byar og tettstader.

Kjelde: Tromsø kommune, kulturavdelinga

7.3.1 Status og utvikling

Ut frå bruksomfang er nærområda i og ved våre byar og tettstader blant dei viktigaste friluftslivsområda i landet. 75 % av befolkninga i Noreg bur i tettbygd strøk, og urbaniseringa aukar stadig. Som meldinga tidlegare har omtalt, er verdien av å kunne drive friluftsliv i nærområdet stor.

Samanheng innan grøntstrukturen i byar og tettstader er i tillegg særleg viktig for å sikre og gi betre høve til friluftsliv i kvardagen og for miljøvennleg transport både i arbeid og fritid.

Utviklinga for grøne område er nedslåande. Ei undersøking i fire byar i 1996 viser at berre 20–30 % av dei naturområda som fanst på 50-talet er igjen i dag. Naturområda inne i tettstadene blir fragmenterte slik at kvart enkelt areal til vanleg blir mindre, og grøne korridorar blir avskorne. Dei små naturområda under 10 daa dominerer i alle dei fire byane som vart undersøkte. Resultatet er barrierar i form av trafikkerte vegar og auka avstandar til dei bustadnære friluftslivsareala. Avstanden til dei store samanhengande naturområda har òg auka på grunn av tettstadsekspansjonen. Endringane har særleg ramma innbyggjarane i dei mest sentrale bystrøka.

Innhaldet i grøntstrukturen er òg i endring; frå område med mest naturleg vegetasjon til område med meir kultivert preg. Denne utviklinga medverkar til ei kvalitetsendring i negativ retning for det biologiske mangfaldet. Dette får òg negative konsekvensar for sjølve friluftsopplevinga.

Forvaltninga av desse områda er vesentleg både i lokal og nasjonal samanheng. Områda er viktige lokalt, men fordelane i form av miljøvennleg transport, auka interesse for natur og miljøvern og betre livskvalitet og helse har stor verdi i eit nasjonalt perspektiv.

Ein har gjennom fleire år og gjennom ulike prosjekt, t.d. friluftspakke, miljøby osb., arbeidd for å ta vare på grøntstrukturen og for å gjere den tilgjengeleg og attraktiv. Gjennom arbeidet i miljøbyprosjektet, 1993–2000, er det utvikla ein metode for kartlegging av grøntstrukturen i byar og tettstader. Metoden er kalla «Grøn Plakat». Indikatorar er utvikla, og både «Grøn Plakat» og indikatorane er utprøvde i dei fem byane som har vore med i prosjektperioden. Det er mellom anna utvikla fleire prinsipp for miljøvenleg byutvikling, også for grøntstrukturen. Prosjekta har sett fokus på problemstillinga, men ein har berre i avgrensa omfang klart å bremse eller snu den negative utviklinga.

Dei rikspolitiske retningslinjene (RPR) for å ta vare på interessene til barn og unge i planlegginga kom allereie i 1989. Ambisjonen var den gong som no at det i nærmiljøet skal finnast areal der barn og unge kan utfalde seg. Trass i dette blir viktige område for barn og unge framleis omdisponerte og tekne i bruk til andre føremål. Dette skjer ofte utan at barna sine høve til leik og opphald er vurderte.

Eit av måla i RPR for samordna areal- og transportplanlegging er at utbygginga bør medverke til at grøntstruktur og biologisk mangfald blir teke vare på. I St.meld. nr 29 (1996–97) «Regional planlegging og arealpolitikk» vart det trekt fram at det i byar og tettstader skal leggjast større vekt på å utvikle eit miljøvennleg utbyggingsmønster og transportsystem, med sikring av grøne område. To mål som står fast er at «rammer for gode levekår, helse og trivsel må sikres for byens befolkning» og at «Grønnstrukturen og arealer for lek, ferdsel og opphold må prioriteres».

7.3.2 Utfordringar

Å ta vare på og tilretteleggje ein samanhengande grøntstruktur av høg kvalitet er ei høgt prioritert oppgåve. Ved å ha tilgang på eigna naturareal for ferdsel og opphald i nærmiljøet og trafikksikre sykkel- og gangvegar og andre grøne korridorar, vil fleire drive friluftsliv. Truleg vil fleire òg velje å gå eller sykle til og frå arbeid, skule og andre aktivitetar. I mange tilfelle vil dette spare tid, og for mange blir det også lettare å vere fysisk aktive i kvardagen.

I miljøbyarbeidet er det utvikla prinsipp for ei miljøvenleg byutvikling. For grøntstruktur er følgjande prinsipp framheva som særleg viktig for vidare by- og tettstadsutvikling:

  • Ein samanhengande grøntstruktur med eit variert innhald som dekkjer ulike behov hos befolkninga. Strukturen skal strekkje seg frå dei by- og tettstadnære markaområda som fingrar inn mot og i tettstadsenteret.

  • Alle lokalsamfunn skal ha tilstrekkeleg og store nok grøne område i nærleiken av bustaden, slik at det blir betre høve til å drive fysisk aktivitet i kvardagen.

Sjølv om ein del kommunar har kartlagt og planlagt grøntstrukturen, er det framleis ein lang veg å gå. Mange kommunar har ikkje oversikt over verdifulle område for leik, opphald og friluftsliv innanfor byggesona/tettstadsgrensa. Fortetting er ein strategi som stiller kommunane overfor nye utfordringar i denne samanhengen. Ved fortetting står ein derfor i fare for å øydeleggje viktige bukvalitetar i nærmiljøet. Til dømes gav Grimstad kommune i 1999 ut ein rapport som peikte på at om lag 33 % av dei regulerte leikeplassane i seks bustadområde ikkje lenger eksisterte i terrenget, men var tekne i bruk til andre føremål.

Kommunane må intensivere arbeidet med å skaffe seg oversikt over område som er i bruk til leik, opphald og friluftsliv og ta vare på desse områda i planlegginga. Interkommunalt samarbeid må prioriterast for å ta vare på grøntstrukturar som strekkjer seg over kommunegrensene, og det regionale nivået må spele ei aktiv rolle som vegleiarar og pådrivarar.

Regjeringa ser det som viktig at kommunane får tilstrekkeleg oversikt over grøntstrukturen i kommunen, at dei unngår nedbygging og elles gjennomfører tiltak som vil gjere grøntstrukturen tilgjengeleg og attraktiv for friluftsliv og miljøvennleg transport.

Figur 7.3 Hovudelement i ein miljøvennleg bystruktur.

Figur 7.3 Hovudelement i ein miljøvennleg bystruktur.

Kjelde: Miljøbyprogrammet/Miljøverndepartementet

Vidareføring av erfaringane frå miljøbyprosjektet er sentralt i dette arbeidet, m.a. kartlegging ved bruk av metoden «Grøn plakat» i alle tettstader som veks. Denne kartlegginga bør sjåast i samanheng med tilsvarande kartlegging for dei by- og tettstadnære markaområda. Innarbeiding av regionale grøntstrukturverdiar i fylkesplanane og formidling av erfaringar frå miljøbyane til andre kommunar, må òg inngå i arbeidet. I samband med revisjon av plan- og bygningslova er det òg aktuelt å gjere endringar som vil gjere plan- og bygningslova til ein betre reiskap for å ta vare på grøntstrukturen, jf. Planlovutvalet sin første delutgreiing.

7.4 Marka

Marka er større friluftslivsområde som grensar inn mot byar og tettstader, og som har direkte tilkomst herifrå.

Ut frå bruksomfang er markaområda ved våre byar og tettstader blant dei viktigaste friluftslivsområda i landet. Dei er vesentlege både i seg sjølve og i samanheng med andre område. Randsona mot tettstaden utgjer dei mest brukte turområda for befolkninga. Samstundes er marka ofte stor nok til både heildags- og overnattingsturar. Markaområda byr på andre typar turar, aktivitetar og opplevingar enn t.d. grøntstrukturen. Her kan ein m.a. finne meir opphavleg natur, kulturminne og kulturmiljø i form av gamle buplassar, slåtteenger og beiteområde og ein har høve til å komme bort frå ureining, støy og mas og oppleve fred og ro.

7.4.1 Status og utvikling

Omsynet til byen/tettstaden si vassforsyning er ei historisk årsak til at mange av dei store by- og tettstadsnære områda ikkje er utbygde. Dette er framleis eit viktig omsyn mange stader. Markaområda har samstundes òg hatt mange andre kvalitetar og funksjonar. I tillegg til miljøverdiane har markaområda mange stader vore eit viktig grunnlag for verdiskaping basert på naturressursane gjennom jord- og skogbruk. Òg i dag er skogbruk og anna skog- og naturbasert verdiskaping i desse områda ein sentral aktivitet. Det er derfor markaområda oftast er lagt ut som landbruks-, natur- og friluftsområde i arealdelen i kommuneplanane. Dette er ein arealkategori der ein kan føre kontroll med at marka ikkje blir splitta opp av irreversible utbyggingstiltak, men som samstundes legg til rette for eit aktivt jord- og skogbruk. Landbrukstiltaka er regulerte av særlover som skogbrukslova og jordlova.

Dei irreversible inngrepa knytt til utbyggingar av ulike slag, slik som bustadbygging, industriutvikling og vegbygging påverkar markaområda kraftig. Omdisponering av hytter til bustader, utvikling av idrettsanlegg og ulike tekniske installasjonar, støy og anna ureining er andre døme på inngrep som reduserer naturkvalitetar, opplevingsverdiar og høvet til å halde fram med jord- og skogbruksdrift.

Ofte skjer utbygginga litt etter litt, slik at marka gradvis blir «eten opp». Denne bit-for-bit-utbygginga øydelegg og reduserer kvaliteten på markaområda over tid. Gjennom ei slik gradvis utbygging mister ein heilskapen, og ein slik praksis kan vere vanskeleg å stoppe når den først er etablert. Særleg vanskeleg kan det vere å stoppe utbygging til fritidsføremål som t.d. idrettsanlegg. Spørsmål om etablering av idrettsanlegg kan vere vanskeleg fordi det er ein glidande overgang mellom kva som må reknast som inngrep til ulempe for friluftslivet og kva som kan reknast som tilrettelegging for både idrett og friluftsliv. Ofte vil konflikten mellom friluftsliv og idrett vere knytt til ulike oppfatningar om kva som tener friluftslivet.

Mange av idretts- og friluftslivsaktivitetane er blitt «teknifiserte». Vi har fått skiløyper så store og så planerte at dei liknar små skogsbilvegar. Føresetnaden er at det blir brukt store løypemaskiner for å preparere dei. Det er heisar i alpinbakkane og golf krev store areal. Slike anlegg krev også omfattande maskinell pleie. Inngrep til idretts- og friluftslivsføremål må behandlast på same måte som andre typar inngrep i desse områda. Det er ikkje rimeleg at ein skogsveg blir underlagt nøye saksbehandling og strenge vilkår, mens anlegg av ein skiløypetrasé med inngrep av same omfang blir sett på som mindre kontroversielt. I den grad tyngre inngrep for slike føremål skal aksepterast innanfor markaområda, bør ein prioritere dei med eit klart folkehelseaspekt. Slike anlegg bør i så fall leggjast i randområda.

Der friluftsliv og næringsaktivitet går føre i dei samme områda kan det lett bli konfliktar. Nær byar og tettstader blir ofte aktiviteten knytt til friluftsliv, idrett og leik høg. Endringar i skogen etter hogst, bruk av maskiner og terrengkøyring opplever mange negativt. På den andre sida kan ein skog som blir driven med omsyn til naturmiljø, friluftsliv og kulturminne gjere turen til ei rikare oppleving. For gardbrukarane i markaområda kan høg turaktivitet innebere visse ulemper for drifta.

For å hindre konfliktar er det viktig å ha eit opplegg for informasjon som syner brukarane kva for verdiar og aktivitetar som er knytt til marka. Det kan òg vere viktig å få fram avtaler mellom ulike interesser der ein legg vekt på kommunikajson og samråd omkring dei utfordringane som oppstår. Det er vidare ei viktig utfordring for skogbruket å tilpasse verksemda si ut frå den rolla skogen har som arena for friluftsliv og oppleving. Skogbruket må leggje vekt på å unngå at det oppstår unødige konliktar ved t.d. å ta særskilde omsyn ved turvegar, stigar og skiløyper.

7.4.2 Utfordringar

Forvaltninga av markaområda byr på mange store utfordringar på grunn av utbyggingspresset, miljøverdiane, dei økonomiske interessene og dei mange brukarinteressene. Det er eit mål å utnytte områda og alle ressursane her på ein samfunnstenleg måte. Ei viktig prioritering er å leggje til rette for at friluftsliv er eit sentralt element i all planlegging, og å sikre at all verksemd i desse områda tek omsyn til friluftsliv og dei verdiane det byggjer på. Plan- og bygningslova er det viktigaste verkemidlet for å handtere desse utfordringane. Omsynet til friluftslivet i markaområda må derfor vurderast i samband med revisjon av plan- og bygningslova, og lova bør endrast slik at det blir betre høve til å ta omsyn til friluftslivsinteressene i markaområde. I planlovutvalet si første delutgreiing ligg det framlegg og føringar som vil kunne betre høvet til å ta omsyn til friluftsinteressene i markaområda.

Landbruksdepartementet arbeider for tida med utforming av ei ny skoglov. Gjeldande lov har ein eigen § 17 b som kan nyttast til å styre skogbruket i område av særleg verdi for friluftsliv og naturvern. Landbruksdepartementet vil vurdere alternativ for vidare utvikling av denne regelen. Det kan òg vere aktuelt å styrke omsynet til friluftsliv i andre lovreglar, t.d. dei reglane som gjeld omsynet ved hogst meir generelt.

Omsynet til friluftsinteressene kan oppsummerast i to hovudmål:

  • Å verne mot omdisponering til utbyggingsføremål.

  • Å halde natur- og kulturmiljøet i alle delar av marka mest mogleg intakt, variert og opplevingsrikt.

Ei heilskapleg og langsiktig forvaltning av markaområda er naudsynt for å nå desse måla. Kommunane bør derfor setje klare mål for forvaltninga gjennom juridisk bindande planar der omsynet til friluftslivsinteressene blir lagt større vekt på. Gjennom planen bør marka avgrensast og delast inn i fleire soner som blir forvalta på ulikt vis når det gjeld tiltak som krev løyve, til dømes etter skoglova og plan- og bygningslova. Ein slik plan med ei markagrense mellom utbygging og viktige friluftsområde bør etablerast i alle kommunar med tettstadnære markaområde innan 2006. Det er viktig at planen og grensa blir vedteken med juridisk binding. Til hjelp i dette arbeidet vil kommunane få ei ny handbok i planlegging og forvaltning av markaområda som er under utarbeiding i Direktoratet for naturforvaltning.

Figur 7.4 Døme på sonering og markagrense (raud strek)
 i kommunedelplan for Moldemarka. Utsnitt av plankart og forkorta
 utdrag frå retningslinjene.

Figur 7.4 Døme på sonering og markagrense (raud strek) i kommunedelplan for Moldemarka. Utsnitt av plankart og forkorta utdrag frå retningslinjene.

Kjelde: Molde kommune

I tillegg til å lage ein plan for markaområda med markagrense og soneinndeling, er det sentralt å leggje vekt på samanhengen mellom markaområda, kulturlandskapet, strandsona og grøntstrukturen. Kartlegging og planar for marka må derfor sjåast i samanheng med kartlegging, verdivurdering og planlegging for grøntstrukturen og tilsvarande arbeid for strandsona og kulturlandskapet. Dette er viktig for å unngå å skape barrierar mellom bustadområde og område for friluftsliv og for å leggje opp til miljøvennleg tilkomst til område for friluftsliv frå bustadområde/lokalmiljø og skular.

Det bør ikkje vere lettvint å byggje ned område for friluftsliv når ein treng nye areal til utbygging. Det må stillast strenge krav om fortetting innanfor eksisterande byggeområde før ein kan ta natur- og friluftsområde i bruk til andre føremål. Ved val av utbyggingsareal må kommunen leggje vekt på å ta vare på område med stor verdi for friluftsliv. Nye bustadområde må òg sikrast tilkomst til marka og daglege gjeremål på ein miljøvennleg måte – gjennom eit attraktivt nettverk av grøntstruktur.

I visse høve er det likevel vanskeleg å unngå at verdifull natur blir nytta til utbygging, etter avveging av kryssande omsyn. Til dømes krev bygging av skule, barnehage og bygningar for eldreomsorg kort avstand både til grøntareal, bustadfelt og sentrumsfunksjonar. Der det er få alternative løysingar blir det vanskeleg å velje mellom fleire gode føremål. I slike høve er det vesentleg å sikre betre dei gjenverande naturtilhøva omkring og ta vare på grøntdrag og naturleg vegetasjon der det blir bygd ut, og samstundes søke høg utnyttingsgrad. Verdien av slik detaljert optimal tilpassing av utbygginga og sikring av kringliggjande friluftsområde blir størst der ein har minst igjen av grøntstrukturen. Konkret tilrettelegging for å sikre tilkomst til og mellom viktige friluftsområde, kan betre tilhøva. Det same gjeld tiltak for å opne grøntareal som er vanskeleg tilgjengelege eller stengt for allmenn bruk (bruksendring).

Når det gjeld kvaliteten på markaområda er det grunn til å merkje seg at befolkninga i større byar og tettstader er dei som i størst grad legg vekt på fråvær av støy i friluftslivsområde. Kommunane må derfor unngå å lokalisere støyande verksemd slik at område brukt til friluftsliv blir ramma.

Fleire av markaområda strekkjer seg over fleire kommunar. Interkommunalt samarbeid og engasjement frå fylkesnivået er derfor viktig for å unngå at utbyggingar, skogbruksaktivitet m.m. splittar opp og reduserer kvaliteten på og tilgjenget til markaområde. Det er eit mål at ein i alle fylkesplanar innarbeider retningslinjer for planlegging og bruk av markaområda på friluftslivet sine premissar. Dette bør skje innan 2006.

Planlovutvalet tek i si første delutgreiing, NOU 2001: 7 også opp behovet for å betre høva til å verne bymarker gjennom nyansering av kategorien landbruks-, natur og friluftsområde (LNF) i arealdelen til kommuneplanen. Utvalet er kjent med at fleire sentrale naturvernorganisasjonar har foreslått ei eiga lov som skal gi bymarkene og dei større nærfriluftsområda eit sterkare rettsleg vern enn tilfellet er i dag. I utgreiinga sitt kap. 13.1.5.1 heiter det m.a: «Bymarkene er gjerne små områder som brukes intensivt, og som stadig utsettes for utbyggingspress og tekniske inngrep fordi de ligger nær byer og tettsteder. Organisasjonene mener lovforslaget er nødvendig for å hindre en videre oppstykking av bymarkene og forringelse av frilufts- og naturopplevelser blant annet som følge av delt forvaltningsansvar og et regelverk som ikke er rettet inn mot de særskilte utfordringene som knyter seg til disse områdene. Det er utvalgets intensjon at de forslagene som fremmes i det følgende samlet skal gjøre det mulig å verne bymarkene like godt i medhold av en revidert plan- og bygningslov.»

7.5 Inngrepsfrie naturområde

Inngrepsfrie område er område som ligg ein kilometer eller meir i luftlinje frå tyngre tekniske inngrep. Vegar, jernbanelinjer og kraftleidningar er døme på tyngre tekniske inngrep.

Boks 7.2 Større naturinngrep verkar negativt inn på naturopplevinga

Ei av dei få spørjeundersøkingane her i landet når det gjeld tekniske naturinngrep og verknaden av desse på opplevingsverdiane, er gjort i samband med kraftutbygginga i Aurlandsdalen i Sogn og Fjordane. Sjølv om det vart lagt vekt på å gjennomføre ei «miljøvennleg» utbygging, har det vist seg at fjellvandrarane ikkje finn det attraktivt å besøkje det påverka området. Den tradisjonelle «fjellvandrartrafikken» gjekk ned med minst 60 % etter at kraftutbygginga starta. Tilsvarande nedgang kom ikkje i andre attraktive fjellområde, og må derfor seiast å vere eit særskilt fenomen. Undersøkinga viser i tillegg at kraftlinjer og tørrlegging av elva er dei inngrepa som blir opplevde som mest negative.

Samanhengande naturområde av ein viss storleik er ein føresetnad for å drive tradisjonelle friluftslivsaktivitetar som t.d. lengre ski- og fotturar, jakt og fiske. Det er ein klar samanheng mellom storleiken på naturområda og deira verdi når det gjeld å dekkje behovet for fridomskjensle og for oppleving av urørt natur. Særleg stor verdi har område som ligg langt unna nyare og tyngre menneskeskapte inngrep. Område utan tekniske inngrep er blitt ein knapp ressurs både i nasjonal og internasjonal samanheng. Desse områda er ein viktig nasjonal naturarv og er sjølve grunnpilaren i arbeidet med å ta vare på «naturleg natur». Storting og regjering har fleire gonger understreka verdien av å ta vare på gjenverande inngrepsfrie område.

7.5.1 Status og utvikling

Den teknologiske utviklinga og moderne utnyttinga av naturressursane har ført til ein gradvis reduksjon av inngrepsfrie naturområde i Noreg. Dette gjeld spesielt dei siste 40–50 åra.

Rundt hundreårsskiftet kunne om lag halvparten av arealet i Noreg reknast som villmarksprega på grunnlag av definisjonen om avstand til tekniske inngrep. Det vil seie at områda låg meir enn 5 kilometer i luftlinje frå tyngre tekniske inngrep. Per januar 1998 var det berre 11,7 % igjen. Oppstykkinga av dei inngrepsfrie områda skjer bit for bit over heile landet, men det er i Sør-Noreg reduksjonen har vore størst.

Arealet av andre kategoriar inngrepsfrie område (1–3 og 3–5   km frå tyngre tekniske inngrep) er òg sterkt redusert i den seinare tid. Direktoratet for naturforvaltning (DN) la i desember 1999 fram tal som viste at på grunn av utbyggingar av ulike slag, vart inngrepsfrie område i perioden 1988–1998 redusert med om lag 4500 kvadratkilometer, eller med 3 % av det ein hadde i 1988. I perioden 1994 til 1998 vart det gjort færre inngrep i inngrepsfrie område samanlikna med dei seks føregåande åra, men tapet av areal er monaleg og i stor grad irreversibelt. Svært mykje av dei inngrepsfrie naturområda som er igjen i dag er høgfjell, breområde og anna uproduktiv mark. Etter naturvernlova av 1970 er inngrepsfri eller urørt natur eit hovudkriterium for at område kan inngå i nasjonalparkar.

Inngrepsfrie naturområde både i skogen og fjellet blir sakte, men sikkert redusert år for år. Etter kvart som inngrepa «et» seg inn i norsk natur, mister vi mange kvalitetar. Dei fleste inngrepa er irreversible og verken opphavlege landskapsrom eller det biologiske mangfaldet vil lett kunne bli gjenskapt. Det same gjeld den verdien områda har for friluftsliv, undervisning, turisme og forsking.

Ei kartlegging utført av Statens kartverk på oppdrag frå Direktoratet for naturforvaltning viser at vegbygging, saman med vasskraftproduksjon og kraftoverføring, stod for den største reduksjonen av inngrepsfrie naturområde i perioden 1988 til 1998. Vegbygging i landbruket stod for 74 % av tapet av inngrepsfrie område i perioden.

Dei seinaste åra har master for mobil telekommunikasjon og planar for vindkraftanlegg komme til som nye inngrep i naturen. Dette er inngrep som har visuelle verknader for svært store areal. Vindkraftanlegg skapar i tillegg noko støy og kan òg av den grunn vere til ulempe for friluftslivet.

7.5.2 Utfordringar

Den største utfordringa er å oppretthalde eit størst mogleg omfang av inngrepsfrie areal. Dernest er det sentralt å sikre areala sin kvalitet.

Inngrepsfrie område strekkjer seg ofte over både kommune- og fylkesgrenser og krev derfor breitt samarbeid og fokus på problemstillinga frå mange aktørar. Plan- og bygningslova (PBL) og særlovene er dei viktigaste verkemidla for å regulere bruken av areal slik at det så langt råd er blir teke omsyn til slik natur. Arbeidet i planlovutvalet er eitt av fleire tiltak for ei framtidig løysing av dette spørsmålet. Behovet både for lovendringar og sterkare miljøpolitiske føringar må vurderast. Regjeringa vil leggje auka vekt på miljøomsyn i den framtidige forvaltninga av vasskraftressursane. Synet på vasskraftutbygging har endra seg gjennom dei siste tiåra. Det er Regjeringa si haldning at ein skal seie nei til nye store prosjekt der ein grip inn i urørt natur som er viktig for miljøet. I tillegg må ein vere merksam på utviklinga når det gjeld vindkraft slik at ein så langt råd er, ikkje bidreg til reduksjon av inngrepsfrie område ved vindkraftutbygging. Master for mobil telekommunikasjon er òg eit element ein bør vere merksam på, særleg fordi dei oftast er synlege over store område og kan redusere kvaliteten på inngrepsfrie område sjølv om dei ikkje fysisk reduserer arealet.

Fleire stortingsmeldingar har sett fokus på inngrepsfri natur. Mellom anna har St.meld. nr. 58 (1996–1997) «Miljøvernpolitikk for en bærekraftig utvikling» uttrykt som eit mål at inngrepsfrie område skal takast vare på. Ved behandlinga av denne meldinga peikte regjering og storting på at inngrepsfri natur er viktig mellom anna av omsyn til nasjonal arv og identitet, friluftsliv og biologisk mangfald.

Ein føresetnad for at dei inngrepsfrie skog- og fjellområda skal ha stor verdi for friluftsliv er at dei kvalitetane områda har for friluftsliv også finst i framtida. I så måte er det ei stor utfordring å sikre at områda i tillegg til intakt natur har kvalitetar som fred og ro, som er dei viktigaste motivasjonsfaktorane for å drive friluftsliv. Ei undersøking gjort av Østlandsforskning (ØF) i 1999 viser at fred og ro har svært stor verdi og større verdi dess meir urørt eit område er. Eit av spørsmåla som vart stilt i undersøkinga var «Kor viktig er det for deg at du slepp å høyre motordur og støy når du oppheld deg i ulike friluftsområde?». På ein skala frå 1 til 7 (kor 1 er «ingen betydning» og 7 er «svært viktig») vart svara respektive 5.9, 5.8 og 5.6 i nasjonalparkar, i urørte område på fjellet og i skogen. Bare 5–6 % svarte at det ikkje har noko å seie for dei å sleppe motordur og støy når dei oppheld seg i nasjonalparkar eller andre inngrepsfrie område.

Gjennom arbeidet med å følgje opp lova om motorisert ferdsel og kopling til plan- og bygningslova, må ein sikre at dei inngrepsfrie områda sin verdi for friluftsliv ikkje blir redusert av terrengslitasje og støy frå motorkøyretøy, luftfartøy og motorfartøy. Det er særleg knytt utfordringar til bruk av motorkøyretøy i samband med ferie og fritid og bruk av småfly og helikopter i reiselivsnæringa.

7.6 Andre skog og fjellområde

Skog- og fjellområde utanom dei inngrepsfrie områda er òg viktige område for friluftsliv. Særleg er område i tilknyting til hytte- og turistområde, område som ligg nært veg med høve til parkering eller offentleg kommunikasjon og område som er tilrettelagt med turløyper, fiskeplassar, badeplassar, turkart osb., viktige. I tillegg til dei områda som ligg nær der folk bur, er desse områda dei som er lettast tilgjengelege for kortare turar og derfor viktige for friluftslivsutøvarane.

Utfordringa for desse områda er å vidareføre friluftslivstilbodet i tråd med dei retningslinjer ein har for ei naturvennleg tilrettelegging, jf. kap. 8.6. Samtidig må ein leggje vekt på å unngå nedbygging og hindre at andre inngrep og aktivitetar får redusere områda sin verdi. For å unngå dette er det mellom anna viktig at ein ikkje får ein utvikling mot stadig større hytter og hytteområde som meir og meir liknar bustadområde der areal rundt hyttene blir omgjort frå utmark til innmark/plenareal, vegar og parkeringsareal. I skogområda er det viktig at skogsdrifta er i samsvar med standardar om eit berekraftig norsk skogbruk som følgjer av «Levende skog». Denne standarden set krav om å ta omsyn til friluftsliv i alle område der det blir drive skogbruk. Det heiter mellom anna: «Næringsutøvelse på skogarealene skal gjennomføres slik at det faktiske innhold i den frie ferdselsretten opprettholdes». Hogst i fjellskog kan vere ein alvorleg trussel mot sårbar natur og kan svekkje naturopplevinga.

Gjengroing av gamle slåtte- og beiteområde representerer òg ei utfordring fordi gjengroinga i mange høve gjer det vanskelegare å ta seg fram og naturopplevinga kan verte redusert. Reiseliv og turisme er viktig i desse områda og bør gå føre seg her framfor i dei inngrepsfrie områda. Reiseliv og turisme må likevel ikkje vere til fortrengsel for friluftslivet.

7.7 Landbruket sitt kulturlandskap

Landbruket sitt kulturlandskap speglar samspelet mellom naturgrunnlag og den historiske utviklinga. Landbruket sitt kulturlandskap er viktig for biologisk mangfald, samstundes som det omfattar verdifulle kulturmiljø og inneheld mange kulturminne. Det utgjer kvardagslandskapet for ein stor del av befolkninga i Noreg. Opplevinga av den nære samanhengen mellom natur og kultur, er verdifull for friluftslivet, både for dei som bur i strøk med spreidd folkesetnad, og for dei som bur i og nær tettstader. I byar og tettbygd strøk utgjer landbruket sitt kulturlandskap på same tid ein del av grøntstrukturen og markaområda. Forutan å ha eigenverdi som friluftslivsområde, er kulturlandskapet derfor og eit viktig bindeledd mellom byen eller tettstaden og skog- og fjellområda rundt. Det er derfor viktig at landbruket sitt kulturlandskap er tilgjengeleg for friluftslivet.

Boks 7.3 Pilegrimsleden

Hausten 1992 vende fylkesmannen i Oppland seg til Miljøverndepartementet og bad departementet ta eit initiativ med tanke på å få registrert og tilrettelagt dei gamle pilegrimsleiene i Noreg. Dette førte til at Direktoratet for naturforvaltning (DN) og Riksantikvaren (RA) fekk i oppdrag å setje ideen ut i livet. Dermed var Prosjekt Pilegrimsleden i gang.

I prosjekt perioden bestemte ein seg for å prioritere å etablere ein samanhengande turtrasé. Pilegrimsleden som strekkjer seg frå Oslo til Trondheim vest for Mjøsa med tillegg av strekninga Hamar–Øyer vart prioritert, saman med strekninga frå svenskegrensa via Stiklestad til Trondheim. Målet med prosjektet var å ta i bruk historiske vegar og stimulere til friluftslivsaktivitet der natur- og kulturopplevingar vart sameinte. Det vart teke utgangspunkt i gamle ferdselsvegar som vart brukte av pilegrimane i middelalderen. Leia vart tilrettelagt og merkt i prosjektperioden 1994–97, etter eit forprosjekteringsår i 1993. Den 926 km lange leia er lagt langs dokumenterte vegfar der desse har lete seg bruke og der ein har kunna gjere det utan å skade sårbare arter, naturtypar eller kulturminne. Nokre stader følgjer leia eksisterande veg, andre stader har det vore behov for å opparbeide nye trasear eller restaurere gamle.

Pilegrimsleden opnar for ferdsel gjennom det dyrka landskapet. Deler av Pilegrimsleden går gjennom innmark, og vandringa gir derfor eit unikt høve til å oppleve varierte sider av norsk kulturlandskap. Leia er markert med eige symbol, valknuten kombinert med Olavskrossen. Vel 1400 trestolpar med dette pilegrimsmerket, 1300 stikker, 125 steinheller og 20 milesteinar visar veg. Det er òg utarbeidd handbøker, brosjyrar og kart til hjelp for å finne veg og med informasjon om natur, kultur og religion knytt til leia.

Pilegrimsleden var klar til å bli teken i bruk sommaren 1997 og vart innvigd av HKH Kronprins Haakon den 28. juli. Samme dag kom fleire hundre vandrarar som hadde slutta seg til den store «Pilegrimsvandring 1997» frå sør til nord.

Eitt av måla med prosjektet var òg å stimulere til reetablering av historiske ferdselsårer (eventuelt pilegrimsleier) i andre kommunar. I dag er det òg etablert og merkt pilegrimsleier gjennom Østerdalen og frå Sverige via Meråker og gjennom Tydal. Det blir òg arbeidd med å etablere ei lei frå Oslo til Hamar på austsida av Mjøsa. Fleire andre leier er òg under arbeid, m.a. leier til pilegrimsmåla Selje og Røldal. Det er utarbeidd handbøker og brosjyrar for fleire av disse leiene.

Prosjekt Pilegrimsleden kan så langt reknast som en suksess, men dersom pilegrimsleiene skal vere samanhengande og innbydande turvegar som blir brukte i framtida, vil det krevje oppfølging. Nokre stikkord er vedlikehald, utbetringar, informasjon, korleis reiselivet nyttar traseen, høve til overnatting, om skular, historielag og turistforeiningar nyttar traseen osb. Både kommunar, så vel som fylke, stat og frivillige organisasjonar, må ta sin del av ansvaret for å halde oppe og vidareutvikle pilegrimsleiene. I 1998 vart det utarbeidd ei «Håndbok for Pilegrimsleden» til hjelp for alle som vil få ansvar for skjøtsel i framtida.

Figur 1 

Kjelde: Johanna F. Waddington

Utviklinga i jordbruket i retning av meir effektiv drift og større samanhengande jordbruksareal har redusert tilgjenget til kulturlandskapet. Nokre av landbruket sine økonomiske støtteordningar skal vere med på å motverke dette. I forskrift om areal- og kulturlandskapstilskot blir det derfor stilt krav om at eksisterande ferdselsnett ikkje skal stengjast. Gjennom tilskot til spesielle tiltak i landbruket sitt kulturlandskap – «STILK-ordninga», kan ein søkje midlar for å leggje til rette for allmenta sin ferdsel i kulturlandskapet. Å vidareføre denne ordninga vil vere sentralt for høvet til å kunne utøve friluftsliv i kulturlandskapet. Dette har stor verdi særleg i delar av landet som t.d. på Jæren der ein stor del av aktuelle område for turgåing er kulturlandskap og kulturbeite. Det vil òg vere sentralt at ein legg vekt på å ta vare på dei høva som framleis finst for ferdsel i jordbruket sitt kulturlandskap. Nokre stønadsordningar til landbruket har negativ effekt på arealbruken. Regjeringa vil vurdere kritisk dei stønadsordningar som har slik effekt.

Ein konflikt som særleg er knytt opp mot jordbruket sitt kulturlandskap, er etablering av golfbaner. Golf er ein aktivitet i sterk vekst, noko som gjer at det er naudsynt å setje fokus på problemstillinga. Golf er på den eine sida ein positiv aktivitet som inneber fysisk aktivitet både for yngre og eldre i naturprega omgivnader. Ofte vil golf likevel vere negativt for friluftslivet fordi det er ein svært arealkrevjande aktivitet som kan fortrengje andre aktivitetar og som legg beslag på store areal anten i jordbruket sitt kulturlandskap eller i markaområde. Det er grunn til å vurdere kritisk kor mange golfbaner ein ønskjer og i kva grad golfbaner kan og bør vere tilgjengelege for allmenn ferdsel. Ein dialog med utøvarane, både av golf og friluftsliv, bør inngå som grunnlag for ei slik vurdering. Landbruksdepartementet og Miljøverndepartementet arbeider no med eit rundskriv om korleis ein bør handtere golfbaner i plansamanheng.

Driftsformene i jordbruket påverkar i seg sjølv innhaldet av arealtypar og naturtypar i landskapet. At den utstrekte haustinga og bruk av utmarka er sterkt redusert eller nær slutt, har hatt dramatisk verknad på utbreiinga av naturlege enger i landskapet, dvs. naturlege beite- og slåttemarker. Mange av desse er i dag gjengrodde eller borte pga. endra driftsformer og innhaldet av plante- og dyrearter, og dermed er opplevingane i landskapet endra. I det jordbrukslandskapet vi har i dag, dvs. det som stort sett blir kalla innmark, har det i dei siste tiåra vore store endringar i struktur og innhald i landskapet, og som får følgjer for opplevinga. Eit mål for landbruket er å leggje til rette for ei berekraftig jordbruksdrift som tek vare på ressursgrunnlaget og dei livsberande økologiske prosessane. Dette inneber òg å ta vare på viktige kulturlandskap, biotopar, økosystema og naturleg og domestisert biologisk mangfald knytt til både dei dyrka areala med restareal og kantsoner og til dei utmarksareala som er påverka av landbruket. Målet er god tilgang til areala og bevaring og utvikling av viktige friluftselement i kulturlandskapet.

7.8 Sikring og forvaltning av friluftslivsområde

Sikring

Eit område blir rekna som sikra når det offentlege har skaffa seg råderett over arealet for allmenn bruk som friluftslivsområde ved tileigning/kjøp eller ved langvarig avtale om bruksrett (servituttavtale). Langvarig i denne samanheng er meir enn 20 år.

7.8.1 Sikring av område for friluftsliv

Befolkninga sitt friluftsliv og den bruk den gjer av allemannsretten i eit mangfald av aktivitetar ute i naturen, har mykje å seie for den breie politisk semja om at det er viktig å ta vare på areal for friluftsliv. Dette kom seinast til uttrykk då Stortinget gav friluftslova føremålsparagraf ved lovendringane i 1996. Det viktigaste konkrete verkemidlet for å ta vare på område for friluftsliv er likevel plan- og bygningslova, både når det gjeld areal som samstundes blir nytta i landbruksnæring og til andre føremål, og for å sikre særlege friluftslivsinteresser.

I pressområde langs kysten, ved byar og tettstader, og enkelte andre stader er det naudsynt å sikre viktige areal for friluftsliv gjennom kommuneplan og reguleringsplan, som avgjer korleis områda skal brukast, og deretter med sikring av offentleg råderett. Offentleg råderett kan vere enkle avtaler med privat grunneigar for tilsyn, naturskjøtsel og opparbeiding av til dømes turstigar, eller meir omfattande avtaler som blir brukt til dømes i skjergardsparkane på Sørlandet. Det kan òg vere offentleg tileigning av område. Dette er særleg aktuelt for område som blir svært mykje brukt og/eller som treng særleg tilsyn, tilrettelegging og skjøtsel jf. kap. 7.8.1.2.

Nokre slike eigedommar blir sikra med bakgrunn i at grunneigar har hatt stor ulempe med allmenn ferdsel. Det blir òg sikra eigedommar som ikkje eller i lita grad har vore allment tilgjengelege, til dømes busette eigedommar, dyrka mark eller militærområde som går ut av opphavleg bruk. Særleg ved Oslofjorden kan dette rette opp att noko av mangelen på areal for friluftsliv som er ein følgje av særs mykje utbygging og privatisering her.

7.8.1.1 Status og utvikling

Det offentlege har per 31.12.2000 sikra om lag 1800 friluftslivsområde i Noreg. Områda er anten 100 % kjøpte og eigde av staten eller dei er sikra ved tilskot frå staten. Det er i hovudsak kommunar og interkommunale friluftsråd som set i gang prosessen med å sikre offentlege friluftslivsområde. For dei statleg eigde områda har Direktoratet for naturforvaltning (DN) det overordna forvaltningsansvaret. For område som er sikra med tilskot frå staten til kommunen/friluftsråd, er kommunen/friluftsrådet grunneigar og har ansvar for forvaltninga mens staten har tinglyst eit hefte på eigedommen for å sikre varig bruk som friluftslivsområde.

Statlege tilskot til sikring av nye friluftslivsområde har vore relativt stabile, men på eit noko lågare nivå dei siste 10 åra. Sidan førre stortingsmelding har sikringsarbeidet i aukande grad vore retta mot by- og tettstadnære areal og kystsoneområde frå svenskegrensa t.o.m. Hordaland der behovet er størst. Pga. til dels høge arealprisar i slike område har konsekvensen vore at mindre areal er blitt sikra per investert krone.

For å ta vare på friluftslivsinteressene i byar og tettstader har det vore løyvd midlar til friluftspakke- og miljøbyprosjekt der ein har sett fokus både på kartlegging, sikring og tilrettelegging. Dette har mellom anna ført til utvikling av kartleggingsmetoden «Grøn plakat», jf. fig. 7.2.

Figur 7.5 Talet sikra friluftslivsområde og skjergårdsparkar
 pr. 31.12.2000 delt på fylke.

Figur 7.5 Talet sikra friluftslivsområde og skjergårdsparkar pr. 31.12.2000 delt på fylke.

Kjelde: Direktoratet for naturforvaltning

Som følgje av omstillingar i Forsvaret har ein dei seinare åra sikra ein del større område for friluftsliv fordi dei ikkje lenger skal nyttast til militære føremål. Dei aktuelle areala blir kartlagde og der det er dokumentert at staten bør halde på eigedommen ut frå allmenne friluftsinteresser og naturverdiar blir dei overførte utan vederlag til Direktoratet for naturforvaltning. I andre høve blir eigedommane avhenda til kommunen til ein høveleg pris eller stilt til disposisjon for allmenn bruk på anna vis. «Instruks om avhending av statlege eigedommar» regulerer dei vurderingar som må gjerast i slike høve. Gjennom eit vellukka samarbeid mellom DN og Forsvarets bygningsteneste er forvaltningsansvaret for ei rekkje attraktive eigedommar langs kysten overført frå Forsvaret til DN. Det er også førebudd eit tilsvarande samarbeid med Kystverket i samband med omstillingar og automatisering av fyrtårn og fyrlykter, og dette reknar ein med blir etablert med det første. Nokre fyreigedommar er sikra etter enkeltbehandling, til dømes Gullholmen i Østfold og Filtvedt fyr.

Konsesjonslova har også vore brukt i samanheng med sikring av viktige område. I nokre få tilhøve har staten nytta forkjøpsrett, men i fleirtalet av sakene er det gitt konsesjon på vilkår av at kjøpar avstår delar av eigedommen til det offentlege. Etter at lova er endra, jf. Ot.prp. nr. 33 (2000–2001) og Innst. O. nr. 61 (2000–2001), slik at det no berre er krav om konsesjon for eigedommar over 20 dekar (mot 5 dekar tidlegare), vil færre område komme til vurdering i høve til friluftslivsinteressene.

7.8.1.2 Utfordringar i sikringsarbeidet

Dei to viktigaste utfordringane i sikringsarbeidet framover er å sikre allmenn tilgang til attraktive kyst- og strandområde og å ta vare på høvet til friluftsliv i og ved byar og tettstader. Dette må skje både ved sikring av nye område og ved å etablere høve til ferdsel i område som er stengde for allmenta i dag. I nokre sikra område ligg det private hytter som reduserer tilhøva for allmenta sin bruk. Slike bør ein arbeide for å fjerne til dømes med tilbod om erstatningstomt eller krav om rydding etter at festetida går ut.

Figur 7.6 Midlar til sikring av friluftslivsområde over statsbudsjettet
 i perioden 1990–2001.

Figur 7.6 Midlar til sikring av friluftslivsområde over statsbudsjettet i perioden 1990–2001.

Kjelde: Miljøverndepartementet

Strandsona og grøntstrukturen bør prioriterast for sikring, men det bør òg vere mogleg å sikre andre område med stor ferdsel og behov for tilrettelegging, store konfliktar knytte til bruk eller ved andre forhold som gjer at sikring er beste måten å ta vare på friluftslivsinteressene. Generelt er det behov for sikring av område som anten

  • er eller vil verte mykje brukte slik at det er behov for tilrettelegging

  • er eller kan verte meir brukte enn det friluftslova gir heimel for

  • er sårbare eller har kvalitetar eller funksjonar som krev særleg tilrettelegging i samanband med landskapstilhøve, naturverdiar eller kulturminne.

Det er innhenta materiale frå kystfylka Østfold t.o.m Hordaland som skisserer behovet for sikring av friluftslivsområde i strandsona langs kysten i eit femårsperspektiv. Det er behov for ei vidareutvikling av dette materialet, og ein gjennomarbeidd strategi for gjennomføring av naudsynte tiltak. I 2001 er arbeidet starta opp som eit treårig prosjekt der Friluftsrådenes Landsforbund vil stå for ein nærare gjennomgang og kvalitetssikring av materialet om sikringsbehovet og utarbeide ein strategi for gjennomføring.

Når kommunen søkjer staten om medverking til å sire eit viktig friluftsområde, må dei ha tilsegn om dette som eit grunnlag for å kunne sluttføre vanskelege reguleringstilhøve og forhandle om kjøp. Forhandlingar kan ta lang tid. Dersom minneleg løysing likevel ikkje er mogleg og området særs viktig, vil ei eventuell påfølgjande oreigning ta særs lang tid. For å oppnå gode løysingar for større område under eitt, som til dømes i skjergarden på sørlandet, må arbeidet gå over meir enn to år for å gi resultat. Særleg under vanskelege prosjektprosessar blir det derfor overført fleire midlar enn elles.

For friluftsliv i strandsona vil det vidare vere av stor verdi at eit tilsvarande samarbeid som ein har mellom miljøforvaltninga og Forsvaret når det gjeld avhending av forsvarseigedommar òg kan etablerast med Kystverket i samband med avhending av fyreigedommar. Eit slikt samarbeid er òg viktig for å sikre kulturminneinteresser knytt til fyreigedommane. Regjeringa vil derfor syte for at det kan etablerast eit slikt samarbeid, jf. St.meld. nr. 28 (2000–2001) «Fyrstasjonene – posisjon og betydning i en moderne navigasjonsinfrastruktur».

For å ta vare på høvet til friluftsliv i byar og tettstader er det naudsynt å gå vidare med kartleggingsmetoden «Grøn plakat» utvikla i miljøbyprosjektet, jf. kap. 7.2. I den samanheng må ein gjennom offentleg kjøp eller servituttavtale sikre areal som kan nyttast når kartlegginga syner at det er behov for det, t.d. til delar av samanhengande turvegdrag, til viktige nærområde o.l. Dette er vesentleg for å unngå endå meir fragmentering og reduksjon i omfang og kvalitet av grøntstrukturen og for å sikre samanheng mellom grøntstrukturen og omkringliggjande markaområde og kulturlandskap. Kommunane må ta hovudansvaret for å sikre areal i grøntstrukturen. Staten kan likevel medverke i prosjekt som set fokus på nasjonale mål.

7.8.2 Forvaltning av sikra område

Med forvaltning av sikra friluftslivsområde forstår ein alle disposisjonar som direkte gjeld utøving av forvaltningsmynde som t.d. generell saksbehandling/eigedomsforvaltning, planlegging, spørsmål om omdisponering m.v. og forvaltningsoppgåver som t.d. drift, tilrettelegging, skjøtsel, informasjonsarbeid m.v.

Ei god forvaltning, både eigedomsforvaltning og praktisk forvaltning/drift av sikra friluftslivsområde er sentralt for å sikre eit best mogleg tilbod til allmenta og ei god utnytting av dei midlane ein nyttar til sikring. Både staten, fylkeskommunane, kommunane og interkommunale friluftsråd har ansvar for dette.

Praktisk forvaltning og drift av friluftslivsområde blir ei stadig større og viktigare oppgåve etter som nye friluftslivsområde blir sikra. I praksis er det i hovudsak friluftsråda og kommunane som har ansvar for dette etter avtale inngått med staten i samband med sikringa. Friluftsråda hadde i 1999 forvaltnings- og driftsansvar for 537 offentlege friluftslivsområde. Dette ansvaret omfattar ei rekkje arbeidskrevjande oppgåver som etablering og vedlikehald av parkeringsplassar, stigar, toalett, renovasjon, bålplassar, klipping av gras, tilsyn osb.

Regjeringa legg vekt på ei god forvaltning av dei sikra friluftsområda, slik at dei skal kunne nyttast til beste for allmenta i framtida. Det bør utarbeidast planar for forvaltninga der ein baserer seg på eit prinsipp med soneinndeling i høve til graden av tilrettelegging. Nokre område bør ha lite tilrettelegging, t.d. fortøyingsboltar, stigar og inga søppeldunkar. Dei mest brukte områda bør ha tyngre tilrettelegging, t.d. brygger, toalett, gangvegar og renovasjon.

Ein eventuell auke i midlane må vurderast i høve til bruken av spelemidlar til tilrettelegging for friluftsliv og i kva grad desse kan supplere midlar over Miljøverndepartementet sitt budsjett. Framleis fell nokre av dei tiltaka det er behov for i sikra friluftslivsområde som til dømes utfartsparkering, ikkje innanfor dei kriteria ein i dag legg til grunn for tildeling av spelemidlar (Jf kap. 10.3.2).

Dei sikra områda er for ein stor del badeplassar, område for båtutfart og andre friluftsområde til sjø og vassdrag. For kystfriluftsområda, medrekna skjergardsparken, er det etablert skjergardsteneste frå svenskegrensa til Hordaland. Denne modellen fungerer godt og blir stadig forbetra. Det kan vere behov for utvikling av ei slik eller ei liknande teneste knytt til dei mest folkerike delane av kysten også vidare nordover, t.d. i Møre og Romsdal, Trondheimsregionen, Salten, Lofoten og Tromsøregionen. Vidare er det behov for driftsordningar for enkelte friluftsområde i innlandet som t.d. bymarkene og rallarvegen ved Bergensbana. For slike område av regional eller nasjonal verdi kan det vurderast om staten skal medverke økonomisk på linje med skjergardstenesta. Tilsynsordningane bør dessutan utviklast vidare til også å omfatte informasjons- og vegleiingsoppgåver.

På same måten som med den praktiske forvaltninga blir òg eigedomsforvaltninga for dei sikra områda utført på fleire nivå. For denne delen er det òg naudsynt at ein vidareutviklar det systemet som er i dag til eit rasjonelt og kostnadseffektivt system.

7.9 Regjeringa vil

7.9.1 Generelle tiltak

  • syte for at det blir teke ansvar for og omsyn til friluftslivet sitt natur- og kulturgrunnlag gjennom sektorane sine miljøhandlingsplanar

  • utforme plan- og bygningslova slik at det blir betre grunnlag for å ta vare på friluftslivsinteressene i LNF-områda

  • at ein unngår å setje jordbruks-, natur-, kulturminne- og friluftslivsinteressene opp mot kvarandre ved val av areal for utbygging m.a. ved betre utnytting av allereie bebygde areal og ved å finne alternative areal som ikkje har verdi for friluftslivet

  • gjennomføre ei utgreiing av om og eventuelt korleis ein kan innføre ei avgift som kan nyttast til å bøte på skadeverknadene av inngrep og tiltak i naturen som er til ulempe for m.a. friluftsliv

  • vidareføre arbeidet med fokus på grøne område i og ved byar og tettstader

  • sikre at verdien ulike område har for friluftsliv ikkje blir redusert av støy og terrengslitasje frå motorkjøretøy, luftfartøy og motorfartøy

7.9.2 Strandsona

  • vidareføre strandsonesatsinga med særleg vekt på informasjon, juridisk hjelp til kommunane og arealdokumentasjon, m.a. av ulovlege stengsel

  • avgrense alle former for ytterlegare bygging i strandsona, under dette fremje forslag om endringar i plan- og bygningslova

  • at eksisterande tilkomst til strandsona ikkje blir vesentleg dårlegare ved utbyggingstiltak

  • styrkje Statens naturoppsyn si rolle i kystsona, vidareutvikle og samordne skjergardsteneste, kystoppsyn m.v.

  • medverke til at resultat frå prosjektet «Verneverdiar i verna vassdrag» blir nytta som grunnlag for å unngå inngrep og tiltak som er til ulempe for friluftslivsinteressene i desse vassdraga

  • arbeide for ei innstramming av dei rikspolitiske retningslinjene for verna vassdrag for å unngå inngrep som reduserer verne- og opplevingsverdiane

7.9.3 Grøntstrukturen

  • at grøntstrukturen i alle kommunar med tettstader som veks, blir kartlagt og verdivurdert innan utgangen av 2006

  • at kartlegginga av grøntstrukturen blir lagt til grunn i all kommunal planlegging og forvaltning og blir ein premiss for vidare tettstadutvikling

  • medverke til at regionalt nivå kartlegg regionale grøntstrukturverdiar og innarbeider verdiane i aktuelle planar

  • gjere plan- og bygningslova til ein betre reiskap for å ta vare på grøntstrukturverdiar på regionalt plannivå, kommuneplannivå og på detaljplannivå

  • leggje til rette for samanhengande sykkelvegar

  • formidle erfaringane frå miljøbyprosjektet til andre kommunar m.a. ved å bidra til at det blir danna eit kompetansenettverk på grøntstruktur

  • bidra til ei vidareutvikling av indikatorane knytte til grøntstrukturen og utvikle rutinar for innhenting og systematisering av data

7.9.4 Marka

  • gjere plan- og bygningslova betre eigna til å ta vare på natur-, kulturminne- og friluftslivsinteressene i dei by- og tettstadnære markaområda

  • at alle kommunar med tettstadnære markaområde har ei markagrense og ein plan for forvaltning av marka innan 2006

  • syte for at regionale grøntstrukturar med stor verdi for friluftsliv blir kartlagde og innarbeidde i aktuelle planar innan 2006

  • leggje fram ei handbok i planlegging og forvaltning av markaområda av omsyn til natur-, kulturminne- og friluftslivsinteressane

7.9.5 Inngrepsfrie naturområde

  • styrkje grunnlaget for å ta vare på dei gjenverande inngrepsfrie naturområda, under dette m.a.:

    • utarbeide rikspolitiske retningslinjer for store samanhengande naturområde

    • sjå nærare på plan- og bygningslova for å styrkje omsynet til friluftslivsinteressene

    • innrette øvrige verkemiddel slik at ein så langt råd er unngår reduksjon av inngrepsfrie område

    • gjere informasjon om inngrepsfrie område og deira verdi meir tilgjengeleg for utbyggjarar og allmenta, m.a. gjennom elektroniske informasjonskanalar

  • seie nei til nye store vasskraftprosjekt der ein grip inn i urørt natur som er viktig for miljøet, slik at urørt vassdragsnatur best mogleg kan sikrast for oppleving, friluftsliv, rekreasjon og biologisk mangfald

  • syte for at vindkraftutbygging og master for mobil telekommunikasjon så langt råd er ikkje medfører reduksjon av inngrepsfrie område

  • sikre at dei inngrepsfrie områda sin verdi for friluftsliv ikkje blir redusert av støy og terrengslitasje frå motorkøyretøy, luftfartøy og motorfartøy.

7.9.6 Andre skog og fjellområde

  • hindre og avgrense inngrep og aktivitet som vil redusere skog- og fjellområda sin verdi for friluftsliv m.a. ved å:

    • sjå nærare på plan- og bygningslova slik at det blir mogleg å ta betre omsyn til friluftslivsinteressene i alle naturområde

    • syte for at utbygging av private hytter og turistanlegg i fjellet og langs kysten går føre seg på ein miljøtilpassa måte, og ikkje kjem i konflikt med friluftslivet sine interesser

    • gjennom auka kunnskapsgrunnlag og samarbeid med lokale styresmakter utvikle ein miljøtilpassa hyttepolitikk

  • sikre at eit mangfald av naturområde med ulike kvalitetar og ulik grad av tilrettelegging er tilgjengelege for ulike former for friluftsliv i framtida

  • syte for at tilrettelegginga i norsk natur blir gjennomført etter miljøvennlege prinsipp og med lokal forankring

  • leggje opp til ei avgrensa og naturtilpassa tilrettelegging slik at store delar av norsk natur også i framtida er fri for eller har minst mogleg fysisk tilrettelegging

7.9.7 Landbruket sitt kulturlandskap

  • leggje vekt på at rammer og tilskotsordningar i landbruket medverkar til å ta vare på og utvikle høva til ferdsel og andre omsyn i landskapet som er viktige for friluftsliv

  • arbeide for å auke medvitet om opplevingsverdiar og høve til ferdsel i jordbruket sitt kulturlandskap gjennom etablering av miljøplanar og områdetiltak

  • prioritere tiltak i område der jordbruket sitt kulturlandskap har stor verdi for allmenta sine høve til friluftsliv og rekreasjon

  • at ein på regionalt og lokalt nivå gjer heilskaplege vurderingar av kor mange golfbaner som kan etablerast og i kva grad dei skal vere tilgjengelege for allmenn ferdsel

7.9.8 Sikring og forvaltning

  • trappe opp innsatsen for å sikre viktige område langs kysten frå svenskegrensa til og med Hordaland og enkelte område lenger nord

  • leggje vekt på ei god forvaltning av dei sikra friluftsområda, slik at dei skal kunne nyttast til beste for allmenta i framtida

  • medverke til utvikling av driftsordningane, m.a. til i auka grad å femna om aktuelle område i innlandet og slik at dei i større grad blir kombinerte med informasjons- og vegleiingsoppgåver

  • utvikle skjergardstenesta vest- og nordover til og med Hordaland og vurdere behovet for slik eller liknande ordning for enkelte avgrensa område vidare nordover langs kysten og i innlandet

  • utvikle funksjonelle forvaltningsordningar med særleg fokus på handtering av dei aukande avfallsproblema

  • sikre ei målretta satsing på tilrettelegging gjennom utarbeiding av planar

  • vidareutvikle eigedomsforvaltninga av dei sikra friluftslivsområda til eit rasjonelt og kostnadseffektivt system

  • at allmenne friluftslivsinteresser blir godt tekne vare på ved avhending av statleg eigedom, t.d. verdifulle fyreigedommar og Forsvaret sine eigedommar

  • medverke til at kommunane nyttar sikring aktivt i arbeidet med å ta vare på og betre grøntstrukturen.

Til forsida